The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Er det så overraskande? Så vidt eg har fått med meg så er det ingenting som tilseier at dette ikkje kunne blitt utført av berre ein person. Da er det ingen grunn til å skulle spelulerie i om det kan ha vært to eller femten gjerningspersonar der ingen av dei andre har lagt igjen fysiske bevis. Det andre momentet er at det også handlar om å kunne få avslutta saka på ein fornuftig måte. Ein dom mot JHA som også hadde sagt at det ikkje kan utelukkast ein andre gjerningsmann som ikkje er VK, hadde vært ei katastofe for dei etterlatte som då ville måtte leve i uvisse om at det går ein ukjent barnemorder rundt i lokalsamfunnet som aldri har blitt straffa.
- 936 svar
-
- 1
-
Den praktiske utfordringa er at dei fleste voldtekter skjer utan særleg med anna vold som etterlater merker, særleg sovevoldtekter og voldtekter i etablerte forhold er derfor vanskelege å bevise. Eg trur nok at det er liten vilje til å vesentleg auke straffene utan å også auke beviskravet, noko som vil føre til færre dommar og at fleire voldteltsmenn går fri ettersom det ikkje kan bevisast utover ein kvar rimeleg tvil at vedkommande er skuldig og ka æn dømmast til lange fengselsstraffer.
- 13 svar
-
- 1
-
Det enklaste er å formidle ditt syn til politilarane for å sjå om dei tar saka vidare. Det finnes nok interesseorganisasjonar som har ditt syn, om ikkje så får du bidra til å danne ein slik organisasjon. Sjølv om du skriv at du ikkje klarer dette så handlar det ikkje om å drifte ein organisasjon, men meir om å samle fleire med same meining slik at når du skriv til politikarane så er det ikkje berre din signatur som står der. Eit brev som kjem frå mange har langt meir tyngde bak seg. Eit tips på vegen er at det kan lønne seg å fokusere på strafferammer samla sett, det er nok langt meir krevjande å endre berre eit område ettersom det er meininga at strafferammene for ulike lovbrot skal ha ei viss form for samanheng. Typisk då at det er mildare straff for vanleg vold enn det er for seksuell vold, som igjen blir straffa mildare enn drap. Vi kan ikkje ha eit straffesystem der det "lønner seg" å begå meir alvorlege lovbrot for å få mildare straff.
- 13 svar
-
- 1
-
Kanskje litt off-topic men er ikkje strafferabatten litt liten om målet er å få flest mogleg tilståingssaker eller få alle fakta på bordet? Etter forarbeida er det lagt opp til at ein kan få opptil 30% strafferabatt, men i praksis ser det ut til å være mykje mindre. I denne saka fekk JHA 10% i rabatt. Med utgangspunkt i at VK aldri hadde blitt dømt utan at JHA samarbeida med politiet så synes eg at 10% høyres ut som "dårleg betalt" sett opp mot forutsetningane i den opprinnelege dommen. VK vart vurdert som så farleg at samfunnet måtte vernast og det var JHA som muliggjorde at ein kunne dømme VK til forvaring. Ikkje at eg nødvendigvis meinar at JHA burde fått meir i strafferabatt, han vart tross alt dømt for drap og barnevoldtekt. Eg stiller likevel spørsmål ved om rabatten er stor nok til å oppnå formålet? I dette tilfellet var tydelegvis strafferabatten nok til at JHA ville legge skulda på det som skulle være ein venn, men sett opp mot kor avgjerande JHA sin forklaring var, så er eg usikker på om det er slik at også andre kriminelle vil uoppfordra legge alle korta på bordet i håp om å oppnå ein veldig liten strafferabatt? Fordelen med at JHA no er dømt til 2 nye år er at den straffa vil nok opplevast langt tyngre når han nok ein gong må sette sitt private liv på pause for å sone dommen. Det hadde nok ikkje vært like belastande å sone litt lengre som ei periode. Denne nye dommen vil få ein del tilleggskonsekvensar for både samliv og jobb. Det er nok ikkje mange arbeidsgivarar som innvilger 2 års med permisjon for å sone drapsdom.
-
Kva paragrafar er det du har fått bot for å bryte? Det vil framgå av bota kva heimelsgrunnlag som har blitt brukt. Er du sikker på at bota ikkje berre var for offentleg urinering? Det er forskjell på om du har blitt straffa for misbruk av identitetsbevis etter straffelova eller om at det at du ikkje oppga rett namn med ein gong vart brukt som grunnlag for å utføre visitasjon etter politiloven. Identitetsbrudd er det ingenting som heiter. Det er paragrafen og strafferamma som er av betydning for vandelsvurderinga. Sidan du berre oppga feil namn fyrst for deretter å oppgi ditt ekte namn så er det også mulig at du har fåtr bot for å hindre offentleg tenestemann (særleg om du var full og kranglete). Uansett så har du fått svar, det er arbeidsgivar som vurderer om vandelen din er tilfredsstillande eller ikkje. Den vurderinga blir gjort utifrå vanlege kriterier men det er også eit stort moment av subjektiv vurdering som ligg til grunn, herunder om du prøver å skjule eller bortforklare straffereaksjonen, eller om du er open om det og viser til kva du har lært av episoden.
-
Ser ut som at stillingstittelen blir oppfatta veldig ulikt, fellestrekka er likevel at ein trafikkleiar jobbar med logistikk, enkelte stadar som ei rein kontorstilling og andre stadar kombinert med andre arbeidsoppgåver. Stillingstittelen seier nok veldig lite om arbeidsoppgåver, lønn og arbeidsforhold. Her er det nok store forskjellar frå arbeidsplass til arbeidsplass, utfrå stillingsutlysningar alt frå bussjåfør med tilleggsoppgåver til å jobbe på ein sentral med regionale oppgåver.
- 3 svar
-
- 1
-
Mitt klare inntrykk er at det er motsatt. Sjølv om det ikkje er 100% akseptert av absolutt alle med ekstreme aldersforskjellar i forhold, så har det vel berre blitt betre og betre takhøgde? At DiCaprio blir erta på nett er meir ein meme enn noko anna. Han blir erta fordi det framstår som at han har ei øvre alsergrense for kjærastar, men det skiller seg ikkje så mykje frå memen om at Brad Pitt alltid kopierte utsjåanden til sine kjærestar. Så dette er meir kjendissladder enn uttrykk for folks faktiske meiningar.
- 27 svar
-
- 1
-
Det følgjer av kommuneloven. Kommunestyret med ordfører i spissen er rettsleg representant for kommunen. Det betyr at det fort er ordføraren som må stille i retten om kommunen blir anmeldt for lovbrot.
- 3 svar
-
- 1
-
Det er heilt avgjerande for om utleiger har inngått ein avtale om utflytting 01.08, eller om utleiger berre har sagt seg villig til å prøve å få tak i nye leigetakarar.
- 38 svar
-
- 2
-
Det vil nok variere alt etter kor mange saker dei har. Rekner heller ikkje med at Arbeidstilsynet har full bemanning gjennom sommaren så litt ekstra venting er det nok om sommaren. Du har rett på svar (eller midlertidig svar) etter tre veker. Uansett så må du gjere ting sjølv ved å sende krav om at arbeidsgivar må betale ut lønna for at du ikkje skal ta ut konkursbegjæring. Arbeidstilsynet har guide på sine sider https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidsforhold/lonn/manglende-betaling-av-lonn-og-feriepenger/nar-arbeidsgiver-ikke-kan-betale/ og https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidsforhold/lonn/manglende-betaling-av-lonn-og-feriepenger/nar-arbeidsgiver-ikke-vil-betale/ Alt etter om det manglar på betalingsvilje eller betalingsevnen.
-
Kva er avtalt? I utgangspunktet er du ansvarleg for å betale ut oppseiingstida, så fyrste spørsmål er om utleigar har akseptert utflytting 01.08 eller ikkje. Har utleigar akseptert å ta tilbake husrommet denne dagen så skal ikkje du betale husleige utan å ha tilgang til husrommet. Ein kan nok argumentere at ettersom leilegheita vart lyst ut som ledig frå 01.08 så har utleigar akseptert at du flyttet ut før. På den andre sida så er det forskjell på å lyse ut at leilegheita er ledig frå ein bestemt dato, og det å få tak i leigetakar til denne datoen. Eit anna spørsmål er om utleigar har gjort nok etter sin tapsbegrensingsplikt ved å velge å leige ut til paret som ikkje vil ta over før den 15.08. Det blir det veldig vanskeleg for deg å bevise at dei to andre para hadde vært villige til å flytte inn tidlegare og var akseptable leigetakarar.
-
Er fortsatt å foretrekke framfor at f.eks. Disney på ein vilkårleg dag bestemmer seg for at din favorittfilm ikkje lenger skal være tilgjengeleg på straumetenestet (og kanskje ikkje ein gong dr i salg som fysisk medium). Disney har vært ganske så aktive med sjølvsensur så den versjonen du finn på Disney+ er ikkje nødvendigvis same versjon som du huskar frå barndommen. Er du fan av Star Wars så er det ikkje så lett å få tak i episode 4-6 utan nye spesialeffekter utan at du eig filmane på fysisk medium. Eg har ein del DVD/Blu-ray men mesteparten står i boda. Driv og vurderer om eg skal sette platene over i perm og kaste etuia for at samlinga skal ta mindre plass.
-
Så lenge det ikkje er snakk om forenkla forelegg så vil dette framgå av ein uttømande politiattest som er det du treng for å bli vektar. Vandelskraver er at vandelen skal være tilfredsstillande, eit slikt forhold som ligg langt tilbake i tid bør ikkje medføre at du blir vurdert til å ikkje ha tilfredsstillande vandel. Det som i praksis alltid utelukker deg frå jobb som vekter er tjuveri, vold og narkotikalovbrot. Det er nok tilsvarande for å jobbe i brannvesenet ettersom der også er kravet at vandelen er tilfredsstillande.
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Vedum argumenterer utifrå sitt moralsyn og ikkje utfrå kunnskap, så det er ikkje så rart at det mangler argumentasjon. Når ein ikkje ein gong er villige til å diskutere kva vilkår ei legalisering skal være på så er det ikkje så lett å diskutere. Det er vanskeleg å være ueining i at cannabis skal være ulovleg også som legemiddel etter at andre legemiddel har blitt prøvd, dei som er ueinige også i slik legalisering er imot på reint moralsk grunnlag. Det er likevel noko heilt anna å være for å ei legalisering som medfører at cannabis er fri handelsvare alle stadar utan aldersgrense eller anna form for kontroll. Eg klarer ikkje å sjå at det kan være nevneverdig med ulemper dersom små mengder cannabis blir tilgjengeleg på eigne utsalg på lik linje med Vinmonopolet, framfor at hasjen blir handla illegalt utan nokon form for kontroll. I dag har også ungdom god tilgang på syntetisk dop, også dei ungdommane som ein aldri hadde trudd var interessert i rus. Då er tilgang på cannabis i lovregulerte former eit langt betre alternativ.- 892 svar
-
- 3
-
Det tilsvarande spørsmålet er om høgsterett tek høgde for om avlivningsmetoden skiller seg frå det som er naturleg død for ei mus. Tek vi utgangspunkt i kva som er best for musa så må nok drukningsdøden væte å foretrekke over å bli revet i filler av ein katt.
-
Andre land har innført forbod av typen at det ikkje er lov med kortspel på onsdagar eller at det ikkje er lov å ri på elg. Om disse sakene har vært oppe i det som tilsvarer høgsterett vites ikkje, men det et i det minste saker som har nådd så høgt opp at politikarane har innført nye lover. Sjølv om denne saka ikkje er så viktig i den store samanhengen, så er det av juridisk interesse å få vurdert om slik musefelle er innafor eller utafor lovverket. Om dette blir vurdert som ulovleg av høgsterett så betyr det i praksis at berre butikkjøpte feller er lovlege, som igjen reiser spørsmål om anna avliving av dyr er lovleg. Det kan være at vi må til med å skyte kvar enkelt reke før koking om høgsterett feller dom i denne saka.
- 106 svar
-
- 5
-
Eg synes at dette er ein veldig streng refleksjon basert på det vi veit no. Den viktigaste grunnen til at politiet var passive i starten var fordi ein trudde at Elisabeth var kidnappa og at synleg pilitietterforskining ville få henne drept. Det er litt av utfordringa i Norge når vi har lite erfaring med seriøs kriminalitet, vi manglar politileiarar med erfaring. Når politiet blir usikre så er passivitet nesten alltid resultatet fordi det medfører minst ansvar. Hadde politiet rykka inn med blålys og full pakke slik at kidnapparane hadde drept Elisabeth så ville nok politiet måtte tole langt meir kritikk enn det som i dag er tilfellet ved at vi ikkje veit om vi står ovanfor ei kidnapping, eit drap, eller anna form for svindel.
-
Viktigaste forskjellen er at andre har bilder som viser målestokk, og dermed kva ein faktisk kjøper. Det er veldig greit å vite om ein betalar 120 kr for eit halssmykke eller eit armband. Om du ikkje har modell å vise smykket på så bruk andre ting som gir eit inntrykk av størrelsesorden. Tilsvarande mes bildet du viser av smykka på ein rull, korleis ser smykka ut? Kjøper du heile rullen? Dei aller beste reklamebilda viser både målestokk og hyggelige situasjonar, tenk den klassiske Cola reklamen med glade ungdommar som koser seg på stranda. Det kan være det om det går klart fram at det er brus som blir servert. Alkoholreklameforbodet er strengt, sjølv lyden av å opne ei brusboks kan være ulovleg om det gir folk assosiasjonar til alkoholholdig drikk.
-
Du kan også spele lotto. Av dei få personane du ser som har fått det til så er det veldig mange fleire som ikkje klarte å tene pengar. Desverre handlar det ofte vel så mykje om flaks som hardt arbeid. Får du ein influencer til å skrive nokre gode ord om smykkene dine så kan mykje være gjort. Eg vil gjette på at svært mange av kundane dine ikkje kjøper slike smykker berre som pynt, dei fleste kjøper smykkene for å vise seg fram. Det du treng er noko ekstra som ein berre får med dine smykker. Det nyttar ikkje å legge ut bilder av smykkene dine om dine potensielle kundar tenker "slikt smykke skal eg lage meg". Du kan desverre ikkje på noverande tidspunkt stille med unike kunstneriske ferdigheiter, ei heller unike og eksklusive råvarer, og du var heller ikkje ein kjendisfaktor eller spesiell kunnskap som du kan bruke til å selge smykkene. Då må du finne noko anna som du kan bruke som innsalg, og då er nok det enklaste å fortelle ei unik historie om deg og dine smykker. Alt frå kvifor du starta å lage smykker, kvifor du har valgt mønster og farge, osv.
- 196 svar
-
- 3
-
Normalt sett er slike skadehindrande tiltak noko som brannvesenet tek på eiga rekning som ein del av oppgåva som brannvesenet har med å ta seg av andre ulykker enn berre brannar. Om brannvesenet har store utgifter så sender dei rekninga til Finans Norge som representerer forsikringsselskapa som elles måtte tatt ei større rekning om det ikkje hadde blitt gjort tiltak av brannvesenet. Så dette vil du nok ikkje få ei rekning på. Dersom det er behov for avfuktig eller andre spesialiserte oppgåver så må du sjølv ta dette gjennom ditt forsikringsselskap.
- 7 svar
-
- 2
-
At rettleiinga du har fått er mangelfull og oppfattes som avvisande er eg einig i, særleg med tanke på at det blir henvist til spesialenheten.no og ikkje til ein konkret artikkel, samtidig så kjem det veldig ann på kva du har formidla i eposten. Det er ikkje så lett å starte ei etterforskning på bakgrunn av eit rykte om at nokon kan ha blitt søkt opp utan tenestemessig behov i eit anna politidisktrikt. Dersom det er aktuelt å starte ei etterforskning nesten i blinde så blir det spesielt viktig å belyse kvifor du meiner oppslag på deg sjølv ikkje har tenestleg behov. Også spesialeininga for politisakker må prioritere kva dei bruker tid på og det må kunne forsvarast reint arbeidsmiljømessig kvifor alle tjenestepersonar i politiet får sin arbeidshistorikk gjennomgått. Ikkje legg til grunn ei føring på den spesialeininga ikkje bryr seg før du har vurdert om du har gitt spesialeininga eit grunnlag for å starte etterforskning. Herunder også at du belyser kva du meiner er problematisk med at du blir søkt opp, for her er det stor forskjell på om du blir søkt opp av eksen din som jobbar i politiet, eller om du blir søkt opp som ein av mange som er eigar av ein svart Skoda og har fått fartsbot siste halvåret. At du meiner at det ikkje er tenestemessig behov fordi du er uskuldig, treng ikkje å bety at det er feil å ha søkt deg opp for å sjekke deg ut av ei pågåande sak.
- 19 svar
-
- 4
-
Syv bilbranner på under 24 timer - hvem står bak dette?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ingenting som heiter forsøk på mordbrann, i dag er heller ikkje mordbrann brukt i straffelova. Ein mordbrann er per definisjon ein brann som kunne ført til tap av liv (eller tap av store verdiar), dette kjem frå tidlegare tider der ein straffa utifrå mogleg konsekvens. Er ikkje så lenge sidan at det var dødsstraff for innbrudd i bygningar der folk sov, nettopp fordi ein rekna at ein som var villig til å bryte seg inn til sovande også var villig til å drepe bebuarane dersom dei hadde vokna. I dag brukar vi ikkje lenger begrepet mordbrann, men i staden så straffar vi likt alle metoder som lett kunne ført til tap av liv likt uavhengig av om det er brann, sprenging, oversvømming, osv. Det sagt så dette ei opptrapping av alvorlegheit. Det burde være relativitetsteorien enkelt å finne ut av om sannsynleg brannårsak et utvendig (påtent) eller innvendig. -
Vil gjette på at det er for å få politiet til å fokusere på svenske innvandrarar i staden for meir relevante mistenkte. Tenker umiddelbart på Laila Bertheussen saka og at ho tagga ordet "RASISIT" og eit hakekors for å få det til å virke som at det var trusslar retta mot dåverande justisminister frå FrP. Utanlandske krimimelle som vil presse pengar frå Hagen i form av kryptovalutta ville nok være i stand til å bruke AI verktøy om dei var så dårlege i norsk/svensk at kravet blir vanskeleg å tyde. Så sjølv om det ikkje er eit bevis i seg sjølv så er det minst like sannsynleg at brevet er fabrikert for å skjule eit drap som at det er kidnapparar som står bak. Om det er kidnapparar som står bak så er det enten kriminelle med dårleg språkkompetanse eller meir sannsynleg at dette er gjort med vilje for at det ikkje skal være mogleg å legge igjen ubevisste hint om forfattaren. Særleg i lengre tekstar så vil ein kunne finne måtar som forfattaren har formulert seg på som kan likne på formuleringar som vedkommande har skrevet før utan skjult identitet. Det er også relativt vanleg at ranarar snakkar engelsk til ransofferet. I beste fall så vil politiet bli lurt til å ikkje etterforske nordmenn, og som bonus så er det litt vanskelegare å kjenne igjen stemma når ein brukar engelsk og ikkje sin vanlege norske dialekt.
-
Gode kjøp fra Aliexpress, Temu, eBay....
The Avatar svarte på Kenhten sitt emne i Butikker og verksteder (data)
Det er fint mogleg å gjere gode kjøp på slike sider. Det som ofte er problemet er at det ikkje nødvendigvis er same produkt du kjøper i dag som var til salgs i førre veke, det er derfor ikkje alltid du kan stole på anmeldingane ettersom det ikkje alltid er same produkt som blir omtalt. Eg vil også oppfordre til å være forsiktig med alle produkt der kvalitet er viktig, elektriske komponentar, helsekost, produkt med hudkontakt, og alt av sikkerheitsutstyr skal en være veldig forsiktig med. Kjøp gjerne dekorasjon og andre duppedittar, men sykkelhjelm og ladarar styrer eg unna.- 68 svar
-
- temu
- aliexpress
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
gammelt bestikksett, Noen som vet potensiell verdi eller opprinnelse?
The Avatar svarte på Eriksendrul sitt emne i Hobbyer
Utan merking så blir det ikkje lett å seie noko om verdien. Tok eit raskt googlesøk på messingbestikk med trehandtak, og får ganske mange treff på liknande type bestikk. Eit pent bestikk i ordentlig trekasse for oppbevaring kostar litt om du skal kjøpe det nytt, så sjølv om vi tek utgangspunkt i at dette er eit relativt billig bestikksett så er det nok verdt ein del hundrelappar likevel, kanskje også opp mot eit par tusen ettersomd et ser ut til å være eit stort sett. Kor mange delar består det av? Det ser ut til å være mykje fleire skeier enn det er knivar og gafflar, reknar med det er spiseskeier og litt mindre dessertskeier eller teskeier? Er det gafflar i ulike størrelser også? Altså spisegaffel og forretsgaffel?- 1 svar
-
- 1