The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Tenker også at ein må ikkje nødvendigvis å være så veldig politisk engasjert for å ha sterke meiningar om kontroversielle personar som Trump. Om Crooks identifiserte seg som republikanar som han var registrert som eller som demokrat basert på donasjonen til Biden, er i så måte av liten betydning. Sett med norske auger og utifrå kva vi er vandt til av politisk leiing så tenker eg at det må være lov til å påstå at uansett om det er Trump eller Biden som blir president i neste periode, så vil ingen av dei virke samlande på nasjonen. I tillegg er det jo eit stort spørsmål om ein så viktig posisjon som president i det heile tatt er passande for ein pensjonist. Til samanlikning så er det i Norge slik at statleg tilsette har plikt til å slutte i jobben ved fyrste månedsskifte etter fylte 70 år, dette er ei aldersgrense og ikkje pensjonsalder. Vi har ei eiga lov om akkurat dette. Dei fleste blir merkbart fysisk og psykisk svekka etter fylte 70 år, så etter norske forhold så er det rekna som uansvarleg å ha statleg tilsette som er eldre enn 70 år. Etter mitt syn så grenser det til uansvarleg å la ein person som er blir 80 år jobbe fulltidsstilling som president. Det er stor fare for at presidenten ikkje har mental kapasitet og arbeidskapasitet til å sette seg inn i alt som ein president bør holde seg oppdatert på. Dette er igjen eit demokratisk problem ettersom det er stor fare for at viktige beslutningar i praksis blir tatt av presidentens støtteapparat på presidentens vegne. I tillegg så er det jo også ei openbar fare for politisk ustabilitet ved at den sittande presidenten døyr eller blir alvorleg sjuk slik at visepresidenten må ta over. Det vil vel være nesten usannsynleg om ein 80 åring klarer å halde seg frisk nok til å jobbe 100% utan sjukdomsavbrekk i dei komande fire åra.
- 118 svar
-
- 3
-
Setter man micromaster under utdanning eller kurs/sertifiseringer?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Jobb og karriere
Eg tenker at den må førast som kurs, sertfisering eller anna kompetanse fram til den eventuelt blir brukt til formell kompetanse. Det er ingen eigentlege reglar for korleis ein fører opp ein CV, men dei fleste vil nok forvente at alt som står under utdanning er ein oppnådd grad. Det er derfor fare for at det blir oppfatta som uærleg. Ein micromaster er eit kurs eller eit fag som til slutt kan føre til ei formell utdanning med grad om ein har samla nok studiepoeng til å oppfylle krava som ligg til tildømes ein mastergrad. Å føre micromaster som utdanning tenker eg er sidestilt med å føre opp enkeltfag som du har bestått. Eg hadde nok vurdert å lage ein eigen katergori på CVen for kompetanse som du held på å skaffe deg. -
Ein veit at ein er ute å køyre politisk sett når folk stemmer på den kandidaten som som er minst verst, og ikkje den kandidaten som ein meiner er best. Berre det at demokratane i praksis må stemme på Biden om dei ikkje vil ha Trump som president er jo heilt vannvittig. Hadde folket fått stemt fram kven av demokratane som skal være presidentkandidat så er eg heilt sikker på at demokratane hadde funnet kandidatar som er minst like god. Tilsvarande er det på republikansk side. Trump har sine supportarar men han er ikkje godt likt av alle republikanarane. Republikanarane er lov og rett partiet som i alle år har hatt som viktigaste fokus er å følgje lova og respektere rettsapparatet, så for mange sitter det langt inne å stemme på Trump som tross alt er straffedømt. Det ender opp med at mange republikanere ender opp med å måtte ta stilling til å enten stemme på Trump som har bevist at han ikkje vil følgje lover og reglar men som i det minste kjem til å gjennomføre konservativ politikk, eller så må dei stemme på Biden som fører ein langt meir liberal politikk som dei ikkje er einige i. Det er sjølvsagt mogleg å stemme på andre kandidatar, men dei vil aldri få nok stemmer til å kunne vinne eit distrikt, så det er i praksis ei vekkasta stemme. Når ein får stå steile politiske frontar så forstår eg veldig godt at personar som er psykisk ustabile eller overbevist av skrekkhistoriene ser på det å drepe ein av presidentkandidatane som einaste moglegheit for å hindre at det er Satan sjølv som får makta. Det kunne like gjerne ha vært eit attentatforsøk mot Biden, for den republikanske frykten for at USA kjem til å kollapse med Biden som president er nok minst like sterk som den demokratiske frykta for kva Trump kan stelle i stand som president.
- 118 svar
-
- 3
-
Vil gjette på at det er same grunnlaget som om han hadde vært skuleskytar. Altså at det er ein form sjølvmord der ein går ut og gjer ekstreme handlingar. Dei fleste skuleskytarar blir enten drept av politiet eller drep seg sjølv, forskjellen på å skyte mot lærarar og klassekammeratar, og det å skyte mot ein profilert person (og nokre uskuldige publikummarar) er i denne samanhengen ganske lik. Motivasjonen var nok å lage kaos og "tvinge" folk til å vite at han har eksistert og deretter døy. Sånn sett var han sikra meir oppmerksomheit med å skyte mot ein eks-president og presidentkandidat enn ved å skyte barn og unge. Ofte handlar slike episoder også om eit form for hevn-behov. I skuleskytingar så er det ofte tanken om å straffe mobberane som gjer seg gjeldande. Eg reknar med at for ein person i såpass ubelanse så er det nok minst like enkelt å legge skulda for alt vondt ein har opplevd på ein politikar. Det er også ein sjangs for at motivasjonen var berre å bli kjent. Om han hadde klart å drepe Trump og havna i fengsel resten av livet så hadde han nok oppnådd å bli ein av dei mest kjente fangane om han hadde blitt tatt i live. Spørsmål. Har det blitt sagt nok om Crooks skaut tilbake mot skarpskyttaren frå politiet eller ikkje? Om han retta våpenet mot politiet så er det nok suicide by cop, men det gjekk såpass fort at eg har fått inntrykk av at han vart skutt av politiet medan han skaut mot Trump. Det er ikkje sikkert at det å bli tatt ut av ein skarpskyttar var ein del av det Crooks hadde sett for seg ville skje.
- 118 svar
-
- 1
-
Mogleg dette blir litt off-topic, men er det nokon som kan svare på kvifor det mellom anna på juicekartongen står at open juicepakke er holdbar 5 dagar i kjøleskap når ein på den andre sida er så opptatt av "best før - ofte god etter"? Når melka er god etter fem dagar i open kartong så skal det mykje til at eplejuicen har blitt dårlig på disse dagene? Ein opna juicekartong har fin kvalitet også fleire veker etter opning, spesielt juicekartongar med skrutopp som har vært oppbevart i kjøleskap. For meg virker det som at matbransjen på den eine sida er opptatt av at folk ikkje skal sjå seg blinde på datomerkinga og kaste heilt fin mat, men på den andre sida så blir ein lengre nede på kartongen oppfordra til å slå ut appelsinjuicen etter fem dagar. Kvar ligg logikken der? Eg synes det er flott at matvareprodusentane merker både holdbarheit både til uopna og opna forpakning, men har reagert på at ein del matvarer har etter mitt syn oppgitt ekstremt kort holdbarheit i opna forpakning. Litt meir On-Topic for trådens emne. Ser at MatPrat som er opplysningskontoret for egg og kjøtt har ein eigen artikkel for holdbarheit på frossent kjøtt. Også der reagerer eg på særdeles kort oppbevaringstid. Til dømes finn eg i den tabellen at myndigheitene oppgir nedfrosne pølser til å ha 3 månedars haldbarheit i frysar. Kyllingkjøttdeig berre 2 månedar medan vanleg kjøttdeig er oppgitt til 4 månedar. Lengst holdbarheit er storfekjøtt som i følgje tabellen kan frysast i 10-12 månedar. Min påstand er at det må vel være noko gale med til dømes kjøttdeigen om den startar å smake vondt alt etter fire månadars nedfrysing? Dei fleste slike kjøttvarer er jo både trygge og har god smak meir enn eit år seinare, i alle fall så lenge det er godt innpakka og ikkje har surna før nedfrysing. Forstår ikkje heilt korleis myndigheitene jobbar såpass mykje for at folk skal sjå, lukte og smake på mat før dei kastar den, og deretter gir nesten heilt motsatt råd i andre kanalar. Kjøttdeig har kortare holdbarheit enn heile kjøttstykker, dette fordi at bakteriane startar på overflata så der det på eit kjøttstykke tek lang tid før bakterier på overflata trenger inn i kjøttet, så vil det i kjøttdeig være slik at eventuelle bakteriar frå overflata på kjøttstykket har blitt blanda inn i kjøttdeigen under kverninga. Under frysing så vil også bakteriane bli fryst slik at også eventuell bakterievest vil stoppe opp. Som nemnt over så oppgir MatPrat holdbarheita til fryst kjøttdeig til 4 månadar medan reint kjøtt kan frysast i eit år. Sjølv om eg er ueinig i dette rådet så er eg einig i at kjøttdeig lettare kan harskne ettersom kjøttdeig har langt høgare fettinnhold enn reine kjøttstykker. Steiking drep bakteriane, men det som er farleg er giftstoffa som bakteriane legg igjen. Drep ein bakteriane ved steiking så vil ein stoppe produksjonen av nye giftstoff men ein vil ikkje få fjerna dei giftstoffa som alt er i maten.
- 21 svar
-
- 1
-
Og at folk har eit veldig behov for å vise fram at dei koser seg. Det vil igjen forsterke inntrykket av at "alle andre" har det så perfekt. Sosiale media har forsterka dette, men det var også eit fenomen før i tida der alle sendte julekort og postkort frå syden til vennar, familie og naboar for å skryte av kor fint dei har det.
- 45 svar
-
- 2
-
Ja, mange av disse problema kunne vært unngått om ein hadde hatt ei tilnærming slik som vi har i Norge med alkohol. Alkohol er ei lovleg vare, men du får ikkje kjøpt alkohol til alle døgnets tider. Ja, skal du hindre illegal handel så må ein legalisere. Grunnen til at at ein foreslår avkriminalisering er at dette er eir kompromiss mellom å ikkje straffeforfølge rusavhengige samtidig som lovverket fortsatt har ein funksjon for førebygge at vi får fleire rusavhengige. I tillegg er norske politikarar såpass ruskonservative at ei legalisering er heilt urealistisk å oppnå fleirtal for på lang tid. Avkriminalisering kan være realistisk å få til ettersom det er eit billegare behandlingstilbod til rusavhengige og samtidig frigjer ressursar til å prioritere anna kriminalitet. Eg trur også at det kan også være mogleg å få ein del rusmiddel godkjent som legemiddel og utlevert på resept etter ei legevurdering, men så vidt eg kjenner til er det ingen politiske parti som har tatt den tilnærminga.
-
Forstår at det ikkje er barnet åleine som skal hindre at du kjeder deg, men eg vil likevel påpeike at det å få barn bør være ei godt planlagt handling. Slik det er nå så framstår det som handling motivert av lettare panikk. Sjølv om det mange som finner drømmemannen etter fylte 40 år, så gjer du jobben vanskelegare for deg sjølv. Ikkje det at det å være åleinemor er eit problem i seg sjølv, men du skal tross alt finne ein drømmemann som er glad i både deg og barnet, og vis versa. Største utfordringa for å finne drømmemannen seinare er likevel at du neppe klarer å finne tid til å date som åleinemor. Det sagt så er eg einig i at ein tur til fastlegen for å undersøke eggkvaliteten bør være fyrste steg slik at du veit litt meir om kor travelt du har det. Eit kjapt googlesøk viser at nedfrysing av egg koster i underkant av 40 000 kr. Det er ikkje småpengar men det kan være relevant å tenke på for å kjøpe deg betre tid.
- 43 svar
-
- 1
-
Korleis ser reknestykket ut dersom AAP tek slutt utan at du kjem tilbake i arbeid, og etter at forsikringsutbetalingane er ferdige? Det er dette banken må sjå på og vurdere når betalingsevnen for eit bustadlån som gjerne er på 25 år skal bereknast. Lånesøkarar som har midlertidig jobb eller som er sjølvstendig næringsdrivande må legge fram dokumentasjon på kva inntekt dei har hatt over tid. Sjølv om ein med midlertidig jobb mister jobben så reknar banken det som sannsynleg at ein klarer å få seg ein ny jobb innan relativt kort tid. Når du er på AAP så er dessverre trenden ofte motsatt med at sannsynlegheita for å kome seg tilbake i jobb blir lågare jo lenger ein går på AAP.
-
Det ligg nok godt innafor ytringsfriheita både å samanlikne politikarar med diverse andre ting. Ein nærmer seg kanskje meir ei grense om ein ynskjer nokon død, men det er fyrst ved trusslar eller oppfordring om drap at ein er over i det ulovlege. Merk likevel at trusselen eller oppfordringa må i tillegg være eit reelt forslag med gjennomføringskraft før det er ulovleg. Særleg når ein omtalar offentlege personar så aksepterer ein hardare ordbruk enn ovanfor vanlege personar. De er litt forskjell på å ytre eit ønske om å drepe statsministeren kontra å ytre eit ønske om å drepe naboen, det er større sjangs for at du blir trudd på at det fyrstnemte berre var meint biledleg, medan det sistnemnte fortare blir tolka som ein reell trussel.
-
Sånn sett kan det kanskje være like greit å ordne seg slik at ein faktisk ikkje veit kven faren er. Eg er litt usikker på kva eg eigentleg meiner om den norske tilnærminga der barnet sin rett til å få vite kvar ein kjem frå veg tyngre enn ein donors ønske om annonymitet. Det er sjølvsagt bra for barnet å ha slike rettigheiter, samtidig så trur eg nok at vi hadde fått ei større folketalsauke om donorane var sikra anonymitet (berre ovanfor mor og framtidig barn, helsepersonell treng sjølvsagt å ha nok informasjon til å påsjå at donorane har godt arvestoff). For trådstartar sin del så er det på ingen måte umogleg å få barn etter fylte 40, men sannsynlegheita blir lågare og lågare. Angåande dette med komplikasjonar og skavankar så vil eg også nemne at eg ganske nyleg såg forskning frå danmark eller kvar det no var om at barn frå eldre mødre hadde høgare intelligens enn barn frå yngre mødre, så det er ikkje berre ulemper. Som nemnt så finnes det moglegheiter for å få "fiksa biffen" på naturleg måte via diverse appar og liknande, utfordringa er at det kan ta tid ettersom du gjerne må ha mange forsøk på å få det til jo eldre du blir. Eg trur likevel at planen din er lite bærekraftig. Eg er litt redd for at du går i same fella som dei som prøver å redde eit svekka ekteskap med å få eit barn til, eller dei som kjøpte seg hund under koronatida. Det lyser opp kvardagen i starten, men det er også ei stor forplikting som berre blir ekstra stor som åleinemor, og særleg når det er "kjedsomheit" som er motivasjonen din.
- 43 svar
-
- 1
-
Juletida er så og seie midt på vinteren når det er på sitt aller mørkaste. Det er nok mange grunnar til at folk døyr i dei tider, og særleg er det fordi det er langt fleire forhold som drar i negativ retning enn i positiv retning. Juletida er også høgtid for forkjølelse og influensa noko som gjer at dei som alt er svekka er enda meir utsatt. Vinterdepresjon gjer nok at fleire gir opp sjølv om eg er einig med Salvesen om at det er også ein del som prøver hardt med å holde ut til over jula, både fordi det er ein merkedag, fordi det ofte meir som skjer med besøk frå vennar og familie, meir underholdning og aktivitetar på sjukeheimen, og kanskje også at ein prøver å ikkje være til "bry" for resten av familien ved å legge seg ned og daude midt i julehøgtida. For yngre folk så er nok ting som usunn og tung mat og stort alkoholinntak ein viktig faktor. Ein skal heller ikkje gløyme vanlege dødsrisikoar som trafikkulykker, sjølv om det er flest som døyr i trafikken om sommaren så er det på vinteren at det er flest som blir skada i trafikken, så sjølv om ein ikkje døyr i trafikken på vinteren så er det absolutt ikkje positivt for helsa totalt sett, tilsvarande er nok vinteren og glatte gater ein dødsrisiko i seg sjølv. Er mange eldre som døyr relativt kort tid etter at dei har falt og fått beinbrot, ofte fordi dei då blir tvungne til å være mindre aktive og dermed får dårlegare helse totalt sett. Av andre forhold så er både sjølvmordsstatistikken og dødsbrannstatistikken absolutt verst for desember og januar. Og oppå det heile så er også stressfaktoren høg fordi det er så store forventningar til korleis jula skal blir. Denne høge stressfaktoren vises særdels godt igjen i bulke-statistikken. Det einaste som teller i positiv retning er som nemnt det sosiale og kosen med jula (for dei som har positive assosiasjonar til jul), men dette har også sin ulempe ved at overgangen til 2. januar der ein er tilbake til kvardagen og alt er mørkt, kaldt og trist blir spesielt stor.
- 45 svar
-
- 1
-
Er i stor grad einig. Det er sjølvsagt vel og bra at folk flest skal få bestemme over eige liv og ikkje bli underlagt tvang, samtidig så synes eg lista for kva naboar og omgivnadar må tole av ulempar og farar for at nokre få enkeltpersonar skal kunne leve slik dei vil blir litt vel høg. Det bør være rom for å stille krav, og lågare terskel for å bruke tvang der vedkommande ikkje vil eller klarer å etterleve dei krav som er satt. Får du tildelt kommunal bustad og klarer å herpe den så mykje at den er ubebueleg, ja då synes eg det er heilt innafor at neste bustad er ein slik forsterka bustad med berre uknuselege overflater. Det er klart at det vil opplevast som stigmatiserande å bli plassert i ein bunkers av betong og stål og ikkje i eit vanleg husrom, men samtidig så må det finnes ei grense for kor mykje pengar samfunet skal bruke på å finne tak i verdige butilbod i fine leilegheiter som bebuaren ikkje klarer å holde vedlike uansett. Det sagt så skal alle få både ein og fleire sjansar. Eg synes ikkje at det skal bli så strengt at dersom ein har prøvd eit frivillg behandlingstilbod som ein valde å avbryte så skal all framtidig behandling være tvangsbasert. Men ein bør ikkje være så redd for å krenke individuelle rettigheiter at ein ikkje brukar tvang der det er nødvendig.
- 18 svar
-
- 1
-
Om e-sport skal ha eit eige OL og ikkje bli ein del av vinter- eller sommer-OL så reknar eg med det blir justering slik at det inngår i den faste rotasjonen av OL gjennomføring? Om dette blir eit heilt uavhengig arrangement som innimellom blir arrangert, og dei skal fortsette å satse på spel som publikum ikkje er så interessert i, så vil nok e-OL aldri få særleg til status. Litt av poenget med å gjennomføre dette som eit OL og ikkje eit VM må vel være for å vise fram sporten til publikum som i utgangspunktet er ukjente med sporten? Ved å arrangere sommer OL over eit par veker så får ein eksponert mange sportsgreiner og utøvar på kort tid. Publikum kjem for å sjå dei kjente greinene og blir lenge nok til å få med seg litt andre greiner også. Om publikum (og TV-sjårar) ikkje er meint å eksponerast for mange greiner på kort tid, så hadde nok økonomisk og logistikkmessig vært mykje enklare å avholde eit mesterskap om gongen og ikkje prøve å legge til rette for alle idrettsgreiner samtidig.
-
Folk reagerer ulikt, mange opplever å få betre fordøying av til dømes 5:2 dietten, medan andre opplever det motsatte og har betre fordøying om ein et hyppige måltider regelmessig. Det har nok også mykje med kva du bryter fasten med. Ved fasting over fleire døgn så er det nok fornuftig å starte litt rolig med lettfordøyeleg mat i mindre porsjonar.
-
Rusmiddel er dyrt og trygda dekker sjølvsagt ikkje meir enn vanlege levekostnader, så det presser gjerne rusmisbrukarar ut i kriminalitet for å skaffe pengar. Eit problem er at mange av disse rusmisbrukarane er nesten blinde for kva som er verdien av tjuvgodset, ofte blir også tjuvgodset bytta direkte mot dop utan å gå vegen om å selge tjuvgodset fir kontantar. Det hender rett som det er at vi får smått absurde situasjonar der ein gamal drill som kosta 199 som ny blir bytta som same verdi som spesialverktøy som er verdt flerfoldige tusen. Politi og straffeforfølging har liten effekt på slike personar utanom at det blir eit midlertidig opphold i tjuveri dersom vedkommande ender opp med å måtte sone i nokre veker. Støtter forslaget om å få med seg nabolaget og stille krav til kommunen.
- 18 svar
-
- 1
-
Hvilken jobb eller utdanning er best for å hjelpe andre?
The Avatar svarte på Letterboxd sitt emne i Helse
Einig i dette. Det har lite for seg å utdanne seg til sjukepleiar om ein ikkje også er villig til å stå i yrket. Ei stor utfordring med sjukepleiarar er stort arbeidspress og mangel på heile stillingar med forutsigbar arbeidstid/skift. Dette er ofte vanskeleg å kombinere med til dømes familieliv, og det krev at ein sjølv er litt aktiv med å shoppe ledige vakter om ein vill jobbe full stilling (eller meir). Fordelen med yrket er at dersom du trives med å jobbe intensivt i perioder og ta på deg ekstravakter så er behovet så stort at ein lett får bra utbetaling på grunn av alle ulempetillegga. Det er nok få "vanlige" yrker der ein har nesten ubegrensa tilgang til å jobbe overtid og i tillegg på natta, for mange andre yrker så er det i praksis grunnlønna ein har å leve av ettersom andre tillegg på lønna er sjeldan vare. Ein slik livsstil passer ofte fint når ein er ung og har lite andre forpliktingar, men det blir fort ei større og større belastning etterkvart som åra går. -
Om voldtekt, strl. §295, og utnytte psykisk lidelse og/eller utviklingshemning
The Avatar svarte på taino sitt emne i Juss
Diagnosen et eigentleg utan betydning, spørsmålet er om offerets psykiske helse har blitt misbrukt eller ikkje. Litt overforenkla er altså spørsmålet om offeret på grunn av sin psyke har blitt lurt der ein mentalt frisk person hadde forstått kva som var i ferd med å skje. Her vil den konkrete handlinga ha stor betydning. Ein autist vil ofte være samtykkekompetent og kan gi sitt samtykke til å ha sex utan at det automatisk blir ei voldtekt, men samtidig kan ein autist få sin manglande forståing for språk og sosiale samspel utnytta for å oppnå sex, og då bil det være vildtekt etter § 295 b. Tilsvarande er det på ingen måte gitt at sex med ein person som har angst eller er deprimert er voldtekt, men det er voldtekt dersom overgriparen utnytter at personen med depresjon er i ein sårbar posisjon.- 2 svar
-
- 3
-
Forstår godt at arbeidsgivar tilbyr seg å endre arbeidskontrakta, for det dei har skrevet er at du skal ha betalt for 40 timar i veka, og det dei tydelegvis har meint er 37,5 times veke som inkluderer ein halvtime med betalt matpause. Den dagen du tok deg fri midt på dag så er det nok likevel korrekt å trekke frå matpausa ettersom retten til matpause etter arbeidsmiljølova fyrst slår inn når ein jobbar meir enn 5,5 timar.
-
Har din betalingsmåte endret seg på Finn.no?
The Avatar svarte på Boing_80 sitt emne i Butikker og verksteder (data)
Skjønner at det er ein ulempe om du som selgar må bruke mykje tid på å gjere avtale og småprate med kjøparen, men det er mindre styr å ta medbseg tingen og møte kjøparen utanfor posten enn det er å ta same turen men i tillegg måtte ordne med forsvarleg innpakking. Sidan kjøper er interessert i å få det som er annonsert, og selgar er interessert i å få betaling, og begge to er bekymra for å bli svindla, så er jo fysisk møte og oppgjer det tryggaste for begge partar. Men sjølvsagt ikkje heilt åleine i mørke bakgater med ukjente for å utføre transaksjon av stor verdi. Ved å møte kjøparen så har du langt betre kontroll på at du får den avtalte betalinga på den betalingsmåten du ønsker. At folk kjem reisande kan det være mange grunnar til, kanskje har dei ærend i området likevel, kanskje er dei på ferie. Oftast handlar det nok om at folk handler på finn.no som hobby og fritidssyssel meir enn for å gjere gode kjøp. Det sagt så skal du sjølvsagt ikkje akseptere at kjøparen møter opp og då startar å prute på ein alt avtalt pris, men igjen så er det kjøparen som har mest å tape på å måtte reise milevis heimigjen utan å få kjøpt tingen. Du som selgar taper berre få minutt på å møte ein potensiell kjøpar.- 40 svar
-
- 2
-
Hadde Simensen vært aggresiv der og då så er eg einig i at nedlegginga var lovleg (forutan alle slaga). Men i dette tilfellet så er det ingenting som tyder på at Simensen var så aggresiv at han måtte leggast i bakken umiddelbart, sjølv om han hadde vært aggresiv tidlegare på kvelden så er ikkje det grunnlag til agere på slik måte. Tenestehandlinga er lovleg når situasjonen er slik at det er nødvendig, politiet kan ikkje hoppe så langt opp i maktpyramiden på grunnlag av aggressiv oppførsel i går eller i førre veke, det er situasjonen der og då som gir grunnlaget for kva som er nødvendig.
-
Det skal enormt mykje til at du blir sjuk. Særleg pølser som har mykje fett vil kunne harskne, harsk mat et ikkje farleg men det smaker ikkje spesielt bra. I tillegg så bli fryste matvarer fort tørre, men også det er mest eit spørsmål om kvalitet og ikkje matsikkerheit. Det einaste du skal være litt forsiktig med er marvarer som har gått ut på dato før nedfrysing, disse kan gjere deg sjuk etter opptining (på same måte som med anna mat som er utgått på dato.
- 21 svar
-
- 6
-
Frankrike, forakt for demokrati og folk.
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Politikk og samfunn
Det er to måtar å sjå på det. Med ei oppslutting på 37% så betyr jo det at 63% er imot at RN skal styre. Det at støttespelarane til dei andre partia stemmer taktisk for å holde RN ute viser veldig klart kor polarisert politikken er. Denne polariseringa viser kor store spenningar det er i den franske politikken. I norsk politikk er partia jamnt over ganske samstemte i den overordna politikken, så uavhengig av kvar ein står politisk så er det ingen katastrofe for landet om vi får ei periode med regjeringsmakt på høgre eller venstresida. Ein vil sjølvsagt at sitt eige parti får utøve sin politikk men det er ikkje så gale at til dømes alle Frp velgerane gi sin stemme til Høgre for å prøve å holde Ap og Sp ute av regjeringa.- 6 svar
-
- 3
-
For klargjeringa sin del: Opplyser du om promilledommen på visumsøknaden slik du skal og likevel får søknaden raskt gjennom? Har funnet referanser som indikerer at USA ikkje bryr seg så mykje om mindre lovbrobrot som ligg meir enn 10 år tilbake i tid, men eg manglar eit klart svar.
- 11 svar
-
- 2
-
Hvilken jobb eller utdanning er best for å hjelpe andre?
The Avatar svarte på Letterboxd sitt emne i Helse
Spørs kor bokstaveleg du er, nesten alle yrker har element av å hjelpe andre frå kundebehandlaren som yter service og hjelp til hjernekirurgen som redder liv der nesten ingen andre kan hjelpe. Alt innen helsevern er sjølvsagt høgaktuelt, og særleg alt som har med eldreomsorg er og blir det enormt behov for. Dei yrka der du får mest direkte tilbakemelding på at jobben du gjer verkeleg er til nytte er ofte dei helseyrka som er på litt lågare nivå enn til dømes sjukepleiar. Som vernepleiar vil du kome langt tettare på dei som du hjelper, medan som sjukepleiar så vil du i større grad måtte springe innom mange ulike personar kvar dag og får derfor mindre tid med kvar pasient. Og går du heile vegen og ender opp som kirurg så har du veldig lite kontakt med pasientar i våken tilstand. Psykisk helsevern og arbeid opp mot barn og unge vil det også bli eit større behov for som du sjølv nemner. Einaste ankepunktet mitt mot å gå den retninga er at eg er litt usikker på om dette er områder som i framtida blir prioriterte og får nok ressursar. Når eldrebølga er over oss og ressursane er avgrensa så er eg redd for at det som blir nedprioritert er dei usynlege behova, herunder psykisk helse. Eit stort spørsmål til deg er derfor: På kva måte vil du hjelpe? Og kva er det som motiverer deg? Vil du hjelpe heilt direkte med dei nære og praktiske tinga som stell og nærheit i kvardagen? Vil du hjelpe gjennom å ha ein fagleg tyngde til å forstå kva som er behovet og deretter gi ansvaret om å følge opp til andre? Eller vil du være ambulansearbeidaren som rykker ut med blålys for å hjelpe sjuke og skadde som treng akutt hjelp, men då utan å få vite noko om korleis det til slutt gikk med pasienten?- 27 svar
-
- 1