Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 718
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er mange propper som har utskiftbar silikon pute, likevel er det berre størrelsane small, medium og large som er tilgjengeleg, også frå tredjeparts produsentar. Mitt inntrykk er at mange kunne fått langt betre passform om ein også hadde XS og XL tilgjengeleg.
  2. Ja, mest kjente eksempelet er aspartam som WHO har sagt kan være kreftframkallande. Merk likevel at WHO setter anbefalt dagleg dose til 40 mg per kilo kroppsvekt. Ein voksen person må fort drikke meir enn 5 liter lettbrus (brus er ofte vanlegaste staden du finn kunstig søtning) for å i det heile tatt overstige grensa som WHO meiner du bør holde deg under. Reint praktisk skal det ikkje være eit problem med mindre du har eit ekstremt kosthold i utgangspunktet. Meir enn 5 liter brus om dagen er veldig mykje, og du vil nok oppleve at du har meir problem med syreskada tenner enn kva den mulige kreftfaren utgjer.
  3. Du får den konklusjonen du vil, alt etter korleis du velger å definere "sunt". Kort oppsummert så er konklusjonane vanlegvis at dersom du er overvektig eller i fare for overvekt så er kunstig søtningsstoff å foretrekke for å redusere kaloriinntak. Har du derimot eit normalt kost- og aktivitetsnivå så bør ein unngå kunstig søtning som i store konsentrasjonar kan gi anna sjukdom som til dømes kreft.
  4. Jo. Når han seier at det berre skal stemmast ein gong så betyr jo det at han ikkje vil tillate at det skal være mogleg å stemme fram andre løysingar i framtida. Om det han meiner er å eliminere muligheita for valgfusk så vil utfallet bli det motsatte, då vil det ved neste valg være viktig og meiningsfylt å bruke stemmeretten for å få fram eit nøyaktig og korrekt resultat av kva folket meiner.
  5. Om målet er å slå Trump så er beste strategien å ikkje seie noko negativt om Israel. På den måten vil ho kunne gjere seg spiselig for republikanarar som ikkje støtter Trump. Dei som uansett skal stemme på demokratane har ikkje så mykje anna valg når det er Harris som er presidentkandidaten. Det er også tvilsomt at mange demokratar kjem til å la være å stemme, for uansett kva politikk presidentkandidaten tim demokratane fører, så er det verre å gi ei indirekte stemme til Trump ved å ikkje stemme. Spørsmålet er berre om ho er villig til å gi slepp på sine politiske meiningar berre for å framstå som eit litt betre alternativ enn Trump. No skal vi ta påstandane som kjem frå Trump med ei stor klype salt, men det han seier her er eigentleg at han lover å avsette demokratiet. Enten heilt bokstaveleg ved at han utpeiker seg sjølv som diktaktor og fjerner folkeavstemminga. Eller meir sannsynleh at han vil indirekte bygge ned demokratiet ved å tilpasse valget og valkretsane slik at republikanske områder får mest makt.
  6. Om du ikkje erklærer at du har ein dom så er det ikkje nødvendig (forutan du skulle bli plukka opp for nærmare gjennomgang av at du har gitt korrekte opplysningar).
  7. Kanskje. Kjem heilt ann på om dette utgjer ein mangel eller ikkje, sjølv om du meiner at det er ein mangel så er utleigar tydelegvis ueinig. Mitt inntrykk er at du vil vanskeleg finne støtte for at leilegheita er ubebueleg på grunn av fem støvlus.
  8. Dette tyder jo på at dei ikkje har kontroll på nøklane i det heile tatt, det er nesten som eg lurer på om dei forventa at du har beholdt nøkkel til alle bygg du har vaska i? Veit byggeigar/oppdragsgiver at dette vaskebyrået har så lite kontroll over kven som har nøkkel til alle bygga? Det et tross alt ofte snakk om universalnøkkelar som gir tilgang til alle rom i bygget, kanskje med unntak av tekniske rom.
  9. Særleg republikarane (men også demokratar) har innført "three strike law" i mange delstatar. Detaljane varierer litt frå stat til stat men det er typisk slik at dersom ein blir dømt for ei tredje "felony" så blir straffa livstid uavhengig av alvorlegheita. Det er slik holdning som ligg i å være tøff mot kriminelle. Med slike lover så får ein både kvitta seg med gjentakande lovbrytarar, og ikkje kostar det noko heller ettersom ein kan sette fangane til slavearbeid.
  10. Det finnes ein god mellomting; sparekonto. Då har du pengane tilgjengeleg som fri kapital når du treng dei, samtidig som du har renteinntekter. Det er voldsomt korttenkt å låse opp meir kapital enn du har råd til å ikkje ha tilgjengeleg, du må holde av ein passeleg sum i fri kapital også. Særleg om du investerer i eigedom så må du ha nok fri kapital til å kunne drive vedlikehold, om ikkje kan du tape heile investeringa eller bli tvungen til å selge med tap om det oppstår behov for vedlikehald eller reparasjon. Når eg las overskrifta så tenkte eg at du med kontanter meinte fysiske pengar. Der er anbefalinga frå myndigheitene at alle bør ha litt kontantar tilgjengeleg i tilfelle straum eller datautfall. Kor store beløp du bør ha er ikkje presisert, men sidan anbefalinga er å ha nok mat, medisin og liknande til å klare seg i ei veke om det skjer noko uventa, så er det vel fornuftig å ha kontantar nok til å kunne handle inn matvarer og slikt for ei veke til. Å ha store summar under madrassen er berre død kapital, so i tillegg har risiko for å forsvinne om du har innbrudd eller det startar å brenne. For min eigen del så tenker eg at det er meiningslaust å skulle sette alle andre fornuftige investeringar på vent og krysse fingrane for at det skjer noko ekstraordinært som gjer det ekstra gunstig å investere. Ein må ha veldig stor gevinst på slike ekstraordinære investeringar for at det skal gjere opp for mange år med manglande avkasting på vanlege investeringar. Med mindre du har særdeles låg terskel for kva du reknar som ein "svart svane" så er sannsynlegheita liten for at du får slike gode investeringsmuligheiter servert på eit sølvfat. Covid-19 var ein ekstraordinær situasjon men dei økonomiske konsekvensane for investering var etter mitt syn ganske små. Produksjonen vart naturlegvis redusert når folk var heime i karantene, mange fekk dårlegare inntekt fordi dei ikkje kunne jobbe, samtidig var det mange bedrifter og privatpersonar som opplevde det heilt motsatt. Byggevarehusa hadde gode tider fordi alle ville utnytte tida til å pusse opp, og alle som hadde trygg jobb la seg opp pengar gjennom koronatida ved at dei fekk lønn kvar månad samtidig som det var lite å bruke pengane på. Ikkje kunne ein dra ut på restaurant og ikkje kunne ein reise til syden. Det var enkelte som klarte å tene ein del ekstra på Covid-19 ved at dei forutsåg kva som var i ferd med å skje, og derfor kasta seg rundt og investerte i ting som det var behov for. Men det var også mange som feila totalt. Som til dømes Idar Vollvik som fekk mykje mediaomtale etter at han kasta seg rundt og bestilte inn eit stort parti med munnbind som han solgte til helseforetaka sjølv om munnbinda ikkje var godkjente for bruk i helsevesenet. Han vart vel til slutt også dømt til fengsel etter dette stuntet. Til tross for alle kostnadane og ulempane med Covid-19, så var det ikkje ei i nærheita stor nok krise til at den etter mitt syn kan reknast som ein svart svane. Det var ikkje som at til dømes folk mista hus og heim slik at alle som hadde litt sparepengar på konto kunne gjere det stort på eigedomsmarkedet. Kanskje om neste pandemi også forårsaker massedød, eller varer minst dobbelt så lenge, kan du tene godt på å ha kapital til å gjere verkeleg attraktive investeringar. Men eg ville ikkje satt alt på vent i påvente av noko slikt, det er ikkje sikkert at det skjer igjen i din levetid. Sist vi hadde ein alvorleg pandemi var spanskesjuka for over 100 år sidan, så om du må vente 100 nye år før neste pandemi så bør du heller prioritere heilt andre ting.
  11. Måkeskrik er det som er minst plagsomt med måker. Det som er mest plagsomt er hekking i tettbygde strøk med det resultat at måkene går til angrip i skiter etter folk og bilar som som går på gata. (Det verste er at det er ofte eg ikkje ein gong ser den kamuflerte måkeungen før foreldra starter å stupe mot meg og avslører at det er ein måkeunge som har gjemt seg i nærheita, hadde eg vært på jakt etter å ta måkeungar så er det jo berre å gå rundt i gatene til måkeforeldra sjølv avslører kvar måkeungen er). Plage nummer to er at det blir veldig mykje måkeskit på fortau, inngangsparti, bilar og vindauger. Dette er ikkje ei veldig alvorleg plage, men det ser skjemmande ut. Den tredje plagen som ikkje oppstår så ofte men som likevel har store konsekvensar er når måkene lager reir på stadar der det er pågåande arbeid slik at arbeidet må stoppe opp. Typisk gjeld dette rivingsarbeid, takreperasjon, osv som då blir forsinka i fleire månedar dersom måsen legg egg slik at måkene ikkje kan forstyrrast før ungen er stor nok til å dra derifrå. Eg meiner heilt bestemt at det å legge til rette for "bymåker" er heilt feil framgangsmåte for å bevare arten. Eg forstår godt at måker trives bedre i byen enn andre stadar. I byen er det veldig lite rovdyr og det er mykje søppel og anna lett tilgjengeleg mat, men vi bevarer ikkje naturmangfoldet ved å legge til rette for at ville dyr skal bu i byar og tettbygde strøk. Om vi ikkje legg til rette for at måker kan leve i og av naturen så kan vi like godt verne måkebestanden ved å fange måkar og holde dei innelåst i zoologiske hagar. Det er mykje betre for både mennesker og måkane sjølv om vi hadde tilrettelagt gode hekkeplassar i sjønære omgivnadar utanfor tettbefolka områder. Om vi vil ha eit mangfoldig dyreliv i bysentrum så kan vi begynne å legge ut dyremat i gatene, då tiltrekker vi oss masse spennande dyr frå mus til elg. At vi blir sjuke fordi matvarebutikkane har rotter, og forsinka på jobb fordi det står ein elg i trikkesporet er vel også heilt naturleg oppførsel av ville dyr og noko som vi mennesker berre må tilpasse oss?
  12. Spørsmålet er om rentekostnaden (effektiv rente så du må ta med eventuelle gebyr frå banken også) er lågare enn verdistigninga du kan få ved å bruke pengane dine på andre ting, som til dømes globalt indeksfond. Dersom du tener meir på å investere pengane enn det kostar deg i lånerenter så vil det lønne seg. Sjølve lånesummen vil med inflasjonen vi har hatt no bli mindre og mindre verdt. Det du i år 2000 kunne kjøpe for 1 mill må du i dag betale 1,7 mill for, så om du har eit lån på 1 mill som du tok opp i år 2000 som du berre har betalt renter på så vil det med dagens kroneverdi koste deg i underkant av 600 000 i 2024 kroner å betale tilbake denne millionen. Om nye 25 år med tilsvarande årleg inflasjon så vil denne millionen berre koste deg 300 000 kr å betale tilbake i 2050 kroner. Eit anna moment å ta høgde for er korleis det slår ut skattemessig om du betalar ned lånet og ikkje får skattefrådrag av rentekostnadane, sett opp mot kva du må betale i formueskatt. Om du klarer å plassere pengane dine slik at du får høgare utbytte enn du har i rentekostnad på lånet så kan det lønne seg å fryse lånet og la inflasjonen spise opp verdien på lånet. Det er likevel ikkje heilt risikofritt, ein slik framgangsmåte krever at du følger med i økonomiutviklinga. Både inflasjon og renter endrer seg stadig, får vi kraftig renteaukning så er det ingen fordel å ha eit stort lån.
  13. Jobb vil du nok finne, du har tross alt tatt ei teknisk utdanning. Sjølv om ikkje alt du har lært er overførbart og relevant i alle typer stillingar, så har du lært mykje som også er relevant for ei kontorstilling på land. Som @Sir skriv så er arbeid med risikohandtering, logistikk, eller off-shore nære bransjar, ein god stad å starte. Eg tenker også at det kjem litt ann på kva som heilt eksakt gjer at du ikkje lenger har interesse for å jobbe på havet? Det er stor forskjell på å jobbe ute i Nordsjøen på ein turnus som gjer at du er på jobb i fire veker i slengen, og det å jobbe på ei passasjerbåt som berre går innadskjærs der du jobbar vanlege dagtidsvakter og alltid har fri på kveld/natt. Det er ikkje slik at alle som jobbar off-shore har same turnus og arbeidsforhold. Det neste spørsmålet er om du villig til å ta litt meir utdanning? Sidan du no nettopp er ferdig utdanna så kan du søke på jobbar og så ha vidare studier som ein god plan B. Eg tenker ikkje nødvendigvis på at du skal starte på ein mastergrad eller ei heilt ny utdanning, men meir at du kan komplettere den utdanninga du har slik at du blir enda meir attraktiv for landbasert arbeid. Tar du i tillegg til nautikkutdanninga f.eks. 15 studiepoeng i økonomi, HMS, administrasjon, juridisk metode, eller liknande så vil det opne mange fleire dører til landbaserte kontorjobbar innafor mange ulike fagområder.
  14. Ein må ta alle slike spørreundersøkingar med ei stor klype salt, særleg når dei er så ferske. Veldig mange velgarar, og særleg dei som ikkje er veldig engasjert i politiske spørsmål treng tid til å gjere seg opp ei meining.
  15. Det kjem ann på tilstand og verdi på bilen som er skada. Forsikringsselskapet vil ikkje betale for ein reprasjon som setter bilen i betre stand enn den var i før kollisjonen. Dette er ein stor ulempe med gamle bilar som har låg listeverdi, bruksverdien av ein gamal EU godkjent bil kan være større enn pengeverdien på bilen.
  16. Dette blir fort ein sjølvforsterkande sirkel. Kundane uteblir fordi det ikkje finnes ei nettbutikkløysing der ein kan handle, og du vil ikkje opprette nettbutikk fordi du ikkje har kundar, osv, osv. Det blir som å sitte åleine heime og lure på kvifor ingen kjem og ringer på døra for å be deg ut på ein date. Drømmemannen kan sjølvsagt dukke opp på døra heilt uoppfordra, men du kjem i kontant med mange fleire potensielle drømmemenn om går ut og møter folk.
  17. Poenget mitt er at du flytter terskelen for kjøp til eit høgare nivå enn det som er nødvendig. Potensielle kundar som er berre litt interessert sender ikkje DM til anonyme kontoar for å då få vite kven selgaren er, og om det er "trygt" å handle. Denne måten å drive handel på gjer at det er berre dei som er aller ivrigast og interesert i å kjøpe akkurat dine smykker som er villige til å gå den omvegen det er å sende DM, vente på svar, og deretter bestemme seg for å legge inn bestilling. Eg trur nok at du taper mange potensielle salg til kjøparar som heller går inn på ein nettbutikk og kjøper liknande smykker i staden for å prøve å kjøpe frå deg.
  18. Ja det går ann det, men eg reknar med at kjøttet blir litt tørrare ettersom ein del av kjøttsafta vil prøve å piple ut under nedkjøling. At kjøttet er innpakka i plast vil sjølvsagt hindre i at kjøttsafta forsvinn så langt, men resultatet blir litt tørrare kjøtt og meir kjøttkraft i sous vide posen. Du kan redde ein del av dette med å lage ein god saus av kjøttsafta. Det produktet som du serverer vil nok på mange måter likne meir på å servere steik enn å servere indrefillet. Kjøttet vil fortsatt være mørt, men det blir ikkje saftig biff på same måte som når indrefilletren går rett frå sous vide tilbereding til serveringsfatet. Reknar med at du ikkje har utstyr for sous vide på hytta? Sous vide er jo perfekt for ein fjelltur. Berre legg kjøttet i vannbad og kjøttet er perfekt stekt når du er tilbake frå tur enten det er etter 1 eller 10 timar på fjellet. Merk også at du ikkje nødvendigvis treng avansert utstyr for å tilberede med sous vide. Du kan jo til dømes varme opp ein kjele med vatn til ca 70 grader, legge kjøttet nedi gryta, og deretter pakke kjelen godt inn i handkle og plast for å isolere. Det skal ikkje veldig mykje til for å isolere godt nok til at temperaturen ikkje synk for mykje til at kjøttet ikkje får fin kjernetemperatur til du er tilbake. Du har sjølvsagt meir kontroll når du har automatisk temperaturkontroll og oppvarming av vatnet, men det er ikkje tvingandes nødvendig.
  19. Som visepresident var Harris det naturlege valget, å ikkje vurdere henne som presidentkandidat ville vært ei mistillitserklæring. Samtidig er eg heilt einig i at Harris ikkje nødvendigvis er beste kandidaten for å slå Trump. For det fyrste så er ho ikkje unisomt likt på demokratisk side, men kanskje viktigast så er vel ingen sjans for at Harris klarer å omvende potensielle Trump velgarar til å heller stemme på henne? Vinnarsjansane til Harris ligg i å mobilisere demokratane til å støtte henne, og til og få særleg afroamerikanerane til å stemme i valget. At Harris er ei mørkhuda kvinne er nok populært i eigne kretsar, men det er også veldig mange som har problem med å sjå for seg ein mørkuda og/eller kvinneleg president. Obama vart usatt for mykje rasisme og anklager om å ikkje være ekte amerikanar, og det må vel være lov å seie at Obama er vel av den "kvitaste" afroamerikanaren som det er mogleg å oppdrive. Hadde demokratane klart å hosta opp ein kvit kristen mann i 40-50 års alderen som president kandidat så ville denne kandidaten potensielt kunne kapre republikanske stemmer frå dei som ikkje kan gi sin fulle støtte til Trump eller som synes Trump er for gamal for å ta på seg fire nye år som president. Det er mange republikanarar som ikkje støtter Trump, men som heller ikkje vil stemme på ei "utenlandsk" dame som president. Majoriteten i USA er ikkje så liberale at dei er klare for kvinneleg president, også ein mørkhuda president er tungt å svelge for ein del, og for erkerepublikanarane så er det heller ikkje fristande å gi ei stemme til demokratane. Slik som eg oppfattar demokratane akkurat no så er prioritet nr. 1 å slå Trump, det å bedrive demokrat-politikk er underordna. Eg trur derfor at strategisk sett så er vil det være enklare å slå Trump om Demokratane kan stille opp med ein "kjedelig" kvit dude utan sterke politiske målsettingar. For dei republikanarane som synes Trump er ei laus kanon så ville det vært "trygt" å stemme på ein demokrat som ikkje har planar om å drastisk endre kursen på den politiske skuta.
  20. Hylsene er så små at det kan være vanskeleg å fange opp på ein video i dårleg oppløysing. Hylsene har ein bredde på mindre enn ein halv centimeter, og er i tillegg blanke på eit kvitt tak, så det overrasker meg ikkje at slike detaljar er vanskelege å sjå via opptaket på eit bodycam. Tok eit kjapt googlesøk og ser ut som at vanlge bodycams har ei oppløysing på 640x480 pikslar, så slike små gjenstandar på litt avstand utgjer ikkje mange pikslane. Hylsene kan som nemnt også fint ha trilla heile vegen ned i takrenna. Eg ville ikkje lagt så mykje vekt på ei lydanalyse basert på digitale opptak frå ulike mikrofonar og kjelder, dette er ikkje nødvendigvis samanliknbart. Lyden av kula som suser forbi mikrofonen og lyden av smellet blir også påvirka av kor langt frå mikrofonen kula passerer. Det er sjølvsagt stor forskjell på forsinkinga om kula passer 1 cm eller 100 cm frå mikrofonen. Om eg tek infoen frå lydanalysen for god fisk så er differansen mellom 0,22 og 0,213 berre 0,007 sekund. Multipliserer vi det med lydens hastigheit som litt avhengig av temperatur og luftfuktigheit er 343 m/s, så betyr det at dersom det at skot nr 5 til 8 er avfyrt på ein avstand på 240,1 cm lengre unna enn dei tre fyrste skota. Sannsynlegheita for at det stod ein gjerningsmann nummer to 2,5 meter bak Crooks som ingen la merke til er særdeles liten. Som sagt så skuldast denne målte differansen heilt sikkert tekniske begrensingar i lydkvaliteten, men sjølv om vi stoler 100% på målinga så er det langt langt meir sannsynleg at Crooks har avfyrt tre skot frå kanten av taket, og så har han åla seg eit par meter bak før han skaut dei neste skota. Var det ikkje sagt at Crooks skal ha skutt mot politiets skarpskyttar? I så tilfeller er det fullstendig plausibelt at Crooks har avfyrt tre kjappe skot mot Trump, og deretter trekte seg 2,5 meter lengre ned på taket for å være vanskelgare å sjå for politiets skarpskytter som han då har avfyrt fem skot mot før han sjølv vart drept. Og til slutt, dersom vi legg til grunn at denne lydifferansen på 2,5 meter må ha betydd at nokre av skota vart avfyrt frå bygget som Crooks var på taket av, så har det også sine ulogiskheiter. Sidan det er naturleg å skyte frå eit vindu så hadde det vært naturleg å forvente at skot frå innsida av bygget hadde vært avfyrt 2,5 meter nærmare enn Crooks som lå litt inne på taket. Og dersom den teoretiske skyttaren som var inne i bygget har avfyrt sitt våpen frå andre sida av rommet eller kanskje var heilt ute i gangen for å få avstanden "korrekt", så betyr det igjen at lydanalysen er verdilaus. Skot som blir avfyrt inne i eit bygg vil gi veldig mykje ekko og gjenklang som ikkje berre hadde hatt ein klart anna lyd, men det ville også være ein betydeleg forsinking ettersom lyden fyrst sprett rundt inne i rommet før den kjem ut i retning av mikrofonane. Det er med andre ord ingenting her som er motstridande mot "den offisielle versjonen", å prøve å finne ureglemessigheiter her er å gripe etter halmstrå.
  21. For kjøp mellom privatpersonar er det kjøpslova som gjeld. Når bilen er solgt som den er så er det følgjande paragraf som gjeld: Fyrste spørsmål er om dette er forhold som selger måtte ha kjent til, og dermed skulle gitt opplysningar om. Sjølv om vi tek det for gitt at delane er øydelagte så er det ikkje gitt at ein vanleg bileigar utan teknisk kompetanse måtte å kjent til den tekniske tilstanden. Det andre og aller viktigaste spørsmålet er: Sett opp mot kjøpesummen, har du berettiga grunn til å forvente at bilen var i vesentleg betre stand enn den er? Altså kor mykje bil har du fått for pengane? Ser på finn.no at av dei 2013 modellane som ligg ute no så er oppgitt pris frå 85 000 til 180 000 kr. Prisantydninga varierer nok mykje utifrå blant anna kilometerstand og ekstrautstyr. Har du betalt 50 000 kr for denne bilen så har du fått mykje bil for pengane og du måtte ha forvente å ha litt reparasjonskostnadar. Har du derimot betalt 200 000 kr for denne bilen så vil du heilt klart ha berettiga forventing til at bilen var i mykje betre teknisk tilstand enn dette. Om du har rett til å reklamere eller heve kjøpet er då heilt avhengig av om bilen har ein mangel. For at det skal foreligge ein mangel så bilen være i vesentleg dårlegare enn det du måtte rekne med sett utifrå kva selgar har opplyst om bilen og kor stor differansen er mellom det du har betalt og det som er bilens reelle verdi. Når bilen er kjøpt med som den er atterhald, og du i tillegg har hatt moglegheit til å undersøke bilen før kjøp, så er det ein relativt høg terskel for å seie at bilen har ein mangel som selgar må utbetre. For at du skal kunne heve kjøpet så må det føreligge eit vesentleg kontraktsbrot, eller så må selgaren ha nekta å rette opp manglar som selger plikter å rette opp. I den grad det føreligg ein mangel som du kan reklamere på, så vil det i dei fleste tilfeller være meir hensiktsmessig å forhandle om eit prisavslag enn heving.
  22. Ja det er ganske vanleg, og til dels også naturleg. Folk flest har lite personleg erfaring med skyting, og i kaoset som oppstår så kan det være vanskeleg å fastsette kvar skota kjem frå, skot frå same våpen kan ha litt ulik lyd alt etter omgivnadane, og ekko gjer at lyden av eit skot frå ein stad høyres ut som to skot frå to forskjellige stadar. Når ein i tillegg kokar med adrenalin og nervar i høgspenn så tolkar ein alt gjennom filteret om mogleg trussel, så lyden av dører som slår, greiner som knekker, og andre høge lydar kan lett bli oppfatta som lyden av skot. I tillegg er det i fyrste tida eit informasjonsvakum. Sjølv dei mest fornuftige vil ubevist prøve å fylle på den manglande informasjon med kva dei trur er situasjonen. For å vurdere om du skal flykte, gjemme deg, eller sloss i ein faresituasjon så må du ha informasjon, og har du ikkje informasjon så må du bruke den situasjonsforståinga som der og då gir deg mest meining. Tankar, idear og overlevingsstrategiar blir delt med dei andre som er i same situasjon, og i denne munnlege informasjonsutvekslinga så blir teoriar oppfatta som fakta. Særleg i skyteepisodar så er det viktigaste for offera å prøve å finne ut kvar ein kan søke sikkerheit. Sjølv om ein er 99% sikker på at skytaren er bak deg fordi du har sett skytaren og du har sprunge i motsatt retning, så er det slik at dersom du høyrer ekkoet av eit skot framfor deg så er det ingen som spring mot lyden, då svinger ein hardt til venstre eller høgre slik at dersom det skulle være to skytarar, så spring ein vekk frå begge to.
  23. I din situasjon kan det ha mykje for seg å ta kontakt med ein rådgivar i banken din. I spørsmål om sparing og investering så har du og banken din ofte felles interesser om å forvalte pengane på ein god måte då dette er lønnsomt både for deg og for banken din. Dersom du hadde hatt stort boliglån, og ein del på sparekonto så kunne du fort risikert at banken ikkje gir deg fult like gode råd ettersom banken tener mest på at du ikkje betalar ned lånet fortare enn avtalt, men i din situasjon er det meir vinn/vinn. Merk at du treng heller ikkje å bruke dei produkta som banken din tilbyr, men eit greit fyrste steg er å sjekke kva din primærbank har å tilby. Kva spareprofil som passar best til deg kjem heilt ann på kva du sjølv vil, samt kor risikovillig du er. Til dømes, kor mykje pengar synes du sjølv at treng å ha som bufferkonto? Reknar med det kanskje ikkje er aktuelt å låse alle sparepengane i langsiktig sparing? Då blir neste spørsmål kor mykje pengar synes du at du treng å ha tilgjengeleg, vil du ha pengar til å gå rett inn hos ein bilforhandler å kjøpe ny bil, nok pengar til å ta ein spontan ferietur til Maldivene, eller er det heilt greit å ha ein buffer som gjer at du kan kjøpe ei ny billig vaskemaskin om den du har no sluttar å virke? Det mest fornuftige er å låse pengane i langsiktig sparing slik at du til alderdommen har så mykje som du klarer å spare utan å ta nemneverdig med risiko. På den andre sida så har du klart deg ganske bra økonomisk med gjennomsnittleg lønn når du er gjeldsfri og har over ein halv million som økonomisk buffer, så med tryggheit i at du sannsynlegvis klarer å spare deg opp ein tilsvarande buffer i dei neste 20 åra som yrkesaktiv så kanskje du tørr å ta litt meir risiko for store kortsiktige gjevinstar?
  24. For det fyrste, korleis veit du at det er sant? Det kan også være avtalt spel der ein bekjent later som at ein er interessert i å kjøpe under live sendinga, og på den måten prøve å skape ein etterspørsel frå andre sjåarar. Alle tiggarar starter med å legge nokre store myntar i pappbegeret slik at dei kan late som at andre forbipasserande har donert ein slant, med implikasjonen om at då bør du også legge nokre myntar i koppen for her er det ein som verkeleg treng pengane. For det andre, er det samanliknbare situasjonar? Like produkt? Lik pris? Like populær dame? Like mange sjåarar? Du må ikkje undervurdere effekten av at mange kjøper ting frå influensere som dei liker. Litt for støtte innholdet dei skaper og litt fordi ein kan lett sjå på influenseren som ein nettvenn som mange vil hjelpe. Det treng ikkje nødvendigvis å være berre fordi smykket var så pent. Mange influensere og content creators har merch. Folket kjøper ikkje t-skjorte med namnet til sin favoritt streamer fordi dei treng ei t-skjorte, det er meir fordi det er meir innvolverande å støtte ein content creator med å kjøpe eit produkt enn det er å berre sende ein pengedonasjon. Det er sjølvsagt ein stor fordel at t-skjorta ikkje er direkte stygg, men spørsmål om kvalitet, passform, og om klesplagget er etisk produsert er det ganske få som bryr seg om når dei kjøper merch. Dei fleste skal tross alt ikkje bruke merchet som klesplagg, bruksområdet er for dei fleste pynt, minne eller støtteerklæring. Eg har forståing for at du ynskjer å være annonym, men det gjer det vanskelegare for deg å lykkast med salg. Folk er mykje meir skeptisk til å føre over pengar til ein heilt annonym konto, og sjølv om du nok er kjent med namn innafor følgerkretsen din så gjer du det mykje vanskelgare for deg sjølv å nå ut til potensielle nye kundar. Du må gjerne holde på anonymiteten din, men då må du lage deg ein online profil som du er komfortabel med å dele til heile verden. Kall deg gjerne "smykkedama" eller "perle-vennen", men lag eit online nærvær slik at du kan spre innholdet ditt utan å heile tida være redd for at nokon skal vite kven du er. Lag ein konto som er uavhengig frå din personlege konto, opprett dedikert epostadresse og gjerne også telefonnummer, det kan også være aktuelt å leige postboks slik at du ikkje treng å oppgi heimeadressa di dersom kundane treng å reklamere eller likande.
  25. AR15 er vanlegvis tilpassa standard NATO 5,56x45. Noko som betyr at messinghylsa er 0,45 cm brei og 4,47 cm lang (inkludert kula på toppen så er full lengde 5,56 cm).Tomhylsene blir fort kasta 1 til 2 meter til venstre for skytaren (vanlegvis), det er også litt sprett i hylsene. Når dei i tillegg lander på eit metalltak med fall så ville eg forventa å finne tomhylsene nokre meter til venstre og nokre meter nedanfor liket om dei ikkje har rulla heilt ned i takrenna. Hylsene er med andre ord ganske små, kan ligge ganske langt nede på taket, og vil veldig lett kunne være skjult av sladdinga i videoen. Så lenge spørsmålet ein vil ha svar på er om det stemmer at Crooks har avfyrt minst fem skudd så er den enklaste undersøkinga å sjekke magasinet om det der er plass til minst fire kuler (den femte kan ha vært i kammeret). Vi veit med stor sikkerheit at Crooks ikkje har hatt tid til å lade om før han vart skutt, så skal det være noko i konspirasjonen om at Crooks berre har avfyrt tre skudd då vil ein forvente å berre finne at det mangler tre kuler frå magasinet. Sannsynlegheita for at Cooks (og ein medsamansvoren) skal ha planlagt så godt at Crooks starta skyting med halvt magasin for å skjule at det vart også skutt frå nokon andre er ganske lite sannsynleg. Eg ser heller ikkje kva formål ein slik konspirasjon skulle ha, om Crooks har meldt seg frivillig til å være ein distraksjon og skyldebukk for ein anna skyter har absolutt ingen betydning. Ein teoretisk andre skytter vil utmerka godt klare å kome seg unna i den fyrste kaosperioden når alt fokuset er på Crooks, at det eventuelt var ein skarpskyttar til som skaut mot Trump så vil det uansett bli avslørt seinare, dette ser ein enkelt frå vinkelen på kulebanene om alle skota kom frå Crooks sin posisjon eller ikkje.
×
×
  • Opprett ny...