Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 718
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Mogleg at dette er fordi eg nemnte aggregat som løysing. Eit bensindrevet aggregat kan være ramma av bålforbodet som er det folkelege namnet på forbodet mot bruk av open eld og brannfarlege gjenstandar i utmark.
  2. Det var da enda godt dei valde Saudi Arabia, dei har jo alltid vært best i klassen på likestilling og menneskerettigheiter generelt sett /slutt ironi, om det skulle være uklart.
  3. Kor lenge skal du være ut i skogen? Batterier er som kjent tunge greier. Du får kjøpt kjøle og fyrsebokser som har innebygd batteri i tillegg til å gå på 12V eller 240V, men dei blir veldig tunge om dei skal ha batterikapasitet til meir enn nokre timar. Særleg om du skal bruke frysefunksjonen. Dersom du treng å drifte kjølebokser i lang tid så er det fort meir fornuftig å tenke bensindrevet straumaggregat enn store batteripakker. Med mindre du skal veldig lenge på telttur så vil du med litt planlegging klare deg ganske lenge med ei god passiv kjøleboks. Fyller du den med både kjølevarer og frysevarer, så startar du med å forbruke kjølevarene og deretter frysevarene etterkvart som dei tiner så klarer du å ta vare på mat i mange dagar om du held kjøleboksa lukka mesteparten av tida. Du kan sjølvsagt ikkje baserer deg på at du skal ha med iskrem som skal være frossen og fin på tredje dagen eller veldig lettbederva mat, så er mykje av formålet å hindre at maten ikkje blir for varm for lenge.
  4. Einig. Den andre store konsekvensen er at fangeutvekslingar på denne måten lagar også ein presedens på at Russland kan fortsette å beordre sine agentar til å utføre likvideringar og sabotasjer i vesten. Blir spionen arrestert for drap eller terrorisme så er det berre å fengsle nokre journalistar og vipps er den russiske agenten frigjort og klar for ny innsats i eit anna land. Det er nok anna å utveksle spion mot spion som begge har innhenta etterretningsopplysningar på kvar sin side, det er noko som begge sider driv med og medfører ingen direkte skader. Som det stod i VG i intervjuet av ein person i Amnesty International så gir det ein dårleg ettersmak at vi utveksler snikmordarar i bytte mot journalistar og administrativt personell.
  5. Det som i stor grad er utfordringa er at ein god del av dei stridsdyktige mannlege ukrainerane har fått lov til å reise ut, det er ein rekke unntak frå tenesteplikta som at ein er far til meir enn eit bestemt antall ungar, at ein har fysisk eller psykisk skade, osv. Vi kan derfor ikkje berre anta at ein ukrainsk mann i 30 åra har desertert milititærteneste utan at vi får oversikt frå Ukraina. Det er nok heller ikkje spesielt hensiktsmessig å skulle returnere deserterørar til Ukraina, for det som er mest aktuelt er jo då å putte dei i fengsel (trur ikkje Ukraina har dødsstraff for desertørar i krig lengre). Det er lite hensiktsmessig å sende dei i krigen heilt mot sin vilje, det kan fort føre til ein større ulempe enn det er til nytte. I tillegg så bryt det også mot internasjonale konvensjonar å returnere flyktningar til land der dei kan kome i fare, og sjølv om militærtenesta er lovleg så kan det absolutt argumenterast for at det å bli returnert og innrullert som soldat medfører fare for å døy i krigshandlingar. Dette burde ikkje være eit stort praktisk problem, men det medfører at det å tvangsutlevere tenestdyktig flyktningar er meir arbeid enn det er verdt. Då er det langt meir hensiktsmessig å ta denne diskusjonen etter krigen. Totalt sett er det tross alt snakk om relativt få potensielle soldatar som i tillegg manglar både trening og motivasjon. Å skulle gjere om disse militærnektarane til gode soldatar krev nok meir ressursar enn det er verdt.
  6. Skjønar argumentet utfrå mennesklege omsyn, det er absolutt på sin plass å prøve å få frigjort uskuldige politiske fangar, men det er sjølvsagt veldig betenkleleg at vi returnerer farlege personar som har stått bak likivderingar og det som er verre er i bytte mot journalistar som berre har gjort jobben sin. Det at Russland så enkelt kan hive vestlege besøkande i fengsel for å bytte tilbake sine utanlandske agentar er bekyrmingsverdig, og medfører i praksis at det å reise inn til Russland eller til land under russisk innflytelse medfører ein betydeleg risiko for at ein kan bli uskuldig fengsla for å bli brukt som forhandlingskort. Ein av dei som no har blitt lauslatt er amerikanaren Paul Whelan som påstår at han vart lurt då han vart arrestert med ein hardisk med statshemmelegheiter, og sjølv om at vi skal ta den forklaringa med ei klype salt (det er tross alt beste forklaringa å holde på dersom du som spion fyrst blir tatt på fersken i håp om at du ikkje blir spiondømt), men samtidig så er det også veldig lett å gå etter uskuldige vestlege turistar på denne måten om Russland treng fangar som ein kan bruke til ein byttehandel. Ved krig eller når det er fare for krig så skal dei som er under 18 år fritas for teneste hos forsvaret etter lov om verneplikt. Dette er for å hindre at mindreårige blir mål for krigshandlingar. Dette gjeld nok hovudsakleg lærlingar og HV-ungdom. Vanlegvis er ein i vernepliktig alder når ein er mellom 19 og 44 år, ved fare for krig er verneplikta utvida til mellom 18 og 55 år. Eg kjenner ikkje til at det finnes ei 25 års grense, men det er ikkje utenkeleg at det finnes ein slik praksis sjølv om det ikkje er ei aldergrense. Dersom Norge skal sende soldtatar til strid i utlandet så føretrekk ein nok å bruke soldatar i 25 til 40 års alderen for å ha ei god balanse mellom modenheit og fysisk styrke.
  7. Ser ut til å være fangeutveksling frå mange ulike land i vesten mot personar som er fengsla i Russland. Veit ikkje heilt om fangane blir utveksla 1-til-1 eller om dei har ein form for vekting? Synes i utgangspunktet at det er noko ugreitt med at vi returnerer drapsmenn og våpenhandlarar i bytte mot journalistarnog politikarar. Det er noko anna når ein bytter spion mot spion som har stått bak omtrent like etterretningsaksjonar.
  8. Forstår det slik at det ikkje er studielånet som er problemet, problemet er disse 250 000 kr med anna gjeld etter koronakonkurs som no har gått til statens innkrevingssentral. Studielånet bør være siste gjelda ein betalar på ettersom det både er eit billig lån, og fordi det er ein del unike fordelar med studielånet som betalingsutsetting, sletting av renter om ein har låg inntekt, og ikkje minst sletting av heile eller delar av gjelda om ein blir ufør.
  9. Ja kreftrisikoen er liten, terskelverdien for anbefalt mengde ligg svært høgt, og i tillegg mangler ein klare bevis for at det er kreftfarleg. Likevel så er ofte konklusjonen at for alle som har god kontroll på kaloriinntaket at ein unngår "untaurlege" ingredienser. Matvarer med sukker har vi lang erfaring med i generasjonar. Kunstig søtning har vi berre litt over 50 års erfaring med og dermed manglar vi det fulle bildet. I tillegg så er det slik at sjølv om kreftrisikoen eventuelt er liten, så er det svært ulikt korleis det slår ut. Vi veit at røyking er svært kreftfarleg, samtidig så gjer tilfeldigheitane at enkelte kan røyke heile livet utan å få kreft, medan andre utviklar kreft etter kort tids eksponering. Ein skal ikkje være hysterisk på dette, men dersom ein klarer å kontrollere kaloriinntaket så kan ein like gjerne ta opp delar av dagsbehovet gjennom drikke med sukker, som å lure kroppen til å ta opp noko søtt utan å få tilført næring. Ein skal heller ikkje undervurdere den psykologiske effekten ved at ein venner seg til at alt ein et og drikk er søtt, sjølv om det vanlegvis er i form av kunstig søtning utan kalorier så auker det faren for at ein et og drikk som normalt også når alternativa med kunstig søtning ikkje er tilgjengeleg. Er du colaavhengig og vanlegvis drikk ein halvliter med cola utan sukker så er det ikkje sikkert du klarer å være viljesterk nok til å ikkje drikke rød-cola i staden for dersom du ikkje får tak i sukkerfri brus. Dette treng ikkje å være eit problem, men når ein då har satt til livs nesten 200 kalorier i form av sukkerbrus så må ein sjølvsagt redusere kaloriinntaket gjennom mat med tilsvarande mengde. Det er også eit moment at kroppen har lettare for å ta opp kaloriane av ultraprosessert mat. Når du et 100 gram med pommes frites som er både kokt og deretter fritert så er stivelsen brudt ned slik at kroppen klarer å ta opp nesten all næringa under fordøyinga. Et du tilsvarande mengde (minus vatnet) med rå potet og drikk ei tilsvarande mengde med kald frityrolje så er dette mykje tyngre for kroppen å ta opp, og ein del av kaloriane kan dermed gå gjennom heile systemet utan å bli tatt opp av kroppen. I tillegg til dette så er det slik at vanleg rå potet også gir meir volum ved at fuktigheitsinnholdet er stort, og at det krev litt meir energi å tygge rå potet enn å tygge pommes frites. Alt dette teller i retning av at kalorinntaket blir mindre sjølv med tilsvarande mengde mat. For mange i den vestlege verden så er det ein fordel å ete mat som er rå eller minst mogleg prosessert sidan maten då gir mykje volum mot lite næring. I verdensdelar der det er lite kaloriar tilgjengeleg så blir det ein stor fordel om ein proesseserer maten mest mogleg for å utnytte all næringa. Det gir meir næring å male kornet og koke det til ein graut, enn det gir å ete kornet umalt.
  10. For å være litt konstruktiv. Kva med å hjelpe med direkte betaling kvar månad i staden for å gå via eit forbrukslån som potensielt setter deg også i gjeldsproblemer? På den måten slepp du risikoen med å måtte svare for eit stort forbrukslån, og du kan når som helst stoppe å hjelpe med pengar om den økonomiske kostnaden for deg blir for stor. Det er fortsatt ein dårleg idé å kaste vekk pengane dine på dette, men om du har råd så er det sånn sett det same om du bruker pengane på familiemedlemmet ditt eller til eige forbruk. Merk likevel at den sosiale kostnaden blir stor, dette familiemedlemmet vil alltid stå i gjeld til deg. Om ikkje økonomisk så i alle fall sosial gjeld der du for evig og alltid kan kontre ein kvar krangel med at du redda vedkommande ut frå å bli fanga av gjeld.
  11. Korleis ser reknestykket ut? Som påpeikt så er det på ingen måte betre å gå frå studielån pluss 250 000 kr med 12% rente, til å gå frå å ha studielån og eit forbrukslån på 250 000 kr? Det kan godt være at du klarer å finne forbrukslån som har lågare rente enn 20%, men du vil nok ikkje klare å finne lån som er billegare enn den gjelda han no har til SI. Fyrste bod er uansett å sette opp eit budsjett basert på reelle lånetilbod og inntekter for å sjå kor mykje (eller lite) det hjelp med å ta opp eit forbrukslån. Har du nedbetalt hus eller liknande som du kan sette som sikkerheit så kan du nok klare å få låne 250 000 kr til ei lågare rente enn 12%, men usikra gjeld har omtrent same rentekostnad uansett kvar gjelda kjem frå. Dersom du må ta opp forbrukslån til liknande rente så vil du som nemt mange mange gangar no ta på deg stor risiko for kanskje minimal økonomisk forskjell. Som sagt så er det også ein stor mangel i planen din på korleis du skal overføre dette forbrukslånet du tek opp. Det er på ingen måte gitt at vedkommande er kredittverdig til å få innvilga eit stort forbrukslån. Sjølv om den opprinnelege gjelda akkurat har blitt nedbetalt så startar ein ikkje heilt på blanke ark når ein har like nylege betalingskrav frå SI. I tillegg er jo også spørsmålet kva vedkommande bruker pengane på? Med dårleg økonomi kan det sikkert fort være like fristande å satser 250 000 kr på investeringar med høg risiko i håp om å bli lottomillioner i staden for å gjere det fornuftige å løyse inn gjelda. Det er heller ikkje umogleg å forhandle på gjelda med kreditor. Statens innkrevingssentral kan berre bistå i slike forhandlingar ettersom SI ikkje sjølv er part i sjølve kravet, men det er mogleg å forhandle. Forhandlingskortet her er jo om kreditor er villig til å seie frå noko av kravet mot å få på plass ein nedbetalingsplan. Alternativet er fort gjeldsordning som kan føre til at kreditor berre får småpengane som er igjen etter at vedkommandes livsopphold er dekt. Som nemnt, dersom du likevel skal gjere dette så må det være ei forutsetning at du blir oppnemt som økonomisk verge for vedkommande. At du har fått fullmakt til å hente inn opplysningar og forhandle på hans vegne er ikkje i nærheita til å være nok. Du må også ha innsyn til alle kontoar slik at du får oversikt over både gjeld og utgifter, og kan ta ei betre beslutning basert på dette. Ser at lov om umyndige er oppheva og er nok erstatta med vergemålslova, det medfører at det er mykje vanskelegare å gjere ein voksen person umyndig utan erklæring frå sakkyndige (betyr vel i praksis at vedkommande må ha fysisk eller psykisk sjukdom for å bli umyndiggjort). At Vedkommande fortsatt har rett til å bestemme over sin eigen økonomi er ein enorm risiko for deg som har tenkt å ta opp gjeld, du har ingen råderett over om pengane blir brukt fornuftig eller på heilt andre ting. Dersom vedkommande har meir gjeld enn han oppgir så er det veldig stor fare for at disse 250 000 kronene berre er eit plaster på såret for å dekke dei umiddelbare gjeldsinnkrevingane, og ikkje ei varig løysing for å bli gjeldsfri. At vedkommande blir satt under vergemål er noko heilt anna enn umydiggjering, vedkommande bestemmer sjølv over eigen økonomi berre med vergen som assistent. Vergemål kan likevel være ei løysing for å hjelpe vedkommande ut av uføret, men IKKJE når du sjølv har stå store økonomiske interesser i saka. Det er stor risiko for at du personleg må svare for nedbetalinga av dette forbrukslånet utan å få noko som helst igjen for det. Har du i det heile tatt inntekt til å betene eit slikt lån om du blir sittande med rekninga? Og sjølv om du har økonomi til å betale lånet så må du rekne med å ikkje kome deg inn på bustadmarkedet før om mange mange år. Det du bruker på å betale forbrukslån er effektivt sett din potensielle eigenkapitalsparing.
  12. Eg trur dette handlar minst like mykje om utolmodigheit. I tillegg til at ein ikkje ønsker å betale for parkering så handlar det nok også om at dei fleste bilistane vil stå så nært Gardermoen som mogleg slik at dei kan bruke kiss'n'fly løysinga med ein gong flypassasjeren ringer og seier at dei akkurat har henta bagggasjen. Frå rasteplassen tek det berre fire minutt til terminalen, så då treng ikkje flypassasjeren å vente meir enn maks 1-2 minutt før bilen er framme. Det er nok mange som synes at det å stå parkert 15 minutt unna er ei evigheit, og særleg når det finnes eit gratisalternativ mykje nærmare terminalen. Mitt forslag til løysing er å få til ei forutsigbarheit for dei som skal hente. Det å skulle få få 'timinga' til å gå opp med å berre stå framfor terminalen i mindre enn 7 minutt for å ikkje bli avkrevd betaling er nok i praksis heilt umogleg å få til med alle kjeldene for forsinkingar. Disse 7 minutta går fort vekk berre i gåavstand alt etter kva gate flyet bruker. Når både den som skal hente er utolmodig for no har sambuaren/vennen/familiemedlemmet vært lenge borte, og også flypassasjeren er utolmodig etter å ha vært på ei lang reise, så kjennes nok disse ekstra 15 minutta å vente ut som ei evigheit om billisten har parkert på Jessheim.
  13. Den beste måten å hjelpe eit familiemedlem på er nok om vedkommande går med på å gjere deg som verge slik at det et du som styrer økonomien til vedkommande. Merk at det et veldig sårt for folk å umydiggjere seg sjølv, og sjølv i beste fall kan det fort øydelegge familierelasjonen i lang tid.
  14. Du tar ein veldig stor risiko for at du ikkje får tilbake pengane dine. Om det strammer seg til så er gjelda til deg den fyrste gjelda som blir ignorerte ettersom det er dei profesjonelle kreditorane er mykje skumlare. Særleg om du må ta opp lån for å kunne hjelpe så medfører det berre at du sjølv ender opp med gjeldsproblem. Dersom du absolutt skal hjelpe økonomisk så må det være med sparepengar som du har råd til å tape. Du må ikkje lure deg sjølv til å tru at dette er eit lån som du får tilbake, dette er pengar du kaster ut av vinduet i håp om at denne vennen ikkje lærer av sine feil og tek opp ny gjeld.
  15. Vil også legge til at fyrste og siste semester ofte er mest krevande. På fyrste semester er det ofte mykje grunnleggande teori som du må gjennom sjølv om det ikkje er umiddelbart gjenkjennbart som relevant for faget ditt. Tilsvarande er siste semester med hovedoppgåve veldig tidkrevande.
  16. Trur det er forskjellige patentar ute, men eg trur det vanligaste er at du klikker dei saman med mothakar som held skiltet på plass. Prøv med flate skruhjern på to sider samtidig for å sjå om du klarer å vippe ut igjen. Alternativt at dei er skrudd på men ettersom du har prøvd å vri så er det nok ikkje slik dine nøkkelskilt er festa. Det er ogås mulig at det ikkje er meininga å demontere, og at du må bruke nok makt til å bryte av låsemekanismen for å demontere. Mange dører har ein umbrakoskru (gjerne på undersida av dørhandtaket), det kan være at du må starte med å fjerne dørhandtaket.
  17. Starter med å seie at sjølv om du ikkje ønsker studielån så bør du ta opp studielån. Sidan renta er såpass gunstig så kan du sette pengane på sparekonto utan at det koster deg noko. Sjølv om målet er å ikkje bruke av pengane så er det betre å ha pengane tilgjengeleg om du treng det enn å seinare prøve å skaffe deg pengar. Om du klarer å få det til å gå rundt kjem mest ann på studiet. Eit fulltidsstudie er rekna til å utgjere ca 40 timar i veka, altså at ein tek utgangspunkt at du skal jobbe med studiane i 8 timar kvar dag. Men det er ikkje alle studier som strengt tatt krever så mykje arbeid for å kome seg gjennom med godkjent karakter. Jobbar du 85%, så betyr det at du har 6 timer med ledig tid som du kan bruke på studiane utan å gå utover det som er vanleg arbeidsbelastning i 40 timers veke. Å være 60% student skal i teorien bety at du bør bruke 24 timar i veka på studiet. Dei fleste klarer å jobbe meir effektivt og målretta, særleg om utdanninga ikkje krev mykje pugging og tungt mentalt arbeid. Dersom du legg opp til at du jobbar eller studerer 9 timar kvar dag måndag til laurdag så ligg du veldig nært det teoretiske timetalet, og som nemnt så skal du nok klare å bruke mindre tid på studiet enn det som er berekna. Det er til dømes mange eksempel på studentar som tek dobbel studiebelastning utan større problem. For å unngå at du blir utbrent så tenker eg at det er viktig at du lager deg ein god plan. Eg vil til dømes anbefale at du tek sikte på at minst ein dag i veka skal være rein fridag. Det går fint å jobbe 6 dagar i veka, men det å kvar einaste dag blir fort tungt. Det kan også være hensiktsmessig å vurdere å jobbe litt intensivt i perioder, slik at i staden for å jobbe 85% kvar veke så jobber du og sparer opp pengar slik at du kan ha ein periode der du berre fokuserer på studiane. Særleg i eksamensperioden så bør du få ordna deg slik at du bruker minst mogleg til på jobb. Eg vil også legge til at tal frå statistisk sentralbyrå viser at 71% av bachelorstudentar fullfører innan fem år (maks to år lenger enn normal tid), og 68% av masterstudentar fullfører innan 7 år. Av bachelorstudentane så er det berre 54% som fullfører på normaltid og er ferdige etter tre år. For masterstudentane er talet 49% som fullfører på normaltid. Det er altså like vanleg å bruke 1-2 år meir enn normaltid enn det er å fullføre på normaltid. Du har nok berekna inn å bruke lengre tid på utdanninga sidan du alt har planlagt å studere 60%, eg nemner likevel statistikken fordi det også går heilt fint å ta mindre studiepoeng om det blir for tøft. Kor nøyaktig har du budsjettert for å konkludere med at du må jobbe 85%? Om du har tatt utgangspunkt i SIFO-budsjettet så er dette eit relativt romsleg budsjett, så om du treng meir tid til studier så kan du klare å presse ned levekostnadane dine. Den største utgiftsposten som også er vanskelegast å justere på er husleiga, klarer du å finn ein litt billegare stad å bu så gir det ein sterk reduksjon i behovet for å jobbe. På mat og ikkje minst alkoholbudsjettet så er det ganske enkelt å leve billegare enn budsjettert utan å ofre særleg mykje.
  18. Det gir meining om sjølvparkeringa er i form av at bilen blir fjernstyrt av ein super-parkerer som sitter på hovedkontoret nede i Tyskland 😉 Men når bilen alt har både sensorar og programvare til å parkere utan internett tilkobling så blir det heilt feil å betale for å få lov til å bruke ein funksjonalitet som ein alt har betalt for.
  19. Det kan sikkert bli utfordring med kø om bilar som skal hente/levere står lengre enn 7 min (i praksis er det vel 5 minutt pluss litt slingringsmonn). Det store spørsmålet er om det er hensiktsmessig med så kort tid? Intuitivt så tenker eg at det er stor fare for at bilistane køyrer i ring og er livredde for å stoppe i meir enn nokre få minutt, og i staden lager kø ved å køyre sakte rundt i ring.
  20. Så vidt eg har fått med meg så har BMW trukket seg frå denne planen på grunn av kritikk og negativ omtale. Å nekte selge ein bil med varmekablar i både ratt og sete, for så å ta ekstra betalt for å sette straum på varmekablane er rein idioti. Derimot så tenker eg at det vil være heilt OK om det er slik at dersom du tegner eit abonnement så får du ratt og sete med varmekablar utan ekstra kostnad, altså litt på same måte som at du ofte får ein "gratis" ruter som du ikkje treng å levere tilbake om du beheld internettabonnement i minst 12 månedar. Tilsvarande er det sjølvsagt ingenting i vegen med å ta betalt for tenester som har ein løpande kostnad for produsenten, som til dømes ei aktive online teneste og support. Men å låse funksjonar som du alt har betalt for bak ei betalingsløysing er berre idioti.
  21. Heilt einig i at det å hente folk ikkje burde være så vanskeleg i dag når alle har mobiltelefon og kan gi beskjed når dei er klare for å bli henta. Største utfordringa er ofte når du skal hente folk som har vært på chartertur og du er så urutinert at du beregner henting til når flyet skal lande. Litt forsinking, tur gjennom taxfree, venting på at baggasjen blir sendt ut på bandet, og kanskje ein liten stikkontroll hos tollvesenet gjer at dei du skal hente frå slike turar er tidlegast klare for henting ein halvtime etter landing. Her kunne nok betre informasjon frå Avinor bidratt å tatt vekk mykje av problemet. Eg er heilt sikker på at når Avinor kan ha ein skjerm før sikkerheitskontrollen som informerer om at i dag tek tek køa 6 minutt, så kunne dei hatt tilsvarande informasjonsplakat som seier at baggasjen frå ditt fly kan forventast om 14 minutt. På den måten vil også dei som er lite reisevandte enkelt kunne ta opp mobiltelefonen og fortelle at den som skal hente at dei no har landa og at baggasjen blir utlevert om 18 minutt og at henting om 20 minutt er heilt perfekt.
  22. Skjønner. Då tolker eg det også slik at det underliggande problemet er at verken Vegvesenet som har ansvaret for motorvegen eller Avinor som har ansvar for flyplassområdet ikkje nødvendgvis er heilt einige i kven det er sitt ansvar å syte for henting og bringing kan utførast på ein forsvarleg måte? Flyplassen burde etter mitt syn openbart hatt betre tilrettelegging for henting. Ser når eg søker opp informasjon om Gardermoen at det er gratis å hente framfor terminalen om ein er der mindre enn 7 min, dette liknar på løysinga som er på mange andre flyplassar. På andre flyplassar tek likevel problemet med henting ei litt anna form ved at dei som henter driv å køyrer rundt og rundt for å få nye gratisminutt, noko som bidreg til meir trafikk og større fare for at fotgjengarar som skal frå terminalen og over til parkeringsplassen blir påkjøyrt. Men på Gardemoen er det kanskje ikkje mogleg å køyre rundt på denne måten? På kartutsnittet ditt ser det ut til at motorvegen går nesten rett fram til terminalbygget, og at når ein køyrer vekk frå terminalbygget så er det ingen trafikkmaskin der du får snudd?
  23. Det er ikkje slik alle plassar, særleg når vi det har blitt dyrare å reise utanlands og det har blitt billegare for utlendingar å ferier i Norge så kan det fort bli fleire potensielle pasientar. Veit ikkje heilt korleis reknestykket er på landsbasis med talet på folk som reiser ut av landet kontra talet på folk som kjem inn i landet, men eg kan godt sjå for meg at det totale folketalet i Norge aukar om sommaren på grunn av turistar. Det ekstreme tilfellet er turistplassar som Geiranger, som til vanleg har 200 innbyggarar og som på sommaren, men som på ein sommardag kan ha 15 000 besøkande. Om ein dimensjonerer legekontoret utifrå at med 200 innbyggarar så har ein opent legekontoret på måndagar og torsdagar, så får ein eit problem med kapasiteten når det kjem 10 000 personar som alle er over 70 år til bygda. Dette er sjølvsagt eit veldig lokalt problem, men det er ikkje alle helseregionar som får mindre pasientar om sommaren, enkelte stadar kan det være omvendt. Største grunnen til at det er færre å behandle om sommaren er nok litt den same som at det vart færre ulykker og hjerteinfarkt under koronapandemien, når folk ferierer og tek det med ro så er det færre som får helseproblem som ofte har sitt utspring i stress og høgt aktivitetsnivå.
  24. Det har skjedd mykje med trafikksikkerheita i biler i nyare tid, både airbager, betre deformasjonssone og beltestrammarar gjer det langt meir sannsynleg at du slepp frå ei bilulykke med små eller ingen skader. Men det at det i dag ikkje er fullt like farleg å kollidere er ikkje i seg sjølv eit argument for at vi då kan redusere trafikksikkerheita igjen ved å lage vegar som er betre egna for høg fart. For eg tek det her som gitt at du ikkje argumenterer for at vi skal bygge firefelts motorvegar med fysisk midtdelar og maks tillatte hastigheit 50 km/t, sjølv om det er heilt klart det som er tryggast når ein også har trafikksikre bilar. Det som gjer at vi likevel har vegar der det er lov å køyre fort er at ein heile tida balanserer samfunnsøkonomien ved at folk og varer kan forflytte seg rask gjennom landet, opp mot kostnadande ved trafikkulykker. Som ei trafikksikringskampanje sa, så er det slik at den hindringa du akkurat klarer å stoppe for når du køyrer i 80 km/t vil du kræsje med i ei hastigheit på 50 km/t om du kjøyrte i 90 km/t. Då blir det eit reknestykke om dei minuttane ein sparer ved å gjere om alle 80-soner til 90-soner er verdt kostnaden i auka trafikkulykker. Eit litt makabert paradoks med trafikksikre bilar og god ulykkesberedskap er at mange av dei som før hadde døydd i trafikkulykka i dag overlever med varige skader. I statistikken reknar ein ofte verdien av eit menneskeliv til 35 millionar, men ein person som blir alvorleg trafikkskada og som får eit varig pleiebehov kostar samfunnet mangfoldige hundre millionar.
  25. Kritikken går vel mest på måten helsevesenet er organisert for. Med mange pasientar å behandle så burde ein sjølvsagt ha fleire tilsette på jobb. På sommaren i ferieavviklingstida burde ein nok mange stadar tenke omvendt, så i staden for å gå ned på minimumsbemanning gjennom sommaren så burde ein styrke bemanninga gjennom sommaren ettersom det mange stadar er mykje turistar og tilreisande, og at innleigde vikarar som ikkje kjenner sjukehuset ut og inn ikkje nødvendigvis klarer å gjere alt like effektivt som dei som har sjukehuset som sin faste arbeidsplass. Angåande din frues arbeidsdag så vil ikkje ei slik ordning være mogleg i statleg sektor då dette bryt både arbeidsmiljølov og tariffavtale. Om ein må møte 0715 og ikkje er ferdig før 1630 så skal ein ha betalt for 8,75 timar (den reelle arbeidstida minus ein halvtime ubetalt matpause). Her blir også den totale arbeidstida over 9 timar noko som heller ikkje er lov etter arbeidsmiljøloven. Det er riktig nok lov å kreve at arbeidstakaren skal være ferdig skifta i garderobe og klar til å starte arbeidsdagen kl 0800, men om ho møter 45 minutt før så reknar eg med at ho utfører ein del forberedande arbeid som per definisjon er tid satt til arbeidsgivars disposisjon og som dermed skal være betalt. Ellers er eg einig i at dersom fyrste pasienttime er kl 0900 så kan ikkje legen også møte kl 0900 (det må i så tilfelle være i tilfeller der alt står klart på legekontoret slik at legen tek med seg fyrste pasient i det han/ho går inn på kontoret kl 0900). Eg hadde antatt at grunnen til at fyrste pasienttime er kl 0900 er at legen skal ha fyrste timen av arbeidstida til å førebu seg, gjennomføre møter, og liknande administrativt arbeid. Eg håpar at din erfaring var eit unntak og at det var legen som hadde forsovet seg akkurat denne dagen.
×
×
  • Opprett ny...