The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 717 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Er det forbudt å ha narkotika i huset og bilen der det ferdes mange?
The Avatar svarte på lada1 sitt emne i Juss
Straffelova: Sidan lova omtaler "den som [...] oppbevarer" så må det førast bevis for at det det er ein bestemt person eller personar som står bak. Det vil være veldig naturleg å mistenke det som er eigar, eller meir korrekt den som disponerer gitte hus, bil eller båt. Det avgjerande spørsmålet er nok då om det er sannsynleg at det er andre som har stått for oppbevaringa utan at eigaren viste om det. Så om politiet ransker utleigeleiegheita som du eig og finner narkotika så er det sjølvsagt mest nærliggande å mistenke leigetakaren som bur i leilegheita og ikkje du som utleiger. Leigetakaren vil kanskje kunne prøve seg på ein påstand om at du som huseigar også har nøkkel, og at det kanskje er du som har låst deg inn om natta for å oppbevare narkotika. Det skal nok veldig mykje til for at leigetakaren blir trudd på en slik påstand, men samtidig så kan det være nok for å unngå straff om ei slik alternativ teori står sterkt nok til å gi rimeleg grunn til tvil i skuldspørsmålet. Dersom ein skal basere sitt forsvar på at også andre har hatt tilgang til oppbevaringsstaden så må det være truverdig. Det er nok normalt lite sannsynleg at ein person som berre har sporadisk tilgang til eit objekt har gjemt narkotika der. Litt av poenget med å gjemme unna narkotika er då også at ein skal kunne hente stoffet ved behov. Dersom det er snakk om til dømes eit kollektivt der alle som bur der er kjente i narkotikamiljøet så kan det fort være at ein går vegen om fingeravtrykk og DNA analyse av stoffet eller innpakkinga for å kunne knytte ein bestemt person til stoffet. -
Det avgjerande spørsmålet er kva som eigentleg er behovet. Det må være særdeles få som heilt objektivt treng bil med 300 km rekkevidde. Sjølv om vi tek hardt i og seier at rekkevidda er halvert om vinteren, så er det berre dei som har over 1 times jobbpendling kvar veg utan moglegheit for å lade på/ved jobben som treng ei slik rekkevidde. Dei aller aller fleste får dekt heile bilbehovet sitt med ein brukt Leaf til 30 000 kr, men det er sjølvsagt kjekt å kunne legge ut på langtur om vinteren utan for mange ladestopp. Så for dei fleste er ein slik billig elbil med låg rekkevidde mest aktuell som bil nummer to.
- 148 svar
-
- 5
-
Motargumentet er jo om det er noko betre å bruke opp oljereservane? Heile miljøverndebatten er komplisert og let seg dårleg koke ned til eit spørsmål om elbilar er bra eller dårleg. Når det gjeld bilbrannar så er det klart mykje meir brannar i dieselbilar. Omtrent 24% av bilparken består i dag av full-elektriske bilar, av bilbrannane så er det berre 7% som oppstår i el- eller hybridbil utan at brannen nødvendgivis har nok som helst med batteri og elmotor å gjere. For meg er det største argumentet mot elbilar som miljøtiltak at ein kombinerer elektrisk drift med så mykje komfort og kjekk å ha funksjonar at miljøgevinsten blir sterkt redusert. Elbilar hadde vært særdeles mykje meir miljøvenlege både i produksjon og bruk om ein hadde laga elbilar som er mykje mindre og lettare, og med langt mindre batteripakke. Den gjennomsnittlege køyreturen er på under 3 km, så for det store fleirtalet så hadde det vært nok bil å ha ein elektrisk golfbil på 500 kg og 3 mils rekkevidde. Problemet med slike bilar er at det ikkje finnes eit marked for bilar som er små og dermed mindre trafikksikre og som i tillegg har kort rekkevidde, særleg når ein for same prisen får ein "skikkelig" elbil med alle fordelane som ein fossilbil. Straum er eit billig drivstoff, men ein redder ikkje miljøet med å køyre rundt med 3 tonn bil ned på nærbutikken berre fordi ein også ein gong i skuddåret treng å køyre 50 mil utan stopp.
- 148 svar
-
- 4
-
Tenker at dersom berre eit av disse landa hadde gitt tilbod om våpenkvile i 14 dagar for å få lov til å delta i OL, så hadde ein kunne sagt at OL hadde win fredsbevarande funksjon. Varig fred startar ofte med ei våpenkvile, så om ein får ei pause i krigen så er det større sjanse for at den kortvarie våpenkvila etterkvart blir langvarig, som igjen gir rom for å kunne jobbe diplomatisk. Ja. Det er etter min meining hyklerisk å både skulle delta i eit OL for å fremme fred og samarbeid samtidig som ein er i væpna konflikt, uavhengig av kven som gjekk til angrep fort. I ei så stor konflikt som krig mellom NATO og Russland så reknar eg med at OL uansett hadde blitt avlyst. Under fyrste og andre verdenskrig vart alle OL avlyst sjølv om det også var mange land som ikkje var i krig.
-
Kva om vi definerer krig som alle militære angrep mot personar? Eg tenker at sjølv som nasjon som er under angrep, så er det ikkje i den olympiske ånd å gjennomføre offensive militæraksjonar under OL. For sjølv om det er heilt legitimit å forsvare seg så betyr ikkje det at det er passande å samtidig delta i eit fredsarrangement. Å delta i OL bør ikkje være ei rettigheit, det bør være eit privilegium.
- 8 svar
-
- 1
-
Svaret på dette er nok at narrativet passer oss godt, vi elsker å lese om dumme amerikanarar, så då koser vi oss ekstra godt når vi les historier om amerikanerar som ikkje forstår at kaffe er varmt, at kattar ikkje kan tørkast i mikrobølgeovn, og at rottegift inneheld gift.
-
Det er sjølvsagt mange grunnar til det, men ein av grunnane er at vi i Borge stiller større krav til årsakssamanheng og at vi har eit tapsbegrensningsplikt som gjer at ei eventuell erstatning blir holdt så låg som mogleg, typisk at ein får erstatta eigenandelen på forsikringa si. I USA har dei i tillegg ein praksis på å gi erstatning for tort og svie medan i Norge så er erstatninga ofte avgrensa til objektive tap. Andre forhold er at i USA så er det fort veldig dyrt med rettssaker, så når ein også krev erstatning for sine advokatutgifter så blir erstatningssummen fort høg. Eit tredje moment er at sjølv om ein saksøker for svært høge summar så er det veldig vanleg at partane oppnår einigheit om eit mykje lågare beløp utanfor rettssalen. Vil også legge til at denne saka med varm kaffe frå McDonalds er heilt feilaktig framstilt i media for å få det til å virke som eit grunnlaust søksmål. Denne dama som fekk tredje grads brannskader i skrittet ville i utgangspunktet berre ha dekt sine medisinske kostnadar, men fordi McDonalds nekta å ta ansvar så smurte juryen til slik at ho ikkje berre fekk erstatning, men at det også skulle være ei straff for McDonalds. Kritikken gjekk ikkje på at kaffekoppen ikkje hadde advarsel om varmt innhold, kritikken var at kaffen vart servert heilt oppunder kokepunktet slik at faren for forbrenning var særdeles høg. Ein slik høg temperatur var langt over den serveringstemperaturen som ein kan forvente (og strengt tatt er det heller ikkje heilt bra smaksmessig å la ferdig kaffe få koke).
- 19 svar
-
- 5
-
Einig, det er ein vesentleg forskjell på type, og skulle ein være uheldig så er hundedritt langt vanskelegare å fjerne frå skosålen. Det sagt så synes eg ikkje at det er rett at det skal være heilt frislepp for hester heller. Eg forstår at det er nokre praktiske utfordringar knytt til å kreve at f.eks. politiet spar hestedritten opp i sekkar med ein gong, men det finnes både anordningar ein kan feste på hesten, og ein kunne organisert det slik at politiet kjem tilbake for å rydde opp i løpet av dagen slik at hestedritten ikkje blir liggande så lenge. Det er jo vanleg folkeskikk å rydde etter seg uansett kva rotet består av, og eg synes ikkje det er urimeleg å syte for at også hestedritt blir fjerna innan rimeleg tid, kva som er rimeleg tid tenker eg kan være litt oppe til tolking alt etter type avføring og ikkje minst kvar rua ligg. Om den ligg midt i gågata der det er lett å passere på begge sider så er det noko heilt anna enn om rua ligg på eit smalt fortau slik at rullestolbrukarar og barnevogner må trille gjennom hestemøkka.
-
Eg trur nok at dei fleste kan være einige i at OL ikkje lenger fungerer som eit fredsskapande arrangement der nasjonane legg ned våpna for å sende sine fremste utøvarar til olympiaden for å konkurrere på fredeleg vis. I dag er det vanskeleg å påstå at OL er politisk nøytralt, og sjølv om det er avgrensa kva IOC kan gjere for å oppnå fred i verden så synes eg at dei kunne gjort mykje meir. Kvifor er det ikkje enkelt og greit eit krav om at ingen nasjonar som utøver krigshandlingar får delta? Eg ser at det kan være litt slingringsmonn på kva som er "krigshandlingar", men det burde vel ikkje være eit veldig stort problem å finne ein definisjon på dette? Med eit slikt krav så kunne det vært ei påskot for at ein nasjon erklærer våpenkvile for å kunne delta i OL. Dersom nasjonen er i krig så burde deltakarane vært nekta å delta, og dersom ein nasjonar startar ein krig eller bryt fredsavtalen under leikane så burde utøvarane bli kasta ut og få resultata annulert. For nasjonar som ønsker å bruke OL som ein propaganda-arena så hadde dei vært nøde til å inngå fredsavtalar i dei drøye to vekene OL pågår, pluss to veker til om ein også vil delta i paralympics. På denne måten så måtte nasjonane ha gjort eit valg mellom å tilby våpenkvile eller ikkje få vise seg fram i OL. Sjølv om Russland vel hovudsakleg er utestengt på grunn av doping, så kunne eit krav om fredsavtale for å få lov til å sende deltakarar som konkurrerer under Russisk flagg kanskje vært attraktivt nok til at ein i alle fall i dei vekene OL pågår kunne hatt ei midlertidig fredsavtale. Tilsvarande i krigen mellom Israel og Palestina, hadde ingen av dei fått delta i OL utan at ein fredsavtale låg på bordet så hadde det i det minste vært eit lite argument for å vurdere å inngå olympisk fred. Om det blir for drøyt å kaste ut heile OL-troppen frå land som er i krig så kunne ein mellomting vært at utøverane får delta under nøytralt flagg om utøvaren tek avstand frå krigshandlingane som heimlandet utfører. Slik er det no for russiske og belarussiske utøvarar, dei får delta under nøytralt flagg forutsatt at dei ikkje støttar krigen. Slik burde det være for alle land som er krig. Og kva er vel meir fredsskapande enn om utøvarar frå to land som er i krig begge tek avstand frå krigen og møtes under same nøytrale flagg for å konkurrere i OL? Om ikkje anna hadde det hatt ein symbolsk verdi at utøvarar frå eit bestemt land ikkje nødvendigvis står inne for den politikken som statsleiinga i landet utfører.
-
Litt overraskende for meg. Jeg har trodd at den kraftige effekten av tiltakene raskt ble registrert og at det var en av årsakene som gjorde at man gikk fra en standard "Brems"-strategi til en "Slå ned og hold nede"-strategi bare en ukes tid elns etter at man startet med tiltakene. Man visste da at man kunne lykkes med de utvalgte tiltakene i en slik strategi mot den daværende varianten av viruset, trodde jeg. Men det stemmer altså ikke. Synes at dette er ein svak erfaringslæring å ta med seg. Utan at eg har noko spisskompetanse å slå i bordet med så meiner eg at at vi burde kunne klare å halde det totale smittetalet svært langt nede om vi berre hadde turt å holde på nedstenginga litt lengre. Eg trur at dersom vi hadde hatt ei veke eller kanskje to til med nedstenging i fyrste omgang så hadde vi kunne sleppe unna med berre ei nedsteniging i staden for at vi heile tida veksla mellom å ha tiltak og å ha fullt frislepp. Eg meiner også at det var heilt feil å innføre nasjonale tiltak når det var så ulike smittetal og behov i heile landet. For å sette det litt spissen så hadde vi nok nedstenging av heile landet sjølv om det omtrent berre var i Oslo-området at det var mykje smitte, og så fort Oslo hadde fått smittetala ned på eit akseptabelt nivå så vart alle tiltak i heile landet letta på med det resultat at det dukka opp smittetal også i byar og kommuner som fram til då ikkje hadde fått koronaen til sitt område. Det hadde vært mykje betre om vi tok ei skikkeleg karantene som varte lenge nok til å stoppe smitta, kombinert med betre restriksjonar på inn og utreise så kan det være godt mogleg vi hadde sluppet unna mykje av smitten. (Eg skjønar fortsatt ikkje kvifor lastebilsjårførar som berre sitt i eiga hytte ikkje skulle få krysse grensa medan sjukepleiarar fekk reise omtrent rett frå utlandet og inn til dei aller mest sårbare på sjukeheimane). Etter mitt syn hadde det vært mykje betre å bite i det sure eplet og gjennomføre eit skikkeleg smitteverntiltak sjølv om det smertar, i staden for denne seigpininga som vi dreiv på med der vi hadde litt isolasjon, deretter ferie med fest og morro, for deretter å måtte innføre nye tiltak.
-
Tok å opna bildet i word og brukte linjeverktøyet opp mot linjalen. Eg kjem til at høgda er 17,7 cm og bredda er 11,2 cm. Vil gjette på at dei reelle måla er 17,5 og 11,0 cm, ettersom det er sannsynleg at det er brukt relativt runde tal, og fordi skråvinkelen gjer det vanskeleg å måle nøyaktig utan vesentleg tyngre databehandling av bildet. Det er ikkje så lett å vurdere kva tjukkelsen er inne i kuppelen heller, men ei lyspære på 6 cm i diameter skal ha god plass.
- 11 svar
-
- 1
-
Om du berre har dette bildet tilgjengeleg så får du berre heilt omtrentlege svar. Vinkelen blir for skeiv til å gjere nøyaktige mål utifrå eit slikt skråstilt bilde.
- 11 svar
-
- 1
-
Eller at du sett kuppelen inn mot ein vegg og plasserer to treklossar på kvar side og deretter måler avstanden mellom klossane. Berre pass på at du er nøye med at vinklane er 90 grader. Dersom du går for å måle omkretsen så må du også passe på vinkelen ved å stramme snora godt slik at du er sikker på at snora går kortaste vegen rundt kuppelen. PS. 8,54 cm er vel alt for lite når høgda er 17 cm? Utifrå augemål av linjalen så skal vel bredda være nærmare 11,5 cm? Og forstår ikkje heilt kvar du har ratio på 1,92 frå, er ikkje heile poenget at bredda er ukjent slik at du ikkje har ein ratio å rekne ut?
- 11 svar
-
- 1
-
Det viktigaste med bryllup er sjølve seremonien og det å få feire dagen saman med vennar og familie. Eit speiselag med koldtbord der alle blir invitert er nok fort mykje meir attraktivt enn å berre invitere nokre få gjestar som skal få alt påspandert. Eg er ellers heilt einig i at ein sjølvsagt tilpasser bryllupsgåva til ein forholdsmessig sum. Eit par i 50/60 åra har nok sikkert ikkje så veldig store forventningar til store bryllupsgåver heller. Rekner med at grunnen til at dei ynskjer seg pengar er fordi dei heilt sikkert har dobbelt opp av alle hushaldningsartiklar frå før, så det siste dei treng er nok ei til salatskål i bryllupsgåve. Så lenge ein er bedt om å ta med mat og drikke slik at det tilsaman blir koldtbord til alle gjestane så er det ikkje veldig mykje mat kvar enkelt treng å bidra med. Tar kvar gjest med seg heimelaga mat for eit par hundre kroner så blir det i alle fall rikeleg mengder mat. Om ein då hadde tenkt å gi gåve til 600 kr så blir det då 400 kr i pengegåve om ein trekk frå at ein har med seg mat for 200 kr. Dette burde ikkje være eit stort problem med mindre ein tenker at ein både skal ha med seg indrefillet til 150 personar og ei svær pengegåve. Ellers så er det vel også ein ganske klar trend på at fleire og fleire går vekk frå dei overdådige bryllupa som er veldig dyre til dei litt enklare bryllupa der det er det sosiale som står i fokus. Det er blant anna veldig mange som i dag kjøper brukte brudekjolar, fordi ein anser det som sløsing å bruke 20 000 kr på ein kjole som ein skal bruke berre ein gong, og deretter henge i klesskapet innepakka i plast resten av livet.
-
Krypto - Noe enhver kan handle med for å forbedre sin privatøkonomi
The Avatar svarte på rakd sitt emne i Privatøkonomi
Kva som er etisk eller ikkje blir i stor grad ei subjektiv vurdering der ein måler ressursbruken opp mot nytteverdien. Det finnes såleis ingen magisk grense. Det er likevel absolutt eit etisk spørsmål om kva som det er greit at ein skal bruke eit knappheitsgode som straum på. Så lenge det er nok straum til alle så er det relativt uproblematisk kva du bruker straumen på, men det er eit etisk problemstilling når min gaming rigg brukar så mykje straum og produserer så mykje varme at eg i tillegg må bruke aircondition medan naboen min må fryse fordi det ikkje er nok straum nok til panelovnane. Det som er største etiske utfordringa med kryptovaluta i dag er at mange ser på krypto som eit verdilaust produkt. Aluminiumsverket brukar mykje straum men produserer eit produkt med veldig konkret bruksområde og verdi. Krypto er ein "kunstig" verdi, så dersom ein ikkje annerkjenner krypto som verdifull så vil all energi som går med på å produsere krypto framstå som unødig og dermed også uetisk. Det er sånn sett det same med alle andre verdigjenstandar som gull og diamantar, på eit eller anna tidspunkt så er det uetisk å skulle bruke så mykje ressursar på å utvinne eit produkt som i all hovudsak er eit reint investeringsmiddel, med (forholdsvis) få konkrete bruksområder. Ein kan nok trygt seie at det er utvinna nok gull og diamantar til å produsere det vil treng av elektriske komponentar og diamantsagblad, verdien ligg i at vi har valgt å tillegge gull og diamantar ein stor verdi. Både kryptovaluta og diamanthandelen kan gå på ein kjempesprekk og bli nærmast verdilaust på dagen. Diamantar er karbon, det mest vanlege stoffet på jorda. Diamantar har eigentleg berre verdi fordi ein aktivt gjer diamantar til eit knappheitsgode. Tilsvarande er det med krypto, det er nettopp fordi det er så energikrevande og tidkrevande å utvinne meir kryptovaluta som gjer at folk foretrekker å kjøpe eksisterande krypto for høge summar framfor å bruke tid og pengar på mining. -
Som nemt så er det dyrt i forhold til ein panelovn, men det er også ein stor investeringskostnad for å få fjernvarmen frå forbrenningsanlegget og fram til tomtegrensa. Den kostnaden er det sjølvsagt leverandøren for fjernvarme som betalar, men det er likevel ei investering som det er forbrukaren som til slutt må betale for. Så lenge fjernvarme i praksis følgjer straumprisen så har fjernvarme ingen eller veldig få fordelar. Som heilt minimum så burde ein få kraftig rabatt for å bruke fjernvarme i staden for straum når vi har store straumtoppar, men ettersom straumen også er dyrast ved straumtoppane og fjernvarmen går tilsvarande mykje opp i tid så kan ein ikkje eingong utnytte fjernvarmen til å flate ut kurva. Ideelt sett så vil ein eigentleg heilt vekk frå brenning, fordi utnytting av brennenergien er det dårlegaste energigjenvinninga ein har. Det er mindre energikrevande å resirkulere plasten enn det er å brenne plasten og så lage heilt ny plast. Likevel er brenning eit godt miljøtiltak der infrastrukturen for effektiv resirkulering manglar, det er mykje betre å utnytte varmen frå forbrenning enn det er å grave ned avfallet utan å få returenergi. Det eg trur er at vi etterkvart vil få andre typar forbrenningsanlegg. Som til dømes biogassanlegg der ein fyrst let avfallet fermentere/rotne for å få ut brennbare gassar som ein brukar til forbrenninga, deretter blir uorganiske ting som plast resirkulert frå det som blir igjen, før ein deretter har ein runde med vanleg brenning av det som skulle være igjen. Det er også eit stort potensiale av å i større grad brenne treavfall, både frå fabrikkar og frå skogsdrift. I dag er det mange virksomheiter som brenner det dei produserer av treavfall i eigne forbrenningsomnar, men det er nok mykje å hente på å kunne forbrenne sagflis i større forbrenningsanlegg, både med tanke på varmeutnyttinga men også med tanke på rensing av røyken.
- 35 svar
-
- 2
-
OpenAI vurderer vannmerking av AI-generert tekst
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Her er eg delt i meininga mi. Å kunne spore opp kva som er AI generert tekst er nyttig informasjon for alt frå lærarar som skal oppdage juksing, til oppdragsgivarar som vil kvalitetssjekke om dei har fått det produktet dei har leigd inn ein skribent for å utarbeide. Samtidig så vil slik merking av AI generert tekst fjerne mykje av hensikta med dette verktøyet. Eg er redd for at slik meerking vil særleg slå negativt ut for dei som bruker AI generert tekst på ein seriøs og fagleg god måte, altså dei som bruker mykje tid på å gi rette innputten og deretter mykje tid til å korrekturlese for å passe på at kvaliteten på det ferdige produktet held god nok standard. Eg tenker at det kokar veldig ned i korleis dette blir løyst reint teknisk. Kor lett er det å omgå slik merking med å skrive om? Kor tydeleg blir dette vassmerket? Er det slik at det går klart fram av teksta at den er AI generert eller krever det spesialisert software for å leite etter vassmerket? Om vassmerket blir omtrent slik som det er på mange printere der det er vassmerke som ikkje er mogleg å oppdage med det blotte auget, men som gir ein unik ID som ein kan gå til produsenten for å få kopla opp mot eit serienummer, som ein deretter kan gå til forhandlaren for å knytte opp mot ein kjøpar, så tenker eg at dette er mindre problematisk enn dersom vassmerket blir veldig synleg. Eg antek likevel at dette AI vassmerket er i praksis usynleg (kanskje det er ein fast regel for talet på bokstavar mellom kvart punktum eller liknande språklege reglar som teksta fyller), slik at ein uansett må ta teksta som ein mistenker er generert ved hjelp av AI gjennom eit anna verktøy for å analysere teksta. I så tilfelle så tenker eg at det er akseptabelt. Sjølv i dag med ganske gode AI genererte tekster så er det relativt lett å peike ut tekst som virker mistenkeleg AI generert. -
Krypto - Noe enhver kan handle med for å forbedre sin privatøkonomi
The Avatar svarte på rakd sitt emne i Privatøkonomi
Jamnt over så peiker pilene oppover til tross for nokre store verdifall. Det er likevel stor risiko med krypto, "alle" seier at no har krypto nådd makspunktet, men det har enda ikkje skjedd. Den aller største risikoen med krypto er etter mitt at slik anonym valutta kan med eit pennestrøk bli tilnærma umogleg å omsette. I dag aksepterer norske bankar overføringar frå krypto, men berre om du kan dokumentere at pengane har eit lovleg opphav. Her kan norske styresmakter på kort tid gjere det enda vanskelegare å handle med krypto. Og sjølv om du fortsatt har verdiane frå krypto så hjelp det lite når du ikkje får veksla om til vanlege pengar som du kan bruke til vanlege ting. Du kan fort risikere at kryptolommeboka di blir ein slags "store credit" som du omtrent berre kan bruke i nettbutikkar som aksepteter krypto og lite anna. -
På tide med å sette sammen et mer rettferdig asylsystem?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Asylsøkarar må i tillegg sæke om arbeidstillatelse for å kunne jobbe, dette er blant anna fordi ein ikkje skal kunne utnytte asylsøknaden til å jobbe i Norge medan søknaden blir behandla. Er det stor fare for avslag på asylsøknaden så får ein ikkje arbeidstillatelse. Etter at ein har fått innvilga asyl så kan ein jobbe, men har då ofte eit dårleg arbeidsmarked å prøve seg på. Særleg om ein ikkje kan språket godt nok, eller dersom ein enten ikkje har utdanning eller ikkje får sin utdanning godkjent i Norge. I tillegg til alt dette så er det også slik at dei fleste med asyl har tenkt å returnere når det er trygt, og det setter nok også litt avgrensing på kor fort og kor mykje energi ein legg i å lære språk og knytte nettverk i eit land som ein helst berre skal bu i i ei kort periode.- 65 svar
-
- 5
-
Kor store prosjekt har du tenkt å ta på deg? Det du vanlegvis har mest behov for er drill/skrutrekker til å henge opp hyller og liknande. Det er også greitt å ha ein hammer, samt måleband slik at du kan planlegge innkjøp av inventar. Så lenge du ikkje skal i gang med byggearbeid så treng du ikkje så mykje verktøy. Du kjem veldig langt med eit øite verktøysett med hammer, skrujern, tang og ei boks med bits i ulike størrelser. I tillegg bør du som nemt ha drill, og gjerne eit lite borset med bor i ulike størrelser til ulike materialer. Drill med slag kan være kjekt å ha til borring i mur, særleg om huset ditt har meir mur enn berre grunnmuren.
- 10 svar
-
- 1
-
På tide med å sette sammen et mer rettferdig asylsystem?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Dei som vil bli gode skattebetalarar skal ikkje søke asyl, vi har eigne ordningar for innvandring. Å søke asyl er noko ein gjer for å få beskyttelse, ein skal i utgangs ikkje slå seg ned i landet ein har søkt asyl fordi asylbehovet skal være midlertidig. Det er likevel lov å søke om oppholdsløyve sjølv om ein fyrst kjem som flyktning, men då må ein respektere at eit avslag betyr at ein må returnere. Mykje av asylsystemet er basert på tillit, då det ofte er vanskeleg å objektivt bevise at ein er forfulgt. Løgn må då ha store konsekvensar. Dersom ein skal tilgi løgn på asylsøknaden så må vi tilsvarande stramme inn muligheita for å få asyl, om ikkje kjem alle til å "pynte" på asylsøknaden sin ved å overdrive litt. Eg er tilbøyeleg til å være einig i at ein bør finne betre løysingar for asylsøkarar som kom til Norge som mindreårige der det er foreldra som laug på asylsøknade, men samtidig så ser eg ikkje kva løysinga skal være. Utfordringa for Norge er at vi har ein attraktiv levestandard som medfører at mange som ikkje får opphaldsløyve på vanleg måte prøver å snike seg med gjennom å lyge på ein asylsøknad. Dersom ein har for snille asylreglar så får vi alt for stor innvandinnvandring under påskot om å være asylsøkarar. Det er ein ting at vi i Norge ikkje vil ha stor innvandring av utlendingar utanom dei som kjem med arbeidskraft som vi manglar, men verre er det at disse som drøymer om eit betre liv og søker asyl der dei påstår at dei kjem frå nabolandet som er i krig, gjer at dei som faktisk flykter frå krig ikkje får den beskyttelsen dei har krav på.- 65 svar
-
- 5
-
Klarer ikkje heilt å forstå kva som er så veldig kravstort med at gjestane har med seg mat (om ein ikkje også forventer vanleg stor bryllaupsgåve i tillegg). Er det ingen som har blitt invitert til fest der du har tatt din eigen alkohol? Det er kanskje uvanleg å invitere til spleisefest når det skal være bryllup, men samtidig så er det jo feiringa og festen som er det viktige, ikkje å mate alle gjestane. I tillegg så veit vi ingenting om kva bryllupsparet planlegg utanom, kanskje dei prioriterer flott lokale og bra live-musikk framfor flott middag? Eg ville nok heller tatt med eigen mat for å bli invitert på ein kjempefest med flott underholdning, enn å få servert fin tre rettars middag på eit nedslitt grendahus.
-
Om dette er mykje eller lite kjem jo veldig ann på. Det er heilt vanleg praksis at bryllupsgåva skal minst dekke matutgiftene til gjesten. Så om gåva er at du har med mat, drikke og dessert for to personar, eller om du har med ein stygg vase til same verdi går mykje for det same. Rekner med at tanken er at gjesten ikkje skal ha med så mykje mat, men at det tilsaman blir nok mat til heile brudefølgje.
- 22 svar
-
- 1
-
Det kan nok skje på noko meir indirekte måte også om ein ikkje vasker hendene etter mattilbereding for så å gå for å gjere noko anna.
- 18 svar
-
- 1
-
Mogleg at dette er fordi eg nemnte aggregat som løysing. Eit bensindrevet aggregat kan være ramma av bålforbodet som er det folkelege namnet på forbodet mot bruk av open eld og brannfarlege gjenstandar i utmark.