Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er vanskeleg å samanlikne direkte. Mange opplever nok at den kriminaliteten som får mest fokus også er den mest problematiske. For den jamne mann i gata så utgjer der liten forskjell at talet på konemisshandling har gått ned medan talet på knivran har auka. I tillegg til at ulik kriminalitet oppfattes ulikt sjølv om det ligg i same kategori, så er det også eit spørsmål om nøyaltigheita i statistikken. Når politiet henlegger nesten alle saker som ikkje er alvorlege nok, så gjer det også at talet på anmeldingar går ned, som igjen gir utslag på statistikken over kriminalitet. Særleg for vold i nære relasjonar så er det veldig aktuelt å spørre seg om kriminaliteten har gått ned eller om det er slik at færre tørr å anmelde når dei uansett ikkje får hjelpa dei treng og det einaste som skjer er at den voldelege ektemannen blir sint fordi kona har anmeldt han.
  2. Kva Ola kan ta med over til bedrift Y kjem veldig ann på detaljane. Eg vil tru at dei tilboda som Ola har levert som tilsett i bedrift X er lebett på vegne av X og tilhøyrer då bedrift X. Om Ola i realiteten sitter i bedrift X og utfører og utfører arbeid som berre gagner bedrift Y så vil det være brot på lojalitetsplikta. Her kjem det altså heilt ann på kva Ola har avtalt med bedrift X og kva som står i avtalane som Ola har tilbudt gjennom bedrift X. I tillegg vil eventuelle normer variere frå bransje til bransje. Ola bør tre forsikrig, særleg om Ola jobbar i eit lite fagmiljø så kan det gi Ola framtidige utfordringar sjølv om han teknisk sett held seg innafor det som er lovleg.
  3. Det blir vanskeleg for deg å kontrollere at bodet blir holdt hemmeleg, særleg når selger har interesse i å prøve å få til ei bodrunde. Så det er nokre praktiske utfordringar med hemmelege bod. Det du då kan vurdere er å legge inn eit nytt og lågare bud. Då vil det være mindre fristande for selger å informere dei andre interessentane om at det ligg inne eit bod langt under takst, samtidig som du viser ein interesse for å kjøpe og gå i direkte forhandling med selger. Særleg om du kan få til ei slilk forhandling raskt så er det tvilsomt at dei andre rekk å kaste seg på. Som andre seier så kan det også være ein tanke å kontakte selger direkte. Om du kan få selger til å kome med eit tilbod til deg så snur du heile bodrunda opp ned.
  4. For arbeidsfolket er det sjølvsagt eit stort steg tilbake å miste alderspensjonen, men det er likevel eit realistisk alternativ dersom vi ikkje klarer å få tak i den arbeidskrafta som trengs. Å få studere til du er 30, jobbe til du er 60, og være pensjonist til du er 90, er eit særdeles stort privilegium. Særleg når talet på år som yrkesaktiv går ned på grunn av større krav til utdanning og lengre levetid etter pensjonsalder så seier det seg sjølv at pensjonen må endrast slik at ein i snitt tener inn det ein forbruker utan å være skattebetalar. Og ja, eg er heilt einig med deg at det er eit problem at på grunn av økonomi så har ein ikkje nok folk på jobb. Samtidig så er det også eit problem at mange i helsevesenet ikkje held ut i yrket sitt. Lønn, trivsel, arbeidspress, og skiftordningar, fører til at vi mister alt for mange kvalifiserte arbeidstakarar til andre arbeidsgivarar eller enda verre til uføretrygd. Det er openbart vanskeleg å kvalifisere helsepersonell når ein betalar med peanøtter og behandlar folk som drit. Då hjelp det ikkje at det finnes masse arbeidskraft å ta av dersom denne arbeidskrafta ikkje er villig til å jobbe for det som blir tilbudt.
  5. Då er det overvåkning som er det viktigaste for deg. Eit alarmsystem er då mindre nyttig ettersom du treng bevis for at det har vært uvedkomne i huset. Utanom kameraovervåking så er det kanskje aktuelt å tenke på å sikre huset med plomberingar som viser om nokon har vært inne, og eventuelt kvar dei har gått inn? Finnes mange typar med forseglingstape og liknande, dette kan være fine hjelpemiddel om du mistenker at det er nokon som låser seg inn utan at du veit om det.
  6. Kva slags sikring du treng vil variere med behovet ditt. Jo større behov for sikkerheit, jo meir pengar må du investere for å få god nok sikkerheit. Heilt vanlege innbruddsalarmar baserer seg på at tyvane skal bryte seg inn i eit anna hus istadenfor, for det er ofte ei passeleg balanse mellom sikkerheit og kostnad for folk flest. Og for å nevne det også, ein god lås vil berre forsinke ein tyv. Og uansett kor god lås du har på døra så kan ein motivert tyv bruke motorsag på veggen og lage ei ny dør, særleg ute på landet der ein kan drive med støyande arbeid utan at nokon reagerer. Eit kabla system kan i enkelte tilfeller være enklare å manipulere ettersom det å klippe kabelen inn til huset kan være mykje enklare enn jamming.
  7. Også her er nok svaret at vi ikkje har ein veldig stor mangel på arbeidskraft (sjølv om utfordringa med eldrebølga er reell), det vi manglar er folk som er villig til å gjere dei nødvendige jobbane. Når "ingen" vil ta yrkesfag, og "alle" vil ta mastergrad i litteraturhistorie, så har vi enkelt og greit fordelt den tilgjengelege arbeidskrafta feil. I tillegg til dette så å vi nok tørre å ta ein diskusjon på kva nivå velferdsstaten skal ha no og i framtida. Differansen mellom å hevde seg arbeidsufør slik at du kan NAVe, sett opp mot kva du sitter igjen med etter å ha jobba fulltid i ein lavtlønna jobb, er nok for liten til å gjere det attraktivt å jobbe. Tilsvarande diskusjon må vi ta angåande pensjonsalder, det er ikkje gitt at alle skal ha rett til å gå av med pensjon så tidleg at ein har minst 10 år som sprek pensjonist. Kanskje må det bli slik at pensjon er noko du fyrst får når du etter ei legevurdering ikkje lenger er i stand til å utføre jobbe på ein tilfredsstillande måte?
  8. Ja det er heilt slutt på denne framgangsmåten av mange grunnar, den viktigaste er likevel treffsikre bomber og granater som kan avfyrast på lang avstand. Det einaste ein oppnår med veldig mange soldatar er at fleire blir drept samtidig. Under fyrste og andre verdenskrig så var ikkje bomber og granatar fullt like effektive, derfor var den avgrensande faktoren ofte skuddtakta på vanlege skytevåpen. Då var det ein taktikk å sende fleire soldatar enn fienden klarte å skyte. Russland sine største tap har dei lidd ved at dei har samla masse soldatar til oppstilling, og så har ukrainarane bomba militærleiren.
  9. Mitt råd er å sjå om du finner ein organisert aktivitet du kan engasjere deg i. Det å trene og drive med hobbyar er ein fin måte å fylle dagen på, men du erstatter i liten grad dei sosiale og samfunnsnyttige aspekta som du vanlegvis har i ein jobb med å syssle for deg sjølv. Du møter ikkje folk ved å trene lenger, både på treningsstudio og på turvegane går alle rundt med støydempande øyretelefoner, så trening gir liten sosial stimulering. Eit veldig enkelt fyrste steg er å ta kontakt med din lokale frivilligheitssentral for å høyre om dei har aktivitetar der du kan bidra. Typiske oppgåver som blir organisert gjennom ein frivilligheitssentral er å være besøksvenn, transportoppdrag som å levere middag til eldre eller transportere barn mellom fotballbana og bussholdeplassen, drive med leksehjelp, eller holde oppsyn med f.eks. ein park eller rasteplass. Ved å engasjere deg i slikt arbeid så får du sosialisert deg med både dei du yter eit tilbod til, men kanskje viktigast så får du sosialisert deg med andre frivillige som kanskje er i liknande livssituasjon som deg sjølv.
  10. Det vil nesten aldri være lønnsomt å påkoste bilen før salg. Unntaket her er ting som må utbetrast for at bilen skal være i køyrbar stand. Så lenge dekka har mønsterdybde nok til at det er lov å køyre bilen så bør du ikkje kjøpe nye dekk. Du bør likevel unngå å prøve å selge ein bil som ikkje kan lovleg prøvekøyrast på grunn av for slitte dekk, det kan fort føre til framtidig reklamasjonskonflikt. Men er dekka akseptable så ikkje kjøp nye dekk. Det du legger ut for å kjøpe nye dekk vil du ikkje få igjen, den som kjøper bilen får (litt) brukte dekk og er heilt sikkert ikkje villig til å betale same nyprisen som du betalte for dekka. Andre grunnar for å vurdere å kjøpe nye dekk er dersom bilen enten er ganske ny og du trur du får større interesse for bilen ved å rette deg mot bilkjøparar som har null bilkunnskap og berre vil ha ein bil som ikkje treng verksted/service/kontroll på nokre år. Du vil fortsatt ikkje få igjen det du har investert i nye dekk, men det kan hende du får solgt bilen raskare dersom den nye eigaren ikkje treng å gjere noko som helst med bilen. For vinterdekk så er det også veldig ulikt kva folk vil ha alt etter preferanser og behov, så uansett kva du kjøper av vinterdekk så risikerer du at bilkjøparen uansett kjøper nye vinterdekk og derfor ikkje har interesse av å betale ekstra mykje for ein bil med "feil" vinterdekk. For alt du veit så er det ikkje ein gong sikkert at den nye bileigaren har planar om å bruke bilen på anna enn sommartid. Eg vil likevel oppfordre deg til å sjekke kva det koster for nye dekk, både billegaste alternativ og for kvalitetsdekk. Dette er informasjon som er greit å ha dersom det blir pruting slik at du veit kva du har å gå på. Dersom du får eit gunstig bud dersom du kjøper nye dekk så veit du om det vil lønne seg å kjøpe eit sett med billege dekk eller ikkje.
  11. Kompensasjon for medgått tid vil nok være heilt innafor å kreve, det å finne ut om produktet kan reparerast er ein del av tenesta som ein bestiller fagperson til å utføre. Som andre har sagt så er det også eit spørsmål om kva som var avtalt. Mitt spørsmål er kva som er grunnlaget for denne rekninga? Er det fordi røyrleggaren har brukt 1 time på å kome til deg, konstantert at det ikkje er noko å gjere, og deretter returnert? Har røyrleggaren tatt betalt for å bruke 1 time på å ringe til produsenten? Eller er dette enkelt og greit minstefaktureringa for å utføre ein jobb? Særleg med reisetid ut til kunden så er det nok ikkje spesielt uvanleg å ha ei minstefakturering på 1-2 timar, og i alle fall ei minstefakturering på ein halv time. Eit anna relevant spørsmål er om du har grunnlag for å påstå at handtverkaren har gitt manglande informasjon og at tenesten derfor er mangelfull. Eg trur nok at det er eit veldig tynt argument, men det er likvel relevant å vurdere om handtverkaren i dette tilfellet burde etterspurt meir informasjon om varmepumpa før han/ho tok oppdraget. Om røyrleggaren har fagkunnskap om berre eit veldig smalt segment av markedet så ville det ikkje vært urimeleg å forvente at ein profesjonell handtverkar stiller spørsmål om kva merke og modell av varmepumpe du har. Samtidig så er det nok kundens ansvar om du ringer ein røyrleggar som berre forhandler varmepumper frå produsent Y sidan røyrleggaren då hadde grunn til å tru at henvendelsen gjaldt akkurat den produsenten. Bestiller du verkstedstime på BMW verkstedet og du møter opp med Toyotaen din så kan du ikkje rekne med at BMW verkstedet har delane som trengs til din Toyota. Samtidig om versktedet heiter Hansen bilverksted og bilmekanikeren der berre har kompetanse til å reparere Toyotaer så kan det nok være grunn for å forvente at Ole Hansen informerer kunden om at han ikkje kan reparere alle biltypar.
  12. Om dette er idioti eller genialt kjem heilt ann på kva det blir samanlikna med. Dersom alternativet er vanlege helikopter så er det nok klart ein fordel både miljømessig, støymessig og sikkert også økonomisk med slike elektriske passasjerdroner, men om ein tenker at disse dronene skal erstatte eller kome i tillegg til vanlege drosjer på fire hjul så er dette berre idioti. Det er heilt sikkert gjennomførbart, ein kan nok heilt sikkert etablere eigne regulerte "køyrebaner" i lufta som regulerer retning, høgde og hastigheit for svært mange farkostar samtidig, men miljømessig så kan løysninga aldri bli enda eit personleg køyretøy. Det sagt så tenker eg at slike passasjerdroner kan ha eit fornuftig formål dersom ein finn det rette bruksområdet for dei. Tette bymiljø tenker eg er den mest meiningslause staden å bruke droner, her er tog, t-bane og trikk fullgode og meir effektive alternativ litt avhengig av reiseavstand. Medan på stadar der anna infrastruktur er dårleg utbygd så vil dette kunne være ei akseptabel løysing der alternativet fort hadde vært å bygge ei jernbane, ein tunnel eller ei bru. Eg kan aldri sjå for med at det blir kvardagsleg å forflytte seg i byen frå eit hustak til eit anna hustak med ei slik drone. Om ein flytter alle taxiane opp i lufta så får ein heilt nye trafikkale utfordringar med trafikkorker som gjer at eg tviler på at luftfart blir spesielt mykje raskare. I tillegg vil ein sjølvsagt være nødt til å bygge om alle hus som skal være landingsplass for droner slik at det også er ein hovudinngang på taket (og ei tilgjengeleg trapp for å kome seg ned på gatenivå dersom den du ringer på hos ikkje er heime).
  13. IOC har eit litt overordna syn på at alle skal få drive med sport. Heilt uavhengig av korleis ein stiller seg til kjønnsinndelinga så seier det seg sjølv at ei inndeling i berre herre- og kvinneklasse (samt vekt for boksing) er ein veldig grov inndeling. Det neste spørsmålet er då også kva som er formålet med å konkurrere i like klasser. At ein boksar kan møte ein langt sterkare og dermed farleg motstandar er enkelt og greitt ein del av sporten. Muskelstyrke og teknikk er ein mykje viktigare faktor enn kromoson og kroppsvekt. Ei dårleg trent kvinne på 70 kg er openbart i alvorleg trøbbel om ho blir satt opp mot ei godt trent kvinne med same vekt. Boksesporten står no ovanfor eit viktig vegval på kva eigenskapar dei vil vektlegge, enten så må boksesporten delast opp i enda smalare klasser for å gjere det mest mogleg rettferdig, eller så må dei holde på å berre ha herre- og kvinneklasse der det å være klassifisert som kvinne av bokseforbundet er godt nok for å få konkurrere i kvinneklassen. I årets OL konkurreres det i 13 vektklasser, personleg synes eg det alt er alt for mange til å være spesielt interessant reint sportsleg. Det konkurreres og deles ut OL medaljer til alt frå fluevekt som er 51 kg til over 92 kg som er super tungvekt. Spørsmålet der er jo kor mykje publikum bryr seg kven som er beste mannlege boksaren under 71 kg, for det er gullvinnaren i super tungvekt som er verdens beste boksar. Det er jo ikkje som at vi på 100-meter sprint har ei vektklasse for dei over 100 kg for å kunne kåre verdens raskaste overvektige mann, det vi vil kåre er jo den raskaste sprinteren. Det er eit heilt legitimt spørsmål om kvifor ein vil la mannlege boksarar som ikkje har genetikk til å trene seg opp i over 90 kg med muskelmasse få konkurrere i eigne vektklasser der det ikkje møter sterkare motstandarar, samtidig som ein i kvinneklassa synes det er urettferdig dersom det stiller ei kvinne som har genetikken på sin side og er unormalt sterk? Er einig i dette, men i dette tilfellet så veit vi ikkje om det er tilfelle for Imane Khelif ettersom det ikkje har blitt gitt opplysningar om slike detaljar. Deretter er jo spørsmålet om innvedige testiklar i tillegg til kvinnelege kjønnsorgan skal bety at ein ikkje kan konkurrere i kvinneklassa eller ikkje? Det spørsmålet er på ingen måte eit politisk og kjønnsideologisk spørsmål, det er eit reint definisjonsspørsmål som boksemiljøet må ta stilling til. Om ein vil ha kvinneklassa open berre for feminine damer med lågt testosteronnivå så er det berre å definere det slik. Vil ein at kvinneklassa skal være open for kvinner som er over gjennomsnittet breiskuldra for å være kvinne, så må ein finne ein passeleg definisjon på kor store maskuline kvalitetar kvinna kan ha før det blir for mykje. Etter min meining så er quick-fixen på heile denne problematikken å droppe inndeling basert på kjønn, og i staden hatt vektklasseinndeling basert på muskelmasse og ikkje kroppsvekt. Historisk sett så hadde ein vel kjønnsinndelte klasser fordi ein rekna med at ei trent kvinne som var like oppunder 60 kg hadde omtrent same muskelmassen som ei anna kvinne med same vekt. Medan ein mann på oppunder 60 kg har ein litt anna fordeling, og at det derfor var enklast å dele klassene i kjønn og kroppsvekt. I dag burde det være heilt uprolematisk å rekne ut muskelmassen på utøvarane og sortere dei etter kor hardt dei har kapasitet til å slå.
  14. Ellers så er sjølvsagt alternativet å kjøpe air conditioner. Her er ein tilfeldig ein frå elkjøp. https://www.elkjop.no/product/hjem-rengjoring-og-kjokkenutstyr/inneklima-og-varme/avkjoling/aircondition/qlima-barbar-aircondition-p420/631837 Det er sjølvsagt ikkje heilt billeg med 3500 kr (sjølv om du sikkert finner billegare), og det er ikkje optimalt for effektiviteten med laus slange ut vinduet (patenten på disse einingane er ikkje heilt tilpassa slike vindu som du har). I tillegg så bråker dei veldig mykje. Det positive med den er sjølv om du berre hiver slangen laust ut av vinduet og lar air conditionen gå i 30 til 60 min så tek du ned temperaturen veldig mykje. For min del fungerte dette heilt fint for soverommet. Berre å sette på til kvelden for å få ut varmen som har bygd seg opp i løpet av dagen, og når temperaturen var nede på eit akseptabelt nivå så er det berre å slå den av og la vinduet stå opent som vanleg.
  15. Einaste ulempen med å søke jobb innafor fagfeltet ditt er at økonomi og rekneskap ikkje eit fagområde der ein typisk treng å prate så mykje. For språktreninga sin del så er det nok betre med ein jobb der det er mykje sosial kontakt, samtidig som denne sosiale kontakten ikkje er så viktig at du ikkje klarer å gjere ein god jobb på grunn av dårleg språk. Det fyrste som slår meg er jobb som støttekontakt der jobben går ut på å være sosial og finne aktiviteter for personar som av ulike grunner ikkje sjølv har eit sosialt nettverk. Det er nok vanskeleg å gjere dette til ein fulltidsjobb, så det er meir ein betalt fritidsaktivitet. Utanom det så er det kanskje å søke seg ein butikkjobb der ein har litt meir kundekontakt enn på daglegvarebutikken. På daglegvarebutikken blir det fort til at praten med kundar er korte høfflegheitsfrasar samt spørsmål om pose og kvittering. Om du får deg jobb i ein klesbutikk, bokhandel, eller liknande så får du praktisere mykje meir spåk ettersom det her er langt fleire kundar som spør om hjelp og råd frå beteninga. Som spanjol med kokkeerfaring så kanskje du kan sjå om det finnes butikkar i nærområdet som spesialiserer seg på spanske delikatesser? Det vil være ein perfekt plass for deg å forklare norske kundar kva som er forskjellen på chorizo- og pepperonipølse.
  16. Vifteplasseringa er viktig. Ei vifte inne på rommet vil berre flytte lufta rundt i same rommet, og i liten grad flytte på lufta. Vifta er mykje meir effektiv i blåseretning enn i sugeretning. For å få tømt rommet for luft så bør du opne vinduet så mykje du klarer, og så plasserer du gulvvifta ute i gangen et par meter frå døropninga. På den måten så skyver du lufta som står mellom vifta og døropninga inn på soverommet med det resultat at den varme lufta på soverommet blir pressa ut for å gjere plass til lufta frå gangen (om det gir meining). Aller helst så bør du også henge eit forheng over øvste delen av døra slik at den totale opninga inn i rommet er mindre. Målet er at luftkjegla frå vifta skal dekke heile den tilgjengelege døropninga. På den måten vil ikkje den varme lufta frå soverommet kunne gå tilbake og ut i gangen, og i staden må den pressast ut gjennom vindauget. Eit ventilasjonsrør med vifte vil typisk fungere dårleg fordi det baserer seg på at vifta skal suge lufta ut, og vifter er som sagt mykje meir effektive når dei får blåse frå litt avstand. (Dette fenomenet kan enkelt demonstrerast med eit praktisk forsøk. Om du ein tørkerull eller laget eit rør av eit A4 ark og held heilt inntil munnen og bles så hard du klarer mot ein gjenstand som til dømes ei dominobrikke så vil du ikkje klare å blåse så hardt at dominobrikka velter, men om du held røyret type 10 cm frå munnen og deretter bles så vil dominibrikka falle). Så sjølv om det virker litt lite intuitivt så forsøk fyrst med å sette golvvifta ute i gangen og blås mot soveromsdøra.
  17. Vil tru at omsynet til personvern om helseopplysningar også veg tungt. Det er jo også ei grense for langt ein kan forvente at ein utleverer seg sjølv for å kunne drive med sport. Det er sikkert mange som også vil ha bevis for om ho har innover- eller utover-tiss, men det er ikkje gitt at det skal skapast ein presedens for at utøvarar i kvinneidrett skal vise fram underlivet sitt kvar gong nokon kjem med påstand om ureint svar. Og ja, eg forstår at dersom det er aktuelt med slik utlevering så er det sjølvsagt i form av rapport frå ein nøytral lege og ikkje i form av blotting på ei pressekonferanse, men samtidig så er det jo i sin natur ganske sårt for ei kvinne å bli anklaga for å være for maskulin, på same måte som at det er sårt for ein mann å bli anklaga for å være for feminin, så at ein ynskjer å holde enkelte ting privat er fullt forståeleg.
  18. Tenker å kjøpe ny PC til speling, men samtidig har eg ikkje behov for det heilt store. Per i dag har eg ein slik all-in-one PC frå ASUS, med core i5 prosessor, 16 GB ram og som sikkert har integrert skjermkort kjøpt for 7 år sidan for 15 000 kr. Altså i praksis ein laptop innebygd i ein PC-skjerm. Den har egentlig tent meg rimeleg greitt. Eg speler veldig lite grafikktunge spel og har nok knappast spelt FPS spel sidan 2000 talet så det går mykje i singelplayer spel, gjerne strategispel. Eg vil tru at det tyngste eg speler er Minecraft. Ellers går det som sagt mest i strategispel som Rimworld, Kerbal space program, xcom2, osv. Eg er med andre ord ingen gamer sjølv om eg liker å spele spel. Spørsmålet mitt er om det i det heile tatt er hensiktsmessig for meg å investere i stasjonær gaming PC? Det hadde sikkert vært fint med ei maskin som eg kan spele litt meir nyare spel på, som Baldurs Gate 3. The Witcher 4 står vell på trappene så kanskje det kan være aktuelt å spele på PC i staden for konsoll. Mine grafiske forventningar er nok relativt beskjedne, men det bør være mogleg å spele med god oppløysing utan at det går for treigt. Eg vil ha det enkelt, så det er lite aktuelt å bygge sjølv. Om eg skal ha gaming PC så vil eg ha kabinett heilt utan LED-lys. Er det heilt vekkasta for meg å bruke 15-30 tusen på ein stasjonær-PC? Det eg eigentleg treng er kanskje berre meir RAM og dedikert grafikkort av billegaste sort?
  19. Er ikkje konklusjonen motsatt? Det vart foretatt ein foreløpig rettsspykiatrisk vurdering som konkluderte med behov for ei større utredning. Politiet har då valgt å henlegge saka framfor å bruke mykje ressursar på ei fullstendig psykiatrisk undersøking? Særleg når det etter ditt utsagt er bagatellmessige forbrytingar så er det nok heilt korrekt av politiet å ikkje brukar vidare ressursar på ei fullstendig utgreiing som kanskje ville vist at du uansett ikkje er strafferettsleg tilrekneleg slik at saka uansett hadde blitt henlagt på det grunnlaget. Den foreløpige rettspsykiatriske undersøkinga utgjer ikkje ein stor ressursbruk, dette er den lågaste terskelen utover å berre henlegge saka direkte. Merk også at om saka vart henlagt med grunngjevinga "manglande bevis" så betyr det at påtalemakta har vurdert at sjølv om du hadde vært strafferettsleg tilregneleg så var det ikkje nok bevis til domfelling.
  20. Eg trur at lovgiver her har tenkt på moped/scooter med makshastigheit på 45 km/t skal kunne passerast i 80-soner med forbikøyring forbodet, rett og slett av trafikkale omsyn. Det er nok likevel tenkt at slike forbikøyringar skal foregå i låg hastigheit for å være forsvarlege. Dersom ei bil legg seg ut mot gulestripa og passerer mopeden i 120 km/t så er det sjølvsagt alt anna enn forsvarleg. Eg er ellers einig i at eit unntak for motoriserte tohjulingar virker veldig rart, det er jo MC/moped som ofte er mest sårbare og som burde hatt best vern mot skumle forbikøyringar. Om ein skulle hatt unntak frå forbodet om forbikøyring så burde forbodet gjelde forbikøyring av til dømes traktorar som køyrer i 10 km/t. For sjølv om det er gul sperrelinje fordi sikta er for dårleg for å kunne foreta forbikøyring av køyretøy som ligg på fartsgrensa eller ikkje så mykje under fartsgrensa, så treng ein ikkje mange metter med sikt for å kunne trygt passere veldig saktegåande køyretøy.
  21. Denne saka med Imane Khelif synes eg er utfordrande. For her snakkar vi (mest truleg) om ein medfødt tilstand som gjer at ho har ein fordel i boksing. Denne saka skill seg klart ut frå tilfeller der ein person som rimeleg klart er biologisk sett ein mann berre erklærer seg som kvinne for å konkurrere mot kvinner med mindre muskelmasse. Det går heilt klart ei grense for kva som er 'fair play' men samtidig så er det jo eit faktum at dei beste idrettsutøvarane av begge kjønn har fordelaktig genetikk. Så på det grunnlaget så virker det urimeleg å skulle nekte biologiske kvinner å delta i kvinneklassen berre fordi ein har ein genetikk som gir meir musklar og testosteron enn gjennomsnittskvinna. Samtidig så er det jo sportsleg sett lite interessant å sette så ulike utøvarar opp mot kvarandre. Min umiddelbare tanke er at for boksesporten (og andre kampsportar) så er dette enkelt å fikse ved å opprette nye inndelingar som ikkje går berre på kjønn og vekt. Ein heilt fint hadde eigne klasser for X kg muskelmasse eller Y verdi av testosteron, osv. Dette ville også opna for at ein kunne hatt boksekampar mellom menn og kvinner utan at det blir konkurrert på urettferdige vilkår. Kampsportane er alt såpass oppdelt at det å innføre ytterlagare klasseinndeling burde være relativt enkelt. For andre sportar som berre er inndelt i herre og kvinneklasse så vil det medføre ei langt større omlegging om ein skal utbalansere kroppslege skilnadar utover berre kjønn. Det andre ytterpunktet er sjølvsagt at vi på eit eller anna tidspunkt berre må gå heilt vekk frå å inndele sportane i kjønn. Ein kunne hatt heilt opne klasser slik at ein berre kårer beste boksaren eller raskaste sprinteren uavhengig av kjønn, men det betyr nok langt på veg at det er svært få kvinner som vil kunne hevde seg på toppnivået. Sjølv så ville eg vært positiv til at også andre idrettsgreiner kunne hatt klasseinndeling utover berre kjønn. I dag er det slik at for å være toppidrettsutøvar så må du ha ein kroppsfasong som passer til sporten. Eg trur likevel at det hadde vært interessant å sjå til dømes sleggekast for utøvarar under 70 kg, eller høgdehopp for utøvarar under 1,60. Disse hadde ikkje slått verdensrekorden på lengste kast eller høgaste hopp, men det hadde nok vært av interesse å kven som er beste atleten med "vanleg" kroppsform. Sjå til dømes til Markus Rooth som vann gull i 10-kamp, det som er spennande med 10-kamp er at sporten er så allsidig. Så om du har kroppsbygning til ein typisk diskoskastar så er det veldig imponerande at ein også klarer å hevde seg i hekkeløp, og motsatt. At ein lang tynn mann med lange bein er flink til å hopper over hekkar er ikkje akkurat overraskande.
  22. Kroppsvekt har stor betydning når det er snakk om ellers like kroppar. Mannlege skuldre er utforma på ein litt anna måte enn hos kvinner, slik at ei mannleg skulder er betre tilpassa til blant anna kasting over skuldra som når ein kastar stein eller spyd. Kvinner genererer meir kraft med undehandskast eller ved å svinge arma frå sida. Boksesporten sitt opphav til teknikk og reglar kjem frå herreboksing, så for kvinner er ikkje boksing ein "effektiv" kampsport. Kvinner er ofte betre tilpassa Jiu-Jitsu, Judo, eller Taekwondo sidan dette er kampsportar som er meir basert på hurtigheit og nærkontakt der rå slagkraft er av mindre betydning. Det å omtrent stå stille og slå rett fram mot brystkasse og ansikt, men aldri under beltet er heilt klart ein sport som er tilpassa mannlege behov (sånn sett burde kanskje kvinneboksing har forbod mot slag mot puppane medan slag under beltestedet ikkje hadde vært like viktig).
  23. Ja det er faktisk lov å køyre forbi med MC sjølv om det er skilta forbikøyring forbode. Grunnregelen om å være hensynsfull, aktpågivande og varsom gjeld uansett og dei fleste bilistar vil nok ikkje være førebud på å bli forbikøyrt i omrder der det er skilta forbikøyring forbode.Frå skiltforskrifta: Som du ser så gjeld ikkje disse skilta forbikøyring av MC. Det betyr at du på MC ikkje kan køyre forbi ande bilar, men ande bilar kan køyre forbi deg. For sperrelinjer så er det ikkje unntak for MC Ingen køyretøy kan køyre på eller over over ei sperrelinje. Dersom du på MC skal køyre forbi ein stad der det er sperrelinje så betyr det at ei slik forbikøyring må foregå heilt innafor det oppmerka køyrefeltet. Merk i denne samanhengen at i trafikkreglane står det at køyretøyet skal holdast godt innafor køyrefeltet, noko som medfører at det ikkje nødvendigvis er plass til både ei MC og ein bil bredda utan å kome i konflikt med denne regelen. Eg vil også påpeike at forbodet mot å køyre på eller over sperrelinje gjeld like fullt for kvite sperrelinjer. Der det er skilta forbikøyring forbode vil det typisk være sperrelinjer på begge sider av køyrebane. Det medfører at bilen som blir forbikøyrt ikkje får legge seg ut mot vegskuldra ettersom ein då køyrer på eller over den kvite sperrelinja på høgresida. For saktegåande køyretøy så er det ingen unntak utanom at du på MC har lov til å køyre forbi så lenge det foregår i same køyrefelt med god nok avstand, og at det saktegåande køyretøyet ikkje blir pressa til å krysse eventuell kvit sperrelinje på høgre side. Der vegmerking og skilting er motstridande så er mydigheitspyramiden som gjeld etter trafikkreglane som gjeld. Anvisning frå politiet overstyrer all anna regulering, lyssignal overstyrer skilting, skilting overstyrer vegmerking, og vegmerking overstyrer trafikkreglane.
  24. Ingeniørar har svært lav arbeidsledigheit, det er nok berre innan helse og omsorg og skuleverket at det er færre ledige stillingar. Eg ville derfor ikkje vært bekymra for å få jobb. Kor attraktiv du framstår som nyutdanna 41 åring kjem heilt ann på totalbildet du gir. Kva type jobbar har du hatt til no? Sjølv om det optimale som nyutdanna elektroingeniør er å ha yrkeserfaring som elektrikar, så stiller du også ganske sterkt med dokumentert arbeidserfaring og gode referansar/attestar. Ein nyutdanna 23 åring som søker jobb vil ha den utfordringa at vedkommande er uprøvd i arbeidslivet. Sånn sett er det tryggare for ein arbeidsgivar å tilsette ein nyutdanna 41 åring som har bevis på at du klarer å møte på jobb til avtalt tid, kontra ein ungdom som aldri har hatt ein skikkeleg jobb før. Det aller største hinderet ditt slik som eg ser det er at du kan bli oppfatta som dyr arbeidskraft om du som nyutdanna 41 åring også forventer 15 år med lønnsansiennitet frå tidlegare jobbar. Dette treng ikkje å blir eit problem men det er viktig at du er klar over det og ikkje let arbeidsgivar anta at du har høgare lønnsforventningar enn du i realiteten har. Det kan derfor være strategisk lurt av deg å tenke at fyrste jobben berre skal tene til å være gi relevant arbeidserfaring og at lønna ikkje skal stå i fokus, så kan du heller søke ny jobb etter at du har fått 1-2 år med relevant arbeidserfaring der du møter med litt større lønnskrav.
  25. Gode dekk kan fint vare 10 år alt etter bruk og oppbevaring. Disse Hankook dekka ser ut til å være av relativt bra kvalitet, så med lite bruk og god oppbevaring så varer dei nok fint nokre år til. Beste rådet er nok uansett å sette på dekka og køyre ein tur på glatt underlag for å kjenne korleis bilen oppfører seg. Kva som er gode og dårlege vinterdekk har også litt med kva bil du køyrer og ikkje minst korleis du køyrer. Om du ikkje er fornøgd med måten dekka oppfører seg på så kjøper du nye dekk, og kjennes det bra ut så fortsetter du å bruke dei. Sjølv om kravet til mønsterdybde er minst 3 mm på vinterdekk så er det mange dekk som taper seg ganske fort når en kjem under 5 mm, spesielt på slaps og laussnø.
×
×
  • Opprett ny...