Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 710
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Før denne debatten sklir ut i ein debatt om opent kontorlandskap så må eg korrigere meg sjølv litt. Trådstarter skriv at dette er eit kontrofellesskap, og at denne damen er på nabokontoret. Det kan derfor være at det her er snakk om eit kontorfellesskap beståande av cellekontor, og at det ikkje er nokon som sitt i opent kontorlandskap. I så tilfelle så er vel løysinga så enkel som at denne dama må lukke døra inn til sitt kontor, og på den måten skåne dei andre frå både lydane og smittefaren.
  2. Du skal helst køyre så langt som mogleg i akselerasjonsfeltet for å utnytte vegkapasiteten. Som minimum må du køyre så langt at den kvite linja har gått frå å være heiltrukket til å være stripplete. Det er fyrst når du har fått striplalinje at du har lov til å krysse vegen. Skal du køyre heilt etter boka så skal du flette deg inn langs den stripla linja. Når stripplalinja slutter så er det i praksis berre eit køyrefelt der begge bilane er i same køyrefelt, denne delen av vegbana er sikkerheitsmarginen for at du skal kunne kome deg inn på motorvegen eller i verste fall nødbremse om flettinga ikkje har skjedd langs stripplalinjen. Reint praktisk så vil du likevel oppleve at dei køyretøya som står i køa på motorvegen forventer at du skal flette deg inn så tidleg som mogleg, om ikkje kan du riskerer tuting og hytting med neven fordi du er kø-sniker. Den jamne billist setter altså ikkje pris på at du køyrer trafikkeffektiv, men du skal helst køyre så lang som du kan på akselerasjonsfeltet for å unngå at køen strekker seg lengre bakover enn nødvendig.
  3. Når forsikringsselskapet snakker om unntak for tjuveri innad i husstanden så viser ein til straffelova som grunnlag for det vilkåret. Eg veit ikkje om dette hjelper så veldig mykje, men i denne samanhengen så ser det ut som at med å tilhøyre husstanden er knytt mot personar som kan ha grunn til tru at dei hadde rett til å bruke bilen utan å spørre den formelle bileigaren om løyve før kvar køyretur. Altså at ein med denne formuleringa hindar ein ektemann som er eineigar av familiebilen frå å anmelde kona som biltjuv etter at ho køyrte på butikken etter ein samlivskrangel. Denne leigetakaren kan reknast som tilhøyrande husstanden om ein legg til grunn at ein husstand er dei som bur under same tak. Det er ikkje gitt at det er tilstrekkeleg at leigetakaren har eksklusiv bruksrett på berre eit soverom for å ikkje være rekna som ein del av husstanden, det å dele sentrale rom som kjøkken, bad og stove vil nok være tilstrekkeleg for å kunne seie at ein utgjer same husstand. Måten leigeforholdet er organisert på vil også ha betydning. Til dømes så definerer SSB ei husholdning som dei som bur i same bustand og som også deler minst eit felles måltid per dag. Så jo meir familieaktig du lever saman med leigetakaren din, jo meir aktuelt er det å rekne dykk som ein del av same husstand. Sjølv om forsikringsvilkåra ikkje gjer seg gjeldande om leigetakaren blir rekna som ein del av husstanden, så har du likevel rett til å kreve erstatning for eventuelle skader. Forskjellen er då berre at du sjølv må stå for pengeinnkrevinga og at du ikkje får noko forskuttert frå forsikringsselskapet. Dersom leigetakaren din ikkje vil betale frivillig så må du gå vegen om konfliktrådet for å få ein dom som du kan bruke som grunnlag for at Namsmannen skal tvangsinndrive kravet. Eg tenker at dersom det har oppstått ein skade på bilen som er meir enn triviell så hadde eg meldt det inn som forsikringsselskap, og eventuelt krangla litt dersom forsikringsselskapet meiner at leigetakaren er ein del av husstanden din. Ved bruk av forsikringa så ville eg likevel retta krav om at leigetakaren skal dekke eigenandelen og kostnaden av bonustap sidan dette er eit objektivt økonomisk tap. Også her kan det være at du må om konfliktrådet for å få dom til å kreve inn pengane. Om forsikringsselskapet ikkje vil være med på å betale så må du rette heile kravet mot leigetakaren. Eg tenker også at du vil ha grunnlag for å kunne heve leigeavtalen med umiddelbar virkning. Husleieloven § 9-9 pkt. e) opner for at øvrig misleghald som gjer det nødvendig å avslutte leigeforholdet er gyldig grunn. Ein leigetakar som stjeler frå deg vil utgjere eit såpass grovt lojalitetsbrot at det ikkje er rimeleg at leigeforholdet skal forbli uendra eller at det fyrst må gis skriftleg advarsel. Sjølv om det å tjuvlåne bilen ikkje er direkte tjuveri så utgjer det likevel eit grovt tillitsbrot, i verste fall så riskerer du tiltale for medvikring til ruskjøyring om det er mistanke om at du kan ha lånt ut bilen til ein ruspåvirka førar.
  4. Om ho har hosta i tre månedar så er det nok ikkje spesielt stor smittefare å snakke om då det tyder på at det dreier seg om kronisk hoste og ikkje sjukdom. Det er fleire måtar å gripe ann ein slik situasjon på, det fyrste du må finne ut av er kva du ønsker å oppnå. Er det å sende denne dama ut av kontorfellesskapet, eller er det for deg å få rolege arbeidsforhold. Om sistnemte så blir det igjen eit spørsmål om kva som er godt nok, eige cellekontor, støydempane headsett, reglar for skikk og bruk i kontorfellesskapet, osv. Reint formelt sett så kan du gå direkte til din arbeidsgivar som etter arbeidsmiljølova plikter å syte for at du får tilfredsstillande arbeidsforhold. Reint praktisk så er det kanskje mest fornuftig å snakke med dama fyrst for å sjå om det er mogleg å løyse dette på lågast mogleg nivå utan å innvolvere heile kontorfellesskapet. Det er nok gode sjansar for at ho til dels kan endre sin oppførsel slik at det blir mindre forstyrrande, som til dømes å holde tilbake hostinga, gå ut på gangen eller toalettet for å hoste skikkeleg, hoste i eit lommetørkle eller liknande. Dei som eig kontorfellesskapet har nok ingen rolle i dette med mindre eigarane har fastsatt reglar for kontorfellesskapet som denne dama bryt. Det er din arbeidsgiver som har ansvaret for ditt arbeidsmiljø, dama sin arbeidsgivar som har ansvaret for hennar arbeidsmiljø, og dei fysiske forholda i kontorfellesskapet er nok regulert av leigeavtalen mellom eigarane og arbeidsgivarane som leiger kontorplassar.
  5. Den streiken handler om forutsigbarheit, og ikkje om lønnsnivået som sådan. Som det står i artikkelen så kan maskinisten tene godt over 2 mill i året om fisket går godt. Men den einaste garanterte lønna er på under 100 000 kr i året som er hyren for maskinisten. Den prosentvisen andelen av fisket som ein får som lønn er også etter at ein har trekt frå utgiftene til skipet. Ved dårleg fiske eller ved behov for større reparasjoner av skipet så risikerer maskinisten å sitte igjen med langt under den lønna som er normal ellers i samfunnet. Streiken dreier seg om kven som skal bære risikoen for eit dårleg fiske, dei tilsette eller rederiet. Dagens ordning fungerte fint når fiskeriet bestod av ein kompisgjeng som saman reiste ut for å fiske og som delte inntektene rettferdig mellom seg, men i dag så er det langt meir profesjonelt drevet med store bedrifter i ryggen som kan tole eit eventuelt. Dei fleste som har selgarjobb med provisjonlønn har i dag ein stor nok garantilønn til at lønna er levedyktig også dersom salget går dårleg i ei periode.
  6. Isolert sett så tener køyreskulen på å holde på kundane sine lengst mogleg ja, men konkurransen er hard for å få tak i nye elevar. Negativ omtale, og særleg negativ omtale som går på at ein må ha fleire køyretimar enn minimum gjer at kundane heller velger andre køyreskular. Veldig mange av elevane er ikkje interessert i best mogleg kvalitet, dei er ute etter å skaffe seg sertifikatet med minst mogleg bruk av tid og pengar. Mange av køyreskuleelevane går på vidaregåande skule, og i tillegg til at dei ikkje har allverdens med pengar på å bruke til køyreopplæringa, så har dei også den praktiske utfordringa med fråværsgrensa. I dag er det berre den obligatoriske opplæringa (minstekravet) som gir godkjent fråvær, alle øvingstimane som ein må ha i tillegg blir ført som fråvær. Fråværsgrensa er som kjent på 10% med ugyldig fråvær, så det å bruke mange køyretimer i tillegg til det obligatoriske kan fort føre til at ein ikkje får karakter i eit eller fleire fag, som igjen fører til at vidare utdanningsløp blir forsinka med eit år. Enkelte køyreskular tilbyr køyretimar på laurdagar, men det er både dyrt og med for få tilgjengelege timar til å være eit alternativ for alle. Dersom køyreskulane tyner elevane sine for flest mogleg køyretimar så tener ein godt på det på kort sikt, men på lengre sikt så er det ingen som vil anbefale ein køyreskule som både er dyr og som har eit kvalitetsnivå som gjer at du risikerer å måtte ta eit ekstra år på vgs. Dersom det er køyreskulane som skal godkjenne elevane så er det heller ikkje realistisk å bytte køyreskule undervegs, ettersom ein seriøs køyreskule kjem til å forvente å ha eit bestemt minimum av køyring før dei kan godkjenne elven for førarkort. Ein 45 minutts køyretur vil garantert ikkje være nok for at ein køyreskule skal gamble sitt livsgrunnlag på at eleven er ein god sjåfør og ikkje berre hadde flaks akkurat på denne køyreturen. Prøvetidsperioden på to år er også ei ordning som fungerer relativt dårleg. Utan at eg har gode tal på det så vil eg gjette på at minst halvparten av 18 åringane som tek førerkort ikkje disponerer eigen bil og køyrer spesielt mykje i løpet av dei to fyrste åra. Mange skal bli studentar og har ikkje råd til å ha eigen bil og vil i liten grad opparbeide seg køyreerfaring i løpet av prøvetida. Og sjølv om ein køyrer dagleg så skal du ha veldig uflaks eller køyre veldig stygt for å miste sertifikatet (om du ikkje havner i ei ulykke og blir tatt på den måten). Det er ikkje nok trafikkontrollar langs vegane til at vi kan rekne med at dei dårlege sjåførane blir fråteke førarkortet. Er du så dårleg sjåfør at du alltid køyrer langt under fartsgrensa så er det særleg lite sannsynleg at du blir stoppa av politiet, trafikksinker blir nesten aldri stoppa, og om dei blir stoppa så får ein vanlegvis berre tilsnakk. Off-topic rant: Strengt tatt er det så dårleg med trafikkontrollar at økonomisk sett så er det nok langt billegare å køyre utan førarkort og heller berre betale bøtene. Bota for å køyre utan førarkort er ca 8000 kr, og det skal ein del til før du blir vinka inn til tilfeldig kontroll meir enn 5 gongar i løpet av karrieren. Får du bot 5 gongar i løpet av dei neste 50 åra så betaler 40 000 kr, omtrent det same som du må ut med som minimum for å ta førarkortet i dag, berre at då må du betale heile beløpet nesten samtidig. Teknisk sett risikerer du også fengselsstraff om du blir tatt utan førarkort, men rettspraksis viser at du praktisk talt ikkje blir straffa. Det er masse eksempel på folk som aldri har hatt førarkortet som ikkje har blitt dømt til fengselsstraff før dei har blitt tatt for køyring meir enn 10 gongar, og sjølv då så er det snakk om 2-3 veker med fengselsstraff. Dette er ei så kort fengselsstraff at dei aller fleste kan ta ut ferie og sone disse dagane utan at det er til større ulempe for jobb og privatliv enn om ein hadde tatt disse tre vekene i Spania som sommerferie. Det einaste som kan bli dyrt er dersom du havner i ei ulykke og må betale frå eiga lomme sidan du ikkje har gyldig forsikring, men om vi mottrekner det mot det du har spart på å at du i 50 år ikkje har betalt for forsikring så blir det mykje pengar. I snitt kostar ei bilforsikring 15 000 kr i året, over 50 år så utgjer det 750 000 kr som burde være tilstrekkeleg for å gjere opp for ulykker som du er skuld i med mindre det er snakk om ulykker som fører til betydelege personskader. Det er latterleg lite konsekvensar for gjengangarane som gir blaffen i heile vegtrafikklova. Sjølv dei som køyrer så sjokkerande farleg at dei mister førerkortet "på livstid" har ein uforbeholden rett til å få ta ny oppkøyring etter berre 5 år så lenge ein i mellomtida ikkje er dømt for nye trafikkale lovbrot, som å fortsette å køyre utan førarkort, og sjølv om du blir tatt for ulovleg køyring etter å ha mista førarkortet på livstid så er konsekvensen stort sett at du får ei ny bot på 8000 kr, makan til idioti.
  7. Det å ønske god jul på ein livssynsnøytral måte er nok litt meir problematisk på engelsk sidan dei der seier "merry christmas" som direkte refererer til Jesus. På norsk er det å ønske "god jul" ein nøytral betegnelse, og er eit ord som språkleg sett betyr vintersolver, vinter, eller fest. Ordet jul er urgermansk og har sine røter lenge før vikingtida og er dermed også eldre enn den hedenske julefeiring. "Merry christmas" betyr direkte oversatt til norsk "lystig Kristi messe" og er dermed direkte tilknytta Kristendommen. Vi hadde nok fått skriverier dersom NAV eller politiet hadde ønska alle ei lystig Kristi messe på sosiale media. Dette er også ein av grunnane til at ein på engelsk ofte bruker skriverformen "x-mas" fordi det framstår som eit litt meir nøytralt uttrykk sidan referansen til Kristus er gjemt bak X-en.
  8. Om tanken var at dette skulle være fullverdig erstatning for fyrverkeri så kosta det nok meir enn det smakte, då hadde det vært betre med droneshow. Ein hadde fått stort fyrverkerishow for disse 2 millionane. Det koster sjølvsagt å være teknologisk pioner, men her kunne ein like godt latt være. Største tabben er vel at ein brukte laser som om det var fyrverkeri. Eit lasershow burde holde på heile kvelden med litt ekstra trøkk akkurat kl 00.00.
  9. Det er utvilsomt ein standardheving å asfaltere, så verdien på eigedommen vil gå opp. Dersom salget er nært forestående så vil du nok ikkje få igjen for investeringa, i beste fall gjer du eigedommen meir salgbar. Når det gjeld varmekabel i oppkjørselen så ville eg ha vurdert nøye kost/nytte. Om installeringa ikkje er så dyr, så kan det være greit å legge kabel. Du må tross alt ikkje ha varmekabelen påskrudd i det heile tatt, du kan fortsatt måke manuelt. Men for ein ny eigar så kan det være attraktiv til å bruke varmekabele sjølv om straumen er dyr, om alternativet er å inngå brøyteavtale fordi du ikkje er i stand til å måke sjølv så er det ikkje sikkert det er så dyrt å bruke varmekabelen lilevel.
  10. Kvifor ikkje eige parti for dei som jobber i staten med under 500 000 kr i årslønn? Det er fritt fram å starte politisk parti, du treng berre 5000 underskrifter eller noko slikt. Slike mikroparti er stort sett protestparti og har ofte berre ei politisk sak på valgprogrammet. Behovet for eit eige parti for høgtlønna er rett og slett ikkje tilstades. Merk også at blant dei som er høgt utdanna så er det faktisk ein klar overvekt som stemmer på eit venstreorientert parti, noko som ofte kjem fram som ei utfordring i media ettersom store delar av journalistutdanna holder med venstreorienterte parti slik at det er fare for at høgrepolitiske parti ikkje får sin andel av positiv omtale i media. Kjernevelgaren til Frp, for å ta eit enkelt eksempel, er typisk ein som ønsker å få betre råd og som derfor ønsker velkommen forslag om å redusere offentlege kostnadar og innføre lågare prisar. Som nemt over så er det ikkje 800k+ gjengen som let seg friste av lågare tobakksavgift og fjerning av bompengar. Det er derfor ikkje gitt at det er særleg mange av dei høgtlønna som ønsker eit eige parti som bygger ned velferdsstaten og som gir mest til dei som alt har mest. Det er snarare tvert imot slik at mange av dei som tener godt ønsker at også alle andre skal få gratis utdanning og helsetenester og ha moglegheit til å leve eit liv der det ikkje er økonomien som er styrande.
  11. Kyrkja har for lenge sidan mista eineretten til jula. Ca 1000 år etter at kyrkja stjal den hedenske jolefeiringa og lata som at den handla om Jesus, så handlar julefeiringa i dag mest om nisser, juletre, gåver og god mat. Det er lite lesing av juleevangelie, besøk i kyrkja, og bordbønn før julemiddagen. I dag er ikkje jula berre for kristne, også muslimar og humametikarar kan henge opp lyslenker og pynte juletre om dei vil. Det er svært lite av det som folk flest forbinder med jula som handler om Gud og Jesus.
  12. Det er nok nokon som har det som prinsipp at kropp og sex ikkje er ei salgsvare, og at det i seg sjølv er grunnlag for å være imot prostitusjon. Men lova var innført nettopp fordi ein meinte at eit forbod mot sexkjøp ville hindre dei negative konsekvensane med tvang, utnytting og inntekter til kriminelle miljø. Eg vil derfor tru at dei aller fleste som er imot lovleg prostitusjon er det fordi dei meiner det er negativt for både samfunnet og individet, og ikkje fordi at sjølve sex-akten er problematisk. (Det er sjølvsagt fortsatt ein del som meiner at sex er forbehold gifte hetrofile par, så dei vil sjølvsagt heller ikkje være positive til sex mellom vilt framande som ikkje ein gong er forlova).
  13. Dette er sjølvsagt berre spekulasjon på tynt grunnlag, men i artikklane så er det avbilda ein mørk bil med kulehol i frontruta. Det er ikkje utenkeleg at dette er ein sivil politibil, og at den drepte 40 åringen har skutt bakover frå eigen bil mot politiet som var i bilen bak. Normalt sett så er det jo slik at politiet innhenter bilen som skal stoppast bakfrå, det er då typisk at ved skuddveksling så har politiets køyretøy skotskader i fronten medan mistenktes køyretøy har skotskader bak. Eg har likevel vanskeleg for å sjå for meg at politiet ikkje har brukt blålys i ein slik situasjon, så sjølv om det skulle være snakk om ein mørk sivil politibil så burde det være veldig synleg at dette var ein utrykkingsbil. Så kan det sjølvsagt være at politipatruljen kom frå motsatt retning slik at dei to bilane stoppa front mot front før skytinga, i så tilfelle er det naturleg at begge køyretøya har skotskadar i fronten.
  14. På spørsmålet i avstemminga så tenker eg at utroskap er utroskap uansett kva form det tek. Om partneren ligger med alle kompisane så er det ikkje det at ho tok betalt som største sviket, største sviket er at ho har hatt sex med andre. Om det er avtalt at ein har eit åpent forhold, så er det etter mitt syn heilt urelevant om ho tek betalt, fikk påspandert drink eller middag, eller endog at ho sjølv betalte ein mannleg prostituert. Det er også veldig individuelt kva som ein synes går over grensa. Enkelte par rekner det som utroskap om ein har ein litt for dyp samtale med ein annan person og reknar det som følelsesmessig utroskap, andre synes at småkyssing er greit men ikkje klining, og andre igjen reknar det ikkje som utroskap før det er snakk om full penetrering. Om ein har ein prostituert som partner så handler det om å sette grenser, det er langt frå uvanleg at prostituerte setter klare grenser for kva som er for intimt til å dele med andre. Det er slik som eg forstår det mange prostituerte som sett grensa ved ingen berøring over brystvortene då overkroppen og særleg ansiktet er forbeholdt partneren og er ikkje til salgs. Andre igjen kan ha det bokstaveleg talt omvendt og seier at kunden ikkje får gjere noko under beltestedet medan alt over er fritt fram. Grensesetting er ein viktig del av eit kvart forhold. Eg tenker nok at ei vel så viktig grense dersom du har ein prostituert som partner er kor langt det er greit å gå. Eg tenker kanskje at at mange vil synes det er over grensa å skulle selge seg til kjentfolk og at det å ha kompisar på kundelista er ugreit. Eg tenker også at mange vil ha det som krav at prostitusjonen skal skje i trygge former med bruk av kondom under heile akten, osv. Men slik er det også for dei som har opne forhold, det er ikkje slik at eit par som har avtalt eit ope forhold har gitt klarsignal for absolutt alt. For nokon kan det være greit at partneren har ein kjæreste til men ikkje at ein ligger rundt, og for andre kan det være omvendt med at det er lov å ligge rundt men ikkje å være kjæreste med nokon andre.
  15. Alt som handler om sex er stigmatisert. Det er heller ikkje alle som stolt proklamerer at dei jobber på Kondomeriet heller, sjølv om det er ein butikkjobb der ein selg lovlege varer. Det å jobbe på sexbutikk er nok langt mindre stigmatisert i dag enn det var for 20 år sidan, no har det blitt langt meir normalisert og det er til og med reklame for slike butikkar på TVen. At prostituerte blir stigmatisert handlar ikkje berre om sexen, det handler vel så mykje om at det er ein jobb som ikkje er 100% lovleg. Det gir heller ikkje kjempehøg status å proklamere at du er NAVer fordi du har lurt legen din til å skrive legeattest på at du er arbeidsufør. Strengt tatt er det nok ganske stigmatisert å være arbeidsufør i det store og det heile, så det blir i alle fall ikkje noko betre om du har begått trygdesvindel. Eg er heller ikkje einig i at det berre er kvinnene som blir påført skam, det er også ganske fornedrigande for ein mann å måtte betale i dyre dommar for noko som andre menn klarer å ordne seg heilt gratis. Sjølv om at det for enkelte menn er høg status å ha hatt sex med flest mogleg kvinner, så er det ikkje like stor status om flesteparten av disse kvinnene er prostituerte.
  16. Det er aldri dumt å søke hjelp. I tillegg til barnevernet så er det også aktuelt å kontakte politiets førebyggande avdeling som jobbar med å hindre ungdomskriminalitet. Eg har dessverre ingen konkrete råd å gi, men det finnes fleire hjelpetilbod alt etter kva som passer best.
  17. Sjølv med legalisering og statleg regulering så kan eg aldri sjå for meg at Staten kjem til å gå inn som arbeidsgivar, då bytter ein berre ein hallik med ein ny statleg hallik. Eg reknar med at premisset med lovleg sexkjøp er at dei prostituerte er enten sjølvstendig næringsdrivande eller har sjølv organisert seg som eit privat selskap. Det vil nok aldri bli ei statleg stilling der vi har prostituerte på tarifflønn med offentleg tenestepensjon. Eg kan aldri sjå for meg at prostituerte blir eit lavtlønnsyrke, til det er nok balansen mellom tilbod og etterspørsel såpass forskjellig at dei prostituerte kan kreve omtrent det dei vil utan at det medfører mangel på kundar. Det med å informere om fordelar og ulemper med yrket er eg heilt sikker på at bransjen kjem til å ordne sjølv gjennom å opprette interesseorganisasjonar, på lik linje som ein gjer med andre yrker. For dei som gjer prostitusjon til eit yrke og eit levebrød så kjem dei ikkje til å ha interesse av at markedet skal renne over 19 år gamle jenter som trur dette berre er lettkjente pengar utan negative konsekvensar. Det vil underbygge dei som prøver å være seriøse i bransjen. At myndigheitene skal gå inn med eit eige kursopplegg tviler eg på vil skje, på lik linje med at det i dag ikkje finnes statleg informasjon om ulempane ved å starte i andre yrker. Ein 19 åring som vil bli fiskar må oppsøke fiskeribransjen for å få opplysningar om korleis det er å jobbe som fiskar, det kjem ingen TV-reklame for myndigheitene om at fiskeri er den klart farlegaste jobben i Norge med ein personskadefrekvens på 61 per 1000 årsverk. Eg er ikkje ueinig i at den som startar i ein slik jobb må være klar over kva det medfører, men eg ser heller ikkje korleis ein skal klare å fange opp dette informasjonsbehovet. Det må i så tilfelle være ved å underlegge prostituerte eit autorisasjonsopplegg der det berre er lovleg med sexsalg for prostituerte med offentleg godkjent utdanning, men då er ein nok fort tilbake på alle ulempane med dei som i heilt privat regi selger sex og som må gjere det i det skjulte som svart arbeid.
  18. Det kan være litt både og. Matavfall utgjer kanskje ikkje så mykje volum i restavfallet, men det tilfører ofte ganske mykje vekt, som igjen gir meir kostnadar i forhold til å transportere avfallet. Mitt inntrykk er likevel at dei fleste produserer relativt lite matavfall, særleg no når det er så mykje fokus på å forhindre matsvinn. For dei som bruker mykje frukt og grønssaker, og som i tillegg er veldig liberale med kva ein skjærer vekk og ikkje vil bruke til mat så er det ikkje så vanskeleg å produsere ganske mange kilo med matavfall mellom hentingane.
  19. 1. Er i dag ulovleg. Både gjennom forbodet mot menneskehandel, og forsåvidt også gjennom at ein av definisjonane av voldtekt er å ha sex med nokon som ikkje kan motsette seg handlinga. 2. Tvang er alt ulovleg, sex gjennom tvang er voldtekt. 3. Det er også ulovleg å overføre smittbar sjukdom som gir betydeleg skade på kropp eller helse, med mindre forsvarlege smitteverntiltak er iverksatt. Overføring via seksuell omgang er sjølvsagt også ulovleg, riktignok med eit unntak av at overføring av seksuelt smittbar sjukdom likevel er lovleg med samtykke. Litt off-topic angåande seksuelt overførbare sjukdommar. Dersom prostitusjon blir eit lovleg yrke så vil også Arbeidsmiljøloven gjelde for sexarbeidarar. Det blir då interessant å sjå kva som blir vurdert som eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø, det mest nærliggande er at kondombruk i praksis blir påbode sidan det er uansvarleg å ikkje bruke tilgjengeleg verneutstyr. Det blir spennande å sjå om Arbeidstilsynet vil akseptere hyppig testing av alle innvolverte partar som tilstrekkeleg vern.
  20. Den helsemessige kompetansen er ikkje nødvendigvis dårlegare, men når ein ikkje kan kommunisere med pasienten så har ein eit kraftig handicap. Det er relativt få arbeidsoppgåver der tilbakemelding frå pasienten ikkje er nødvendig eller i det minste viktig for å kunne gi best mogleg behandling. Det er klart at dersom du er kirurg som opererer på bedøvde pasientar, eller sjukepliar som jobbar med bevistlause pasientar på intensivavdelingen så treng du ikkje så mykje språkforståing, men du kjem nok ikkje heilt unna at kvaliteten på behandlinga blir betre dersom helsepersonellet også har klart å lese journalen. Største problemet med helsepersonell som er utdanna i utlandet og som har lært seg norsk er ikkje kompetansen i seg sjølv, problemet er ofte at dei har lært å jobbe på ein litt anna måte enn til dømes ein norsk sjukepleiar. Du skal ikkje berre kunne helsefaget, du må også kunne jobbe i det norske systemet, og det har du ikkje nødvendigvis lært om du har din utdanning frå Spania eller Vietnam. Det er mange nordmenn som drar til utlandet for å få utført operasjonar eller tannbehandling fordi det er billegare og med lik eller høgare kvalitet enn ein får i Norge. Ein hadde ikkje utført slike inngrep i utlandet dersom ein ikkje hadde stolt på at kirurgen har kompetansen i orden.
  21. 800k som siv.ing i det private er litt under snittlønna. Særleg innafor det private så kan det være stor forskjell mellom stillingar med høgast og lågast lønn, det er også regionale forskjellar. 800k etter 9 år er over snittet i enkelte landsdelar, det er også litt ulikt frå arbeidsgivar til arbeidsgivar om ein får overtidsbetalt i tillegg eller om overtid er innrekna i årslønna. Fordelen med å jobbe i staten er at lønna er ganske lik overalt, der det er relativt lite forskjell på kvar i landet ein bur.
  22. Det har vært store politiske endringar før også, men eg er likevel einig i at det i mange land no er eit politisk ønske om å gjere store endringar. Gjerne fordi det no er ein generasjon eller to som har levd ganske godt slik landa har vært styrt, og som ikkje kjenner til noko anna og som derfor er villige til å prøve ut nye måtar å styre landet på i eit forsøk på å gjere det enda betre. Og sjølv om det i vesten går frå å være velfungerande demokrati til å bli meir autoritært styre så skal vi ikkje gløyme at det i andre verdensdelar også er mange land som går frå autoritært styre til eit folkekrav om demokrati. Er heilt einig i at vi må rekne med fleire krigar dei neste 10 åra, men eg tviler på at vi får ny verdenskrig. Til dette så har både politikken og teknologien utvikla seg i ei retning der eg finn det mindre og mindre sannsynleg at vi får store konstelasjonar av land frå alle verdensdelar som står i krig mot ein eller fleire tilsvarande konstelasjonar. Ein viktig grunn til at både fyrste og andre verdenskrig vart å rekne som verdenskrigar var at USA gjekk inn i ein krig som stort sett foregikk i Europa, og til dels fordi Storbritannia og Frankrike som kolonimakter henta soldatar frå sine koloniar slik at det var fleire nasjonalitetar innvolvert enn kva som hadde vært normalt. Krigen i Stillehavet mot Japan under andre verdenskrig var i all hovudsak ein parallell krig der Japan hadde sine eigne planar for søraustasia som var uavhengige frå Hitler sine planar. Så dersom vi får ein tredje verdenskrig så trur eg at den krigen vil bestå av mange uavhengige krigar som pågår samtidig, kanskje også der same nasjon har fleire frontar. Krigen mellom Russland og Ukraina kan absolutt opne for at det bryt ut krigar og opprør andre stadar også fordi moglegheita opner seg, men etter mitt syn vil ikkje det utgjere ein verdenskrig slik som vi tenker på dei to fyrste, med etablerte frontlinjer og stort tap av menneskeliv. Mellom anna er det frykta at Kina skulle utnytte situasjonen til å angripe Taiwan fordi Amerika og Europa var bundne opp med å hjelpe Ukraina og fordi at Biden ikkje var spesielt interessert i å kaste USA ut i ein ny krig. På dette området er det kanskje ein fordel med Trump som president i USA, etter at Trump har tatt over så vil nok andre nasjonar i større grad frykte Amerikansk innblanding fordi ein veit at Trump er krigshisser.
  23. Dobbel eller trippel pose. Matavfallsposane er gratis og du får så mange du vil ha. Alternativt at du bytter pose ofte og ikkje venter til det blir fullt. Akkurat kaffegruten kan du også vurdere å berre skylle ned i vasken. Den er så finmalt at det ikkje påvirker avløpet, og som matavfall har den relativt liten verdi.
  24. Om begge partar er einige om at det er greit så er det heilt uproblematisk. Utroskap er utroskap uansett korleis ein snur og vender på det, det er aldri ei unskuldnimg at ein tok betalt, var full, var sjalu, eller liknande. For dei aller fleste så vil det ikkje være akseptabelt at partneren din har sex med andre, og særlig ikkje andre i vennegjengen då dette er utroskap. Betaling og lovlegheit endrer ingenting, det er masse anna som også er fullt lovleg men som ein ikkje gjer bak ryggen på partneren sin. Lova er nok vedtatt i beste meining, men det er ei lov som er veldig moralsk styrt. Til dømes at ein kvar seksuell handling i bytte mot vederlag eller forsøk på dette er ulovleg, noko som opner for stor moralsk tolking. For blir du sexkjøper når du har med blomster heim på valentinsdagen for å "kjøpe" sengekos med kona? Kva med å spandere middag på ein date? Legge ut for taxi dagen etter ein ONS? Betale ein eskorte for å tilbringe kvelden og deretter ha frivillig sex etter at jobben er utført og betalt? Når er eigentleg grensa nådd? For å beskytte både sexarbeidarar (og alle andre) så er det kriminaliteten ein må forby og bruke politiressursar på å forhindre. Det er ingenting i denne lova som ikkje alt er ulovleg, frå det openbare eksemplet med at menneskesalg er ulovleg, til det meir mundane med at avtalelova forbyr avtalar der den eine parten har utnytta den andres nødtilstand eller uerfarenheit. Så sjølv utan dagen forbod med sexkjøp så stilles det ekstra strenge krav til at kjøparen må forsikre seg om at den prostituerte inngår avtalen frivillig og med full forståing av konsekvensane, og ikkje inngår avtalen på bakgrunn i ein nødstilstand som til dømes at ho må skaffe pengar til narkotika.
  25. Når det gjeld lovlegheita så meiner eg at det heilt klart bør være lovleg å selge sex, det er alle negative forhold rundt sexsalg som må regulerast og prioriterast. Som til dømes utfordringa med trafficking og menneskehandel, det er i seg sjølv ulovleg og det er etter mitt syn heilt likegyldig om menneska som effektiv sett er slavearbeidarar blir satt til å jobbe med sexsalg, narkotikasalg, eller som billig arbeidskraft på hermetikkfabrikken. Tvang og utnytting er også frå før ulovleg, så heller ikkje her hjelp det med eit forbod mot sexsalg. Det einaste som forbodet mot sexsalg fører til er at dei prostituerte som jobbar under tvang, i liten grad kan rekne med å få hjelp sidan salget foregår i det skjulte, og at kundane som kunne gått til politiet for å melde frå ikkje vil gjere dette fordi ein då også må tilstå sitt eige lovbrot.
×
×
  • Opprett ny...