Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Kunst og kultur er sjølvsagt alltid relativt, men er heilt einig at slik støtte bør enten være tufta på at det er økonomisk gunstig, altså at genererte inntekter i form av salg, skatteinntekter, arbeidsplassar, osv blir større enn det ein har putta inn. Eller så må det være eit prosjekt som tener norske interesser, som til dømes å formidle norsk kultur. Når ein rekner på det økonomiske så må det være snakk om realistisk inntening. Når ein gir millionbeløp for at Tom Cruice skal filme nokre scener i Norge så må ein få noko igjen. At Mission Impossible produksjonen skal få stenge ned Prestestolen for å filme der, og deretter framstiller dette som eit fjell i India, så stiller eg meg tvilande til at turisteffekten blei spesielt merkbar. Dustborn er eit reint underhaldningsprodukt som like godt kunne vært produsert i USA. Fordelane for Norge er då avgrensa til at vi har holdt eit norsk spelstudio i drift, og moglegvis at spelet utgjer eit sleivspark som kritiserer amerikansk kultur. At spelstudioet Red Thread Games har tidlegare laga spelet Draugen viser at spelstudioet er i stand til å fronte norsk kultur, det spelet er tross alt satt til Norge. Det spørs om ikkje nokon har blitt ført bak lyset når det vart søkt om støtte til å lage Dustborn.
  2. Håper du ikkje også er tilhengar av meir restriktiv innvandringspolitikk, for då er ironien fullsatt. Det er fint mogleg å kutte all grensekontroll og ikkje be om verken ID eller stille spørsmål, men det gir sjølvsagt eigne utfordringar.
  3. Nei du er ikkje pålagt å svare, men konsekvensen er at du ikkje får reise. Immigrasjonsmyndigheitene skal avklare om formålet hei reisa stemmer med det du har fått løyve til. Typisk at ein då skal sjekke om dei som har erklært seg sjølv til å være turist faktisk berre er på besøk og ikkje har til intensjon å til dømes jobbe eller busette seg.
  4. Fin konklusjon, trur det er lite ueinigheit om at det er atmosfæren som skaper global oppvarming. Det er dette som er drivhuseffekten, at atmosfæren reflekterer varmestråling tilbake til jorda i staden for å forsvinne ut i verdensrommet. Om ein tilskriver dette fenomenet med ei klarare atmosfære kjem heilt ann på kva ein definerer som "klart". Det avgjerande spørsmålet er likevel kva er det som har ført til at atmosfæren held betre på varmestrålinga. CO2 er ein av gassane som gir mer drivhuseffekt. Det som eventuelt er igjen å krangle om er om drivhuseffekta er menneskeskapt, om den er naturleg men er forsterka på grunn av menneskeleg aktivitet, eller om den utelukkande skyldes naturlege fenomen som hadde skjedd uavhengig av menneskleg aktivitet.
  5. Utan å ha dokumentasjon på det så vil eg anta at risikoviljen er større i USA fordi ein fortsatt held på den amerikanske drømmen om å kunne bli veldig rike. I tillegg har ein også mentaliteten om "fake it till you make it", der alle investorane som tek risiko og taper blir ignorert og gløymde medan alle investorane som har flaksen på sin side blir dratt fram i rampelyset. I Norge så har nok mange eit meir realistisk forhold til investeringar. Vi har også mange gode alternativ til investeringa, særleg bustadmarkedet er som påpeikt eit godt investeringsobjekt som både gir stor avkastning med svært liten risiko for tap. Det er nok heller ikkje fullt like attraktivt å være steinrik i Norge. I Norge så har vi kultur for lite klasseforskjellar mellom folk, så ein blir i stor grad behandla lik enten ein er fattig eller rik. I USA er rikdom i langt større grad også ein snarveg til fordelar som folk flest ikkje får. Dette fører etter mitt syn til at viljen til å gamble alt på å kanskje bli superrik er liten. I Norge er det langt meir attraktivt med "trygge" investeringar der målet er å bli middels velståande. Det å ha nok pengar til å kunne leve komfortabelt utan å ha så mykje pengar at ein blir skatta ihjel er eit bra kompromiss etter norske forhold.
  6. Bot blir sjølvsagt lempa i alle fall delvis over på kundane, ein stad må jo pengane kome frå og Konkurransetilsynet har ingen myndigheit til å kreve at pengane skal kome frå utbytte eller leiarlønningar. Eg meiner at bruken av prisjegarar ikkje er spesielt grovt, for sjølv om dei brukar prisjegarane til å sette prisane likt det andre kjeder har, så har vi også fordelen av det når det på grunn av prisjegarar oppstår handelskrig der alle kjedene dumper prisane på dagen på enkelte matvarer. Det som er problemet er at Konkurransetilsynet aktivt hindrar oss forbrukarar å få tilgang til denne prisinformasjonen. https://e24.no/privatoekonomi/i/9vrn5r/konkurransetilsynet-kritisk-til-dagligvareportal Slik som det er no så er det berre daglegvarekjedene sjølv som har god prisoversikt nettopp fordi dei bruker prisjegarar til å sjekke og registrere prisane hos konkurrentane. Eg er heilt sikker på at dersom forbrukarane hadde hatt tilgang til alle prisane, til dømes gjennom ein app der ein sett opp handleiste og får opp kva prisen er på butikkane i ditt nærområde, så hadde prisane blitt pressa ned. Daglegvarekjedene har enkelte varer som dei annonserer med tilbod på, særleg då dei matvarene som vanligvis danner grunnlaget for handlekorga som VG sin matbørs bruker som samanlikningsgrunnlag. Disse varene tener dei ikkje så mykje på, kanskje også med tap. Det dei tener på er alle andre varene som kundane ikkje er prisbeviste på og som aldri blir annonsert som tilbodsvarer, som til dømes hygieneprodukt. I tillegg til dei vanlege matvarene som det ikkje er tilbod på. Slik som det er i dag så må du sjølv gå innom alle daglegvarebutikker for å sjå på alle prisane, og deretter ta ei ny runde for å handle. Dette har folk flest ikkje tid til. Men eg er heilt sikker på at dersom eg enkelt hadde fått opp i ein app at denne veka så er det billegast å handle på Coop, med unntak av ost, dopapir og brus som er mykje billegare på Kiwi butikken på andre sida av gata, så hadde eg vært langt meir konsekvent i å handle billegaste varene på dei billegaste butikkane. I dette gitte eksempelet så ville ikkje Coop fått solgt osten sin utan å sette ned prisen til same nivå som Kiwi. I dag så veit eg ofte ikkje at osten er mykje billegare på Kiwi og kjøper den derfor på Coop fordi eg var innom likevel for å handle dei store sjokoladeplatene som dei har annonsert som tilbodsvare på store plakatar.
  7. The Avatar

    Tyveri fra jobb

    Ein anna sannsynleg konsekvens er at Bring seier opp avtalen med å ha post i butikk hos den aktuelle butikken. For mange butikkar er dette ein viktig tilleggsinntekt, både for å oppretthalde arbeidsplassar og for å i det heile tatt ha tilstrekkeleg med inntekter til å unngå ein konkurs.
  8. Det var i alle fall variert med spel frå både fyrste generasjon slik som Pac-Man til Concord som kjem ut i morgon. Kor kjente spelunivers dette representerer kan nok diskuterast. Du må nok være minst 50 år og fortsatt aktiv gamer om du skal ha eit nært fohold til alle disse speltittlane, sjølv om at også yngre spelarar kan sjølvsagt ha testa ut dei gamle klassikarane i nyare tid. Det eg kanskje har minst forventningar til er Dungeon & Dragons, sidan det antagelegvis ikkje referer til eit bestemt dataspel og vil nok då få ei historie som minner på settingar som vi har sett 1000 gongar før.
  9. Eg trur det kanskje skal holde hardt om partane blir einige tidsnok til å rekke utbetaling på desemberlønna. Ser på tekna sine sider at kjennelsen ikkje vil føreligge før alle partane er ferdige. Så sjølv om Akademikerne og Unio "tjuvstarter" den 7 november så er det sluttføringa av den frivillige lønnsnemda til LO Stat som avgjer år heile oppgjeret blir ferdig. Det er sjølvsagt veldig vanskeleg å spå, men eg trur at lønnsnemdbehandlinga kan ta lang tid ettersom det strid om heile prinsippet for framtidige forhandlingar og ikkje berre eit spørsmål om økonomi. Akademikerne og Unio kjemper for å få behalde sin tariffavtale medan Staten med støtte frå LO vil ha alle tilbake på same tariffavtale. Den frivillige lønnsnemda mellom Staten og LO vil være ganske grei skuring dersom Staten vinn fram med å få Akademikerne og Unio over i same tariffavtalen som LO har, men dersom Akademikerne og LO vinner fram med å få behalde sin tariffavtale så må vi forvente at LO vil forhandle sterkt om å oppnå tilsvarande fordelar som Akademikerne og Unio då får behalde. Ein skal huske at LO sitt viktigaste krav og største "seier" i årets lønnsoppgjer var å få Akademikerne og Unio over til same tariffavtale som LO har, så dersom Akademikerne og Unio vinner fram så faller nesten heile grunnlaget for einigheit mellom LO og Staten bort. Virkningstidspunktet blir typisk satt til den datoen der arbeidarane tok opp igjen arbeidet, så det vil ikkje være veldig overraskande om virkningstidspunktet blir satt til starten av juni og ikkje 1 mai, dette er likevel også noko som partane skal bli einige om i lønnsnemnda. Dersom det blir einigheit i tidsnok til å rekke desemberutbetalinga så må ein nok rekne med at det berre blir 6 månedars tilbakebetaling og ikkje full tilbakebetaling til 1 mai. Sjølv om virkningstidspunktet blir endra så kan det være at ein klarer å kompensere for det med å oppnå høgare forhandlingsresultat. Det kan være at partane rekk å bli ferdige til desemberlønna men det krever at forhandlingane går raskt unna. I staten er lønningsdagen vanlegvis den 12 i måneden, og vanlegvis er også fristen for å levere inn timelister siste dagen i måneden før for at personal og økonomi skal rekke å endre lønnsutbetalinga og lage lønnsslipp før endeleg utbetaling om morgonen den 12. I praksis må alle nemdbehandlingane være ferdige innan torsdag 31 november for at ein skal rekke å få utbetalinga på desemberlønna. Når det gjeld samla resultatet så vil det overraske meg sterkt om resultatet avviker veldig mykje frå frontfagets årslønnsvekts på 5,2%, det kan godt være at resultatet blir litt lågare men eg tviler på at det blir svært mykje lågare, det er tross alt ikkje pengar denne streiken handlar om. Datolønnsveksten i prosent som ein får frå 1 mai, eller 2 / 5 juni vil sjølvsagt bli lågare på grunn av overhenget, men overhenget får ein også med seg over til neste år så over tid så vil det utjamne seg. Med årslønnsvekst på 5,2% som etter overheng og glidning gir 1,9%, og som då skal utbealast for dei siste seks månadane så vil nok datolønnsveksten være rund 3,8%. I realiteten blir resultatet høgare ettersom ein dreg med seg dette resultatet over til neste år som då gir eit mindre overheng.
  10. Det er heilt vanleg at den øvste leiaren har immunitet. Ein viktig grunn til dette er at det skal være mogleg å utøve myndigheit utan å heile tida bli stoppa av anklager om ulovlegheiter. Ein anna viktig grunn er at Staten må stå over lova for at vi ikkje skal få sirkelargumentasjon der lovbrytarar blir satt i fengsel og deretter blir påtalemyndigheita anklaga for friheitsberøving som også er ulovleg. For Norge sin del så gir det eit litt merkeleg utslag ettersom utøvinga av statsmakta ikkje lenger ligg til kongen som person. Sånn sett synes eg det er langt meir merkeleg at den amerikanske presidenten har benådningsfullmakt. At presidenten sjølv ikkje kan settast i fengsel blir litt slik som at kongen har immunitet, men at andre utan tilknytting til myndigheitsutøvinga skal kunne bli benåda av ein persons vilje er langt meir spesielt.
  11. Kan det være eit alternativ å tydeleggjere at dette er ei gåve ved at mora di gi dykk to ei mykje større pengegåve ein gong i staden for at dykk får eit stort pengebeløp på slutten av året kvart år? Sett utanifrå så virker det veldig som at det er betaling for arbeidet som har blitt utført dette året, og at det kan ligge ei gjensidig forventning om at dersom du gjer det same også komande år så vil du kunne forvente ei tilsvarande "gåve" også neste år. Gåver over 100 000 kr må du oppgi på skattemeldinga, men du skal fortsatt ikkje betale skatt av det du har fått i gåve, det er ei rein registreringsplikt for å kunne spore at pengane har eit lovleg opphav. Dersom din mor kunne gitt eit større beløp enten berre ein gong, eller med fleire års mellomrom så vil det være med å tydeleggjere at gåva ikkje fordrer at du utfører arbeid. Dersom det er ei reell gåve så skal det ikkje høyre med ei motyting. Så du skal stå heilt fritt til å slutte å hjelpe din mor utan at det i seg sjølv medfører at du neste år ikkje får "gåve". Ikkje at eg trur det er nokon fare for at du tek pengane og lar mora di klare seg utan hjelp, for som du seier så er det den naturlegaste ting å skulle hjelpe sin mor. Ved å gi eit større pengebeløp så vil din mor ta ein "risiko" på at ho ikkje nødvendigvis får noko tilbake i bytte mot gåva, det er nettopp dette som er definisjonen på ei gåve.
  12. I kva samanheng søkes det etter menn? Slike stillingar er i all hovudsak i offentlege helseforetak og då vil det overraske meg sterkt dersom ein bryt diskrimineringslova ved å utelukke kvinnelege søkarar. I ei slik stilling så skal du eigentleg ikkje bruke makt, så det å være stor og sterk burde ikkje være eit kvalifikasjonskrav (men det er sjølvsagt alltid ein fordel i arbeidslivet og i livet forøvrig å være høg, sterk, smart og vakker). Kan det være at det ikkje søkes etter menn, men at menn oppfordres til å søke? På ein arbeidsplass der menn er sterkt underrepresentert så vil det etter diskrimineringslova være lov å oppfordre menn å søke. Dette er likevel mest vanleg å sjå brukt motsatt, altså at kvinner oppfordres til å søke på stillingar som er sterkt mannsdominerte. Sjølv om litt av jobbe i ei slik stilling vil være å kunne stå opp mot vanskelege og utagerande pasientar så skal du ikkje bruke fysisk makt, så eit krav om at du må være stor og sterk vil normalt ikkje være sakleg. Ofte vil små personar være godt egna til å ro ned situasjonar ettersom ein ved å ikkje framstå som ein fysisk trussel så er det lettare å roe ned personen utan at det ender opp med voldsbruk. Både dørvakter og politiet har gjort seg erfaringar om at vanskelege personar kan det være lettare å roe ned dersom den som prater ikkje sjølv er stor og "skummel". Ein bør likevel ha ein som er stor og sterk i bakgrunnen for å handtere situasjonen om pratinga ikkje fungerer. I slike yrker er det ofte veldig effektiv å jobbe i tospann der begge oppfyller litt ulike roller. Det som kan være sakleg er at du må være i fysisk stand til å unngå at du kjem til skade. Ein måte å kompansere for manglande fysiske størrelse er å være i god fysisk form og kanskje også trent i sjølvforsvarsteknikkar. Dette skal uansett ikkje være det viktigate kravet, slike stillingar er normalt eit helsefagleg stilling der det er helsekompetansen som er det vikitge, ikkje din evne til å utøve vold.
  13. Her står du fritt til å inngå avtale. Ei personleg avtale vil overstyre kollektive avtalar, så sjølv om HR har føringar på 3 dagar i veka på kontoret så er ikkje det til hinder for at du kan gjere anna avtale som ei personleg ordning. Det er derimot ikkje sikkert at HR vil akseptere ei slik avtale, for dersom du får unntak frå føringa så vil det sikkert være mange andre som også vil ha avtale om unntak. På dette området står du friare som innleigd konsulent ettersom det ikkje gir føring for kva dei faste tilsette kan kreve. Det fyrste eg tenker er at dette kan løysast ved å kalkulere inn kostnadane i lønna. Om det koster 15 000 i reisekostnadar, og dette er kostnadar du får kvar veke så er nok likevel beløpet så stort at det er urealistisk å tenke at du skal få til ei avtale om å få omtrent ei heil årslønn på toppen av den vanlege lønna. Då skal du være særdeles ettertrakta. Normalt sett er pendlekostnadar noko som arbeidsgivar ikkje treng å tenke på. Dei fleste som har 7-8 timar reiseveg til jobben løyser dette ved å flytte nærmare jobben. Nokre få tek også på seg kostnaden sjølv, men då er det oftast fordi det er snakk om viktig arbeidserfaring som seinare opner for nye jobbmoglegheiter der ein kan tene inn igjen tapet. Slik som eg ser det så er det berre to realistiske løysingar. Enten at du flyttar for å ikkje ha så lang pendlarveg, eller at du får avtale om at du likevel får jobbe frå ekstern lokalitet, enten det er heimekontor eller at arbeidsgjevar leigar eit kontorlokale i ditt område slik at du får ein anna plass som du kan ha som din lokale oppmøteplass.
  14. Det er lov å gi bort gåver, og det er lov å betale lønn for utført arbeid. Men ein kan ikkje kalle lønnsutbetaling for ei gåve om det ikkje er det. Ei gåve er ikkje ei gåve om det i realiteten er knytt forventing om motyting, om gåva berre blir gitt til dei av slektningane som assisterer med daglege gjeremål så er det vanskeleg å hevde at dette er to heilt separate forhold. Her handlar det fyrst om denne gåva er ei reell gåve eller om det er ei godtgjering kamuflert som ei gåve. Og sekundært så handlar det om korleis det ser ut dersom Skatteetaten kjem for å stille spørsmål. Slik som du legg det fram så kjem du nok ikkje unna at Skatteetaten vil rekne dette som inntekt. Når du har utført ein jobb, og så synes den du har jobba for at du fortener å få pengar for jobben, så høyres det veldig ut som ein betalt jobb. Du må då eventuelt bevise at dette er ein jobb du gjer heilt utan forventning om å få ei "gåve" etterpå. Som nemnt så kan du motta inntill 6000 kr i året per arbeidsgjevar utan å skatte av inntekta så lenge det er snakk om småarbeid i arbeidsgivarens heim. Skatteetaten viser til eksempel som hagearbeid og reinhald. Strengt tatt er nok då arbeid som å dra på butikken eller ta med mora di til optikaren ikkje å rekne som arbeid i arbeidstakarens heim, men sett utifrå formålet så vil eg tru det skal gå greit så lenge du ikkje spesifiserer at det er lønn for småarbeid utanfor heimen. Dersom det er snakk om summar som klart overgår denne 6000 kroners grensa, som i tillegg berre går til dei slektningane som utfører arbeid for din mor, så er det vanskeleg å påstå at dette er ei gåve. I denne situasjonen så er det heller ikkje snakk om ei gåveutveksling, du gir ingenting tilbake anna enn den jobben du utfører.
  15. Vil tru at statistikken lyg litt. Dette er eit spel som eg trur mange vil vente med å kjøpe til det kjem på tilbod. Det ser ut til å være omtrent 16 timars speletid, mykje av dette som cut scenes. Slike spel brukar ofte å ha avgrensa med gjenspelingsverdi, dette er nok eit typisk spel som folk kjøper på 50% rabatt og speler gjennom ein gong. Det er nok uheldig at dette spelet kjem til å få mykje tyn på grunn av politiserte meiningar frå folk som i beste fall berre har sett traileren. Altså litt som at mesteparten av kritikken mot "The Last of Us 2" kom frå folk som antok handling basert på lekkasjer om handlinga. Eg har full forståing for at politisert underhaldning ikkje er for alle, og her blir det nok vanskeleg å finne anmeldingar ein kan stole på. Likevel er eg spent på korleis dette spelet løyser representasjons-spørsmålet. Basert på det som står i artikkelen om at handlinga omhandlar ei gruppe med utskot med overnatrulege krefter så er det godt mogleg at spelskaparane har klart å få til ein brei representasjon som også gir meining i speluniverset. Det kritikarane vanlegvis reagerer på er når representasjonen går på bekostning av det som gir meining i historia. Til dømes finnes det mange gode kvinnelege action heltar, men dei er typisk best når heile historia er tilpassa ei kvinne og ikkje at ein berre har re-casta ei rolle som var tiltenkt Dwayne "the rock" Johnson som skulle kaste rundt på 'bad guys' som om dei var filledukker, og så gir dei rollen til Bella Ramsey som ikkje på truverdig måte kan sloss på same måte utan å bli gitt overnaturlege evner.
  16. Er det verkeleg formykje forlangt å be om å få sjå skjermbilder som viser gameplay med brukergrensesnittet? Du veit, det du kjem til å bruke 99% av speletida på å stirre på. Det er eit skjermbilde som viser at kartet er delt inn i heksagon (som ikkje er veldig overraskande), men bortsett frå det så var det berre filmsekvenser og animerte bevegelsar som dei fleste spelarane kjem til å slå av rimeleg fort for at ei 8 timars runde med Civilization ikkje skal ta 4 døgn.
  17. Ofte er det et spor på innsiden for stort flatt skrujern.
  18. Om det er same dimensjon så er det berre å skru ut. Kan være greitt å snakke med styret (eller ikkje gjere det) før montering få dettr kan ha betydning for brannklassifisering på døra.
  19. Det å "møtes på midten" virker også å være et rart utgangspunkt. Dersom dei meiner at det føreligg ei gyldig avtale som ikkje kan seiast opp, så burde det vel også følge at at dei har rett til å få få dekt sine tapte forteneste. Så ville vel ha rekna med at eit kompromiss i ei slik sak er at kursholder får dekt sitt tap ved at studenten melder seg av, og at studenten slepp å betale for utgifter som kursholder ikkje har.
  20. I følge trådstarter blir det gamimg fordi du stirrer på ein skjerm. Akkurat som at å bruke fire timar om dagen på "sosiale" media er så mykje meir produktivt.
  21. Dette er jo utelukkande fordi du har fordommen om at speling er det same som som barneleik. Å samanlikne alle spel med lego er som å samanlikne shopping med å kle opp Barbie dukker.
  22. Du fyller inn usikkerheitene med antakingar. Å være ufør kan være så mangt, samtidig er kanskje ikkje sjukdomshistorikk det ein legg ut om på fyrste date. Om dette er noko for deg kjem heilt ann på kva du vil ha ut av eit forhold. Om det du vil ha er ein å dele bustadlånet med så er nok ein uføretrygda det du leitar etter, men vedkommamde kan ha mange andre gode kvalitetar sjølv om vedkommande ikkje er i stand til å reise på jobb kvar morgon.
  23. Vanlegaste grunnen til at du ikkje får kontakt med telefonen er at den er avslått eller at den er lagt i ein pose som blokkerer radiosignal. På kva måte mista du telefonen? Ein eldre telefon med liten verdi er ikkje spesielt attraktiv som tjuvgods, og ettersom du var på byen så er det nok langt meir sannsynleg at du har mista telefonen og/eller at ein full person har plukka den med seg i tru at det var deira eigen telefon eller på pur faen som ei impulushandling. I så tilfelle er det mest truleg at telefonen har blitt kasta i søppelet eller lagt i ei roteskuff med skrot dagen derpå utan at det føreligg onde hensikter eller kompetanse til å gjere noko med telefonen. Har du sendt kommando om låsing/sletting så vil telefonen bli låst om telefonen mottek nettverkstilgang. Det er sjølvsagt ingenting som er 100% sikkert. Har telefonen blitt stjelt av kinesiske spionar så klarer dei å omgå krypteringa om dei legg nok tid og ressursar i arbeidet. Vanlege amatører har ikkje slik kompetanse og ressursar. Og igjen, ein eldre telefon vil det ikkje være verdt å bruke tid på å prøve å låse opp. Det er nok ikkje ein stor fare for at dine personlege data har blitt lasta ned og delt på det mørke nettet, i alle fall om du ikkje er ein person som truleg har mykje spennande lagra på telefonen slik som topp-politikarar og kjendisar kanskje har. Det er likevel fornuftig å bytte passord så raskt som mogleg. Største faren for at data kan kome på avvege er eigentleg om telefonen vart stjelt rett etter at du brukte den slik at den fortsatt er opplåst, for ein tjuv som då held telefonen aktiv så lenge batteriet varer så vil ein med ein opplåst telefon kunne gå inn på appar og tenester der du er innlogga frå før. Ein tjuv som har tatt ein ulåst telefon kan potensielt klare å låse deg ut frå andre innloggingstenester ved å bestille nytt passord og få det sendt på SMS eller epost som tjuven då har tilgang til i form av ein opplåst telefon der du alt er innlogga på eposten.
  24. Nei. Havne- og farvannsloven med mine uthevingar. Losen gir rettleiing skipsfører og/eller navigatør men tek ikkje over ansvaret. At Losen ikkje tek over ansvaret som skipsføraren har er understreka i neste paragraf. Og igjen presisert under paragrafen om Losens plikter, at losen skal rettleie skipsføraren. Losen er ein rådgivar. Ordninga er eigentleg heilt lik på land. Dersom du som bilførar skal rygge til dømes med tilhengar slik at du har dårleg oversikt så skal du få nokon til å dirigere deg slik at rygginga kan foregå på ein trygg måte. Men det er fortsatt du som bilførar som har alt ansvar for køyringa. Dirigenten kan rope og vifte så mykje han eller ho berre vil, men om du som bilførar ikkje trykker på bremsen så er det din feil. Nytter ikkje å skulde på fotgjengaren då.
  25. Kanskje ikkje isolert sett, men i denne situasjonen var det alt for høg hastigheit når det var mørkt og smalt. Det at HI var eit krigsskip tilseier også at ulykka burde være mogleg å unngå til tross for feil lanternebruk, ein segler ikkje mot lyskjelder utan å ha kontroll på fart og avstand. Eit krigsskip skal ikkje vere avhengig av å segle visuelt basert på lanternebruk når brua er fyllt med teknisk utstyr for å kunne segle under dårlege siktforhold. Dersom sjøforsvaret er avhengige av at fienden har tendte lanterner for å ikkje kollidere så er vi ille ute. Om eg ikkje huskar feil så seilte også HI mørklagt, noko som ytterlegare tilseier at HI har eit ansvar for å unngå ulykker ettersom andre sjøfarande ikkje lett kan sjå og unngå HI.
×
×
  • Opprett ny...