The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 714 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Svaret er dessverre ikkje like raskt. Det er avhengig av fleire forhold, særleg kva som står i arbeidsavtalen din, og om du eventuelt har tariffavtale. Reknar med at du her tenker på det som i arbeidsmiljølova blir kalla "beredskapsvakt utenfor arbeidsstedet", altså at det ikkje er snakk om ei ordinær arbeidsvakt der du er på arbeidsstaden under heile vakta. Arbeidsgivar har relativt fri tøylar gjennom sin styringsrett, så i den samanhengen så kan arbeidsgivar tvinge deg inn på ei vaktordning. Arbeidsgivar må likevel holde seg innafor det som er den avtalte arbeidstida. Eventuelt arbeid utover avtalt arbeidstid kan ikkje påleggast utan at det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov. Arbeid utover avtalt arbeidstid skal drøftast med din tillitsvalgte om du har dette. Pålagt arbeid utover grensa for alminnelig arbeidstid skal reknast som overtidsarbeid. Som arbeidstakar så har du rett til å bli fritatt for å jobbe utover avtalt arbeidstid dersom du ber om dette på grunn av helsemessige eller vektige sosiale grunnar, samt at arbeidsgivar pliktar å frita deg frå arbeid om arbeidet utan skade kan utførast av andre. Veldig ofte kan derfor arbeidsgivar tvinge deg inn i ei vaktordning innafor rammene av alminneleg arbeidstid og reglane for overtidsarbeid. I praksis så kjem det mykje ann på korleis vakta blir organisert, ein kan mellom anna unngå avgrensinga om arbeidstid ved at du blir fritatt frå det ordinære arbeidet på dagtid slik at den vanlege jobben ikkje kjem i tillegg. Til slutt vil eg legge til at ulempane med ei vaktording kjem veldig ann på kva slags vaktordning som blir innført. For beredskapsvakt skal du ha betalt for minst 1/7 timar etter arbeidsmiljølova, er vaktordninga belastande så skal du ha betalt for fleire timar. Merk at dette er betalinga for å være tilgjengeleg, dersom du må utføre arbeid så skal det lønnast som vanleg (overtids-)lønn. Kor belastande vakta er blir ei vurdering av kor ofte vakta medfører at du må utføre arbeid (kor ofte du blir oppringt), og til dels også kor lang responstid du er pålagt. Det er sjølvsagt stor forskjell på om du er forventa å kunne møte på om forventa responstid er 30 min slik at du omtrent ikkje kan gjere anna enn å sitte heime, og det å ha ei vakt der du kan bli bedt om å møte på jobb om 3+ timar.
- 4 svar
-
- 1
-
Hydrogen – grunnstoffet som kan redde verden
The Avatar svarte på Wall Dorf sitt emne i Samferdsel og infrastruktur
Eg er også einig i at hydrogen ikkje har særeg med framtid som drivstoff for privatbilar. Det betyr ikkje at det ikkje kan bli framtidas drivstoff, for det kjem heilt ann på kva vi som samfunn er villige til å akseptere av ulempar. Hydrogen vil alltid være ressurskrevande å produsere og distribuere som komprimert drivstoff, men det er også ressurskrevande å pumpe opp olje, rafinere til drivstoff og køyre ut til bensinstasjonar, så om vi vil legge ned oljeproduksjonen så kan ein nok gå over til hydrogen utan særleg ekstra kostnad. Det som gjer det ekstra dyrt med hydrogen akkurat no er at det må byggast opp ein parallell infrastruktur med den eksisterande infrastrukturen for bensin/diesel, og at det realistisk sett ikkje er mogleg å stenge oljekrana 1 januar. Akkurat no så framstår elektrisk drift med batterier som det mest aktuelle drivstoffet til å ta over, mest fordi den elektriske infrastrukturen låg klar slik at det berre var ladekapasiteten som måtte byggast ut. Og fordi dei fyrste elbilane kunne ladast i vanleg stikkontakt så var det mange som kunne kjøpe elbil tidleg, og lage grunnlaget for det ladenettverket som vi har i dag. Same fordelen har vi ikkje med hydrogen, kjøper du hydrogenbil så vil tilgangen på drivstoff alltid være ei utfordring ettersom vi har få/ingen hydrogenfyllestasjonar. Og med få hydrogenbilar så vil det være både dyrt og risikofylt å skulle investere i å bygge ut hydrogenfyllestasjonar. I tillegg så må vi som samfunn gjere oss nokre andre tankar om sikkerheitshandtering dersom bilparken skal gå på hydrogen. Både det enkle spørsmålet om kva vi vurderer som akseptabel risiko, for det er ikkje gitt at framtidas transportbehov skal være både miljøvenleg og trygt. Det som i praksis er spikeren i kista for norske hydrogenbilar i dag er den omfattande kontrollen av "gassanlegget" som bilen må gjennom ved fyrste EU-kontroll som i praksis blir for dyr til at det er lønnsomt. Det er likevel ikkje gitt at vi skal ha eit så strengt sikkerheitsopplegg. I snitt er det i dag 100 bilbrannar i måneden det store store fleirtalet er dieselbilar. Dersom vi hadde fått fjerna alle diesel/bensinbilar så må vi forvente at talet på bilbrannar hadde blitt sterkt redusert, og då kan det være at det er akseptabelt at vi får hydrogenbilbrannar med litt større skadepotensiale så lenge det skjer sjeldan. Transport vil alltid medføre ein risiko, men etter mitt syn så er skadepotensialet med hydrogen for stort til at det er forsvarleg å legge om heile bilparken. Hydrogen er eit problematisk stoff sidan molekyla er så små at det blir veldig lett lekkasjer. Likevel så skal eg ikkje utelukke hydrogen heilt, for vi kan fint redusere både risiko og kostnad ved å justere våre transportforventningar. Til dømes så er det ikkje gitt at alle husholdningar også i framtida kan ha 1-2 personbilar, og der er ikkje gitt at det i framtida skal være lov å parkere i ein parkeringskjellar eller bruke bilen i sentrumsnære strøk. Men det seier seg sjølv at mykje av poenget med ein hydrogenbil forsvinn om du berre kan bruke den utanfor byen, og så må du ha ein elektrisk bil i tillegg for bykøyring.- 141 svar
-
- 1
-
Det tryggaste hadde sjølvsagt vært å ikkje fortelle historia. Når det gjeld at sedligheitsdommen ikkje vart nemt i serien så er det jo også eit spørsmål om kva TV-sjåarane kan forvente av bakgrunnsinformasjon. For spørsmålet om kor relevant forhistoria er, blir eit subjektivt spørsmål. Og sjølv om det er ei belastning for offera å sjå sin overgiper på TV mange år seinare, så er dette ei belastning som kriminaloffer ikkje har noko vern mot. Det er jo regelen meir enn unntaket at kriminaloffer må rekne med at dei kan både sjå og møte på sin gjerningsmann etter at vedkommande har sona sin straff. Om dokumentaren burde opplyst om denne sedligheitsdommen eller ikkje, er eg ikkje heilt sikker på. På den eine sida så forstår eg godt kritikken med at serien kanskje setter Bamsegutt i eit litt vel fordelsaktig lys. For det var jo ikkje tilfeldig at han utvandra til Filippinane utan intensjon om å returnere. Samtidig så var hovudpoenget med serien å vise kor hjelpelause nordmenn i utlandet kan bli, særleg når dei i tillegg har vanskar med å forstå det norske byråkratiet. Det andre store kritikkpunktet mot serien var Tore Strømøys samanblanding av roller, og då særleg det at han sjølv hjalp kona til Bamsegutt med å fylle ut søknaden om norsk opphaldsløyve. Objektivt sett så gjer det at Strømøy ikkje lenger er ein nøytral observatør. Men samtidig så er det ikkje eit ukjent grep i slike innslag. Når "TV2 hjelper deg" tek med seg ein misfornøgd kunde og trapper opp på bedriftas hovedkontor for å stille direktøren til veggs, så er heller ikkje dette ein nøytral journalistikk. Det er ikkje ofte at slike reportasjar også belyses butikkens versjon og forteller historia om den stakkars familiebedrifta som ikkje har råd til å gi kunden reklamasjon fordi omsettinga hadde vært så dårleg i andre kvartal. Tilsvarande blir det i serien "Ingen elsker Bamsegutt", det var ingen som hadde forventingar om at Tore Strømøy også skulle ta NAV og norske myndigheiter i forsvar for å forklare kvifor Bamsegutt måtte klare seg utan hjelp fordi skjemaet ikkje var rett utfylt.
- 68 svar
-
- 3
-
No har det gått nesten 72 timar frå trådstartar laga tråden, så det harmoniserer nok med at ein typisk får sympton mellom 36 timar og 6 dagar etter inntaket. Og viktigast i denne samanhengen at symptoma på nyresvikt vanlegvis kjem frå 3 til 17 dagar etter inntak. Eg mistenker likevel sterkt at dei pasientane som det står om i artikkelen har inntatt soppen mykje før trådstarter. Når mange plutseleg blir innlagt på sjukehus så er det fordi dei har spist giftig sopp utan å vite det, deretter har dei ignorert dei fyrste symptoma med diare/oppkast som omgangssyke, og fyrst når symptoma har blitt veldig alvorlege har ein sett samanhengen og kontakta helsehjelp. Trådstarter har i denne samanhengen vært langt meir opplyst enn dei fleste, då han/ho har vært klar over at det var mulig soppforgifting på gong. Slik som eg tolker trådstarter så var nok spørsmålet mest meint som eit spørsmål om kor farleg det eigentleg er med slik forgifting, og kva som i praksis kjem til å skje når han/ho møter opp på legevakta. Etter litt rask googling så kan det sjå ut som at det er normalt med ca 20 personar som kvart år blir innlagt på sjukehus etter soppforgifitng, i tillegg til at giftinformasjonen svarer ut rundt 40 000 telefonar. Rein gjetting frå min side, men eg vil nok tru at dei aller fleste som får i seg giftig sopp kan behandlast på legevakta utan sjukehusinnlegging, så mest truleg er det nok fleire hundre personar som kvart år pådreg seg ein eller anna form for forgifting. For dei som berre får i seg litt giftig sopp så er det sjølvsagt langt meir vanleg å bli kvalm og kaste opp enn det er å få akutt nyresvikt.
- 41 svar
-
- 2
-
Eg er ikkje einig i at det er heilt likt. Til dømes i spørsmålet om EU så er Høgre heilt klart for EU medlemsskap. Arbeidarpartiet er mot EU medlemsskap (men skjuler det litt bak å fyrst presisere at dei er for eit europeisk samarbeid). Når det gjeld EØS så er partia meir samstemte. Så vidt eg kjenner til så er det vel berre Raudt, SV og Sp som har tatt til orde for å trekke Norge ut av EØS avtalen. Den viktigaste grunnen til å stemme på eit anna parti er ofte for å vise misnøye. I praksis så er det ikkje alltid vi har særleg med alternativ dersom du er fornøgd med den overordna politiske samfunnsstyringa som både Høgre og Arbeidarpartiet står for. Det er ein del mindre parti som har eit litt anna syn, men disse partia har også eit ganske anna syn på heile samfunnsstrukturen. Dersom du til dømes er einig med Arbeidarpartiet i det aller meste, med unntak av at du sterkt imot EU og vil stemme på eit parti som er tydelgare i sitt nei til EU, så må du nesten stemme Raudt eller SV, men dei står også for ein heilt anna sosialpolitikk enn Arbeidarpartiet. Både Arbeidarpartiet og Høgre er eigentleg kompromissparti. Ingen av dei står for å innføre store samfunnsendringar då dette er det som gir flest stemmer. For det store fleirtalet så er det heilt akseptabelt med ei slik regjering. Sjølv om ein klart støttar Høgre så er det ingen krise om vi har Arbeidarpartiet i regjeringa, det som vil være krise er Ap-velgarane har tatt to skritt lengre mot venstre og gitt sin stemme til Raudt og SV, for dei to partia står for ein politikk som i mykje større grad er i strid med god Høgrepolitikk.
-
Det er derfor eg skriv at dei unge har engasjementstillingar av same grunn som at dei eldre blir innleigde gjennom sitt ENK/AS. Det er svært vanskeleg å kome inn i varmen hos NRK som fast tilsett med dei rettigheitene det mefører. Som blant anna i denne saka så er det mykje enklare for NRK å handtere saka ved å enkelt og greit ikkje fornye avtalen med Tore Strømøy etter at den fyrste er gått ut pådato. Hadde Strømøy vært fast tilsett så hadde det nok ikkje vært grunnlag for ei oppseiing slik at NRK ville måtte finne ei anna løysing, mest truleg eit kontor nede i kjellaren utan oppfølging og utan noko å jobbe med.
- 68 svar
-
- 2
-
Slik er det vel ovet heile linja. Dei unge som jobbar i NRK har vel berre midlertidige engasjementstillingar av same grunn. Staten er på mange måtar den mest kyniske arbeidsgivaren. Når det gjeld saka om Tore Strømøy så er det ikkje så lett å få tak i kva som eigentleg har foregått på bakrommet. Det er derfor litt vanskeleg å konkludere på om Tore har blitt dårleg behandla eller om det er han sjølv som var valgt å gå eine vegar. Det sagt så synes eg at det er modig av Tore Strømøy å velge ei anna vinkling enn det som er den jamne oppfattinga. Som til dømes med Bamsegutt, hadde han vært så politisk korrekt at det berre vart fokusert på ugjerningane og at Bamsegutt hadde berre seg sjølv å takke, så hadde det ikkje vært mykje poeng i å bruke offentlege pengar på å lage dokumentaren. Heile poenget var vel å sjå saka i eit anna lys og fortelle ei historie som ikkje har blitt fortalt før?
- 68 svar
-
- 3
-
Etter den nye avhendingslova så er det satt ei grense der tap/kostnadar som er under 10 000 kr er ting som kjøparen må dekke sjølv. Eg er einig i at utfrå dei premissa du setter så skal det mykje til for at dette vil koste over 10 000 kr å utbetre, og sjølv om det skulle koste litt over 10 000 så er ditt ansvar då berre det overskytande beløpet. Det er sånn sett også eit spørsmål om dette i det heile tatt er ein mangel, både fordi at mangelen må være ein mangel som selgaren kjente eller måtte ha kjent til, og at mangelen er betydeleg nok til å ha hatt innvirkning på avtala. Tilsvarande kan heller ikkje kjøparen gjere gjeldande ein mangel som ein måtte ha blitt gjort kjent med ved å undersøke eigedommen før kjøpet, eller dersom kjøparen har avslått ei oppmodning om å undersøke eigedommen. Eg tenker at grunnlaget for dette kravet er tynt. Både rent objektivt ettersom den nye avhendingslova har ei konkret beløpsgrense, og fordi det er tvilsomt om dette er ein mangel som du som selger måtte ha vist om. Og dersom det er ein mangel som du som selgar måtte ha vist om, så er det aktuelt å stille oppfølgingssøprsmålet om ikkje dette er noko som kjøparen burde ha oppdaga på visning. Kjøpar tek openbart ein litt større risiko ved å kjøpe noko som ein ikkje sjølv har undersøkt. Og dersom kjøparen har brukt eit familiemedlem som har relevant yrkeskompetanse så vil det også kunne være med å flytte meir av ansvaret over på kva kjøpers fagmann burde ha oppdaga, kontra kva du som ufaglært selgar måtte ha vist om. Så er det eit stort spørsmål om kva som er omfanget av denne råteskaden. Er den så bagatellmessing at kjøparen ikkje kunne forvente å få særskilte opplysningar om den. Og er dette noko som din takstmann burde ha fanga opp? Off-topic: Det er slike saker som gjer at eg generelt sett vil anbefale å teikne forsikring som selgar. For då kan du overlate mykje av jobben med å avslå reklamasjonskrav til forsikringsselskapet. Som boligkjøpar så meiner eg at det har lite poeng i å teikne boligkjøparforsikring, dersom du som kjøper finn manglar så må du vanlegvis kjempe for dette sjølv. I praksis vil forsikringsselskapet avslå mangelen som for ubetydeleg til at forsikringsselskapet vil bruke pengar på å følge opp mangelen. Og skulle bustaden ha store og openbare manglar så treng du eigentleg ikkje hjelp av forsikringsselskapet for å reklamere. Eit tips kan være å sjekke om du har rettshjelp som ein del av innboforsikinga di. Mange innboforsikringar har denne tenesta inkludert, så her kan det være hensiktsmessig å be om bistand av nokon som kan vurdere denne spesifikke saka i litt meir detalj.
- 19 svar
-
- 6
-
Tenker at det er eit langt mindre problem. For det fyrste så er det nok få som er så gjerrige at dei bruker det trikset så veldig mange ganger, og for det andre så er største problemet med dei som forsyner seg grovt på bufféen at dette er mat som nokon andre kunne spist om resten fekk ligge igjen på bufféen. Alt som kunden har lagt på fatet må kastast etterpå uansett om det er urørt. Så vidt eg har forstått så er det heller ikkje brukandes til dyrefor av frykt for at maten kan inneholde tannpirkarar og andre gjenstandar som kan utgjere ein fare for dyret.
- 26 svar
-
- 1
-
BankID på mobil legges ned – dette er alternativene
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Synes at det er dårleg at det er så få tenester som har valgt å støtte biometri for rask og enkel bruk. Slik som det er no så tilbyr BankID to sikkerheitsnivå. Nivået "høy" krev alltid passord i tillegg til at du må trkke OK i appen. Nivået "betydelig" tilbyr at du kan bruke biometri i staden for passord. Sjølv om BankID skriv på sine sider at dei ser på biometri-løysinga som kvardags bankID, så er min pratiske erfaring meir eller mindre omvendt. Det virker som at nesten alle aktørar som som har fått bruke bankID ser på sin eiga teneste som så viktig at dei dei krev det høgaste sikkerheitsnivået, og dermed nekter bruk av biometri. Min erfaring er derfor at det er relativt få aktørar som har opna for biometri. Her synes eg at BankID som selskap burde ha eit ansvar for å påsjå at ulike tilbydarar legg seg på rett sikkerheitsnivå. Eg har høyrt om fleire som tatt til orde for at dei vil bytte eller har bytta til eit enklare passord som er raskare å skrive inn, og det får igjen den konsekvensen at dei BankID tenestene som krev høg sikkerheit i praksis får redusert sikkerheit. Einaste passordkravet til bankID er 8-siffer med store og små bokstavar samt eit tal. Det skal derfor ikkje forundre med om det vanlegaste bankID passordet er "1234Qwer". Eg veit heller ikkje om eg nødvendigvis er einig i at sikkerheitsnivået er så mykje høgare enn ved biometri. Særleg når det gjeld svindel innafor eiga husholdning, den klassiske at ein tek opp lån i bestemor sitt navn, her meiner eg at passord gir svak sikkerheit. Fødelsnummeret har ein alt tilgang til, mange eldre har ikkje lås på mobiltelefonen sin, og bruker dei det same enkle passordet overalt så er det nesten garantert at slektningane også veit passordet. Dersom det er eit krav om biometri så gir det etter mitt syn eit ekstra sikkerheitsnivå ved at bestemor må være fysisk til stades for scanning av fingeravtrykk eller ansikt for at ein skal kunne svindle henne. Dersom biometri berre i kombinasjon av app blir for sårbart så burde ein vel kunne ha ei mellomlløysing som liknar den no utfsa BankID på mobil med at du må taste ei firesifra pinkode? -
Jeg skal skrive et kåseri i 10 klasse som skal få minimum 4+
The Avatar svarte på NLJS_Tech sitt emne i Skole og leksehjelp
Da er det vel berre å velge noko, kan varmt anbefale akkurat denne artikkelen: https://no.wikipedia.org/wiki/Spesial:Tilfeldig Eller som tidlegare nemt eit tema som opptek deg. Har du til dømes lest eller sett ein artikkel i det siste som du ikkje er einig i? Det er vil være eit godt utgangspunkt for eit kåseri. Då kan du til dels bruke motargument som den raude tråden, og du kan bruke din eigen meining for å drive litt harselas med argumenta og på den måten få inn tilsnittet av humor og dei meir personlege elementa som ikkje er nødvenidgvis heilt objektive fakta. -
Jeg skal skrive et kåseri i 10 klasse som skal få minimum 4+
The Avatar svarte på NLJS_Tech sitt emne i Skole og leksehjelp
Har du heilt frie tøylar eller har du også fått eit tema? Eg skal ikkje gjenta kva som skal til for at teksta er eit kåseri, men det kan være lurt å skrive om eit tema som opptek deg eller som du ellers kan litt om. Om det hjelp deg så kan det være ein idé at du tek opp deg sjølv når du legg fram kåseriet ditt muntleg, og at du deretter skriftleggjer det. På den måten kan det være lettare å holde på den munnlege stilen. -
Er det i det heile tatt nokon vits i å kjøpe saman om det må være så tydeleg skille? Om du har råd til å kjøpe sjølv så er det nok kanskje enklare at du kjøper og står for lånet. Om ho mislegheld sin del av lånet og banken krev tvangssal av hennar 30 % av bustaden så vil det også gå utover deg, enten ved at du må kjøpe henne ut eller at du også må selge din del. Ein ideell andel på 30% av ein bustad er ikkje så mykje verdt isolert sett.
- 9 svar
-
- 1
-
Det som er greit der det blir brukt slike system er at du slepp å mase. Når du no har trykkt på knappen så er du ferdig å mase og du treng berre å vente på epostvarselet. Det einaste du eventuelt treng å mase på er dersom den som skal tilsette ikkje genererer søkarliste innen rimeleg tid, det skal normalt skje med ein gong fristen har gått ut eventuelt innan nokre dagar. Kor vanlig det er å be om utvida søkarliste er det ikkje så lett å svare på. Enkelte gjer det alltid, men dei fleste bryr seg ikkje om det. Søker du jobb i det offentlege og berre er ute etter kven du konkurrer mot så vil nok den vanlege offentlege søkarlista være nok. Den vanlige søkarlista innheld namn, alder, utdanning, yrke og bustadkommune. Den utvida søkarlista gir deg i tillegg tilgang til sjølve søknaden og det som er fylt ut under utdanning, erfaring og kurs utanom berre det øverste/nyaste.
-
Det kan være, men det kan også være eit heilt vanleg panikkanfall som vanlegvis heil ufarleg fysisk sett men som kan være ganske så lammande likevel. Det kan til og med være ein kombinasjon av fleire ting.
-
I likheit med spørsmålet om kor langt er eit tau så kan også PTSD kome i mange variantar. I ytterste konsekvens kan også PTSD være dødeleg, både indirekte ved at ein er meir utsatt for sjølvmord eller ved at ein gjer ufrivillige handlingar som å flykte ut i trafikken. Men det kan også være livstruande heilt direkte ved at ein får ein så kraftig panikkreaksjon at ein får pusteproblem. For dei fleste så er det mest problematiske med PTSD at ein slit med søvn på grunn av mareritt, ein blit slått ut av flashback som kan inntre på uønska tidspunkt, og at ein generelt går rundt med nervane i høgspenn.
-
Det er fortsatt vanleg men det er eit tilbod som ikkje alltid blir annonsert særleg mykje. Dei fleste stadar må du ta kontakt med hotellet for å bestille. Ser at Grand Hotell i Oslo annonserer at det koster 450 kr pr. pers å kjøpe frokost i Grand Café om du ikkje har overnatta. På hotell Britannia i Trondheim koster det 495 kr for voksne og 210 kr for barn å kjøpe hotellfrokost i Palmehaven. Dette er så vidt eg veit dei fyraste og sværaste hotellfrokostar som ein kan få i Norge. Ein får også kjøpt billegare hotellfrokostar, ser at mange Thon hotell selg hotellfrokost for 249 kr pr. pers. (prisen varierer litt frå hotell til hotell).
- 26 svar
-
- 1
-
Som mykje anna så koker det nok ned til økonomi, og at ein ikkje ønsker å bruke opp tilgjengelege nummer. Det kostar litt med eit slikt spesialnummer som er gratis å ringe, men største kostnaden er nok bemanningsmessig, giftinformasjonen har rundt 20 tilsette, og utan at eg har detaljert informasjon om de så vil eg tru at vakttelefonen er bekjent av 1, maks 2 personar til ei kvar tid. Dette er nok tilstrekkeleg i normalsituasjonar men det er nok for sårbart om giftinformasjonen skal fungere som ein nødsentral for heile landet. Eg rekner med at for giftinformasjonen så er det tenkt at dette ikkje er eit nummer som er så akutt at det er nødvendig å huske på det, og at i dei tilfella det er snakk om akutt forgifting så skal ein heller bruke 116 117 til legevakta, eller direkte til 113 alt etter kor akutt situasjonen er. I den grad helsepersonell treng å rådføre seg med giftinformasjonen så er det nok heilt akseptabelt å ringe eit 8-siffra nummer som nok uansett er lagra som hurtigtast. I tillegg er nok hovudtyngda av telefonar som giftinformasjonsssentralen meir generell rådgiving, som i tilfellet til trådstarter der ein vil ha bistand til å vurdere for det fyrste om ein har fått i seg gift, og kva som er anbefalt behandling. I Norge har vi fire nødnummer: 110, 112, 113, og 1412 som er nødnummeret for hørselshemmede (krever førehandsregistrering). Vi har også eit "nødnummer" for bruk til sjøs, Dette nummeret har ikkje status som nødnummer. Men du kan likevel ringe 120 for å kome til kystradioen, som eit telefonisk alternativ til kanal 16 på VHF. Telefonnummer 120 koplar deg til nærmaste kystradio og kan også brukast til andre ting enn berre nødmeldingar, som til dømes opplysningar om været. Reint praktisk så er det slik at dersom du er i havsnød så kan du likegjerne ringe 112. Det er heller ikkje alle tresifra telefonnummer som er brukandes, til dømes er nummera 102, 103, 111, 114, 118 og 123 blokkerte fordi det kan føre til feilanrop av dei som prøver å nå ein av nødetatane. (eg meiner på at nokre av disse nummera blir automatisk vidarekopla til 112 om du prøver å ringe til dei). Det sagt så har vi nummer i nærheita som er ledige til bruk: 100, 101, 104-109, 115, 117, 121-122, 125-126, 127, 129, 134-140, 144, 146, 170 ,176 og 178-179. Fordi vanlege åttesifra telefonnummer startar med nr. 20 00 00 00 og oppover så er dei einaste tresifra nødnummara som kan brukast i serien 100-115, 117-179, og 190-199. Nummeret 116 kan ikkje brukast fordi det er fyrste del av nummeret til blant anna legevakta som har nummer 116 117. Kravet for tresifra telefonnummer er at tenesten er landsomfattande og av stor samfunnsmessig verdi, eller at tenesten er nært knytta til telefontenesten og er til stor nytte for alle som bruker telefonnettet. Det er derfor at vi har f.eks nr. 145 for å melde inn om feil på telenettet. Andre eksempel på tresifra telefonnummer som ikkje er nødnummer er 177 for ruteopplysning, 175 for vegtrafikksentralen og 128 for automatisk oppsett av samtalar til skip. I tilegg er det ei rekke tresifra nummer som er skjulte men som brukes til andre tenester som feilmedingar og sporing. Firesifra nummer er øyremerka til nummeropplysning og som kode for å velge tilbydar av telefontenester (er vel i praksis ikkje i bruk lengre). Femsifra telefonnummer som politiets 02800 er tilgjengelege for alle som vil ha det, typisk bedrifter og organisasjonar. Før var det ekstra dyrt å ringe til femsifra spesialnummer men no er det vanleg takst. Sekssifra nummer er også eit alternativ. Den tilgjengelege serien er ikkje så stor: 116 000 - 116 999, men dette er nummer som berre kan brukast av samfunnsnyttige tenester. Det er nok på lista over sekssifra nummer at giftinformasjonen hadde typisk passa best inn. Der er det også mange ledige nummer. Dei einaste som er i bruk er: 116 006: Hjelpelinje for offer for kriminalitet 116 111: Hjelpelinje for barn 116 117: Legevakt 116 123: Krisetelefon for personar i psykologisk krise Så her burde det være ein smal sak å gi giftinformasjonen eit eige nummer (sjølv om forskjellen på eit sekssifra og åttesifra nummer kanskje ikkje er så stor i praksis).
- 41 svar
-
- 5
-
Det som eg synes er dårlegast med buffét, er at sjølv på ein ganske bra buffét så blir det mykje mat av heilt grei kvalitet og ikkje meir enn det. Dette kombinert med at det må være stort matsvinn på disse bufféane så gjer det at eg eigentleg ikkje synes så mykje om det verken med tanke på matglede, fedmeproblematikk og miljøomsyn. Særleg hotellfrokostane som kanskje flest har erfaring med så synes eg at kvaliteten er heller laber dei fleste stadar. Det går ofte i speilegg, bacon som enten er mjukt eller hardt og ikkje sprøtt, eggerøre av pulveregg, halvgrove brød, og pålegg som ikkje lenger ser like appetittvekkande ut etter at det har ligger framme ei stund og 100-vis av personar har vært der og rota med pålegget. For ikkje å snakke om dessertbordet som består av 10 ulike tørre kaker som alle smakar det same, og 10 puddingar i forskjellig farge som også smaker det same. Her ville eg heller at hotella fokuserte på meir tradisjonell norsk frokost av betre kvalitet, og heller ha mindre utvalg. Eg vil mykje heller ha eit par skiver med sprøtt bacon enn ein liten haug av mjukt bacon, og om eggerøra/omletten må lagast med pulver så vil eg heller ha eit enkelt kokt egg, osv. Med alt det matsvinnet som er på slike bufféar så blir det etter mitt syn nesten parodisk at det same hotellet oppfordrar sine gjestar til å henge opp hankledet og bruke dei ein gong til av omsyn til miljøet, eg er heilt sikker på at hotellet kunne oppnådd vell så stort miljøkutt ved å endre på frokostbufféen, men dette har kanskje blitt så tradisjonsbundet at hotellgjestane forventer ein stor bufféet med relativt dårlig mat? Slike bufféar må vel også være reine marerittet for folk med matallergi? Folk flest manglar openbart kunnskap eller vilje til å ta omsyn til å ikkje flytte allergenar frå ein matrett til den neste. Særleg dei som har veldig alvorleg matalargi må vel berre anta at alt som ligg på bufféen er forureina med spor etter allergenar?
- 26 svar
-
- 2
-
Heilt einig. Sjølv om det ikkje skal skje så er det like gale når folk etterpå kritiserer for å "unødvendig" ha søkt hjelp. Giftininformasjonen er tydelegvis ikkje viktig nok ein ha fått eige nødnummer, så at folk gløymer at det nummeret eksisterer er ikkje så rart. Samtidig så er det heilt forståeleg at ein frisk og symptomfri person ikkje vil ringe 113 for å be om redningshelikopter.
- 41 svar
-
- 3
-
Du har forhåpentlegvis fått sakkyndige råd. Det som er viktig å være oppmerksom på er at symptoma kan kome timar eller dagar etter inntak. Så om du ikkje har tatt kontakt med lege og du får symptom om eit par veker så er det viktig at du kan knytte dette opp mot forgifting slik at du får rask behandling. Typisk behandling vil være å prøve å få fjerna soppen før kroppen tek opp gifta, hovudsakleg ved å tømme magesekken eventuelt også tarmskylling om det har gått så lang tid at soppen har komt dit. Utanom det så vil ein vurdere å sette deg på dialyse for å beskytte nyrene dine. Din store fordel er at du kan ta dette tidleg før gifta kan gjere stor skade, og ikkje etter 1-3 dagar når symptoma på nyresvikt er eit faktum. Jo lenger du venter, jo verre blir det. Har du ikkje ringt giftinformasjonen enda så må du no vurdere om du skal ringe legevakta på 116 117.
- 41 svar
-
- 2
-
Einaste som er problematisk med denne løysinga er at det ikkje er alle restane som kjem av at ein har overforsynt seg. Særleg på slike bufféar kan det være mykje mat som ikkje er det du trur det er på grunn av dårleg eller feilaktig merking. Har også vært borti mat som det eigentleg ikkje er forsvarleg å ete opp på grunn av at det er alt for salt, eller klassikaren biffen som såg innbydande ut men som er så seig at det er uråd å ete den utan skarp biffkniv.
-
Det koker nok meir ned til gjerrigheit enn noko anna. Når folk skal ha valuta for pemgane så blir det å fylle opp med den dyraste maten, dette påvirker prisen for buffeen, solovokal igjen gir meir grådigheit, osv. I tillegg varer cruiset så kort at ting ikkje får normalisert seg. Grådigheita er størst dei fyrste dagane, så blir ein litt lei og vil heller ha gode matkombinasjonar i passelege mengder. Dette ser du godt på frokostbufféen på hotell, det er stor forskjell på dei gjestane som sjeldan er på hotell og vil utnytte muligheita frå dei som er mykje på hotell og berre vil ha to brødskiver med kvitost og ein kopp kaffe.
-
Det er nok vanskeleg å finne ein advokat som vil påstå seg som ekspert på alle rettsområder. Eg trur kanskje at det nærmaste vi har det du etterspør er juridisk rådgivning, der vil du typisk kome i kontakt med ein jurist i fyrste omgang og så bli henvist vidare om du treng meir avansert rådgiving (og er villig til å betale for dette).
-
Det er vanleg at hovudarbeidsgivar setter krav om godkjenning av biarbeidsgivar, men det må i så tilfelle være avtalt. Om det ikkje er avtalt så kan ikkje hovedarbeidsgivar kreve anna enn at du møter utkvilt til avtalt arbeidstid. Når du som tilkallingsvikar skal møte er heilt avhengig av kva som er avtalt. Som tilkallingsvikar så vil du vanlegvis ikkje ha fast arbeidstid og sjefen din må spørre om du er ledig. Sjefen kam sjølvsagt ha forventningar til deg, men dine forpliktingar er knytt til det som er avtalt. Det å sjonglere mellom to arbeidsgivarar vil uansett være ditt ansvar å få til, og er ein risiko du tek når du tek på deg forpliktingar ovanfor to ulike arveidsgivarar.
- 2 svar
-
- 1