Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 714
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er ikkje gitt, jamfør fyrste innlegg som spørr om kvifor ikkje fleire har låst renta no når den er låg og det er utsikter til renteauking. Enkelte ser på det å låse renta som gambling, noko som i enkelte tilfeller kan være ei god samanlikning ettersom nokre få kan være heldig å få låst renta på eit lågt nivå som gjer at dei får eit billegare lån. Men som dei seier "the house allways wins" så har bankane vanlegvis sikra seg slik at dei over tid tener meir på å tilby fastrente enn dei taper på det. Ein skal ha veldig lite forutsigbar økonomi for at det å låse renta ikkje er ei forsikring mot å klare å betale. Ein låser sjølvsagt renta på eit nivå der ein klarer å betale, og så aksepterer ein at ein mest truleg vil måtte betale overpris i bytte mot ein garanti for at renta ikkje kjem opp i eit nivå som du ikkje klarer å betale. Sjølv om ein bind renta til eit fornuftig rentenivå så er det sjølvsagt ingen garanti mot at ein ikkje klarer å betale lånet, for det er ikkje berre renta som avgjer det. Mister du jobben slik at du ikkje lenger har den inntekta du hadde kalkulert med, eller du får store uforutsette kostnadar så kan du sjølvsagt få problem med huslånet også med låst rente, men til alle praktiske formål så er fastrente som ei forsikring der ein aukar sine måntlege utigfter med ein fast låg sum i bytte mot å være sikker på at ein ikkje får ei kjemperekning i framtida.
  2. Sjølv om at Frp vanskeleg kan gjere noko med det, så tenker eg at det er uheldig at det som kanskje er det aller viktigaste slagordet for eit politisk parti før eit valg har blitt tilført ei dobbel betydning. Sjølv om at Frp er det partiet med tydelegast innvandringspolitikk og samtidig er i reell posisjon til å få regjeringsmakt, så trur eg at det er meir skadeleg enn fordelaktig for partiet at igjen blir påført rasist-merkelappen. Denne merkelappen skremmer nok ikkje alle Frp velgarane, men det er nok større fare for at dei som er litt meir usikre heller velger å gi sin stemme til eit anna parti i frykt for å sjølv bli stempla som rasist. Denne rasist-merkelappen er også svært problematisk for Frp sin politiske leiing, då det blir for lettvindt for andre parti å ignorere Frp sin invandringspolitikk som rasistisk. Det vil være eit stort tap for Frp dersom dei ikkje klarer å få til ein sakleg og folkeleg debatt om innvandring. I verste fall kan det medføre at Sylvi Listhaug blir nekta å snakke om innvandring i partidebattar på TV og radio dersom programleiaren eller ansvarleg redaktør er redd for at dei slepp gjennom rasistiske uttalingar, det som er rasistisk vil i dei fleste tilfeller også objektivt sett være hatefylle ytringar som strengt tatt er staffbare. Uansett kva side ein står politisk så vil ein ikkje være tent med at ei lita gruppe nettroll legg lokk på det som burde blir ein open og konstruktiv politisk debatt om kva slags politikk vi som innbyggarar ønsker at Norge skal føre i framtida.
  3. Merk at karenstida berre gjeld der du ikkje hadde rimeleg grunn til å seie opp jobben. Dersom du blir sagt opp får du dagpengar med ein gong, dersom du får avskjed så er det eit skille på om du kan klandrast for avskjeden eller ikkje. Ofte blir avskjed berre benytta der du har gjort ting på jobb som er så klandreverdig at du også får karenstid. Har du berre opptredd litt klandreverdig så får du vanleg oppseiing som gir rett til dagpengar. Helseutfordringar er lista opp av NAV som eit eksempel på rimeleg grunn til å seie opp jobben, men vilkåret er dokumentasjon. Feilen som trådstarter har gjort her er nok at du sjølv har vurdert at du måtte slutte i jobben på grunn av psykisk helse, og at du derfor manglar legeattest som underbygger at det var nødvendig å seie opp. Lærdommen til neste gong er å ikkje levere oppseiing på eige initiativ (eller bli pressa av arbeidsgivar til å levere oppseiing). For NAV ser det ut som at du berre har bestemt deg for at du ikkje orker å jobbe, og derfor får du karenstid. Dersom det er reelt at du måtte seie opp på grunn av helsa så kan det være at du klarer å skaffe dokumentasjon på dette i ettertid som du kan sende inn til NAV for å avslutte karenstida, men sidan dette er psykisk og ikkje fysisk helse så kan det kanskje være vanskelegare å skaffe slik dokumentasjon?
  4. Du har rett på erstatning frå skadevolder. Sidan dette har skjedd i samband med arbeid så er det arbeidsgjevaren som svarer for skader som sjåfør/flytter har påført deg. Kravet der er at skaden har komt på grunn av forsetteleg eller uaktsom arbeidsutføring, og at skaden ligg utanfor det som er rimeleg å rekne med ved ein slik teneste. Eg er usikker på kva ein legg til grunn som rimeleg, men ettersom det verken er vanleg eller forventa at verken huseigar eller arbeidstakaren legg tjukke tepper på golvet før arbeidet tek til så er det rimeleg å legge til grunn at ein ikkje forventer slike skader, og at dette derfor ligg godt innafor det som er erstatningspliktig. Den praktiske utfordringa her er at skadevolder nekter for å ha påført skaden. Det i seg sjølv treng ikkje å være eit veldig stort problem ettersom at det er nok å sannsynleggjere ein skadesamanheng. Men det hadde sjølvsagt vært lettare om du hadde vært heime og kunne påpeikt skaden der og då. (Den einaste plausible alternative forklaringa på slike skader er at dei eventuelt oppstod i juni når modulen vart levert fyrste gongen). Ditt motargument der går fort på at transportselskapet her lyg fordi ein burde nok både høyrt og kjent at noko hardt/skarpt i esken har skrapa mot parketten, etter mitt syn er det lite truleg at dei har forårsaka denne skaden utan å vite om det. Det er også eit lite spørsmål om kva som er rimeleg å forvente. Skal dette fiksast 100% så må du fort bytte heile golvet då heile golvet fort har blitt solbleika slik at det blir fargeforskjell om ein berre byttar den skadde delen. Forsikringsselskapet vil nok fort ville trekke frå det dein meiner utgjer ei "oppgradering" som følgje av reprasjonen. Jo dyrare dette blir jo meir må du rekne med å krangle for å få erstatning. Dette kan fort utgjere store summar både med tanke på kostnaden av å kjøpe inn nytt golv, arbeidskostnaden ved å leige inn nokon til å legge golvet, kostnaden ved å kaste det gamle golvet, og kanskje til og med kostnadar ved at du må flytte ut medan arbeidet pågår. Den enklaste vegen å gå er å ta det med ditt forsikringsselskap. Ditt krav mot transportselskapet blir då eigenandelen ved bruk av forsikringa. Det er også då gode sjansar for at ditt forsikringsselskap tek saka vidare med transportselskapet for å kreve regress slik at du slepp å gjere denne jobben. Så eg ville absolutt anbefalt at du sjekker med eiga forsikring, både om dette er ei skade som det er dektning for og ikkje minst kva du må ut med i eigenandel. Merk også at det kan være rimelegare måtar å fikse skaden på. Til dømes med voks eller tusj for å fylle igjen ripen med rett farge. Dette blir sjølvsagt ikkje perfekt, men vil gjere ripene såpass lite synlege at det nok er akseptabelt for dei fleste. Har du parkett til overs i boda så kan det også være mogleg å berre bytte delar av golvet.
  5. Sjølv om det mest truleg ikkje vil være økonomisk gunstig å låse renta no, så er det ikkje eit dårleg råd. Gjeldsgraden i Norge er høg til tross for streng regulering som hindrar bankane i å innfri bustadlån på meir enn 5x inntekt. I tillegg har svært mange også forbruksgjeld (omtrent 3,2 millionar av oss). Og sjølv om at ein burde ta høgde for ei renteaukning, så er det langt frå alle som har gjort det. I dag så er det anbefalt at ein skal ta høgde for at renta blir 7%, og med dertil høgare lånerente. Det er er det mange som rett og slett ikkje har råd til. I slike tilfeller vil det være eit godt råd å låse bustadlånet til rundt 5% og ha forutsigbare kostnadar i åra framover framfor å risikere å måtte selge huset, kanskje med tap for å ikkje bli gjeldsslave. Det er sjølvsagt surt å betale 5% når dei med flytande rente berre betalar 2%, men for mange er det nok vel verdt det å betale overpris for å være sikker på å ikkje måtte betale 8% rente.
  6. I forhold til å måle talet på lyttarar så gjer ein det ved logge kvar trafikken ut frå serveren går. Basert på mengden data som er streama ut så kan ein berekne lyttetida. Ei nedlasting tell som 100% lyttetid. I dei aller fleste tilfeller er dette godt nok sjølv om det er nokon svakheiter med denne metoden som kan gi feilaktige utslag, men sidan dei aller fleste andre streamingtenester måler sin trafikk på same måten så blir nok tala ganske samanliknbare likevel. Som nemnt så vil ein ikkje kunne vite kor mange ganger ei nedlasta fil har blitt lytta til, men det er nok relativt få som høyrer på den same episoda/sendinga så mange ganger at det gir særleg til utslag på statistikken. Største feilkilda er nok der nedlasta sendingar blir piratkopiert og delt frå servere som NRK ikkje får henta ut data frå. Andre feilkjelder er at dersom du høyrer halve episoden heime med ei IP adresse og neste halvparten på mobilen med ei anna IP adressa så vil systemet telle dette som to unike lyttarar som berre har høyrt halve episoden og ikkje ein unik lyttar som har høyrt alt. Ved å berre ha sendingane i NRK appen så blir det på statistikken liten forskjell for uregistrerte brukarar, men sidan det nok er ganske mange som har registrert profil hos NRK så kan NRK hente ut langt meir detaljert statistikk. Data som kjønn og alder vil nok være nyttig for NRK, særleg når denne informasjonen blir slått saman med kva ein lytter på (og kva ein har sett på NRK TV appen), når ein lytter, om ein lytter på mobil eller PC, kvar i landet ein bur kan ein lett finne ved å kryssereferere mot folkeregistreret, og kvar ein befinner seg når ein lytter kan ein finne utifrå IP adresse/basestasjon. Sidan NRK også har ei eiga løysing for barneprofil så vil ein til ei viss grad kunne lese ut av brukarprofilen kven som har forsørgaransvar for mindreårige barn. Som gulrot for å registrere seg og legge igjen så mykje persondata så har NRK låst ein del av funksjonaliteten i appen bak eit krav om å være registrert. Det sagt så vil eg gi litt honør til NRK for at dei vikitgaste funksjonane er tilgjengelge utan å være registrert, men du må være registrert for å få lov til å følge eit program, for å kunne laste ned episoder, for å kunne lage speleliste og for å kunne sende inn melding eller delta i avstemmingar ved direktesendingar. I tillegg så vil ikkje appen huske kva du har lytta til før utan at du har NRK profil. Ved bruk av tredjeparts appar så ville ein kunne hatt ein lokal logg som holdt orden på kva du har lytta til utan at dette blir lasta opp til NRK. @Abigor NRK driv fortsatt med testing og eksperimentering. Sjølv om NRK seier at du må inn på NRK radio appen så stemmer ikkje dette alltid. Enkelte program blir fortsatt lasta opp på RSS same dag som sendinga var slik at episoden er tilgjengleg i tredjepartsappar samtidig som den blir tilgjengeleg i NRK appen slik som Lørdagsrådet. Andre program legg NRK ut på RSS fyrst etter 2-3 veker slik som Filmpolitiets podkast, og andre appar finner du berre i NRK appen. På sistnemte så har eg ingen gode eksempel, for sjølv om det står at NRK sine nyheitssendingar som Dagsnytt 18 eller Oppdatert berre blir publisert i NRK appen så får eg opp disse i tredjeparts appar, men det kan kanskje være fordi det er nokon som gjer RSS-feeden tilgjengleg etter at NRK har publisert på sin eigen app? Som tidlegare nemnt så meiner eg at NRK bommer grovt på sin strategi. Dette gjer ikkje innholdet meir tilgjengeleg for folk flest. Det er fortsatt slik at på mange podkastavspelarar så kjem det mange NRK produksjonar høgt opp, alle tydeleg merka med NRK logo. Etter mitt syn er det derimot ein langt større fare for at NRK sitt eige innhald blir gløymt og dermed irrelevant fordi det no er nok ein app/teneste som du må huske å logge deg på for å finne noko å høyre på. På TV og film fronten så er det mykje bra innhald på NRK sin app av både ganske nye ting og eit rikt arkiv, men det hjelp lite at NRK har mykje kvalitetsinnhald når det er siste appen eg opnar når eg vil sjå ein serie. Eg er ganske sikker på at veldig mange sjekker om det er noko spennande på Netflix, HBO, Disney, ViaPlay, osv før dei går inn på NRK. Dei tenestane som du betalar for direkte vil du vanlegvis også være meir interessert i å bruke, NRK som du betalar for over skatten oppleves i den samanhengen som "gratis" og er då ikkje ei teneste du kjenner på at du må bruke for å få valuta av pengane dine i motsetting til Netflix abonnementet som du betalar 89 kr i måneden for. Og sjølvsagt heilt tilsvarande når det gjeld podkaster. Betalar du 99 kr måneden for Podimo og 69 kr i måneden for Untold så sjekker du nok disse appane før NRK Radio når du er ute etter ein ny podkast å lytte til. NRK må gjerne ha ein heilt eigen app som berre har innhold frå NRK, eg synes til og med at det er greitt å bruke skattepengane på å drifte ei slik app-løysing sjølv om appen blir lite brukt ettersom det ein sjeldan gang er greitt å ha ein portal der alt er "gratis" tilgjengeleg. Men eg trur at NRK gjer det vanskeleg for seg sjølv når dei ikkje vil være til stades på dei plattformane som folk bruker. Det neste blir vel at NRK trekk seg ut frå kanalpakken til RiksTV eller Altiboks og krev at du må ha eigen NRK-tuner med fjernkontroll for å kunne sjå på NRK. Då får NRK full kontroll på eigne sendingar, men spørsmålet er jo om folk flest kjem til å kaste ut RiksTV boksen til fordel for ein NRK tuner, eller om det då blir NRK som trekk det kortaste strådet når det blir trangt i TV benken?
  7. Gambling er litt upresist, men det å binde renta medfører stor risiko for at du må betale meir. Banken vil normalt sett ha ein klar fordel når dei skal gjette på renteutviklinga, ibfasterentetilbodet som blir gitt frå banken så er det tatt høgde for at banken likevel skal tene eller i det minste ikkje tape mykje på renteavtalen. Som kunde er det viktig å være klar over at du mest truleg må betale meir med fastrente. Fordelen for kunden er forutsigbarheit, ved at du betalar ei litt høg rente kvar måned mot at du veit heilt sikkert kva du skal betale neste månad eller om eit halvt år. Det er mogleg å ha flaks slik at du låser renta på eit lågt nivå like før ei renteaukning, men det er det klare unntaket. Det tenker eg handlar meir om flaks enn at fastrente er gambling.
  8. Så lenge formålet er å tene pengar så blir det næringsvirksomheit uansett. Når ein har dette som hobby som blir til næringsverksemd så er det eit litt glidande overgang, ofte sagt å være på rundt 50 000 kr for at hobbyen skal være næring, men det må vurderast særskilt om drifta er egna til å gå med overskot. Her er det ein forskjell på om ho skal selge maleri for å skaffe seg ekstrainntekt, eller om det berre er snakk om å selge maleri for å kunne kjøpe råvarene som trengs for å finansiere hobbyen.
  9. Faren for at bilen skyter fart må klart være større på automatgir. På automat så er det mogleg å løfte høgrefoten frå gassen for å nødbremse, og i panikken bomme på bremsepedalen slik at det er gasspedalen som blir trakka heilt inn. På manuell så kan det være ein fare for at ein ikkje klarer å trykke på bremsa og heller trykker inn clutchen. Då vil sjølvsagt ikkje bilen stoppe men om ikkje anna så kobler du ut framdrifta.
  10. 15 000 kr i måneden tilsvarer 6% rente på 3 mill. Her kan du like gjerne spare i fond. Sjølv på sparekonto i banken får du 5% I tillegg så blir det jo veldig dyrt å skulle ta flyet ned til Dubai kvar gong leigetakaren klager på at dørlåsen må oljast eller at komfyren er i ustand. Og sjølv om det nok ikkje er eit veldig stort problem så vil du som utlending ha svak rettsleg beskyttelse om myndigheitene finner ut at dei vil beslaglegge leilegheita basert på ei eller anna tom unskyldning.
  11. Utdanning er kjekt å ha men ikkje tvingandes nødvendig. Fyrste steg blir å opprette eit foretak sidan du nok har tenkt å ha inntekter å drive stort nok til å ha næringsinntekter. Det å ha registrert virksomheita er også viktig for at du skal kunne søke på diverse støtte- og tilskotsordningar som er etablert for landbruket. Du må også registrere at du starter opp med egg-produksjon. Trur du må søke/melde til ditt lokale landbrukskontor. I tillegg til at du må føre rekneskap og slikt som i alle verksemder så er det også ei omsetningsavgift på det du selg. Får du gjort avtale slik at du selg direkte til f.eks. Prior så er det såpass enkelt at avgifta berre blir trekt frå betalinga frå Prior. Skal du selge direkte til kundane så må du føre oversikt over omsettinga og betale inn rett avgift.
  12. Det kjem sjølvsagt ann på, likevel så er ikkje det å lande formalitetande nødvendigvis avgjerande. Det spørs sjølvsagt igjen på kva slags formalitetar vi snakker om. Dersom ein meiner formalitetar som kven skal leige, når dei skal leige, og kva dei skal betale så er dette formalitetar som normalt sett er såpass avgjerande at ein ikkje kan seie at det er inngått ein leigeavtale utan at ein har fått på plass dette. Samtidig kan formalitetane være ganske så ubetydelege, om alt som manglar er informasjon om kva kontonummer ein skal betale inn husleiga på, eller spørsmål om innflyttinga blir på fredag eller søndag, så er nok ikkje dette formalitetar som ein kan seie har hatt innvirkning på avtalen. Kva formalitetar som er viktig kjem også ann på kva slags avtale det er snakk om. Når ein bestiller handtverkartenester så er til dømes ikkje avtalt pris og kvalitet like avgjerande ettersom det då er lovbestemt at om ikkje anna er avtalt så skal ein betale gjengs pris for tenesta, og arbeidet skal være fagmessig utført. Eg har forsåvidt forståing for at du har lagt til grunn at dykk har inngått ei leigeavtale for perioden 1.10 til 31.12 sidan det er den potensielle leigetakaren som har bedt om at avtalen blir tidsavgrensa til ut året. Sett i den samanhengen så gir det meining at du legg til grunn at den formaliteten som mangla var om leigeavtalen skulle være tidsbegrensa til to eller tre månadar. Det sagt så er eg einig med fleirtalet om at det å be om eit kontrakt(forslag) ikkje nødvnedigvis medfører ein intensjon om å inngå avtale, særleg kombinert med at du nok burde forstått at kontaktpersonen ikkje hadde fullmakt til å inngå bindande avtale. Skal du ta saka vidare så ville eg likevel argumentert med at du legg til grunn at epost korrespondansen må forståast slik at det var einigheit om å inngå leigeavtale om du var villig til å sette varigheita til 31.12. Sidan det har også vært gjennomført visning med denne kontaktpersonen så er det også ein sjans for at det som har litt sagt og gjort under visninga kan støtte forståinga om at det er inngått ein avtale. Sjølv om det er lettast å bevise kva som har blitt sagt skriftleg over epost så vil også det som er sagt munnleg være bindande (forutsatt at du hadde grunn til å tru at du snakka med ein som hadde nødvendig fullmakt til å inngå ein avtale på vegne av firmaet).
  13. Gode klargjeringar. Det eg prøvde å få fram er kva som er minstekrava etter lova, då det ofte er dette ein må sloss om i bedrifter som innfører ei ny vaktordning som sjefen vil betale minst mogleg for. Arbeidsmiljølova seier ingenting om lønnskompensasjon (utanom kravet om minst 40% ved overtidsarbeid), så det var upresist av meg å skrive at minst 1/7 skal være betalt. Personleg så kjenner eg ikkje til nokon vaktordning som som ikkje gir betaling for tida ein har vakt. Men eg kjenner til vaktordningar der delar av vaktkompensasjonen er avspassering. Eg vil tru at det er fordi det er upraktisk dei fleste stadar at den tilsette berre har 50% av stillinga si som dagtidsarbeid innafor ordinær arbeidstid då dette vil medføre at ein må tilsette fleire.
  14. Fyrst og alt så har eg full forståing for korleis ting fungerer i praksis, og at du i liten grad kan få til så store endringar. Dette er ikkje kritikk av deg og dine kollegaer, men eg synes likevel at det er viktig å få fram at mykje av det som har blitt vanleg praksis eigentleg ligg utanfor det som er greitt i arbeidslivet om det ikkje er spesifikt avtalt. Eg er heilt klar over at at det er normalt med ei slik ordning. Men med mindre du heilt fint kan slå av mobiltelefonen og gå deg ein tur i matpausa så skal matpausa være ein del av arbeidstida, det medfører at pausen enten skal være betalt eller så skal du jobbe tilsvarande mykje kortare. Det er regulert i arbeidsmiljølova: Min erfaring er at det er få barnehagar som i realiteten har organisert seg slik at du ikkje har "bakvakt" medan du tek pause. Det er heilt vanleg at det ligg ei forventning om at du skal avslutte matpausen og hjelpe til om det er nødvendig. Då kan du ikkje fritt forlate arbeidsplassen (eller i alle fall så er det ikkje alle som kan fritt forlate arbeidsplassen). Regelen om at dette også gjeld på arbeidsplassar der det ikkje er tilfredsstillande pauserom er fordi du har rett til å få samanhengande pause i minst 20 minutt utan å måtte svare på spørsmål eller utføre arbeidsoppgåver. Dette er også ei timeliste. Ei timeliste er berre ein logg som viser når du har utført arbeid. Arbeidstilsynet setter som minstekrav at der timelista også inngår i HMS arbeidet så skal det minimum framgå kven som har jobba, kva dag det er jobba, og tidsangivning som vanlegvis er klokkeslett til/frå eller den utrekna arbeidstida den dagen. Ofte er timelistene meir avanserte for å enkelt kunne summere heile lønningsperioden. Det er dette som er sakas kjerne. Så lenge sjefen ikkje klarer å forstå at det er forskjell på opningstid og arbeidstid så blir det veldig vanskeleg. Det er ei umoglegheit å både ha barnehagen open og klar for mottak kl 06:45 samtidig som din arbeidsdag også starter kl 06:45. Einaste måten å få til dette på er dersom alt er klargjort kvelden før slik at alt du skal gjere når du møter på jobb er å vri rundt nøkkelen og slå på lyset (og sjølv då så bruker du fort minst eit minutt eller to på å låse opp alle dører som gjer at du strengt tatt bør ha betalt frå kl 06:43, men då snakkar vi også om så få minutt at det er meir akseptabelt at dette blir gratisarbeid). Så lenge du og dine kollegaer er pliktoppfyllande og utfører dette gratisarbeidet så vil det heller ikkje være nokon grunn til endre på arbeidstidsordninga. Det er uansett på det klare at du har rett til å få lønn i den tida du står til arbeidsgivars posisjon. I all enkelheit så betyr det at enten så skal du ha betalt frå du møter på jobb kl 06:30 for å gjere nødvendig førebuande arbeid før barnehagen opnar kl 06:45, eller så møter du til avtalt arbeidstid kl 06:45 og så må både foreldrene og barnehagestyraren innbefinne seg med at dørene ikkje opner før du er ferdig med med din gjennomgang sjølv om klokka då blir 07:00 før du er ferdig. Dette er også ein kjent problemstilling frå butikkbransjen der det i mange år var ei uordning der den som hadde ansvaret for kasseoppgjeret måtte rekne over vekslepengane etter butikkens stengetid utan å få betalt for dette. Dette har ein dei fleste plassar fått rydda opp i, slik at no er det vanleg at dersom butikken stenger kl 20:00 så får den butikkansvarlege betalt også for den neste halvtimen til å ta kasseoppgjeret, sjekke at alle kundane har forlatt lokalet, påsjå at alle bakdørene er lukka og låst, samt slå av lyset og aktivere alarmen. Også dette etterarbeidet er sjølvsagt arbeidstid som ein skal ha betalt for.
  15. Som gammel gamer så synes eg det er rart at ein ikkje har nødbrems som knapp på rattet. Reaksjonsevnen med fingrane er langt raskare enn når eg fyrst må flytte foten frå ein pedal til den neste. Er enig i at forskning må til. Men intuitivt så tenker eg at det er meir naturleg å i ein panikksituasjon sleppe gassen enn det er å ikkje flytte foten. Det er nok fort mange ulykker som skjer fordi ein slepp gassen for å trykke på bremsen, for så å bomme på pedalen og trykke gassen ned til dørken i staden for.
  16. At saken er av prinsipiell betydning betyr enkelt forklart at det er snakk om ein dom som framtidige rettsbehandlingar vil bruke som rettesnor ved framtidige rettstvistar. Typisk spørsmål om kvar den nedre grensa for straffbarheit eigentleg går. Har høgsterett fastslått at handling A er akkurat utanfor det som er straffbart så vil ein i framtida legge til grunn at dei som utfører identisk handling eller lågare ikkje blir straffeforfulgt. Om ei sak blir tatt opp av høgsterett kjem ann på om saka er prinsipiell.
  17. Heilt korrekt. Der blei det rett og slett feil frå min side.
  18. Vil dette falle inn under det militære unntaket i førarkortforskrifta? Her står det at den som har førerkort klasse B også kan avlegge førarprøve for tyngre klasser. Det var vel dette som før hette "blålappen". Ville eigentleg trudd at forsvaret kan løyse manuell/automatgir-problematikken på tilsvarande måte, men det er mogleg at førarkort klasse B med kode 78 er plassert eit hakk under det som her er meint med førarkort klasse B, slik at dei som berre har automatlappen heller ikkje kan benytte seg av dette unntkaket for å få køyre lastebil eller buss i militæret?
  19. CR2025 og CR2032 kan ofte brukast omkvarandre. Nummeret refererer til tjukkelsen på batteriet CR2025 er 2,5 mm tjukt medan CR2032 er 3,2 mm tjukt. Begge batteria er på 3V men det litt kraftigare CR2032 varer lengre. På slike dingsar der du bruker slike batteri så vil det være ei lita fjøyr som sikrer god kontakt mellom polane. I dei fleste tilfeller vil fjøyra som held batteriet på plass fint kunne tilpasse seg høgdeforskjellen på 0,7 mm, så i dei fleste praktiske tilfeller så får du fint plass til eit CR2032 batteri der det eigentleg var meininga med CR2025 batteri, men det er mulig du må bruke litt meir kraft for å sette på loket.
  20. Du blir straffa for køyring utan sertifikat når du ikkje har førarkort som er gyldig for det aktuelle førarkortet. Strafferamme er bøter eller fengsel i inntill 1 år jmf. vegtrafikklova § 31. Eksakt kva bota blir på er det opp til politijuristen eventuelt tingretten å fastsette, det ser ut som at det vanlegaste er bøter på mellom 8000 og 10 000 kr når ein blir tatt for fyrste gong. Køyring utan gylidig førerkort er ikkje ein av dei tinga du får prikkar for. Som nevnt av @:utakt så kan du også få problem med forsikringsselskapet. Kor store problem du får med forsikringsselskapet vil nok variere litt. For at du skal få avkortning så skal eigentleg forsikringsselskapet vise til ein årsakssamanheng mellom din handling og skadene. Typisk at du har forårsaka skaden eller bidratt til at skadeomfanget blir større. I eit slikt eksempel der skadevolder har gyldig førerkort klasse B med kode 78 (automatgir) og berre manglar førarretten for manuellgira bil, så er det ikkje gitt at forsikringsselskapet kan nekte utbetaling med mindre det kan visast til at det var nettopp giringa som førte til ulykka. Det sagt så er det kanksje heller ikkje så vanskeleg for forsikringsselskapet å kaste ut ein påstand om at det var nettopp giringa som var årsaken til at du var så uoppmerksom at du havna i eit trafikkulykke, og at det derfor er grunnlag til avkorting. I tillegg så hjelp det sjølvsagt lite om du har rett på full forsikringsutbetaling dersom forsikringsselskapet ditt gjer seg vanskelege. Eg vil derfor på ingen måte oppfordre til å spekulere i om forsikringa er fullt ut gyldig sjølv om du køyrer utan gyldig sertifikat for det aktuelle køyretøyet, for det er nok absolutt ein risiko for at du blir sittande igjen med heile rekninga personleg, men det er ikkje nødvendigvis automatikk i at det er ein konsekvens.
  21. Ville berre kommentere at også denne problemstillinga har blitt mindre ettersom også manuelt gira bilar etterkvart kjem med elektronisk brekk / bakkestart assistent. Når det gjeld trådens tema så handlar det berre om vilje frå køyreskulane, herunder lønnsomheita ved å investere i opplæringsbil med manuellgir. Det er sikkert ikkje mange nok som ønsker manuellgir til at det er eit marked å satse på for køyreskulane. I tillegg så trur eg at mange køyreskulelærarar også er av den oppfattinga at det er tryggare med manuellgir automatgir fordi elven kan fokusere meir på trafikken, så det er nok også eit moment av motvilje mot manuellgir dersom dei kan unngå å gi manuellopplæring. Bilar som blir av køyreskulane har momsfritak, så sånn sett burde det ikkje være spesielt mykje dyrare å kjøpe manuellgira bil enn ein elbil som har momsfritak for verdien under 500k. Nødvendigheita av manuellappen blir gradvis mindre, og det er snakk om at ein skal forenkle heile systemet slik at klasse B er likt uavhengig av kva bil du køyrer opp med, og med argument om at du kan øve på å bruke manuellgir etter at du har tatt lappen. Mykje på same måte som at du sjølv må øve for å bli god på tilhenger sjølv om retten til å køyre med liten tilhenger følger med når du tek oppkøyringa på klasse B. Det vil likevel ta litt tid før dette blir endra, og som trådstarter har analysert så er det nok mange arbeidsplassar som fortsatt har bilar med manuellgir som arbeidsbilar, slik at med berre automatlappen så vil det kunne være jobbar du ikkje kan ta.
  22. Å være EØS medlem er heilt klart noko anna enn å være EU medlem, men litt avhengig av korleis ein ser på det så får vi litt av fordelane som vi kunne hatt som EU medlem gjennom EØS avtalen. Litt enkelt forklart så får vi delta i eit fritt arbeids og handelsmarked gjennom EØS medlemskapet, men utan å gi andre EU land tilgang til mellom anna norske fiskeressursar. Største ulempane med å stå utanfor EU er nok at vi ikkje er ein del av EU sin sikkerheitspolitikk og beredskapsarbeid, dette gjorde mellom anna at vi under koronaen ikkje hadde like god tilgang til vaksiner som andre EU land.
  23. Den praktiske utfordringa er at dei som eig slike fråflytta hus ofte har ei heilt anna oppfatting av kva huset er verdt enn det som er reel markedsverdi. Mange av disse fråflytta husa har stått tomme slik at dei er eigentleg ikkje bebuelege utan vesentlege vedlikehaldskostnadar. Markedsmessig har nok mange av disse husa negativ verdi. Det som ofte gjer det enda vanskelegare å få solgt er at slike fråflytta hus ofte har gått i arv til barna til dei som før budde der. Det vil ofte være vanskelegare å få ein søskenflokk på fem som alle eig 20% kvar til å innsjå kva som er realistisk salgsverdi. Mange slike fråflytta hus har også ei så dårleg forfattning at dersom kommunen følgjer opp og krever at bygningsmassen blir sikra eller at huset blir revet , så er i alle fallverdien negativ. Eg har likevel full forståing for at mange huseigarar heller vil beholde huset dersom det ikkje er veldig store kostnadar knytt til å eige huset. For sjølv om det er lite verdt akkurat no så kan det sjølvsagt snu i framtida. Eg forstår også at bruksverdien av eit fråflytta hus som du kan velge å bruke som hytte i nokre veker om sommaren kan oppfattast som langt høgare enn dei 200 000 kronene du får ved å selge huset, særleg om disse pengane i tillegg skal delast på resten av søskenflokken som også er medeigarar.
  24. Du må sjekke brukarmanualen for å få klart svar på akkurat denne nøkkelen. Normalt sett så er det likevel panelet som det ikkje er logo på som skal vippast av, ofte må du sette eit flatt skrujern mellom platene og bøye litt forsiktig til plastpanelet spretter av.
  25. Sjølv om Trump ikkje sjølv har vært så tydeleg så har det vært innlysande at Trump sin fredsplan i Ukraina alltid har vært å gi full støtte til Russland og kutte alt av Ukrainsk støtte.
×
×
  • Opprett ny...