The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 711 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Særleg når butikken argumenterer at dei må hindre uvedkommande tilgang til matvarene fordi dei er redd for å bli stilt ansvarlege dersom dumster diveren blir sjuk. For det fyrste så kan eg aldri sjå for meg at nokon som har forsynt seg med mat som er kasta skal kunne vinne fram i ei erstatningssøksmål. Vedkommande kan jo ha blitt sjuk av ein potetgullpose som er kjøpt til fullpris og deretter fortært lenge etter best før datoen, det blir vanskeleg å bevise at det er akkurat den posen som var kasta som skulle være kjelda til ei hypotetisk matforgifting. For det andre så er det jo slik at dersom butikken hadde oppriktig vært redd for at nokon skal bli sjuke av maten dei har kasta så burde ein vel kunne forvente at det blir gjort tiltak for å redusere den faren ved å gjere maten uspiselig. Potegullposane ville vært lite attraktive for dumster divere dersom posane hadde blitt opna eller punktert før dei vart kasta. Ein anna ting som eg synes er problematisk og som bør være rettsleg vurdert er jo også i kva grad dette "tjuvgodset" har verdi.
- 189 svar
-
- 3
-
Det blir spennande å kanskje få ei rettsleg avklaring på kvar grensa for innbrudd. Det er på det reine at søppeldunkane her var låst, og at intensjonen av den som låste søppeldunken har vært å hindre tilkomst. Samtidig så er det også klart at låsen ikkje har hatt den tiltenkte funksjonen ettersom "tyven" i dette tilfellet har løfta lokket halvveis opp for å få tilgang til søppeldunken utan å verken øydelegge låsen eller dunken, og truleg også utan å bruke nevneverdig med makt. Eg er elles einig i at dette er ein litt håplaus ressursbruk, særleg når forelegget ikkje vart vedteke slik at politiet har valgt å gå vidare til avhøyr før neste steg blir rettssak. Samtidig så er nok dette ei sak som det kan være fordelaktig at ein får ei prinsipiell avgjersle på. Å sikre søppeldunken med ein slik romslig lås er jo nesten på høgde med å legge ein stor stein på lokket til søppeldunken og hevde at det er innbrot om nokon løfter både lokket og steinen.
- 189 svar
-
- 1
-
Det er sjølvsagt ikkje bra. Det treng likevel ikkje å ha særleg til betydning no. Med tanke på politiets involvering så er det ikkje gitt at det har foregått noko som er straffbart sjølv om heimeforholda ikkje har vært dei beste. Opp mot barnevernet så er det ikkje gitt at det er nødvendig å foreta seg nok om skaden alt har skjedd og det ikkje er fare for at det blir verre. Får vennen din tilbod om behandling (og han tek imot behandlinga) så vil forhåpentlegvis ting gå tilbake til det som er normalt. Dersom det er mogleg og forsvarleg at barna fortsatt bur heime så vil det ikkje være nødvendig med omflytting ettersom det også har negativ påverknad for dei trygge rammene som barn treng. Personlegheitsforstyrringar kan også være heilt urelaterte. Sjølv om at dårlege oppvekstvilkår er ein typisk årsak så er det slik at enkelte er familiært belasta med å være utsatt for å få personlegheitsforstyrringar, og det er heilt vanleg at slike ting oppstår under puberteten. I tillegg til at ein har ein rekke ytre påvirkningar utanfor heimen som mobbing på skulen, dårleg sjølvbilde, osv. Det at 2 av 2 barn i denne husholdninga har fått personlegheitsforstyrringar er ikkje eit bevis på at det skuldes dårlege oppvekstvilkår. Det kan være ein samanheng, men det kan også være heilt andre mekanismer som ligg bak. Tenker at det er greit å være bevist på dette før du hopper til eigne konklusjonar og enda verre forhåndsdømmer vennen din. Husk også at dersom han er psykisk sjuk så kan han i liten grad lastast for sin oppførsel. Og han har behov for eit best mogleg støtteapparat akkurat no. Sjølv om det ikkje skjer noko spesielt så er det klart at det er skummelt å plutseleg måtte forholde seg til både DPS, politi og barnevern.
-
Politiet har plikt til å etterforske når det er rimeleg grunn til at det kan foreligge straffbare hendingar. Særleg ovanfor mindreårige så er lista lågare for å etterforske og anmelde på vegne av dei mindreårige. Her finnes det eigenleg ikkje noko informasjon som gir grunnlag for å spekulere. Det kan være alt frå at politi og barnevern får stadfesta at det ikkje har skjedd straffbare hendingar og at barna har det trygt og godt, til at det blir påvist forhold som gir grunnlag for å gripe inn. Politiet gjennom fengselsstraff og barnevernet gjennom å omplassere barna/tenåringane til ein annan bustad der vennen din ikkje får være utan oppsyn. I tillegg kan sjølvsagt sambuaren og barna flytte ut på eige initiativ. I ein slik samanheng kan ho også opprette sak for å prøve å få eineomsorgen for barna. Så følgane av dette kan være alt frå at absolutt ingenting skjer, til at det blir veldig mykje som skjer, alt etter kva som faktisk har skjedd eller er i fare for å skje.
-
Kommunene leverer også offentlege tenester som dei rike og middels velståande fint kunne ha betalt for sjølv. Grunnen til at kommunen likevel utfører oppgåva er at slike tenester ofte er lovfesta, og at det er ein sedvane som gjer at folk flest forventer at tensten blir levert. Ein kommune kunne til dømes overlatt all snøbrøyting til huseigarane langs vegen/gata, eller utført tenesten som vanleg mot eit gebyr frå huseigarane. Skulane kunne i teorien gått bort frå gratisprinsippet og krevd at forelda kjøper inn lærebøkene. Det vil alltid være nokon som ikkje har råd og som då måtte søkt støtte, men om 75% av elevane hadde betalt for sine eigne læremiddel så hadde det blitt mykje å spare på ei slik løysing. Tilsvarande med renovasjon, i staden for å køyre rundt med renovasjonsbilar for å hente avfallet så kunne ein pålagt innbyggarane å sjølv ta med seg avfallet sitt til motaksanlegget. Så vidt eg kjenner til så er kommunen pliktig til å ha ei renovasjonsordning, ikkje nødvendigvis ei ordning som gjer at du som huseigar omtrent berre kan sette avfallet utanfor døra kvar veke. Grunnen til at ein ikkje kuttar eller gjer store endringar i slike tenester er at vi i Norge har eit likebehandlingsprinsipp, og ikkje ei ordning der ein skal betale etter evne. Dette systemet gjer at mellom anna rike er langt meir villige til å betale skatt ettersom dei også får dra nytte av samfunnsgodene. Hadde dei rikaste måtte betale mest skatt, og i tillegg måtte betale for alle tenester med middelklassen og nedover hadde betalt mindre skatt og fått alt gratis så hadde vi nok fått langt meir skatteunndragelse og slikt. I saka som trådstarter lenker til så er det kommunen som ønsker å få brukaren til å flytte til ein stad der kommunen kan levere sine tenester på ein enklare og billegare måte. Det som hindrer at det blir tvangsflytting er at kommunen ikkje har heimel til det, og er då avhengig av å få brukaren til å samtykke, under trussel om at tenestenivået vil bli redusert til det aller mest livsnødvendige om ein ikkje aksepterer. Grunnen til at det er denne gruppa som innsparingane går tyngst utover er at det er her det er mest å spare. Brukarstyrt personleg assistanse kan fort koste veldig mykje per brukar litt avhengig av behovet. Dersom ein brukar treng ein assistent døgnet rundt så vil det kreve minst fire fulltidsstillingar, som i tillegg til lønnstillegg for jobbing på kveld/natt/helg/helligdagar sjølvsagt dreg på seg med lønnskostnadar. Om kommunen klarer å samle meir enn ein BPA brukar under same tak så vil det være gode mogleghieter for at den same personen kan følge opp fleire brukarar når ein fyrst er på jobb. Det er langt mindre pengar for kommunen å spare på at søppelhentinga blir anna kvar veke i staden for kvar veke.
-
Forhåpentlegvis så har ikkje Norge som stat tent på å ha generalsekretæren, om det skulle bli ein kamp om å få være generalsekretær i NATO for å styrke eigne nasjonale interesser så kan vi nesten berre legge ned NATO fyrst som sist. Krigar har brutt ut av mindre. Det einaste Norge som stat kanskje har tent på at Stoltenberg har vært generalsekretær i NATO og har gjort ein god jobb der, er nok at det har styrka Norges omdømme som ein nøytral og diplomatisk part som også i framtida kan få ansvaret for å være fredsmeklarar og slikt. Mitt klare inntrykk er at NATO under Stoltenberg har blitt ei sterkare allianse, særleg med støtte frå USA ved at både Obama og Trump satte 2% kravet på agendaen og på den måten fekk styrka alliansen militært sett. I tillegg til at Stoltenberg ser ut til å ha klart å flate ut spenningar og einigheiter mellom medlemslanda. Når det gjeld kva som er ordninga med leiarskap i NATO samt viktigheita av å ha nasjonale representantar så er svaret på det fyrstnemte at det ikkje finnes faste reglar for kven som skal være Generalsekretær i NATO. Regelen er at alle medlemslanda må være einige om kven som skal bli generalsekretær, og alle medlemslanda har vetorett i dette spørsmålet. Alle, eller dei fleste medlemslanda stiller med ein aktuell kandidat, og så blir det drøftingar for å finne den beste kandidaten til å være generalsekretær. Vervet som generalsekretær går ikkje på rundgang, men det er nok ein uskreven regel eller sedvane på at ein har ein viss rotasjon og at det ikkje er same landet som alltid har generalsekretæren. Det er også blitt ein sedvane at NATO velger ein generalsekretær frå Europa og ein Amerikanar som øverste sjef for NATO-hovudkommandoen. Altså at ein har politisk leiing frå Europa og militær leiing frå USA. På spørsmålet om det er viktig å være representert med representant for kvart land, så er det litt både og. I teorien skal det være heilt irrelevant sidan det er same jobben som skal gjerast uansett, men det er klart at det er viktig at alle medlemslanda kjenner seg både respektert og anerkjent.
- 20 svar
-
- 1
-
Kaprer litt denne tråden då det i dag står i VG at spesialeininga vil legge ned påstand om frifinning i ei anna politiskytingssak: https://www.vg.no/nyheter/i/4Bm8Oa/aftenbladet-spesialenheten-legger-ned-paastand-om-frifinnelse-av-politimannen-som-skjoet-mann-i-kneet Denne hendinga skjedde 22 desember 2022 i Stavanger og blir fyrst i dag ferdigbehandla i retten. Så om denne politiskytinga får tilsvarande tidsplan så blir det nok rettssak sommaren 2025, vi kan nok ikkje rekne med at det kjem særleg med oppdateringar før rettssaka startar opp. Angåande saka i Stavanger så siterer eg politiets uttale frå VG artikkelen: Det kan nok godt være skuddet gjekk av med eit uhell og at politimannen ikkje hadde til hensikt å løsne skot, men det må likevel være grunn for å stille spørsmål ved om det er manglande forståing som ligg bak når politimannen hevdar at han ikkje har straffeskuld. Her er det veldig mykje som har svikta samtidig, alt frå at lykta på pistolen kanskje ikkje er den mest hensiktsmessige lykta å bruke i ein slik situasjon sjølv om den lykta er lettast tilgjengeleg, at fingeren i det heile tatt var på avtrekkaren, og at våpenet var usikra eller hadde denne berømmelege "sikkringa" med treig avtrekker, og med siste svikten at avtrekkaren vart pressa inn. Det kan vel ikkje være normal våpenprossedyre å rette våpen og trykke avtrekkaren halveis inn i situasjonar der ein ikkje har tenkt å skyte? Unskuldninga er ikkje at han kom borti avtrekkaren, unskuldinga er at han trykte litt for hard på avtrekkaren, altså har han etter eigen påstand med overlegg trykka på avtrekkaren, og at feilen "berre" var at han pressa litt for hard denne gangen. Nå skal det seiast at politimannen også er tiltalt for "å ha utøvd offentlig myndighet og grovt uaktsomt brutt sin tjenesteplikt", så det kan sjølvsagt være at han i dag blir dømt på det grunnlaget. Alt det sagt så er det ikkje nødvendigvis rett at det er denne politimannen som blir dømt dersom det fortsatt er våpeninstruksen og mangelfull opplæring som fortsatt er kjelda til at slike episoder oppstår med ujamne mellomrom.
-
Dette er sant i dag. Mitt poeng er at slik som utviklinga går med at NRK vil ha meir kontroll over eige innhald via eigen app, så blir det neste at NRK også lagar spesialordning for å motta vanlege TV sendingar. Dersom dette skjer så blir fyrste steg å stoppe dei ordinære sendingane via antenne eller kabel, på lik linje med at det berre var å slå av FM sendaren når ein skulle gå over til å berre ha radiosendingar på DAB. På lik linje med at NRK i dag sender sine TV-signal gjennom lufta slik at kven som helst kan motta sendinga via ei antenne, så kunne kven som helst motta NRK sine podcaster på den appen ein sjølv ønska å bruke. Før TV-serien SKAM vart eit verdensfenomen så kunne nordmenn streame NRK overalt i verden (utanom der internett var kraftig sensurert). Då antok ein at det berre var norsktalande i utlandet som hadde interesse av NRK sine sendingar, og at talet på norsktalande i utlandet var så forsvinnande lite at det ikkje var nødvendig med utvida lisensavtalar som også dekker utlandet. Etter at SKAM tok av så vart NRK nødde til å stoppe moglegheita for å streame frå utlandet, for sjølv om NRK ikkje tilbydde engelsk undertekst så var serien så populær at det vart laga uoffisielle undertekster som gjorde serien tilgjengeleg for eit langt større publikum i utlandet. Då kom musikkbransjen på banen og krevde at serien (med musikken) måtte bli avgrensa til å berre være tilgjengeleg i Norge, eller så måtte NRK betale ein langt dyrare lisens som også inkluderte distribusjon på verdensbasis. Konsekvensen av dette vart at alle Nordmenn i utlandet mistet sin enkle tilgang på å streame NRK. I dag er det slik at du i EØS land kan sjå på NRK dersom du logger deg inn på NRK appen og stadfester med BankID signering at du er bustatt i Norge (altså at du berre er midlertidig reise). Har du flytta til utlandet eller ferierer utanfor EU/EØS så får du berre sjå eit utvalg av NRK sine program, og det er berre nyheitssendingane du får sjå direkte. Skal ein sjå andre ting på NRK så må ein gå via VPN eller liknande tredjepartsløysingar. At noko som helst av NRK sine tenester i dag er fritt tilgjengelege utan behov for å bruke NRK sine appar, gir absolutt ingen garanti for at det kjem til å fortsette å være slik i framtida. All erfaring tilseier at NRK sine sendingar blir mindre og mindre tilgjengelge. Før FM bandet vart nedstengt så kunne ein med ganske avgrensa kompetanse lage sin eigen radio for å høyre på P1. (Alt du trengte var å lage ein spole av kobbertråd, eit batteri/straum, ein motstand for å justere frekvensen du fanga opp (ofte ein krystall, kullbit eller tynn metallbit som eit barberblad), og ein høgtalar). Ikkje var det nødvendig å betale lisens eller registrere seg heller. I dag betalar du for å kunne høyre på NRK radio sidan lisensen no går over skatteseddelen. I tillegg må du ha ein avansert mottakar, enten DAB radio eller mobil/datamaskin. At du i dag berre kan gå på butikken og kjøpe ein DAB radio utan å registrere deg er nok eit gode som fort også kan forsvinne. Særleg når stadig fleire i dag høyrer på radio over internett/datatrafikk så er det berre eit spørsmål om tid før også dei nye DAB sendarane blir avslått. I dag er mobildekninga såpass god at sjølv bilradioar fint kan bassere seg på streaming enten frå eige data-simkort i bilen eller ved å kople til mobiltelefonen som dei fleste uansett har med seg. Til sjøs kan det fort skje at fiskebåtar blir nødt til å betale for svindyr datatrafikk via satellitttelefon om NRK finner ut at dei vil spare litt kostnadar ved å slå av alle radiosendarane og berre tilby radio via internett og app.
-
Styrtrik stat bør bekoste all ny nettutbygging nå.
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Oppslagstavlen
I denne problemstillinga er det mange nyansar, Etter mitt syn så er mangelfull nettutbygging (og vedlikehald) utelukkande fordi nettselskapa har valgt å investere i nettutbygging og i staden har fokusert på å halde nettleiga låg. Eg anklagar ikkje nettselskapa for å putte inntektene i frå nettleiga i eiga lomme (sjølv om det vanlegvis er eit godt lønnsnivå for leiarane av nettselskapa), vi har nokre kontrollmekanismer som kontrollerer at nettselskapet krev inn berre nok nettleige til å dekke sine vanlege driftskostnadar. Det som er feilen er at nettselskapa ikkje har hatt fokus på nettkapasiteten. Hadde dette vært eit prioritert satsingsområde så burde ein krevd inn litt meir nettleige dei siste 50+ åra og på den måten unngått dette "plutselege" kapasitetsproblemet. Hadde ein bygd ut litt etter litt, så hadde det ikkje vært nødvendig å innføre ein straumtariff for å prøve å bruke straumprisane til at forbrukarane tilpasser seg nettkapasiteten. Det er ganske openbart at det er nettkapasiteten som burde vært utbygd for å dekke behovet til forbrukarane. Eg synes då at det blir feil at Staten skal gå inn ordne opp fordi nettselskapa har svikta i sin jobb. Til sjuande og siste så er det likevel vi innbyggarane som betalar for utbygginga om vi betalar gjennom nettleige eller via skatteseddelen speler mindre rolle. Fordelen med å få staten til å gå inn med pengar er at vi som innbyggarar kan betale tilbake beløpet over ei lengre tidsperiode enn dersom nettselskapa må skur straumprisane så kraftig opp at staten må inn med straumstøtte til innbyggarane. Eg er likevel ikkje heilt framand for at staten skal betale for ei utbygging av straumnettet, men då meiner eg at staten også bør ta over ansvaret for straumnettet. Om staten berre gir pengar til nettselskapa så vil ingenting endre seg. Ein får då brukt dei ferske pengane til utbygging, og deretter vil nettselskapa gå tilbake til å gjere minst mogleg før det etter nokre år til igjen blir grining etter statsstøtte fordi nettselskapet ikkje har klart å oppfylle sine forpliktingar.- 160 svar
-
- 2
-
Heilt einig. Ein ting er metodebruken (som eg sensurerte i sitatet som triggerord) som ikkje nødvendigvis er effektiv. Ein heilt anna ting er at det påfører resten av samfunnet langt større kostnadar og belastningar. Nokon skal jo også finne vedkommande, det skal gjennomførast ei etterforskning for å få klarheit i om ein står ovanfor eit drap eller sjølvdrap, kroppen skal transporterast til sjukehus/gravferdsbyrå, og blir dette gjort på eller langs ein veg så fører det også til at vegen blir stengt med alle dei samfunnstapa det medfører i form av forsinkingar. Også profesjonelle rednings-menn og damer vil nå ei grense for kva dei toler utan å sjølv trenge psykiatrisk behandling. Vanlege turgåarar som er heilt uførebudd kan fort bli hardare råka av dei inntrykka dei får ved å kome over ei slik handling. Som nemnt så skal ikkje økonomi være eit sterkt argument inn i ein slik verdidebatt. Men det er nok openbart betre for både pasienten og helsevesenet om ein kan gi eit tilbod om å sovne inn i sjukesenga omgitt av vennar og familie i staden for å sitte åleine ute i skogen, og som kanskje endar opp med ein langvarig leiteaksjon med folk som skal ut og leite medan familien sitt heime og held på håpet om at vedkommande berre har gått seg vil eller har vrikka ein fot og snart kjem trygt heim igjen så fort redningsmannskapet kjem fram. Det gir berre meir lidingar for alle innvolverte. Kva som er forsvarleg helsehjelp er ein flytande skala der både kunnskap, tilgjengelege behandlingar, og ikkje minst moralske omsyn er ein del av vurderinga. I snart 2000 år har det på slagmarkene blitt brukt amputasjon som behandlingsmåte. Fyrst ved skader som var så store at dei blødninga ikkje lot seg stoppe med bandasjer der eit reint kutt var lettare å behandle. Under Napoleonskrigane vart amputasjon brukt som behandling også ved skader som ikkje var direkte livstruande fordi ein vurderte det slik at det var større sjanse for å overleve ein amputasjon enn det var å håpe på at pasienten ikkje døyde av at såret vart infisert. Det å fjerne kroppsdelar både har vært, og er også i dag til dels kontroversielt då det blant anna strider mot religiøse overbevsningar om at kroppen skal gravleggast heil. (Sjølv tattoveringar den dag i dag fordømt av både kristne, muslimar og jødar på grunn av at det i det gamle testamentet står eit vers om at ein verken skal skjære i eller sette merker på kroppen, og meir overordna fordi ein ikkje skal prøve å forbetre det som gud har skapt). I tidlegare tider så var det på ingen måte gitt at det å redde livet til pasienten var viktigare enn å redde den evige sjela. Kva som skal gis prioritet er eit verdisyn som kan endrast. I dag tenker dei aller fleste at det viktigaste er å redde livet til pasienten, men det er fortsatt relativt vanleg å både reservere seg frå gjennopplivingsforsøk og takke nei til livsnødvendig behandling som blant anna blodoverføring. Kva det betyr å la ein pasient lide er altså ikkje satt i stein. Det at ein før ikkje ville akseptere at nokon skulle risikere evig liding i helvete, og at det å la pasienten lide midlertidig i dette livet vart sett på som den minste av to onder, så betyr ikkje det at alltid skal være slik. Dette er praktiske forhold som fint kan løysast gjennom eigne instruksar. Ei legalisering av aktiv dødshjelp treng som sagt ikkje å bety at det skal være heilt uregulert. Ei mogleg ordning er at for å kvalifisere til aktiv dødshjelp så er dette noko som ein må ha samtykka til på førehand, og at ein sjølvsagt har full rett til å ombestemme seg seinare, men at ein ikkje kan gi sitt juridiske samtykke etter at behovet har oppstått. Altså heilt på same måte som at ein registrerer seg som organdonor på førehand, eller at ein må signere framtidsfullmakta før ein blir dement. Det er forseint at arvingane går i banken med ei fullmakt som dei har fått sin demente far til å signere utan at han har forstått kva han har samtykka til. Så blir det sjølvsagt ein diskusjon om kvar grensa skal gå før det er forseint å be om aktiv dødshjelp utan at det blir slått tvil om at pasienten faktisk meiner det. Samt ein diskusjon om det skal finnes unntak frå ein slik regel. Vi kan til og med innføre diverse særkrav som ytterlagare avgrenser tilgangen til ei slik teneste. Det treng som sagt ikkje å være fullt frislepp for alle om ein vel å legalisere aktiv dødshjelp. Vi kan ha alle mulig slag saklege og usaklege tilleggskrav for å motta ei slik teneste, som at pasienten sjølv må dekke alle kostnadar, at det berre er pasientar som ikkje har eigne barn eller foreldre som fortsatt lever som skal få eit slikt tilbod, eller enkelt og greitt at pasienten ikkje kan etterlate seg nokon forpliktingar som gjeld, omsorgsansvar, arbeidsavtalar, osv.
- 388 svar
-
- 1
-
Utan at eg har noko konkret å vise til, så vil det vel være naturleg å tenke at eit slikt valg som ein har gjort i samråd med helsepersonell vil være langt meir gjennomtenkt enn dei fleste sjølvmordsforsøk? For det er her behovet for ei systematisk oppfølging kjem inn. Som tidlegare nemt så kan det openbart ikkje være slik at kven som helst berre droppar innom legevakta for å bli avliva. Også ved slik behandling må det foreligge eit skikkeleg opplegg som sikrar at det ikkje oppstår feilbehandling, som i denne samanhengen betyr at ein tilbyr dødshjelp til ein pasient som ikkje trengte slik behandling. Eit veldig viktig punkt der er at det kan ikkje være slik at helsevesenet tilbyr dødshjelp fordi det er enklare eller billegare enn å behandle sjukdommen.
- 388 svar
-
- 1
-
Eg tenker at det å få hjelp til å avslutte livet også er å eliminere lidingar, og særleg i dei tilfellar der sjukdommen ikkje kan kurerast. Det er sjølvsagt ekstremt viktig at det er pasientens ønske som er inngått med full forståing for kva det innebærer. I praksis tenker eg at det må være eit krav om at pasienten må erklære sin vilje fleire gonger over litt tid slik at det ikkje blir spørsmål om at det er ei impulshandling. (Mogleg det bør utarbeidast eigne retningslinjer der sjukdom eller skade oppstår så hurtig at det vil være uforholdsmessig å skulle utsette dødhjelp). I tillegg så bør også dei nærmaste pårørande få være delaktig i beslutninga. I dei fleste tilfeller så er dei pårørande med på prosessen fordi at sjølv om det er leit så respekterer dei også pasietens ønske. Mange reiser til Sveits for å få aktiv dødshjelp og det er i praksis vanskeleg å få til utan støtte frå dei pårørande.
-
Bestilling av tur/retur billett er fort ein naturleg konsekvens av kravet om at minst 50% skal være betalt med kredittkort. Både fordi flyreisen er ofte dyraste utgifta så har du tur/retur billett så er du innafor 50% kravet med god margin, men også fordi reisen må ha eit sluttpunkt for å kunne berekne om du har betalt nok av reisen med kredittkort. Om ein ikkje praktiserer det slik så vil ein ved planlagte reiser være dekt alt etter taxituren til flyplassen om ein betalar med kredittkort etter du då har betalt 100% av reisa sålangt med kredittkort.
-
Synes det er uproblematisk å tilby dødshjelp, særleg i tilfeller der einaste alternativet er å bli neddopa. Eg ser ingen fundamental forskjell på å gi ein pasient ein dødeleg dose sovemedisin, og å gi sovemedisin medan ein let pasienten døy ved å ikkje ville ta til seg næring. Eg har eigentleg berre to betenkeligheiter. 1. Det bør ikkje være så liberalt at alle som har ein dårleg dag kan stikke innom fastlegen for å avslutte livet. Eg forutsett at ein tenker på tilfeller der ein informert og samtykkekompetent voksen person tek eit val i møte med sjukdom eller skade som er døydeleg eller så livsendrande at ein i liten grad vil kunne leve eit verdig liv. 2. Eg er usikker på i kor stor grad ei slik oppgåve skal påleggast helsepersonell. Slik som eg har forstått det så har dei fleste helsepersonell som jobbar med dødssjuke, små eller ingen problem med å sjå på dødshjelp som verdig helsehjelp. I dag kan helsepersonell reservere seg mot å utføre abortinngrep, og slik burde det kanskje være også for aktiv dødshjelp?
- 388 svar
-
- 1
-
Frykten for å fengsle uskuldige betyr nok i denne samanhengen "frykten for å straffe uskuldige". Å bytte fengselsstraffa med anna type straff endrar veldig lite. Fotlenke er litt mindre inngripande ettersom du kan sone heime og samtidig få moglegheita til å gå på jobb/skule. Straffa er å bli fråtatt friheta, og du treng ikkje å være på ei celle for å ikkje være fri. Om straffenivået skal justerast ned til eit nivå der uskuldig dømte berre dreg på skuldrane og aksepterer ei symbolsk straff, så er også mykje av poenget med å dømme borte. Eg tviler på at eit voldsoffer er fornøgd med å bli trudd, og at gjerningsmannen blir dømt til tross for rimeleg tvil om straffa er å gå til sengs utan kveldsmat. Sjølv om straffa ikkje har til hensikt å være hevn, så er det ei forventning om at straffereaksjonen skal stå i stil med forbrytinga.
-
Ja det er nok ikkje nødvendigvis alle som seier at dei har tomt kjøleskap som bokstaveleg talt ikkje har mat. Ofte så meiner ein med dette at ein ikkje har mat som eignar seg til å lage middag av. Det å ha to løk, ei halv ketchupflaske, ein skvett med rapsolje og ein pakke med kveitemjøl er ikkje mykje å lage middag av. Sjølv om ein med dette kan lage gode friterte løkringar servert med ketchup som dipp-saus, så er det ikkje akkurat middag. Ein anna ting er at når ein fyrst har dårleg råd så vil det å redusere i matbudsjettet ofte være det enklaste sparetiltaket. Som @tigerdyr nemner så er det veldig mange som lever på ferdigmat og halvfabrikata. Det er mykje å spare på å droppe frossenpizzaen og i staden bake sin eigen pizza (eller helst sunnare alternativ). Om du treng å spare kvar ei krone du kan så kan du også leve lenge på superlavbudsjett. Havregryn og matolje dekker det umiddelbare kaloribehovet og er mettande. Legg til litt billege grønsaker så har du dekt dei viktigaste næringsbehova. Dette er ein veldig kjedelig diett som ligg langt under grensa for verdigheit som NAV sett, ingen skal trenge å leve så enkelt. Men det er likevel ein fint overkomeleg måte å spare mange hundrelappar. Typisk så bruker gjennomsnittsnordmannen 300 kr på mat per dag, ved å berre ete superbilleg mat til ca 50 kr per dag så kan ein ganske enkelt spare 1750 kr i veka, som ein då kan bruke på andre ting. For den som har fått innvilga økonomisk nødhjelp frå NAV og fått pengar på konto til å dekke dei mest nødvendige levekostnadane, så kan det nok være fristande å i staden for å fylle kjøleskapet med god mat, leve på superbilleg mat og bruke pengane du får til overs på andre utgifter eller andre ting som du kanskje prioriterer meir. Eit typisk eksempel her er fattige som har kjæledyr. NAV gir ikkje økonomisk sosialhjelp til dyrehald, så har du til dømes ein hund (som ikkje er servicehund) så vil du måtte bruke av din sosialstønad til å kjøpe hundefôr. Mange hundeeigarar (dei fleste?) vil i slike tilfeller velge å bruke mindre på mat til seg sjølv for å kunne behalde kjæledyret sitt sjølv om ein er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
- 11 svar
-
- 2
-
Sidan mat er såpass akutt viktig så er det også dette lettare å få økonomisk sosialhjelp til ved å oppsøke NAV kontoret framfor å sende inn søknad. Merk likevel at også husleige er definert som ein slik nødsituasjon, men ofte fyrst når du har komt så langt at husleiga må betalast umiddelbart for å unngå å bli kasta ut. Tilsvarande med straumrekninga. At du ikkje rekk å betale straumrekninga i tide er ikkje ein nødsituasjon, då må du søke om pengar på vanleg måte. Men om du har fått steningsvarsel slik at du må betale innan kort tid for at straumen ikkje skal blir kutta så er dette ein nødsituasjon som gir deg lettare tilgang til pengar. Mat er med andre ord eit av dei behova som ein alltid får til å ordne på eit eller anna vis. Ein sjeldan gong så kan ein skaffe seg mat heilt gratis ved å invitere seg på besøk til vennar, i verste fall ein kan raide containere, og sjølv om det er ubehageleg så kan ein faktisk gå mange døgn utan mat. Det er mykje vanskelegare å finne alternative måtar å betale husleiga på ettersom det der berre er pengar som gjeld.
- 11 svar
-
- 2
-
Behovet til trådstarter er eigentleg berre avbestillingsforsikring ettersom han/ho ikkje skal kjøpe heile reisa med kredittkort og derfor treng ei reiseforsikring. Avbestillingsforsikring er heilt standard og følgjer med i alle reiseforsikringar. Du kan også tegne berre avbestillingsforsikring utan å ha reiseforsikring, men eg klarer ikkje å sjå kva som er fordelen med å berre ha avbestillingsforsikring med dei prisane som eg fant ved eit kjapt googlesøk. Det er uansett dumt å legge ut på reise utan reiseforsikring. Med ei reisevarigheit på 5 veker så er det ikkje noko stort tema med kor ofte du må tilbake i Norge då sjølv dei strengaste vilkåra starter med krav om at du skal tilbake til Norge i løpet av 45 dager (5 veker er 35 dagar). Merk likevel at det ikkje er absolutt alt av avbestillingar som reiseforsikringa dekker. Det viktigaste her er at du må ha ein grunn for å kanselere reisen, vanlegvis sjukdom hos deg eller i reisefølget ditt, men det kan også være andre grunnar som gjer at du ikkje kan reise som begravelse, at du må vitne i retten, osv. Det er også ofte eit vilkår at reiseforsikringa må ha vært aktiv i nokre veker før reisen for at den skal gjelde. Med mindre trådstarter har tenkt seg ut på noko som er meir ekspedisjonsaktig, så er det her snakk om heilt standard forsikringsbehov. Då er det eigentleg berre å sjå etter billegaste reiseforsikringane som dekker dine behov. Dei litt dyrare pluss forsikringane gir typisk berre litt høgare maksverdi for tapt bagasje, dekker skader på leigebil, skader i samband med ekstremsport , osv. For ein vanleg turist som ikkje skal ha leigebil og ikkje reiser med baggasjen full av elektronikk eller smykker så vil ei vanleg reiseforsikring dekke det meste av dine behov.
-
Det er ikkje mangel på fleirtall som er problemet. Det som er problematisk er at ditt lokale kommunestyre uansett ikkje kan gjere noko som helst med nasjonalpolitikken. Kommunestyret kan sjølvsagt skrive brev til statsministeren for å oppfordre om å endre den nasjonale politikken, men det er så langt deira nasjonale innflytelse går.
-
Eg er ikkje ueinig i kritikken, men derifrå å hevde at ho er største trusselen mot heile demokratiet sidan krigen blir eit så stort steg at den legitime kritikken drukner. For ja, det er kritikkverdig å blande rikspolitikk inn i eit kommuneval der ein skal finne dei beste lokalpolitikarane. Og det er problematisk at ho er gift med ein person som potensielt kan ha fått tilgang til hemmeligstempla informasjon som vart brukt til eigen vinning. Det er ikkje Erna sin skuld, men det var hennar ansvar. Kor problematisk dette var kan sjølvsagt diskuterast, men konklusjonen vil aldri bli at Erna bokstaveleg talt er verre enn Hitler.
- 30 svar
-
- 1
-
Spenstig å anbefale posjerte egg til ein som etter eige utsagn akkurat klarer å lage omelett eller speilegg. Det er veldig mykje du kan lage med steikepanne, meir kan du lage om du tek med deg ei kasserolle i tillegg. Kva var det du brukte å spise i kantina? Deretter er det eigntleg berre å bestemme seg for kor avansert/dyrt du vil gjere det. Fjordland er superenkelt og gir minimalt med matlaginslukt ettersom du berre skal putte posane i varmt vatn i ca 10 min. Gir du vatnet eit oppkok litt før lunsjtid før du slår av platen så treng du heller ikkje å stå ved hybelkomfyren medan maten blir oppvarma. Ulempen her er at det er såpass dyrt med Fjordland at du kanskje liksågodt kan gå ut for å kjøpe lunsj, fordelen er at du kasserollen forblir rein etter matlaginga. Sidan lukt er ei problemstilling så er nok ikkje steiking av fiskekaker eller karbonader å anbefale. Personleg så vil eg anbefale ostesmørbrød. Då smører du eigentleg berre påsmurte brødskiver som normalt og steiker brødskivene på begge sider i steikepanna til osten smelter. Fordelen med ostesmørbrød er at du ikkje nødvendigvis må varme smelte osten, nistepakka vil også være god kald sjølv om det sjølvsagt er best med når osten er smelta. Pytt-i-panne er også fin lunsj som tilberedes i steikepanne, du kan både kjøpe ferdig i frysedisken eller enkelt lage heime. Eit anna tips kan være å koke ris, pasta eller poteter, og deretter helle kald eller temperert saus over. Har du til dømes varm ris så vil sjølv kjøleskapskald saus fort bli oppvarma til passeleg temperatur når du blandar det saman. Tilsvarande også omvendt, kald skinke med varm saus er ein middagsklassikar.
-
Hvorfor har 96 % av norske lånekunder flytende rente ?
The Avatar svarte på Buffelo sitt emne i Økonomi
Det er ikkje gitt, jamfør fyrste innlegg som spørr om kvifor ikkje fleire har låst renta no når den er låg og det er utsikter til renteauking. Enkelte ser på det å låse renta som gambling, noko som i enkelte tilfeller kan være ei god samanlikning ettersom nokre få kan være heldig å få låst renta på eit lågt nivå som gjer at dei får eit billegare lån. Men som dei seier "the house allways wins" så har bankane vanlegvis sikra seg slik at dei over tid tener meir på å tilby fastrente enn dei taper på det. Ein skal ha veldig lite forutsigbar økonomi for at det å låse renta ikkje er ei forsikring mot å klare å betale. Ein låser sjølvsagt renta på eit nivå der ein klarer å betale, og så aksepterer ein at ein mest truleg vil måtte betale overpris i bytte mot ein garanti for at renta ikkje kjem opp i eit nivå som du ikkje klarer å betale. Sjølv om ein bind renta til eit fornuftig rentenivå så er det sjølvsagt ingen garanti mot at ein ikkje klarer å betale lånet, for det er ikkje berre renta som avgjer det. Mister du jobben slik at du ikkje lenger har den inntekta du hadde kalkulert med, eller du får store uforutsette kostnadar så kan du sjølvsagt få problem med huslånet også med låst rente, men til alle praktiske formål så er fastrente som ei forsikring der ein aukar sine måntlege utigfter med ein fast låg sum i bytte mot å være sikker på at ein ikkje får ei kjemperekning i framtida.- 66 svar
-
- 1
-
Sjølv om at Frp vanskeleg kan gjere noko med det, så tenker eg at det er uheldig at det som kanskje er det aller viktigaste slagordet for eit politisk parti før eit valg har blitt tilført ei dobbel betydning. Sjølv om at Frp er det partiet med tydelegast innvandringspolitikk og samtidig er i reell posisjon til å få regjeringsmakt, så trur eg at det er meir skadeleg enn fordelaktig for partiet at igjen blir påført rasist-merkelappen. Denne merkelappen skremmer nok ikkje alle Frp velgarane, men det er nok større fare for at dei som er litt meir usikre heller velger å gi sin stemme til eit anna parti i frykt for å sjølv bli stempla som rasist. Denne rasist-merkelappen er også svært problematisk for Frp sin politiske leiing, då det blir for lettvindt for andre parti å ignorere Frp sin invandringspolitikk som rasistisk. Det vil være eit stort tap for Frp dersom dei ikkje klarer å få til ein sakleg og folkeleg debatt om innvandring. I verste fall kan det medføre at Sylvi Listhaug blir nekta å snakke om innvandring i partidebattar på TV og radio dersom programleiaren eller ansvarleg redaktør er redd for at dei slepp gjennom rasistiske uttalingar, det som er rasistisk vil i dei fleste tilfeller også objektivt sett være hatefylle ytringar som strengt tatt er staffbare. Uansett kva side ein står politisk så vil ein ikkje være tent med at ei lita gruppe nettroll legg lokk på det som burde blir ein open og konstruktiv politisk debatt om kva slags politikk vi som innbyggarar ønsker at Norge skal føre i framtida.
-
Merk at karenstida berre gjeld der du ikkje hadde rimeleg grunn til å seie opp jobben. Dersom du blir sagt opp får du dagpengar med ein gong, dersom du får avskjed så er det eit skille på om du kan klandrast for avskjeden eller ikkje. Ofte blir avskjed berre benytta der du har gjort ting på jobb som er så klandreverdig at du også får karenstid. Har du berre opptredd litt klandreverdig så får du vanleg oppseiing som gir rett til dagpengar. Helseutfordringar er lista opp av NAV som eit eksempel på rimeleg grunn til å seie opp jobben, men vilkåret er dokumentasjon. Feilen som trådstarter har gjort her er nok at du sjølv har vurdert at du måtte slutte i jobben på grunn av psykisk helse, og at du derfor manglar legeattest som underbygger at det var nødvendig å seie opp. Lærdommen til neste gong er å ikkje levere oppseiing på eige initiativ (eller bli pressa av arbeidsgivar til å levere oppseiing). For NAV ser det ut som at du berre har bestemt deg for at du ikkje orker å jobbe, og derfor får du karenstid. Dersom det er reelt at du måtte seie opp på grunn av helsa så kan det være at du klarer å skaffe dokumentasjon på dette i ettertid som du kan sende inn til NAV for å avslutte karenstida, men sidan dette er psykisk og ikkje fysisk helse så kan det kanskje være vanskelegare å skaffe slik dokumentasjon?