The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
21 082 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Eg er heilt einig i at det må være noko som hindrar legar i å bli tvinga til å utføre aktiv dødshjelp. Reservasjonsrett kan være ei løysing, men i likheit med abort så er det ei midlertidig løysing. På sikt bør det være ulike stillingar med ulike arbeidsoppgåver for foutsigbarheita sin del. Slik som det er i dag i abortspørsmål så kan heile legesenteret bestå av legar som har reservert seg, i framtida bør det være slik at det er eit avgrensa tal på stillingar som ikkje har aborthenvisning som ein del av sin stillingsbeskrivelse. Legar som gjer denne jobben skal openbart ikkje ha dette som tilleggsoppgåve, derfor må det være nedfelt i stillinga at legen som ikkje utfører disse arbeidsoppgåvene i staden gjer andre arbeidsoppgåver. Grunnen til at eg ideelt sett vil ha ei slik ordning i staden for reservasjonsrett, er at vi kan ikkje vedta eit helsetilbod om det er slik at ingen vil stå for tilbodet. Og vi bør ikkje kome dit av vi tilbyr høgare lønn for å drive med abort eller aktiv dødshjelp, då det ikkje børe være økonomien som avgjer om ein lege vil ta på seg oppgåvene eller ikkje. Den hippokratiske ed er i dag lite relevant for legar, og er i dag også lite brukt. Eden seier at ein ikkje skal gi dødeleg legemiddel, fosterdrivande middel til gravide, eller gjennomføre operasjonar. Dette forbodet mot alle typar operasjon (samt det å sverge troskap til oldtidens greske gudar) gjer at den hippokratiske eden er lite relevant for moderne legar. Viktigaste argumentet for at legane må kunne ta eit aktiv valg om kva dei har samvittigheit til å drive med er at det vil være svært uetisk å tvinge legar og anna helsepersonell til å utføre oppgåver som ikkje var ein del av jobben når dei starta på utdanninga og i jobben.
-
Prisen på 3000 kr er "worst case" basert på at heile tilskotet på 100 mill skal brukast på ein eingongsleveranse av 33 000 masker. Det er vanskeleg å finne gode kjelder, og Watchbird sjølv vil ikkje uttale seg anna enn at prisen per maske blir vesentleg mykje mindre på grunn av større leveranse, men at antallet masker og stykkprisen er foretningshemmelegheiter fram til det er framforhandla ein avtale. Sidan Ukraina har meir enn 33 000 stridande så er nok tanken at det skal leverast fleire masker. Det er heller ikkje uttalt kva det statlege tilskotet skal dekke, der den store X-faktoren er om nokon av disse pengane er meint å dekke opp for utviklingskostnadane, eller om det berre skulle være til kjøp av ferdig utvikla produkt. Eg synes fortsatt at det er bra at VG stiller fokus på dette, for det er bra å stille spørsmål ved om pengane blir brukt rett, men eg ser også at noko av framstillinga er litt enkel. Soldatane som skal bruke dette produktet skal sjølvsagt bruke ordentleg vernemaske om dei kjem i ein situasjon der dei skal inn i eit telt med CS gass slik at dei kan oppholde seg i teltet så lenge som nødvendig. Denne buffen er meint for å gi nokre sekund med ekstra beskyttelse til å kome seg i sikkerheit ved at soldaten uansett bruker buffen for å beskytte mot kulde og for å kamuflere ansiktet. Tabben Watchbird har gjort er å i kjent markedsføringsstil smurt litt vel tjukt på. Denne masken er på ingen måte vernetøy for tåregass, særleg fordi den ikkje beskytter augene. Men det at den avgrenser innsleppet av tåregass med 1/5 og soldaten mest sannsynleg alt har på seg buffen når gassen kjem, gjer at soldaten har ein vesentleg større sjans til å springe i sikkerheit, sjølv om ein er nesten blind og har pustevanskar på grunn av gassen. Alternativet er jo å ligge i fosterstilling i skyttergrava og være heilt slått ut av tåregassen fordi du får opplevinga av å ikkje få puste.
-
Er i utgangspunktet for aktiv dødshjelp, men det er ein del forhold som må klartleggast fyrst. Eit punkt er dette med kompetent samtykke, skal ein kunne samtykke midt i ei smerterie og få sprøyta umiddelbart? Eller må ein ha skriftleg samtykka lenge før ein blir sjuk? Og om ein har samtykka på eit tidleg stadium, kva ordningar skal være på plass for å trekke samtykket sitt? Eit anna punkt er dette med kven som skal utføre arbeidet. Eg synes ikkje det er rett at jobben med å ta liv blir lagt til fastlegen som ein av mange oppgåver. Her bør det være som med abort at det er rom for å reservere seg, men samtidig så kan det ikkje være så lett å reservere seg at pasientane ikkje har eit reelt tilbod. Eit tredje punkt er om det skal være krav til at ein har gode nok grunnar for sjølvmord, og om det i så tilfelle må lagast ei liste over godkjente sjølvmordsgrunnar. Ein ting er med alvorleg og dødeleg sjukdom som ALS eller kreft, men kva med psykiske lidingar? Skal du på ein litt dårleg dag kunne svinge innom legevakta, gi ditt samtykke og god natt 15 minutt seinare, elller må du tvingast gjennom omtrent uendelege behandlingstilbod før du om type 50 år kan legge fram dokumentasjon på at du har prøvd "alt" utan resultat? I tillegg er det ein del spørsmål som er meir fin-juss, som gyldigheit av livsforsikring. Skal det være rom for at sjølvmord gir arvingane full utbetaling? Eller er det slik at ein må døy "naturleg" for at ikkje heile forsikringa skal bli annullert? Ein viktig grunn til at eg synes det bør være lov med aktiv dødshjelp er at det gir grunnlag for betre rammer rundt eit sjølvmord. Der pasienten blir ivaretatt ved at ein slepp å bruke "heimesnekra" løysing, samtidig som at ein også kan ivareta pårørande ved å gi førehandsvarsel med moglegheit for å få pasienten til å ombestemme seg. Og slik at vi verner om samfunnet forøvrig ved at familiemedlemmer treng å snuble over ditt ille tilberedte lik, eller at riksvegen blir stengt i timesvis fordi du var såpass egoistisk at du valgt å drepe deg i trafikken. Akkurat dette med aktiv dødshjelp ser eg ikkje på som eit stort religiøst tema, sjølv om konservative kristne nok i større grad meiner at alt liv er hellig og at både sjølvmord og drap er i strid med den kristne tru. For meg er det meir praktiske forhold som gjer at eg ikkje kan anbefale ei snarleg innføring av aktiv dødshjelp, vi treng å etablere betre rammer før ei slik lovendring. Sånn sett har eg meir problem med andre moralske lover, særleg på seksualitet som forbod mot dyrepornografi (vi har tross alt ein paragraf som forbyr dyremishandling, så då er det ikkje nødvendig å fengsle folk som skriver noveller som skildrer kjønnsleg omgang med eit dyr). Også forbodet mot sexkjøp frå voksne er ei slik morallov, det er frå før ulovleg å utnytte nokon sin nød eller uforstand så det burde kunne dekke prostitusjon frå personar som blir utsatt for tvang eller har avhengigheitsforhold som gjer at dei reelt sett ikkje kan nekte. For det er jo noko veldig rart med at du lovleg kan leige akt-modell eller ta ein massasjetime der massøren kan berøre alle delar av din nakne kropp for å gi nytelse, med unntak av den eine kroppsdelen som gjer handlinga til ei synd. Andre merkelege religiøse lover er forbodet mot støy på helligdagar. Ikkje fordi det skal være fritt fram å drive med betongborring i blokka 1 juledag. Vi kan godt ha lover som sikrer stilletid, men kvifor avgrense dette til søndagar? Burde ikkje også laurdagar være ein dag der vi krever at du tek litt ekstra omsyn til naboane dine?
-
Mykje av detaljane rundt telenettet er unntatt frå offentlegheit etter sikkerhetsloven, så for å få gode opplysningar om detaljane så må ein være innafor ei gruppe som kan få slike opplysningar. Slik som eg forstår det så blir det ikkje lenger dekning i dei områda der det i dag berre er 2G dekning. 2G dekninga når lenger fordi det er kraftigare signal, som også er grunnen til at teleslskapa synes sendarane brukar for mykje straum og er for dyre å holde i drift. 4G og 5G nettet har kortare rekkevidde, og slik som eg fortstår det også noko dårlegare signal innendørs samanlikna med 2G nettet. Mange nybygg må derfor montere eigne signalforsterkarar for at det skal bli godt nok signal inne i moderne bygg.
-
Han vil uansett ikkje bli dømt til forvaring. Hadde han blitt dømt som hovudmann i 2002 så ville han nok også fått forvaringsdom. Det som hindrar ein forvaringsdom no er at JHA har fått sjansen til å bevise at han kunne være ein fri mann utan å begå nye lovbrot, heilt objektivt sett så er det derfor ikkje grunnlag for å måtte holde JHA innelåst av omsyn til sikkerheita for resten av samfunnet. Det finnes ingen bevis for at det foreligg ein gjentakingsfare, og det endrer seg ikkje om han no blir dømt som dobbeltdrapsmann. Det som hypotetisk sett kunne vært grunnlag for ein forvaringsdom er ved å argumentere at han har krenka rettssystemet ved å gjennom uriktig forklaring få ein uskuldig dømt til maks straff pluss forvaring. Men det er tynn argumentasjon, og det er enda tynnare argumentasjon for at JHA fortsatt utgjer ein trussel for rettsvesenet sidan han no vanskeleg kan få ein anna uskuldig utsatt for justismord utan å ha ei alvorleg forbryting å hekte det på. Sjølv om han har viljen til å manipulere retten endå ein gong, så har han no ikkje gjennomføringsevne. I praksis er det nok også umogleg å få han dømt for å ikkje ha tilstått, for det er einaste måten JHA kunne ha redda VK frå ein uriktig dom på, er ved å tilstå og ta all skuld sjølv. Litt off-topic, men dette er eit av dei områda der manglande foreldelsesfrist i drapssaker utgjer eit hinder for rettssikkerheita. Hadde ikkje VK fått sin sak gjennopna og blitt frikjent utan hjelp frå JHA, så ville JHA aldri kunne hjelpe sin gamle venn utan å sjølv gå i fengsel. Med den gamle foreldingsfristen som var 25 år så kunne JHA i år lagt alle korta på bordet og i det minste fått VK lauslatt frå forvaring om han fortsatt satt i fengsel utan å sjølv risikere disse 2 ekstra åra med fengsel. Fordelen med å ikkje la drapssaker bli forelda er at det då alltid er relevant å etterforske gamle og uløyste drapssaker, men ulempen er at vi får færre tilståingar frå angrande drapsmenn som vil la dei etterlatte få svar på kva som skjedde, sidan det vil medføre full drapsdom mange år seinare. For meg så er det noko som skurrer litt med logikken om at dersom du begjekk drap som 20 åring som du aldri blei dømt for, og du som 40 åringar har levd så lenge med dårleg samvittigheit at du vi fortelle sannheita, så havner du i fengsel i 20 år og slepp ut som 60 åring. Har ein ikkje blitt rehabilitert på dei 20 åra ein har holdt på hemmelegheita og ikkje begått annan kriminalitet, så treng ein ikkje 20 år i fengsel som voksen for å bli meir rehabilitert.
-
Heilt einig. Eg skal ikkje påstå at sensor ikkje har gjort noko feil her. Men det er nok ei sannsynlegheitsovervekt for at det er trådstarter som ikkje har hatt god nok oversikt over eiga køyring, og ikkje at sensoren måtte dikte opp nokre grunnar for å gi stryk. @Trådstarter Den viktigaste strykgrunnen er nok at sensor måtte gripe inn i køyringa. Det som eg vil tru at trådstarter har misforstått er at også muntleg beskjed om å endre køyringa er å gripe inn. Det er ikkje slik at sensor må fysisk trykke på bremsen eller dra i rattet for at det er eit inngrep i køyringa. Det held lenge at sensor gir deg beskjed om å bremse, eller at det blir køyrt på ein slik måte at andre trafikkantar må bryte inn. Frå forskrifta: Typisk inngrep frå andre trafikkantar er fotgjengarar som må stoppe i/ved fotgjengerovergangen fordi du ikkje har stoppa, eller du braut vikeplikta på ein slik måte at bilen med forkjørsrett måtte bremse. Kandidaten skal vise at ein kan køyre sjølvstendig, utan at det sitt nokon i passasjersetet og minner deg på å holde avstand til bilen foran eller at andre billistar må hjelpe deg fram ettersom du ligg i feil fil i forhold til kvar du vil køyre. Når det gjeld køyring utanfor kvitstripa så har eg ikkje eit godt svar. Slik du legg det fram så vil eg tru at dette er ei tilleggsopplysning og ikkje eit sjølvstendig strykgrunnlag. Men om du er avhengig av teknikken i bilen for å fortelle deg at du køyrer på kvitestripa så er ikkje det heilt bra. Om eg skal gjette, så vil eg tru at du har køyrt veldig mykje nærmare kvitestripa enn det som er normalt. Då vil du virvle opp svevestøv som ligg på eller nært stripa, dette vil sensor lett sjå i sidespeilet utan at bilen nødvendigvis har vært så nært kvitestripa at bilens "line assist" har gitt varsel. Det å vrimle opp svevestøv på denne måten kan være strykgrunnlag utfifrå kravet om at ein skal demonstrere at ein kan køyre effektivt, behageleg og miljøvenleg. Svevestøv er både plagsomt for mjuke trafikkantar og reduserer sikten for bilen som kjem bak deg. I tillegg utgjer det ein punkteringsfare ettersom det ofte er her småspiker, stein og andre gjenstandar ender opp. Mitt råd er at du fyrst prater med køyrelæraren, gjerne at dykk køyrer same ruta der du prøver å gjengi det som skjedd under oppkøyringa både i trafikkbildet og eventuelle kommentarar frå sensor. Har du til dømes ein tendens til å ligge tett på kvitestripa så er nok det oppførsel som også køyrelæraren har lagt merke til. Etter å ha tatt denne praten med køyrelæraren din så kan du ta ein ny vurdering på i kva grad sensors vurdering av deg stemmer overeins med køyrelærarens vurdering av deg. Som tidlegare nemt så har du ikkje klageadgang på subjektive vurderingar, og skal du sende inn ei klage basert på sensors utførelse av jobben så bør du ha køyrelæraren som sannheitsvitne på at sensors vurdering ikkje stemmer med den måten du vanlegvis køyrer på.
- 23 svar
-
- 3
-
-
Beklager bump. Dette kan åleine være heile forklaringa på ulike kommunale avgifter. Det er ganske vanleg at der det ikkje er vassmålar så stippulerer kommunen vassforbruket utifrå kvadratmeter, då med logikken at jo fleire kvadratmeter jo fleire er det plass til, og jo fleire som kan bu der så aukar også vassforbruket. I rekkehus så er nok kvadratmeterane store nok til at det vil lønne seg med vassmålar om det berre er to som bur i andelen. Har ein to tenåringar i hus som dusjer 2-3 gongar per dag så så vil det nok lønne seg å ikkje betale etter målt forbruk. Problemet med prospektet/finn.no er er at det ikkje er standariserte måtar å oppgi kommunale avgifter på. Renovasjonskostnadane er også forholdsvis personavhengige, og er ofte delt inn i liten, middels eller stor avgift alt etter kor mykje avfall du produserer. Det vanlege er å oppgi renovasjonsgebyret for dei dunkane som selgar sjølv har og som står utanfor huset, men eg kan forstå logikken i at ein selgar som har hatt ekstra stor dunk på grunn av at ein fekk trillingar og har ekstra mykje bleier og styr å kaste kvar veke, vil tenke at det er meir representativt å oppgi prisen for eit medium renovasjonsgebyr. Tilsvarande den eine person som knapt nok produserer avfall og som har klart seg med det billegaste abonnementet kan ikkje nødvendigvis i god tru oppgi denne prisen til ein potensiell kjøper som med høg sannsynlegheit må ha eit dyrare renovasjonsabonnement. PS. I bildet du viser til så er renovasjonskostnaden oppgitt som andre faste kostnadar. Litt avhengig av korleis kommunens eigarskap i renovasjonsselskapet er organisert så er det myke som talar for at dette er den korrekte måten å framstille kostnadane på. Ofte vil renovasjonsselskapet være drevet som eit AS med kommunen som einaste eller som ein av fleire eigarar, og då er det ikkje nødvendigvis korrekt å oppgi dette som ei kommunal avgift. Eg vil nok i tillegg påstå at renovasjon liknar meir på ei betalingsteneste på lik linje med snøbrøyting, felleskostnadar, osv. som vil variere etter behov. På lik linje med at du kan velge annen prisklasse på renovasjonen, så betalar ein gjerne også mindre i snøbrøyting dei åra det er lite snø, eller meir i fellesutgifter om burettslaget skal i gang med utbetringar. Dei kommunale avgiftene har det til felles at det ikkje er nokon veg utanom å betale avgifta.
-
I frykt for å virke spydig, så vil eg påpeike at vi no også mister denne redundansen ved at vi stenger ned 2G netter for å få meir kapasitet til 4G/5G. Det er mange områder der det i dag berre finnes 2G dekning, mest på fjellet og langt ute på sjøen. Men sidan mykje av vegnettet vår går nettopp over fjellet så finnes det mange vegstrekningar med berre 2G. Når mellom anna Telenor skryter av dekningsgrad på 99,8% så er det med atterhald om at 99,8% av befolkninga har 4G dekning på folkeregistrert heimadresse. Så fort ein går ut av huset og inn i områder der det ikkje bur folk til vanleg så finner ein mange områder med dårleg dekning. Det er jo noko smått parodisk ved at ein skryt av nesten alle har mobildekning heime, noko som også hadde vært sant om ikkje fasttlefonen med kobbarlinje hadde blitt fasa ut, for det er jo når ein er der det ikkje kan byggast fysisk infrastruktur at ein treng trådlaus kommunikasjon. Eg er heilt for at vi bør legge til rette for god redundans ved å ha fleire tilbydarar, men i praksis hjelp det lite når teleselskapa henger sitt utstyr på samme mast, med samme backupløysing ved straumutfall. For det er ikkje som at kvart teleselskap har tatt seg råd til eige nødstraumsaggregat, det spleiser dei ofte på. Så når det er tomt for diesel så stoppar alle tre sendarane samtidig.
- 77 svar
-
- 1
-
-
Det er også fordi det er uheldig med fastsatte inntektsgrenser, som til til dømes skattefritak fram til ein har 400 000 kr i inntekt. Med dagens skattesats og ingen andre fradrag så betalar ein med inntekt på 400 000 kr ganske nøyaktig 80 000 kr i skatt og sitter igjen med 320 000 kr. Det igjen betyr at det er meir lønnsomt å fryse lønna til 399 999 kr. Det er fyrst ved årslønn på 520 000 kr og skattetrekk på 120 000 kr at du sitter igjen med 400 000 kr i netto. Gapet her blir veldig stort, og det blir alt for attraktivt å styre regulere lønna slik at ein slepp skatt, som igjen fører til mindre skatteinntekter som då må takast igjen ved at alle dei som tener meir enn 400k må betale meir i skatt. Det er også viktig for tilliten til skattesystemet at alle bidreg til fellesskapet ved å betale skatt, og ikkje minst at alle får nyte godt av godene. Som døme på sistnemnte så får du foreldrepenger frå NAV enten du er fattig eller rik slik at du får erstatta inntekta di medan du er heime med barnet ditt. (Einaste avgrensinga er at du berre får 100% dekning opp til ca 800 000 kr i året, så tener du meir enn dette så får du ikkje full lønnsrefusjon, men alle får). Startar ein med å gi skattefritak til dei lågtlønnte så gir det grobunn for mistillit på alle dei som berre forsyner seg frå velferdskassa utan å putte ei einaste krone tilbake. Og i andre enden så vil rike som betalar mykje skatt inn i velferdskassa men aldri får ei krone tilbake miste trua på heile ordninga, og er då meir tilbøyelege for flytte ut av landet, skjule inntektene sine, eller finne andre måtar å unngå beskatting på. Ofte kjem spørsmålet om kvifor vi ikkje berre har flat skatt? Når poenget med den norske skattemodellen er at alle skal bidra og alle skal få. Det er eit heilt eige tema, men i korte trekk så handlar det kva som er å rekne som flat skatt? Er det like kronesum eller er det lik prosentsats? I tillegg så har vi behov for dei ulike frådragspostane slik at skattebelastninga ikkje skal bli for urettferdig på andre måtar. Som til dømes for bedrifter som bruker pengane dei tener på å investere i utstyr, utan skattefrådrag på slike investeringar så hadde det blitt veldig dyrt å drive bedrifta, og skattetapet ved at bedrifta går konkurs er uansett mykje større enn skattetapet ved å la bedrifta skrive av utgiftene sine. Tilsvarande for privatpersonar som får skattefrådrag for "utgiftsposter" som forsørgaransvar for barn, huslån, jobbpendling, osv.
-
Det er også relativt håplaust kor lite sikkerheit det er rundt din innsjekka bagasje. Ved ankomst blir bagasjen kasta ut på bandet, og du må nesten berre håpe at ingen stjeler eller tar med seg feil koffert. I tillegg må du sjølvsagt stole på at ingen utru tener stjeler frå bagasjen din på eit eller anna tidspunkt mellom at du leverer frå deg kofferten til den dukker opp igjen på bandet. Sjølv med berre klær så er det typisk verdiar for mange tusen i kofferten.
-
Det varierer sjølvsagt mykje alt etter som. Men typisk så vil dei med høge lønningar var leiarar eller personar i særleg uavhengig stilling. I denne gruppa jobbes det mykje, og ein kan aldri ta helg i visshet om at ein då har fri heilt til måndag. Kor mange små pg store katastofer som oppstår i helga, på kveldstid, eller om natta varierer sjølvsagt mykje frå bransje til bransje. Det er ganske typisk at om denne leiaren ikkje er på jobb så får ingen andre starta arbeidet sitt heller. Vil også legge til at skattelistene kan gi litt feil inntrykk sidan det seies ingenting om arbeidsmengde. Er du heilt vanleg butikkarbeidar som jobbar som reinhaldar om natta så tjener du også ganske godt sjølv om kvar jobb er lågt lønna, for du jobbar tross alt 200%. (og motsatt, om du frivillig ikkje jobbar meir enn 50% så er det ikkje så rart at skattelista viser inntekt på under 300k). For mange leiarar så legges det nok ned vesentleg meir enn 40 timar i veka.
-
Utan å vøre heilt sikker så meiner eg på at det aldri er plass i kabinen til atballe kan ha med handbagasjekoffert pluss ei veske som er den vanlege "kvota", flyselskapa tek likevel sjansen på det sidan dei fleste passasjerane sjekker inn, og blir det for fullt så ordner det seg ved å tilby gratis innsjekking av handbagasje. Eg har heller ikkje lest alt som står i liten skrift i vilkåra, men er ganske trygg på at du ikkje kan tvingast til å sjekke inn bagasje. Den praktiske utfordringa er at flyselskapet kan sette igjen både deg og kofferten om det er for lite plass, eventuelt overvekt på flyet. For å være sikker på å sleppe å sjekke inn så kan du pakke litiumbatteri i kofferten (eller påstå at du har det) for då kan ikkj kofferten sjeklast inn. Andre ting som ikkje er lov i innsjekka bagasje er sprayflasker og lightere.
-
Trur du vil slite med å få gjennomslag for at du berre har lagt ut eit bilde med blomsten som hovudmotiv. Og om du lykkes så er du uansett ikkje nærmare i å finne identiteten til tjuven, for er det blomsten som er hovedmotivet så er det også kun blomsten folk kommenterer. Eg har ikkje sjekka kor mange slike tilfeller det har vært, for det er ikkje alle bøter som blir avisartikler. Det einaste eg kan seie sikkert er at det er mogleg å bli straffa for dette, og at det ikkje er snakk om småpenger i bøter om du blir straffa. Omsynet til personvernet blir vekta høgare enn omsynet til materielle verdiar.
-
Det handlar ikkje berre om at myndigheitene skal ta ansvar for å lage reguleringar, det handlar minst like mykje om at myndigheitene må avregulere det som er til hinder for utviklinga. Som nemte eCall som frå 2018 fekk krav om å støtte 2G/3G, utan krav til at slikt utstyr skulle være framtidsretta. EU kravet burde vært teknologiuavhengig slik at bilbransjen hadde krav om å installere eCall som kommuniserer over telenettet, og ikkje eit krav som tilseier at eCall som berre støtter 4G/5G Ikkje oppfyller minstekravet.
- 77 svar
-
- 1
-
-
Eg er heilt einig i at vi ikkje skal diskriminere, men eg er ikkje einig i at vegen dit er å fjerne alle ord som differansierer. Også for transpersonar så har det ein verdi med kjønnsbestemte ord. Mange transkvinner ønsker å bli omtalt som kvinner, og for resten av samfunnet så er det ein måte å vise respekt ved å oppfylle dette ønsket i å omtale vedkommande som dame, og bruke eventuelt nytt kvinnenavn i omtale av personen. Vi kan ikkje bli så nøytrale at alle nyanser forsvinner. Vi får eit mykje fattigare språk om vi ikkje lenger kan differansiere mellom kjønn, alder, hudfarge, osv.
-
Her blir det viktig å ha samme definisjonane. Kva som er fattigdom er veldig relativt, sjølv dei fattigaste i Norge er objektivt sett rike samanlikna med land der fattigdomen er langt meir ekstrem. Etter norske forhold så handlar fattigdom meir om forskjellar mellom folk, og i så måte kan det være eit problem at dei rike blir rikare sjølv om dei fattige klarer å opprettholde noverande økonomi.
-
Må nesten nevne at dette er maksprisen basert på pengebevilgning og antall masker som minimum skulle leverast. Ved forhandling om pris så vil nok prisen gå ned ved at ein bestiller fleire masker. Det er i alle fall kjempebra at VG retter fokus på saka, for det er heilt klart at denne buffen berre duger for å holde varmen, gassbeskyttelsen er nesten fråverande. Savner også litt fokus på at bruk av tåregass er ei krigsforbrytelse.
-
Finnes fleire eksempel, mellom anna https://www.aftenposten.no/norge/i/dVqJB/fikk-75000-i-bot-da-han-la-ut-overvaakingsbilder-etter-tyveri-gjerningspersonene-slapp-unna At den som er avbilda er skuldig eller uskuldig er ikkje av betydning, og det er ofte enklare å bevise kven som har publisert bildet enn det er å bevise kven som er avbilda.
-
Første ungdom som slippes ut av fengsel med fotlenke..
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Må neste minne om at straffeloven § 355 a Grov fremkalling av fare for allmennheten har ei strafferamme på 21 års fengsel, så det er alt for tidleg å konkludere med at denne 15 åringen får låg straff, for han er sikta etter ein paragraf som har lovens strengaste straff. Hadde formålet vært å sikre lågast mogleg straff så kunne ein sikta 15 åringen etter § 281 for å uaktsom forvoldt en annen død, her er strafferamma berre 6 år. Eg kan ikkje påstå at ein her går inn for å få bure inne 15 åringen i 21 år, men det er ingen lett påtale han har pådratt seg, og han kan nok vente seg ei vesentleg strengare straff enn om han hadde drept på annan måte.- 43 svar
-
- 1
-
-
Det er prinsippet om avtalefriheit, med mindre det kan visast til heimel som forbyr det så er det lovleg å inngå avtalar om nesten alt. Prinsippet om avtalefriheit er ikkje lovregulert, men er eit gjennomgående prinsipp i norsk rett. (Det er til og med mulig å inngå forpliktande avtalar om ulovlegheiter, som leige av ikkje-godkjent leilegheit, eller kjøp av trimma elsparkesykkel som ikkje er lovleg å bruke verken på offentleg eller privat veg). I dette tilfellet så har arbeidsgiver bestemt at du får kjøyregodtgjersle mellom kontor og oppdragsstad, noko du har akseptert gjennom å ta jobben, då er det inngått avtale om det. Det du bør sjå på er å finne argument for å forhandle fram ei betre avtale, for det vil også være lov å avtale at du får køyregodtgjersle frå heim og til oppdragsstaden. Det er til og med lov å avtale at din arbeidsdag startar på oppdragsstaden og at du for eiga rekning må kome deg dit. Ved sistnemte tilfelle så blir det fort krangling om kor langt arbeidsgivers styringsrett gjeld opp mot kva som er rimleg reiseavstand å pålegge deg utan at det er gjort nærmare avtale, men det er eit heilt anna tema. Eit typisk argument for å få til ei betre løysing er at du alltid startar og avsluttar arbeidsdagen på kontoret, også når det er fordyrande for arbeidsgivar sidan kunden du skal besøke bur i nabohuset. Eit anna spørsmål, men som likevel høyrer godt saman er spørsmålet om når er det du fører timar? Startar og stoppar timeføringa ved din heim, eller startar og stoppar timeføringa på kontoret? Sjølv om du har avtalt rett til køyregodtgjersle så er det ikkje gitt at reisetida må være lønna. Det føreligg høgsterettdom som slår fast at reisetid er arbeidstid, men den dommen seier ingenting om du skal ha godtgjering for den tida. Argumentasjon for arbeidsgiver med å ha denne policyen er at det gir arbeidsgiver større forutsigbarheit på kostnadar sidan det er lett å halde oversikt over avstand mellom kontor og oppmøtestad. For det går sjølvsagt ei grense for kor lang reiseavstand det er fornuftig å pålegge deg før det går utover lønnsomheita. Det vil openbart være urimeleg om du flyttar til nabobyen og krever køyregodtgjersle for 1,5 time med dagleg pendling, på samme måte som at det er urimeleg av arbeidsgivar å gi deg oppdrag i nabobyen utan vidare avtale om dette.
- 54 svar
-
- 2
-
-
- kjøregodtgjørelse
- reiseregning
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Nå har det gått litt tid, men vil legge til at fordelen med å ikkje legge ved bilde er at du ikkje gir tyven muligheit til å sjølv vurdere kvaliteten på beviset. Bildet frå eit overvåkingskamera kan være alt frå eit uklart bilde av ein person med hette som det er umulig å identifisere nokon utifrå, til at det er eit krystallklart ansiktsbilde. Legger du ut eit sladda bilde som ikkje er spesielt godt og tatt frå ein dårleg vinklel så gir du også tyven informasjon om at det ikkje finnes gode bildebevis. Dette er også grunnen til at politiet er tilbakeholdne med å vise deg bildet om du blir tatt i fotoboks, for politiet vil ha deg til å innrømme forholdet før du får muligheita til å vurdere om du er gjenkjennelig som sjåfør eller om fotolinja i asfalten er synleg. Når det gjeld det juridiske så er det i utgangspunktet ikkje lov å offentleggjere bilder av personar som ikkje har samtykka. Sjølv med sladding så vil det typisk være ulovleg om det likevel er mogleg å gjenkjenne personen basert på klær, kroppsfasong eller liknande (og heile formålet med publiseringa er strengt tatt identifisering sjølv med sladd). Det er likevel nokre unntak, heriblant om bildet er av allmenn interesse, som er unntaket som aviser typisk bruker. Som privatperson vil du sjeldan få gjennomslag for at dette unntaket gjeld for deg. Slik publisering kan potensielt også være brot på straffelova som ulovleg sjølvtekt eller som trussel. Det einaste korrekte å gjere er å overlevere bildebeviset til politiet og la politiet ta seg av etterforskninga. Det finnes dessverre mange eksempler på folk som får skyhøge bøter for å ha publisert bilder frå overvåkingskamera, og det er dessverre ikkje slik at det er tyven sjølv som kjenner igjen seg sjølv på bildet og anmelder, typisk er det personar som berre har sett bildet som anmelder forholdet. For politiet er ei slik anmelding veldig enkel å oppklare, og vipps har politiet prioritert å gi deg bot på 50 000 kr og kven tjuven er forblir ukjent.
- 12 svar
-
- 1
-
-
Hvem var det som ville ha denne regjeringen i Norge?
The Avatar svarte på Mykesider sitt emne i Bil og motor
Eg synes dette er eit viktig poeng. Eit for sterkt FrP medførte nok at heile den borgerlege blokka vart svekka, der ei kvar stemme til borgerleg side i praksis var ei stemme på Sylvi som statsminister. Problemet med Sylvi og FrP er at som opposisjonsparti så mangla det ein realistisk styringsplattform. Det mangla ikkje på forslag om ting som burde endrast umiddelbart av enkeltsaker, men det var svakt på den overordna politikken. Resultatet var at ei stemme til venstresida var det som sikra politisk stabilitet også dei neste fire åra. Den store fordelen med å la Ap fortsette i fire nye år er at ein kan være rimeleg trygg på at det blir litte store samfunnsendringar, vi får meir av det same på godt og vondt. Største ulempen med Arbeidarpartiet akkurat no er eigentleg at Støre ikkje er ein samlande leiar. I staden er han ei kraft som dreg heile partiet meir mot sentrum i politikken, godt hjulpet av tusenvis av stemmer som fortsatt trur at Arbeidarpartiet tek parti med arbeidarklassen. Med Sylvi som statsminister så hadde vi fått langt større samfunnsendringar over natta, og vi hadde fått ei leiing som tek ting meir på sparket. Ein kan ikkje forvente at eit opposisjonsparti som er vande med å slenge ut lettvindte løysingar utan å måtte ta ansvar for sekundærkonsekvensane skal hive seg rundt og bli meir kalkulerande i sin politikk. For det er einsbetydane med at ein må forlate mykje av den politikken som dei henta inn stemmer på. For at FrP skal kunne utgjere hovedtyngda i ei regjering så vil det være heilt nødvendig å moderere politikken sin nesten til det ugjenkjennelige, eller meir realistisk, å legge mykje av kjernesakene på is, som igjen hadde ført til stor missnøye blant stemmegivarane. Mykje av politikken til opposisjonen kan ikkje enkelt innførast på grunn av eit virvar av avtalar og forpliktningar som må endrast fyrst. For innvandringa så handlar det om at vi fyrst må kome oss ut av avtalen om mottak av kvoteflyktningar, og for nokre år sidan når FrP fekk gjennomslag for at Vinmonopolet skulle ha åpent på nyttårsaften så gjekk det to år før politikken vart iverksatt ettersom dei tilsette på Vinmonopolet hadde avtale om at dette var ein fridag. Min konklusjon er at ein av dei viktigaste grunnane til at vi ikkje har ei borgerleg regjering er at at Høgre ikkje klarte å gjenopprette tillit, og at Høgre mista mange stemmer som gjekk til FrP, som igjen førte til at mange stemmegivarar som er på venste eller sentrumssida i politikken valgte å stemme mot venstresida i år. -
Som tidlegare nemt så står det ingenting i forskrifta om forbod mot pepperkakeverksted, det som har skjedd er at bakeriet har spurt etter juridiske råd og har blitt anbefalt å avlyse. Det er svært tvilsomt om bakeriet hadde blitt dømt av retten, men det har dei valgt å ikkje ta sjansen på. Forskrifta er formulert såpass rundt at strengt tatt kan ein forby nesten all markedsføring av usunn mat. Det hadde nesten vært betre om det var eit alment reklameforbod, for då hadde det vært vanskelegare å omgå regelverket ved å hevde at det aldri var meininga å reklamere for Happy Meals til barn, formålet var å fortelle foreldra om dette tilbodet slik at foreldra på ansvarleg måte kunne kjøpe produktet til barna sine 🙄 Det einaste som kjem til å endre seg er at reklamene endrer seg akkurat nok til å sno seg unna forskrifta. I mange tilfeller så vil eit slagord om at godteriet passer ypperleg til kaffe, være tilstrekkeleg for å hevde at reklamen var retta mot voksne.
-
Feilen her er at forskrifta har blitt vedtatt alt for fort, på berre eit drøyt halvår. At det då dukker opp uforutsette konsekvenser er ikkje så rart. Særleg synes eg det er problematisk at ein har gjort det forbode å markedsføre usunn mat ovanfor barn, og berre barn. At forskrifta etter Helsedirektoratets anbefaling enkelt kan omgåast ved å hevde at ein har retta markedsføringa mot voksne, seier vel sitt til kor lite hensiktmessig denne forskrifta eigentleg er? Om Helsedirektoratet ønsker å gjere noko med folkehelsa så burde det også være forbode å markedsføre slik mat mot voksne. Om eg skal lese denne forskrifta heilt firkanta så vil eg påstå at Helsedirektoratet oppfordrar til forskriftsbrot når dei seier at bakeriet kan dele ut pepperkaker til foreldra, som igjen kan gi pepperkakene til barna. For i forskrifta står det "enhver form for kommunikasjon og handling" er å rekne som markedsføring, og då ville eg argumentert for at det heller ikkje er lov å markedsføre usunn mat på ein slik måte at barn kan blir påvirka av det. Om ein kan omgå regelen ved å gi kakene til foreldra eller reklamere for melkesjokolade på Youtube Kids så lenge ein ikkje skriv at melkesjokoladen er berre for barn, ja det blir for dumt. I alle tilfeller så meiner eg at bakeriet her har fått litt vel defensive råd frå NHO. Eit av kriteria for å vurdere om produktet er omfatta av forbodet mot markedsføring er mellom anna om produktet primært konsumeres eller appellerer til barn, om produktet ved hjelp av fargar og animasjonar appellerer til barn, osv. Pepperkaker er heilt klart søtsaker, men eg ville nok påstå at slike tradisjonelle julekaker appellerer meir til godt vaksne enn til barn. Eit pepperkakehus er ikkje eit typisk barneprodukt på samme måte som Kinderegg eller Happy Meal der det følger med leiker. Konklusjonen min er at Helsedirektoratet vil få vanskar med å stoppe eit slikt pepperkakeverksted om saka havnar i retten. Eg skjønner at NHO oppfordrer sine medlemmar til å ikkje ta sjansen på å havne i rettssak, særleg når dei heller ikkje tener pengar på å få arrangere pepperkakeverksted. Mykje kunne vært løyst om forskrifta retta seg mot markedsføring av usunne matvarer til barn som ikkje er saman med sine foresatte. Altså eit forbod mot reklame på barne-TV, i leikerom, før visning av barnefilm på kino og liknande. Til dømes på kino så blir det noko heilt anna å vise reklame for brus om barnet sitt i kinosalen saman med sine foresatte som kan sette rammer og seie nei. Det er langt verre (og ikkje minst kynisk) når slike produkt blir retta mot barn utan foreldre til stades.
-
I store delar av verden er nok Nidarosdommen eit meir kjent landemerke enn noko ein finn i Oslo. Når trollet i den fyrste filmen raserer Karl Johans gate og nokre andre kjende bygg så er det langt mindre ikonisk enn akkurat Nidarosdommen som omtrent heile den katolske verden i det minste har sett bilder av om dei ikkje har vært i Trondheim på pilgrimsreise. Operahuset i Norge ligg mange hakk under storebror Sidney Opera House som landemerke.
- 30 svar
-
- 1
-
