The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 710 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Mange av disse får også avslag på sine asylsøknadar, dei som ønsker eit betre liv i eit anna land må søke om opphalds- og arbeidsløyve på vanleg måte. Den praktiske utfordringa er at sidan mange kjem frå land som er i konflikt så kan vilkåret om at det er farleg å returnere likevel være oppfylt. Mange påstår seg også forfulgt på bakgrunn av religion, legning eller politiske meiningar ettersom det er vanskeleg å motbevise. Ein god del av disse som får avslag tyr til ulovleg opphald eller kjem tilbake for å prøve seg på nytt, då gjerne utan ID papir for å gjere det vanskeleg å behandle asylsøknaden. Dei som berre treng å søke tilflukt i eit trygt land treng openbart ikkje å reise gjennom 8 andre trygge land før dei kjem fram til Norge og leverer asylsøknaden. Unntaket er som nevnt dei som har blitt fordelt til andre trygge land av FN. Mange er enkelt og greit lykkejegarar som prøver å få ein fot innafor på relativt tynt grunnlag. Lykkes det å få eit familiemedlem innanfor så opner det for familiegjenforening som neste steg.
- 4 svar
-
- 2
-
Behovet for å kunne legge på kjettingar nokre få gongar i året må nok også vegast opp mot ønsket om å ha bussar med lågast mogleg dørk slik at bussen også er universelt utforma og tilrettelagt for rask av og påstigning. Bybussar med bratt trapp vil være langt mindre eigna til primæroppgåva som er å transportere passasjerar dei aller fleste dagane i året. At elektriske leddbussar som berre har drift på bakhjula ikkje er spesielt gode vinterbilar burde ikkje være veldig overraskande, men det er gode bussar for kollektivtransport. Alternativet hadde vært å hatt dobbelt så mange "vanlege" bussar og tilsett dobbelt så mange bussjåførar om ein skal oppretthalde same kapasitet også på vinteren. Ved snøkaoset i fjor så vart det også peikt på at mange av bussjåførane hadde lite erfaring med å køyre buss på vinterføre. Så det er ikkje berre køyretøyet som er problemet, det er også måten ein køyrer på. Vil gjette på det er svært mange av bussjåførane som ville fått store problem med å legge på kjettingar sjølv om det skulle være tilgjengeleg.
-
Nyare køyretøy har i dag ofte liten klaring mellom hjul og skjerm slik at det er mindre fysisk plass for ei kjetting i mellom. Eg veit ikkje heilt kvifor det i dag er mindre klaring, men eg reknar med at det er fordi at køyretøyet ikkje skal bli høgare enn nødvendig, og kanskje det også har litt betydning for luftmotstand og dermed drivstofføkonomi? Det har kanskje også med trafikksikkerheit å gjere sidan liten klaring mellom dekk og skjerm også gjer det vanskelegare for ein fotgjengar/syklist å kome i klem? Det er heller ikkje gitt at det å køyre på kjettingar er spesielt gunstig, både fordi det setter store avgrensingar for kor fort ein kan køyre med kjettingane på, men også fordi at dersom det er godt brøyta så sliter det voldsomt på asfalten å køyre med kjettingar. Skulle alle bussane køyrt rundt på kjettingar så hadde vi nok måtte bruke tilsvarande mykje meir på vegvedlikehaldet.
- 108 svar
-
- 1
-
Logikken ligg i at den som er på flukt skal søke om asyl på fyrste trygge staden ein kjem til. Det vil så og seie alltid være nabolanda, derifrå kan du søke FN sin høgkommissær for flyktningar om å få beskyttelse i eit anna land dersom det landet du er i ikkje har moglegheit til å ta deg i mot. Før du har reist ut av landet du kjem frå så kan du ikkje søke asyl ettersom verken FN eller andre nasjonar kan hjelpe deg før du har komt deg vekk frå den staten som forfølger deg. Dersom den Norske regjeringa har sendt politiet etter deg fordi du har kritisert Regjeringa så må du sjølv kome deg til f.eks. Sverige for å søke asyl, du kan ikkje sitte heime i Norge og be svenske myndigheiter sende politi eller soldatar inn i Norge for å hente deg. Det klare utganspunktet er at for å kunne reise inn til eit land så må du ha lov til å reise til dette landet, vanlegvis at du må ha visum eller pass som viser at du kjem frå eit land som gjennom avtale gir fri innreise. Det er likevel eit unntak og det er at dersom du er i landet (eller ved grensa) så kan du påberope deg eit beskyttelsesbehov som asylsøkar. Då pliktar dette landet å ta hand om deg fram til at ditt behov for asyl er vurdert. Har du ikkje behov for asyl så blir du sendt ut av landet, og dersom du har behov for asyl så har du også rett til å få opphaldsløyve på det grunnlag.
- 4 svar
-
- 3
-
Det er nok vanskelig å budsjettere snøbrøyting, blir det satt av for lite pengar så er det sjølvsagt ikkje bra, men det er heller ikkje bra å ha bunde opp store summar til brøyting som heller kunne vært brukt på andre ting om det blir lite snø. I tillegg så er det fint mogleg å brøyte alt for mykje, snøbrøyting er sånn sett eit evigheitsprosjekt og det er mest eit spørsmål om kva som er god nok brøyting og kor mykje vi som samfunn er villig til å betale for god brøyting. Det er vanleg å sette ei avgrensing på at ein ikkje køyrer ny runde med brøytebilen før det er minst X centimeter med snø på vegen. I tillegg er brøyting ei relativt dyr teneste å levere sidan nesten alt arbeidet må utførast som nattarbeid. Både fordi at det er veldig lite effektivt å brøyte når det også er mykje trafikk, men også fordi at mykje av nedbøren ofte kjem i løpet av natta, slik at om vegane skal være framkomelege frå morgonen av så må ein i dei fleste tilfeller ha jobba heile natta med brøyting. Brøyting er ikkje berre nattarbeid det er også sesongarbeid som igjen betyr at ein må ha vaktordningar og særavtalar for å kunne ta folk ut av vanleg dagarbeid for å gjere jobben. Min meining er litt todelt. Eg synes både at det blir spart litt vel mykje på brøytearbeidet og at det ikkje hadde gjort noko om det var prioritert litt høgare. Likevel så synes eg også at det er ein trend at folk flest nærmast forventer at det skal være sommarføre året rundt. Det å akseptere å køyre litt under fartsgrensa på grunn av dårlege køyreforhold er nesten uhøyrt for mange billistar, mange køyrer i minst 80 km/t i 80-sona uavhengig av om det er tørr asfalt eller blankis. Så delar av problema som vi no ser kunne ein ha forhindra dersom folk var litt meir oppdaterte på værmeldingane og tok høgde for at på grunn av mykje snø så vil det ta minst 20% lengre tid å kome seg på jobb slik at ein må starte pendlinga tilsvarande mykje tidlegare for å rekke fram i tide. Det virker som at folk blir overraska av å åpne ytterdøra om morgonen og sjå at det har snødd.
- 108 svar
-
- 1
-
Sykelønna må vekk. Gi borgerlønn i stedet.
The Avatar svarte på Tastaturkriger sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ikkje tilfeldig at ein som student ikkje får trygdeytingar, det er meininga at systemet skal være slik. I staden har vi ordninga med studielån som blir delvis omgjort til stipend etterkvart som ein består eksamenane. Litt av poenget med dette er at vi ikkje ønsker evigheitsstudentar, og vi ønsker heller ikkje at alle dei som ikkje er motiverte til å ta høgare utdanning skal gå det løpet, både fordi ein ønsker at disse skal starte å jobbe men kanskje vel så mykje fordi det er viktig at studentane blir uteksaminerte for å sleppe til nye studentar. Har du borgarlønn og lever på det så har du nok heller ikkje verken hastverk eller motiviasjon til å bli fort ferdig med studiane. I dag har ein motivasjonen ved at ein vil prøve å kome seg gjennom studiane så raskt som råd for å ende opp med minst mogleg i studiegjeld. Det er av same grunn at ein som arbeidsledig ikkje får fortsette å motta dagpengar om ein startar på vidare eller etterutdanning i staden for å bruke tida på å søke etter ny jobb. Av og til slår det uheldig ut, særleg der den som har mista jobben er fagleg utdatert og derfor treng meir utdanning for å få seg ein tilsvarande jobb som ein hadde før, men samtidig er det vanskeleg å sette ei hard linje over kven som skal få lov til å bli student som i praksis er lønna av staten, og kven som berre må finne seg ein ny jobb som ein faktisk er kompetent til å utføre, også når den jobben ikkje er like bra som den ein hadde før.- 150 svar
-
- 2
-
Det vil være heilt avhengig av kva som er avtalt. Dersom du har avtalt 1 måneds oppseiingstid så er både du og arbeidsgivar bunden til den avtalen. Det medfører at du plikter å jobbe ut oppseiingstida og arbeidsgivar plikter å tilby deg arbeid ut heile oppseiingstida. Dersom du stikker av før tida så vil du kunne pådra deg eit erstatningsansvar for den kostnaden som arbeidsgivar får med dette. I praksis er det ikkje nødvendigvis at det medfører særleg med praktiske konsekvensar. Om det er andre tilsette som kan gjere jobben du eigentleg skulle ha gjort så går kostnaden opp i opp ettersom din lønn då går til ein annan arbeidstakar i staden for, eventuell erstatning vil i så tilfelle avgrense seg til lønnsdifferansen mellom din lønn og den lønna som vikaren skal ha. I ei stilling som det er relativt lett å finne vikar til så er det ikkje ein gong sikkert at arbeidsgiar har ein kostnad som du må erstatte. Kostnaden ved å lyse ut stillinga på nytt vil ikkje arbeidsgivar kunne kreve av deg då dette er kostnader som arbeidsgivar uansett ville hatt om du hadde sagt opp og jobba ut oppseiingstida på vanleg måte. Og sjølv om det skulle foreligge grunnlag for eit erstatningskrav så er det heller ikkje gitt at arbeidsgivar er villig til å bruke tid på å kreve inn pengane frå deg, særleg når det er snakk om relativt små summer. Største praktiske konsekvensen er kanskje at du ikkje har rett på arbeidsattest om du har fantegått frå jobben, og du vil i vert fall ikkje ha ein god referanse å bruke ved neste jobbskifte. Det må også nevnast at det er veldig vanleg at arbeidstakaren og arbeidsgivaren inngår ein ny avtale dersom ein av partane vil avslutte arbeidsforholdet med umiddelbar virkning. Då kan ein bli einige om at du slutter å møte på jobb og at arbeidsgivar sluttar å betale lønn frå same dato. Ofte er dette ei fornuftig løysing for begge partar, sjefen er vanlegvis ikkje spesielt interessert i å tviholde på ein tilsett som ikkje vil være der og som kanskje er meir til hinder enn til nytte, og i alle fall når det ikkje er kritisk at du må være på jobb ut oppseiingstida. Kor sannsynleg er det eigentleg at du må flytte og starte i ny jobb med mindre enn ein måneds varsel? Sjølv om du får jobbtilbud ein annan stad så er det ikkje slik at du må starte dagen etter. Kva som skal være fyrste arbeidsdag er noko som ein avtalar i samband med forhandlingane før du skriver under arbeidsavtalen. Arbeidsgivar treng ofte også litt tid for å kunne ta deg imot, og du treng heilt sikkert også litt tid på å få skaffa deg bustad slik at du kan flytte. Realistisk sett så vil det være heilt uproblematisk å seie opp den jobben du har og jobbe ut oppseiingstida, og då løyser heile problemet seg. Det einaste du må passe på er at dersom du planlegg å bytte jobb innan kort tid så bør du ikkje akseptere ei for lang oppseiingstid som f.eks. på 3 månedar. Det er også aktuelt å inngå avtale om prøvetid slik at du har berre 14 dagars oppseiingstid. Det du bør vurdere er kor open du vil være med arbeidsgivaren. Du har eigentleg to alternativ: 1. Være ærleg med arbeidsgivar. Då er det gode sjansar for at du får gjort ein avtale slik at det er uproblematisk om du flytter til sommaren sjølv om du slutter før vikariatet går ut. 2. Holde korta tett til brystet. Det gir best sjangs for at du får jobben om du ikkje signaliserer at du kanskje ikkje kjem til å fullføre vikariatet, men det er vil også gi større utfordringar og dårleg stemning om du plutseleg stikker av for å ta ein anna jobb.
-
Gir vi Nordmenn blanke i rikets sikkerhet?
The Avatar svarte på obygda sitt emne i Politikk og samfunn
Vi burde nok hatt ein ny offentleg debatt om korleis vi skal vekte viktige demokratiske verdiar som openheit og informasjonsfriheit, opp mot sikkerheitsmessige behov for hemmeleghold. Droneflyging er kanskje det minste problemet for informasjonsinnhenting, det meste som ein kan potensielt filme frå ei drone er alt i dag fritt tilgjengeleg via Street View og flyfoto som blir hyppig oppdatert. Største etterretningsmessige verdien av å filme med drone er nok at ein får heilt dagsferske bilder, og at ein kan flyge fleire dagar på rad eller fleire gongar i løpet av ein dag for å samanlikne kva som har endra seg i løpet av dei siste timane. Dette kan kanskje gi informasjon om når personar kjem og går, eller når ulike aktivitetar foregår, men oversikta over korleis bygg og anlegg ser ut er i dag fritt tilgjengeleg informasjon uansett. Det er nok meir problematisk at nesten alt av risikoanalyser som viser kvar vi er mest sårbare, pluss dei planane vi har iverksatt er fritt tilgjengelege som offentlege dokument. Veldig mange ligg fritt tilgjengeleg på internett, og det som ikkje ligg ute på nett kan ein be om innsyn i og få utlevert, til og med anonymt. Denne openheita er viktig for at folket skal kunne vite kva som skjer bak lukkede dører, det er den einaste måten vi har til å påsjå at det ikkje er mogleg å underbygge demokratiet under påskot om at innsyn må nektast av omsyn til rikets sikkerheit. Samtidig så er det ikkje heilt gunstig at kven som helst kan søke opp eller be om å få vite kvar vi har sårbar infrastruktur, eller kva planer og beredskap vi har til å bekjempe eit terrorangrep i ein bestemt by. At det er turistar som flyg drone i forbodsona handlar mest om personleg og materiell sikkerheit. Det å flyge droner i tettbygde strøk utan løyve og påkrevde sertifikat er uønska fordi det er farleg om drona skulle dette ned.- 52 svar
-
- 3
-
Det er nok betre å sikre levelege forhold i landet før ein bygger opp byråkratiet. Sjølv om ein får på plass fungerande statsinstitusjonar så er det ein krevande jobb å skulle bygge seg opp frå bar bakke, då er det lettare at ein fyrst har hjulet til med å bygge viktig infrastruktur, og deretter etablere statsinstitusjonar som kan ta over drifta, noko som er ein langt meir overkomeleg oppgåve for ein heilt nyoppretta statsinstitusjon.
- 58 svar
-
- 1
-
Sykelønna må vekk. Gi borgerlønn i stedet.
The Avatar svarte på Tastaturkriger sitt emne i Politikk og samfunn
Om du er heilt oppe i frikortnivå så er du vanlegvis også godt over disse 16 dagane der det er arbeidsgivar som må dekke lønna di. Når eg snakkar om ei eventuell kostnadsdeling mellom arbeidstakar og arbeidstakar så snakkar eg mest om kortidsfråværet som også er det fråværet som er mest problematisk for næringslivet etter arbeidsgivar både må betale lønna til den som er sjuk og til vikaren som må gjere arbeidet.- 150 svar
-
- 1
-
Sykelønna må vekk. Gi borgerlønn i stedet.
The Avatar svarte på Tastaturkriger sitt emne i Politikk og samfunn
Litt off-topic. Men det er ein tommelfingerregel at ein bør ha ei månedslønn som buffer, det faktiske behovet er likevel høgst individuelt. For veldig mange så er det ikkje tvingandes nødvendig med fleire titusenar som buffer, det som ofte er største uforutsette utgifta som du plusteleg får er dersom kjøleskapet eller vaskemaskina plutseleg sluttar å virke slik at du må kjøpe nytt med ein gong. Men for det fyrste så får du fint kjøpt ny kvitevare for ca 5000 kr, og for det andre så skal du ikkje være veldig kredittverdig før du får kjøpe på avbetaling om du må kjøpe slike ting rett før neste lønning. Klarer du å ha ein buffer på eit par tusenlappar så har du pengar til at du kan ta ein taxi til legevakta eller betale ei rekning som du ikkje var førebudd på å få akkurat no. Når ein har ein måendslønn eller meir som buffer så er det ofte meir av rein bekvemmelegheit ved at det er fint å ha lagt av pengar til å bruke på ting som eigentleg er luksus, som å kunne takke ja til å bli med ut på restaurant når du blir invitert, eller kjøpe ny mobiltelefon av beste sort om du skulle miste telefonen du har. Sjølv eit akutt behov for å kjøpe ny mobil så får du ein heilt kurrant smarttelefon for 1500 kr. Og skulle huset brenne ned så vil dei fleste forsikringsselskap være såpass raskt ute med skadeoppgjeret at du sjeldan treng å legge ut så veldig mykje sjølv. Har huset ditt brent ned så er det forresten ikkje gitt at du har tilgang til bufferkontoen din om du har mista både mobil og lommebok i brannen, då kan det være at du må vente til neste kvardag uansett for å gå personleg innom banken. 50 000 kr i buffer er mykje meir i buffer enn dei aller fleste faktisk treng, det viktigaste er å ha ein privatøkonomi der du ikkje er heilt nede i 0 kr før du får neste lønning. -
Sykelønna må vekk. Gi borgerlønn i stedet.
The Avatar svarte på Tastaturkriger sitt emne i Politikk og samfunn
Dette handlar eigentleg meir om kor stort sikkerheitsnett som ein personleg må stå ansvarleg for og kor mykje som skal være ei offentleg oppgåve. Å spare seg opp ein bufferkonto er ikkje alltid så lett, mykje på grunn av bustadprisane. Vi har eit system som gjer det veldig attraktivt å eige framfor å leige, og vi har for få bustadar slik at prisane går opp. Dei som ikkje kjem seg inn på bustadmarkedet må ut med høg leige av same grunn. Resultatet har blitt at nordmenn flest lever over evne og har mykje større månedlege utgifter enn ein eigentleg har økonomi til. Det er sjølvsagt alltid nokon som har satt seg sjølv i den posisjonen ved å ta ut maksimalt med bustadlån og som kjøpte den dyraste bustaden dei fekk lov til å kjøpe eller leigde den dyraste bustaden ein hadde pengar til å leige, men for folk flest så er det avgrensa kor mykje ned i bustadkostnadar ein kunne gått utan at det går på bekostning av kva ein treng av bustad. Resultatet er at vi har svært mange som ikkje toler sjølv små renteøkningar fordi nesten heile lønna er frå før låst opp i bustadsutgifter enten det er i form av låneavdrag eller husleige. Så er det sjølvsagt alltids eit spørsmål om kva som er godt nok, og kva som er akseptabel levestandard. Det kan godt være at langt fleire burde bu i kollektiv eller i generasjonsbustad saman med foreldra sine for å på den måten presse bustadutgiftene ned, men i alle fall alle som er ferdige å studere har nokre forventningar om å kunne ha sin eigen bustad enten åleine eller saman med sin partner. For å kome litt tilbake til trådens tema, så er det også eit verdisyn i kor stor grad vi skal kreve at arbeidstakaren sjølv tek kostnaden ved å bli sjuk gjennom å ha ein bufferkonto som er stor nok til å kompansere for at du har ulønna permisjon i nokre dagar. Det er ikkje gitt at vi skal fortsette med dagens system der arbeidstakaren ikkje har kostnadar i det heile tatt ved sjukdom, og der Staten har pålagt arbeidsgivarane å fortsette å betale lønn til sjuke arbeidstakarar dei fyrste 16 dagane før Staten tek over og betalar ut sjukepengar, samtidig så er det nok ikkje realistisk å tenke at det er arbeidstakaren sjølv som må ha ein oppspart buffer som er stor nok til å dekke manglande lønn for 16 dagar. Då må vi i så tilfelle snu samfunnet vårt ganske betrakteleg. Det kan likevel være betimeleg å stille spørsmål ved om det ikkje burde være eit spleiselag mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, som til dømes at arbeidstakaren må tole å være utan lønn dei fyrste tre dagane, før arbeidsgivaren må betale lønn på dag 4 til dag 16, før NAV tek over om arbeidstakaren fortsatt er sjuk. Fordelen med eit slikt system er at det hadde kosta arbeidstakaren litt å kaste inn handlkleet og melde seg sjuk, og det hadde vært billegare for arbeidsgivarane sidan mykje av korttidsfråværet berre er på nokre få dagar. Eg ser likevel store ulemper som at det i praksis vil være stor forskjell på ulike yrkesgrupper i kva grad det i det heile tatt er mogleg å møte på jobb når ein er litt småsjuk. Det å melde seg sjuk handlar ikkje berre om arbeidsmoral og vilje til å ta seg i nakken og gjere ein innsats, det handlar vel så mykje om vi samfunn ønsker at kassamedarbeidaren på daglegvarebutikken skal sitte i kassa og hoste på kundane, om vi vil kjøpe mat laga av ein kokk med rennande nase, eller som nemt tidlegare om bussjåføren skal sette seg bak rattet sjølv om vedkommande kjenner seg veldig redusert.- 150 svar
-
- 2
-
Om ikkje anna er avtalt så faller nok dette innafor det du som leigetakar er pliktig til etter husleieloven. Og Sjølv om frosne røyr ikkje står spesifikt under § 5-3 så står det at du plikter å vedlikehalde kraner, toalett og varmtvannsbereidarar, som då naturlegnok ikkje vil fungere om vassrøyret fryser tett. I tillegg så skal det nok mykje til at det å ha på litt varme for å hindre frysing ikkje er å rekne som noko som du med rimelegheit kan gjere for å førebygge skade, jmf § 5-5. Om det å ha kjellardøra open gjennom vinteren er beste løysinga er likevel ikkje gitt. Eg tenker at det nok finnes langt gunstigare løysingar. Ein ulempe med å ha kjellardøra ståandes åpen er at det kan medføre at du lettare får mus og skadedyr opp i bustaden. Det er nok både billegare og meir behageleg for deg å sette ein liten varmeovn på termostat i denne kjellaren enn det er å ha heile tida ha kald trekk frå kjellaren. Eg tenker også at det er lite hensiktsmessig å skulle prøve å varme opp ein krypkjellar ovanfrå og ned, varmen stig som kjent oppover så det er nok meir effektivt å ha ei lita varmekilde nede i kjellaren.
-
Det blir spennande å sjå kva det ender opp som. Trur nok at Notch var heldig med timinga når han laga Cave Game som seinare vart Minecraft, i tillegg til at han hadde ein vellykka strategi for å utgi spelet som under development med å selge livstidslisensar som skulle gi tilgang til alle framtidige versjonar av spelet. Dette gav han ein nok inntekt til å fortsette utviklinga sjølv om han etter Alpha versjonen måtte endre på den strategien når spelet etterkvart vart såpass populært. Eg er spent på om Notch har det i seg å lage eit nytt Minecraft som ikkje er ein Minecraft klone, særleg med tanke på at han har solgt Minecraft rettigheitane. Det er også mange som har prøvd seg på ulike åndelege oppfølgjarar, alt frå Terraria som omtrent er Minecraft i 2D, til ulike overlevelsesspel som brukar liknande spelmekanismer med at du skal leite etter ressursar og bygge deg ein base. For å være litt positiv så håper eg at Notch klarer å kome opp med noko som gir samme tilfredsstillinga som Minecraft hadde tidlegare. Personleg så synes eg at dagens Minecraft har blitt litt vel avansert der ein langt på veg har gått vekk frå at verdenen skal bestå av kuber på 1x1 meter. I Betaversjonen så var spelet meir ei leikekasse der ein bygde med klossar og nærmast meditativt grov ut gruvesystem, og med ein liten dash av action gjennom at det også var nokre fiendar å slåss mot. Dagens Minecraft har blitt meir eventyrspel i fantasy sjangeren enn det er byggespel.
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Det burde heilt klart vært enklare løysingar enn at du må ha ein eigen søppeldunk på minst 80 liter for kvar ting som skal sorterast. Særleg for matavfall så blir denne dunken mykje større enn eg klarer å fylle opp før neste henting. Løysinga burde være å opne for mykje mindre dunkar, eller å ha ein litt stor dunk med fleire kammer som kan tømmast uavhengig av kvarandre. Den praktiske utfordringa er at nesten alle renovasjonsselskap i dag henter avfallet maskinelt med ei hydraulisk klemme som løfter dunken, og då er det avgrensa kor liten dunken kan være for at sjåføren skal kunne løfte opp dunken frå førarhuset. Eg reknar med at løysinga med å ha fleire kammer i same dunk er uønska fordi ein då er avhengig av at det berre er det rette kammeret som er låst opp når ein snur dunken opp-ned, og ein kan nok i liten grad stole på at innbyggarane har gjort dette rett. Fordelen med dei ulike dunkane er at operatøren ser kva farge som er på dunken som er satt fram, slik at dersom det er satt fram ein dunk med feil farge så berre hoppar ein over akkurat den dunken når ein skal samle inn til dømes papir og ikkje restavfall. Det nærmaste ein har komt til ei god løysing er slike nedgravde avfallsløysingar, då treng ein ikkje å tømme like ofte og ein kan med enkelheit gjere denne løysinga om til ein mini miljøstasjon med eigne dunkar også for andre ting, som til dømes glas og metall, eller hageavfall. Den største ulempen med denne løysinga er at det er ofte dyrt å etablere og at ein må ha mykje tilgjengeleg areal. Den andre ulempen er at fordi det er dyrt å etablere slik løysing så kan det for ein del abonnementar bli ein relativ langt gåtur for å kaste avfallet sitt, særleg om avfallsløysinga for nabolaget er etablert i enden av gata. -
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Her det store forskjellar frå kommune til kommune. Skitne og utslitte tekstilar er restavfall i dei fleste kommuer, men renonasjonsselskapa vil helst ikkje ha tekstilprodukt i restavfallet ettersom fibera lager problem for kverner og maskineri som brukes i vidare behandling av restavfallet. Foreløpig så er det ingen fullgod løysing for slike tekstiler, klesinnsamling som til dømes Fretex kan ta imot også utslitte tekstilar som kan brukast til filleryer og liknande, men då må tekstilane være reine og utan lukt sidan det også blir liggande saman med klesplagg som skal gjenbrukast. Tekstilar som er skitne og som ikkje er hensiktsmessig å vakse, som oljefiller og liknande er enn så lenge restavfall. Tilsvarande er det ulike løysingar for hageavfall i dei ulike kommunene, men dei fleste krever at du skal sjølv frakte hageavfall til nærmaste mottak, primært fordi dette ofte er avfall som er vanskeleg å handtere og dermed også vanskeleg å samle inn på ein kostnadseffektiv måte for renovasjonsselskapet. -
Om det økonomien som er ufordringa så er frivillig kredittsperre og automatisk trekk til sparekonto/fond den beste måten å gjere det vanskelegare for deg sjølv å gjere større impulskjøp. Må du inn på nettbanken for å overføre pengar så kjøper du deg litt ekstra tid til å tenke deg om, og du får også ei påminning på kor mykje akkurat dette kjøpet påvirker økonomien din. Om det er sjølve avhengigheita du vil til livs så er det ei anna sak. Det er relativt brei fagleg einigheit om at shoppingavhengigheit heng saman med dårleg sjølvbilde, og det kan nok også stemme godt med din livssituasjon. Så ved å gjere nokre grep i privatlivet som å leve litt sunnare så er du på rett veg allereie med å jobbe deg ut av avhengigheita. I tillegg til det du alt gjer så er det også anbefalt å prøve å finne andre og meir konstruktive måtar å få lykkekjensle på. Mange bruker trening, men det kan også være sosialt samvær med vennar, dataspel, eller liknande. Pass berre på at du ikkje bytter ut ei avhengigheit med ei anna avhengigheit, så det å starte med å ta med vennar ut på byen for å drikke øl eller starte med pengespel bør du sjølvsagt unngå. Det kan være at du har behov for eller nytte av å snakke med ein psykolog om avhengigheita di. Ettersom avhengigheita ofte skuldast sjølvbildet ditt og at du blir trigga til å utløyse lykkekjensla gjennom shopping så er psykologisk behandling eit effektivt hjelpemiddel. Fyrste steg på vegen er å bestille deg ein time hos fastlegen for å få vidare hjelp derifrå. Om du har helseforsikring så brukar den ofte å også inkludere psykolog, om du ikkje har privat helseforsikring så kan det likevel være at du er dekt av ei helseforsikring via arbeidsgivaren din, merk då at psykologbehandling utanom akuttbehandling etter akutte hendingar er vanlegvis ein del av den utvida helseforsikringa så det er ikkje alle arbeidsgivarar som har tegna ei så god forsikring. Må også nevne hjelpetelefonen for mental helse som kan være til god hjelp fram til du får anna hjelp. Hjelpetelefonen er særleg aktuell å bruke for å ha nokon å snakke med om avhengigheita når du kjenner at kjøpelysten blir sterk.
- 11 svar
-
- 1
-
Sykelønna må vekk. Gi borgerlønn i stedet.
The Avatar svarte på Tastaturkriger sitt emne i Politikk og samfunn
Det er vanskeleg å finne ei universal ordning som fungerer for alle, for det er store forskjellar. Bussjåføren som tvinger seg på jobb med 40 i feber kan i verste fall kollapse og utgjere ei fare for passasjerane, ein kontorist med 40 i feber vil gjere ein dårlegare jobb me vil nok ikkje utgjere ein stor sikkerhetsrisiko. Det er vanskeleg å finne balansen mellom at arbeidstakarane regelrett skulker til at folk tvinger seg på jobb når dei er så sjuke at dei burde holdt seg heime. Mange som er litt sjuke kan nok gjere ein akseptabel jobb likevel, men dei kan også produsere negativt ved at det tek lengre tid før dei blir heilt friske, dei smittar kollegaer, og at dei gjere store og kostbare feil fordi dei er svekka av sjukdom. Kanskje den beste ordninga er at kvar enkelt bransje framforhandlar sine eigne sjukelønnsordningar, og at det å ha god eller dårleg sjukelønnsordning blir ein del av lønn- og arbeidsvilkår?- 150 svar
-
- 2
-
Har kjæledyr sjel? Både hunder, kattar, pappegøyer, osv utviser både glede og kan kommunisere litt med eigarane sine.
-
Hvordan går det med din egenberedskap ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ein grunn til at myndigheitene anbefaler å ha litt kontantar. Då kan du gjennomføre småkjøp utan å ha låst opp store summar i kontantar. Kva som er litt kontantar vil nok variere frå person til person. Det er likevel relativt usannsynleg at digital betaling er nede samtidig som det går fint å betale med kontantar. Er det straumbrot så er også kassasystemet nede og det skal nok være nede ei stund før ein improviserer ei analog nødløysing med handskrivne kvitteringar. Det blir mykje arbeid å skulle ajourføre alt om straumen kjem tilbake ganske raskt. Dersom ein reknar med at utfallet er midlertidig så vil nok mange butikkar også akseptere handel på kreditt for seinare innbetaling. -
Eg har problemer med å sjå kva som hadde vært eit betre alternativ? Uansett korleis ein snur og vender på det så er NRK av dei meir nøytrale nyheitsaktørane som vi har. Ein kan gjerne diskutere om dei er nøytrale nok, men etter mitt syn er dei alternative nyheitskjeldene langt meir tydeleg plassert på enten høgre- eller venstresida og er i alle fall ikkje ein nyheitskanal du skal bruke mykje tid på om du ikkje velger din favoritt nettopp fordi du vil ha eit ekkokammer som berre rapporterer om det du sjølv vil lese. Eg synes også at NRK har klart ganske fint å holde på sin partiuavhengige nyheitsdekning til tross for overgangen frå å få pengane sine direkte frå folket via fjernsynlisensen til no å få pengane sine frå regjeringa over statsbudsjettet. NRK har no gode økonomiske incentiv til å stryke sittande regjering langs ryggen for å prøve å unngå at den same regjeringa vedtek budsjettkutt. Mykje av kritikken (også i denne tråden) meiner eg er høgst subjektiv, berre det at det ikkje er einigheit i om SV har fått for mykje eller for lite taletid i denne artikkelen viser tydeleg dette. SV er i dag eit marginalt parti som har generelt veldig lite mediaoppmerksomheit. Raudt er enda meir marginalt og treng etter mitt syn ikkje taletid i ei slik sak ettersom Raudt meiner det same som SV berre litt sterkare. Strengt tatt så er det grunnlag for å hevde at NRK nok ein gong gir for mykje spalteplass til Frp som nok ein gong har fått styre narativet på ei nyheitssak. I begge disse artikklane er det Frp sitt syn som får klart størst plass gjennom overskrift eller ingress, dei aller fleste lesarane får uansett berre med seg overskriftaog eventuelt ingressen, og det som står fyrst er solid støtte til Frp sin politikk. Det at ein representant frå SV får siste ordet i artikkelen følgjer eigentleg berre eit heilt vanleg prinsipp om at ein kvar påstand skal kunne kommenterast frå motparten. Om NRK hadde hatt eit politisk slagside, så kunne NRK fint ha retta fokuset på at dette er ein rapport som Frp hadde kjøpt, og så slengt ut nokre påstandar om at Frp og Sylvi er både rasistiske og manipulerer med statistikk. I staden har NRK valgt å fokusere på hovudfunna i Frp sin rapport, og er trur nok at dei aller fleste som les artikkelen får med at det no er statistisk bevist at ungdom med somalisk bakgrunn er overrepresentert i statistikken med meir enn 10 gongar så mange siktingar mot seg samanlikna med den øvrige befolkninga i Oslo. At SV har fått lov til å kome med ein kommentar til slutt meiner eg drukner totalt i denne artikkelen, særleg sidan SV ikkje klarer å kome med andre motargument enn at det kanskje kan være svakheiter i statistikken frå SSB, samt nokre anekdotisk bevis på at det finnes norsksomaliere som ikkje er kriminelle. At journalister har eit bias er ei kjent problemstilling, tidlegare forsking viser at personar med høgare utdanning som blant journalister er meir venstreorienterte. Den store debatten er i korte trekk om det er slik at skulerte og beleste folk blir venstreorienterte av den grunn, eller om det er utdanningsinstitusjonane som lærer studentane å bli venstreorienterte. Det er ikkje gitt at vi er tent med å løyse denne problemstillinga ved å tilsette journalistar utan formell utdanning for å på den måten få ei politisk balanse. Eg er nok av den oppfattinga at heile journalistjobben har blitt betydeleg svekka dei siste åra med meir og meir klipp og lim journalistikk og mindre undersøkande journalistikk. I gamle dagar så var ein journalist høgt utdanna og belest fordi journalisten måtte kunne sette seg inn i komplekse saker for å kunne gi folket ein kortversjon i form av ein nyheitsartikkel. I dag så utdannar vi journalistar på høgskulenivå og gir dei i jobb å klippe nyheitssaker frå politiloggen eller andre nyheitsbyrå sidan det gir flest klikk for minst arbeid. Dette ser heller ikkje ut til å betre seg i framtida ettersom stadig fleire nyheitsformidlarar inkludert NRK no bruker kunstig intelligens til å hente fram konklusjonane i staden for at journalisten sjølv sett seg godt inn i saka. Det som hadde vært spennande i denne konkrete saka hadde vært om NRK hadde utfordra SV til å sjølv lage ein rapport utifrå den same statistikken, for å på den måten avdekke om det finnes noko som helst rom for å tolke statistikken på anna måte enn det Frp gjer, men ein del av det å være nøytral journalist er også å la talspersonane for SV og Frp snakke fritt utan instruksjon frå journalisten.
- 15 svar
-
- 4
-
Vikeplikt for møtende når du har biler parkert på din side i boligfelt..
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Forstod det slik at biltilsynet berre skulle ha teoriprøva og at det var køyreskulane som skulle vurdere den praktiske køyringa. Jamfør tidlegare innlegg. Dersom det fortsatt skal være både teoriprøve og oppkøyring på trafikkstasjonen så forstår eg ikkje korleis ein klarer å korte ned tida? Er tanken at det i staden for ein knapp time med oppkøyring skal være ein 10 minutters køyretur slik at sensor kan klare å vurdere fleire kandidatar på kortare tid? Kortare oppkøyring der eleven berre skal vise at ein er i stand til å køyre i 8-tall rundt to kjegler kan ein fint innføre også i dag om poenget er å redusere kvaliteten på sensors vurdering for å redusere ventetida. Eller er tanken at biltilsynet skal kalle inn til stikkprøvekontrollar der tilfeldige bilførarar som har fått sertifikatet med køyreskulen må bevise at dei er gode nok til å få behalde sertifikatet? Det er omtrent det same systemet som vi har i dag der køyreskulen gir den obligatoriske opplæring i tillegg til å kome med anbefaling på om kandidaten er klar for oppkøyring med ein gong eller om det er behov for fleire øvingstimar før oppkøyring. Inndirekte så får køyreskulelæraren ei oppgåve med å fråråde oppkøyring for elevar som har låg sannsynlegheit for å få bestått, slik at ein på den måten slepp å kaste vekk sensor tid på oppkøyringar som ikkje blir bestått når det står mykje flinkare elevar i kø og venter på sin sjanse. Reint praktisk er det likevel kostnaden med å ta oppkøyringa samt at du får minst fire vekers ventetid som er riset bak speilet for å melde seg opp til førarprøve før eleven er klar for det. Ventetida kan fort bli lengre enn fire veker også om det ikkje er ledige timar etter berre fire vekers venting. -
Det er i utgangspunktet toll på alt du importerer til Norge. Det er likevel eit unntak for personleg innførsel som du har med deg i reisegodset og du kan legge fram varene ved tollkontroll. Vilkåret er at du er under verdigrensa på 6000 kr om du har vært i utlandet i minst 24 timar. Gåver til personleg bruk og som har verdi under 1000 kr er også tollfritt. Gåver med verdi over 1000 kr må du betale toll og avgift for. Dersom gåva blir tatt med personleg så blir verdien rekna inn i verdigrensa på 6000 kr. Bryllupsgåver gitt av ein person busatt i utlandet er likevel fritatt frå toll. Konklusjonen min er at dette er import av varer som du må betale moms og eventuell toll på. Ved å tolldeklarere forsendinga som gåve så vil du nok kunne kome deg unna sidan verdien er under 1000 kr, det er sendt frå ein privatperson, og at gåvene er pakka inn (slik som eg forstår det). Det at du kan lure deg unna avgiftene betyr ikkje at det er lov.
-
Avfallsortering, hysteri eller nødvendighet?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Mykje av dei reglane som du refererer til her er lokale reglar som kvart enkelt renovasjonsselskap har laga frå sitt område. Noko som eg må innrømme er ein del av utfordringa ettersom både kva som blir resirkluert og kva farge dunk du skal kaste det ulike avfallet i vil variere frå kommune til kommune. Har du hytte i nabokommunen eller er på besøk hos andre så er det langt frå gitt at reovasjonen fungerer slik som du er vandt til. Til dømes "forbodet" mot å kaste knust glas i "glass og metall" er ikkje eigentleg eit forbod mot knust glas som sådan. Det som er at i "glass og metall" berre skal kastast glas og metall emballasje slik som syltetøyglass, vinflasker og hermetikkbokser. Glasskår frå knuste vinglas eller gamle spiker er ikkje emballasje og skal leverast på ditt lokale avfallsdepot. Tekstil vil det fortsatt være lov å kaste i restavfall, strengt tatt så krev dei fleste renovasjonsselskap at øydelagte, våte, og tilgrisa tekstiler skal kastast som restavfall. Endringa i avfallsforskrifta medfører at kommunen og bedrifter no har plikt til å sortere ut tekstilar til ombruk eller materialgjenvinning som kan gjenvinnast. Det som ikkje kan brukast på nytt eller gjenvinnast er fortsatt restavfall. Den nye plikta til å samle inn tekstiler medfører ikkje krav til ny dunk, det er tilstrekkeleg å tilby miljøpunkt for innsamling av tekstiler. Når det gjeld rotteproblematikken så handler det mest om kva som er praktisk for renovasjonsselskapet som skal tene pengar på å vidareselge avfallet. I den samanhengen så blandar ein nok litt korta i forhold til kva som gir miljømessig hensikt, og kva som er i renovasjonsselskapets økonomiske interesser. Dei fleste stadar har dette endt opp i eit kompromiss der det er anbefalt å skylle ut av plastemballasje men at ein ikkje skal kaste vekk varmevatn og såpe på å vaske emballasjen. Det er likevel ei kjennsgjerning at for renovasjonsselskapet så er plast som er både vaska og sortert mykje meir verdt som ressurs sidan den plasten kan hivast rett i smelteovnen for å lage nye produkt utan vidare bearbeiding. Det å pålegg vanlege husholdningar å resirkulere er nok i stor grad vedtatt fordi det er holdningsskapande at folk flest sorterer sitt avfall. Og sjølv om kvar enkelt hushaldning ikkje bidreg så veldig mykje, så blir det store volum samla sett. Det er ganske mange tonn med papp som hadde gått tapt om alle husholdningane hadde kasta mjølkekartongane i restavfallet. Det er ikkje like viktig at kva einaste post-it lapp går i papiravfallet og kvar einaste epleskrott går i matavfallet. Eg synes ikkje at det er verken hysteri eller unødvendig med avfallsortering, men eg gjer meg nokre tankar om at det ikkje er all sorteringa som er like hensiktsmessig, særleg i kommuner der renovasjonsselskapet ikkje får nyttegjort sorteringa på ein god måte. Eg meiner at nemte "glass og metall" sorteringa er utført på ein lite hensiktsmessig måte. Skrapjern burde absolutt bli samla inn på ein skikkeleg måte, det er mykje jern og aluminium av høg verdi som i alt for stor grad går i restavfallet fordi folk flest ikkje tek seg bryet med å stikke innom miljøstasjonen for å levere 11 spiker og 2 kjøkkenknivar. Grunnen til at ein i dag berre samlar inn glass og metall emballasje er at det berre er emballasjen som er ilagt miljøavgift som dekker delar av kostnadane ved å samle inn avfallet. Renovasjonsselskapet vil ikkje bruke pengar på å hente vinglas og vindusruter som det ikkje er betalt miljøavgift for. Eg meiner også at alle renovasjonsselskap burde hatt krav til å samle inn elektronisk avfall. Etter mitt syn så fungerer det for dårleg med dagens ordning der du tek med batteri og lyspærer til daglegvarebutikken, og toastjern og lampar til elektrovarehuset. Eg er rimeleg sikker på at det er svært mange batterier og småelektriske produkt som går i restavfallet fordi det er for stort "tiltak" å ta med seg det gamle produktet tilbake til butikken der du kjøpte produktet. Ei slik innsamling hadde etter mitt syn hadde større miljøverdi enn dette kravet til tekstilinnsamling som i dei fleste kommuner uansett er ivaretatt gjennom at Fretex og andre organisasjonar har satt ut containere for tekstilinnsamling.- 43 svar
-
- 4
-
Fungerer denne dingsen også via Bluetooth eller deling av data over wifi frå mobilen? Så vidt eg kan sjå i farta så må denne være tilkopla eit wifi nett, og då fungerer det kanskje ikkje for trådstarter sidan utekontakten er for langt frå wifi-nettet i leilegheita. Men det er mogleg du kan koble denne til mobilen og via appen sette opp ein timeplan for bruken slik at dette fungerer også utan kontinuerlig internettilgang. Dei fleste tidsur med klokke som eg kjenner til er ganske store dingser. @ElisabethHR Er dette slik ettermontert kupevarmer der du har tilgang til ledninga inne i kupeen? I så tilfelle så kan det være eit alternativ å klippe ledninga for å montere stikkontakt og støpsel på denne ledinga. Då kan du ha tidsuret mellom støpsel og stikkontakt inne i bilen og slepp dermed å ha tidsuret ute på stolpen der den er utsatt for vær og vind, samt tukling frå uvedkommande.