Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 715
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Har du prøvd å stille til valg? Ein styreleiar som bur fast i burettslaget burde være ønskeleg for dei aller fleste i burettslaget.
  2. Ja det er klart du må møte til intervju. I beste fall får du vist fram at du er rett mann for jobben til tross for at arbeidsgivar var skeptisk til namnet ditt, i verste fall så har du grunnlag for eit diskrimineringssøksmål. Du kan til og med risikere å få jobben fordi arbeidsgiver frykter eit søksmål, ikkje den beste måten å kome inn i arbeidslivet på, men om ikkje anna er det eit godt grunnlag for å søke vidare etter jobb, men no med fast arbeid øverst på CVen.
  3. Dette er ikkje ein så uvanleg situasjon, det som kanskje er mest unikt er at du no er i forkant og veit kva som er sannsynleg vil skje. Når du no også er lei av jobben så er det ikkje så mykje å kjempe for, spørsmålet er likevel kva alternativ du finner.
  4. Dette er nok den mest realistiske løysinga om det ikkje er vilje til å ivareta arbeidsmiljøet på anna måte. Om det ikkje kan luftast for å få ned temperaturen inne, så er det du som må luftast før du blir for varm. Eg er ellers einig i at dersom du ikkje får lov til å sette vindua i luftestilling medan du er i lokalet for å vaske i frykt for at uvedkommande kan snike seg inn for å stjele eller angripe deg, då er det også heilt uansvarleg å la deg jobbe åleine i lokalet. Ellers så trur eg dette handler om veldig ulik oppfatting av arbeidssituasjonen der du meiner at det er nødvendig med lufting og sjefen din meiner at det ikkje er det. Eit tips på vegen er at du i framtida dokumenterer temperaturen.
  5. Saksgangen er å sende inn klage til Sivilombodet. Det som er vanskeleg i spørsmål om vandel for føraekort er at politiet har veldig vide rammer for å nekte førerkort, særleg for dei som har blitt tatt for hasj røyking så har det vært veldig vanskeleg å få tatt førarkortet. Grunnlaget for avslaget vil derfor ha stor betydning når Sivilombodet skal vurdere saka.
  6. Ja, heilt klart. Det må være sameiget som forbyr ferdsel, det hjelp ingenting at trådstarter med sin ideell andel på 12,5% vil sette ned forbod. Ein grunneigar har i form av eigedomsretten rett til å bestemme over eigen grunn, herunder å forby ferdsel. Det finnes nokre unntak etter allemannsretten, men tilsvarande er også allemannsretten avgrensa ved at ein likevel ikkje kan ferdes fritt lang hus og hytter.
  7. Denne problemstillinga løysest nok enklast utanom jussen. Kva som er naturleg for turgåarane kjem veldig ann på dei praktiske forhold. Det å gå langs ein grusveg som er tilkomst for fire eigedommar oppleves ikkje nødvendigvis som å ta seg til rette når vegen er stor og open slik at ein går med fornuftig avstand til bustadane. Eit garasjeanlegg med minst fire garasjer og boder vil nok på same måte ikkje oppleves som ein tråkker for nært innpå privatlivet til bebuarane. Som huseigar er det avgresna kor mykje av privatliv du kan forvente ved ved fellesgarasjen som også tre andre huseigarar brukar. Eksakt kva turgåarane tenker er det ikkje så lett å gjette på, men eg har likvel nokre teoriar. 1. Dei går over gårdsplassen fordi det er ein snarveg. 2. Dei veit ikkje om turstien på baksida av garasjeanlegget. Kanskje skilting er nødvendig? 3. Den alternative turstien bak garasjen framstår kanskje som lite attraktiv? Kanskje oppleves det "trangt" å gå langs veggen? Kanskje er det dårleg belysning? Kanskje er det vått og sleip bak veggen ettersom det der ofte er skygge? Osv. Hadde eg vært deg så trur eg at eg ville løyst dette ved å sette ein låsbar port der det er opparbeida tilkomst til turstien. Når turgåarane møter låst port og må snu og gå tilbake så vil dei etterkvart lære at det ikkje er ein snarveg å gå over gårdsplassen likevel. Du kan nok også bidra til at fleire bruker den alternative tilkomsten ved å gjere den meir synleg og attraktiv. I staden for å henge opp forbodsskilt så kan du sette opp eit skilt som viser at den opparbeida turstien er 50 meter lengre ned i gata. Om turstien er mørk så kan det være ei fornuftig investering at sameiget monterer nokre LED lamper på baksida av garasjeanlegget, eventuelt finner andre måtar å gjere den opparbeida turstien meir attraktiv. Når det gjeld jussen så kan du som grunneigar forby uvedkommande tilgang. Fyrste steg er då å hevde din rett ved å informere om at det ikkje er lov for uvdekommande å bruke vegen, vanlegvis i form av skilt. Det neste problemet er korleis du skal følgje opp forbodet. For sjølv om du som grunneigar heilt klart kan nekte ferdsel langs gårdsplassen så er det ikkje så lett å gjere så mykje anna enn å gå ut på gårdsplassen for jage og kjefte på turgåarane. Du kan ikkje rekne med at du får hjelp av politiet til å handheve forbodet ditt, og det er nok heller ikkje særleg realistisk å skulle innhente personalia frå turgåarane slik at du kan anmelde turgåaren for å bryte forbodet. Den mest hensiktmessige løysinga er å gjere gårdsplassen mindre attraktiv og den alternative stien meir attraktiv.
  8. Den opprinnelege siktelsen var på kroppskrenking og skadeverk i ei leilegheit. Mobiltelefonen kan gi mykje relevant informasjon som GPS logg som bekrefter at Marius (sin telefon) var i leilegheita på det aktuelle tidspunktet. Eg vil også tru at det er mogleg å finne logg over andre telefonar som har vært i nærheita på det aktuelle tidspunkt gjennom til dømes AirDrop funksjonen som pinger om det finnes mottakelege mobiltelefonar som er nært nok til å være tilgjengelge på bluetooth eller wifi. Av reine data så vil det være aktuelt å sjekke om Marius har dokumentert sitt eige lovbrot gjennom bilde/video, samt om det finnes chat/SMS logg som viser at Marius har snakka om hendinga med ein tredjeperson som politiet ikkje kjenner til. Det kan til og med være relevant å sjekke om loggen avslører fysisk aktivitet på det relevante tidspunktet. Sjølv om data frå pulsklokka ikkje er 100% til å stole på så vil slike treningsdata kunne være relevant for å underbygge om Marius var fysisk aktiv eller ikkje på tidspunktet volden skal ha skjedd på. Viser loggen at Marius var i dyp REM søvn på det aktuelle tidspunktet så er det ein klar indikasjon på at han er uskuldig anklaga, samtidig så ser det ikkje bra ut om treningsloggen viser at Marius dreiv med boksetrening på nøyaktig det tidspunktet han er anmeldt for kroppskrenking.
  9. Det hadde vært interessant å sjå rekneskapet, for 2,4 mill utgjer alvorleg mange arbeidstimar. Samtidig så framgår det rimeleg klart at det ikkje er berre å ta hageslangen for å spyle over fasaden når malinga har trekt inn i steinen. Og sjølv om ein sikkert kan stille spørsmål ved at leige av stillast og fortausleige til Oslo kommune er tatt med i erstatningssummen, så er jo poenget med fortausleige at huseigaren ikkje skal kunne blokkere offentlege fortau med å sette opp stillas. Fortausleiga sikrar at stillasarbeidet blir utført så raskt som råd med minst mogleg ulempe og fare for fotgjengarar og anna trafikk.
  10. I forhold til at det er dyrt å få vekk malinga, så ser eg berre to måtar huseigaren kunne ha sikra seg på, og begge måtane er etter mitt syn urimeleg å forvente. Den fyrste måten er sjølvsagt at heile fasaden kunne bestått av harde og tette overflater som glas, metall, fliser, osv med dei konsekvensane det har for den estetiske utforminga. Den andre løysinga er å etterbehandle fasaden slik at den er meir motstandsdyktig mot hærverk og tagging. Eg synes likevel at det er formykje forlangt at alle huseigarar skal investere i slik fasadebehandling for at det skal bli billegare å gjere opp for seg for dei som utfører skadeverk. Det kan være fleire grunnar til at ein velger å bygge med granitt, for sjølv om at porøs granitt er veldig lite motstandsdyktig mot blant anna vassinntrenging/maling, samt syrer sidan granitten er basisk. Så har granitt også mange byggtekniske fordelar som at det er ein hard stein som er motstandsdyktig mot riper og generell forvitring. At det skal være lett å vaske vekk tagging frå veggen er normalt langt mindre viktig enn at fasaden held seg fin over tid (om den får stå urørt). Så er det sjølvsagt litt "uflaks" for disse to som no får erstatningskrav på 2,4 mill (til no) når dei hadde kalkulert med å kanskje måtte betale 20 000 kr for nedvask, men samtidig så kan det ikkje være formildande at aktivistane ikkje hadde fullt ut forståing for konsekvensane ved handlinga. Det einaste eg tenker kan være formildande i denne samanhengen er at ved å tagge ned ein husfasade så har ein i det minste unngått å gjere uoppretteleg skade på kulturhistoriske verdiar som når klimaaktivistane griser til statuer og maleri.
  11. Ja det går sjølvsagt ann i alle fall for kontakter, eg er litt meir usikker på at det fortsatt er mogleg å flytte SMS frå telefonen til SIM kortet, då er den innstillinga eventuelt godt skjult. Om hensikta er å skjule spor for politiet så er det nok langt meir fornuftig å ha telefonnummer og meldingar lagra på ein kryptert telefon enn å ha opplysningane lagra heilt usikra på eit SIM kort som kan plukkast ut av telefonen.
  12. Dette er etter mitt syn ikkje ein heilt glidande overgang. Sjølv om ein sykkelen har stor verdi så er ikkje verdien så stor at det er hensiktsmessig å gå rundt i nabolaget for å leite etter sykkelen. Men litt meir prioritet enn å automatisk henlegge saka bør slike saker få, som mininum at eventuelt videobevis blir vurdert eller dersom sykkelen har gps-sporing så kan ei patrulje oppsøke den aktuelle adressa. Å anmelde sykkeltyveri gjer ein dag utelukkande for å få ei stadfesting på anmelding som ein kan sende vidare til forsikringsselskapet.
  13. Det er speisalbehandling, men heilt sikkert i beste hensikt. Politipatruljen to kontakt med Marius for å møtast utanfor Skaugum for å levere mobiltelefonen. Dette gav Marius moglegheit til å samarbeide med politiet utan avisoverskriftene om at politiet gjennomførte ransaking på Skaugum. Særleg om Marius var/er uskuldig så ville han ha alt å tene på å la politiet etterforske ferdig i det skjulte utan all mediaoppmerksomheita. I staden valgte Marius å gjere det motsatte, noko som forklarer kvifor politiet neste gong måtte gå til aksjon utan forvarsel for å hindre at Marius nok ein gong skulle øydelegge bevis. Det er liten grunn til å tru at Marius ikkje øydela mobilen med vilje. Om mobilen mot formoding skulle ha blitt øydelagt av andre grunnar på eit tidlegare tidspunkt så er det jo veldig rart at Marius ikkje har informert patrulja om at den telefonen dei har komt for å hente er øydelagt. Det at SIM kortet var fjerna handler nok lite om å skjule bevis sidan det er lite relevant lagringskapasitet på SIM kortet, det er nok sikkert gjort av meir praktiske årsaker ettersom Marius då lett kunne skaffe seg ein ny telefon. Det er eingentleg heilt unødvendig å være utan SIM-kort fordi politiet vil gå gjennom det som ligg lagra på sjølve telefonen.
  14. Grunnen til at det ikkje er ein lang forbryter-kjede med mange ofre bak ei øl, er at du kan dra på butikken og kjøpe øl som er lovleg vare. Du treng altså ikkje å oppsøke kriminelle miljø som kjenner ein som kjenner ein som har makt til å tvinge rusavhengige eller gjeldsslavar til å ta risikoen ved å smugle øl over grensa for illegalt vidaresalg. All erfaring så langt viser at totalforbod fungerer dårleg. Og sjølv om straff i seg sjølv ikkje er avskrekkande så, så er det uheldig med lik strafferamme på alle rusmiddel uavhengig av om det er sterke eller svake rusmiddel. Av land som har valgt totalforbod mot alkohol så har til og med Iran gitt unntak for religiøske minoritetar og for turistar som likevel kan nyte alkohol på bestemte stadar, primært serveringsstadar som er drevet av ein religiøs minoritet som har lov til å produsere og selge alkohol i Iran. Til tross for at muslimske iranarar risikerer offentleg pisking om dei blir tatt for å drikke alkohol så finnes det plenty av ulike lovlege og ulovlege sjenkeplassar der unge iranarar kan kjøpe og drikke alkohol. Det er mogleg det er noko mindre alkoholforbruk når straffa er pisking, men resultatet er berre at alkoholforbruket skjer i det skjulte og gjerne via kriminelle miljø.
  15. Jo det er alternativ behandling. Det er berre enkelte fødeavdelingar som tilbyr akupunktur, då med grunngjeving at dette er tilleggsbehandling som kjem i tillegg til tradisjonell smertelinding, samt argumentet med at akupunktur ikkje er til skade. Ordninga er omstridt og formelt sett så definerer helsevesenet akupunktur som alternativ behandling som "i hovedsak" blir gitt utanfor helsevesenet. Sjølv om akupunktur har blitt brukt i tusenvis av år i Kina så mangler det dokumentasjon på at behandlinga virker. Det har sjølvsagt blitt forska på dette også utanfor Norges grenser utan at ein har funne dokumentert medisinsk effekt. Som sagt så er ikkje akupunktur heilt utan effekt, for placeboeffekten er høgst reell. Men det fungerer like godt å gi fødande sukkerpiller i staden for smertestillande. Ein skal heller ikkje undervurdere effekten av at det tek fokuset vekk frå smertene når ein mottek akupunkturbehandling. Ikkje fordi det gjer vondt med nålene men berre det å vite at du har nåler i huda gjer at du rettar delar av oppmerksomheita til det området der du veit du har nåler stikkande ut av huden framfor dei områda av kroppen der du har muskulære smerter. Akupunktur er religion. Du kan også finne mange som påstår at dei har blitt heilt friske av bønn, men det er ingen vitenskaplege haldepunkt for at du blir fortare frisk om du ber til Gud, til tross for at vi har drevet med det i over 2000 år.
  16. Ja, definitivt ja. Det blir for dumt om du skal legge deg tidleg berre for å ligge i senga å kjede seg samtidig som at du frårøver henne den eigentida som ho vil ha til å sjå serie åleine. Det blir litt som floskelen om ekteparet der mannen alltid tok undersiden av rundstykket fordi han vil at kona skulle få overdelen som var den beste delen av rundstykket, medan kona alltid tok overdelen av rundstykket fordi ho likte beste undersiden og ville unne den beste delen av rundstykket til ektemannen, så satt dei der rundt frukostbordet og spiste feil del av rundstykket gjennom eit heilt liv.
  17. For å svare litt diplomatisk. Det finnes mange ulike måtar å praktisere akupunktur på, alle med litt ulike måtar å behandle på. Også måten ein undersøker kroppen for å finne ut kvar akkurat du skal ha nålene vil variere ein del, men mykje er basert på visuell analyse av fjeset samt eit intervju med ulike spørsmål om alt frå plager du har til personlege preferansar. Eg har aldri høyrt om nokon som har gått til akupunktør og som ikkje har fått tilbod om å betale for behandling, så eg trur nok du trygt kan anta at ein alltid finn noko å behandle. Er du sjuk og utan plager så får du tilbod om akupunktur for å førebygge sjukdom. Min avgrensa erfaring med akupunktur er at at akupunktøren speler på mange strengar der sjølve nålene utgjer berre ein del av behandlinga. Akupunktøren opptrer litt som hobbypsykolog og litt som motivator, det er ikkje uvanleg at behandlinga også involverer ein form for massasje, og når nålene er satt inn (som du ikkje kjenner) så blir du ofte pakka inn i varme pledd før du får ligge i eit mørkt rom for å meditere. Ein kombinerer også ofte med å gi kosthold råd og "resepter" på ulike vitamintilskot som du kan kjøpe på apoteket. I tillegg får du ofte homøopatisk medisin, og tradisjonelle kinesiske medisinske planter. For å svare litt mindre diplomatisk. Akupunktur har ingen dokumentert effekt. Einaste grunnen til at du eventuelt ikkje får time hos akupunktøren for behandling er dersom alt er fullbooka, men då kan du være trygg på at du som minimum får tilbod om å kjøpe rådyre sukkertablettar (homøpatisk medisin) som du skal ta fleire gongar dagleg medan du venter på ledig time. Det sagt så er akupunkturbehandling relativt harmlaust, kanskje med unntak av at du får beskjed om å ta litt vel store doser av fettløyselege vitaminar utan at det er medisinsk behov for det, som i motsetting til vannløyselege vitaminar kan gi deg overdose om dosa blir får stor. Det er sjølvsagt også viktig at du eventuelt brukar akupunkturbehandling i tillegg til vanlege helsetenester og ikkje i staden for. Sjukdom kan ikkje behandlast med akupunktur, til det treng du medisinar frå legen. For enkelte plager så kan det faktisk være hensiktsmessig å gå til akupunktør. Det akupunktørane er flinke til er å gi deg eit pusterom til å slappe av. Har du plager som er forårsaka eller blir forverra av stress så vil det sjølvsagt ha god effekt å tid til å slappe av. I tillegg så er det sjølvsagt alltid oppløftande å ha ein eigen motivator som prater deg opp og prøver å få deg til å tenke på kor mykje friskare du kjenner deg i dag, framfor den tradisjonelle legen som tek eit meir pragmatisk tilnæring til helse.
  18. Eg er nesten heilt sikker sidan Bache Gabrielsen var ein av bestselgarane i Norge, og at dersom det faktisk er snakk om tre stjerner / three star så er det umogleg mange versjonar sidan alle VS'ar også er tre stjerner. Historisk sett vart det satt eit kryss på tønna for kvart år med modning slik at cognacen med tre kryss var minst tre år gamal. Kors og stjerner er berre ein alternativ måte å lese merkinga på. Dersom det med tre stjerner berre var ment generell tre år gamal cognac så hadde det for det fyrste vært unødvendig å presisere det ettersom ein omtrent ikkje får kjøpt cognac som er yngre, og for det andre så hadde det vært lettare å skrive bokstavane VS i staden for tre sterner.
  19. Bache Gabrielsen tre kors https://www.vinmonopolet.no/Land/Frankrike/Cognac-Tradisjonell/Bons-Bois/Bache-Gabrielsen-3-kors/p/5401 Ein ganske vanleg cognac i Norge. Ikkje ein av mine favorittar då eg liker best litt mørkare cognac, men for dei som liker den så er det nettopp fordi den ikkje er lagra så lenge at den har tatt mykje smak frå lagringa på eikefat.
  20. Du skal melde skaden så raskt som mogleg. Dersom skaden har skjedd for meir enn eit år sidan er den etter forsikringsavtaleloven forelda. Eg ser likevel at at i mine forsikringsvilkår så står det at erstatninga kan falle bort dersom det er meir enn eit år sidan skaden oppstod, så utifrå mine forsikringsvilkår så ser det ut som at mitt forsikringskrav er litt rundare i kantane og berre forebeholder seg retten til å forelde gamle saker. Min innboforsikring har eit eige punkt som hadde dekt ein slik skade ettersom min innboforsikring dekker vanninntrenging gjennom opning eller utettheit. Men eg hadde nok likevel tenkt at det er meir nærliggande å ta ei slik sak på husforsikringa. Eg kan også sjå for meg at dei som har innboforsikring med romsleg definisjon på uhell kanskje kan få dekt ei slik skade sidan skaden er forårsaka av eit uhell.
  21. Nei. Det nærmaste vi kjem er å sjå til andre land og kva erfaringar dei har gjort seg. Korleis dette vil fungere i Norge kjem ann på mange variabler som korleis cannabis blir legalisert eller avkriminalisert, kva reguleringar om nokon ein skal ha, den norske ruskulturen, osv. Eit fullt frislepp av cannabis vil nok gå dårleg i Norge der vi er vande med strengt regulert tilgang på alkohol, både i form av kvar du kan handle alkohol, når du kan handle, og ikkje minst prisen du betalar. Men om ein sidestiller cannabis med sprit og har eigne utsal med avgrensa opningstid etter modell frå Vinmonopolet, så kan det være at ein fordeler rusbruken utan at det blir i tillegg til. Andre usikkerheitsmoment er kva som vil skje med rusalternativa. Etter at Vinmonopolet vart gjort tilgjengeleg i alle* kommuner og ein justerte aldersgrensa slik at 18 åringar kan kjøpe vodka på 21,9% så er mitt inntrykk at heimebrenten er nesten avvikla. No har alle grei tilgang på alkohol, og sjølv 18 åringar har langt større utval enn berre øl og vin. Det store spørsmålet er altså at dersom ein legaliserer, vil ein klare å legalisere slik at det blir eit fullgodt alternativ til illegal rus?
  22. Det er stor forskjell på kva som er tilsynelatande verdilaust og det som objektivt er verdilaust. Etter mitt syn er det meir eit relevant eksempel dersom nokon opner min ulåste ytterdør og tek med seg søppelposen som eg midlertidig har plassert i gangen for å ta den med meg neste gang eg skal ut. Dersom det er ueinigheit om tingen er verdilaus så er det ein anna ting, men så lenge tingen ikkje har verdi så har ein heller ikkje lidd eit tap. Det sagt så er eg einig med deg at etter lovvernet så er dette innbrudd ettersom det burde være opplagt at det er gjort tiltak for å hindre tilgang men det er ikkje tjuveri.
  23. Ein bør ikkje blande taktikkane. Ved å tette tilkomsten og ta rottene på felle så har ein kontroll på kvar rottene døyr slik at dei kan fjernast. Rottegift gjer rottene tørste slik at dei rømmer ut for å finne vatn, om rotta ikkje kjem seg ut så vil rotte døy i ein eller anna krok slik at ein får problem med lukta av råtnande rottelik. Skal du bruke gift så må/bør rottene ha ein rømingsveg, som ein tetter etter at rottene er dreve ut av huset. Skal ein bistå med noko så er det å forsterke valgte taktikk ved å sette ut ekstra feller, samt å fjerne tilgjengeleg mat slik at rottene må gå i fellene på jakt etter mat.
  24. Dette gjer politiet kvar dag. Når var sist du høyrte om nokon som fekk forenkla forelegg etter å ha blitt stoppa i 82 km/t i 80 sona? Og før du seier at dette er sikkerheitsmarginen så et det slik at forskrifta om forenkla forelegg i trafikksaker definerer at det skal koste 1150 kr å bli stoppa med 1-5 km/t for høg fart. Det betyr ikkje at det er lovleg å køyre litt for fort, men det er viktigare å stoppe dei fartsynderane som er farlege. Tilsvarande med drikking på offentleg stad og uvettig bruk av fyrverkeri. Når dulle folk samlar seg i sentrum på nyttårsaften så kunne politiet fint starta i ein ende for å skrive ut bøter, men i staden velger ein å ivareta ro og orden framfor å bøtlegge nokre få. Det er heilt uproblematisk å velge sine kampar, særleg der kriminaliteten det er snakk om er nærmast ubetydeleg. Ikkje berre verdilaust, men negativ verdi avfall er ein kostnad. Sjølv om at nokre posar med potetgull nok ikkje utgjorde den heilt store verdien der næringskundane betalar for vekta på avfallet, eller at volumet vart så stort at butikken måtte betale for ekstra henting, men likevel. Verdien det er snakk om her er 0 kr eller negativ verdi.
  25. Fysikk er alltid relevant i alle arbeidsforhold, men det er ikkje nødvendigvis det viktigaste kravet. Sett ein like (strenge) fysiske krav til alle så bli det berre fysikken som er avgjerande. Ein politibetjent skal gjere veldig mykje meir enn å springe raskt og løfte tungt. Dei er sjølvsagt mogleg å være både sterk, rask, smart, pen og alt det der, men det blir færre å velge mellom dersom ein fyrst må oppfylle eit strengt fysisk krav. Etter mitt syn så er største problemet at politiet i for liten grad får spesialisere seg fordi det er forventa at alle skal være gode på alt. No er ikkje dei fysiske krava veldig strenge, men det er litt merkelig at ein som jobber i UP og nesten berre køyrer patruljen heile dagen, og av og til sitter i ein fluktstol med lasermåleren, skal målast på ein løpstest som ein tok i 20-åra på politihøgskulen. For ikkje å snakke om dei som ender opp med å jobbe med førebygging og som nesten berre sitter på kontoret. Vi treng sikkert også politi som tek 60 meteren på 8 sekund i full uniform og som kan jage lommetyvane over stakittgjerda og gjennom eplehagane i eit byggefelt, men det er nok langt frå å være den vanlege arbeidsdagen for dei fleste i politiet. Sånn sett burde nok også helsefagarbeidarane ha fysiske krav ettersom dei skal jobbe med å løfte pasientar heile dagen.
×
×
  • Opprett ny...