Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 710
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det betyr er at styret i burettslaget vurderer at det er billegare for burettslaget å sjølv leige inn folk til å utbetre skadene, enn det er å ta det over forsikringsselskapet. Ved bruk av forsikringsselskapet så må burettslaget betale ein forholdsvis høg eigenandel pluss kostnaden av at heile forsikringa blir dyrare på grunn av mange skadesaker. Så litt avhengig av skadeomfanget så er det ikkje umogleg at det er mykje billegare å få utbetra skaden på andre måtar. Ved ei slik løysing vil det også være rom for å betale ut erstatning til deg som andelseigar, mot at du utbetrar skaden. Dette kan være relativt lukrativt for deg ettersom du ikkje nødvendigvis treng å utbetre skaden med ein gong om det ikkje er noko som står på skade.
  2. Dette er ein vanskeleg balansegang. Ein skal reknast som uskuldig fram til ein er dømt skuldig, og det er eigentleg omtrent like gale andre vegen at ein kvar påstand om overgrep skal føre til yrkesforbod fram til saka er ferdig etterforska. Personar som jobbar med offentleg forvaltning, som legar, politi og byråkratar er ekstra utsatt for å ubegranna bli anklaga for ulike lovbrot, ofte fordi at det er ein person som kjenner seg dårleg behandla av myndigheitene og som bruker ei falsk anmelding som hevnaksjon. Bo veit eg lite om denne saka, og enda mindre om dei historiske anklagingane, men det bør litt meir til enn ei anklage til for at ein for evig og alltid skal legge 6 år med høgare utdanning på hylla. Psykologen kan vanskeleg få sparken basert på ei anklage som ikkje er bevist, og det er heller ikkje særleg god ressursbruk å gi psykologen lønna permisjon for å ikkje praktisere yrket sitt i perioden etterforskinga pågår. Sjølv med lønna permisjon så er det nok uansett ikkje nokon god situasjon for ein psykolog heller då ein etterkvart mister sin spisskompetanse når ein ikkje får praktisert. Det som gjer det ekstra vanskeleg for psykologar er at dette er arbeid som det i liten grad passar seg at det er fleire personar tilstades, så det å alltid ha to psykologar i rommet for å passe på kvarandre er heller ingen god løysing når ein prøver å få tillit med pasienten. Dersom det hadde vært ein enkel sak å føre bevis for anklagingane så hadde det vært ein enkel sak. Men som i eksempelet der saka blir henlagt så er det ikkje alltid like lett å etterforske heller. For også når det gjeld ransaking så krev det litt meir enn ei anmelding. Det er tross alt ganske inngripande å få alt sitt dataustyr beslaglagt og gjennomgått utan at det føreligg sterke indikasjonar på at politiet vil finne det dei leiter etter. I eksempelet så er eg likevel einig i at det virker litt vel slett av politiet å ikkje prioritere ei slik sak. Med bilde av mannen samt tekniske spor så burde det være godt grunnlag for ransaking. Ved å samanlikne bildet frå hendingar med den aktuelle personen, samt å sjekke internettrafikken for å sjå om mannens IP adresse var aktiv på den aktuelle sida på det aktuelle tidspunktet, så burde det i seg sjølv gi såpass sterke indikasjonar til at ei ransaking og beslaglegging av datamaskinen burde kunne gjennomførast. Her var det tross alt ein anklage som var ganske godt underbygd.
  3. Det vil likevel være å foretrekke at vi sprer denne dempinga utover ei lengre periode. Blir travelt for gravferdsbyråa at det skal være så hektiske arbeidsdager rett etter klokkestillinga. Nei då er det mykje betre at vi stiller klokka mange gangar om året og på den måten både får tynna ut eldrebølga og får fordelt belastnigna utover. Eg forslår at frå november så stiller vi klokka kvar einaste helg, to timar framover no komande helg, deretter to timar bakover neste helg, osv. Då vil ingen klare å stille inn sin biologiske klokke til å få ei normal natts søvn, og dei eldre vil falle frå som fluger 😈
  4. Spørsmålet er mest når på døgnet ein ønsker dagslyset. Folk flest vil ha sommartid heile året sjølv om det er vintertida som er normaltida. Grunnen til dette er enkel, dei aller fleste av oss har mest glede og nytte av dagslyset på slutten av dagen. Dei aller fleste av oss jobbar på vanleg dagtid og skal om morgonen berre stå opp og kome seg til jobb/skule, og dei aller fleste har ein jobb der dei er uavhengige av dagslyset, primært fordi dei jobbar innendørs eller fordi at arbeidsstaden utandørs uansett er opplyst. Av dei yrkene vi har som kanskje er mest avhengige av dagslyset slik som tømrarar og bygningsarbeidarar så har dei ofte tradisjon for å starte arbeidsdagen kl. 07, og då er det fortsatt mørkt ute når vi er på vintertid. Skulle bygningsarbeidarar ha utnytta dagslyset så maksimalt som mogleg så bør dei jobbe fire timar før kl. 12 og fire timar etterpå, altså frå kl. 08-16, for det er då du får mest mogleg av det naturlege dagslyset innafor arbeidstida. Det kan være at søvnforskarar meiner at det å ha litt lys om morgonen er bra for helsa, men jamt over så trur eg nok at det store fleirtalet vil sette meir pris på å kunne gå seg ein tur etter jobb/skule før det har blitt heilt tussmørkt, enn at det skal være litt lys akkurat i det ein pendlar til jobben. Det einaste "problemet" med å innføre sommartid som den faste tida er at då vil sola stå på sitt høgaste ca kl. 13 året rundt. Eg tenker likevel at det burde være overkomeleg for dei aller fleste, dei aller færraste av oss bruker heller ikkje klokka på den måten lenger. Per definisjon så er det slik at midt på dagen er kl. 12, at morgonen starter kl. 03 og varer fram til kl. 06, og at natta er frå kl. 21 til 03, slik at kl. 24 blir midnatt, men det er nok ein tillært definisjon som veldig få forheld seg til i praksis. Det er dette som gjer at det som skjer før kl. 12 heiter formiddag og det som skjer etter kl. 12 heiter ettermiddag. For dei aller fleste av oss så er nok heile denne regla forskjøvet med i alle ca tre timar. For meg så er kl. 03 definitivt å definere som midt på natta, og eg kan under tvil gå med på at morgonen startar kl. 06. Dagen startar ikkje før rundt 08 og ettersom eg et middag ca kl 17 så startar min ettermiddag ca kl 18 når eg er ferdig med middagen, min kveld startar kl 21, og natta startar ikkje før midnatt. Reint personleg så er eg også forkjempar for sommartid heile året, sjølv om det er "feil" etter den analoge klokka. Strengt tatt er det ikkje så viktig for meg om sola står på sitt høgaste kl. 12, kl. 13, eller endog kl. 20. Hadde vi definert at sola står på sitt høgaste kl. 20 så er einaste forskjellen for min del at eg hadde stilt vekkarklokka mi til kl. 16 og ikkje kl. 07. Då hadde eg effektivt sett fulgt amerikansk vestkyst tid, men det speler vel liten rolle når eg har vendt meg til at sola står opp kl 15 og er på sitt høgaste kl 20. Det handlar mest om vane å gjere. Grunnen til at det er så vanskeleg å bytte om er nok at det er enklare å ikkje foreta endringar. Men om vi absolutt skal behalde vintertida så meiner eg at som absolutt minimumskrav så må vintertida koordinerast med USA/Canada. For det er heilt idiotisk at vi i Europa bytter til vintertid den siste søndagen i oktober medan Amerikanarane ikkje bytter til vintertid før fyrste søndagen i november. At det no er vintertid i Madrid medan vintertida i Washington ikkje starter før komande helg til tross for at dei ligg på same breddegrad viser vel ganske godt at dette er politikk og har lite med sola å gjere.
  5. Vil også legge til at mykje av jobben til oljefondet er å være konservative og forvalte pengane med lågast mogleg risiko i forhold til avkasting. Menn er generelt sett meir risikovillige enn kvinner, så eit blanda team der nokon er risikovillige som blir stoppa av dei som er meir forsiktige, og omvendt dei som er i overkant forsiktige blir pusha av dei som er villige til å ta litt risiko, vil nok utgjere eit godt team i ein slik jobb. Dette treng ikkje å ha med kjønn å gjere, men ofte vil ein finne disse ulike persoblegheitene til å utgjere eit team.
  6. Det kjem veldig ann på kva som står i arbeidsavtalen din. Etter 2019 så er det ikkje lov å berre være ringevikar utan fast arbeidstid (0 timers kontrakt). Er litt usikker på korleis eg skal tolke trådstarter men forstår det slik at det er avtalt 40% deltidsstilling? Og at "ringehjelp" her berre betyr at trådstarter ikkje har faste vakter men får beskjed på minst to vekers varsel korleis vaktplanen er satt opp? Når det gjeld den dagen sjefen sa at du skulle slutte ein time tidlegare, så kjem det heilt ann på korleis det vart gjort. Er du satt opp med jobb så skal du ha betalt for heile vakta. Sjefen kan derfor seie at du skal gå heim og du skal likevel ha betalt. Det andre alternativet er at fordi sjefen alt er forplikta til å lønne deg, så løyser ein dette ved å spørre om du vil ta fri ein time tidlegare mot å ikkje få betalt. Er det lite å gjere på jobb så er den siste timen ofte både lang og kjedeleg, så då kan det vere at det frister meir med å få gå heim tidleg enn det frister å sitte å kjede seg for å heve lønn den siste timen.
  7. Ca 650 i dag, aukning frå ca 550 i 2020. Ikkje alle jobbar i Norge. Når det gjeld korleis han har fått det til utan å gå på bekostning av ferdigheitene, så handler det om å tilpassa utlysing og intervju til å også fange opp dyktige kvinner som ikkje nødvendigvis har spisse albuar. Særleg i finanssektoren så har det tradisjonelt vært mykje fokus på det å selge seg inn, medan det å utgjere stabil og høg arbeidskapasitet har i liten grad blitt fanga opp. Det er ikkje alltid at den som på papiret har best CV og som svarer best på intetvjuet faktisk er den beste arbeidstakaren. Har inntrykk av at stadig fleire arbeidsgivarar i dag også benytter andre evnetestar, og også har blitt flinkare til å til å gjennomføre gode intervju av referansane.
  8. Den beste måten å protestere mot sommertid er å inn arbeidsavtaler om at på sommeren så starter arbeidsdagen kl 09 i staden for kl 08. Veldig mykje av poenget med sommertid forsvinner når alle butikkane justerer opningstida tilsvarande. Det er slik bøndene gjer det ettersom kyrne er vande med å få morgonstellet på fast tid og då er det lettare å holde på rutinen enn det er å forklare kyrne kva sommertid er.
  9. Forstår ikkje heilt kven som er målgruppa. Serien har relativt lite med spela å gjere, så fans av Tomb Raider spela er nok ikkje kjernepublikumet. Karakteren Laura Croft er forholdsvis kjent frå populærkulturen så namnet er nok kjent også for dei som ikkje har spelt spelet. Er dette nok ein serie som berre låner eit merkenavn i håp om at det er nok til at folk kjøper produktet?
  10. Er heilt einig med dei som seier at denne rusreforma berre er eit tomt dokument som har null verdi. Ingenting hadde endra seg om ein på pressekonferansen berre sa at rusreformen er avlyst. Reformen som dei no har brukt 3 år på seier eigentleg berre at det er ingen endring i ruspolitikken, og at alt skal fortsette som før. Det er eit lite håp om at det kan kome noko fornuftig i del 2 som skal foreslå endringar i straffelova, eg har likevel små forhåpningar til at eventuell lovendring kjem til å bidra med noko fornuftig. Når signala er så tydelege på at politikken skal være at all narkotikabruk skal være ulovleg men samtidig så skal ein møte rusavhengige på ein anna måte enn langere, så kan eg ikkje forså anna enn at dei kjem til å foreslå å uthule straffelova slik at det straffbarheita blir uoversiktleg og opp til dagsforma til aktor. Skal all narkotikabruk være ulovleg så er det heilt unødvendig med lovendring. Det einaste spørsmålet er om det viser seg at Regjeringa snakker med to tunger, der ein på den eine sida ropar høgt om at all narkotikabruk skal være ulovleg, og så på den andre sida så liberaliserer dei straffelova til å seie noko anna enn rusreformen. Kan det være at Regjeringa i all hemmelegheit planlegg å avkriminalisere narkotikalovbrot for rusavhengige samtidig som Regjeringa utad står for ein konservativ rusreform? At Regjeringa slår fast at all narkotikabruk skal være ulovleg treng ikkje å bety at det skal være straffbart. Det finnes masse eksempler på ting som er ulovleg utan at det er straffbart.
  11. Det spørs korleis du ser på det. Om militæret ikkje er i stand til å kjempe så er sivilbefolkninga ofte sjanselause, har militæret kapasitet til å kjempe så har sivilbefolkninga i det minste ein sjans for å overleve. Det er likevel ikkje alltid slik, i mange tilfeller kan ein nok til og med hevde at det mest etiske ovanfor sivilbefolkinga er å overgi seg og la fienden ta over. Fienden er vanlegvis mest opptatt av å ta over landet og ressursane, og er ikkje nødvendigvis ute etter å skade sivilbefolkinga. Det er mellom anna dette som er argumentet til Russland, Trump, og den gjengen der. Sivilbefolkninga i Ukraina lid fordi det er krig, hadde Ukraina overgitt seg til Russland så hadde det ikkje vært behov for militærmakt og ein hadde spart mange liv på begge sider. Men det er også eit spørsmål om til kva pris ein vil skåne sivilbefolkinga, eit Ukraina under Russisk styre hadde ikkje akkurat vært eit fritt liv etter vestlege verdiar.
  12. Kva er det du seier? Meiner du at det er ein dårlig plan å starte med ein fin middag i pinleg stillheit der ein har alt fokus på å ikkje søle saus på skjorta eller tygge med open munn, før ein går på kino der ein sitt to timar i total stillheit og stirrer på ein skjerm, før ein takker for ein fin kveld og reiser heim åleine? 😇 Akkurat den klisjeen har eg aldri forstått. Det er sjølvsagt lov å håpe at det blir klining i kinosalen på fyrste date, men det er også mogleg å kline utan å betale 200 kr per billett. Om ein absolutt skal ha med daten på kino så ta i alle fall kinofilmen fyrst, og deretter gå til middag. Då kan du i det minste snakke om filmen om det skulle bli vanskeleg å holde samtalen i gang.
  13. Dei einaste som eg kunne tenkt meg å endre med dagens system er at eg synes at vi burde kunne ha råd til å tilby dei fyrste 10 000 kWt gratis eller til veldig redusert pris, og så tatt ein høgare og høgare pris for forbruket over dette. På den måten hadde det blitt veldig lønnsomt med straumsparing, men ikkje så lønnsomt at dei fattigaste får straumen avstengt og ender opp med å fryse ihjel. 10 000 kWt er med god margin nok til å dekke alt straumbehovet i ei leilegheit, så det er mogleg at det er litt høgt slik at ein må være ekstra sparsommeleg om ein skal få straumen gratis/billig. Eg tenker at ei slik ordning hadde langt på veg tatt vekk behovet for å ha ei eiga straumstøtteordning, og det ville nok også kunne redusere behovet for økonomisk nødhjelp til dei som ikkje klarer å betale straumrekninga si. Med ein slik prismodell så hadde det blitt veldig attraktiv å ikkje sløse med straumen, samtidig som at reint overforbruk hadde kosta veldig mykje.
  14. Det er ikkje lett å svare på dette, for det kjem heilt ann på korleis dette er gjort. At selskap A fakturerer selskap B for konsulenttenester kan heilt fint være reelt det sjølv om det er same eigar av begge selskapa. Det kjem ann på kva tenester som er levert og kva som er avtalt. Daglig leder kan bruke akkurat det han vil som unskyldning for å ikkje betale ut bonus. Bonusordningar er vanlegvis ei rein gåve som arbeidsgivar ikkje er forplikta til å betale ut. Ein treng ikkje eigentleg ikkje å kome med ei unskyldning heller. Sjølv der ein har avtalefesta at det skal være bonus så kan sjefen når som helst flytte målstengrene slik at minstekravet til å få bonus heile tida ligg høgare enn det dei tilsette presterer. At noko er sleipt betyr ikkje at det er ulovleg.
  15. Spørs kva du har av forventning og om du også prøver andre ting. Tinder fungerer fint til å kome i kontakt med folk du ellers ikkje hadde prata med, men veldig mange av dei du matcher med vil du ikkje få nokon samtale med utover høffligheitsfraser. Det er likevel fint mogleg å bli kjent med nokon og la det utvikle seg til eit forhold. Om alternativet ditt er å sitte heime utan å kontakte potensielle partnere så er det openbart betre med 1% sjanse for å finne ein kjæreste enn 0% sjanse. Det viktigaste å være klar over er at Tinder har utvikla seg til å bli ei relativt useriøs teneste som få tek alvorleg. Det er mange som berre bruker appen for å tilfredsstille sitt eige ego og berre vil sjå kor mange matchar dei klarer å få utan at dei er interessert i å kommunisere. Andre bruker Tinder utelukkande til hook ups og er ikkje ute etter å bli kjent med partneren, og andre igjen har berre ein profil som dei bruker av og til om dei virkelig kjeder seg. Fordelen med datingsidene er at dei som betalar for å registrere seg på ei slik side vil typisk være motiverte og på leiting etter noko seriøst. Så det er større sjans for at den du prater med på ei slik teneste faktisk er interessert i å bli kjent med deg.
  16. Eg trur nok at økonomi er ein del av. Når britiske foreldre utstyrer ungane sine med ein billig dum telefon til fyrste skuledag så er nok det mykje fordi dette er billegaste løysinga. I Norge kjøper vi gjerne telefonklokker til dei minste barna, og gir dei smarttelefonar når dei blir store nok til det. Det sagt så trur eg nok at vi også i Norge vil få meir dumme telefonar. Ein av dei store fordelane med ein slik dum telefon er at batteritida er veldig god. I mange tilfeller vil ein slik telefon være ypperleg som reservetelefon, som når ein er på fjelltur eller driv med arbeid der ein ikkje vil skade eller tilgrise smarttelefonen sin. Særleg med eSIM og fleire SIM på same nummer så ligg forholda godt til rette for at ein har mange telefonar. Ein dum telefon når ein berre treng telefon, ein smarttelefon til kvardags, eit kort i nettbrettet til videosamtalar, osv, osv. Eg håpar også at vi får betre utvalg av smarttelefonar med avgrensa funksjonalitet. I dag er det slik at alle smarttelefonar kjem med alle funksjonar. Til barn og unge så burde det være mogleg å få tak i vanlege smarttelefonar som til dømes ikkje har kamera. Ein del av utfordringa med smartelefonar i skulen er hensynslaus fotografering og spreiing av slike bilder via sosiale media. Det er mange som har tatt til orde for å sette aldersgrense på bruk av sosiale media, det meiner eg eg unødig om ein berre hadde avgrensa litt funksjonaliteten. Mobbing blir ein aldri kvitt, men som sagt så meiner eg at mykje kan førebyggast om barn og unge ikkje lett kan ta bilder og video som brukes til mobbing. Mobbing i form av skriftleg informasjon vil ein ikkje klare å fjerne sjølv om ein forbyr bruk av chatte-appar. Slik mobbing kan fortsatt sendast som SMS eller spreiast gjennom oppslag i gangane av elevane som vil mobbe.
  17. Straumforbruket hadde utvilsomt gått opp, men eg håpar og trur at folk flest hadde utvist litt moderasjon. Eg trur derfor at vi hadde fått relativt få som har holdninga "haha strømmen er gratis" og som hadde satt varmeovnar ut i hagen berre for å bruke opp straumen utan nytte. Det er heller ikkje slik at dei som berre betalar fastpris for vatnet og som ikkje har vassmålar lar alle kranene i huset stå og renne heile dagen fordi vatnet er "gratis". Såpass tillit til folket har eg at vi hadde nok ikkje fått så mykje av regelrett sløsing. Det sagt så hadde straumforbruket heilt sikkert mangedobla seg. Med gratis straum så er det ingen grunn til å ikkje ha ein varmeovn i garasjen, eller legge varmekablar i oppkjørselen slik at ein slepp å måke snø, osv. Eg trur også at vi hadde fått ein eksplosjon i bruk av airconditioner på sommerstid. I dag er det veldig få som har aktiv kjøling av huset sitt om sommaren, blant anna på grunn av at det er forholdsvis dyrt med slik kjøling. Men hadde straumen vært gratis så trur eg veldig mange hadde satt varmepuma på automatikk og aldri latt innetemperaturen gå over 22 grader. Folk flest hadde nok funne mange områder der det hadde vært praktisk å bruke straum, men som ein i dag ikkje prioriterer å betale for i dag.
  18. Eg har ikkje inntryk at det er spesielt mange fleire bilar med berre eit lys no i forhold til kva det var før. Eg trur nok at forklaringa er at dagens pærer varer mykje lenger, det er nesten slik at frontlyktene på ein bil ikkje lenger er ein slitedel som skal byttast ut. Eit LED lys varer like lenge som bilen om det ikkje oppstår teknisk feil. Men baksiden er at dersom lyset fyrst sløkner så er ikkje dette noko som den jamne bilist kan ordne sjølv. Det er lenge sidan det berre var å svinge innom bensinstasjonen for å kjøpe ny lyspære, og så poppe panseret og bytte pæra før du køyrte vidare. I dag er det gjerne ein verkstedjobb, og du må ofte bytte heile lykta. Det gjer nok det at mange av billistane som får ei defekt frontlykt venter i det lengste med å ta rekninga på å utbetre feilen, typisk at ein venter til at det også er noko anna som må reparerast. Det er heller ikkje berre kostnaden åleine som gir utfordringar, for veldig mange så er det også ein stor kostnad at ein må ta seg fri for frå jobb eller skaffe leigebil fordi bilen må stå på verksted heile dagen. Heilt einig, dette er nok eit eksempel på eit EU regelverk som ikkje er tilpassa norske forhold, men som likevel overstyrer det særsnorske kravet om at køyrelysa skal være påskrudd under køyring. Etter EU reglane så er det godt nok at baklysa berre slår seg på når det er mørkt, og sidan det er godkjent i EU så er det også godkjent i Norge at ein køyrer slik bil på automatisk lysstyring. Sjølv om at automatikken på mange måtar har blitt ganske god, så er det fortsatt slik at baklysa ikkje slår seg på før det blir mørkare enn berre skumring, og når ein køyrer inn i tunnelar så er det ganske mange sekunds forsinking før baklysa slår seg på. Det som særleg gjer denne løysinga i Norge er at i Norge varer skumringa mykje lenger der vi er midt mellom dagslys og natt. Lenger sør i Europa så varer denne overgangen mykje kortare. Vi har i tillegg den utfordringa i Norge med saltslaps om vinteren, noko som gjer at refleksane bak på bilen blir tilgrisa og dermed ikkje fungerer. Hadde dei raude refleksane bak bilen vært reine til ei kvar tid så hadde ein i det minste sett refleksane sjølv om baklysa er avslått. Som ein liten ekstra kurrositet så gjer dette EU regelverket at du som billist må være mykje meir påpasseleg når du køyrer med tilhenger. På tilhenger er det ikkje unntak frå reglen om at køyrelysa skal være på, så om du berre henger på tilhengeren og lar lysstyringa stå på automatikk så vil heller ikkje lysa på tilhengaren slå seg på, og du risikerer bot.
  19. I den grad det finnes sivile skip som ein kan tømme for drivstoff, så skal det mykje til for at det er sivilbefolkninga som får den gleden. Det er nok fyrst og fremst militæret som har både transportkapasitetar og makt til å sikre seg et slikt lager med drivstoff. Sivilbefolkninga må nok klare seg på restane som er så små at militæret ikkje prioriterer å bruke energi på å sikre seg drivstoffet. Sivilbefolkninga sitt håp er i ein slik situasjon at ein finn ein gamal traktor med halvfull dieseltank, at ein berre kan dra ned på havna og tappe frå cruise skipet som ligg forlatt der er det nok liten sjanse for. Eg er ikkje like sikker. Sjølv om vi går tomme på olje på eit eller anna tidspunkt så vil det gå veldig lang tid til det blir heilt tomt. Det som vil skje er at oljen som ligg under bakken blir dyrare og dyrare å pumpe opp, slik at prisen etterkvart blir så høg at det ikkje er verdt å gjere jobben. Militæret er ein av få aktørar som kan basere seg på diesel i hundrevis av år til, sjølv når oljen er så vanskeleg å få tak i at dieselen koster 1000 kr literen så er det fortsatt diesel som militæret vil bruke om det bli ansett som beste drivstoffet. Men det klart ein når sjølvsagt ei grense for der det er både billegare og meir militær slagkraft i å ha 10 tanks som er elektriske kontra å fortsette å bruke ein dieseldreven tank, også om 5 av dei elektriske tanksane til ei kvar tid må stå til lading. Grunnen til at det brukes mykje olje i dag er at oljen er relativt sett eit billig drivstoff. Kostnaden av å taue ei oljeplattform ut i Nordsjøen og putte eit sugerør i oljeforekomsten og berre la oljen straume opp i 50 år er veldig liten. Men når ein må starte å bruke dei små oljeforekomstane som berre gir grunnlag til å pumpe olje i eit par månadar før heile oljeplattforma må flyttast, det er då det blir dyrt. Mykje av dieselbehovet vil nok også i framtida bli dekt av syntetisk olje, bio drivstoff, osv. Dette trur eg du har heilt rett i. Når ein tanks til fleire titals millionar (pluss kostnadar til crew og logistikk) kan bli satt ut av spel av ei hobbydrone til 499 kr så seier det seg sjølv at tanksen nok har utspelt sin rolle. Framtidas krigar blir nok ikkje ei slagmark med etablerte frontlinjer, det blir nok mykje meir bruker av droner som aktivt leiter opp sine mål langt inne i fientleg område. I dag er dronane relativt store og klarer akkurat å frakte ein granat som kan sleppast på utvalgte mål. Framtidas dronekrig blir nok store svermar med droner på berre nokre få cm som automatisk søker opp varmeprofilen til eit menneske og som enten har ei knøttliten mengde sprengstoff som drep ved å detonere heilt inntil person, eller kanskje ein går heilt motsatt retning der ein går heilt vekk frå sprengstoff slik at stridsmiddelet er kjemisk eller giftig stoff som blir levert med eit nålestikk. Her kan eg til og med sjå for meg at dronene leverer ei gift som den eine sida har motgift til, og at ein i framtida "tagger" fienden med å injektere ei lita dose med gift og la soldaten må overgi seg innan X timar for å få motgift og redde livet.
  20. Du får dørpumper som har klemsikring. Både av den meir avanserte sorten som bruker sensor til å oppdage hindringar, til den litt meir low tech løysinga med at dørpumpen dreg døra sakte igjen mot slutten slik at dersom ein kjem i klem så er det både mykje mindre krefter i sving og at ein får tid til å stoppe og skyve opp døra igjen før klemskaden blir alvorleg. Du får også kjøpt eiga klemsikring som du monterer ved hengslet. Ofte er dette en liten plastplate som er hengsla og som dekker til opninga mellom dør og karm på hengslesida, dei litt meir fancy klemsikringane er i form av ei rullgardin som dreg seg ut når døra opner seg og då hindrer at ein kan få fingrane i mellom. Dette er den løysinga som ofte er mest estetisk pen. Sidan problemet du vil løyse er å beskytte døra dersom den blir tatt av vinden ved opning, så er nok den lettaste og beste løysinga å ha ein fjøyrbelasta dørstopper som demper døra før den slår heilt opp og treff veggen.
  21. Du skal i alle fall melde dette inn som reklamasjon på setningsskade så raskt som råd slik at du ikkje mister retten til reklamere ved å vente for lenge. Sprekken må undersøkast nærmare og haldast under oppsyn. Dette kan være både eit reint kosmetisk avvik der betongen har fått ein sprekk og deretter har stabilisert seg, men det kan også være ein sprekk som berre vil fortsette å utvide seg til ein har fått sikra grunnen.
  22. Vanligvis så har burettslaget ansvaret for den delen av bygninga som er felles, altså vegg mot nabo eller fellesområde, vassledningar til kvar enkelt leilegheit, osv. Det som er innafor leilegheitas fire veggar vil det normalt være bebuaren sjølv som har ansvaret for. Utifrå det utgangspunktet så kan nok burettslaget argumentere for at burettslagets ansvar stopper ved stengeventilen som går inn til din leilegheit, og at sjølve radiatoren er det du som eig og er ansvarleg for. Eg har likevel ikkje vært borti at eit burettslag ikkje har tatt på seg ansvaret også for radiatoren, då radiatoren ofte blir sett på som ein del av bygningens infrastruktur. Dersom det er du som eig og er ansvarleg for radiatoren så betyr det også at du står heilt fritt til å skru igjen stoppekrana på radiatorrøret og kvitte deg med heile radiatoren. I dei fleste burettslag med radiatorar så er det eksplisitt forbod mot å fjerne radiatoren frå leilegheita. Ofte vil du også få dekning for mindre vannskader gjennom innboforsikringa, men typisk vil slike skader være dekt av husforsikringa som burettslaget har. Ei løysing som er enkel for deg er å melde inn saka til ditt forsikringsselskap, så vil dei eventuelt ta saka vidare med forsikringselskapet som har husforsikringa om selskapet du har innboforsikring hos meiner at det ikkje er deira skade å betale for.
  23. Største overraskelsen er vel eigentleg at Riksrevisjonen berre slår inn opne dører utan å vise til kva som konkret skulle vært gjort annaleis i arbeidet med å planlegge, organisere og innføre helseplattformen. Det vises til at det har oppstått svakheiter i arbeidet, men beviset for at arbeidet er svakt er at Riksrevisjonen påstår ei rekke ting som kan skje. Blant anna at kostnadane kan føre til at helseforetaket får mindre økonomisk spelerom til å gjere vurderingar. Utanom at innføringa har blitt dyrare enn antatt så har ikkje Riksrevisjonen konkrete saker å vise til, som eksempel på dødsfall eller andre alvorlege konsekvensar som følgjer av innføringa av helseplattformen. Det at Riksrevisjonens anbefalingar til helse og omsorgsdepartementet er at dei må følgje opp at helseplattformen bidreg tilå nå helsepolitiske mål, og at det skal stimulerast til ytterlegare samordning og samarbeid mellom Helse Midt-Norge og dei andre helseregionane, er etter mitt syn berre vis-vass prat. Det å kritisere pengebruken er sjølvsagt lavthengande frukt for Riksrevisjonen, det eg er mest overraska over er at Riksrevisjonen ikkje har sagt noko om at pengebruken har vært vekkasta. Slik som eg les rapporten så går kritikken mest i retning av at budsjetteringa burde vært betre slik at sluttrekninga ikkje kom som ei overrasking. Etter mitt syn så burde kritikken i langt større grad vært retta mot beslutningstakarane. Heilt overordna så er det to store manglar i arbeidet med innføring av helseplattforma. 1. Leiinga har mangla bestillingskompetanse, og ein har rått slukt salgsargumentet om at med helseplattforma så skulle alle helseopplysningar kunne registrerast med eit museklikk. Det har i alt for liten grad vært vurdert om dette har vært realistisk, og ein har satt alt for lite krav til leverandøren, heriblant retten til å halde tilbake heile eller delar av betalinga fram til systemet er innført og fungerer slik som ein har blitt lovd. At ein betalar fullpris til ein leverandør som berre har levert eit halvferdig produkt høyrer sjølvsagt ingen stad heime. 2. Leiinga har fullstendig gløymt at brukaropplæringa ikkje berre skal være kva knappar ein trykker på for å gjere ulike ting i systemet. Den viktigaste brukaropplæringa i eitkvart system er korleis ein skal jobbe for å få mest mogleg ut av funksjonaliteten til det nye programmet. Om brukarane prøver å jobbe på gamlemåten i det nye systemet så er det ikkje rart at det oppleves som både fustrerande og ueffektivt. Ofte er det planlagt at mesteparten av gevinsten med det nye systemet skal realiserast ved å bruke systemet til å jobbe smartare. Det nytter ikkje å irritere seg at du ikkje finn knappen for å printe ut brevet slik at du får satt på frimerke og lagt det i postkassa når systemet er konstruert for at brevet automatisk skal bli sendt digitalt så fort ein er ferdig med saka. Når kontorarbeidsplassane ellers i samfunnet innførte Teams og skylagring, så var det vel openbart at dei tilsette også måtte endre måten dei jobbar på for å kunne bruke det nye systemet rett? Skylagring er ein veldig effektiv måte å gjere at fleire personar kan jobbe i same dokument i sanntid, både frå kontoret og frå andre stadar. Men om ein insisterer på å jobbe på gamlemåten og laster ned det som ligger i skya for å jobbe med dokumentet lokalt, og deretter laster dokumentet tilbake til skya og då overskriver dei endringane som kollegaen gjorde dagen før, så er det ikkje rart at ein blir forbanna og meiner at det nye systemet berre lagar krøll og ekstraarbeid. Feilen som helseforetaket har gjort er at ein ikkje har starta med å gi opplæring i korleis arbeidsflyten skal være i framtida. I staden har ein kjøpt eit dyrt system, gitt grunnleggande opplæring i korleis ein navigerer i brukergrensesnittet, og kryssa fingrane og håpa på at dei tilsette sjølv skal finne ut av kva som er den mest effektive måten å jobbe på.
  24. Ja det stemmer. IOC overlater normalt reglar og kriterier for konkurransen til forbunda. Men det er fordi at IOC har hatt tillit til forbunda. Det er uansett IOC som har siste ordet for OL deltakelse. Under OL i Paris tok IOC over styringa då alternativet var å stryke boksing frå programmet. Poenget mitt er at det er IOC som må bestemme kva rolle OL skal ha, og kva det skal konkurrerast i. Forholdet opp mot kvinneklasse og transpersonar er ei av dei tinga som den olympiske komite må gjere eit bevist valg rundt. Tilsvarande må IOC bestemme seg for kva prinsipp som skal ligge til grunn for politiske føringar. Særleg spørsmålet om utestenging av nasjonar er heit potet, herunder også spørsmålet om kva som skal være kriterier for å bli utestengt. Akkurat no så er det ei salig blanding av utestenging på politisk grunnlag for enkelte nasjonar og utestengig for sportsleg misleghald for andre nasjonar. Til dømes er Russland utsestengt frå OL for gjentatte brot på dopingreglane, medan Belerus er utstengt for sin rolle i krigen mot Ukraina.
  25. Politiet har ikkje plikt til å opplyse om prikkar der og då. Men politiet som etat skal snarast mogleg sende skriftleg varsel når du har fått registrert fire eller fleire prikkar. Det betyr då at dersom du ikkje har fått brev om prikkar dei siste tre åra, så er førarkortet ditt trygt ved forenkla forelegg (med mindre du har brutt fleire trafikkreglar samtidig, som å køyre for fort gjennom eit kryss der du hadde vikeplikt). I worst case scenario så har du tre prikkar frå før slik at du akkurat ligg under grensa for å få brev om at du har prikkar, og at du i tillegg ikkje har tatt lærdom av å bli bøtlagt tidlegare og deretter rykker på eit dobbelt trafikklovbrot slik at du får 3+2 prikkar og dermed kjem opp i 8 prikkar og førarkortbeslag utan å ha fått infobrev frå politiet. Er du under prøvetid så er minste talet på prikkar du kan få ved fartskontroll fire prikkar ettersom det er dobbel prikkbelastning i prøvetida. Det medfører at sjølv om du blir tatt i låg fartsoverskriding som normalt hadde gitt to prikkar så får du fire prikkar direkte og dermed har du også fått fire prikkar som er grensa for at du får advarselbrev frå politiet. Reglane for prikkar er eigentleg ganske enkle. Det medfører på den eine sida at politiet heilt fint burde informert deg om både foreleggets størrelse og talet på prikkar, men samtidig så er reglane også så enkle at det nok var grunn til å tru at du viste kva det ville medføre av prikkar. Regelen er at alle overtredningar gir tre prikkar, unntaket er at du berre får to prikkar om fartsoverskridelsen er liten, ikkje meir enn 15 km/t i 60 soner og nedover, og ikkje meir enn 20 km/t i 70 sone og oppover. Det er også berre to prikkar om du har usikra barn under 15 år i bilen. Det siste unntaket er at under prøvetida så får du dobbel prikkbelastning. Det er eg heilt einig i, det bør ikkje være opp til skjønn om ein får bot eller ikkje. Det som eg tenkte på i mitt eksempel om å at fartsgrensene i enkelte tilfeller burde være litt meir fleksible, er at ein i større grad kunne brukt elektroniske skilt til å endre fartsgrensa ved behov. Som til dømes at fartsgrensa forbi ein barneskule blir satt ekstra låg i skuletida når det er flest ungar langs vegen. Når UP då har fartskontroll så skal den sjølvsagt utførast i samsvar med den fartsgrensa som er skilta og skal sjølvsagt ikkje være opp til politibetjenten å vurdere.
×
×
  • Opprett ny...