Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 710
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Alt er nok gode alternativ om du ikkje vil ha diesel. Einaste eg i skrivande stund vil klart fråråde deg er å kjøpe hydrogenbil ettersom det er både dyrt og upraktisk. Eg er faktisk ikkje sikker på om det finnes hydrogenfyllestasjonar lenger som er tilgjengelege for privatpersonar. Eg ville nok også vært litt forsiktig med hybridbil, då dette er bilar som kan gi deg meir problem sidan det er fleire ting som kan ryke. Hybrid kan være supert om du køyrer mykje i nærområdet der du kan tvangskøyre bilen på elektrisk drift, og i tillegg har nokre langturar der du får kjøyrt motoren varm og brukt opp det fossile drivstoffet før det blir gamalt. Eit typisk problem på mange hybridbilar er at forbrenningsmotoren blir brukt for lite. Om du ikkje skal ha dieselbil, og økonomien tydelegvis ikkje er eit tema ved å tenke på drivstoffkostnadar, bompengar, osv, osv. Så tenker eg at valget er kjempeenkelt: Kan du lade heime eller har tilgang til ladestasjon i nærheita av din lokale daglegvarebutikk eller liknande så kjøper du elbil. Om du ikkje kan lade heime, ikkje har tid til å vente 20 min for å lade bilen, og ikkje skal ha dieselbil, ja då kjøper du bensinbil.
  2. Forstår at dette er ei forsøksordning, men eg får ikkje heilt tala til å gå opp. I dette forsøket så skal unge under 30 år få minst 237 000 kr i året om dei ikkje er under utdanning eller er i arbeid. Men er ikkje minstesatsen for uføre i underkant av 290 000 kr? Er hensikta med dette forsøket å sjå om ein kan klare å tilby "Navere" mindre pengar? I følge artikkelen på forskning.no så skal det fortsatt være krav til å ha kontakt med Nav og utarbeide plan for tiltak. I tillegg til at ein ikkje kan ha jobb eller ta utdanning. Det er nok eit eller anna eg ikkje har forstått, men om dette skal likne på borgarlønn og ein skal få ut fordelane med eit borgarlønnsystem så burde ein vel heller betale ut mindre enn vanleg trygd (slik at det blir billegare) men samtidig gi mottakaren friheit til å både jobbe og utdanne seg utan å bli følgt opp av NAV. Det er kanskje slik at den oppfølginga som det i artikkelen er presisert at NAV fortsatt skal ha skal være vesentleg mykje mindre omfattande enn den er i dag? Det store spørsmålet rundt borgarlønn som det er verdt å forske på er jo om det å få ein litt knapp månedleg sum i trygd vil motivere til å jobbe litt etter ta litt studiar når ein får sine mest grunnleggande behov dekt utan "mas" frå NAV. Eg er forresten langt meir positivt innstilt til ei borgarlønnordning om ein grovsorterer mottakarane etter behov. Det som er mest problematisk med ekte borgarlønn er at med det systemet så får arbeidledige, direktørar og multihandikapa nøyaktig same beløp sjølv om det reelle behovet er veldig forskjellig, og at denne borgarlønna som alle får kan gi uheldige konsekvensar for prisutvikling. Men om ein har ei sortering slik at arbeidsledige får det dei treng for å få livet til å gå rundt fram til ein får seg ny jobb, direktørar og andre høgtlønna får ingenting eller eit symbolsk beløp, og at multihandikapa får det dei treng til livsopphold i tillegg til assistentar og teknisk utstyr, så blir systemet langt meir realistisk. Spørsmålet då blir eigentleg kor mange ulike grupperingar ein finn behov for. Kan sjå for meg at ein startar med ganske få grupperingar, og så går det nokre år med stadig tilpassingar før ein er tilbake til noko som liknar meir på dagens system der alle får stønad frå NAV etter fastsatte satsar, pluss ei vurdering av konkrete tilleggsbehov som bustadstøtte og liknande.
  3. Dette blir sjølvsagt off-topic, men her er folk veldig ulikt skrudd sammen. Ulike interesser og ulikt syn på kva som er viktig gir ulike utfall. Nokre reier opp senga kvar morgon og synes det er viktig, andre lar det ligge fordi senga skal jo brukast igjen til kvelden uansett. Enkelte slapper av med ei god bok, andre må ut på joggetur for å finne roa. Dette har lite med intelligens å gjere, og alt med interesse å gjere. Grunnen til at folk ikkje betalar rekningane sine er ikkje fordi ein ikkje forstår at det er viktig, på same måte som at det ikkje er forståinga som gjerbat du ikkje trener dagleg, avstår frå alkohol, eller ringer mora di minst to gongar i veka. Det er enkelt og greit ikkje kapasitet nok til å være "perfekt" på alle områder.
  4. Eg har ikkje så mykje til overs for bilbransjen og eCall, bilbransjen har hatt moglegheit til å tilpasse seg. Grunnen til at eg ynskjer at ein utsetter stenginga er at vi no endeleg har fått SARqueen helikopter som kan pinge mobiltelefonar, mellom anna ved å tvinge mobiltelefonen over på 2G nettet slik at batteriet varer lenge nok til at personen blir funnet.
  5. Det er nok fort ulovleg å ta kontakt med utanforståande for å "sladre" om dette. Det er ikkje sikkert det gir så mykje konsekvensar for deg, men du må i alle fall vente til Namsmannen har gjort sin jobb. Namsmannen har også moglegheit til å gå på ektefelle/sambuar, så det er ikkje slik at den som skylder deg penger kan sette alle pengane inn på sambuaren sin konto for å på den måten unngå Namsmannen. At vedkommande promterer verksemda si på Facebook er ikkje så rart, han har tross alt gjeld på 60 000 kr som han må dekke før Namsmannen kjem på døra.
  6. Ein av grunnane til at det i dag er dyrt å bygge er at det er krav om at alle bustadar skal ha livsløpstandard slik at ein kan fortsette å bu i eigen bustad også når ein blir gamal og pleietrengande. Det å tillate mindre og enklare bustadar ønsker ein ikkje å ha opne for då det kan føre til at utgifter blir flytta over på det offentlege. Det er tross alt billegare for staten om alle betalar litt meir for bustadane slik at kommunen ikkje treng å bygge fleire sjukeheimsplassar. Det som er eit spørsmål er om det finnes ein moglegheit for å kunne gjere begge delar. Altså både bygge tett med små leilegheiter/hyblar med enkel standard som eignar seg godt for studentar og andre som har eit midlertidig behov for å bu midt i Oslo og som ofte er einslege. Men samtidig innføre regelverk eller ordningar som sikrar at befolkninga flytter til bustadar med livsløpstandard i god tid før det blir nødvendig med "rullestolsirkel" på badet og liknande. For meir midlertidig busetting så tenker eg også at det burde kunne være rom for å lempe litt på kravet til isolasjon. Sjølv om det har ein miljømessig konsekvens at ein får eit større oppvarmingsbehov, så er det også slik at det kan ta lang tid å spare inn den ekstra kostnaden ein har med isolasjon. Godt isolerte bustadar med små faste utgifter er nok også kanskje meir attraktivt i ein bustad du ser for deg å leve dei neste 20 åra i, enn på ein hybel som du kanskje skal bu på i 5 år. Det er sjølvsagt også viktig at ein likevel har litt kontroll på utbygginga slik at dei bustadane som blir brukt er av ein akseptabel standard. Det løyser nok lite dersom utbyggarar startar å bygge "fengselsceller" på 15 m² og selg dei for same pris som vanlege leilegheiter.
  7. Den store praktiske utfordringa er at NAV skal ivareta minst tre behov som til dels er i konflikt med kvarandre. Ein skal både betale ut til arbeidsledige og uføre, ein skal unngå sløsing ved å betale ut til dei som ikkje treng pengane, og ein skal påsjå at systemet oppleves som forutsigbart og rettferdig. Eit enklare NAV som går litt meir i retning av borgarlønn der alle får ein fast utbetaling er veldig enkelt og billeg å drifte, men då blir det også mindre rettferdig ved at dei som har større behov ikkje får nok, og at dei som ikkje har behov for hjelp likevel får. Med eit større NAV så kan ein i større grad belyse saka til alle som treng hjelp, herunder å vurdere nøye arbeidskapasiteten før ein fattar vedtak om livsvarig uførestønad. Meir byråkrati og utredningar gir sjølvsagt også større kostnadar og gjer NAV dyrare å drifte. Dagens NAV forsøker å finne ei fornuftig balanse der alle får ei enkel vurdering av sitt behov for pengar frå NAV, men ikkje alle får individuell oppfølging og risikerer å falle mellom to stolar.
  8. Du kan i alle fall starte med å sende inn ein klage: https://www.postnord.no/tjenester-privat/klage/ Det er eit eige valg for å klage på leveringsstad. Utanom det så er det beste å ta kontakt med kunderservice i det du får beskjed om at pakken har havna på feil stad. Då vil dei rette opp i dette og levere pakken på rett utleveringsstad. Dette vil fort ta nokre dagar ekstra, så då er det også eit spørsmål om du vil akseptere å reise eit par minutt med buss/bil for å hente pakken med ein gong, eller om du vil ha PostNord til å sende pakken på nytt. Sidan dette tydelegvis er eit gjentakande problem så vil eg nok anbefale deg å uansett sende inn ei klage, for om pakken ofte blir levert på heilt feil stad så er det ein grunn til dette.
  9. Ja, det er massevis av land ein kan flytte til, eller ting som ein kan gjere for at det skal bli vanskeleg for norske myndigheiter å kreve inn gjeld. Om ein ikkje vil flytte til eit land som ikkje vil hjelpe norske myndigheiter med å kreve inn gjeld gjennom til dømes å trekke pengar frå kontoen, så kan "gå under jorda" og kvitte seg med alle salgbare ting og berre bruke kontantar for å på den måten lure myndigheitene til å tru at du ikkje har pengar å ta av. Gjelda vil likevel ikkje forsvinne, så med mindre ein er villig til å permanent flytte til eit "u-land" eller drastisk endre livsstil og levestandard for å gjemme seg frå innkrevarane, så er dette ei midlertidig løysing som berre gjer at gjelda får vekse seg større. Det er likevel verdt å merke seg at sjølv i land som ikkje har avtalar med Norge om tvangsinnkreving, så er ikkje dette til hinder for at det kan bli gjort avtalar om å kreve inn pengar frå akkurat deg, eller at ein litt småkorrupt stat berre tømmer kontoen din utan å ha juridisk rett til å gjere det. I motsetting til skatteparadis der landet som tilbyr deg å både skjule og betale skatt av formuen i bytte mot at utanlandske bedrifter etablerer seg i landet og genererer inntekter på den måten, så er det ingen tilsvarande fordel for eit land å hindre gjeldsinnkreving, det går meir på at landet verken har kapasitet eller vilje til å gjere jobben det er å kreve inn gjeld på vegne av andre. Dette er nok svaret med to strek under. Ta kontakt med Lånekassen og søk løysingar. Særleg om planen er å stikke til eit "u-land" så er det ingenting å tape og alt å vinne på å ta kontakt med Lånekassen. Lånekassen har ei rekke med ordningar som kan være aktuelle. Både uføre og låg inntekt gir grunnlag for å slette gjeld. Dette med låg inntekt ettersom du har vært sjuk og arbeidsledig kan kanskje være litt ekstra utfordrande ettersom du bur i utlandet og då kanskje har andre levekostnadar, men dette er det nok mogleg å finne løysingar på. Studielånet er den mest tilgjivande gjelda du kan ha, som til dømes at når du døyr så blir heile gjelda sletta slik at arvingane dine ikkje blir belasta med ditt ubetalte studielån. Det er sjølvsagt også mange ordningar for å fryste lånet, berre betale renter, forlenge nedbetalinga, osv, osv. Sjølv om du aldri skulle kome i økonomisk posisjon til å nedbetale all studiegjeld, så er det fint mogleg å gjere gjeldsbetalinga handterleg nok til at du ikkje treng gjeldssanering eller kan leve med ein fornuftig levestandard. Du vil aldri bli rik med studiegjeld hengande over deg, men det er heller ingen fare for at du må flytte inn i ei pappeske og bu på gata. Merk også at dersom det er litt skummelt å ta direkte kontakt med Lånekassen, så finnes det mange ulike tilbod om gjeldsrådgiving. Både som betalingsteneste, via kommunen/NAV, eller via banken din. Fordelen med å snakke med ein rådgiver fyrst er at du der kan dele meir detaljar om din situasjon, og få hjelp til å vurdere korleis du stiller opp mot dei ulike ordningane som Lånekassen har. Som f.eks. om du skal satse på å sende inn søknad om å få sletta gjeld på grunn av låg inntekt, eller om du satse på å forhandle om ein avtale på anna grunnlag. Slik som saka er lagt fram så virker det å være godt forståelege grunnar til at studiegjelda ikkje har blitt betalt. At du i ein vanskeleg økonomisk situasjon har prioritert mat, straum og husrom er heilt forståeleg. Saka hadde vært noko litt anna om grunnen til at studiegjelda ikkje er betalt er fordi du har prioritert feriereiser, flott bil, og andre luksusting.
  10. Dette er fordelen og ulempen med politisk styring av kommunene. Det positive er at det er folket representert via politikarane som bestemmer kva kommunen skal prioritere og kva som skal nedprioriterast. Alternativet hadde vært ei byråkratisk styrt kommune som drifter utfrå lover og forskrifter og ikkje utifrå lokale ønsker og behov. Det negative med dette er at ettersom politikarane blir valgt på fire års perioder, så er dette også ofte lengda på økonomisk planlegging. Du blir ikkje gjenvalgt som politikar om du er sparsommeleg og prioriterer langsiktig sparing framfor forbruk. Dette er mykje av grunnen til at kommunale avgifter skyter i været, i ei årrekke har ein bestemt seg for å holde utgiftene på eit flatt nivå fordi det gir fornøgde innbyggarar, framfor å kreve inn det som trengs for vedlikeholdsarbeid. Mykje det same med kommunale bygg, ein politikar som bevilger 10 mill til vedlikehold slik at skulebygget er brukandes i 10 år til blir mindre populær enn politikaren som bevilger 500 mill til å bygge ny skule og då får klippe snora i høgtideleg sermoni om 2 år. Fjerning av eigedomsskatten høyres positivt ut for innbyggarane som kjenner det på lommeboka, så det er populært. At alt som bustadeigarane sparer i redusert eigedomsskatt kjem som ein bomerrang i retur i form av auka kommunale avgifter er det ingen som tenker på. Om ikkje obligatorisk ROBEK liste er løysinga, så spørs det om ikkje det må bli eit lovkrav å utarbeide forpliktande økonomiske planar for dei neste 20+ åra. På den måten vil det i det minste bli tydeleg at det er billegare å tilsette arbeidstakarar framfor å leige inn konsulentar, det er billegare å kjøpe bil enn å lease bil, osv. Ei kommune er stor nok til å fint kunne klare seg utan å betale for forsikring. Ser ein på eit hundreårsperspektiv og sett det ein i dag betalar i forsikringspremie inn på eigen konto så har ein nok oppsparte pengar til å dekke skaderekninga sjølv. Det einaste kommunen kan trenge av forsikring er er for å dekke dei aller dyraste og sjeldnaste hendingane som kan oppstå før ein rekk å ha spart opp nok.
  11. Ja det er enklare, og det er langt "tryggare" i dag å bruke delbetaling eller kredittkort utan å ryke på ein smell ved å betale så seint at du får rentekostnadar. Likevel er det nettopp fordi det er nokon som roter med betalingane som gjer at ein kan tilby slik avtalar. Tanken med å tilby delbetaling utan renter er at ein skal tene det inn igjen på dei kundane som ikkje betalar i tide, og til dels fordi det kan være enklare å få kunden til å ta eit impulskjøp om ikkje heile beløpet må betalast samtidig. Feil kan likevel skje den beste, for ein må tross alt sette opp denne automatikken og bekrefte betalingsavtalen.
  12. Spørsmålet om ein er strafferettsleg tilrekneleg er alltid eit vanskeleg spørsmål å svare ut, og er ofte gjenstand for kritikk. Å finne skille der personen måtte ha forstått at det ein gjorde var galt er ikkje enkelt og har mykje til felles med fastsettinga av nedre straffealder for barn. Dei fleste 14 åringar veit nok utmerka godt at bruken av vold er ulovleg, grunnen til at grensa for straff er satt ved 15 år er til dels fordi ein 14 årig typisk har dårlegare konsekvensforståing og dels fordi det å sone i fengsel ikkje er bra verken for oppdragelsen til ungdommen eller for den rehabiliterande funksjonen som fengsel normalt skal ha. Konsekvensforståinga er i denne smanhengen aktuell både i form av at ein forstår at konsekvensen av å gjere lovbrot er at ein blir straffa, men også det å forstå skadepotensialet i ei handling. Ved slossing er det typisk ikkje slaga i seg sjølv som er livstruande, det som er livstruande for offeret er møtet med asfalten etter slaget. Den konsekvensen krever det litt modenheit for å forstå. Min meining opp mot strafferettsleg utilregnelege er at skillet bør gå der den som er sikta forstår kvifor ein blir straffa og har utbytte av rehabiliteringa som skjer i fengsel. Dersom den som er sikta ikkje forstår dette så er det heller ikkje nokon vits i å bruke ressurar på eit fengselsopphald. Dersom behovet fyrst og fremst er å verne samfunnet fordi den sikta er så uberekneleg så vil vanlegvis tvangsinnlegging være ein meir fornuftig løysing. Eg gjer meg også nokre tankar om at i større grad burde straffenivået ideelt sett vært fastsettast både utifrå standariserte strafferammer og ei vurdering av den sikta sin evne til å forstå lovbrotet. Tilsvarande den andre vegen om ein kan bevise at den sikta hadde til hensikt å gjere meir skade om ein ikkje hadde blitt stoppa. Til dømes dersom eit ran ikkje berre vart utført for å ta mobiltelefonen til offeret, men var motivert av eit ønske av å psykisk terrorisere offeret til å bli arbeidsufør så bør ein sjølvsagt straffast langt strengare enn for eit vanleg ran. Dette blir gjort også i dag, men i motsetting til strafferettsleg tilregnelegheiter der ein brukar psykologar for å vurdere tilreknelegheita, så er det opp til retten å vurdere kva intensjonar den sikta eigentleg hadde.
  13. Korleis tenker du å definere dette anna enn som "sterkt avvikende sinnstilstand"? Dette må bli ei konkret vurdering av ein person opp mot det som ein reknar som normalt.
  14. Merk at når du sender inn søknad om tiltak som alt er utført så er det dagens krav som er gjeldande (TEK17) sjølv om arbeidet vart gjort i 2005 då det var 1997 forskrifta som var gjeldande. Du må derfor vurdere alt som du ikkje har papirarbeid på opp mot TEK17. Fordelen med dette er at det er litt enklare å skaffe oversikt ettersom du berre treng å slå opp i TEK17, ulempen er at ting som kunne vært lovleg om det hadde blitt byggemeldt tidlegare plutseleg ikkje er lovleg lenger slik at du må gjere ekstra tiltak for å kunne få godkjenning etter TEK17. Utan å leige inn nokon så må du nesten lese deg opp sjølv. Du kan kanskje få litt hjelp her på forumet om du laster opp teikningar, bilder og forklarer kva som er gjort, men det er ikkje så lett å berre på bakgrunn av slik informasjon vurdere om du får godkjent byggesøknad.
  15. Å skulle fortsette å vedlikeholde eit hus også etter pensjonalder er ikkje nødvendigvis ein fornuftig plassering av pengane. Å bruke mykje pengar på skifte taket slik at det held i 25 år til er eigentleg uøkonomisk om du berre kjem til å bu i huseti maks 10 år til. Ikkje er dette pengar som du kan forvente å få igjen i form av høgare verdi på huset heller. Når du er 25 år så gir det meining å kjøpe hus (om du har råd) for då kan du tenke veldig langsiktig. Ved å selge huset og kjøpe leilegheit så er det ein måte å forvalte verdiane ettersom ei leilegheit vanlegvis vil holde på verdien. Dei fleste pensjonistar som ikkje selg huset sitt for å kjøpe leilegheit endar ofte opp med å bu eit hus som dei let stå å forfalle, der målet er at huset ikkje skal rotne opp før dei enten døyr eller blir flytta på sjukeheim. For det er sjølvsagt lite vits i å bruke mykje pengar på å vedlikeholde eit hus som ikkje treng å vare så mange år til, for huseigaren sjølv så er det heller ikkje eit stort poeng i å bruke mest mogleg pengar som berre arvingane vil nytte godt av. Eg forstår veldig godt at ein då heller vil bruke sine oppsparte midler på heilt andre ting enn vedlikehold, som pensjonert huseigar så vil ein i liten grad oppleve ulempane med at huset forfell, men det er ikkje heilt bra samfunnsøkonomisk sett at hus som kunne blitt solgt og vedlikeholdt blir "brukt opp" og må rivast etterpå. Når det gjeld sparing generelt sett så er det jo eit spørsmål om kor mykje ting ein vil eller treng å ta høgde for, målt opp mot kva levestandard ein ynskjer å ha både no og inn i alderdommen. For deg som enkeltperson så er det ikkje noko vits i å døy med ein sparekonto full av pengar. Enkelte finn glede i at ein kan etterlate seg ei stor arv, medan andre er meir opptatt av bruke pengane på opplevingar og liknande. Det er nok ingenting som er heilt feil, men det er eit spørsmål om om kva slags livsstil ein vil ha.
  16. Det beste rådet er å sjekke på finn.no og sjå kva selgarar av tilsvarande bil prøver å selge bilen for. Alder og kilometerstand er av betydning, men på ein 16 år gamal bil så vil også generell tilstand blir veldig viktig. Det er stor forskjell på om bilen ser ut som ein gamal bil med bulkar og slitt lakk, eller om den er godt tatt vare på og ser nesten ny ut. På denne bilen så startar det vel også å nærme seg tid for å bytte registerreim igjen, så mange potensielle kjøparar vil nok også tenke på den kostnaden når dei vurderer kva dei er villige til å tilby for bilen. Kva som blir verdien av ein 2021 Toyota er det vanskeleg å spå, men om eg tek utgangspunkt i tabellen for verdifall av ny bil så vil denne bilen i 2025 være fire år gamal, og då har den typisk fått redusert verdien med 47% i forhold til nypris, og vil då være verdt ca 143 000. I 2026 vil bilen typisk ha fått verdien redusert med 53%. Verditapet er størst dei fyrste åra, og deretter så flater verditapet ut. Så ofte gir det mest bil for pengane å kjøpe bruktbil som er ca 3 år gamal ettersom det mest dramatiske verdifallet skjer dei fyrste åra. Når det gjeld innbyttepris så kan det være veldig mykje forskjellig. Generelt sett får du dårlegare pris ved innbytte ettersom bilselgaren må gjere ein jobb med å gå over bilen, må tilby bruktbilgaranti ved salg, og skal i tillegg ha ein fornuftig forteneste. Du kan likevel også få eit godt tilbod om det å tilby innbytte er avgjerande for å få gjennom salget. Ein 16 år gamal Passat vil nok gi deg relativt dårleg innbyttepris, då det er avgrensa kor mykje ressursar bilselgaren kan legge i bilen og fortsatt få solgt den. Tek bilselgaren den bilen som innbytte så er det ofte meir for å hjelpe deg med å kvitte deg med gamlebilen for å være sikker på at du kjøper ny bil, meir enn at ein reknar med å tene pengar på å vidareselge den gamlebilen.
  17. Svaret på spørsmålet er at alle utdanningane kan lede til jobb, og ein jobb må være den fyrste. Det å ikkje ha arbeidserfaring kan være ei utfordring både med og utan utdanning. For sjølv med høgare utdanning så kan du støte på utfordringar med å finne ein arbeidsgivar som vil gi deg ein sjanse når du ikkje har referansar å vise til, særleg når det er mange om beinet med mange søkarar. Eg gjer meg også nokre tankar om at yrkesvalget ditt bør være tilpassa grunnen til at du er ufør. Sjølv om du blir frisk så er det sikkert lurt å unngå jobbar som kan føre til at du blir ufør igjen. Om du har vært ufør på grunn av dårleg rygg, så er det nok meir fornuftig å finne seg ein kontorjobb enn å jobbe som sjukepleiar der ein del av jobben er tunge løft av pasientar. Og omvednt, har du vært ufør på grunn av konsentrasjonsvanskar så er det nok betre å jobbe i eit praktisk yrke enn som rekneskapsførar. Når det gjeld sjukepleiarutdanninga spesifikt, så vil eg nevne at det er eit yrke som kan være relativt krevande. Du har både stort ansvar, lite tid, og må ofte gå ganske langt i løpet av ein arbeidsdag, så for ein som akkurat er friskmeldt så kan det være uheldig med såpass mange påkjenningar. Som med alt anna innafor utdanning så vil det være veldig avhengig av kva du er interessert til, sjølv om utdanning innan helse som til dømes sjukepleiar er ei utdanning som er omtrent garantert jobb ettersom det er så stor mangel på sjukepleiarar, så vil det nok være enklare å kome seg gjennom ei utdanning som du også har interesse for. Sjølv om at medisinrekninga på sjukepleiarutdanninga er veldig avansert, så ville eg ikkje tilråda personar som sjølv meiner dei er dårlege på matte til å ta akkurat den utdanninga. Så er det også spørsmål om kva ambisjonar du har, yrket som helsefagarbeidar er det også omtrent tilsvarande mangel på. Det som kanskje er den aller enklaste vegen å få seg jobb sjølv om du ikkje har særleg med referansar, er at du tek sertifikatet og helst då lastebillappen. Det er også stor mange på sjåførar innan transportbransjen, og ettersom du i liten grad må forholde deg til kollegaer, kundar, osv så er det uansett mindre viktig med referansar. Viktigaste eigenskapen for ein lastebilsjåfør i tillegg til sjølve køyringa er å være punktleg nok til å stille på jobb når du skal. Har du vurdert lærarutdanning? Enten i skule eller barnehage? Det er forresten også eit stort behov for stabile arbeidstakarar i butikk og serveringsbransjen, her er det fint mogleg å få innpass også utan utdanning berre ved å søke jobb med lit meir ambisjonar enn å berre ha dette som ein deltidsjobb.
  18. For å utbroddere litt. Mange brukarar her på forumet er mykje på internett, så det er nok ein klar tendens til at vi får presentert "oppgulp" frå internett langt oftare enn eg høyrer ute i samfunnet ellers. Det er ein del brukarar som regelrett henter sin argumentasjon frå andre diskusjonsforum og gjentek det her på forumet. Av og til får vi til og med innlegg som berre består av ein 2 timar lang youtube-video om eit tema, i staden for at brukaren henter ut essensen og poster ei oppsummering slik at vi får ein diskusjon om temaet. Det er sjølvsagt ingen som kjem til å sette seg ned for å sjå ein time lang video som openbart ikkje er ei nøytral kjelde. Dette gjeld ikkje berre ved politiske diskusjonar, vi ser det også godt ved andre tema der brukaren har vært formykje i ekkokammer, som i trådar om religion, konspirasjonsteoriar og dei seinare åra om det som er woke. Mykje av det som enkelte brukarar svelger rått og sprer vidare på forumet er frå youtube/podcaster der opphavspersonen heilt bevist har laga ekstremt innhold fordi det finnes eit publikum som er villige til å investere mykje sjåartid på videoane. Det er tydelegvis eit stort publikum som ikkje har noko problem med å bruke tid på innhold som berre repeterer dei same tinga om og om igjen. Kor mange videoar om at Rings of Power er WOKE eller 9/11 var ein innside jobb treng ein eigentleg å sjå? Det er ikkje som at det kjem fram ny argumentasjon, så det handlar nok mest om at ein synes dette er fin underholdning. Alex Jones er ein av dei som har tent seg rike på å spre konspirasjonsteoriar fordi det er eit betalande publikum. Om han faktisk trur på konspirasjonane sjølv, eller om han gjer det utelukkande for pengane sin del er ukjent. Dessverre så ser vi ein del som tyder på at enkelte brukarar bruker mykje tid på å høyre på slike agument på internett og som kjem hit til forumet og sprer same budskap ordrett og utan å ha gjort eigne undersøkingar.
  19. Også i den saka så var "redninga" for politikarane at det vart slått tvil om det var politikarane som hadde juksa ved å underrapportere kor mykje dei tente utanom pensjonen, eller om det var systemet som hadde gjort feilen. Var mykje det same i pendlarbustad saka, der forsvaret var at alle trudde at gratis pendlarbustad var noko ein hadde rett til å få, og ein vart feilinformert når ein stilte spørsmål om regelverket. Ikkje at det på nokon måte er eit forsvar, men eg synes at det same prinisppet også burde kome vanlege innbyggarar til gode. Har du feilrapportert til NAV og fått utbetalt formykje trygd så hjelp det ikkje å unskulde seg med at du ikkje forstod reglane, og dei reglane er ofte langt meir kompliserte enn dei reglane som stortingspolitikarane skal forholde seg til.
  20. Her trur eg du har heilt rett. Kvinneandelen på dette forumet er nok låg, til tross for at vi har hatt ei kraftig auking i kvinner som registrerer seg på forumet. (Det er mange grunnar til det, men den viktigaste er at diskusjon.no er svært godt moderert og med lite usaklegheiter). Dei "gamle" medlemmane på forumet kjem frå den tida der forumet i hovudsak var for dataintereserte brukarar som bygde eigne PCar. I dag diskuteres det mykje meir på forumet, herunder politikk. Når det gjeld kor representativt forumet er, så vil eg påstå at det norske samfunnet er litt meir moderat enn det som framgår av forumet. Dette fordi vi har enkelte brukarar som er heilt på ytterkant med sine politiske meiningar, og at vi har litt høgare overvekt av høgrekonservative enn venstreradikale, sjølv om vi har begge delar. Det er også heilt typisk at det er dei som har dei sterkaste og mest ekstreme meiningane som diskuterer mest, dermed blir mange politiske trådar dominert av dei som har sterke meiningar og med lite bidrag frå det store fleirtalet som ikkje har så sterke meiningar om temaet. Jamt over så har det norske politiske landskapet relativt lite motsettingar, sjølv partia som er heilt på ytterkant av kvarandre ligg relativt sett nært kvarandre politisk sett, der nesten alle partia støtter det norske sosialdemokratiet som skal ha ei sunn blanding av statleg styring og markedskrefter.
  21. Sjølv om ein ikkje har ein eksplisitt plikt til å opplyse om at ein har to jobbar, så vil nok dette i alle tilfeller være brot på lojalitetsplikta i eit arbeidsforhold. Enten fordi det med høg sannsynlegheit blir overlappande arbeidstid, eller fordi det å jobbe 16 timars dag har så stor sannsynlegheit for ein ein eller begge arbeidsgivarane ikkje får din utkvilte arbeidskapasitet til rådigheit. Arbeidsgivarane vil sjå begge arbeidsforholda om dei logger seg på NAV sitt Aa-register sidan det viser alle arbeidsforhold som er registrert på personen. I dette registeret ligg det også historiske arbeidsforhold, og det er sjølvsagt mogleg å ha fleire samtidige arbeidsforhold registrert. Det einaste eg er litt usikker på er om arbeidsgivarane har tilgang til alle detaljane, herunder stillingsprosent. Det er alikevel utvilsomt at arbeidsgivar A har eit arbeidsforhold til arbeidsgivar B, og derifrå er det kort veg til at dei tek kontakt med kvarandre. Det er på ingen måte sikkert at det blir oppdaga med mindre ein av arbeidsgivarane får eit innfall om å plutseleg ta ein avsjekk, eller om dei får eit tips, men det er absolutt ein risiko du tek. Worst case så kan du risikere erstatningssøksmål frå begge arbeidsgivarane med påståand om å betale tilbake all lønn ford selskap A meiner at du berre har utført jobb for selskap B, og omvendt.
  22. Det er heller ikkje slik at det er formalutdanninga som er avgjerande for å være politiker. Det ser nok betre ut på CVen at ein har ein mastergrad enn at VGS er høgste fullførte utdanning, men heller ikkje CVen har så stor betydning når det er snakk om gjenvalg. Det store spørsmålet er om ein anser juksing på masteroppgåva som eit så stort tillitsbrot at det er uforeineleg med å være politikar, og det er det kanskje ikkje mange nok som meiner. Det er i tillegg alt for mange måtar å vinkle saka på, alt frå at juks er utilgivelig og ein kan aldri stole på henne igjen, til at juks er ikkje bra men fordi ho tok ansvar og gjekk av så er alt tilgitt, til at ein trur på Kjerkol som fortsatt påstår seg uskuldig i ankagen om juks., Når det gjeld resultatet av anken så er eg også rimeleg sikker på at den ikkje gjekk gjennom, både på grunn av at det beviseleg var såpass mykje bevis for tekstlikheiter at det er vanskelg for klagenemda å endre vedtaket utan at skaper presedens for alle tidlegare juksedommar som då må behandlast på nytt. Og fordi at som Tussi seier så hadde ho nok publisert resultatet sjølv om ho hadde fått medhald. Det sagt så har eg likevel ein litt uroleg tanke om at ho kanskje har fått medhald likvel, men at ein har inngått ein litt shady avtale om å halde det hemmeleg at ho har fått igjen mastergraden.
  23. Nå kjenner eg ikkje til teroritentamen appen, vil likevel nevne at det er ikkje nødvendigvis at den tenesta er heilt realistisk i forhold til den reelle teoriprøva. Ofte bruker slike øvingsapper å være litt vanskelgare enn det som er reelt, både for å sikre at dersom du består prøva under øving så vil du også bestå på den ekte teoriprøva, men også litt meir kynisk ved at dei kan holde på deg som kunde litt lenger om prøva er ekstra vanskeleg og du øver og øver til du har null feil. Uansett, fyrste spørmål er om feila du har er jamnt fordel eller om det er bestemte tema som du er dårlegast på. Teoriprøva er delt opp i sju tema; -Fart og fartstilpassing -Førar og andre trafikkantar -Førar og eigars ansvar -Køyretøyet -Lovar og reglar -Skilt og vegmerking -Vikeplikt Alt dette er like viktig og krev like mykje fokus frå deg. Ein typisk feil som mange gjer er at ein nedprioriterer eit av temaene, ofte det som ein sjølv synes er litt tungt å lese. Det kan ofte være temaet køyretøy, sjølv om du ikkje synes det er så spennande så må du også kunne svare rett på spørsmål om korleis du tester servostyringa eller fyller på spylervæske. Andre har meir problem med det som går på formelle lovar og reglar og synes det er veldig kjedelig. Dersom du er "heldig" så finn du raskt eit mønster der du ser at du får mest feil på eit bestemt tema, då er det relativt enkelt å berre fokusere på pugge det evnet. Om feila er jamnt fordelt så er det ikkje så mykje du kan gjere anna enn å lese meir. Ein studieteknikk kan være at du les eit kapittel, og så skriv du (med penn og papir) ei oppsumering frå eiga hukommelse. Dette er ein god måte å feste kunnskapen på. Eg vil også råde deg til å ta deg god tid når du tek testen. På den ekte prøva så får du 90 minutt, men når du øver så kan du godt bruke lengre tid og tenke godt gjennom alla svara. Det er viktig å unngå slurvefeil, så du må lese nøye spørsmålet og være særleg oppmerksom på kva du faktisk blir spurt om. Eit typisk eksempel er at du kan få svar om kva som ikkje er viktig i ein bestemt stiuasjon, slik at du svarer omvendt i forhold til spørsmålet som vart stilt. Til slutt eit råd som ikkje er spesielt godt, men som likevel kan være til hjelp på spørsmål der du er usikker. Det er ein klar tendens til at det lengste og mest detaljerte svaralternativet ofte er det rette svaret. Dette er ingen regel og gir ingen garanti, men ofte så er det slik at det er behov for å være mest presist i det rette svaralternativet og då blir det også det lengste svaralternativet. Eit siste triks er at dersom du er usikker på kva du skal svare så skal du tenke "kva alternativ er det som gir minst sannsynlegheit for ei ulykke?" Får du til dømes spørsmål som omhandlar ei forbikøyring der det kjem bil i mot og du får spørsmål om kven som må bremse, så er det fort at det rette svaret er at alle tre bilane skal bremse, både den som køyrer forbi, den som blir forbikøyrt, og bilen som kjem i mot. Dette er det tryggaste alternativet som gir minst mogleg risiko for kollisjon (og blir det kollisjon så er det i låg hastigheit). Begynner du å tenke på kven som har vikeplikt og kven som har rett til å køyre utan å bli forstyrra i køyringa så roter du deg fort ut på feil svar. Sjølv om ein kan argumentere at det er den som køyrer forbi og som har feilberekna forbikjøyringa som har det største ansaret for å bremse og kome seg tilbake i rett køyrefelt, så er det slik at på teoriprøva så må du av og til vurdere kva som er mest rett av fleire korrekte alternativ, og då er det alternativet som utgjer minst fare som oftast er rett. Du vil nok aldri få eit spørsmål der det rette svaret også kan være farleg, då det er heilt feil pedagogisk sett å lære deg opp til å stå på retten din sjølv om det er farleg. Eit anna eksempel er dersom du får spørmål om du har vikeplikt for syklande som sykler over fotgjengerovergangen utan å gå av sykkelen. Ein som sykler er køyrande og du har berre vikeplikt for gåande, men du har openbart ingen rett til å køyre ned syklisten av den grunn.
  24. Støtter at det aller sikraste er å ta utdanning innafor helse. Då vil det også være mest aktuelt å jobbe i det offentlege der faren for diskriminering ofte er litt lågare, blant anna fordi det er krav til å tilsette den best kvalifiserte kandidaten. Det gir fortsatt ingen garanti, men i motsetting til i det private så kan du klage inn saka dersom du meiner deg forbigått ved at det ikkje kan dokumenterast kvifor den valde kandidate er betre kvalifisert enn deg sjølv. Eg tenker som deg at det å bli økonom er nok ikkje av dei sikraste utdanningane, det er relativt mange som tek økonomiutdanning og det skjer mykje innafor automatisering så i den bransjen kan skje mykje. Er du flink i jobben så er det nok ikkje eit problem å få seg jobb, men ikkje på same måten som dersom du utdanner deg til sjukepleiar. Då er du meir eller mindre garantert jobb så lenge du har bestått og fått autorisasjon. Sidan du har økonomiinteresse, så er det nærliggande å foreslå det beste frå to verdenar: Helsefagleg utdanning pluss økonomifag, då er du godt i rute til å jobbe innafor helsevesenet og etterkvart rykke opp til ei leiarstilling der økonomi og personaloppfølging er ein stor del av jobben. Eg spår også at helsefagleg personell etterkvart får betre lønn og andre goder i takt med at kommuner og sjukehus må kjempe om å tiltrekke seg dei få fagpersonane som er tilgjengelege på arbeidsmarkedet. Utanom det så bør du utdanne deg innafor noko som du har litt interesse for, samtidig som du er litt realistisk på kva kompetanse som framtidas arbeidsmarked treng. Eg held likevel ein knapp på at eit profesjonsfag pluss litt økonomi er betre enn ei rein økonomiutdanning. Andre bransjar som er rimeleg trygge i tida framover er IKT, og særleg det som heiter velferdsteknologi. Det bir eit veldig stort behov for å både uvikle og ta i bruk teknologiske løysingar som gjer at eldre kan bu lengre heime med lite til ingen hjelp. For å lykkes med det må teknologien både være nyttig og ikkje minst enkel for at dei eldre skal klare å bruke teknologien. Sidan du straks er ferdig med vidaregåande så er det nok litt seint å foreslå yrkesfag, men det er også yrker som det er vanskeleg å rekruttere til. Når det gjeld kravet om å tene godt så er det ofte meir avhengig av dine personlege eigenskapar og kvar du får jobb enn utdanning åleine. Som helsearbeidar i det offentlege vil du nok aldri bli lønnsledande, men du vil få gode moglegheiter til å ta på deg ekstraarbeid slik at du tener meir på den måten. Særleg innafor sjukepleiaryrket så har det nesten blitt eit problem at alle vil ha deltidsstilling for å ha minst mogleg faste forpliktingar, ein vil berre ha stor nok stilling til å være sikker på at lønna dekker kosntnadane. Dersom ein treng meir pengar så kan ein lett ta på seg nokre nattevakter og i løpet av kort tid ordne seg med ei større utbetaling ved behov. Sjølv om nattarbeid og overtidsarbeid på ingen måte er eit gode, så er det slike muligheiter som fort kan gjere ein slik jobb attraktiv. Det er ikkje nødvendigvis så attraktivt å jobbe i eit privatfirma med høg grunnlønn om du aldri får moglegheit til å jobbe meir enn 7,5 timar per dag.
  25. Du kan heilt klart påleggast å ta ut ferie sjølv om du er satt opp på fri etter arbeidstidsordninga etter § 5 pkt. 1 i ferielova. Prinsippielt så er det same reglane som gjer at du med ordinært dagarbeid må "bruke" ein feriedag på laurdagane sjølv om laurdagen ikkje er ein arbeidsdag. Ferie er noko som du har både rett og plikt til. Som arbeidstakar så kan du berre motsette deg å ta ut ferie dersom du ikkje har opparbeida deg feriepengar som dekker ferien. Dette fordi retten til ferie er heimla i arbeidsmiljølova som er ei vernelov. At du berre har hatt 1 veke ferie i år medfører at du har ein høgare sannsynlegheit for å bli overarbeida og utbrent. Arbeidsgivars plikt til å gi deg arbeidsfri er til dels ei plikt for å påsjå at du får nok kvile restitusjon slik at du unngår å bli sjukemeldt på statens rekning. I praksis så er det kanskje ikkje fullt like stor fare for dette ettersom du nok opplever dei to vekene du har frivakt som ein miniferie der du får hente deg inn, men samtidig så har du nok to veker med arbeidsfri fordi du jobbar ekstra mykje dei to veke du er på arbeid. Reint formelt så skal ein eigentleg legge ein plan for ferieavvikling i god, og denne ferieplanen skal være drøfta med den tilsette eller tillitsvalgt. Om ein ikkje blir einig om tida for ferie så er det uansett arbeidsgivar som bestemmer (innafor rammene av ferielova). Som nemt tidlegare i tråden skal du vite om ferietida di 2 månedar før ferien startar, så eit varsel nokre timar i forvegen er klart brot på ferielova. Det sagt så er det relativt vanleg å ikkje fylle ferielovens bokstav på dette feltet, særleg på arbeidsplassar der arbeidstakaren står litt friare til å ta ferie når det passar, typisk fordi det ikkje er nødvendig å sette inn vikar når du tek fri. Når dette fungerer så er det ofte å foretrekke for begge partar, både fordi arbeidsgivar vil ha ein fordel av å kunne endre ferietida på kortare varsel ved behov, og for deg som arbeidstakar ved at du ikkje treng å låse ferietida di tidleg på året og heller kan ha litt fleksibiltet på å ta ut ferien som f.eks. ekstra lang haustferie om det passer seg slik. Det er likvel viktig at dette blir eit gi og ta forhold. Eg vil derfor råde deg til å vurdere kor hard du skal kreve å få fastlagt ferieplan minst to månadar i forvegen, for ulempen her er at det som er lettast for sjefen er å gi deg beskjed 1 april at frå 1 juni så har du sommarferie og du får kome tilbake på jobb når du har brukt opp all ferien. Som arbeidstakar har du rett til å kreve at minst tre veker av ferien din er på sommaren, men du har ikkje tilsvarande rett til å kreve å "spare" nokre av feriedagane dine til å også ta juleferie i romjula. Så dersom du er i ein litt tilspissa situasjon med sjefen din når du nekter å ta ferie fordi varselet kjem for seint, så kan du risikere at sjefen svarer med å være veldig firkantra mot deg. Når det gjeld det litt overordna spørsmålet om å ha ferie i frivekene dine, så er dette typisk ei problemstilling som skal løysast gjennom å drøfte ferietida med arbeidsgiver. Sidan du jobber i rotasjon så vil eg anta at du har ein kollega som jobber når du har fri og omvendt? Ei typisk løysing då er at ein lagar ein ferieplan som legg opp til at halvparten av feriedagane kjem på dagar der du er satt opp på å arbeide og andre halvparten på fridagar, på den måten blir det lik ulempe for begge arbeidstakarane. Typisk då at når du tek tre vekers ferie neste år og du har to av ferievekene dine på frivakt og berre ei ferieveke der du er satt opp på å arbeide, så får du neste år to veker med ferie på arbeidsveker og berre ei av ferievekene på frivakt. Det er sjølvsagt også rom for å få til ein avtale med arbeidsgivar at du skal har friperiodene pluss feriedagane, eller motsatt at du går med på å avvile ferie i friperiodene.
×
×
  • Opprett ny...