The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 710 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Vil berre legge til at små fagmiljø er ofte meir ein ulempe for kommunane sjølv når det gjeld ansvar for forsvarleg drift, og for å behalde tilsette som helst vil utvikle seg i gode fagmiljø. For innbyggarane kan små og dårlege fagmiljø ofte være ein fordel ettersom byråkratiet også blir mindre. Skal du bygge hytte så er det ofte mykje enklare å gjere det i ei lita kommune der du berre treng å snakke med ein saksbehandlar, og du får godkjent byggesøknaden til tross for at det ikkje er 100% etter alle lover og forskrifter fordi den som har godkjent saka mangler kompetansen til å vurdere alle sider ved saka. Det er ein krevande balansegang å lage ei kommune som er stor nok til å utføre fagleg godt arbeid, samtidig som ein ikkje blir så store at ein druknar i byråkrati.
- 21 svar
-
- 2
-
Det er dette som er realiteten. Enkeltfag frå VGS ha veldig liten verdi isolert sett sjølv om det gir ein kompetanse. Det finnes nokre unntak der enkeltfag frå VGS kan ha noko for seg. Som til dømes om du droppa ut etter ungdomsskulen men har seinare tatt økonomifaga frå vgs så står du litt betre rusta til å få deg ein ufaglært kontorjobb, men då konkurrerer du berre ut andre jobbsøkarar som også har droppa ut etter ungdomsskulen og som ikkje har tatt ekstrafag. Kjem det ein søkar med fullført vgs så er vedkommande langt meir kvalifisert. Tilsvarande så finnes det nokre små fordelar dersom du har fullført vidaregåande men med nokre enkeltfag frå andre linjer som er kjekt å ha, men det gir i liten grad uttelling utover at det kan være akkurat dette faget som gir deg jobben med hårfin margin. Bestått VGS er i praksis heilt avgjerande for å kome seg vidare. Det å ikkje bestå VGS (sjølv om det berre er eit fag du manglar) betyr at du har ungdomsskule som høgste fullførte utdanning. Har du gått yrkesfag så er det fagbrevet som gir deg lov til å jobbe sjølvstending, og som gir deg lønna som fagarbeidar. At du har lært nesten alt i f.eks. elektrikarfaget men utan at du har papir som gir deg lov til å jobbe på elektrisk anlegg, gjer deg berre marginalt meir kvalifisert enn ein anna søkar som aldri har vært borti elektrikarfaget. Og går du allmennfag så opner det nesten ingen nye dører når det gjeld jobb, det du treng vitnemålet frå VGS til er som grunnlag for å søke høgare utdanning. Det er aldri feil å ha lært noko, men det å berre ha bestått nokre enkeltfag er ikkje veldig imponerande for ein arbeidsgivar som uansett må gi deg internopplæring før du kan utføre jobben du får tilbod om.
-
Helseplattformen - en IT-skandale
The Avatar svarte på Svein M sitt emne i Annen teknologi og vitenskap
Om det er overlappande verv så er ikkje det så rart ettersom Helseplattformen AS er eit firma som er oppretta og eigd av Helse midtnorge og kommunene som har valgt å kjøpe seg inn. Berre det at det er nødvendig å kjøpe seg inn i eit aksjeselskap for å få lov til å kjøpe nytt dataverktøy burde vel føre til at det ringer nokre alarmklokker. Det er ikkje ei vanleg løysing, det er ingen helseforetak som har måtte kjøpe aksjer i Microsoft for å kunne bruke Office pakken. Det finnes sikkert gode grunnar til at det er fornuftig med eit aksjeselskap, men det er i alle fall grunn til å stille spørsmål om kvifor det er nødvendig. Eg kan ikkje sjå for meg anna enn at dette er ei overføring av ansvar. Ved normalt innkjøp av eit datasystem så ville partane vært helseforetaket som brukar og Epic Systems som programutviklar. No er det vel Epic Systems som har solgt lisensen til Helseplattformen AS, og så er det ein avtale mellom helseforetaket og Helseplattformen AS om å ta i bruk systemet. Det gjer at det er Helseplattformen AS som må stå ansvarleg for alle feil og manglar, og ikkje utviklaren. Er Helseplattformen AS eit aksjeslskap som er oppretta for å kunne slå selskapet konkurs for å på den måten fristille seg frå alle reklamasjonskrava? -
Det er godt at du i det minste har ein god erfaring med at du slepp å krangle med NAV i tillegg. Dessverre så er det slik at sjølv om NAV garantien fungerer greit nok, så er det meir usikkert enn å ha pengar tilgjengeleg på ein depositumskonto. Manglande betaling er relativt greit sidan det er veldig objektivt og greit å forholde seg til. Det som ofte er verre er saker som går på skadeverk. Der kan det ofte være lettare å gå til forlikrådet med eit krav om å få trekke av depositumskontoen på grunn av skader utover normal slitasje, enn det er å skulle krangle med ein byråkrat i NAV om kva som er normal slitasje og kva som er skadeverk i tillegg til at saka må i forliksrådet. Den virkelig store ulempen med NAV garantien er at det ikkje er standariserte vilkår, så som utleigar så er det viktig at du får garantien skriftleg slik at du ser kva vilkåra er. Det er også ein fare for at NAV garantien kan gå ut på dato ettersom NAV garantien vanlegvis er tidsavgrensa. Sjølv om det sikkert er store forskjellar mellom dei ulike NAV kontora så er er mitt inntrykk av NAV garantien tilsvarer garanti for det som er vanleg depositum, altså tilsvarande tre månedsleiger. Har ein depositum etter husleigelova så kan ein kreve opp til seks månadars depositum. Her kunne NAV garantien blitt gjort langt meir attraktiv ved at den garanterte for eit halvt år med manglande betaling, ulempen med å kreve seks månadars depositum i det vanlege leigemarkedet er at det er vanskeleg å finne leigetakarar som har råd til å betale ut eit så stort beløp, og derfor må utleigarane ofte avgrense kravet ned til tre månadars depositum. Med NAV garanti på eit halvt år, så er det faktisk rom for at ein kan gjennomføre tvangsutkasting utan å tape husleige sidan tvangsutkasting fort tek lengre tid enn berre 3 månedar. For fyrst skal ein ha misleghald i form av manglande husleige før ein i det heile tatt kan sende varsel om at ein har starta prosessen med tvangsutkasting. At utbetalinga skjer seint er sjølvsagt ikkje bra, men det viktigaste er at pengane kjem, og at du får dekt alle dine utgifter og ikkje f.eks. berre blir avspist med at du får erstatning for 3 av 4 månadar utan betalt husleige.
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Innvandring har ikkje betydning for den midlertidige bevæpninga som er no (med mindre du ser så stort på at du tenker at alle med jødisk bakgrunn som innvandrarar). Grunngjevinga med auka fare for terror mot jødar i Norge som resultat av Palestina/Israel krigen reknar eg med er høgst reell, og eg forstår også at detaljane på kva som eksakt ligg bak den vurderinga er sjølvsagt ikkje offentleg. Reint politisk så meiner eg likevel at ei midlertidig og landsdekkande bevæpning er feil medisin på den utfordringa, og er vel meir eit resultat av politisk symbolpolitikk for å vise at ein gjer tiltak. Det er langt frå alle stadar i landet at det i det heile tatt finnes synagoger eller eit synleg jødisk miljø, og då er det etter mitt syn meiningslaust at det ute på kvar ei øy og inne i kvar ein dal skal sitte ein lensmann med skarpladd revolver i tilfelle terroristane kjem. Bevæpninga er berre eit tilsvar på auka terrortrussel der det finnes eit mål for terror, så det er mykje betre at ein innfører bevæpning og vakthold der det finnes potensielle terrormål. Eg oppfattar det slik at midlertidig bevæpning av politiet akkurat no bærer preg av å være meir for at politiet skal kunne beskytte seg sjølv, meir enn at ein skal kunne stoppe pågåande terrorhandlingar som ein tilfeldigvis kjem over under patruljering. Og er det ei pågåande skyteepisode, så er det vel objekt betre for både politiet sjølv og potensielle offer at politiet tek dei 30 sekunda det tek å få på seg skuddsikker vest og låse ut tohandsvåpenet enn at ein skal springe inn i kampens heite iført t-skjorte med pistolen i handa? -
Synes eigentleg at det er imponerande mykje ressursar som er lagt til å lage noko som må være lov å kalle for ein Fortnite klone. Det er nok sikker også forklaringa på kvifor spelet både må kjøpast og har mikrotransaksjonar. Eg forstår at planen var å lage eit nytt varemerke, men her overvurderte dei kundegruppa sin vilje til å betale for eit spel som i liten grad innførte nyvinningar for sjangeren. Om tanken var å nå eit publikum som vil ha eit vidt spekter av representasjon i spela sine, så har nok speldesignet svikta med for lite mangfold. Ei litt tjukk dame og ei litt gamal dame + aliens er litt for lite i den samanhengen.
-
Nudler er lite mettande, koster lite fordi det er nesten berre vatn og buljong. Til lunsj er saken grei, matpakke med grovbrød og pålegg. Grovbrød inneheld ca 10% protein så det er eigentleg ikkje nødvendig å også ha eit proteinrikt pålegg. Når du fyrst opner ei boks med tunfisk så rekner eg med at du bruker alt som pålegg der og da? Fordelen med ost eller spekepølse som pålegg er at det går mykje mindre pålegg. Sjølv om det ikkje er så dyrt med ei boks tunfisk, så kostet det omtrent like mykje som ei boks med f.eks leverpostei som varer til fleire nistepakker. Når det gjeld middag så er det meir eit spørsmål om kor billeg du vil gjere det. Om du berre lager middag til deg sjølv så er mitt beste råd at du bruker litt tid på å jakte datovarer og at du lager middag basert på kva du finn der. Sjølv om det er dyrt med biff, så er dette noko som ofte er å finne som datovare, og den biffen kan heilt fint modnast i kjøleskap til etter best før datoen. Trikset for å gjere biff til ein billig middag er å skjære tynne skiver og la kjøttet bli sideretten til ris og grønsaker, og ikkje hovudretten.
- 3 svar
-
- 1
-
Burde er politiet i Norge være bevæpnet permanent?
The Avatar svarte på flamethower1234 sitt emne i Politikk og samfunn
Synes dagens kompromiss er godt nok. Ubevæpna og deeskalerande til vanleg, og med våpen tilgjengeleg når det trengs. At ein må bruke 30 sekund på å gå til bilen for å låse ut våpen er heiøt greit. Sjølv om det argumenteres med at kvart sekund er avgjerande, så er det vel ca 99% av alle oppdrag som krever bevæpning, oppdrag der politiet uansett må via bilen for å rykke ut til. Då har ein også fordelen av å kunne hente ut tohåndsvåpen til dei oppdraga som krever våpenmakt. Eg meiner at bevæpning gir eit dårlegare politi ved at ein får eit politi som ikkje lenger tørr å gå tett opp til publikum i frykt for at uvedkommande skal kunne ta frå dei våpenet. Det er mykje betre for sikkerheita til både publikum og politiet sjølv at politiet vurderer andre virkemidler enn skytevåpen, alternativt trekker seg tilbake og då skaffer seg tenkerom før ein eskalerer med skytevåpen. Sannsynlegheita for at politi som patruljerer til fots kjem over ei terrorhandling som kan avvergast ved å ha tilgang til skytevåpen etter 3 sekund og ikkje 2 minutt, er liten. Sett opp mot sannsynlegheita for at politiet skyt paykisk syke eller liknande så redder ein statisk sett langt fleire menneskeliv ved å ikkje skyte, enn ein redder med våpenbruk. Unntaket er som nemnt reine terrorhandlingar der politiet tilfeldigvis er nært nok til å utgjere stor forskjell ved å ha pistol i beltet.- 19 svar
-
- 1
-
Er det mye avansert matematikk i en ingeniørs hverdag?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Det varierer ein del, men typisk så er det slik at det er viktig at du forstår matematikken, men i det daglege vil du bruke mykje tabellar og programvare. -
Mangelen på lokaldemokrati er nok den største utfordringa. Den neste er avstanden mellom den administrative leiinga og der tenestene skal produserast/leverast. Eg trur likevel ikkje at dette er umogleg å få til, men eg tenker at det er enklare å opprette storkommuner som er store nok til å legge ned fylkeskommune, for det er fylkeskommunene som i dag er mellomleddet.
- 21 svar
-
- 3
-
Tja. Det ser jo tilsynelatande veldig likt ut. Eg forstår sjølvsagt at du meiner du og dine har meir ansvar og andre oppgåver i tillegg, men for den overordna leiinga så er du vel einig i at det ser ganske likt ut? Fyrste steg er derfor å få fram at grunnen til at du skal ha meir lønn er ansvaret med tollpapir og liknande, og ikkje den delen av jobben som går på plukking og pakking.
- 20 svar
-
- 1
-
Mykje av saka her ligg i detaljane på kva som er avtalt. Dersom det er gitt pristilbod så kan ikkje det være høgare enn 15% over pristilbodet. Typiske ting det då krangles om er fyrst spørsmålet om det er gitt eit bindande pristilbod eller berre ei prisantydning. Det neste spørsmålet som må avklarast er om dette ekstraarbeidet ligg innafor det arbeidet som er bestilt, og då kjem det igjen ann på kva som er bestilt. Dersom det blir oppdaga behov for tilleggsarbeid så skal oppdragsgivaren informerast om dette. Ofte vil valget være mellom å ta utgiften eller å stoppe arbeidet, men det er det kunden som må bestemme. Deretter er tredje punkt som det krangles på er om entreprenøren har gitt oppdragsgivaren den informasjonen som er nødvendig til å ta eit opplyst valg om bestillinga. Dersom behovet for to kummer var ein pårekneleg konsekvens av arbeidet, så kan det være innafor om oppdragsgivaren også fått nødvendig informasjon for å forstå det. Merk også at entreprenøren har plikt til å utføre fagmessig arbeid, og til å fråråde arbeidet dersom arbeidet ikkje kan utførast på ein måte som er hensiktsmessig både fagmessig og økonomisk. Dette punktet gir også rom for å diskutere kva som eigentleg var bestilling og kva prisen som vart anslått eigentleg innbefatta. Det er nok gode faglege grunnar til at det må settast ned kum for drenering ved asfaltering av oppkjørselen for at regnvatnet ikkje skal forårsake skader. Spørsmålet er eigentleg om det gjekk klart nok fram at slike kummer var ein pårekeleg ekstrakostnad, eller ikkje. I alle tilfelle så skal ein spørre kunden før ein utvider oppdraget til å blir meir omfattande enn det som er bestilt.
-
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Det er to forskjellige sider. Mobiltelefonen bruker mykje mindre batteri om den er begrensa til å berre bruke 2G nettet, og ikkje treng å bruke straum på å leite etter nettilkopling for 3G, 4G eller 5G. Mobilmasten som rommer sendaren derimot brukar meir straum for å sende ut 2G signalet. Når du bruker straumsparingsfunksjonen på mobiltelefonen din så er eit av straumsparingstiltaka som telefonen gjer å slå av 5G og la telefonen få bruke maks 4G. Låser du telefonen til å maks bruke 3G så sparer du enda meir batteri. Det er derfor 2G er fint på diverse dingser som ikkje kan ladast kvar dag, men det er også eit godt alternativ til å slå telefonen heilt av når du er på fjelltur der det uansett ikkje er 4G dekning. Ved å hindre at telefonen heile tida leiter etter 4G og 5G så varer batteriet lenger sjølv om du har telefonen påslått.- 64 svar
-
- 1
-
Ja, opplada batteri er meir brannfarlege. Det er i hovudsak to grunnar til det, særleg på litiumbateri som ein finn i mobiltelefonar, elsparkesyklar, osv så er det energien i batteriet som utgjer brenselet som brenner. Slike batteri kan fint brenne utan å bli tilført anna brensel. For vanlege forbruksbatteri som AA batteri så utgjer straumen i batteriet fyrst og fremst ein fare for varmgang ved kortslutning som antenner andre brennbare ting i nærheita. Det er i praksis vanskeleg å gjere batteria heilt straumlause, men eit fullt opplada batteri utgjer ein større brannrisiko. Dersom du kortslutter eit heilt nytt 9V batteri så vil batteriet bli både varmare og over lengre tid dersom det er mykje tilgjengeleg energi. Så sjølv om du uansett ikkje skal kaste batteri i restavfallet, så skal du i alle fall ikkje kaste batteri som er fulllada. Må også legge til at Europearane var eksponert for fleire sjukdommar gjennom å være eksponert for mange ulike kulturar. Så medan urbefolkninga i Amerika hadde vært isolert frå andre befolkningar i omtrent 30 000 år før Europearane dukka opp, så hadde Europearane vært både i Afrika og i Asia gjennom blant anna handel langs silkevegen, osv. Den amerikanske urbefolkninga var langt meir isolert gjennom sitt stammesamfunn, så sjølv om dei var mange så var det god spredning og litt mindre handel mellom stammene. Det var til samanlikning mykje meir handel og kontakt mellom Europa og Asia, mellom anna fordi det var ein omfattande handel med luksusvarer mellom dei to verdensdelane. Europerane hadde god tilgang på metall som kobber, gull og sølv som vart bytta mot krydder og silke. I tillegg så levde mange (nord)Europearar tett på sine husdyr, noko som ikkje var like nødvendig i varmare strøk. Før Europearane kom til Amerika med hestar så hadde den amerikanske urbefolkninga stort sett berre hundar som husdyr, og var då langt mindre eksponert for sjukdom frå dyr. Staten har lenge hatt ein heilt ukritisk holdning til app-utvikling. Nesten alle departement og direktorat har på eit eller anna tidspunkt hatt ein eller fleire appar. Fellesnemnaren er at appane har dekt eit svakt behov, har i stort sett berre vært ei nettside, og har vært så lite brukt at dei fleste appane ikkje lenger finnes. Fin ein gamal NRK sak om nettopp dette. Integrerings og mangoldsdepartementet brukte 1 mill på å lage ein app mot tvangsekteskap som vart lasta ned berre 70 gongar, og utan at det står nok om det så vil eg tru at alle 70 var statstilsette og journalister som lasta ned berre for å sjekke appen. Nå har nok ikkje utviklinga av poitiloggappen vært spesielt kostbar, for det er ein ganske enkel app. Eg er likevel heilt einig i at det å ha ein eigen app for berre dette burde være unødvendig. Den gode nyheita er at alle statusoppdateringane er tilgjengelege som RSS feed. https://www.politiet.no/rss/ Det er dermed fritt fram for å bruke den RSS leseappen som du liker best. Då kan du også sette opp kva andre nyheitsvarsel du vil ha i appen. Dette gir også moglegheit for at andre kan bruke RSS feeden frå politiet som utgangspunkt for å utvikle ein heilt ny app med tillegsfunksjonalitet.
-
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Sjølvsagt ikkje til evig tid, men ei så lege det er samfunnsmessig nytte med å ha 2G nettet i drift, så er det også verdt å betale for det. Her vil teleselskapa sparer pengar ved å stenge ned 2G nettet og flytter då rekninga over på alle andre. Grunnen til mange eCall i bilar, tryggheitsalarmar, heistelefonar, osv osv er på 2G nettet er jo fordi det er meir hensiktsmessig å ikkje bruke straumslukande 4G/5G nett. Eg meiner at det er betydeleg meir samfunnsviktig å fortsette å tilby 2G no når IoT dingsar verkeleg har blitt både teknologisk og økonomisk gjennomførbart. At alle bilar skulle ha ein innebygd mobiltelefon for eCall og systemoppdatering var omtrent utenkeleg for berre for nokre få år sidan, no kan varmeovnane på hytta og halsbandet til hunden være påkobla internett utan behov for eigen mobiltelefon til formålet. Det er sjølvsagt ikkje alt av dette som er samfunnskritisk, men om ein alt no i praksis sett ein stoppar for IoT er ikkje dette eit felt som får utvikle seg. Sett opp mot at Telenor sparer litt på straumrekninga på sine basestasjonar så er det mindre viktig. Ja det er sjølvsagt eit poeng at den store ulempen til 2G er at det krev meir straum på sendarsida, men etter mitt syn er det langt betre å bruke straum på ei mobillast for å då kunne drifte mobiltelefonar som kan være påslått ei veke utan lading, kontra å spare litt innlagt straum på mobillasta og så berre forsyne mobiltelefonar som må ladast kvar dag. Tilsvarande så meiner eg at behovet for 4G/5G er godt nok dekt i dag. Gevinsten for forbrukarane ved at 2G nettet blir gjort om til 4G er etter mitt syn forsvinnande lite. Særleg fordi at i dag så er det eit relativt avgrensa behov for å laste ned store mengder data med høg hastigheit over mobilnettet, største databehovet for 99% av mobilbrukarane er tross alt videostreaming i HD kvalitet, noko som 4G taklar bra. Det er likevel ikkje slik at vi skal stoppe den teknologiske utviklinga, men konsenvensen av at vi stenger 2G nettet for å bygge ut betre kapasitet på 4G nettet er at mange einingar som i dag brukar 2G nettet må oppgraderast til 3G eller høgare, som igjen spiser opp delar av den kapasiteten som blir utbygd fordi det samtidig er tvunge fram eit nytt behov. Største kapasitetegevinsten vil nok kome av at utstyr som bruker 2G ikkje blir oppgradert, som til dømes at eCall på dei fleste bilar berre vil slutte å fungere etter nedstenginga utan at verken bilprodusent eller bileigaren tek utgifta ved å oppgradere og drifte eCall over 4G nettet.- 64 svar
-
- 2
-
Kortversjonen er at det er mykje billegare med straum enn bensin/diesel per kilometer. På veldig dyr hurtigladar og med køyring når det er veldig kaldt, så kan du kanskje oppnå ein kostnad som liker bensinprisen, men du vil aldri være dyrare med elbil. Det er billegare med saktelading enn hurtiglading når du har tid til det. Sjølv om det hadde vært meir bekvemmeleg å kunne lade heime i sameiget, så er det heilt uproblematisk å lade medan du uansett er på butikken.
- 54 svar
-
- 1
-
Erfaringane blir veldig farga av kvar i landet ein er. Mitt beste råd er at du sjekker tekningskartet til både Telia og Ice for dei områda der du bur og oppheld deg mest. Det er ikkje alltid karta er heilt 100% nøyaktige då veldig lokale forhold som høge bygg, skog og liknande ikkje er fanga opp på kartet. Du kan derfor risikerer at til tross for at kartet viser maks signalstyrke så er akkurat din leilegheit eller ditt kontor i signalskuggen bak eit eller anna som blokkerer signalet slik at du likevel ikkje har maks signal akkurat der. Min høgst subjektive erfaring er at Ice er best på dekning ute på sjøen og på fjellet, men at dekninga ofte er svak. Telia har bra dekning der folk bur, men har nokre blindområder der det er null eller ingen dekning, særleg langs vegane. Og at Telenor jamnt over har den beste dekninga med best signal. Det finnes likevel ein del heilt lokale plassar der det til dømes berre er Telia som har dekning og ingen andre operatørar (og omvendt). Det er relativt raskt å enkelt å bytte operatør, men om du vil være heilt på den sikre sida så koster det type 99 kr for dei billegaste abonnementa/kontantkort med Telia dekning som du kan aktivere på ein gamal telefon for å sjekke sjølv om du er fornøgd med dekninga der du er. Når du har jobbtelefon med Ice så kan du også ringe deg sjølv på ulike stadar for å vurdere samtalekvaliteten.
- 6 svar
-
- 1
-
Mine uthevingar. Her legg du eit premiss til grunn som eg ikkje kan sjå at det er dekning for. I den grad eg skal gå med at nokon blir demonisert for identifisere seg med høgrepolitikk, så gjeld vel det utelukkande dei som også er hatefulle høgreradikale? Eg kan ikkje sjå at til dømes Erna Solberg blir demonisert, og i alle fall ikkje meir enn andre partileiarar om du med demonisering legg lista særdels lågt. Når ein demoniserer høgreradikale terroristar som eg ikkje gidd å nevne namet til, så er det ikkje høgrepolitikken som er demonisert, det er openbart personen bak terrorhandlingane som er demonisert. Sidan dette er posta under Oppslagstavlen så reknar eg med at det ikkje er ønskeleg med ein seriøs debatt om temaet. For det finnes nokre interessante fellestrekk mellom utdanningsmengde og utdanningsretning, og politisk ståstad. I den samanhengen så er det litt interessant å sjå på den norske partioppslutninga opp mot utdanning/yrke, heriblant at vi har ein relativt stor andel av yrkesgrupper som ofte har ein tendens til å være venstreorienterte samtidig som vi har ein lågare andel av yrker som har ein tendens til å være høgreorienterte. Det er ei ganske interessant problemstilling der ein kan spørre seg om sosialdemokratiet vårt er eit sjølvforsterkande system der vi skaper større behov for yrker som heller mot venstresida av politikken, og at høgresida langt på veg blir skyvd til sides på grunn av de norske kulturen. Men som sagt, om premisset er demomisering og radikale så er det nok ikkje særleg interessant å diskutere dette på eit sakleg nivå.
- 12 svar
-
- 1
-
Hva europeere mener om innvandring
The Avatar svarte på Lite kreativt navn sitt emne i Politikk og samfunn
Eg tenker nok at grafen blir sjåande veldig forskjellig ut alt etter kva vinkling ein baserer seg på og kva ein legg til grunn. Isolert sett er det ofte enklare med invandring frå naboland og ellers land som har tilnærma identisk kultur og språk. Men det har jo også mykje med korleis innvandrarane innretter seg. Det er ikkje gitt at det er meir ønskeleg med innvandring av britar som aldri lærer seg norsk fordi alle kan engelsk, kontra innvandring frå asia der dei snakkar flytande norsk etter eit par år. I tillegg er det forskjell om ein svarer utifrå korleis ein ynskjer at verden skal være, kontra om ein svarer utifrå realitetane. Realitetane for innvandring er at dei aller fleste er arbeidsinnvandrarar som kjem hit for å ta jobbar som vi ikkje vil ha, enten fordi det er jobbar med låg status eller låg lønn. Om vi då ikkje tillet innvandring så medfører det at slike jobbar enten må lønnast langt høgare eller så blir ikkje jobben gjort. Om vi skal fortsette å betale helseassistentar peanøtter så kan vi ikkje forvente at det står svenskar og danskar i kø for å ta dei jobbane, for dei forventer same lønnsnivå som oss nordmenn. For å fylle slike stillingar så må vi då hente arbeidskraft frå land som har lågare forventning til lønn og levestandard. I andre land kan behovet for å importere arbeidskraft være heilt omvendt, ved at det er nettopp høgt utdanna spesialistar som ein treng å importere medan ein har meir enn nok ufaglært arbeidskraft. -
Fordelen med dette er at ved å førehandsbetale, som er det du i praksis gjer når du kjøper eit slikt pass, så kan du få litt rabatt. Om det du tener på rabatten kontra kva du risikerer å tape ved at du ikkje bruker opp alt du har betalt for, må du nesten vurdere sjølv. Ser på heimesida til London pass at det er typisk 10% rabatt på enkelte turistaktivitetar, men det er også mange attraksjonar der du ikkje får ei krone i rabatt og betalar det same enten du betalar med London pass eller med bankkort/cash. Ser også at det reklameres for opp til 50% rabatt, men beste rabatten eg kunne sjå var 20%. Eg trur du kan være rimeleg trygg på at det er ingen til liten rabatt å hente på dei mest populære attraksjonane som turistane uansett betalar fullpris for å besøke, og så er det sikkert dei heilt ubetydelege attraksjonane som ingen er interessert i som gir rabatt. Andre stadar i verden så kan slike pass også inkludere offentleg transport, prioritert inngang for å unngå å stå i kø, osv men det ser ut som at London Pass var relativt beskjedne greier. Sikkert fint om du berre har planar om å besøke London Eye, Tower of London, Madame Tussauds voksmuseum og slike ting. 10% rabatt er jo litt om du skal bruke tusenvis av kroner på museumsbesøk, men personleg så ville eg nok styrt unna og heller hatt fleksibiliteten ved å betale vanleg inngangspengar. Husk også at sjølv om du har store planar om å besøke alle serverdigheitene i London, så kan det bli full skjærings alt ved fyrste serverdigheit dersom det er lang kø. Om du då ikkje har førehandsbetalt så kan du fint ombestemme deg å seie at du heller vi bruke tida di i London på noko anna enn å stå i kø.
- 13 svar
-
- 2
-
Hvor mye skal til før man får varig hjerneskade av oksygenmangel?
The Avatar svarte i et emne i Helse
For å få hjerneskade så må delar av hjerna få for lite oksygen, kor fort det skjer kjem ann på oksygennivået i utgangspunktet. Oftast vil det fortsatt være oksygen igjen i blodet som blir fordelt ut i kroppen sjølv om det ikkje inn friskt oksygen gjennom pusten. Hadde det ikkje vært slik så ville du ikkje kunne holde pusten under vatn. I dette tilfellet så har du nok også pusta inn CO2 noko som hindrer blodets evne til å frakte oksygen, slik at kroppen ikkje klarer å ta opp oksygenet som du puster inn etterpå på ein effektiv måte. Det at du blir svimmel er eit symptom på oksygenmangel, men dertil å få varig hjerneskade kan ofte kreve litt meir. -
Det er nok mest sannsynleg at det er nokon uvedkommande som har fått tilgang til å logge seg inn på din nettbank. Om nokon hadde klart å bryte seg inn på banken sin side så ville det vært sannsynleg at det også var fleire kontoar som vart berørt. Det som sjølvsagt er vanskeleg i slike saker er at du ofte ender opp med å måtte bevis din uskuld ettersom banken tek utgangspunkt i at einaste måten nokon kan logge seg på din nettbank er ved å få tilgang til dine passord. Det at uvedkommande har komt seg inn i nettbanken din forklarer også korleis beløpsgrensa har blitt fjerna/endra. Det er mest sannsynleg at dette er gjort av nokon i din nærmaste omgangskrets som kjenner ditt personnummer og passord. Har dei i tillegg hatt tilgang til din mobil eller kodebrikke så er det nok der forklaringa ligg. Eg tenker det også forklarer kvifor vedkommande har unngått å bruke av brukskontoen din, då det er meir sannsynleg at du oppdagar tidleg dersom det manglar pengar på brukskontoen som du brukar ofte, kontra på sparekontoen som du kanskje ikkje sjekker like ofte. Det mest aktuelle sporet å følgje opp her er å sjå på kvar pengane har gått, som kva butikk det er betalt til.
- 34 svar
-
- 4
-
Å starte for seg sjølv er nok ikkje eit alternativ for store delar av denne gruppa. Med unntak av dei som synes rekneskap er enkelt arbeid å utføre, så er det å starte for seg sjølv langt meir krevande enn å berre være tilsett. Det er også store fallgruver dersom ein gjer feil i rekneskapsarbeidet og ender opp med pålegg eller straffeskatt. Løysinga på å få slike ut igjen i arbeidslivet er ofte oppmjukning av Arbeidsmiljøloven slik at det er enklare å gi folk ein sjanse i arbeidsmarkedet utan at det blir ei byrde for arbeidsgivaren dersom det ikkje fungerer og ein skal prøve å begrunne ei oppseiing. I dag har vi eit sterkt stillingsvern, som gjer at når du fyrst får jobb så har du høg grad av jobbsikkerheit ettersom det skal ein del til for å gi deg sparken. Eg tenker at for dei fleste arbeidstakarane så er det ein styrke at jobb gir ein økonomisk forutsigbarheit og at arbeidsgivar har ei plikt til å tilrettelegge arbeidet ditt. Dei som dette ikkje er bra for er alle dei som ikkje har 100% arbeidskapasitet, og som ingen tørr å gi ein sjanse for det er stor fare for at det blir veldig dyrt å følge opp ein nytilsett som ikkje fungerer. Eg tenker likevel at det bør være rom for å vurdere om vi kan organisere arbeidslivet på ein anna måte. Det er ikkje sikkert at vi skal tviholde på tanken om at folk flest skal ha 100% stilling og jobbe mellom 8 og 16. Stadig fleire ønsker friheita det gir å være frilanser eller ha eit laust forpliktande arbeidsforhold som gjer at ein jobbar når ein sjølv vil. Det som er vanskeleg er å finne den rette balansen, for det som er bra for denne gruppa som har falt utanfor arbeidslivet og som treng nokon som er villige til å gi dei ein sjanse, er ikkje nødvendigvis like bra for det store fleirtalet som treng ein fast og stabil jobb. Det er heller ikkje slik at det er berre arbeidstakarane som har fordelar med arbeidsmiljøloven, lova regulerer også ei rekke forhold som også arbeidsgivar nytter godt av. Som til dømes at oppseiingstida skal være minst ein månad og i praksis ofte tre månadar, dette gir bedriftene tid til å tilsette nye når nokon leverer oppseiinga, og om den tilsette berre stikk av så kan ein kreve erstatning frå den (tidlegare) tilsette. Andre fordelar for bedriftene er at den tilsette har medvirkningsplikt, til å arbeide med HMS, stille opp når sjefen kaller inn til møte, osv.
- 312 svar
-
- 2
-
Tja. For min eigen del så bruker eg lite tid på å bla gjennom gamle bilder, kanskje særleg på snapchat som ikkje akkurat er den foretrukne appen når du skal ta bilder til fotoalbumet. Eg kan derfor sjå for meg at ho har flytta bilda til denne mappa då ho fekk dei medan ho var i eit forhold med denne personen. Både for å skjule dei, men kanskje mest for at bilda ikkje skal sprette opp som "minner" med ujamne mellomrom der også andre i rommet kan bildet, som i tillegg til å være flaut om du er ute i det offentlege rom er respektlaust ovanfor den som er avbilda. Eg kan då også gi henne tvilen til gode om at bilde er gjemt og glemt. Eg tenker derfor at inntil vidare så er det ingen grunn til å mistenke at dette er bilder som ho henter fram og ser på ofte. Det eg tenker taler til hennar fordel er at sjølv om ho ikkje har sagt at ho har disse bilda, så har ho heller ikkje aktivt skjult dei. Ho kunne veldig lett hatt ei anna PIN kode på Snapchat enn ho har på telefonen. Det faktum at ho ikkje har skjult bilda betre tilseier ein av to ting. Enten at ho har full tillit til at du ikkje kjem til å snike på telefonen. Alternativt at ho ikkje tenker at det var bilder som var nødvendig å skjule for deg. Uansett så tenker eg at du ikkje har nokon moralsk høghest å ri på her, og ein kan nok fort diskutere kven av dykk som står bak det grovaste overtrampet her. Når det gjeld talet på bilder så er tenker eg at det har kanskje meir med typen forhold å gjere enn noko anna. Sexting er mest vanleg i flørtefasen, så det er naturleg at det blir sendt fleire bilder i starten av forholdet enn det blir seinare. Ofte er også sexting eit alternativ til å være fysisk saman, så ein partner som ein er saman med heile tida utløyser ikkje det same "behovet" for å ta bilder av. Kva folk synes er greit og ugreit er veldig personavhengig. Enkelte krever at du skal slette alt av bilder, slette mobilnummeret og kaste alle eigedelar som du og eksen kjøpte saman, andre seier at dette er ein del av historien og at det sjølvsagt er greit å ta vare på minner og holde kontakten, andre synes også at det er greit å beholde også dei mest intime minna, og nokre ganske få synes til og med det er greit med eit opent forhold.
-
Logikken er at dette er rolla til eit parti som er i opposisjon til partia som har regjeringsmakta. Ein kritiserer alt som regjeringa gjer (eller ikkje gjer i dette tilfellet) og påstår at dersom ein sjølv kjem til makta så blir alt så mykje betre. Når opposisjonspartiet kjem til makta så er det sjølvsagt umogleg å få gjennomført alt ein har lovd å gjere, så då er taktikken å sitte stille i båten angåande det dei sjølv ikkje får til, og i staden gi forrige regjering skulda for å ha øydelagt systemet og at det er derfor opposisjonspolitikken ikkje kan gjennomførast. Dette gjeld alle part, og ikkje berre Frp. Grunnen til at vi ofte høyrer slike opposisjonsuttalingar frå nettopp Frp er at Frp ofte er det partiet med størst oppslutning som ikkje får plass i regjeringa. Frp har aldri vært i regjeringa før dei i 2013 fekk være med å danne regjering saman med Høgre. Det varte fram til 2020 då Frp trakk seg frå regjeringa ettersom Frp ikkje fekk praktisere sin politikk. Frp er eit opposisjonsparti som også trives best med å være i opposisjon der ein frå sidelinja kan påvirke sittande regjering med ris og ros, utan å sjølv måtte ta ansvar for politikken som blir ført. Dei to store partia Høgre og Arbeidarpartiet som stort sett veksler på å ha regjeringsmakta må føre ein politikk som ikkje berre er gjennomførbar men som også kan være stabil over tid. Dette gjer dei til kjedelege men trygge parti å stemme på.
- 41 svar
-
- 4