Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 063
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det eg er mest overraska over er at IOC ikkje er meir opptatt av å straffe Russland for å gjentatte gongar har brote den olympiske freden ved å gjentatte gongar ha brunt dei olympiske leikane som distraksjon for militære invasjonar. Eg forstår at IOC ønsker å ha med Russland sidan det betyr store inntekter, og om IOC kan tilby russiske utøvarar å delta nøytralt så kan IOC formelt nekte Russland å delta samtidig som dei får gleden av russiske utøvarar og publikum. Men her har altså Russland fleire gongar angrepet sjølve grunnpillaren til IOC om olympiske leikar som fredsskapande, og då er det vel på sin plass å gi ein reaksjon?
  2. Det er fortsatt innsamling av personopplysningar, og for å kunne oppfylle sine plikter til å gi innsyn i opplysningane som er innsamla så blir databehandlaren ironisk nok pålagt å dokumentere kva opplysningar som er samla inn. Du har nok heilt rett i at det nok ikkje er alle som gjer det slik. Det er nok også veldig mange som arkiverer CV og søknad også etter at stillinga er fylt sjølv om også dette er brot på GDPR-regelverket som forbyr lagring av personopplysningar når ein ikkje lenger har sakleg behov for lagring.
  3. Du skriv at dette er ironi, men dette er ei reell problemstilling. Det russerane gjorde i på Krimhalvøya var å sende inn irregulære styrkar utan militære kjennteikn som tok over styring ved å sette inn ein russiskvenleg politikar som like etter erklærte Krim som uavhengig, tett etterfølgt av ei folkeavstemming der 97% stemmene stemte for ei gjennforening med Russland. Grunnen til at det vart fleirtal var ein kombinasjon av at motstandarane boikotta folkeavstemminga, og ikkje minst at valgresultatet ikkje vart kontrollert at upartiske stemmetellarar slik at vi berre har dei prorussiske politikarane sin påstand om valgresultatet. Noko liknande kan også skje i Norge og Kirkenes. I dag er det omtrent 10% av befolkninga i Kirkenes by som er russiske, og ganske mange fleire som har russisk tilknytting ved at dei har foreldre eller partner som er russiske. Det er ingen akutt fare akkurat no, men eg kan lett sjå for meg at etterkvart som ein større andel av befolkninga blir russiske så kan befolknina kreve å få bli ein del av Russland og på bakgrunn av eit fleirtal etter folkeavstemminga erklære seg som russisk territorium. Då vil Norge bli stilt ovanfor eit svært vanskeleg valg på om vi skal være lojale mot folkets vilje og dei demokratiske prosessane som vi elles held veldig høgt, eller skal vi sende inn militæret for å ta tilbake kontrollen med militærmakt? I framtida vil vi få veldig mange fleire slike konflikter som ligg i gråsonen for kva som fiendtlege krigshandlingar og kva som er framand innblanding. Veldig mange av grensekonfliktene rundt om kring i verden er basert på ulik oppfatting av om landegrensa skal baserast på geografi eller befolkning, og om ein nasjon skal ha rådrett over ei befolking som på alle andre områder enn bustadadresse tilhøyrer ein annan nasjonalitet.
  4. Så rundt 7% av norske statsborgarar som er fengsla i utlandet er kvinner, det er ikkje så langt unna talet her heime der rundt 6% av innsette er kvinner, så det stemmer godt med snittet generelt sett. Dei fleste av disse fengsla nordmennene i utlandet høyrer vi svært lite frå og er nok i all hovudsak heilt ukjent for den norske offentlegheita, det handlar nok mest om at dei fleste har fått rettferdige rettssaker og at dei soner under forsvarlege forhold. Dei vi stort sett høyrer om i media er dei som kan ha vært utsett for dårlege rettsprosessar eller som soner under dårlege forhold.
  5. Dei skal nok tåle minst 10 kg. Eit raskt googlesøk gav meg posar som er oppgitt til 10 kg og 10-12 kg. Dette er ikkje heilt same posane som vanlege butikkposar men eg trur nok vi trygt kan anslå at butikkposane skal tole minst 10 kg og at dei nok også toler meir. Det er lenge sidan sist eg har opplevd at hanken har rivna, og i dei tilfella hanken revner så mistenker eg at dette skuldast at hanken har hatt ein skade i form av ei lita rift frå før, eller at eg har lagt tunge ting i posen som har gitt skeivbelastning slik at all vekta blir konsentrert på ein liten del av hanken. Dette kan nok skje om du har tunge ting som f.eks. ein six-pack som du plasserer i eine hjørnet av posen i staden for i midten. Det eg erfarer oftast når posen svikter er at det er skarpe kantar eller hjørner på emballasjen som skjærer eller stikk hol i posen. Eg trur vanlege handleposar som du kjøper i butikk er av typen som er oppgitt til å ha eit volum på 15 liter, og eg kjenner meg rimeleg trygg på at disse posane skal tole å bli fylt til 15-20 kg om dei er heile og i orden. Men då er det viktig at det du transporterer er godt plassert. Til dømes trur eg det er lettare å transportere handleposar som er heilt oppfylt med vatn eller kanskje også sand utan problem sjølv om totalvekta då kjem opp mot 20 kg men heilt utan skarpe kantar.
  6. Så vidt eg veit så finnes det ingen definisjon om kva som er forsvarlig stand, det er ei konkret vurdering som føraren må ta gjennom heile køyreturen. Litt banalt sagt så er det nok slik at det er ditt ansvar om noko går gale. Forskjellen på forsvarlig stand og forskriftsmessig stand er at du som førar kan gjere deg nokre vurderingar på om det er forsvarleg eller uansvarleg å køyre. Manglar bilen lys så kan det være forsvarleg å køyre bilen med prøveskilt på dagtid, men bilen vil nok ikkje være i forsvarleg nok stand til å bruke på kveldstid. Tilsvarande om det er redusert bremsekraft så kan det være forsvarleg å flytte bilen i lav hastigheit og ekstra god avstand, men med dårleg eller manglande bremser så vil bilen heilt klart være uforsvarleg å køyre. Så det kokar nok ned til at dersom det skjer ei ulykke eller eit uhell så må du som førar stå ansvarleg for både køyringa og vurderinga av den tekniske tilstanden, og du må ta konsekvensen av at du beviseleg har vurdert feil om det likevel har skjedd eit uhell eller ulykke. Det er mogleg eg overforenkler litt men eg tenkjer som så at dei fleste 1-er feil vil være akseptable ved køyring med prøveskilt, 2-er feil krev ei vurdering der ein også vurderer køyresituasjonen som fart, sikt, vegbane, køyrelengde, lysforhold, trafikkmengde, og omsyn til andre trafikkantar samt miljø. 3-er feil tenkjer eg vil være heilt uforsvarleg, med veldig få og situasjonsbetinga unntak.
  7. Forsking har vist at kvinner orienterer best når dei kan basere seg på landemerker, medan menn i større grad teiknar eit mentalt kart og orienterer seg basert på himmelretningar. Det er vanskeleg å påstå at den eine metoden er overlegen den andre metoden. I eit opent landskap utan særleg til landemerker eller der sikta er sterkt redusert så vil nok menn statistisk sett navigere betre. Men så fort det også er landemerker som fjelltoppar og store trær så vil kvinnene statistisk sett kunne være betre til å orientere seg. Menn vil nok typisk være betre til å navigere seg gjennom framand landskap basert på eit kart ved at dei peikar ut ei retning. Medan kvinner på sin side vil typisk være mykje flinkare til å finne tilbake til utgangspunktet sidan dei har lagt merke til landemerkene og kan følgje disse tilbake. Kvinner vil av denne grunn også være betre til å finne vegen langs ei rute som dei har fått forklart, kanskje særleg om ruta er forklart av ei anna kvinne. Det som nok er den store praktiske forskjellen er nok kor fort menn og kvinner finner ut at dei har feilnavigert. Kvinner vil typisk kunne slå fast raskare at dei er på feil stad sidan dei brukar (mangelen) på landemerker som bevis for at dei er på feil stad. Menn vil i større grad holde fast på sin feilnavigering så lenge deira mentale kart tilseier at dei er på rett veg. Så som i dei fleste andre tilfeller så vil det utvilsomt være mest fordelaktig når begge kjønn jobbar saman om å løyse ei oppgåve der dei speler på kvarandre sine styrker alt etter situasjon.
  8. Å sjekke ein referanse er innsamling av persondata, det er det som er heile poenget. Slik innsamling av persondata krev aktivt samtykke. GDPR regelverket medfører også at har rett til innsyn i personopplysningane som er innsamla, det medfører at jobbsøkaren kan be om å få innsyn i referatet frå referanseintervjuet. For at innsamling av personopplysningar skal være lovleg så er det i dette tilfellet to viktige kriterier. At innsamlinga er sakleg, det vil den etter artikkel 6, 1 ledd punkt b være når formålet er avtaleinngåing. Og at det er gitt samtykke etter artikkel 7, punkt 1. Den som behandlar personopplysningane er også ansvarleg for å kunne påvise at det er gitt samtykke. Det kandidaten gir samtykke til er behandling av personopplysningane som er levert inn, deriblant dei referansepersonane som er oppgitt. Å kontakte ein referanse som kandidaten ikkje har gitt samtykke til vil då være på same nivå som ringe ungdomsskulen for å få oppgitt karakteren i orden og åtferd om det berre er lasta opp / sendt inn vitnemål frå universitetsutdanninga. Så er det eit unntak som kan gjere seg gjeldande i enkelte tilfeller, og det er at behandlaren brukar artikkel 6, 1 ledd punkt f som seier at det også er lovleg å behandle personopplysningar (utan samtykke) der behandlinga er nødvendig for å ivareta ei beretta interesse som må vektast tyngre enn enkeltpersonens interesser og grunnleggande rettigheiter. Eg kan likevel vanskeleg sjå for meg at dette unntaket er aktuelt i ei tilsettingssak, fordi ein arbeidsgivar som ikkje har fått nok opplysningar til å vurdere ei tilsetting alltid kan velge å innhente løyve til å ringe ein referanseperson til, eller kan ein kan velge å ikkje gi jobbtilbod. Å sette kandidatens grunnleggande rettigheiter til sides fordi ein vurderer selskapets behov som mykje meir tungtvegande, og brukar det som grunnlag for å ringe tidlegare sjefar utan samtykke (og utan at referansepersonen er førebudd på å bli ringt) vil nok sjeldan holde vatn. Ordninga med at ein berre ringer referansepersonar som kandidaten har gitt samtykke til å kontakte er langt eldre enn GDPR-regelverket. Så forskjellen etter GDPR er at krava til samtykke og forsvarleg behandling av personopplysningane har blitt formalisert. Også før GDPR var det uhøyrt å skulle ringe referansepersonar som ein ikkje hadde avtalt med kandidaten. Det er fleire grunnar til at det har vært slik, men ein av grunnane er at ein referanseperson som ikkje har fått førebu seg ikkje vil ha eit godt grunnlag for å svare på spørsmåla, det er heller ikkje gitt at denne tidlegare sjefen er ei relevant referanse. Det absolutt vanlegaste i bedrifter der ein har referansesjekk som meir enn eit sjekkpunkt på at intervjuaren skal ringe 1-3 tilfeldig oppgitte personar er at intervjuar og kandidaten avtalar kven som bør være referansepersonar. Då fortel intervjuaren om kva ein er ute etter å få bekrefta, og kandidaten foreslår referansar som har godt grunnlag for å kunne bekrefte eller avkrefte det som intervjuaren treng å få stadfesta.
  9. Ein har også betre juridisk ryggdekning for å anmelde slik svindel og kreve pengane tilbake enn ein har når ein handlar frå eit selskap i utlandet.
  10. Største utfordringa er at sidan folk har ulike øyregangar så er det ikkje alle øyrepropper som passar for alle. Særleg om du har store øyregangar så kan det være vanskeleg å få ein god fit og du kan oppleve at øyreproppane kjennes litt lause ut. Øyrepropper med bøyle som gir ekstra støtte mot sjølve øyret vil sitte betre og fordele belastninga på heile øyret slik at eventuelt ubehag i øyregangen blir mindre. Mange trådlause øyrepropper har litt vekt i seg ettersom dei skal innehalde både batteri og sender, så dei vil kunne irritere litt meir enn vanlege øyrepropper med ledning sidan dei veg mindre. Eg har også eit par med Jabra 4 Active, eg kjøpte propper i skumgummi som eg bytta til. Skumgummien fungerer slik som støydempande øyrepropper ved at du trykker dei saman og så utvider dei seg inne i øyret og gir eit godt grep tettar godt utan å gnage. Ein anna fordel er at støydempinga vil fungere ekstra godt når du får det heilt tett rundt øyregangen. Eg kjøpte mine på denne sida; direktelinken går til skumgummipropper som passer til Jabra 4 Active. https://www.complyfoam.com/products/truegrip-for-jabra-65t-75t Det einaste minuset for meg er at kunne tenke meg å få ta i skumgummipropper som er enda eit nummer større (du får med tre størrelser S, M og L akkurat som dei orginale i silikon), sidan skumgummien kan ekspandere ganske mykje så hadde eg kjøpt endå større propper om eg hadde funne tak i ettersom eg då hadde fått enda tettare i øyregangen og med mindre behov for å justere for å få den beste plasseringa då eg har ein øyregang som er litt oval og ikkje heilt rund på det eine øyret.
  11. Har eg misforstått noko? Dette betyr berre at Nintendo har akseptert å tilby reperasjon på Joy-Con kontrollere utover dei 12 månedane som Nintendo tilbyr som garantitid. Eg skjøner ikkje korleis Forbukarrådet har konkludert at dette betyr livstidsgaranti. Det kan like gjerne bety at Nintendo aksepterer å reparere defekte kontrollarar innafor reklamasjonstida. Det er ikkje ein gong sikkert at Nintendo kjem til å akseptere 5 års reklamasjonstid på kontrollane, langt mindre på livstid. Føreligg det ein avtale som ikkje er omtalt i artikkelen om garantitida? Eller har Forbrukarrådet og Nintendo svært ulike oppfatting av kva dommen betyr?
  12. Det er sjølvsagt viktig å berre hente fram referanser som vil gi deg ein ærleg men god referanse. Grunnen til at ein kollega kan være ein vel så god referanse er at kollegaer har betre kjennskap til korleis det er å jobbe med deg. Det er ikkje alle som har ein sjef dei jobbar tett opp mot i det daglege så ein kollega kan ofte svare betre ut på det som går på samarbeidsevner, arbeidsinnsats, bidrag til arbeidsmiljøet, osv medan sjefen ofte berre ser resultatet av arbeidet som blir levert og ikkje korleis arbeidet vart utført. Det er nok sant at ein god kollega kan ha i overkant positiv innstilling, men det kjem veldig ann på kva den potensielle arbeidsgivaren brukar referansen til. Ein kollegareferanse kan ofte være ei god motvekt til kva sjefen seier om personen. Andre alternative med aktuelle referansepersonar kan være husverten du leiger hos som kan seie noko om punktlege betalingar, evne til å ta vare på eigedelar som du får låne, og kor mykje omsyn du har til andre med tanke på til dømes støy. Lærarar, og då særleg som nyutdanna kan være ein god referanse som kan seie ganske mykje om kor skuleflink du er, kor hard du jobbar for å få dei karakterane du har, kor flink du er til å strukturere arbeidet, korleis du håndterer stress og eksamensnerver, osv. Ein tillitsvald på arbeidsplassen kan også være ein god referanseperson då dette er ein person som jobbar tett opp mot både kandidaten og sjefen og er såleis i posisjon til å seie noko fornuftig om både kandidaten og arbeidsplassen generelt. Det aller viktigaste med ein referanseperson er at referansen må kjenne deg personleg, samtidig må den som intervjuar referansepersonen være merksam på kva referansepersonen har føresetningar for å kunne svare på. Sjefen vil ofte ikkje være rette personen å spørje om korleis kandidaten blir likt blant kollegaer. Kollegaen vil nok ikkje være rette personen å spørje om korleis kandidaten innretter seg etter instruksar, og eit familiemedlem vil ikkje være rette personen å spørje om korleis kandidaten fungerer på arbeidsplassen.
  13. Oppgir du sjefen som referanseperson? Ein ny arbeidsgivar skal ikkje kontakte referansepersonar som du ikkje sjølv har oppgitt, dette på grunn av reglane i blant anna GDPR som krever aktivt samtykke til innsamling av personopplysningar. Så om arbeidsgivaren du søker jobb hos kontakter din sjef direkte for å be om referanse så seier det også ganske mykje om seriøsiteten til den potensielle arbeidsgivaren. Husk at du ikkje nødvendigvis treng å bruke dagens sjef som referanse, sjølv om potensielle arbeidsgivarar helst vil snakke med nærmaste leiar så kan du fint bruke andre personar som referansar. Dette kan til dømes være kollegaer, kundar, sjefen til sjefen, sjefen i ein tidlegare jobb, osv. Det er ikkje uvanleg at ein kandidat ikkje vil bruke sjefen som referanseperson. I enkelte tilfeller handlar det om at det har oppstått ein konflikt eller manglande tillit mellom deg som arbeidstakar og sjefen, eller som med deg at sjefen din saboterer for at du ikkje skal slutte i jobben, eller rett og slett at den som søker jobb ikkje ynskjer at sjefen får vite om at du søker deg vekk før du er klar til å levere oppseiinga. Det kan være fornuftig å forklare potensielle arbeidsgivarar kvifor du ikkje ynskjer å bruke sjefen som referanse, og den potensielle arbeidsgivaren likevel kontaktar sjefen så har du i det minste satt eit rammeverk for at den potensielle arbeidsgivaren må sjå på opplysningane i den konteksten av at sjefen ikkje vil miste deg. Edit: @plankeby Det som meines er at sjefen ikkje seier rett ut at sjefen ikkje vil miste trådstarter, det sjefen gjer er derfor å lyge for å få trådstarter til å framstå som så lite attraktiv at ho ikkje får jobbtilbod. Så den potensielle arbeidsgivaren så får berre eit inntrykk av at trådstarter er lat, dum, upåliteleg og alle andre negative karakteristikkar.
  14. Eg tviler ikkje på at kineserane har samla inn slik informasjon om amerikanske militærbaser, samtidig så har kineserane ei brukbar bortforklaring. Registrering av elektroniske signal kan også brukast til værforskning ettersom været også blir styrt av elektriske spenningar i atmosfæren. Sjølvdestruksjonfunksjonen kan nok bortforklarast med at det er ein sikkerheitsmekanisme i tilfelle ballongen står i fare for å kome i konflikt med flytrafikken (i utgangspunktet skulle værballongen langt over den sivilie luftfarten). Eg er derfor spendt på kva som kjem ut av dette, for slik som eg ser det så vil det være umogleg å konkludere med kva kineserane har brukt dei innsamla dataene til. Artikkelen seier ingenting om andre måleinstrument som temperatur og trykkmåler, men eg finn det usannsynleg at det ikkje også var måleutstyr for vanlege værdata på ballongen. Eg reknar med at dette kokar ned til at USA later som at dette er eit alvorleg tillitsbrudd frå Kina, og at kineserane latar som at det er kjempefornærmande å bli anklaga for spionasje.
  15. Mitt klare inntrykk er at dette gjeld dei fleste selskap som i all hovudsak selg sine produkt til forhandlarar som igjen selg til forbrukarar, og særleg når det gjeld utanlandske selskap. Sjølv om ein som forbrukar i Norge har rett til å reklamere mot tidlegare salsledd så er dette i praksis ofte vanskeleg å få gjennom. Både fordi selskapet aktivt prøver å riste av seg reklamasjonskrav ved å henvise til til siste salsledd, men også fordi selskapet ofte manglar kunnskap om regelverket som gjeld for norske forbrukarar og fordi dei manglar eit system for å handtere reklamasjonskrav retta direkte mot produsenten. Det er derfor produsentar veldig ofte berre snakkar om garanti og garanti-periodar, for dette har dei god kontroll på sidan dei sjølv har definert kva garantien skal dekke og kor lenge den skal vare. Så fort du snakker om reklamasjon så blir dei fort kunnskapslause. Dette fenomenet møter du av og til også hos butikkansatte som nekter å godta ein reklamasjon fordi det på produktet står at 1 års garanti og så trur den butikktilsette at garanti og reklamasjon er det same. Når ein opplever å bli ein kasteball i systemet som blir satt over frå den eine personen til den andre så kan dette være ein bevist strategi, men det er også vel så sannsynleg at dei personane som sitt hos f.eks. Samsung Norge ikkje veit korleis dei skal handtere at ein forbrukar ringer for å reklamere. I enkelte tilfeller må ein berre gi opp å prøve å oppnå fornuftig kontakt med tidlegare salgsledd, då kan eit alternativ være å reparere tingen sjølv slik som trådstarter har tenkt å gjere ved å kjøpe nytt batteri, og så kan han heller ta ei vurdering på om han vil ta jobben med å vidaresende rekninga til Samsung Norge. Så lenge ein har reklamert på tingen innen rimeleg tid så har ein rett på å få mangelen utbetra. Blir ikkje mangelen utbetra så kan forbrukaren kreve erstatning for sine kostnadar, i dette tilfellet kostnadane med å få bytta batteriet sjølv.
  16. Reint strategisk så trur eg det er ein tabbe av deg å skrive på Facebook eller liknande. Ein ting er at du riper opp i gamle ting som mange ikkje ein gong har vist om, og gir ein påminner til dei som har vist om det og gløymt det, men det opner deg også opp for at du sjølv kan bli anklaga av henne om å spre løgner og med påfølgande konflikt der Facebook-innlegget blir brukt som bevis medan du ikkje har tilsvarande bevis for dei opprinnelege løgnene. Eg er også bekymra for du gir grunnlag for at du kan bli fordømt på nytt av offentlegheita. Sjølv om dette er lenge sidan så har også haldningane i samfunnet endra seg, så det som før var straffbare seksuelle ting kan med dagens auger reknast som regelrett voldtekt. Så eg meinar heilt bestemt at du bør prøve å nemne dette for så få personar som mogleg samtidig som du sjølv jobber med å bearbeide dette. Eg synes også at du bør være forsiktig med å konfrontere henne, særleg når dette kan være ting som ho ikkje lenger tenker på før du eventuelt minner henne på det. Du kan nok godt helse på henne om du møter på henne på gata, akkurat slik som det er vanleg med eit kleint lite anerkjennande nikk eller litt småprat når ein møter ein gamal ekskjæreste. Men eg ville definitivt ikkje tatt opp temaet i håp om ei unskulding, i alle fall ikkje før du har oppnådd ein meir vennskapleg kontakt med henne. Det er mykje større fare for at ho kjem til å gå i forsvarsmodus om du konfronterer henne med gamalt slagg, særleg fordi det har gått så lang tid så er det også godt mogleg at ho har lurt seg sjølv til å tru på løgnene. Disse løgnene som ho har fortalt om deg tidlegare har heilt sikkert tent ein funksjon for henne reint personleg, og har kanskje fungert som ei unskuldning for ting ho har gjort og sagt medan ho var i psykisk ubalanse. Så då kan det være at ho ikkje lenger tenker på dette som løgner men som ei sannheit som ho har overbevist seg sjølv om og som ho ikkje tørr å gi slepp på utan å også måtte bearbeide det ho har av gamle traumer. Så her tenker eg at det er all mulig grunn til å være ytterst forsiktig. Aldri vekk ein sovande bjørn om du ikkje er førebudd på å ta din livs kamp.
  17. Så. Du er tilsett (i fulltidsstilling?) i ditt eige AS. Dette aksjeselskapet har leigd ut din arbeidskraft til eit anna firma B sjølv om ditt aksjeselskap ikkje er registrert som bemanningsbyrå hos arbeidstilsynet? Eg antek det er dette du meiner med at det ikkje er eit godkjent bemanningsforetak? Om innleiger har brutt forbodet mot ulovleg innleige av arbeidskraft så kan du gå til sak for å kreve fast tilsetting i firma B, vinn du fram så kan du få dom på at du har fast tilsettingsforhold i firma B. Eit anna alternativ er at at firma B blir pålagt å avslutte det ulovlege innleiget. Det som kompliserer det heile er at du både er arbeidstakar og eigar av aksjeselskapet. Eg er usikker på kva ansvar du som eigar av aksjeselskapet som har gitt tilbod om arbeidskraft frå eit aksjeselskap som ikkje er registrert som bemanningsbyrå og til tross for at arbeidet ikkje har vært av ein slik midlertidig karakter som lova krev. Eit anna usikkerheitsmoment her er korleis arbeidet har blitt organisert. Har du vært utleigd til firma B som har styrt deg og dine arbeidsoppgåver som om dei var din arbeidsgivar? Eller har du vært tilsatt i aksjeselskapet, og det er aksjeselskapet som har blitt leigd inn for å utføre ein jobb hos firma B? Dette er ikkje nødvendigvis eit heilt klart skille, kanskje særleg når ditt aksjeselskap ikkje har registrert seg som bemanningsbyrå så er det rimeleg å anta at ditt aksjeselskap har leigd ut tenester frå aksjeselskapet og ikkje leigd ut deg som arbeidstakar.
  18. Eit råd på vegen er at du tek nøyaktige mål og lager ei skisse, gjerne også med bilder av både dør og karm. Så tar du med deg skisse og bilder til ditt lokale byggvarehus og spør der om hjelp til å finne rett dør (om dei har). Om dei ikkje har dør i rett størrelse så kan du til og med bestille dør på mål frå produsent, då blir det sjølvsagt ein annan pris men det er i vertfall eit alternativ som du bør sjekke ut. Det enklaste alternativet, men som også er det dyraste er sjølvsagt å ta kontakt med ein fagmann og gi vedkommande oppdraget om å bytte både dør og karm. Også her bør du har ei nøyaktig skisse med mål og gode bilder om du ikkje også vil ha fagmannen på befaring.
  19. Det kjem ann på kva tiltak ein har frå NAV og kva som er grunnlaget. I all hovudsak så er kontrollspørsmålet om det du får frå NAV er pengar du hadde fått enten du var fattig eller rik? Dagpengar får ein som arbeidssøkande uansett kva ein har i formue, dette fordi dagpengane også er meint å være ein motivasjon for å være aktiv jobbsøkar. I tillegg er dagpengane basert på kva du hadde før i lønn, ikkje kva du hadde/har av formue Får du derimot bustøtte fordi du ikkje har økonomi til å betale heile husleiga sjølv, ja då får du avkorting om busituasjonen endrer seg. Ei endring kan være at du får arv slik at du har råd til å betale husleiga sjølv (eller kjøpe eigen bustad), men du får også avkorting om du tek opp ein sambuar også har inntekt. Du kan også få meir i bustøtte om det er utgiftene som endrer seg, som at straumprisane eller husleiga auker. Det ein er i tvil så bør ein i alle tilfeller melde frå om økonomiske endringar slik at ein ikkje begår trygdesvindel om ein får pengar frå NAV som ein ikkje har rett på når ein har fått formue. Har formuen ingenting å seie så speler det ingen rolle at du har meldt frå til NAV. Merk også at det uansett er vanskeleg å skjule arv frå NAV, så om nokon spekulerer i å unngå å opplyse NAV om at dei har fått arv for å ikkje miste f.eks. sosialstønaden så er sannsynlegheiten stor for at NAV uansett oppdager det og anmelder forsøket på svindel.
  20. Kva er du ønsker å oppnå? Du kan velge mellom alt frå å ignorere heile saka, til å kreve å få ei unskuldning, til å framstille krav om at ho må straffast. For meg så virker det ikkje som at disse løgnene har hatt særleg effekt på kva retning livet ditt har tatt, så i lys av dette så tenker eg at det nok er lite fornuftig å skulle blåse støvet av løgnene. Blir det eit offentleg etterspel så vil løgnene bli servert på ny, og sjølv om kontektsen er at det som blir sagt ikkje er sant så vil det være nye personar som då får høyre løgnene og som vil gjere seg sine eigne tankar rundt truverdigheita til anklagene. Så når sjokket har fått lagt seg så trur eg nok det er best å berre ignorere dette, og prøve å holde avstand. Det er tydeleg at mykje av dette kan avskrivast med psykisk sjukdom, behov for oppmerksomheit og kanskje ei god dose med ungdoms dumskap. Om du skal foreta deg noko så vil du nødvendigvis måtte ha ein form for kontakt med henne, enten skriftleg via advokat eller ansikt til ansikt i eit konfliktråd eller rettssal, og det er kanskje meir opprivande for deg i dag enn å vite at nokon kan ha fått servert løgner og tenkt stygt om deg for over 20 år sidan? Erstatning og/eller oppreising vil det nok ikkje være grunnlag for med mindre du kan vise til praktiske konsekvensar av løgnene, og kanskje vel så viktig så må du kunne bevise at det som har blitt sagt ikkje har vært sant. Så om eg skal råde deg til noko så er det å holde lav profil og prøve å legge dette bak deg, og om det skulle kome nye løgner så får du heller gripe tak i det som er ferskvare.
  21. Heil einig. Største utfordringa for journalistyrket i dag er nok at det er svært mykje klipp og lim enten frå NTB og tilsvarande organisasjonar, eller regelrett saker som er saksa rett frå ein konkurrerande redaksjon. Det finnes heldigvis fortsatt god undersøkande og kritisk journalistikk, men dette druknar dessverre i mengden av søppel og click bait. Det at dei få journalistane som fortsatt bedriver ordentlig journalistarbeid utelukkande publiserer arbeidet sitt bak betalingsmurar er også ein skummel trend for framtidig nyheitsformidling. Eg forstår at når eit titals journalistar har jobba i vekesvis med å gjere research så ønsker ein å få betalt for arbeidet. Problemet med betalingsmur er at dei einaste som betalar for å lese slike nyheiter er dei som alt har interesse for slikt, så då forsvinn mykje av folkeopplysninga sidan den viktige djuptgåande journalistikken blir gjort utilgjengeleg. Då blir det slik at vanlige folk som treng hjelp til å få forklart konteksten til ei nyheitssak berre får lese overskriftene, og vil dei ha meir opplysningar så vender dei seg til kva influensere og andre kjendisar har å meine om saka ettersom dei publiserer sine meiningar på opne plattformer der kven som helst kan lese det. Min dystre spådom er at heile journalistyrket kjem til å forsvinne fordi ingen er villige til å betale for arbeidet. Gode nyanserte nyheitssaker er ikkje noko som folk flest trur dei treng, folket vil stort sett berre ha underholdninga. Ikkje er det ei spesielt god løysing å betale journalistar over skatteseddelen heller då dette skapar eit avhengigheitsforhold mellom journalistar og politikarar som er med på hindre fri og kritisk journalistikk. Det kan være at det er den vegen vi må gå om vi skal ha journalistar i framtida, men ei slik ordning vil berre fungere så lenge vi har tillit til styresmaktene, og tillit til at styringsmaktene vel aldri vil true med å kutte inntekta til redaksjonar som stiller styresmaktene til ansvar når det blir gjort feil?
  22. Om det berre er lydisolering du ser etter så vil dette typisk være dører som er lettare og billegare enn branndører. Enkelt forklart så er bpde brann- og lydisolerte dører godt isolerte, men branndører må i tillegg være ubrennbare medan dører som er isolert for lyd eller varme kan byggast med alt frå isopor til steinull. Når er leilegheita bygd? Er det ventilasjonsforhold som du må ta høgde for når du bytter dør? Eit billeg og enkelt fyrstesteg kan være å montere tettelist rundt dørkarmen, du kan til og med montere lydisolerande plate på dørbladet, til dømes gipsplate eller lydabsorberande plate.
  23. Det kjem ann på. Det fyrste du må sjekke er om du har vanlige innerdører som du får kjøpt i butikk, så mål dørene i alle dimensjonar og sjekk om du finn like dørblad i butikk. Deretter er det eit spørsmål om plasseringa av hengslene. Mange dørblad har ferdige punkt for å monterr hengslene, men du kan også kjøpe dørblad utan hengsler som du kan tilpasse sjølv. Merk at dersom du må til å frese ut dørbladet for å montere hengsler så er du ikkje veldig langt unna at du kan nesten like gjerne montere ny dørkarm også.
  24. Men når du lar deg lure fordi det høyres truverdig ut, er det då ein god aprilspøk? At nokon seier opp jobben sin i månedskiftet er ikkje så usannsynleg, så hintet der til at det var ein spøk er at at det er uvanleg at redaktør og eigar av ei avis seier opp jobben utan å også informere om kva som skjer med selskapet. Uansett så er det forskjell på å bli servert usannheiter og på å bli lurt. At det skjer ting i starten av andre kvartal er ikkje så uvanleg, blant anna er det ulike lover som trer i kraft: https://lovdata.no/artikkel/lover_i_kraft_1__april_2023/4354
  25. Eit anna moment er også at gode aprilspøker er mykje vanskeligare å få til når folk flest er langt meir opplyste. Dei aprilspøkane som klarer å lure flest er også dei aprilspøkane som er så realistiske at det like gjerne kunne vært sant. Å spøke med at kommunen vil sette opp eigedomsskatten, at vegvesenet advarer mot glatte vegar, eller at win blogger kan melde om at ho er gravid er ikkje særleg gode aprilspøkar. Spøkar om at spagetti veks på trær, at TV-en må pakkast inn i aluminiumsfolie for å unngå TV-lisens, eller at vin-tønna på vinmonopolet er lekk og folk må kome med bøtter, er gode spøkar som ingen går på lengre. Dei beste aprilspøkane i dag er eigentleg spøkane der ein tek det meir som ein merkedag og gjer noko gøy akkurat denne dagen. Som når Google maps hadde ein PacMan knapp slik at ein kunne spele PacMan i kartet, at ein skifter farger på heimesida denne dagen, eller at baker bollene sine med smilefjes i staden for kjedelige glatte bollar. Slike spøkar krev nok litt for mykje arbeid til at det blir prioritert å bruke tid på det.
×
×
  • Opprett ny...