Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 063
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Pro versjonen er også gratis tilgjengeleg på dei aller fleste bibliotek ved å logge seg på bibliotekets wifi og bruke lenka http://lovdata.no/pro/ip
  2. Folk har hatt god tid, det har til og med blitt brukt pengar på TV-reklame for å minne folk på å levere inn. Det sagt så trur eg mange loggar seg inn i kveld berre for å sjå over ein siste gong, og då må dei logge på skatteetaten sine sider og dette bidreg sjølvsagt til stor trafikk. Så her burde ein ha ei anna løysing som kvittering på vanleg epost eller digitalt på altinn eller liknande.
  3. Så vist eg kan forstå så er nok dette innafor arbeidsmiljøloven når det blir presisert at sjåføren kan bruke den tids som trengs til dobesøk. Det som gjer ordninga uleveleg er at pliktoppfyllande sjåførar tek på seg eit ansvar som dei ikkje har, og dermed treng ikkje arbeidsgivar å berekne meir enn 3 min dopause ettersom sjåførane enten brukar berre denne tida eller held seg til slutten av dagen. At bussen blir forsinka fordi leiarane ikkje har kalkulert nok tid til dopausar, fartsgrenser og passasjerar som skal av og på bussen er strengt tatt ikkje sjåførens problem sjølv om det kjennes slik. Det du spør om angåande objektive tider for ulike kroppslege funksjonar finnes ikkje, i alle fall ikkje på ein brukandes måte. For kor lang tid ein treng til dopause kjem meir ann på alt det praktiske som avstand til toalettet frå der ein parkerer, om det er dokø, osv. Så då kokar det litt ned til om det er behov for meir tid eller betre tilrettelagte fasilitetar. I tillegg så må du sjølvsagt argumentere med sikkerheitsomsyn for alt det er verdt, busskøyring er konsentrasjonsarbeid der ein må ha kontroll på både buss, trafikk og passasjerar til ei kvar tid så hyppige korte pausar er også ulykkessreduserande.
  4. Eit anna problem er også førehandsdømming, slik som i denne saka så har både vi og media konkludert utan at saka har blitt etterforska. Vi har eigentleg berre ein versjon av hendinga, eg er heilt einig i at dette ser veldig stygt ut men det kan være ting som gjer at dette var forsvarleg i denne situasjonen. For det er heilt klart at politiet mista totalt kontroll på situasjonen i forkant, uansett kven som har skulda så skal ein politiaksjon openbart ikkje ende opp i masseslagsmål. Heldigvis for politiet i denne situasjonen så var dette forholdsvis lovlydige ungdommar som politiet gjekk laus på. Hadde dette vært gjengkriminelle med kniv i beltet så hadde denne situasjonen blitt livstruande for politiet som endte opp med å havne på bakken.
  5. Det er nok ikkje laga til søkemekanikk for dette. Du kan til ei viss grad nå ut til slike personar når du annonserer på Facebook ved at du kan betale for å velje ganske så spesifikke kriterier, særleg det som går på aldersgruppe og bustad. Usikker på kva andre parameter du også kan rette deg imot. Før kunne brukarane av Facebook søke på langt meir avanserte ting, men mykje av dette er fjerna av omsyn til personvern og kanskje aller viktigast for at Facebook vil verne om opplysningane dei har samla inn til dei finn ein måte å tene pengar på det.
  6. Eg er ganske sikker på at det er slik at du "låser" prisen til det som var prisen i det du starta fylleprosessen. Så om prisen på den store pristavla går opp eller ned så vil du betale den opprinnelege prisen fram til du avsluttar tankinga. Eg kan aldri sjå for meg at prisen kan endrast undervegs i fyllinga, blant anna på grunna av det seier om regelverket, men også fordi det er teknisk krevjande å ha slik dynamisk pris når det skal skrivast ut kvittering og liknande.
  7. Eg reknar med at dette kjem til å gå heilt fint. Det blir som når den industrielle revolusjonen kom, det var sjølvsagt langt færre som kunne livnære seg ved å grave opp åkeren med spade eller veve tøy for hand, men det vart ikkje manko på arbeid av den grunn. Etter ei kort omstillingsperiode så dukka det opp heilt nye arbeidsoppgåver som det ikkje var mogleg å jobbe med før. Eit effektivisert jordbruk og billegare produkt som klær, lampeolje, osv gjorde at enda fleire kunne bu i byane og ha ulike typar kontorjobbar og få betalt berre i pengar. Av nyare eksempel så er det nesten ingen som i dag kan jobbe som skomakar, telefondame, eller isskjærar. Sko er så billege å kjøpe nye at det ikkje er verdt å reparere dei, telefondamene er for lengst bytta ut med datamaskiner som koplar om telefonlinjene mykje raskare, og når alle har elektriske kjøleskap så er det ikkje nødvendig å kjøpe svære isblokker for å holde maten avkjølt om sommaren. Eg er heilt sikker på at når AI etterkvart tek over alt frå saksbehandling til å skrive romanar, så vil dette berre lausrive arbeidsressursar som vi kan bruke til heilt andre ting. Det kjem til å dukke opp heilt nye yrker som vi ikkje ein gong har tenkt på, og ikkje berre nye yrker som krev spesialkompetanse. I dag kan ein leve av å være influensar der ein gjennom sosiale media lever av å fortelje følgjarane sine kva dei bruke pengane sine på, og ein kan attpåtil leve av å filme seg sjølv medan ein ser på TV ved å lage ein "reaction" kanal eller filme seg sjølv pakke opp ulike ting på sin "unboxing" kanal. Det er ikkje så lenge sidan at du hadde blitt ledd av ganske kraftig dersom du sa at du hadde tenkt å leve av å filme deg sjølv ete middag, såkalla "mukbang". Kva som blir mogleg å leve av i framtida tørr eg eigentleg ikkje å gjette på ein gang, men kanskje vi vil få ei heilt ny yrkesgruppe som spesialiserer seg på sosial kontakt etterkvart som at teknologien tek over det meste av det som vi i dag tek med fysiske personar?
  8. Fordi at den som streikar ikkje sjølv valgt verken å gå ut i streik eller å avbryte streiken, den som streikar har blitt utpeikt av sitt forbund til å gjennomføre ein streik ikkje berre for seg sjølv men som representant for alle dei andre. Argumentasjonen for at den som streikar bør få rikeleg med kompensasjon for å ta den belastninga det er å streike på vegne av fellesskapet er at det er ei belastning som ved delvis streikeuttak blir lagt på ei lita gruppe av medlemmar. Samt at eg meiner at den som er i streik skal være trygg på ein bli ivaretatt av eige forbund også økonomisk. Det kan ikkje være slik at den som står i streik vurderer å bli streikebrytar av omsyn til privatøkonomien fordi ein får mindre pengar enn normalt og fordi ein ikkje veit kor lenge streiken kjem til å vare. Særleg relevant er dette for dei forbunda som har kompliserte rettningslinjer for streikebidraget der ein får litt meir om ein har mindreårige barn, litt mindre om ein er ugift, osv. ettersom dette i svært liten grad gjenspeiler dei reelle behova til kvar enkelt. Pengane som blir utbetalt i streikebidrag er sjølvsagt kontigentpengar som alle medlemmane har betalt inn, men eg synes at det er heilt uproblematisk at pengane blir betalt ut til streikande medlemmar, då dette blir som ei forsikringsordning der alle betalar inn litt for at den som nesten gong blir pålagt å gå frå jobben sin for å streike får pengane tilbake. Har forbundet råd til å betale ut honorar til tillitsvalgte for at dei skal ta på seg belastninga det er å være tillitsvalgt, ja då synes eg det burde være godt innafor å også påsjå at dei som går ut i streik ikkje tapar meir på å være i streik enn dei øvrige medlemmane som også er ein del av streiken sjølv om dei ikkje har gått frå jobbane sine.
  9. Og ulike forbund fastsetter ulike streikebidrag med ulike vilkår. Det er vanleg å berekne streikebidraget slik at det tilsvarar omtrent vanleg lønn minus skatt, men her står forbunda heilt fritt til å bestemme sjølv. 73% av lønna vil vanlegvis bety at ein går i null, og for mange vil den summen være ca 4000 kr. Men det er ingenting i vegen for at eit forbund kan premiere dei streikande med mykje meir, eller ingenting for den slags skuld.
  10. Eg er eigentleg overraska over at så mange fagforeiningar er så tilbakehaldne på streikebidraget. Eg forstår sjølvsagt at ein må være litt tilbakehaldne for å ha råd til å ha ein storstreik, men eg tenkjer at ved delvis streikeuttak så burde ein nærmast få dekt eit streikebidrag som er minst like stort som ordinær lønn. Når LO tok ut 23 000 personar i streik så er det ikkje eit så enormt stor antall personsonar at det hadde vært uråd å rekne ut kva lønn dei ville fått på disse fire dagane og betale ut dette i staden for å berre betale ut ein lik sum til alle. Ved ein storstreik så må ein nok tole å også tape litt privat på å streike for at organisasjonen skal ha økonomi til å halde oppe streiken så lenge det er nødvendig. Men når det er 22 000 personar som streikar på vegne av 970 000 LO medlemmar så fortstår eg ikkje kvifor dei ikkje får streikebidrag som tilsvarar vanleg lønn og vel så det. Dette ville berre blitt eit marginalt større innhogg i det enorme streikefondet, og det ville bidratt til ei enda større streikevilje blant dei streikande. Det siste ein treng som fagforeining er at dei som har blitt tatt ut i streik startar å klage over dårlege streikevilkår og presser på for å få avslutta streiken.
  11. Høgskulen/universitetet plikter å gi deg tre forsøk på å bestå eksamen. Det fyrste forsøket er den ordinære eksamenen, deretter to konteeksamenar. Konteeksamenane må takast innan to kalenderår frå den opprinnelege eksamensdatoen. Merk at du kan søke om fleire forsøk men du har ikkje rett på å få søknaden godkjent. Det som avgjer om du får fleire forsøk er oftast reint praktiske ting, som om faget du skal ta eksamen er uendra i læreplanen. Om faget er heilt likt så kostar det veldig lite for skulen å rette ein eksamen ekstra, men om faget er endra slik at du er den einaste som skal ta eksamen etter gamal læreplan slik at skulen også må lage ein ny eksamen basert på den gamle læreplanen i tillegg til å gjennomføre sensur av oppgåva så vil skulen fort finne ut at det blir for dyrt. Men skulen plikter likevel å gi deg to slike forsøk så innimellom må skulen lage ny eksamen for at andre studentar skal få nytte seg av sin rett til konteeksamen, og då er det ein sjangs for at du kan slenge deg med på n'te forsøk utan nemneverdig ekstra kostnad for skulen som alt har utarbeida ei eksamensoppgåve. Den statlege støtta som skulen får er blant anna basert på antall beståtte studiepoeng. Så ein av grunnane til at ein ikkje har rett på meir enn 3 forsøk er skulen skal kunne kutte tapa sine og slutte å legge ressursar i ein student som ikkje er i stand til eller som er motivert nok til å bestå. Samtidig gir det også eit lite intensiv til skulen å legge til rette for at dei studentane som skulen alt har investert mykje tid i får disse siste forsøka på å få alle 180 studiepoenga som trengs for ein godkjent bachelorgrad og tilhøyrande statsstøtte til høgskulen. Det aller viktigaste for deg er å ta kontakt med studierettleiaren så tidleg som mogleg. Eg reknar med at du vil bli møtte med forståing for din situasjon, men jo tidlegare du er ute jo lettare vil det nok være å få på plass ein plan. Alternativet blir at du må ta andre fag (eventuelt på ein anna høgskule) for å fylle opp dei nødvendige studiepoenga for å få graden din.
  12. Basert på denne fyrste delen av innlegget ditt så får eg heilt klart inntrykk av at du ønsker ei miljøforandring. Det du skriv om arbeidsoppgåvene ser ut til å kome i andre rekke. Det er ikkje sikkert at det er så veldig mykje annaleis i andre bedrifter, men eit godt arbeidsmiljø har mykje å seie for å trives. Du skriv ingenting om kor stort firma du jobbar hos i dag, men eit tips kan være å søke deg over til eit firma som er større eller mindre enn det du jobbar for i dag. For din utvikling så er forskjellen i grove trekk at eit stort firma med stort fagmiljø gir større muligheit for å finne gode kollegaer som du passer godt saman med, og det gir godt grunnlag for å diskutere faglege problemstillingar og på den måten få ei fagleg utvikling. Det som kan være ulempen med store firma er du fort kan ende opp med å spesialisere deg slik at arbeidet blir meir monotomt fordi du jobbar med nøyaktig det same kvar dag, fordelen igjen er då at du naturlegnok blir veldig god på det du har spesialisert deg i. I eit lite firma er det mindre fagleg utvikling fordi det er færre å diskutere med, og du er meir prisgitt at dei få kollegaene du har er gode kollegaer som du trives med. Det som kan være ulempen i eit lite firma er at du må drive litt med alt utan at du får tid til å bli skikkeleg god på ein bestemt ting. Når det gjeld sjølve arbeidsoppgåvene så vil eg også nemne at i tillegg til å gå tilbake som handtverkar så kan du også bruke RIB kompetansen din til å jobbe på andre sida av bordet med tredjepartskontroll, inspeksjon og tilsynsoppgåver. Det kan sikkert bli einsformig det også men du vil i mykje større grad være fysisk ute på bygga for å leite etter fysiske ting som ikkje er i samsvar med dokumentasjonen (eller omvendt). Eg skal ikkje påstå at dette er kreativt og nyskapande arbeidsoppgåver, men det er ei heilt anna vinkling å bruke kompetansen din på å kontrollere det som andre RIB utfører og ikkje minst kva som skjer ute på byggeplassane, og du har kompetanse på begge deler.
  13. Vil legge til at det også er fleire arbeidsgivarar som har fått augene opp for den kompetansen som reinhaldarar som har tatt fagbrev i faget sitt på. Så det har blitt eit tydelegare skilje mellom den klassiske "vaskedama" som det ikkje blir stilt kompetansekrav til og til reinhaldsoperatøren som er ein fagarbeidar i faget sitt. Særleg etter at fagutdanninga som reinhaldar i 2008 vart flytta frå VGS helse og sosial til VGS bygg og anlegg så har yrket og utdanninga fått eit løft, og dei som jobbar som reinhaldarar har gått frå å ha ansvaret for at det ser reint ut til å påsjå at det som er vaska er hygienisk reint og at kva reinhaldsmetode som bidreg til å forlenge levetida på bygget ved å førebygge skader og vedlikehaldsbehov. Ulempen med dette er at den klassiske ufaglærte reinhaldaren som har fått ein jobb som omtrent alle kan utføre nok i framtida vil bli enda meir pressa ned på lønnsstigen medan reinhaldarar som har tatt skulegang kjem til å rykke frå og dermed bidra til at det blir større forskjellar. I dag har ein ufaglært reinhaldar ei tarifflønn på ca 350 000 kr medan ein reinhaldsoperatør med fagbrev har ei tarifflønn på ca 400 000 kr, denne forskjellen trur eg kjem til å fortsette å auke sidan vi stiller stadig større kompetansekrav i arbeidslivet generelt. I tillegg har vi hatt ein pandemi med eit reinhaldsfokus som nok verkeleg gjorde at folk flest og arbeidsgjevarar fekk opp augene for forskjellen mellom å ha ein reinhalder som berre drar den same moppen over alle flater og ein reinhaldsoperatør som brukar tida på å reingjere kontaktflater med så skånsome reingjeringsprodukt som mogleg.
  14. Fordi at ein stor del av det å lære er å få forklart stoffet på ein måte som er forståeleg for kvar enkelt elev. Hadde det vært så enkelt så hadde ein heller ikkje trengt å ha ein lærar på video, det burde være nok at alle elevane les i læreboka sidan det der står alt som eleven treng å lære. At ting kan og vil endre seg i framtida er nok heilt klart. Eg kan mellom anna godt sjå for meg ein mellomting der ein brukar både nasjonale læreressursar f.eks. over video som kan presentere lærestoffet slik at lokale lærarar kan fokusere på å få kvar enkelt elev til å forstå korleis kunnskapen skal brukast. Eg trur nok også at vi i framtida vil få mindre behov for lærarar, både fordi ein satsar på litt andre ting i framtida og som ein nødvendig konsekvens av at det blir færre lærarar å få tak i. Det virker som at det er ei samfunnsforventing at lærarane også skal være sosialarbeidarar, og om den forventninga står seg så vil skulane måtte skaffe seg denne kompetanse. Den tvungne lønnsnemda for lærarar i fjor fordi elevane begynte å slite psykisk når dei ikkje fekk samlast på skulen er vel meir eller mindre eit bevis på at regjeringa også meinar at skulen skal ha ansvaret for psykisk helse og for å være tilby ein sosial arena. Tidlegare var innstillinga at det å gå på skule var ein slags jobb, og at sosiale aktivitetar var noko som ein dreiv med etter skuletid enten det var i privat regi eller i regi av organiserte ungdoms- og idrettsklubbar. I dag er det tydelegvis meininga at det er skulen og dermed også kommunane som skal ha ansvaret for elevane både skaffar seg vennar og har plassar der dei kan møte vennane i regi av skulen. Så blir det spennande kva som skjer i framtida. Sjølv om eg håper det ikkje skjer så hadde eg ikkje blitt overraska om framtidas skule blir ein einaste stor barnehage der elvevane primært skal lære seg folkeskikk og det sosiale samspelet. Så blir læringa noko som elevane sjølv må skaffe seg via internett. I dag er det ikkje så mange yrker der det er viktig å ha pugga informasjon, men det er veldig mange yrker der ein må kunne å slå opp og finne tak i relevante og kvalitetssikra opplysningar. Så sjølvlærte elevar vil nok kunne skaffe seg ein jobb med dei læreverktøya som i dag er lett tilgjengelege. Men for å få seg og holde på ein jobb så må nokon ta ansvar for at 20 åringen som skal ut i arbeidslivet ikkje er heilt sosialt evneveik, og at ein har lært seg å gjere det som sjefen bestemmer utan å få fullstendig raserianfall.
  15. Det var ikkje vanskeleg i det heile tatt, for det var akkurat dette trådstarter gjorde. Når du setter inn kortet, taster PIN, og velger produkt så får du opp litersprisen i displayet. Det er dette som er den reelle prisen, før det ser du berre prisen på pristavla i det du køyrer inn på bensinstasjonen. Det korrekte å gjere nå ein då ombestemmer seg er å løfte ut fyllepistolen, vente nokre sekund til ein høyrer pumpa starter, og deretter sette tilbake fyllepistolen for å avbryte fyllinga.
  16. Minste målevolum er vanlegvis 5 liter. Det er ingenting som hindrer kjøp av bensin under dette minstevolumet, men det er då stor fare for at kunden betalar feil pris om det blir fylt f.eks. 3 liter sidan pumpa ikkje nødvendigvis klarer å avgjere om du har fylt nøyaktig denne mengda eller om du i realiteten har fått meir eller mindre bensin enn det du betalar for.
  17. Sjølvsagt. Litt av poenget med å varsle mogleg oppseiing og gjennomføre drøftingsmøte er ko for å finne ut om det er andre moment som må vurderast før arbeidsgivar går til oppseiing. Hadde arbeidsgivar ikkje kunne ombestemme seg, så hadde det vært heilt unødvendig med drøftingsmøte.
  18. Der manglar nok bevis, og det er også grunnen til at dette ikkje har blitt ei straffesak då det er straffbart å bryte tausheitsplikta. Opplysningane om kva som har blitt diskutert skal i utgangspunktet berre være kjent fornriksmeklaren og deinsom var tilstades i rommet. Om eg skal gjette så kjem lekkasjen av at nokon har plappra til andre støttepersonar i NHO i den tru om at dei ville respektere tausheitsplikta, og at det er disse personane som ikkje sjølv har vært i forhandlingsrommet som har gitt opplysningane til media. Så kan det sjølvsagt hende at opplysningane kjem frå LO sida, men med mindre nokon driv med dobbeltspel for å ramme NHO så er det NHO som har hatt mest å tene på å avsløre at kravet om auka kjøpekraft vart oppfylt før streiken.
  19. Det er svært mange variabler å ta omsyn til. For det fyrste så vil streikebidraget variere frå forbund til forbund. Fellesforbundet som no er i streik har eit streikebidrag på 4162 kr i veka. For dei som har forsørgaransvar så er det eit tillegg, og for dei som har andre behov så kan ein søke forbundet om høgare streikebidrag. Andre organisasjonar kan ha andre ordningar. I offentleg sektor er det vanleg at streikebidraget tilsvarer nettolønna men utan variable tillegg. I privat sektor er det meir vanleg å fastesette eit likt kronebeløp til alle streikande. Kor mykje ein direkte taper/tener på streiken kjem ann på kva lønn ein har frå før og kva kva den bestemte organisasjonen har valgt å betale ut i streikebidrag. Størrelsen på streikebidraget er strategi det også. Jo lavare streikebidraget er jo lengre varer streikekassa men det kan gå utover streikeviljen og moralen om beløpet blir for lavt. Alternativt kan ein utbetale ein stort streikebidrag som dekker lønnstapet og vel så det, men då har ein ikkje økonomi til å ha veldig mange ute i streik over lang tid. Fordelen vil være at streikemoralen er på topp om det er direkte lønnsomt å være i streik. Eg tok å googla litt utan å finne oppdaterte tal, men eg fant nokre tal på fastsette streikebidrag frå 2006 som då riktignok er nesten 20 år gamle tal men som likevel gir eit inntrykk av dei ulike strategiane som forbunda vel: Utdaningsforbundet: Gj.snitt på 5300 kr i veka Norsk sykepleierforbund: ca 4800 kr NITO og Tekna: 6000 kr i veka Fagforbundet: 4000 kr i veka Fellesforbundet: 2000 kr i veka Norsk journalistlag: 1750 kr i veka (pluss 250 kr per barn ein forsørger) Sidan det er forbunda sjølv som fastsett streikebidraget for ulike yrkesgrupper og livssituasjonar så kan også streikebidraget endrast etterkvart som ein ser kva retning streiken går i. Blir det lite pengar i streikefondet så har dei fleste forbund opna for at det kan innførast ekstrakontigent for medlemmar som ikkje er i streik. For det andre så kjem lønsomheita heilt ann på korleis ein reknar. Rekneeksemplet på at ein kan oppnå 0,3 prosentpoeng meir i lønn ved å streike slik at tilbodet om 5,2% strekk seg til 5,5% er nok lite realistisk. Grunnen til at det blir streik og ikkje fleire lange forhandlingsrunder for å kome til einigheit er at avstanden mellom partane er for stor. Kva LO krevde i år er ikkje kjent, men med utgangspunkt i at kravet var auka kjøpekraft for alle, og den foreløpig anslåtte prisaukninga er på 4,9% så er det ikkje utenkleg at lønnskravet til LO såg omtrent slik ut: -Kjøpekraftsaukning på minst 5% som sentralt tillegg til alle -Pluss 1,4% som vart avtalt i fjor skulle utbetalast i år -Og kanskje ein aksept på 1,9% (men sannsynlegvis meir) som til lønnsglidning for å dekke bedriftenes behov for å tilsette dyrare nytilsette, for å premiere kompetanseaukning, osv. Dermed er det ikkje utenkeleg at LO har sett føre seg eit lønnsresultat i år på 8,3%, eller 3,1 prosentpoeng meir enn det som var siste tilbod. Denne forskjellen på 0,3% og 3,1% vil for ein arbeidar med 450 000 i årslønn utgjer forskjellen på om ein streikar for ei lønnsvekst i år på 23 400 kr eller 37 350 kr. Og for det tredje så vil det å eventuelt ta eit lønnstap ved å streike i år kunne betale seg i dei komande lønnsforhandlingane ved at ein gjennom å vise streikevilje som også er dyrt for arbeidsgivar vil kunne oppleve at ved framtidige lønnsforhandlingar så får dei betre lønnstilbod slik at det ikkje blir streik.
  20. Det kjem ann på avtalen og på korleis Telenor gjer dette i praksis. Dersom det er opna for at vilkår kan endrast undervegs så vil avtalen fortsette å løpe om Telenor har varsla om endringane innanfor avtalte tidsfristar, då vil ei manglande oppseiing frå deg bety at du aksepterer dei nye vilkåra inkludert betaling. Det kan også være at Telenor tek ei litt meir pragmatisk tilnæring der dei låser ned alle epostkontoane den 1 juni, og så opnar oppigjen tilgangen så fort ein betalar rekninga. Og at kontoar som ikkje blir låst opp igjen blir sletta etter ei bestemt tid. Reint praktisk så vil det være ein krevjande jobb for Telenor å tvangsinnkreve pengane frå deg, så det er nok meir sannsynleg at du berre blir låst ute av tenesta.
  21. Ja det ligg nok heilt i tråd med Telenors mobilsatsing der dei latar som at forbrukarane er ute etter 5G og anna rask dataoverføring på mobiltelefonen når det dei fleste eigentleg vil ha er nok data til ein fornuftig pris slik at ein kan bruke mobiltelefonen som vanleg overalt. Det er heilt sikkert ikkje mange forbrukarar som synes at det viktigaste med eit mobilabonnement er at ein skal kunne bruke opp heile månedskvota på 3GB om ein er uheldig og sett på ein 4K stream i 30 sekund utan å være på wifi. Det folk vil ha er muligheita til å sjå nokre timar på stream per dag på bussen og liknande i heilt OK oppløysing på ein liten mobilskjerm utan at det koster skjorta.
  22. Det vil nok garantert være mange som betalar for å sleppe styret det er med å bytte over til ei anna epostadresse og så oppdatere alle typer tenester med den nye epostadressa. Problemet er nok at det vil være veldig krevande å få nye kundar som ser verdien i å betale for eit telenor-domene framfor eit av dei mange gratisalternativa. Mistenker at Telenor gjer dette for å etterkvart kunne fase ut heile eposttenesten. Til privatbruk er det nok også sannsynleg at vi er heilt på slutten av epostens storheitstid. For mange privatbrukarar er nok eposten i dag nesten utelukkande brukt som brukarnamn for å logge seg på andre tenester. Sjølve den digitale kommunikasjonen med vennar og familie går i stor grad via andre tenester, som Facebook, Instagram, Snapchat, WhatsApp, Discord, osv. Meir seriøs digital kommunikasjon med offentleg forvaltning eller banken går i dag mykje gjennom dedikerte tenester der ein brukar BankID for innlogging, blant anna fordi det er så mykje som ein i dag ikkje kan sende over epost av omsyn til personopplysningar som kan kome på avvege. Det som eg reagerer mest på er at det er at 39 kr månaden er ein relativt høg pris utan at produktet blir tilført verdi som står i stil. At spamfilteret som brukarane alt har blir oppdatert, og at ein endrar på designet er ikkje akkurat store endringar som er verdt nesten 500 kr i året. Også aukninga frå 3 til 5 Gb gir nok liten reell nytte for dei fleste sidan epostar i seg sjølv tek lite plass. Til same pris kan ein kjøpe eit eige webdomene med 100 GB som ein kan fordele utover 100 epostadresser. Skal ein kjøpe eit tilsvarande produkt med ei epostadresse og 5 Gb lagring så kostar det under 20 kr, og då får ein også sitt eige domene i tillegg. Hadde det kosta ein tiar i månaden så hadde det nok vært langt meir spiselig for dei fleste. Så kan eg kan ikkje fatte anna enn at dette er eit forsøk på å vri dei siste hundrelappane ut av lojale Telenorkundar som no ikkje har vilje eller kompetanse til å finne andre tenesteleverandørar før heile eposttenesten blir lagt ned.
  23. Det er fleire vilkår. Det punkt 1 seier er at handlingar begått av ein nordmann i utlandet som er ulovleg både etter norsk og utanlandsk lov også kan straffast i Norge. Så reiser du til utlandet for å stjele så kan du straffast for tjuveri når du kjem tilbake til Norge om du ikkje vart straffa i utlandet. Reiser du til utlandet og drikk øl på gata så kan du ikkje straffast for drikking på offentleg stad når du kjem heim til Norge om dette var lov i landet du var i. Men så er det også spesifisert lengre ned at sjølv om det er lovleg i landet du var i så er det enkelte lovbrot som er rekna som så alvorlege at det uansett er straffbart i Norge. Det står også: 9. rammes av §§ 257, 291-296, 299-306 eller §§ 309-316, Her er det § 316 som er relevant, § 316 i straffelova er Kjøp av seksuelle tjenester fra voksne.
  24. Symboleffekten er viktig. Det er derfor miljøpolitkarar som tek flyet til Brussel får tyn for å ikkje reise miljøvenleg, sjølv om dei fleste er rasjonelle nok til å forstå at også for ein miljøpolitikar kan det være hensiktismessig å være tidseffektiv i sitt politiske arbeid sjølv om det ikkje er den mest miljøvenlege reisemåten, og at ein og anna flytur for ein enkeltperson ikkje er det som velter heile miljøarbeidet. For det folk sitter igjen med er intrykket av at miljøpolitikaren kjemper for at alle andre må slutte å flyge og heller ta tog, medan vedkommande sjølv heller ikkje vil bruke tog på lange reiser. Det er akkurat det same med leiarlønningane, for ei stor bedrift med tusenvis av tilsette så speler det ikkje så stor rolle for budsjettet om ein leiar får ei lønn tilsvarande 5, 10 eller 50 arbeidarar. Men når denne leiaren maner om moderasjon og gir arbeidarane 4% lønnsauke på 400 000 som betyr 16 000 i lønnsauke medan leiaren sjølv gir seg sjølv 10% på 1 600 000 kr tilsvarande 160 00 i lønnsauke så blir folk sure. Eg trur nok dei fleste har forståing for at ein dyktig leiar bør ha ei høg lønn for å gjere jobben, men for dei lavtlønna så hadde det vært lettare å akseptere om alle i bedrifta fekk 20 000 kr i lønnsauke, for det er vanskeleg å forstå kvifor sjefen det siste året skall auke si kjøpekraft med ei halv arbeidarlønn medan arbeidarane må gå ned i kjøpekraft. Eit anna moment er at i enkelte bedrifter så kan ein av grunnane til at sjefane får stor lønnsauke være nettopp at bedrifta har spart eit millionbeløp på å nekte arbeidarane noko særleg i lønnsauke med argumentasjonen om at bedrifta ikkje har råd til å betale så mykje i lønn, for så å ta nøyaktig dei same pengane og fordele på seg sjølv i lønnstillegg sidan dei nok har budsjetterte lønnsmidlar tilgjengeleg. Dette skjer ikkje i alle bedrifter, men det skjer nok i mange nok bedrifter til at det er dette som til stadigheit blir dratt fram som eksempel slik at mange arbeidarar sitt igjen med inntrykket av at det må være slik i alle bedrifter.
  25. Det finnes enormt mange versjonar, men nokre stikkord. Loff, gjerne utan skorpe. Smørbrødet blir best om brødet har fått mest mogleg smak. Så smør tjukt med smør på begge sider, majones er også å anbefale for ei mindre fettete overflate, sjølv likar eg å ha litt ost også på utsida for å få litt sprøstekt ost på utsida. Lag ostesmørbrødversjonen av andre gode osterettar, til dømes pizza ved å legge til tomatsaus og pepperoni, du kan også gå i retning av mac & cheese ved å bruke cheddar, eller pasta carbonara ved å bruke parmesan. Du kan også gå i retning av bruschetta ved å steike/riste brødet med olje, kvitløk og basilikum før du topper det med ei tjukk skive av mozzarellaost.
×
×
  • Opprett ny...