Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 710
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Dette kjem ann på fleire ting, særleg då det som heilt spesifikt står i avtalen. I tillegg vil det være ein viss grad av vurdering, generelt sett så er det slik at misleghaldet av ein avtale må være vesentleg. Eller sagt på ein måte så kan ikkje misleghaldet være ubetydeleg. Det må gjerast ei vurdering av hevingsgrunnlaget, herunder kor stort avviket er både i tid og pengar sett opp mot det som opprinneleg var avtalt. I tillegg finnes det konkret lovverk som regulerer dette, som blant anna kjøpsloven: Reint praktisk så vil utfordringa ofte være at selger hevder at forsenkinga skuldast forhold som ligg utanfor selgars kontroll og at selgar derfor hevder å ikkje kunne haldast ansvarleg for forsenkinga. Merk likevel pkt. 2. Som kjøpar så bør du nok vurdere å gi selgaren ein tilleggsfrist for oppfylling då dette gir ein sjølvstendig hevingsrett om selger ikkje klarer å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist. Det du då må passe på er at dersom du gir ein tilleggsfrist på f.eks. 30 dagar for levering, så kan det være at selger vil argumentere for at du har akseptert tilleggsprisen om selgar klarer å levere bilen i tide.
  2. Alt er sjølvsagt situasjonsavhengig, men F-35 er eit heilt anna type fly enn F-16 som dei skal erstatte. Sjølv om begge delar er jagerfly så er F-35 designa for å kunne fylle fleire roller enn F-16 som fyrst og fremst er designa for å kunne manøvrere betre enn andre jagerfly på den tida. Samanlikna med F-16 så er F-35 betre på dei fleste områder, F-16 har nok hårfint høgare akselerasjon og kan ta litt knappare svingar, men i dag er det ikkje dette som er det viktigaste med mindre ein er i supernærkamp der ein berre kan bruke mitraljøsen. Ein av grunnane til at Norge vurderte Gripen er at dette er fly som i mykje større grad var moderne versjon av F-16 og som spelte på dei same styrkene (og svakheitene) som dei F-16 flya som skulle erstattast. Gripen har nokre fordelar over F-35 på både toppfart, klatrerate og svingradius, men dette hjelper sjølvsagt lite når F-35 flyet har både oppdaga og skutt mot Gripen flyet før ein i det heile tatt kjem nært nok til å starte dogfighten. For svenskane sin del så vil Gripen fungere til forsvar mot f.eks. F-35 fordi Gripen flya kan stå skjult og vente med å ta av slik at dei kan angripe overraskande. Dette var også det norske argumentet for å kjøpe Gripen, nettopp at denne evna til å raskt være på vingane og muligheit til å stasjonere flya nesten kvar som helst er veldig godt egna til å gi raskt motsvar ved grensekrenkingar. Valget falt likevel på F-35 fordi det totalt sett er eit betre jagerfly om vi berre tilpassar taktikken vår. Overgangen frå F-16 til F-35 betyr også ein overgang til å tenke heilt annaleis på luftforsvar, noko som blant anna gir utslag i korleis vi trenar opp neste generasjon jagerflypilotar.
  3. Men korleis? Du nemner eit ulitimatum, og resultatet av eit ultimatum er vanlegvis at ein må ta eit bestemt valg. Så blei det slik at Norge aksepterte det amerikanske ultimatumet og lot USA ta over styringa av Norge, eller stod vi i mot og nekta å akseptere ultimatumet frå USA? Reint praktisk så blir det ikkje veldig stor forskjell om Norge går frå monarki til republikk, mesteparten av myndigheita ligg til Stortinget og regjeringa som vil være demokratisk valgt uavhengig av styringsform. Den store X-faktoren er på kva måte Norge eventuelt innfører republikk på, om den valgte presidenten får dei same oppgåvene som ligg til kongen i dag så blir det ingen praktisk forskjell utanom at vi må trykke mynter med eit anna profilbilde innimellom. Kongen har i stort sett berre ei seremoniell rolle, og det er ingenting i vegen for at ein eventuell president også berre får være seremoniell frontfigur. Om vi skulle få ein president med eineveldande myndigheit slik som kongane hadde før i tida så vil vi sjølvsagt få store samfunnsendringar, men eg tvilar på at det er mange som vil ta til orde for ei så drastisk endring. Ein eineveldande president (eller konge for den slags skuld) blir i praksis ein diktator uansett kor gode intensjonar ein har. Moderne vestlege styresett som er tufta på demokratisk valgt storting eller parlament fungerer nesten heilt likt uavhengig av om den som signerer det som parlamentet har bestemt har tittelen konge eller president.
  4. Eg er i alle fall positivt innstilt til at ein forheld seg til kildematerialet når ein fyrst skal lage ein the last of us serie. Det einaste akseptable alternativet hadde vært om ein hadde forkasta alle karakterane frå spelet og kun laga ein generell zombie-serie satt i same univers men på ein heilt anna stad eller på ei heilt anna tid. Eg har blitt litt glad i tLoU-univerest med både "realistiske" zombier som har ein slags naturleg forlaring utover magi eller mysterie-virus, og at det var spennande å utforske byar og områder som har fått stå urørt i 20 år og har blitt heilt overtatt av vegetasjon. Og ikkje minst; nettopp det at historien i the last of us ikkje er ein dans på roser med lykkelig i alle sine dager slutt. Heile poenget er vel å fortelle ei historie om utfordringane som både enkeltpersonar og samfunnet blir satt ovanfor når heile samfunnsstrukturen bryt saman, og det vil nok sjeldan være lykkelege historier om konstitusjonelle demokrati og altruistiske holdningar der ingen utnyttar situasjonen til eigen fordel. Det eg tenkjer kanskje er mest spennande med denne avsløringa om kva sesong 2 skal handle om er korleis ein overføre handlinga til eit TV-format. Som nemt av @unik42 så er tLoU2 mindre linært, så det blir spennande å sjå om serieskaparane går for den late løysinga å lage blåkopi av spelet, eller om dei nyttar sjangsen til å endre på strukturen slik at det er lettare for TV-publikumet å følge handlinga.
  5. Det er sjølvsagt vanskeleg å spå framtida og mulige scenario, men ein av grunnane til at ein valgte F-35 er at dette er eit fly som er veldig godt egna til å yte bistand til andre NATO land som er under angrep. I den samanhengen så aksepterer vi at F-35 ikkje er det perfekte jagerflyet for å forsvare oss i ein gerilja-liknande krigføring, for den overordna strategien er at vi får F-35 støtte frå andre NATO land som har den luksusen at oppdraget startar i trygt luftrom. Fordelar som F-35 har er blant anna stealth og oversikt over luftrommet, men dette er ikkje fordelar som er lett å utnytte når fiendens fly er i lufta rett over deg innafor line of sight. Så hadde Norge stått utanfor NATO så ville nok Gripen passa våre behov betre ettersom dei krever lite vedlikehold og er designa for å kunne ta av og lande på vanlege bilvegar på under 1 km, i tillegg er Gripen meir egna for "nærkamp" som sjølvsagt er ein stor fordel om vi har muligheita til å overraske fienden med å sende opp jagarfly langt unna nærmaste flyplass. For Sverige som foreløpig står utantfor NATO om må kunne forsvare sitt luftrom heilt utan hjelp frå andre så er Gripen eit betre valg, men for Norge så vil våre planlagte ca 50 F-35 fly utgjere ein liten andel av dei 500 F-35 flya som er planlagt å ha operative i Europa, og sidan vi får hjelp frå andre land om det trengs så ønsker Norge å fokusere på å ha jagerfly som er godt egna til å flyge nedover til f.eks. Polen for å ta ut fientlige fly før det i det heile tatt er nødvendig med dogfights. Så lenge i det minste delar av NATO er utan aktive krigshandlingar så reknar ein med å kunne forstette å produsere både reservedelar og heilt nye fly ein eller annan stad i NATO. Ja, det er akkurat det kravet er. NATO ønsker at alle medlemslanda brukar minst 2% av BNP på forsvaret sitt for å ha eit minimumsnivå av samla slagkraft innad i NATO. Kravet er fyrst og fremst eit administrativt krav som skal være lett for politikarane å forstå, om pengane blir brukt på nokre få fartøy med mykje teknologi og høg kvalitet, eller om det blir brukt på å masseprodusere kvantitet seier ikkje 2% kravet noko om, det blir det då opp til militære rådgivarar å avgjere alt etter behov. Norge er blant dei 10 av 30 NATO land som er over 2% kravet, og sett opp mot trusselnivået generelt sett så burde nok fleire NATO land gjere ein innsats for å ruste opp.
  6. Dette er el-avfall så for dei fleste så må du innom miljøstasjonen. I tillegg kan du levere småelektrisk på dagligvarebutikkar og el-varehus. Eg tenkjer nok at eg ville tatt kniven og skåret av silikonen som du kastar i restavfallet og at du leverer berre batteri og el-motor på miljøstasjonen, så er det ikkje så tydeleg kva det er.
  7. I din situasjon ville eg nok hella mest mot dataingeniør. Fordelen med øk/adm utdanning er at du kan brukast til omtrent alt som finnes av kontorjobbar, men det betyr også at det er større konkurranse om dei beste jobbane. Eg vil også legge til at sjølv om du tek dataingeniørutdanninga så betyr ikkje det at du berre kan jobbe med programering, du vil i tillegg ha gode muligheiter for å få deg andre administrative jobbar der dataingeniørutdanninga er mest fagleg tyngde. Du kan til dømes jobbe som prosjektleiar for innkjøp av datautstyr, overordna stillingar innan support, datasikkerheitsansvarleg for ei større bedrift, osv. Mitt råd er derfor at når du kan spisse din utdanning så bør du gjere det. Det er betre å sitte med ettertrakta kompetanse enn å drukne i mengden av andre kompetente arbeidssøkande. Og skulle du angre veldig på at du utdanna deg til dataingeniør, ja då er det ikkje mange studiepoenga med økonomi du treng å ta før du med 3 år dataingeniør + 1 år økonomi er godt på høgda med søkjarar som har 3/5 år med øk/adm. Dei fleste bedrifter er sterkt avhengige av ulike dataprogram for å administrere bedrifta, så at ein av dei som sitt på økonomiavdelinga er utdanna innan programvare er nok ingen ulempe.
  8. Kva som relativt sett er billig sett opp mot inntekt blir sjølvsagt relativt. Og det er klart at auka prisar får størst betydning for dei som har minst å betale med. I tillegg er sjølvsagt folk i ulike livssituasjonar som gir ulike utslag. Om ein ser på SIFO sitt referansebudsjett for ein einsleg minstepensjonist som har 213 500 kr i året så ser budsjettforslaget slik ut. Ein sjølvsagt diskutere relevansen og realiteten i SIFO budsjettet, det er til dømes sikkert ikkje så mange minstepensjonistar som handlar møblar for 500 kr i måneden. Totale månedlege utgiftiger: 10 547 kr. Der dei viktigaste og største utgiftspostane er: Mat og drikke: 3500 kr Mediebruk: 3680 kr Alle andre budsjettpostar: 3367 kr Så ein tredjedel av levekostnadane går til mat og drikke. Merk her at SIFO budsjettet ikkje har med husleige eller kostnadar ved huslån. Den gjenomsnittlege husleiga er ca 10 000 kr i månaden, så tek vi med det i budsjettet så betyr det at ein minstepensjonist må bruke i underkant av 20% av pensjonen sin på mat. Statistisk sett har andelen av lønna vi brukar på mat blitt lavare og lavare dei siste 100 åra, og med unntak av litt svingningar så er denne kurven fortsatt dalande. Den verkeleg store utgiftsposten som ein ikkje snakkar så høgt om er bukostnadane og at mediakostnadane som nesten har blitt ei nødvendigheit nå har blitt like store som matbudjsettet. Eg tek gjerne ei høg prisaukning i matvareprisane om eg slepp å få tilsvarande høg prisaukning på dei andre levekostnadane. I fjor auka matvareprisane med nesten 13%, husleigeprisane i storbyane steig med 7,5% i same periode (litt mindre stigning generelt i landet). Eg er i alle fall glad for at det ikkje var omvendt.
  9. Utan å gå heilt off-topic så er det ikkje aggressiviteten mellom Israel og Palestina som gjer at vi ikkje støttar partane med våpen, den viktigaste grunnen er at dette er ei konflikt med mange grå-soner, og uansett kva side ein har mest sympati for så trur eg alle klarer å sjå at det ikkje er heilt svart/kvitt kven som skal få lov til å bu i dette området. I krigen mellom Russland og Ukraina så er det heilt klart at Russland har krenka ukrainsk suverenitet ved å reise over grensa og annektere landområder.
  10. Konteksten har sjølvsagt mykje å seie. Eg tenkjer likevel at det som er "mest" er høgste verdien fordi det skal til ei kvar tid være det maksimale som er mogleg å oppnå i samanlikningsgrunnlaget. "Mer" betyr berre at det er meir enn det ein samanliknar det med. Meir vil berre ha høgst verdi om det er snakk om å ha meir enn den som har mest. Men det er fortsatt den som har mest som har mest. Den som har mest pengar er alltid den rikaste, den som er fattig kan alltid få meir, men om den fattige får så mykje meir at han har mest så er det han som tidlegare var fattig som har mest, og han som tidlegare var rikast kan potensielt få meir for å igjen bli den som har mest.
  11. Det einaste du kan få ut av kundervurderingar er korleis kundane/pasientane har opplevd tannlegebesøket, og då er det subjektive ting som om tannlegen var hyggeleg, om det var koseleg på venterommet, osv. som blir vurdert. Du vil i svært liten grad kunne store på pasientane sin vurdering av den faglege kvaliteten, då dette ligg langt utanfor det som folk flest har peiling på. Det er forsåvidt det same som gjeld for bilverksted. Kundevurderingane kjem til å gå på kor raskt ein fekk time, om feilen vart fiksa, og om prisen var hyggeleg. Om mekanikaren faktisk har gjort ein god jobb vil ein stort sett ikkje vite om med mindre ein heilt klart har blitt lurt. Ein dyktig mekaniker som gir kunden ein lang liste med andre ting som burde utbetrast vil nok typisk få langt dårlegare score fordi kundane ikkje liker å høyre anna enn at alt er i orden.
  12. Russland kan heilt klart bruke dette som unnskyldning, men så lenge det berre er snakk om støtte i form av pengar og materiell så vil unnskyldninga være svært tynn. Eit anna moment denne saka er at Russland leiter etter ei svakheit mellom NATO medlemmane. Den store svakheita til NATO er at heile korthuset faller saman dersom det skulle vise seg at nokre av medlemslanda ikkje er villige til sette eigne liv og verdiar på spel om eit anna medlemsland blir angrepet. Om det skulle vise seg at resten av NATO ikkje er villig til å gå til krig mot Russland om Russland seinare angrip til dømes Baltikum, ja då er NATO alliansen effektivt sett død. Om Russland klarer å avdekke ei slik svakheit i alliansen så kan Russland bruke dette til å angripe eit og eit land uavhengig av alliansen. For om vi i Norge ikkje er villige til å sende soldatar til Litauen om russerane angrip der, kvifor skal vi då forvente at det kjem litauarar til Norge for å hjelpe oss om Russland angrip oss? NATO alliansen har eigentleg aldri vært testa. Artikkel 5 har blitt brukt ein gong og det var etter 11 september, men krigen mot terror var ein krig som det eignetleg var liten personleg risiko for nasjonane å engasjere seg i ettersom krigføringa skjedde langt vekke. Så før vi står i ein slik situasjon så veit vi ikkje om vi er villige til å opne ein russisk front i nordnorge og få krig i eige land for å lette trykket for eit anna NATO land lenger sør i Europa. Vi har lovd å gjere det, men lojaliteten har aldri blitt testa. Det er her våpenleveransane til Ukraina er spesielt viktig. Så lenge NATO (og andre EU -land) så tydeleg gjennom handling viser at vi er villige til å bruke pengar på å hjelpe eit land som ikkje eingong er medlem av verken NATO eller EU, ja då må Russland rekne med at givergleda vil være minst like stor om eit NATO land er under angrep. Det Russland fyrst og fremst ønsker er å danne splid innad i NATO, slik at den dagen Russland invaderer eit NATO land så får ikkje det landet anna støtte enn ei fordømming av angrepet frå dei andre medlemslanda. Det er derfor viktig for vår sikkerheit å demonstrere vilje til å bruke pengar på krigsmateriell og kanskje vel så viktig at vi som innbyggarar i Europa er villige til å tole til dømes at høge straumprisar er eit resultat av å kutte innkjøp av russisk olje og gass. Bruk av atomvåpen i offensiv krigføring vil også være "casus belli" for alle andre land i verden til å innvolvere seg i konflikta og ta avstand fra Russland. Det kan føre til at til dømes Kina til tross for gamle allianser brukar muligheita til å annektere aust-russland under påskot av å ta ansvar for verdenssamfunnet, litt på same måte som at Sovjet tok kontroll på aust-tyskland etter andre verdenskrig under påskot av å sikre freden ved å hindre Tyskland i å bygge opp anna enn sivil infrastruktur og fabrikkar som kunne berike Sovjet. Dette gjer at atomvåpen er eit alt eller ingenting våpen. Om ein fyrst tek i bruk atomvåpen så er det ingen vinnarar, og i beste fall om det er igjen noko av russland når støvet frå motangrepa av atomvåpen har lagt seg så vil andre land nytte sjangsen til å ta kontroll på dei tidlegare russiske områda. Dette gjer også at sjølv det å bruke små taktiske atomvåpen er ein kjemperisiko for Russland.
  13. Kyllingfillet vil stort sett være det billegast, dette er ei vare som er eit typisk middagsprodukt som ofte er på tilbud. Den grilla kyllingen kjem til butikken i frossen tilstand og så må ein på butikken krydre og grille kylling, i tillegg til å bruke litt arbeidstid på å pakke kyllingen i varmefolie. Den grilla kyllingen er nok også eit produkt som det er litt matsvinn på ettersom den ikkje er like god på slutten av dage når den har blitt kald, og enda mindre fristande er den dagen etter. Alt dette er forhold som butikken må ta seg betalt for og som gjer at grilla kylling berre innimellom er på tilbod. Vanleg naturell kyllingfillett er ofte til og med billegare enn kyllingkjøttdeig, ein skulle eigentleg tru at kjøttdeigen skulle kunne selgast billegare ettersom ein ikkje treng å bruke berre dei finaste filletane til kjøttdeig. Forøvrig så synes eg at kyllingen nesten er for billeg når ein samanliknar kor mykje mat ein får per krone brukt samanlikna med til dømes brød og grønsaker.
  14. 1. Ei leilegheit har mindre vedlikehald, men du betalar også typisk meir i fellesutgifter for å dekke inn kostnadane med fellesvedlikeholdet. Du vil også i mykje mindre grad kunne bestemme kva som skal vedlikehaldast, når det skal gjerast, og kor dyr løysing ein går for, du vil også i liten grad kunne gjere arbeidet sjølv. Kjøper du ein einebustad så er det nok meir ytre vedlikehald, men du kan gjere det meste av arbeidet sjølv, og du kan sjølv bestemme om du vil til dømes utsette husmalinga i nokre år til. Når det gjeld vedlikehaldet så vil det være ein stor fordel om utleigeledigheita ligg fysisk nært der du bur. Då må rekne med at leigetakaren ringer for å klage på at diverse ting ikkje fungerer som det skal. Slike ting skal rettast innan rimeleg tid, og det vil gå kraftig utover lønnsomheita om du ringe etter elektrikar for å bytte ei lyspære eller rørleggar for å opne ein vannlås fordi du sjølv ikkje har muligheit til å stikke innom for å vurdere problemet sjølv. 2. Som påpeikt så bør du unngå burettslag. Etter burettslaglova så er det mange hinder for utleige som regelen om at du må ha budd der minst 1 år før du kan leige ut i opptil 3 år, og sjølv om styret må ha sakleg grunn for å nekte så er det heilt klart eit hinder at du må ha ny godkjenning kvart tredje år. Reint praktisk er det største problemet at du kan bli tvungen til å selge på eit ugunstig tidspunkt. Du vil også kunne risikere at burettslaget ikkje godkjenner leigetakaren. Så skal det seiast at det er mange som til tross for burettslaglova berre leiger ut likevel og slepp unna med det fordi styret enten ikkje oppdagar det eller ikkje prioriter å følge opp saka, men det er absolutt ein risiko for at du kan få påbod om å selge. 3. Det bør være grei standard på det du kjøper. Kjøper du eit oppussingsobjekt så kan du fort gå på den typiske smellen der oppussinga tek mykje lengre tid og blir mykje dyrare enn forventa, det kan fort ta mange månadar før du kan ta imot den fyrste leigetakaren, særleg om du baserer deg på å pusse opp sjølv. Når du leiger ut så må du nesten rekne med at det blir litt hard bruk, så reint økonomisk vil det ikkje være hensiktsmessig om det er alt for nyoppussa. Det beste er om du tek sikte på ein standard som er grei nok til at du får leigd ut utan å gå særleg ned i leigepris. Du bør ta utgangspunkt i at du sikkert må gå over enkelte ting mellom kvar leigetakar så det er ikkje nødvendig å legge ekstra pengar i å kjøpe noko som er heilt nyoppussa. Unntaket er rom som er dyre å pusse opp som bad og kjøkken, slike rom kan med fordel være relativt nyoppussa sidan dette er rom som er dyre å pusse opp utan at det nødvendigvis gir nevneverdig utslag i markedsverdien på leilegheita.
  15. Det forskrifta seier er at dersom foreldra ikkje sjølv blir einige så skal NAV fastsette kva barnebidraget skal være. Det avgjerande spørsmålet om den som betalar bidrag seier opp jobben er då; kvifor? Om ein sluttar å jobbe for å prøve å sleppe unna barnebidrag så vil det ikkje skje noko, barnebidraget blir oppretthald på bakgrunn av at vedkommande har muligheit til å ta seg jobb og skaffe seg høg nok inntekt til å betale bidraget. Då vil ein enten bli tvunget ut i jobb igjen, eller så vil ein ende opp i ein situasjon der ein kvalifiserer til sosialhjelp med eit betalingskrav over seg som gjer at alt du seinare skulle få av ekstra inntekt går med til å betale ned betalingskravet. Det finnes likevel også heilt legitime grunnar til å seie opp jobben, til dømes at ein ikkje har helse til å jobbe i yrket eller fordi ein skal flytte, og ikkje minst om arbeidsplassen går konkurs eller liknande så er det ei god unnskyldning. I slike tilfeller vil barnebidraget også bli redusert til eit nivå som passar betre med den reelle inntekta.
  16. Korleis er prisen på 100 000 sett opp mot årsmodell, køyrelengde, osv? Kva relevante opplysningar har du fått frå selgaren? Ettersom du har kjøpt med forhandlar så har du 5 års reklamasjonsrett, men du må melde frå innan rimeleg tid. Om dette er problem som du må rekne på når du kjøper ein Vito firhjulstrekk til 100 000 kr kjem ann på fleire forhold. Det er avgrensa kor mykje bil du kan rekne med å få for 100 000, samtidig så er det ein pris som tilseier at bilen ikkje skal være eit vrak heller. Dette blir ei vurderingssak som det ikkje går ann å seie så mykje om utan å ha langt fleire opplysningar. Ettersom du har handla med forhandlar og du har 5 års reklamasjonsrett så har du ingenting å tape på å melde frå til forhandlaren. Så får du vurdere kva du gjer vidare alt etter kva svar du får. Og skulle problema bli verre seinare så vil du også kunne vise til at du hadde meldt frå om mulige manglar i god tid.
  17. Ja, det er mogleg at eit monarki døyr ut etter mangel på arvingar, men det skal veldig mykje til at det ikkje finnes slektningar som er i live. Arverekka går vanlegvis nedover til eigne barn, men også sidelengs til eventuelle søsken og barna til monarkens søsken. Om det ikkje finnes arvingar nedover så går ein oppover til foreldre og sidelengs til foreldres søsken før ein ser nedover på barn og barnebarn av monarkens foreldres søsken. Går ein langt nok tilbake i slektstredet så vil det nesten alltid finnes eit søsken av ein av tipp-tipp-osv oldeforeldre som har fått barn og barnebarn slik at det nesten alltid finnes ein slektning med ein liten del av felles genetisk opphav. Og finn ein ikkje genetisk arving så kan ein alltids sjå på inngifte og adopterte familiemedlemmar, og endåtil andre personar som har stått monarken så nært at hevder å ha ein rett til å arve trona. Særleg når det er snakk om arverett til store verdiar som ingen har lagt krav på å så er det mange prøver seg kreativt. Det er likevel mogleg å få ein eller fleire generasjonar som døyr eller forblir barnlause slik at slekta døyr ut, om då slektshistoria også forsvinn så kan det være at det ikkje finnes nokon som kan bevise at dei er arving. Det er til dømes støtt og stadig nokon som meiner på at dei har funnet bevis for at dei er arvingar etter Olav den hellige og at dei derfor er Norges eigentlege regent, men sjølv med handfaste bevis så må ein også ha ein aksept i samfunnet. Om ein heilt framand person etter den avdøyde monarken kjem og hevder seg som arving så blir ikkje vedkommande nødvendigvis monark om folket ikkje aksepterer vedkommande som monark.
  18. Dette er i beste fall veldig utdatert, eller basert på ei misforståing. Det er mogleg det var slik når ein fant opp dei fyrste CT maskinene på 70-talet, men i dag er gir ei CT undersøking maks 10-20 gongar meir stråling enn eit enkelt røntgenbilde. For mageregionen så er det snakk om stråling på 1-7 mSv for røntgen mot 6-8 mSv for CT. Så i verste fall vil ei slik CT undersøking gi 8 gonar så stor stråling som eit røntgenbilde, og i beste fall så gir CT 1 mSv mindre stråling enn eit røntgenbilde. 6-8 mSv tilsvarar det ein normalt får av vanleg bakgrunnsstråling på to år som ikkje er særleg mykje. Det finnes nokre CT undersøkingar som kan gi behov for å bruke større strålingsdose slik at ein i verste fall kan kome opp i 20 gongar så høg stråling som eit røntgenbilde, særleg om det skal skannast gjennom kranium eller rundt mange bein, men i slike tilfeller vil eit røntgenbilde i nedre spekter av stråling ikkje gi gode nok bilder, og ein må typisk ta mange røngtenbilder frå fleire vinklar for å få informasjon som liknar det ein får med CT. Den andre muligheita er at dette er ei misforståing og at det med å tilsvare 2000 røntgenbilder ikkje gjeld strålinga, men at det gjeld kvaliteten. Ein 360 graders CT skann kan fort være 2000 gangar meir nyttig enn eit statisk røntgenbilde ettersom ein på CT kan sjå mindre detaljar som ikkje kjem fram på vanleg røntgen, og ikkje minst at ein kan sjå rundt og bak bein og musklar i tillegg til at ein har laga tverrsnitt som ein kan bla gjennom. Røntgenbilder fungerer vell og bra om ein berre skal sjå om det er brudd i beinet eller ikkje, men når ein skal finne skader i mjukvevet så er det mindre nyttig med berre eit stillbilde.
  19. Du går ikkje glipp av noko som helst med å ikkje ha spelt spela. Utruleg nok så framstår serien nesten som live action versjon av spelet. Spelet hadde mange cinematiske sekvensar, og utanom dei reine actionsekvensane så gjekk mykje av speletida til å traske rundt og utforske omgivnadane medan Ellie dilta etter med kommentarar og småprat. Så serien er ganske så representativ for spelet. Det er nokre mindre endringar og tillegsscener (introen i episode 1 og 2) er ikkje henta direkte frå spelet, i tillegg har serien utbrodert spelet litt, men sjølve serien framstår sålangt som blåkopi av handlinga i spelet, heilt ned til identiske scener og dialog i enkelte tilfeller.
  20. Det er ikkje rett at det er den tidlegare leigetakaren som skal informere din noværande arbeidsgivar. Ved tvungen lønnstrekk så er det statens innkrevingssentral som sender brev til arbeidsgiver for å informere om kor mykje lønn som skal trekkast og kor dette beløpet skal innbetalast. Så reint praktisk så kjem du ikkje unna at arbeidsigvar får vite at du har dom på lønnstrekk, forskjellen er berre kven som informerer arbeidsgivaren. Eg tviler på at du kjem nokon veg med personvernsbrudd då dette er opplsyningar som arbeidsgivar alt hadde eller skulle få om deg. Mykje kjem også ann på kva som eventuelt har blitt sagt mellom utleigar og arbeidsgivar, eg er likevel heilt einig i at det er uryddig oppførsel. Om utleigaren ville vite om utleggsbegjæring var sendt ut så burde utleigar spørre statens innkrevingssentral og ikkje ta kontakt med arbeidsgiver direkte.
  21. Ofte kan dette bli ein liten runddans for å få full oversikt. Det er der fordelen med privat forsikring kjem inn ettersom ein då raskare får utbetalinga. Kvinna som var arbeidstakar på jobb for sin arbeidsgivar på arbeidsplassen sin vil nok være dekt av yrkesskadeforsikringa til sin arbeidsgivar. Det forsikringsselskapet vil nok fort kunne kreve regress frå firmaet som dreiv med byggearbeid eller deira forsikringsselskap. Firmaet som dreiv med byggearbeidet kan nok igjen flytte ansvaret over på dei som har ansvar for krana, enten det er eigar, operatør eller produsenten. I tillegg kan det også være andre partar som potensielt kan ha eit ansvar alt etter kva etterforskninga viser. I teorien kan ein til og med ende tilbake i full sirkel om det skulle vise seg at det var feil eller svakheiter i bygningskonstruksjonen til sjølve bygget (sjølv om det er nok sterkt tvilsomt at nedfall av heisekran var ei belastning bygget burde ha tålt). Det skal ikkje store uenigheita til rundt ansvar og årsakssamanheng før det blir ein langvarig konflikt før det blir utbetalt noko til dei etterlatte. Sjølv om dei etterlatte har krav på erstatning så kan dei risikere å måtte kjempe både hardt og lenge med å få erstatning.
  22. Litt av problemet er nok at det er ulik forståing for kva forliksrådet bør og skal være. Det at ein i stor grad oppnår forlik er også litt av det som blir problematisert. Forliksrådet har som overordna mål at det skal ende opp i eit forlik, det betyr at dei som har ei veldig sterk juridisk sak men som må gå via forliksrådet fyrst kan bli "lurt" til å gå med på eit forlik sjølv om ein mest truleg hadde vunne fram om ein tok saka vidare til retten. Det er sjølvsagt dette som er formålet til forliksrådet, å oppnå eit minneleg forlik utan å kaste bort tida til høgt utdanna juristar, advokatar og dommarar på småting som kan løysast ved heilt vanleg prat. Utfordringa ligg i at det er enkelte som trur forliksrådet held eit større juridisk fagleg nivå, og som tenker at dommen i forliksrådet vil være førande for resultatet ved vidare saksgang gjennom rettssystemet. Når ein trur at ein snakkar med kvalifiserte juristar medan i realiteten pratar med folkevalde politikarar så blir det fort miss-match mellom forventningane og resultatet. Min meining er at forliksrådet i større grad burde innlede med klargjere sin rolle, og at intensjonen er å få til eit kompromiss. Enkelte opplever nok at forliksrådet er mykje meir opptatt av å inngå eit forlik enn å høyre på argumentasjonen. Til dømes dersom den som klaga inn saka har kjøpt ein brukt mobiltelefon til 1000 kr og den innklaga tok imot betalinga og sendte ein murstein i posten, då er det ikkje rett at forliksrådet foreslår at ein møtes i midten slik at svindlaren betalar tilbake halve summen og har då berre tent 500 kr på svindelen sin.
  23. Ikkje så veldig seriøst. Sjølv om vi går for typen balaclava der heile ansiktet vises (så omtrent identisk dekningsgrad som ein hijab) så vil det definitivt være upraktisk å gå med eit slikt plagg heile tida for dei som ikkje ønsker å kle seg så godt.
  24. Du får både kjøttdeig og karbonadedeig utan tilsatt salt og vatn, forskjellen ligg i at karbonadedeig har veldig lav fettprosent. Så i karbonadedeigen er meir reint kjøtt medan det i kjøttdeigen også er iblanda litt spekk. Dette er nok sunnare med karbonadedeig, men det blir naturlegvis også dyrare sidan det går med meir kjøtt til å lage eit kilo med karbonadedeig. Til taco og slikt blir det i tillegg veldig tørt om du brukar karbonadedeig, så det er to ulike produkt til ulike bruksområder. For raudt kjøtt så er det etterkvart også ein ganske stor politisk vilje til at dette skal være eit litt dyrare luksusprodukt av omsyn til både miljøavtrykk og folkehelse, så tida der ein fekk kjøpt billig kjøttdeig er nok langt på veg forbi. Sjølv om matvareprisane går ned igjen så kan vi nok forvente at kjøttprisane vil forbli høge.
  25. Eit tankekors i den samanhengen er at ein kunne endra politiuniforma på ein slik måte at hijab verken er nødvendig eller hensiktsmessig å kombinere. Ein kunne f.eks. innført balaclavaen som fast del av politiuniformen, og ikkje berre ein effekt som politiet brukar når det er veldig kaldt eller når ein kler seg opp i beredskapsutstyr. Dette er sjølvsagt ein feig måte å gå rundt heile hijab-problematikken på, men om alle dekker håret så er det ingen som skiller seg ut ved å dekke håret. Samtidig blir det mykje vanskelegare å argumentere for at det skal være lov å bruke hijab når dette plagget ikkje er nødvendig for å dekke den praktiske sida, eventuelle ønsker om å bære hijab til politiuniforma vil då kun være begrunna i eit ønske om å flagge ein religiøst/politisk ståstad.
×
×
  • Opprett ny...