Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 710
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Trur nok at det generelt sett ikkje er veldig u bredt, men enkelte bransjar er nok meir utsatt. Regelverket gjer det også veldig enkelt å kreve erstatning for slik diskriminering om ein berre er villig til å ta opp kampen. I slike saker er det arbeidsgiver som må bevise at det ikkje har skjedd diskriminering, og for offeret er det heller ikkje nødvendig å legge skulda på nokon, det er objektivt nok at diskriminering har skjedd på arbeidsplassen. Eg mistenker nok at slik kjønnsdiskriminering er vanlegast i små verksemder der eigaren også er leiaren, og der ein tilsett kvinner som ikkje er villig til å klage inn oppførselen. Er ein til dømes fagorganisert så er slik diskriminering ei sak som det er enkelt å ta til retten og som lett gir eit par månadslønner i erstatningsutbetaling.
  2. Nei det er det sjølvsagt ikkje. At det ikkje er lov å sette opp gjerde er kanskje det aspektet i saka det er minst tvil om, det står svart på kvitt i reguleringsplanen. At kommunen ikkje innvolverer seg i privatrettslege tvistar er heilt normalt, og etter mi meining heilt rett både med tanke på den ressursbruken som går med om kommunen skal innvolvere seg, dei andre byggeprosjekta som får enda lengre behandlingstid på grunn av at kommunen blir med i ein krangel om beiterett, og fordi at kommunens plan og bygningsetat openbart ikkje er rette offentlege instansen til å meine så mykje om beiterettigheiter. @Vormis Når gårdeigaren påroper seg "all tids rett" så betyr det at gårdeigaren også vedgår at det å ha dyr på beite i dette området ikkje var noko som dei tidlegare gårdeigarane opprinneleg hadde rett til, men at det gjennom slik bruk i lang tid utan protestar har blitt ei opparbeida rettighiet. For at dette skal stemme så krever det at gårdeigaren har vært i aktsom god tru om at det å sende dyra på beite i dette området har vært greit. Slike saker vil være utfordrande fordi det nesten aldri finnes dokumentasjon å vise til. Eg tenker at din argumentasjon må gå på at då hytteområdet vart regulert til hytteområde så har gårdeigaren mista eventuelle tidlegare rettigheiter til å bruke området som beitemark når denne rettigheita ikkje vart tatt med inn i reguleringsplanen. Når det gjeld skader på frukttre og liknande så har bonden eit objektivt erstatningsansvar for slike skader etter beitelova om dyra har tatt seg inn på område dei ikkje har lov til å være på. Det at du ikkje har lov til å ha gjerde rundt di hytte betyr ikkje at bonden ikkje har gjerdeplikt mot hytteområdet som heilheit.
  3. Ein får uansett ikkje lov til å overvåke naboen så då får ein heller ikkje lagre ulovlege opptak. Ein kan filme og arkivere så mykje opptak ein berre vil så lenge ein berre filmer eiga tomt. Når det gjeld filming frå bilar med dashboard-kamera så dette også eit område der teknologien har komt lengre enn lovverket. Inntil vidare er det gitt eit unntak for kamera som ikkje er fastmontert slik at dashboardkamera er unnateke frå det generelle regelverket. Om dashboardkameraet er retta mot naboen så må det takast ei vurdering av om ein filmer naboen med eit uhell eller for å overvåke. Å rette bilen mot naboen for å omgå regelverket vil ikkje være lov, men at dashboardkameraet innimellom er retta mot naboen vil normalt være lov så lenge ein ikkje misbruker kameraet/opptaket.
  4. Frå ukrainsk side er det til nytte. Så lenge Ukraina kan vinne krigen så vil kostnaden i liv og infrastruktur være liten i forhold til det som er mogleg å oppnå. Det å gå til forhandlingsbordet no betyr at begge partar må godta å tape. Ei fredsforhandling no betyr for Ukraina sin del at Russland kan hevde at dei vil vinne krigen og at Ukraina derfor må godta at Russland får behalde det som Russland har okkupert, kanskje vil også Russland kreve å få råderett over over alt aust for Kyiv. Dette vil være heilt unødvendige tap å akseptere for Ukraina når dei mot ein liten ekstrakostnad i liv og infrastruktur kan få jaga Russland heilt ut av landet, kanskje også med krigserstatning om Russerane blir slått hardt nok. Kva Russland kan oppnå med å fortsette å ofte soldatar kan ein stille litt meir spørsmål om. Militært sett så er det dyre kvadratmeter med ukrainsk jord å krige om, men politisk sett så vil vel Putin kunne oppretthalde illusjonen av at krigen går bra samtidig som han får tynna ut i rekkene av folkegrupper som uansett ikkje vil støtte han politisk.
  5. I så tilfelle vil Ring-klokke ikkje være lovleg, datatilsynet krever at kameraet berre kan aktiverast når nokon ringer på. Uttalen frå datatilsynet om porttelefonar. Uttalen frå datatilsynet er litt gamal så den har ikkje tatt for seg kor vanleg det har blitt med kamera.
  6. Myndigheitene sitt råd er å ha rusta seg til å kunne klare seg 72 timar på det du har i huset, den delen av planen har eg stort sett i orden i form av tørrmat/hermetikk samt vatn på dunk, Når eg tenker meg om så er det sikkert på tide å bytte ut til ferskt vatn, sjølv om vatnet eg har i alle fall er godt nok til vasking og toalettbesøk så vil eg helst ha ferskare vatn å drikke. Vatnet eg har på dunk skal likevel ha lang holdbarheit ettersom eg har desinfisert med vaskemiddel for ølbrygging. Del to av planen er at eg prøver å ha over halv tank på bilen til ei kvar tid slik at eg har mobiliteten til å flytte på meg om nødvendig. Det blir nok røft å bu i tettbygde strøk om det blir straum- og vannlaust, i alle fall over tid. I slike tilfelle er det nok best om alle som har muligheita kan kome seg ut av byane. Toalettsituasjonen som er diskutert må nok i fyrste gong løysast med platsposer som blir kasta på ein felles dumpingplass. Eg reknar med at slike plassar blir det nok nokon som utpeiker når det behovet melder seg. Dei fyrste dagane har eg uansett tilgang til vatn for å skylle ned i do på vanleg måte. Kva vi elles bør ha i beredskap kjem veldig ann på situasjonane som kan oppstå. Blir vi angrepet slik at byane blir bomba så er det i alle fall ingen grunn til å planlegge for å kunne klare seg i ei lita leilegheit, då må flest mogleg ut av tettbygde strøk. Blir det krig meir i den forstand at viktig infrastruktur blir sabotert men utan at vi blir bomba så skal eg nok klare meg ei stund.
  7. Eg trur det skal halde seg oppe. Serien kjem nok til å kutte ganske mykje i reisetida. Her kjem spoiler frå handlinga i spelet. Eg har ikkje lest noko seriespoilere så dette er rein gjetting utifrå kva eg husker frå spelet.
  8. Ei ringeklokke/porttelefon vil i nesten alle tilfeller være montert på ytterveggen ved sida av døra og er derfor retta ut frå bygget og eigedommen. Med rett foran døra så meiner datatilsynet området frå døra og utover til nabohus og liknande. Det er dette datatilsynet har vurdert når dei har akseptert porttelefon med kamera er greitt så lenge kameraet berre slår seg på når nokon ringer på og at kameraet ikkje fanger opp meir enn nødvendig av andres eigedom. Grunnen til at datatilsynet har gitt eit unntak for porttelefonar med kamera er at det i praksis er veldig vanskeleg å montere slike porttelefonar i tråd med det generelle regelverket. Skal porttelefonen berre kunne filme privat eigedom så må ringeklokkene monterast på ein vegg/stolpe rett utanfor døra retta inn mot bygget, eller så må det være ein vegg rett utanfor døra som kameraet er rett mot.
  9. Hybridbil vil være veldig situasjonsavhengig, stort sett så er det nok lite lønnsomt med hybridbil men hybridbilar er ofte gøy sidan du får både elektrisk og fossil motor. Men sjølv om du kan utnytte bremsekrafta i nedoverbakkar til å lade batteriet så vil nok dei fleste oppleve at ulempen med at ein hybridbil også har vekta til ein elbil gjere at det totalt sett ikkje går opp økonomisk. Eg hadde personleg ikkje vært så redd for å lade på hurtigladestasjonar. Sjølv om det er høge straumprisar så vil det stort sett alltid være billegare per km med straum enn med bensin/diesel. Ved å ikkje kunne lade heime så mister du likevel tilgangen på veldig billig drivstoff og ikkje minst komforten ved å kunne plugge inn bilen heime og våkne til opplada bil. Det å skulle køyre eins ærend til ein ladestasjon for å lade i 20-30 min tek sjølvsagt lengre tid enn om du har dieselbil, men stort sett så kan du kombinere dette med andre gjeremål. Dei fleste stadar så finn du ladestasjonar i nærheita av butikkar slik at du kan ta unna handelen samtidig.
  10. I mine auger har trådstater gjort det ganske så klart at hen ikkje trengte akutt hjelp. Trådstarter ringte legekontoret, vart lei av å vente i telefonkø. Oppsøkte derfor legekontoret og fekk fastlegetime to veker seinare, noko som trådstarter har akseptert. Når trådstarter kom til legen to veker seinare så kunne ikkje legen tilby behandling på grunn av manglande journal. Trådstarter reiste derfor på legevakta som til tross for manglande journal gav trådstarter tilfredsstillande behandling. Kan trådstartar vente i meir enn 2 veker på behandling så er det ikkje ein situasjon som krev akutt behandling. Fastlegen er uansett ikkje rette instans for akutt hjelp. For akutt hjelp så skal ein nytte legevakta for ting som er alvorlege men ikkje livstruande, og for livstruande skader og sjukdom så ringer ein 113. Fastlegen kan forskyve andre pasientar for "akutt time" når det er nødvendig, men med då er det vanlegvis ikkje behov for akutt behandling, det som er akutt er at det er behov for at fastlegen må gjere noko, som å skrive ut sjukemelding, fornye/endre ein resept, skrive ut journalen, eller signere på andre dokument som ein plutseleg får behov for.
  11. I tillegg kjem fraktkostnadane, og i disse dagar så snakkar ein også om miljøavtrykk som ikkje blir særleg bra når matvarene skal sendast så langt i små forpakningar. Om eg forstår trådstarter rett så er uansett ikkje prisen så viktig, det viktige er å kunne boikotte norske daglegvarebutikkar.
  12. Så vidt eg har funnet ut så får du 1% i alle Coop butikkar, men bonusen kan være høgare i enkelte butikkar og på enkelte produkt. Du får blant anna litt ekstra bonus for å handle økologisk eller vegetarmat, samt ein del andre artiklar.
  13. Datatilsynet har gitt unntak: https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/overvaking-og-sporing/kameraovervaking/hvor-er-kameraovervaking-lov/ Føresetnaden er at kameraet ikkje skal kunne aktiverast utan at nokon ringer på døra, og at kameraet fanger opp minst mogleg anna. Det står ikkje så mykje meir om det men ved porttelefonar så er det nok gjort ei vurdering på at formålet med kameraet gjer det akseptabelt å bruke kamera, og at kameraet uansett er så sporadisk og kortvarig påslått at det ikkje er egna til å overvåke andre enn dei som trykker på knappen for å ringe på. Kjenner ikkje godt nok til RING dørklokkene, men om det er mogleg å aktivere kameraet via app utan at nokon har ringt på så vil det ikkje være lovleg å montere slik dørklokke om det kan være mogleg å sjå andre personar eller andre sin eigedom på kameraet.
  14. Google har også ein tendens til å "oversette" adresser du plotter inn til der firmaet har sin registrerte besøksadresse. Det er ofte litt irriterande når eg prøver å finne fram til eit avdelingskontor eller lagerlokalet til eit firma og ikkje hovedkontoret. Ordner seg greit med å berre skrive gateadressa utan nummer som desitinasjon, men litt irriterande likevel. Eg har også opplevd liknande situasjonar berre omvendt når eg berre skriv inn eit firmanamn og eg får køyrerettleiing fram til bustadhuset til dagleg leiar og ikkje til butikken/verkstedet. Gjeld nok særleg på små firma der eigaren har si eiga privatadresse registrert i Brønnøysundregisterert som foretningsadresse.
  15. Det er nok veldig fornuftig at du organiserer deg om du ikkje er det, dette for å ha juridisk bistand i ryggen om det blir behov for det. At bedrifta kutter ut den avdelinga du jobbar i vil være sakleg grunnlag for å seie deg opp. Ettersom ditt firma har blitt kjøpt opp så er det nok veldig viktig at du får med deg ansienniteten frå ditt førre selskap. Ofte vil det i nedbemanningsprosessar være slik at du det er dei som kom sist inn som er dei fyrste til å gå ut. Om din stilling blir nedbemanna så har du rett til å få fortsette i bedrifta i anna passande stilling som du er kvalifisert for, men du kan ikkje kreve at arbeidsgivar oppretter ei ny stilling til deg.
  16. Her burde det være minst ein kategori til i tillegg til dagens "siste forbruksdag" og "best før". Vakumpakka biff og ost burde nok ha ei merking av typen "smaksgarantert til xx.xx.xxxx", og kanskje ein dato for siste forbruksdag langt fram i tid for sikkerheitsskuld. Det er sikkert tryggast at forbrukarar flest ikkje modner kjøtt og ost i årevis, så ein dato som tilseier at produktet ikkje bør lagrast meir enn eit halvt år hadde sikkert vært fornuftig. Eg har også lagt merke til denne merkinga om at opna produkt er holdabart i 4-5 dagar, noko som eg trur bidreg sterkt til matsvinn. Særleg produkt med lang holdbarheit som appelsinjuice med skrutopp og potetgull som dei fleste oppbevarar i lukka pose toler veldig fint å ligge meir enn 5 dagar før produktet blir spesielt mykje dårlegare.
  17. Så amerikanerane har ikkje kasta seg på streaming enda? Om folk flest ser HBO linært, er det ikkje større sjangs for at sjåerane fell av fordi dei ikkje får med seg at episode 5 er framskunda, og at det ikkje blir sending til vanleg tid på grunn av superbowl? Då er det vel stor fare for at sjåarane mister heile episoda og går rett på episode 6 når den blir sendt til vanleg tid?
  18. +1. Har gode erfaringer med å gjere det på denne måten, særleg når eg skal til utlandet der det er dyrt med mobildata eller eg skal til områder der eg veit det er litt dårleg dekning. Har du fleire områder du reiser til så kan du legge inn fleire kartutsnitt, så treng du heile sør-norge så kan du velge 3-4 kartutsnitt slik at du har dekt heile området. På innstillingane kan du også velge at telefonen automatisk lastar ned og oppdaterer kartutsnitta dine når du er på wifi.
  19. Dette er eit definisjonsspørsmål som er heilt avhengig av kva ein legg i "seksuell orientering" og kva ein meiner med "endres". I dei store linjene så skjer det nok ikkje særleg med varige endringar sjølv om preferansar kan utviklast og modnast med tida. Ytre forutsetningar kan nok likevel i høgste grad påvirke kva ein er villig til å akseptere som akseptable kompromiss. Dei fleste finn nok ikkje ein partner som er 10/10 modell men ein kan likefult finne ein partner som ein er glad i og som ein etterkvart vurderer som like fin når ein ser på heilheita. Enkelte kan være opne for å sjå veldig bredt for å finne ein partner, for andre så er det enten Playboy-modell som kjæreste eller høgrehanda resten av livet.
  20. Lærlinglønna ligg på eit snitt av 50% av fagarbeidarlønn, vanlegvis fordelt på ein stige der ein startar med 30% når ein er heilt fersk og sluttar med 80% når ein er nesten ferdig med lærlingtida. Stillasbyggarar må følge minstelønna etter tariffavtalen som betyr at ein fagarbeidar skal ha minst 230 kr timen, du vil nok likevel heilt sikkert finne arbeidsgivarar som betalar meir enn dette utifrå lokale behov. Stillasbyggarar ha omtrent same lønna som tømrarar, ofte også heilt lik lønn med mindre det er stor mangel på stillasbyggarar. Vil du jobbe som stillasbyggar så har du to vegar inn, enten ved å følge skulegangen og vanleg lærlingtid, men for deg som alt har eit relevant fagbrev så er det nok meir aktuelt at du søker på stillasbyggarjobbar og at du tek fagbrevet gjennom praksiskandidatordninga. Gjennom denne ordninga får du ta fagbrevet etter 5 år med relevant arbeidserfaring, her vil du nok få mykje av arbeidserfaringa du har som tømrar godkjent som relevant arbeidserfaring. På denne måten vil du vanlegvis også få behalde fagarbeidarlønna ettersom du har fagbrev i staden for å starte nederst som ufaglært, for sjølv om du har fagbrev i eit anna fag så er dei så nært beslekta og utfyllande at du lønnsmessig bør ligge likt med dei som har stillasbyggarfagbrev.
  21. Enig, det er lurt å være forsiktig men faten er nok overdreven. I tillegg til sjelden forekomst så vil det for dei aller fleste formane seg som mild matforgifting, du skal være ganske uheldig eller ha nedsatt immunforsvar før dette er veldig farlig. Utan å ha tal på det så er eg ganske sikker på at det er mange rundt om i dei tusen hjem som lar maten stå på kokeplata til avkjøling der den får "godgjere" seg rundt kroppstemperatur som er ideell temperatur for bakterievekst.
  22. Du kan alltid nekte å la deg behandle utanom i enkelte spesielle tilfeller. Om du kan få inngrepet utført utan bedøving kjem heilt ann på om det er forsvarleg, og ikkje minst på kva den som skal utføre inngrepet er komfortabel med. Ofte vil det også finnes alternativ til vanleg bedøving. Til blant anna sårstell så kan du enkelte stadar få tilbod om lystgass som alternativ.
  23. I 1975 hadde vi også blasfemiparagrafen, den vart ikkje fjerna før i 2015. Opprinneleg (1687) gjaldt forbodet berre statsrelgionen, men frå 1934 gjaldt den for all religion som er lovleg i Norge. Religionskritikk har ikkje vært lovleg så veldig lenge, sjølv om at blasfemiparagrafen var nok lenge ein sovande paragraf som ikkje vart ofte brukt i praksis. Samtidig har vi definitivt blitt meir "hårsåre" dei siste åra der omtrent alt skal tolkast i verste meining, gjerne av omsyn til at nokon andre enn seg sjølv potensielt kan bli krenka. På same måte som at vi no har slutta nesten heilt å bruke N-ordet så er det i dag helt i grenseland å seie "mine damer og herrer" då dette diskriminerer alle andre kjønnsutrykk. Innen 10 år så blir det nok fyrstesideoppslag om ein konferansier/kjendis ønsker ei forsamling velkommen på den måten.
  24. The Avatar

    Jobbintervju

    Det kjem nok veldig ann på både bedrifta og den som held intervjuet. Det sagt så vil du ofte kunne forvente at det blir mest spørsmål om deg sjølv, din motivasjon, dine sterke og svake sider, osv. Sjølve grunnkompetansen har du dokumentert i form av vitnemålet ditt, så for arbeidsgivar blir det ofte mest fokus på å finne ut om du er den personen som bedrifta ønsker seg. Som nyutdanna må du ha opplæring, både internopplæring men kanskje også ekstern opplæring. Då er det viktig for arbeidsgiver at dei er trygge på at du er ein person som det er hensiktsmessig å satse på. Til enkelte meir tekniske stillingar så kan det være aktuelt å grave litt meir i fagkompetansen din utover berre karakterane dine, men etter min erfaring så er det ikkje veldig vanleg med kunnskapstesting på jobbintervju.
  25. Kva er det du vil jobbe med? Og kor langt frå tømrarfaget er det du ønsker å utforske? Med fagbrev (av alle typar) så er du kvalifisert til mange praktiske jobbar. Du kan jobbe med drift og vedlikehold av bygg, enten som utførande (vaktmester) eller som kontorjobb med ansvar for å følge opp vedlikeholdsbehov i ei bygningsmasse. Brannmann er sjølvsagt også ein karriereveg som kan være aktuell, dei fleste brannvesen stiller krav om fagbrev pluss fysiske krav for å få jobb. Eit anna stort område er innafor salg om du har interesse for det, jobb i byggvarebutikk er nemnt men det kan også være aktuelt å sjå på salg hos eit forsikringsselskap som tilbyr husforsikring eller ein boligbygger som selg hus til bygging. Ein anna veg å gå om det kan være aktuelt med vidareutdanning er å ta faglærerutdanning i yrkesfag, denne utdanninga bygger seg på at ein har relevant fagbrev og minst to års yrkeserfaring før ein går vidare og tek blant anna pedagogikk slik at ein kan undervise. Og når vi fyrst er inne på vidareutdanning så er det sjølvsagt alltid ei muligheit å ta ingeniørutdanning, enten treårig bachelor gjennom y-veg ordninga, eller via teknisk fagskule som er eit toårig utdanningsløp.
×
×
  • Opprett ny...