The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 711 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Som arbeids-/oppdragsgivar så er NRK sin rolle å seie noko om kva NRK synes er akseptabelt i arbeidsgivars lokaler, for eg forstod det slik at bildet også er tatt hos NRK? Som arbeidsgivar så bør sjølvsagt NRK ta stilling til spørsmålet om rusbruk på arbeidsplassen. Saka hadde nok fått ein litt anna karakter om det gjekk klarare fram at bildet var tatt i ein privatsamanheng som ikkje er direkte relatert opp mot NRK-samarbeidet. Det eg synes er mest spesielt i denne saka er kvifor ein skal fokusere berre på Sophie Elise og skåne veninna. Det Sophie Elise har gjort er å ta bildet og legge til ein bildekommentar som kan tolkast som rus-positiv, særleg sett i samanheng med posen i bildet. Men det er veninna som besitter posen som kan inneholde narkotika, og det er veninna som poserer slik at posen vises på bildet. Sjølv om det er liten tvil om at Sophie Elise har hatt regien i både bildetakinga, bildeteksten og publiseringa, så er det eit lite rom for at Sophie Elise kan ha publisert bildet utan å ha fått med seg at posen vises på bildet. Det burde sjølvsagt vært veninna som fekk hovudtyngda av mediaoppmerksomheita. Ein kan til og med argumentere for at Sophie Elise har vært den fornuftige i denne saka ettersom ho raskt sletta bildet og i alle fall tilsynelatande har gitt inntrykk for at ho sletta bildet så fort ho vart oppmerksom på kva som var avbilda.
-
Det er sjølvsagt alltid ein forskjell på å ha rett og å få rett. Spørsmålet frå trådstartar er på om hen har rett til erstatning og på det spørsmålet kan eg ikkje anna enn konkludere med at selger har erstatningsplikt etter regelverket. For trådstarter er vegen vidare å fyrst gå til selger og vise til regelverket for å kreve erstatning. Kva trådstarter må gjere vidare vidare kjem heilt ann på kva selger svarer. Det kan være at selgar nekter å gi erstatning og anser saka som avslutta, då må trådstarter gå vidare med saka til forbukarrådet, og kanskje til og med søksmål i ytterste konsekvens. Om det er ein kamp som er verdt å ta blir eit heilt anna spørsmål, men dette er også eit spørsmål som selger må ta stilling til. For trådstarter som forbrukar er det ikkje veldig arbeidskrevjande med å sende inn ei klage til forbrukarrådet, det tek berre litt tid å få saka behandla. Det er nok verre for selgar om ein er villig til å bruke arbeidstid på å svare ut forbrukarrådet for å spare 2000 kr. Sjølv om trådstarter ikkje skulle vinne fram med sitt krav så vil selgar ikkje ha rett på å få erstatta sine meirkostnadar med saka.
- 48 svar
-
- 1
-
Forbrukarkjøpslova gir ikkje selger rett til å bestemme korleis mangelen skal rettast. Der er forbrukaren som kan velge kva krav selgar skal oppfylle. Som forbrukar står ein heilt fritt til å akseptere heving og pengane tilbake, men retten til å også kreve erstatning fell ikkje vekk av den grunn. Eg er heilt einig med deg i at ved kjøp og salg av brukte gjenstandar så burde ein følgje eit regelverk der kjøpar må akseptere ein risiko for at ved manglar så er det berre heving som er aktuelt, men forbrukarkjøpslova opnar ikkje for ei slik løysing.
- 48 svar
-
- 1
-
Så lenge du bur i Norge vil du være skattepliktig til Norge for alle inntekter som du tener i Norge eller i utlandet. Dette gjeld også for andre verdiar enn pengar som avkasting, utbytte og inntekter frå eigedom i utlandet. Merk at skattereglane og skatteavtalane har ikkje heilt tatt høgde for slike foretningsvirksomheit der du driv ei bedrift i utlandet utan behov for å være busatt, ha ansatte eller verdiar i det landet der du driv bedrifta. Du kan fort bli skattepliktig til begge land der både USA og Norge meinar at du er skattepliktig til deira land slik at du blir avkrevd for full beskattning i begge land. USA vil nok kreve deg for skatt sidan du driv bedrifta i USA medan Norge vil kreve deg for skatt fordi du er busatt i Norge.
- 2 svar
-
- usa
- selskapsformer
-
(og 6 andre)
Merket med:
-
Så vidt eg kan sjå så skiller ikkje forbrukarkjøpsloven på kjøp av nye eller brukte produkt, forbrukaren sine rettigheiter til å blant anna kreve erstatning er like i begge tilfella. Selgaren har heimel til å nekte omlevering når omlevering er umogleg eller gir selger urimelege kostnadar, jmf. § 29 i forbrukarkjøpslova. § 33 i same lov er heilt klar på at forbrukaren kan kreve erstatning når tingen har ein mangel. Ved forbrukarsalg vil det også avgrensa adgang til å gjere avtalar der kjøparen fråskriv seg rettigheiter. Eg konkluderer derfor med at kjøparen har rett til å kreve erstatning for dekningskjøp av eit fungerande produkt. Det vil då bety at butikken som selg demoprodukt må innkalkulere i ein risiko for at ein viss andel av demoprodukta må omleverast til heilt nye produkt når dei fastsett prisen for demovarer. Altså vil det bety at demovarer ikkje kan selgast spesielt billeg med mindre selgar har råd til å ta risikoen med å omlevere til nytt produkt eller betale erstatning for dekningskjøp. Dette slår meg som lite gunstig i ei tid der det er stadig meir fokus på bærekraft og gjenbruk i staden for bruk og kast mentalitet.
- 48 svar
-
- 1
-
Det vil bli ein forskjell ved at det ikkje lenger berre er bevistlausheit eller bruk av eller trussel om bruk av vold som er definert som voldtekt. Går denne lovendringa gjennom så vil det også være klart at også press er ein form for tvangsbruk. Eg er likevel einig i at det er nokre praktiske utfordringar. Å ta opptak av samtykket vil eigentleg ikkje hjelpe då samtykket når som helst kan trekkast tilbake. Eit opptak der vedkommande seier at dei samtykker er berre bevis for at samkvemmet starta frivillig, eller at personen i starten var edru nok til å kunne gi samtykke. Eit opptak frå etter samleiet der begge partar bekreftar at dei fortsatt meiner det var frivillig vil nok med ei slik lov være eit viktigare bevis. Eg har også nokre spørsmål på formuleringa: har seksuell omgang med noen som ikke vil det, og som gir uttrykk for dette i ord eller handling. Korleis blir rettspraksisen på å ha gitt eit uttrykk? Reint språkleg så finn eg ingen god definisjon på kva som er minstekravet for eit uttrykk, kanskje særleg i den delen som gjeld handling. Eg forstår at det er vanskeleg å spesifisere dette, særleg når ulike situasjonar framgår som så ulike. Eg gjer meg likevel nokre tankar på om ikkje ulike personar vil ha svært ulik oppfatting av kva som utgjer eit "handlings-uttrykk på at ein eigentleg ikkje vil". Situasjonen dette nye tillegget er meint å dekke er jo i situasjonar der offeret av ulike grunnar ikkje tørr eller evner å seie nei eller stopp, og då vil det etter mitt syn likne mykje på tolking av "hinting" om kva ein eigentleg meiner utan å seie det. For å kanskje dra det litt langt, blir det då per definisjon voldtekt når ein under dyna legg seg naken opp mot ryggen til partnaren sin utan at partnaren snur seg mot deg? Handlinga vil fort kvalifisere som seksuell omgang, og det må vel definerast som eit utrykk for motvilje når partnaren ikkje vender seg mot deg og tek over initiativet?
-
Det går eigentleg ganske klart fram av forslaget. Det er foreslått å endre dagens lovformulering: Til: Den store endringa er det nye punkt b), "har seksuell omgang med noen som ikke vil det, og som gir uttrykk for dette i ord eller handling". Det er dette som ligg i samtykkelov, om det nye forslaget går gjennom så vil det også være voldtekt om offeret gir uttrykk for å ikkje ville ha sex. Før så måtte ein legge fram bevis for at det gjerningsmannen hadde brukt vold eller truslar, så scenario der offeret fryser og ikkje tørr å gjere fysisk motstand i frykt for å bli møtt med voldsbruk vil det med den nye lova være lettare å straffe. Det vil ikkje bli krav om at partande må skrive kontrakt, men lovforslaget medfører at det vil være mogleg å føre andre bevis enn tidlegare i ei voldtektssak, for eksempel ved å føre bevis for at gjerningsmannen måtte ha forstått at eit nei betyr nei.
- 26 svar
-
- 4
-
Eg har forstått det slik at koplinga mot rus/psykiatri har gjort at det både vart mindre mediakøyr på saka i samsvar med vær varsom plakaten, og at dette forlenger tida før det blir tatt ut tiltale ettersom det i tillegg til det reint objektive som har skjedd nok også skal gjennomførast ei utredning på om dei mistenkte er strafferettsleg tilreknelege og når dei eventuelt er i stand til å gjennomføre ei rettssak. Ein kan ikkje føre ei sak før dei tiltalte ei i stand til å forklare seg.
- 916 svar
-
- 2
-
Eg tenkjer at han oppfyller straffevilkåra til å være terrorist ganske bra. I motsetting til PST sin definisjon som krev at formålet er å legge press på befolkning og myndigheiter så vil skyting mot folkemengder klart oppfylle straffelovens definisjon av terror. Punkt B om å skape alvorleg frykt i befolkninga tenker eg er klar og ikkje tvilsom. Det er klart at det har vært ei frykt i befolkninga når ein ikkje turte å gjennomføre Pride som planlagt i frykt for nye skyteepisoder. For ikkje å snakke om den frykta dette medførte på alle dei personane som vart tilfeldig skutt mot. Punkt A vil nok ikkje gjere seg gjeldande med mindre ein strekk det til at ytringsfriheita er ein funksjon av grunnleggande betydning. Punkt C er godt ivaretatt når resultatet av skytinga vart kansellering av det planlagte Pride arrangementet og at politiet la ned forbod mot å organisere eit folketog for å vise støtte og fellesskap i ettertid. Det toget som vart arrangert var impulsivt og utan at nokon ville ta ansvar for sikkerheita. Så at skytinga har fått offentlege myndigheiter til å gjere noke av betydning tenkjer eg er ganske klart. Skytinga førte blant anna til at politiet trekte løyvet til å arrangere Pride, og kanskje av størst samfunnsmessig betydning så medførte denne skytinga at Politiet innførte midlertidig bevæpning i heile landet, eit midlertidig tiltak som fortsatt er i kraft.
- 916 svar
-
- 1
-
Køyring på gangveg for å køyre på folk kan fort falle inn under denne definisjonen frå straffeloven. Den er kanskje meir relevant enn terror i dette tilfellet.
- 916 svar
-
- 1
-
Eg finn den same definisjonen på PST si heimeside, men i sikkerheitslova er det ingen slik definisjon. Straffelova derimot har ein definisjon: Så etter straffelova så er det viktigaste kriteriet at ein truar grunnleggande samfunnsfunksjonar og/eller skaper alvorleg frykt i befolkninga. Straffelova er ikkje like opptatt av formålet som det definisjonen frå PST er. Voldshandlingar som foregår på open gate og som potensielt også kan ramme uskuldige kan på det grunnlaget åleine definerast som terror om forholda ligg til rette for det.
- 916 svar
-
- 3
-
Som du nemner så kan det fattast vedtak om bruk av tvang, så det er ganske relevant å sjekke opp om det er fatta slikt vedtak. Vedtaket kan etter same lov fattast av helsepersonellet som er ansvarleg for helsehjelpa, og vedtaket kan berre gjelde for eit år om gangen, så finn du eit gamalt vedtak så vil ikkje det lenger være gyldig. Det andre du bør sjekke opp (og dette passer det fint å spørre som praksisstudent) er kva rutiner og instruksar sjukeheimen har for bruk av tvangsmiddel, foreligg det f.eks. ei rutine som skil tydeleg mellom tvangsmiddel og assistanse? Kven er det heilt spesifikt som er ansvarleg for å fatte slike vedtak, osv. Det kan godt være at du finn ein del svar ved å lese gjennom internkontrollen til sjukeheimen. Eg tenkjer også at inntil du veit noko meir om dette er vanleg å bruke tvang utan vedtak så kan det være fornuftig å undersøke dette reint generelt, som å be rettleiaren din eller andre leiarar om å gå gjennom rutinene for eventuell tvangsbruk med deg. Eg vil også legge til at eg synes heile situasjonen framstår som merkeleg, fyrst bruker ein tvang til å tvinge medisin i pasienten og deretter tvang ved å fysisk holde fast pasienten, og til slutt så berre aksepterer ein at pasienten spytter ut medisinen? Om medisinen er så viktig at det må brukast tvang så må ein vel også syte for at pasienten svelger medisinen? Om det er greitt at pasienten spytter ut så er det jo heilt unødvendig å bruke tvang i utgangspunktet. Om eg skal spekulere så vil eg nok gjette på denne helsefagarbeidaren tenker på dei demente som barn og går inn i rollen som forelder som skal bestemme, og at det over tid har utvikla seg ein ukultur ved at grensen mellom å assistere pasienten til sengs og det å dra pasienten til sengs med tvang har blitt delvis utviska. Sjølv om denne situasjonen framstår ganske klart som tvangsbruk så er det ikkje alltid like lett å skille mellom å assistere pasienten, overtale pasienten, være bestemt med pasienten og bruke tvang ovanfor pasienten.
- 5 svar
-
- 1
-
HAR VITENSKAPEN ført verdens befolkning bak lyset?
The Avatar svarte på PUK sitt emne i Naturvitenskap
Om dette er sant for svevepartiklar av vegstøv så må det vel være sant for alle partiklar i lufta? Kvifor er det då slik at når vårsola står inn stovevindauget så ser eg at det er støv i lufta? Støvpartiklane skal vel falle ned nesten umiddelbart slik at eg kan støvsuge golvet og bli fri for støv?- 147 svar
-
- 2
-
- einstein
- translatorisk
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Om elbil kan være aktuelt for deg så finner du nok ikkje bil med mindre drift og vedlikehaldskostnadar. Elbilar har billig service og lite reperasjonskostnadar samanlikna med fossilbilar. Det kjem likevel heilt ann på kva bilbehov du har, og kanskje aller viktigast, kva slags bil du har lyst på. Det er ikkje alle som kjøper fornuftige bilar, dei fleste kjøper så flott bil som dei har råd til og med flest mulig kjekt å ha funksjonar frå firehjulstrekk til skinnseter.
-
Du må sette deg nøye inn i vilkåra. Sist eg sjekka opp så var det absolutt ikkje verdt å tegne forsikring som kjøpar, finn du feil så kjemper du uansett i oppoverbakke, og forsikringsselskapet du har betalt til vil helst ikkje hjepe deg. Som selgar så kan det ha noko for seg, ikkje som vern mot feil og manglar men fordi det kan være verdt å betale seg ut av masset frå ein kranglete kjøpar. Selg du til ein kranglefant så kan du henvise klagene til forsikringsselskapet slik at du sjølv slepp å bruke tid på å svare grunnlause krav.
- 17 svar
-
- 2
-
Dette kjem veldig ann på kva ein elles skal være i stand til. Ein kan fint overleve nokre veker utan mat om ein sitt og venter på nødhjelp i eiga leilegheit, det er fort mykje verre om ein treng å utføre arbeid. Poenget med å ha både mat og drikke til tre døgn er at ein skal kunne leve omtrent som normalt og fortsatt være sterk nok til å jobbe, flykte eller krige. I tillegg til du med nok mat for tre døgn kan rasjonere deg fram til mykje lengre overlevingstid i ekstremsituasjonar om du har tilgang til nok vatn.
- 51 svar
-
- 2
-
Tråden om The last of us [bruk spoiler]
The Avatar svarte på Gouldfan sitt emne i TV-serier og -programmer
Kva tenker folket om episode 5? Sjølv synes eg det var ei bra episode men kanskje den svakaste fram til no. Spoiler fordi eg samanliknar med spelet: -
Anmeldelse: The Last of Us
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Utsjåande messig er det ofte vanskeleg å finne skodespelarar som både liknar spel-figuren og samtidig er god nok skodespelar til å bære rollen. Enda verre er det ofte når rollefiguren er ung ettersom det er få unge skodespelarar som også er erfarne nok til at dei kan ta på seg ei slik stor rolle. Då er det tross alt enklare å caste ein mann i 40-50 års alderen og treffe forholdsvis bra. Ideelt sett så burde nok Bella Ramsey spelt inn sine scener parallelt med Game of Thrones, ho blir kanskje litt for voksen til å spele ein 14 åring sjølv om eg har sett langt verre alderscasting frå Hollywood før. Det eg kanskje er mest spent på er at dersom dei går for eit tidshopp ved overgangen til historia i the last of us 2 så blir det kanskje vanskeleg å visualisere den tida som har gått mellom at Ellie er 14 år kontra 19 år når skodespelaren no alt er på den alderen og at sesong to nok ikkje er meir enn 1-1,5 år unna. -
Kjem heilt ann på kva ein definerer som sunt, og ikkje minst korleis resten av dietten ser ut. Som kjelde til protein så kan insekter være langt betre enn mykje anna kjøtt, dette kjem likevel veldig ann på type insekt. Det er fint mogleg å bruke ei samansetting av insekt for å erstatte anna kjøtt på alle områder. Om ein baserer kostholdet på friterte gresshopper og pommes frites så blir det nok for mykje fett og for lite mineraler og vitaminer til at det er sundt, men om alternativet er friterte chicken nuggets og pommes frites så er dei friterte gresshoppene sunnare ettersom dei har lavare kaloriinnhold og inneheld litt fleire vitaminer og mineralar ettersom ein et heile insektet og ikkje berre kjøttet. Å leve utelukkande på insekt vil definitivt ikkje være sunt, men som alternativ til raudt kjøtt så er det eit sunnare alternativ med enkelte typer insekt.
- 99 svar
-
- 1
-
Bevisstlaus i 7 min er sjølvsagt også rikeleg lenge nok til at det mildt sagt er uheldig å sitte bak rattet i 80 km/t om det skjer igjen. Etter førarkortforskrifta plikter legen å melde frå om helsetilstand som kan påvirke køyringa. Regelverket er lagt opp slik at du skal miste førarkortet om det er tvil, og deretter kan du få det tilbake etter utredning eller når oppfylt tidskravet etter siste anfallet alt etter type diagnose. Det beste og mest smidige for deg er å samarbeide slik at du fortast mogleg får avklart at det du har ikkje er eit problem før legen får sendt inn papirarbeidet, for når førarretten fyrst er trekt tilbake så er det ein prosess å dokumentere at du er frisk nok til å få førarkortet tilbake.
- 59 svar
-
- 3
-
Insekt fell inn under sekkeposten kjøtt, det er snakk om muskelfiber frå dyr så det er ingen grunn til at insekt skal utelukkast. Basert på kostholdet til andre primatar så er det grunn til å tru at insekt har vært menneskets fyrste kjelde til kjøtt ettersom det er kjøtt som er lett å finne og fortære utan bruk av jaktredskaper til å drepe/fange dyret, og eld til å gjere kjøttet lett å fordøye. Brød kom inn i kostholdet vårt langt langt seinare. Det blir også rart å snakke om menneskemat når mennesket er nesten altetande. Eg er med på at at gras, lauv, og lyng ikkje er menneskemat då dette er næring som vi i liten grad klarer å fordøye, men alt anna som vi kan putte i munnen og som gir kroppen vår meir energi er per definisjon menneskemat sidan det er mat mennesket kan leve av. Å sette eit skille der vi seier at kjøtt frå pattedyr, fugl, fisk, reker og reptilar er menneskemat medan kjøtt frå insekt ikkje skal telle med virker litt kunstig. Minner meg om det gamle ordtaket som går "fisk er fisk og kjøtt er mat".
- 99 svar
-
- 4
-
Det er i alle fall uendelig mykje betre at melbiller blir tilsatt brødet med vilje enn at det er eit uheldig biprodukt slik som i dag. Som med all anna mat så kjem det veldig ann på korleis tilberedinga går føre seg. Etter min meining så har ein ikkje rett til å klage over at insekt og edderkoppar blir brukt til mat når ein gledeleg setter til livs reker og krabbe som insekt frå havet. Det einaste "kravet" eg sett til larver og insekt som mat er at ein ved tilberedinga tek omsyn og fjerner dei delane som ikkje er god mat. Når ein rensker reker så fjerner ein skallet, hodet og tarmen slik at det er berre kjøttet igjen, slik ønsker eg også at mine insekter skal være tilberedt. Det er ikkje farleg å ete insekt med bein, hode og vinger, men det har ein ubehageleg konsistens og gir også veldig lite enæringsmessig, så då vil eg helst ha det renska vekk. Det einaste eg stiller spørsmålsteikn ved er dersom larver og insekt skal brukast som tilsettingsmiddel med lite merking. Treng ein meir protein i brød og liknande så kan ein like greit bruke plantebasert protein som soya, som vel er mykje billegare og meir miljøvenleg enn å dyrka fram insekt til mat?
- 99 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Fyrste spørsmål; Zelensky flyttar på seg heile tida. Både for å minimere faren for utro tenarar kan fortelle russerane kvar han oppheld seg og fordi det er viktig for moralen at han har offentlege opptredenar både ved fronten og i byane. Sjølv om han nok bur mykje i bunkeranlegg for eigen beskyttelse så er det viktig for han å ikkje gi inntrykk av at han gøymer seg vekk under jorda eller flykter til utlandet. På det andre spørsmålet så er det nok fleire grunnar. Målretta angrep mot statsleiinga er litt tabu også for russarane. Det er derfor tidlegare likvideringsforsøk har blitt utført av agentar på bakken, for då kan Russland skulde på at det er enkeltpersonar som har gått til angrep og ikkje den russiske staten. Eit militært angrep mot Zelensky som person vil i stor grad legitimere tilsvarande motangrep mot Putin som person. Den andre grunnen er at det er slått tvil om treffsikkerheita til russerane, det er ikkje gitt at det i det heile tatt er mogleg for Russland å bombe eksakte mål i Kyiv. I eit slikt dommedagsscenario så må også Norge rekne med å bli bomba, men vi er nok ikkje det viktigaste målet. Delar av rakettane, særleg langdistanserakettane ICBM vil vi nok kunne skyte ned, det er også noko tvil om kor operativt Russlands atomarsenal er i praksis. Sannsynlegheita er nok stor for at ikkje alle atomvåpena er godt nok vedlikeholdt til å kunne skytast ut, vi må likevel rekne med at Russland har "nok" atomvåpen til å utgjere ein reel trussel, særleg for oss som bur aller nærmast grensa. Det som kanskje redder oss er at det fyrst og fremst er USA som Russland må klare å ramme, for det er der det største potensialet for motangrep kjem ifrå. Eg trur at det er her den største risikoen ligg. Dersom Russland bruker takstiske atomvåpen i Ukraina mot militære mål så er det ein reell fare for at Russland slepp unna med det utan anna enn fordømming store delar av verden. Eit slikt angrep vil ikkje bli fordømt av FN ettersom Russland har vetorett og vil sjølvsagt stemme imot eit slikt vedtak. For NATO/EU/vesten vil det være vanskeleg å gjere særleg mykje fysisk mot eit slikt angrep. Det vil nok være ein overreaksjon av NATO å atombombe Russland som motsvar, eit slikt atomangrep vil også bli besvart av Russland som berre treng å trykke på knappen når dei ser rakettane kome mot seg. NATO kan bruke ei slik bruk av taktiske atomvåpen i Ukraina som påskudd for å invadere Russland, men det gir igjen Russland legitimitet til å bruke sine atomvåpen for å forsvare seg mot ein invasjon. Ei tredje muligheit er å forsyne Ukraina med taktiske atomvåpen slik at Ukraina kan gjengjelde angrepa med sine eigne atomvåpen, men det vil nok være stor motstand mot å levere våpen av denne typen til Ukraina. Realistisk sett så ser eg ikkje så mange andre motsvar som NATO kan gjere utan å risikere for mykje enn å sende store NATO-styrkar til alle grenseområder mot Russland for å demonstrere styrke og handlingsvilje. Så lenge NATO-styrkane står ved grensene så vil styrkane utgjere ein umiddelbar sikkerheitsrisiko for heile Russland, men så lenge det ikkje har skjedd grensekrenkingar så vil ikkje Russland ha legitimitet til å bruke atomvåpen. Eit anna alternativ kan være full handelsblokkade rundt Kaliningrad både til lands, i Østersjøen og i lufta med det formål å la russiske innbyggarar i Kaliningrad svelte ihjel. Med andre ord at NATOs tilsvar til eit hypotetisk russisk brot på internasjonale resolusjonar om bruk av atomvåpen og krigsforbrytingar er at NATO utfører sine eigne folkerettsleg lovbrot mot russisk befolkning i Kaliningrad. Eit slikt indirekte angrep frå NATO vil Russland berre kunne løyse ved å angripe NATO militært, eller at det tvinger fram ei politisk løysing. -
Så med andre ord full russisk seier, og tilbake står eit rasert Ukraina utan sjølvråderett?
-
Sjølv om eg er einig i premisset om ytringsfriheit og at vi ikkje kan la være meingar bli diktert frå utanforståande, så synes eg også at det i dette tilfelle var fornuftig å avgrense ytringsfriheita av allmennpreventive grunnar. Koranbrenning utanfor Tyrkia sin ambassade er både ei ytring som fint kan ytrast på andre måtar, og det er ei handling som gir større ringvirkningar enn sjølve protesten. Ein ting er PST sin vurdering om trusselen om islamistisk terror, trusselen om terror er nok ein trussel vi må leve med i eit demokratisk samfunn med ytringsfriheit. Ein anna ting er om det er greitt at vi skal la nokre få personar få slå siste spikeren i Sverige og Finland sin NATO søknad? Ja sjølvsagt bør Tyrkia og Erdogan forstå at ein protest frå nokre få ikkje er representativt for heile samfunnet og at det i demokratiske land er lov å kome med ytringar, men så lenge formålet var å provosere for provokasjonens skuld, berre fordi ein vil motarbeide ein Svensk NATO søknad, ja då synes eg det er greit å sette ned foten. Eg er som sagt heilt for ytringsfriheit, men eg meiner også at det må være fair å kreve at lovlege ytringar skal være konstruktive og legge til rette for ein open samfunnsdebatt. Vi får ingen gode politiske eller akademiske diskusjonar av at nokon smører dritt utover grunnlova, eller liknande symbolhandlingar som berre gir polarisering. Religionskritikk som er basert på "sjå kor sint muslimen blir når vi brenner koranen" er på heilt på høgde med "sjå kor trist mobbeofferet blir når vi tek lua hans og kaster mellom oss". Joda vi alle som ser slike handlingar forstår hatet mot muslimar og mobbeoffer, men det gir oss ingen substand til å ta stilling til om vi er einige eller ueinige.