The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 717 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Brannvesenet har ein del fullmakter, både etter nødretten og etter brannlova. Det fyrste kriteriet på om brannvesenet har lov er om det er forholdsmessigheit mellom skadepotensialet ved handlinga og det brannvesenet kan redde. Det andre momenter er at sjølv om brannvesenet har lov så betyr ikkje det at skulda og kostnadane kan påleggast ein tredjepart. Brannvesenet vil fort måtte betale for øydeleggingane. Det er likevel forskjell på om brannvesenet presser ein bil i grøfta for å kome 2 sekund raskare fram til ein katt i eit tre, eller om brannvesenet knuser ei rute for å flytte ein bil som ville brent opp om bilen vart ståande. Under utrykking kan nødetatane bryte det meste av trafikkreglar, men dei kan ikkje bryte aktsomheitsparagrafen. Nødretten kan likevel gjere seg gjeldanse også for nødetatane. Brannvesenet kræsjer nok lett inn i ein parkert bil for å kunne redde ei familie i eit brennande hus, også om det medfører at brannvesenet må betale for skaden i ettertid.
- 20 svar
-
- 4
-
Særleg når du har så kort tid på deg så er det også avgrensa kva du rekk å gjere både praktisk og formelt sett. Det er ikkje sikkert du klarer å skremme henne vekk med ei slik løgn (om du ikkje stikker og kjøper kamera i morgon) men du hever i alle fall terskelen ganske mykje når ho veit at ho ikkje kan låse seg inn utan å bli oppdaga, i tillegg til at du nok ein gong stadfester at ho ikkje er velkomen og at du vil anmelde dette som innbrudd. Om ho ikkje er redd for kva du kan gjere så må ha være litt redd for kva ei anmelding med tilhøyrande videobevis vil kunne føre til.
-
Barneboken "Hvordan lager man en baby". Upassende eller akseptabel?
The Avatar svarte på DimSum sitt emne i Media
Det kan også skje at nokon prøver å ha samleie med dei før dei er gamle nok. Kunnskap skal ein ikkje være redd for.- 93 svar
-
- 6
-
Kan du ikkje berre seie at ho ikkje får kome til leilegheita di og at du har satt opp eit webkamera og vil anmelde henne for innbrudd om ho låser seg inn? Det treng ikkje å være sant, men det kan ikkje ho vite. Eller du kan informere henne om du har lånt ut leilegheita eller liknande unskuldning som gjer at ho ikkje kan risikere å prøve å låsen seg inn medan du er bortreist. Du kan sjølvsagt bytte lås og sende henne rekninga, men det blir sikkertbein lang kamp å kreve inn pengane.
-
Det er forskjell på kultur og økonomi. I dette tilfellet så er det fyrst og fremst det økonomiske tilskuddet som blir problematisert, ikkje spelet som kulturuttrykk. Dette handlar fyrst og fremst om kvar vestlege forbrukarar ynskjer å investere pengane sine. Dei aller fleste forbrukarar må uansett prioritere kor mykje pengar dei kan bruke på kultur og underhaldning og då er det heilt naturleg å prioritere kva ein brukar pengar på.
- 92 svar
-
- 2
-
NRK tapte søksmål om gaminghuset LL35
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ah. Ja då gir det god meining at NRK tapte søksmålet. -
Hvorfor er det skattefritt å leie ut del* av egen bolig?
The Avatar svarte på Minus sitt emne i Økonomi
Og den andre sida, dersom det hadde vært skattefritt å leige ut heile bustaden så hadde også utleigeprisane auka ettersom vi hadde fått fleire store aktørar som kjøper opp mange bustadar til utleigeformål. Hadde all utleige vært skattefri så er det nok ikkje så mange andre investeringar som kan matche avkastinga med å både investere i eigedom og ha skattefri leigeinntekter. Eit anna moment er også at ein slik regel er relativt enkel å administrere. Hadde all leigeinntekt vært skattepliktig så hadde ein nok fått mange saker der ein må vurdere om vennen som bur på gjesterommet ditt og som betalar deg 500 kr i måneden betalar deg skattepliktig husleige eller eit skattefritt bidrag til bukostnadane. Med regelen om 50% av utleigeverdien så er det eit mykje klarare skille på om du har som hovudformål å drive med utleige av bustaden, eller om hovudformålet er at du skal bu og bruke bustaden sjølv. -
NRK tapte søksmål om gaminghuset LL35
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Kva var grunnlaget for at NRK tapte saken? Slik som saka har blitt lagt fram tidlegare så var det snakk om at NRK fant vannlekkasjer på stadar der selgar og forsikringsselskap seier det har vært vannlekkasje tidlegare. Så basert på dei opplysningane som vil det vel være nærliggande å anta at selgaren ikkje har gitt korrekte opplysningar når det vart sagt at vasslekkasjane var utbetra før salget? At selger meinte det var dårleg gjort av NRK å kreve regress for ekstrautgiftene ved vannlekkasjen når dei likevel skulle bruke 40 mill på dette huset er vel ikkje spesielt sakleg? Så har NRK tapt fordi det var eit grunnlaust krav å kreve erstatning for vannskader, eller har NRK tapt basert på ei totalvurdering der også NRK som statleg aktør er tatt med i vurderinga? Hadde resultatet blitt det same om det var ein privat kjøper som hadde kjøpt huset? -
Det vil nok overraske deg kor mange som både fyller med på offentlige postlister dagleg eller er innom for å søke på interessante saker. Særleg blant dei som er litt opptatt av lokalpolitikken så vil det nok være ganske mange som både leser postlister og ber om innsyn der ikkje heile saksgangen er publisert. Eg kan anbefale siden einnsyn.no som er ein samleportal for både kommune, fylke og stat. Akkurat no så gjekk eg inn og søkte opp postlista for dagen i dag, då får eg opp 26 433 brev som har gått ut eller inn frå det offentlege i løpet av dagen i dag. Her i min landsdel så er det vinterferie denne veka så reknar med at talet normalet er mykje høgare. Som du ser så er enkelte av sakene unnteke offentlegheit med henvisning til lovheimel, nokre av sakene ligg heilt fritt tilgjengeleg, og andre må du klikke deg inn og bestille tilgang til. Å bestille tilgang er både gratis og kan gjerast anonymt utanom at du på akkurat denne løysinga må oppgi ei epostadresse for å få tilsendt dokumenta. Du kan f.eks. søke på naboklage, då får du 2500 treff. Som du ser så er graden av offentlegheit litt varierande, typisk fordi det er ei heilheiltsvurdering av sakshandsamaren korleis brevet skal journalførast.
- 9 svar
-
- 1
-
Om spørsmålet er kritisk eller ikkje vil ikkje i seg sjølv være det viktigaste kriteriet. Likevel vil nok kritiske spørsmål ofte berøre tema som også kan være relevante for andre, då blir spørsmålet og svaret arkivert for ettertida. Ein kan fint stille kritiske spørsmål om til dømes utrekninga av eigedomsskatten, då vil du kunne få svar utan at det nødvendigvis blir arkivert sidan det er heilt alminneleg rettleiing til innbyggaren. Spørsmål på om storleiken og fastsettinga av eigedomsskatten vil fort være arkivverdig for å kvalitetssikring av tenesta.
-
Det kjem sjølvsagt mykje ann på kvar du jobbar. Typisk vil du ha mykje meir kontortid med telefon som helsesekretær, typisk vil du ha din arbeidsplass i resepsjonen med både besøkande, telefonar og epostar samt anna administrativt arbeid. Dei praktiske helseretta arbeidsoppgåvene vil utgjere ein mindre del av jobben. Som apotekketkniker vil det være mykje mindre telefontid. Det du har med kundekontakt vil typisk være å informere om legemidlane til apotekkundar. Det blir sikkert litt telefonar likevel men stort sett vil du opphalde deg bake på lageret i eit apotek. Muligheitene for å ta meir kurs for å utvikle kompetansen din er nok omtrent lik i begge yrka, men grovt sett så vil du nok som apotektekniker ha meir fokus på å spisse deg på det medisinskfaglege. Som helsesekretær får du kanskje eit litt breidare perspektiv og får innsyn i mange ulike yrkesgrupper som kan gi inspirasjon til å ta ei ny utdanning. Likt for begge utdanningane er at det ikkje er særleg med moglegheiter for å ta formell vidareutdanning innafor akkurat det same, du må ta ei heilt ny utdanning om du vil ha eit anna yrke. Som apotektekniker så vil det være nærliggande å ta høgskuleutdanning som farmasøyt om du ønsker det, då er det veldig greit å ha eit fagbrev som apotektekniker i botnen men du kan også ta den utdanninga med anna vidaregåande utdanning som grunnlag. Tilsvarande som helsesekretær, du får i liten grad utvida fagbrevet men du vil i alle tilfeller ha eit godt grunnlag for å seinare starte på ei utdanning på høgskule eller universitet, enten du går mot den helsefaglege og startar på sjukepleiarutdanning eller om du heller meir mot det administrative og tek ei bachelorgrad innafor økonomi og administrasjon.
-
Det er mogleg å bruke tvang sjølv om mor er samtykkekompetent. Det er ikkje like lett lengre men det er opning i lovverket for det. Etter helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 10 så ligg no denne myndigheita til å bruke tvang på kommunen ved NAV, og ikkje lenger på fastlegen. Vilkåret er då at pasienten utsett sin eigen fysiske og psykiske helse for fare, og at hjelpetiltak ikkje har hatt effekt. Uansett plikter kommunen etter å ha mottatt slik melding frå dei pårørande å undersøke om det er grunnlag for å fatte vedtak om bruk av tvang, du som pårørande har rett på å få tilbakemelding om korleis kommunen har vurdert. Kva som er mest fornuftig å gjere blir ei vurderingssak. Sidan mor i denne saka ønsker kontakt med barnebarna så tenkjer eg at det kan være fornuftig å i fyrste omgang forhandle. Eg veit ikkje kva dykk har prøvd tidlegare, men eit krav om at mor ikkje skal være full når barnebarna er tilstades burde være eit ganske objektivt og greitt krav å stille. Så spørs det sjølvsagt kor langt komen ho er og kor lenge ho då klarer å halde seg rusfri, men ein fordel med å sette slike enkle grenser er at dykk finn ut om ho klarer å halde seg edru når ho må eller om avhengigheita er for stor. Ein anna fordel med eit slikt objektivt krav er at du ikkje treng å konfrontere direkte med dette som ei avhengigheit, då kan du formulere det slik at, ja mor er ei voksen dame som kan ta eit glas vin når ho vil det, men at ho ikkje kan drikke når barnebarna er til stades. Her kan du også legge til ulike unskuldningar som at barna synes alkoholen lukter vondt, at mor må være køyrbar i tilfelle det skjer noko, eller liknande. På denne måten gir du mor eit handlingsrom til å sjølv bestemme at ho skal halde seg edru fordi barnebarna kjem på besøk utan at du tvinger henne til å vedgå at ho har eit alkoholproblem. Det er i slike tilfeller du får konflikt og dårleg stemning. Ved å ta små steg om gangen så gir du mor handlingsrom til å late som det er ho sjølv som finner ut at det sikkert er lurt å ta imot behandling, når du går inn og "anklager" henne for å våre alkoholiker og du truer med enten tvangsinnlegging eller ved å nekte henne å sjå barnebarna så er ryggmarksrefleksen for dei fleste å blånekte. Litt bestemt må du nok være, men små steg om gangen er nok lurt om du går vegen om å prøve å overtale mor til endre seg.
- 39 svar
-
- 1
-
Offentlegheitslova: Så kort og godt så er hovudregelen at alt er offentleg om ikkje anna lov forbyr publisering, til dømes har forvaltningsloven bestemmelsar om tausheitsplikt. Slik tausheitsplikt går mest på personlege forhold eller bedriftshemmelegheiter. Som personlege forhold er det meint helsesituasjon og liknande. Namn, sivilstand, yrke, adresse og likande er ikkje personlege forhold med mindre opplysningane kan settast i samanheng med personlege forhold. Sjølv om opplysningane er unnateke offentlegheit så er ikkje det til hinder for å dei opplysningane direkte gjeld får vite om dette. I ein naboklage vil då naboen som blir klaga på kunne få vite kven som har klaga fordi klagen gjeld den naboen spesifikt. Grunnen til at det er slik er at naboen som det blir klaga på skal ha moglegheit til å svare ut beskuldingane. For den offentlege forvaltninga er praksisen at mest mogleg skal offentleggjerast, det som ikkje kan offentleggjerast skal opnast for innsyn, og berre opplysningar som stat/kommune er pliktige til å skjerme blir haldt tilbake. Det går likevel ei grense reint praktisk på om saka er arkviverdig eller ikkje. I utgangspunktet så vil alle saker som det er forventa at kommunen skal gjere noko med være arkivverdige. Ein naboklage vil være arkivverdig om den går på forhold som det ligg innafor kommunalt ansvarsområde å gjere noko med, typisk ulovleg bygging og liknande. Ei klage på eigedomsskatten vil være arkivverdig fordi det er i offentlegheitas interesse å få innsyn i korleis kommunen vurderer slike klager, blant anna fordi det ikkje skal være forskjellsbehandling ved at dei som klagar slepp å betale. Eit reint spørsmål angåande praktiske ting vil vanlegvis ikkje være arkivverdig.
-
Så vidt eg kan finne ut så betyr tuft det same som tomt, så sett i lys av det så vil nok unntaket gjelde alle typar hyttetomter. Sjølv om eigaren av utmarka ikkje er plikt til å sette opp mot din hyttetomt etter så står det også: Så den praktiske forskjellen er at dersom du vil ha gjerde så må du du sjølv ta kostnaden med å sette opp, vedlikeholde og til slutt fjerne gjerdet.
- 11 svar
-
- 1
-
Tråden om The last of us [bruk spoiler]
The Avatar svarte på Gouldfan sitt emne i TV-serier og -programmer
Spoiler frå spelet: Likte ellers episoden bra. Det er ikkje heilt blåkopi frå spelet, men det er eigentleg ein bra ting. Største kritikken eg har akkurat no er at ting skjer kanskje litt vel fort? Ettersom det er ein TV-serie så hadde det ikkje gjort meg noko om vi fekk bruke litt meir tid på å utforske karakterane og omgivnadane. Eg er sikker på at vi kunne sikkert hatt ei heil episode berre med Ellie som utforskar eit "moderne" samfunn med alt frå å kunne sjå på kino til ha tilgang til vannklosset.- 142 svar
-
- 1
-
For sjukepleiar (3 årig bachelor) med full ansiennitet på 10 år som jobbar på sjukehus (spekter) så er minste tarifflønn 538 000. For sjukepleiar (3 årig bachelor) med full ansiennitet på 16 år som jobbar på i kommunen (KS) så er minste tarifflønn 537 900. For sjukepleiar (3 årig bachelor) med full ansiennitet på 16 år som jobbar på i privat (NHO) så er minste tarifflønn 538 000. Mange jobbar også turnus så då kjem tillegga for ubekvem arbeidstid i tillegg. Det er også verdt å merke seg at sjølv om dette er lavaste tarifflønna som det i det organiserte arbeidslivet er lov å betale ein sjukepleiar så vil dei fleste bedrifter lønne sjukepleiarane høgare enn andre yrkesgrupper med tilsvarande kompetansenivå. Kanskje særleg i kommunane blir lønningane pressa opp då det er stor mangel på kvalifiserte sjukepleiarar som vil jobbe på kommunale sjukeheimar.
- 6 svar
-
- sykepleier
- sykepleie
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Eg kjenner meg heller ikkje igjen i at det er mange apper som krever mykje plunder og heft for å få appen til å fungere, det eg derimot kjenner meg igjen i er at det er mange dårlege appar der ute. Av dårlege appar så har vi fleire kategoriar. -Den fyrste kategorien er appar som like bra kunne vært ei nettside. Typisk døme er Facebook-appen. Ved å logge inn på Facebook i nettlesaren som mister ein ingen funksjonalitet å snakke om. Nettsida til Facebook på mobil tilpassar seg også veldig fint den mindre mobilskjermen. Det einaste du eigentleg mister med å bruke nettsida er at du ikkje forer Facebook-algoritmen med like mykje personopplysninar som GPS posisjon, kontaktliste, filer, osv. -Den andre kategorien er appar med feil funksjonalitet. Her kan det for meg bikke begge vegar, appar med alt for mange funksjonar kan fort være like håplause i bruk som appar med alt for få funksjonar. Eg forstår at denne balansen kan være vanskeleg å finne, og at ulike brukarar kan ha ulike meiningar om funksjonalitetane, men det er likevel ein viktig balanse å finne. -Den tredje kategorien med dårlege appar er appar som er reglerett søppel/svindel. Det treng ikkje nødvendigvis å være useriøse aktørar som står bak appane heller, det er ofte nok at ein bransje berre bestemmer seg for å ta betalt for ei teneste som før var gratis. Eit godt døme her er automatisk nummeropplysningssøk når nokon ringer, når har vel alle dei norske aktørane dette som ei betalingsteneste der ein må betale ganske mange tiarar i månaden for ei teneste som ein fekk gratis før. Eit anna eksempel er alle mobilspela som er "gratis" men som i praksis krev kjøp gjennom mikrotransaksjonar for å spele, skuffande mange av disse spela er retta direkte mot barn. Og etter min meining er disse mikrotransaksjonane i mobilspel særdeles overprisa i forhold til kva du får for pengane, eg kan ikkje forstå anna enn at målgruppa er speleavhengige med dårleg impulskontroll som brenner av 1500 norske kroner på å kjøpe ein rabattert pakke med 100 virtuelle gullmyntar slik at ein slepp å vente i X min på å få fleire credits i spelet. Det finnes ein del dårlege appar, men totalt sett så synes eg at brukarvenlegheita på dei mest vanlege appane er middels god. Problemet er nok at alt frå små bedrifter til store offentlege etatar på død og liv skal bruke millionbeløp på å utvikle ein app som får 15 nedlastningar og så forsvinner. Det virker som at dette er eit pengesluk som ein kvar ny sjef må gå gjennom. Ein treng vel ikkje å være rakettforskar for å forstå at folk flest ikkje ønsker å ha hundrevis av apper på telefonen sin, særleg når appen berre er ein dårlegare versjon av heimesida til bedrifta. Det er tydelegvis så kult med eigen app at alle må ha ein app koste kva det koste vil. Det er tydeleg heller ingen vilje til å inngå samarbeid på tvers av bedrifter slik at ein kan bruke ein og same appen til fleire ting.
-
Rehabilitering av bad utført av svigers - samboer kjøpe seg inn
The Avatar svarte på Cerebellum sitt emne i Økonomi
Eg les det slik at burettslaget vurderer å renovere alle bada i burettslaget, og for å vurdere behovet så har dei plukka ut nokre tilfeldige bad å sjekke, deriblant trådstarter sitt bad. Eit slikt vedtak kan burettslaget gjere på grunnlag av vedlikeholdsplikta av fellesrøyr og avløp. Skal burettslaget utføre dette arbeidet så krev det tilgang til alle andelsleilegheitene og i praksis at heile badet må totalrehabiliterast ettersom det ikkje er mogleg å bytte ut gamle innvendige røyr utan å bryte opp flisene og punktere membranen. Burettslaget vil kunne derfor kunne gjere vedtak om at bada i praksis skal renoverast til ein lik standard, vanlegvis då med muligheit for kvar enkelt andelseigar å kunne betale eit mellomlegg for standardheving utover det som er nødvendig. I den samanhengen så er det nesten ein fordel for trådstarter å ikkje ha dokumentasjon på badet, dette vil styrke burettslagsstyrets vurdering på at det er nødvendig å sørge for at alle bada blir renovert og dokumentert. Om det er dette som er konklusjonen så treng ikkje trådstarter å stresse med å få utarbeida dokumentasjon ettersom badet då blir revet og bygd på nytt uansett. Om det er mange som har dårlege bad eller bad med manglande dokumentasjon så styrkar det behovet for at burettslaget vedtek å få alle bad utbetra. Terskelen for å kreve riving og gjenoppbygging av alle bad om mange har nyleg pussa opp er nok litt høg, men samtidig så er det nok ingen med nyoppussa bad som har utbetra det felles rørsystemet, så det hjelp eigentleg ikkje om badet er aldri så fint og flott om burettslagets interne røyr har eit vedlikehaldsbehov. Då må alle bada rivast for å få dette utbetra. Konsekvensane av å ha eit udokumentert bad er ikkje så veldig store om arbeidet er fagleg utført. Utan dokumentasjon så får ein uansett nest dårlegaste tilstandsvurdering, noko som betyr at ein bør men ikkje må utbetre feila. Ein slik dårleg karakter gir konsekvens for verdivurderinga (i den grad potensielle budgivarar bryr seg om det som står i tilstandsrapporten). Den andre konsekvensen er at ein kan få utfordringar med forsikringsselskapet som lett kan fråskrive seg ansvaret ved å påstå årsakssamanheng mellom vannskaden og dårleg utført arbeid eller bruk av dårlege komponentar. I forhold til resten av burettslaget så betyr det ikkje anna enn den som ikkje kan dokumentere at badet er i orden kan få regresskrav dersom det oppstår ein skade. -
Håper dei går litt tilbake til spelmekanikken i tidlegare spel i staden for å vidareutvikle Civ6. Sjølv om løysinga i Civ6 med å bygge tettstadar rundt bykjerna slik at byen blir større så synes eg at denne delen vart litt for mykje på detaljnivå når ein tross alt skal styre ein sivilisasjon frå vugge til grav. Det blir uansett aldri heilt realistisk med at nyetablerte byar aldri kan nå igjen byar som er fleire tusen år gamle. Så håper at dei går for ein litt lågare detaljgrad til fordel for dei store linjene, og at dei fokuserer meir på dei ulike måtane å vinne spelet på. Eg vil gjerne har mykje meir diplomatiske alternativ, og ikkje minst smartare AI. Kanskje vi til og med får smarte nok datastyrte motstandarar til at vi kan velge høgare vanskelegheitsgrad utan at datamaskina tyr til juks. Det er sjølvsagt ei større utfordring og slå datamaskina som starter med fleire units og uendeleg med pengar, men det er ikkje like gøy.
- 2 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det vil nok ikkje i sjølv bety at det blir krig mellom USA og Russland, om Biden blir drept, skada eller angrepet så vil det heilt klart kunne danne grunnlag for at USA erklærer krig. Det sagt så kjem det også veldig ann på omstendigheitene. Ved dette besøket så er ikkje ankomsten av ein statsleiar annonsert, og Russland har ikkje blitt forespurt om ei våpenkvile under besøket. Så det vil være ein forskjell på om Russland bomber Kyiv og Biden tilfeldigvis blir råka, kontra om Biden blir målretta angrepet. Så blir det sjølvsagt også eit spørsmål om kva som kan bevisast. Realistisk sett så vil ei slik hending tvinge fram politiske forhandlingar mellom USA og Russland, for med mindre Russland kan føre bevis for at angrepet mot USAs president var eit uhell og er villige til å forhandle om erstatning og truverdig unnskyldning frå Russland så vil USA kunne bruke angrepet som grunnlag for å gå til krig. Realistisk sett så er trur eg nok at USA vil svare med tilsvarande likvideringsforsøk på Putin. Eit slikt målretta angrep mot Putin som president vil være eit meir forholdsmessig tilsvar på russisk angrep på USA sin president, og konsekvensane for USA blir mindre. Ein krig mellom USA og Russland blir i alle tilfeller kostbar, og også storpolitisk så vil ei amerikansk likvidering av Russisk leiarskap være meir akseptabel for verdenssamfunnet forøvrig og ikkje minst for det russiske folket som då står fritt til å velge ny president. Eit anna moment med ein slik "amerikansk spesialoperasjon" retta mot russisk leiarskap er at USA kan nekte for sin innvolvering, for det er også eit poeng at russiske myndigheiter helst ikkje skal kunne bruke situasjonen til å samle krigsstøtte i eiga befolkning. Sjølv dei russarane som i dag er imot krigen vil ha langt vanskelegare for å stå imot når amerikanske tanks ruller inn i gatene og sjølve Russland er under angrep. -
Prikksystemet er eit godt system som medfører ein risiko uavhengig av bøtenivået. Den største svakheita til prikkesystemet er at det oppleves som litt tilfeldig om ein blir kontrollert eller ikkje. Eg kunne også tenkt meg at prikkesystemet vart justert litt. Kvifor skal ein ikkje dele ut einslege prikkar? I dagens prikkesystem så er det stort sett 3 prikkar som blir delt ut, i nokre tilfeller 2 prikkar, og aldri berre 1 prikk. Kva er då vitsen med eit system som går opp til 8 prikkar? Då kunne ein like gjerne hatt eit system der førarkortet ryker på andre eller tredje bota innafor ei tre års periode? Det skal ikkje mykje til for at råkøyrer drar på seg 6 prikkar på same kontrollen, til dømes om ein køyrer forbi i høg hastigheit og foretar ei ulovleg forbikøyring, held for kort avstand til bilen du skal køyre forbi, osv. Då får du 3 prikkar for farta og 3 prikkar for det andre lovbruddet. Personleg synes eg også at det virker nesten tilfeldig kva lovbrot som gir prikkar. Fartsbiten er grei nok, der slepp ein unna med berre ei bot frå 15 km/t over fartsgrensa i 60-soner, og deretter får ein 2 og 3 prikkar oppover mot lappegrensa. Men kvifor får ein ikkje prikkar for å bruke feil dekk, overlast, køyring i gågate, osv? Er dette mindre farleg enn å køyre på fortau/sykkelfelt, trimma moped, eller halde for kort avstand til forankøyrande? Om du får 3 prikkar + bot for å køyre i gågata kvifor får du berre bot om du køyrer på fortauet? Å køyre på fortauet er vel mykje farlegare ettersom fortauet er smalt og muligheita for å som fotgjenger å komme seg unna er mindre? Når det gjeld bøtesatsane i seg sjølv så savnar eg ein betre samanheng mellom alvorlegheit og storleiken på førelegget. Eg synes eigentleg at det er heilt greitt med høge bøtesatsar, men ved mindre fartsoverskridingar på elles gode vegar så kunne ein godt hatt lågare bøter. I tillegg så ynskjer eg at det bør være rom for å vurdere farepotensialet. Særleg når det gjeld bruk av mobiltelefon. I mine auger så er det himmelvid forskjell på å gløtte på mobiltelefonen når ein står heilt i ro i lyskryss (som vi no har høgsterettsdom på at det ikkje hjelp at bilen står i ro), og det å skrive lange tekstmeldingar på touchskjerm under køyring. Det er sjølvsagt vanskelegare å vurdere, men særleg fordi stadig fleire bilar har fastmonterte skjermar så virkar det som eit kunstig skilje at trykking på den store bilskjermen skal være heilt lovleg medan tilsvarande trykking på mobiltelefonen skal automatisk kvalifisere til forskrifta sin strengaste straff med førelegg på 9700 kr og 3 prikkar. Det må gjerne svi skikkeleg for dei som ikkje klarer å konsentrere seg om køyringa og i staden sitt og brukar mobiltelefonen under køyring, men det bør ikkje koste deg 10 000 kr å sjekke kven som prøvde å ringe deg når du i eit lyskryss med foten på bremsa eller handbrekket på. Eg synes også at det er problematisk at "straffa" med å miste sertifikatet oppleves som mykje strengare enn bota, sjølv no med med dei ekstra høge bøtesatsane. Minste tapstida er i dag 3 månadar, noko som eg synes er veldig lenge sjølv om ein har vært idiot i trafikken. Personleg så må eg påstå at eg hadde kjent skikkeleg på konsekvensane av eit førarkort alt etter nokre dagar, sjølv å miste sertifikatet i berre ei veke eller to er lenge nok til at det hadde gitt meg store utfordringar i både jobb og fritid. Om eg blir tatt for fyllekøyring og får 1,5 månadslønn i bot så vil det svi skikkeleg, men det er fortsatt mykje verre å miste sertifikatet i 2-5 år, då må eg legge om heile livet mitt med alt frå å finne meg ny jobb, omlegging av fritidsaktivitetar, og sannsynleg vis også eit behov for å flytte nærmare kollektivknytepunkt. Og når eg fyrst er på ein liten rant om førarretten, kva er poenget med at ein i alvorlege saker blir frådømt førarretten for alltid, og så har ein samtidig rett til å søke og få søknaden om førarkort innvilga etter 5 år med mindre politiet kan dokumentere trafikkale lovbrudd i denne 5 års perioda? Så på den eine sida så vil den minste tapsperioda på 3 månadar være skikkeleg livsendrande for folk som har jobb eller liknande som i stor eller liten grad krev at ein har sertifikat for å kunne utføre jobben. Og det er ganske mange jobbar der ein i praksis må ha sertifikat utanom sjåførjobbar, sjå berre på alle stillingsutlysingane som sett krav til førarkort. På den andre sida så kan sjølv dei verste lovbrytarane ikkje minste førarretten i meir enn 5 år. Så råkøyrer du i fylla og forårsaker ei trafikkulykke som drep og lemlestar så har du rett til å få ta førarkortet på nytt etter 5 år så lenge du ikkje har blitt tatt i å køyre utan førarkort i denne perioda. Ein kvar oppegåande person som har tatt liv i trafikken vil nok både angre og lære av hendinga, og alle kan endre seg sjølv og sine holdningar, men i grove tilfeller så burde vi vel halde uansvarlege sjåførar unna trafikken i meir enn 5 år? Ordlyden "for alltid" treng ikkje å faktisk være for alltid, men ein 18 åring som heilt klart ikkje burde ha fått lappen i utgangspunktet burde vel kunne dømast til å ikkje få køyre opp på nytt før dei har blitt 30 år gamle og vi med rimeleg sikkerheit kan seie at frontallappen er ferdig utvikla?
- 189 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det toget har nok for lengst gått. Folkeretten er ikkje direkte til hinder for å opprette nye statar, har ein ei folkegruppe med sjølvstendig identitet, kultur, etnisitet, religion, osv innafor etablerte grenser. Så austukraina kunne i teorien kjempa politisk for å få sjølvråderett, men det skal nok mykje meir til for å få til overgang til eit anna land. Så fort framande maktar har blanda seg inn i prosessen enten direkte eller indirekte så er ikkje slik lausriving lengre mogleg ettersom det alltid vil være tvil om legitimiteten til eit slikt krav om lausriving. Det største hinderet for ei lausriving er i praksis at landet må bli anerkjent som sjølvstendig land i FN, og der er terskelen høg, særleg om det er politiske gnissingar. Reint praktisk er nok den aller største hindringa for ei lausriving at austukraina manglar ei anerkjent grense. Det er sjølvsagt lettvindt å følgje regiongrensene men dei tek ikkje omsyn til den delen av befolkninga som bur og har budd i området i lange tider og som identifiserer seg som ukrainarar. Eg trur nok at alle forstår at ein kan ikkje gi ei folkegruppe friheit gjennom lausriving når det medfører at ein like stor gruppe blir "fanga" i eit land som dei ikkje identifiserer seg med. Argumentasjonen med russiske folkegrupper som identifiserer seg som russarar i austukraina er også vesentleg svekka etter 2014 sidan Ukraina har jobba mykje med å bygge felles identitet, noko som også er grunnen til at den russiske planen om å rulle inn og bli ønska velkommen av ukrainarar med russisk bakgrunn ikkje fungerte. Planen fungerte på Krimhalvøya men dette har ukrainarane lært av og planlagt for gjennom identitetsbygging på tvers av folkegruppene i landet. -
Ulike temperaturar og klima gjer at det ikkje er mogleg å oppretthalde gode vintervegar med ein tjukk såle av tørr is som piggdekk får akseptabel friksjon mot. Litt smelting og farta må reduserast frå 60 km/t til 5 km/t om vegen i det heile tatt er framkomeleg. I slike tilfeller kan ein sjølvsagt gruse, men etterkvart som grusen forsvinn på grunn av trafikk emler behov for å brøyte så må det strøast omtrent kontinuerleg på vegar med jamn trafikk. Med salting så får ein vegen heilt fri for snø og is, dette gjer at bilistane ikkje treng å køyre veldig sakte, og det er bra for samfunnet som er avhengig av at folk og varer kan forflytte seg raskt og effektivt.
-
Ja. Dagens lovtekst er: Så vold eller truslar, alternativt utnytting av at nokon er ute av stand til å motsette seg er vilkåra for voldtekt. Overtaling, press, og anna manipulering er per definisjon ikkje voldtekt med dagens lovtekst.
- 26 svar
-
- 1
-
Nei. Så å signere avtale på førhand har liten verdi då omstendigheitene kan endre seg undervegs. Det er ingenting i lovforslaget som medfører at ein frå no av må inngå bindande kontrakt, forskjellen er berre at med den nye samtykkelova så er det også voldtekt om ein ikkje aksepterer eit nei for eit nei.
- 26 svar
-
- 2