Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 713
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er fint mulig. Det einaste er at at i praksis så vil banken ofte kreve at det blir eit felleslån der alle er solidarisk ansvarlege for heile lånet, og at dykk fordeler innbetaling og eigarbrøk internt. Dette fordi banken vil ha sikkerheit i å kunne tvangsselge heile bustaden om lånet blir misleghald og ikkje berre 20% andelen i bufellesskapet for den som mislegheld lånet. Det som er viktig er at ein har gjort skikkelege avtalar i alle ledd, for det er ikkje sikkert at banken er villige til å gi ut tre separate lån, banken vil nok helst gi eit lån med ein kontaktperson å forhalde seg til.
  2. Som andre også har kommentert, for banken sin del så er det ikkje så viktig kven som betalar for lånet berre det blir betalt. Med berre ein lånetakar er risikoen for misleghald av bustadlånet mykje høgare men sidan banken har sikkerheit i bustaden så er banken sikra ved at dei kan kreve tvangssalg for å få igjen pengane sine. I praksis så vil det i ein slik situasjon bli vanskeleg å betene lånet om ein ikkje har livsforsikring. Oftast vil den som blir sittande igjen åleine med heile lånet innsjå dette sjølv og frivillig selg bustaden for å finne ein billegare bustad, dette blir ofte spesielt krevande dersom ein har barn. Kor håplaust det er å skulle betene lånet åleine kjem ann på kor god økonomi du har og kor mykje av lånet som er nedbetalt, og kva nedbetalingsplan du har. Har dykk hatt serielån slik at dykk har betalt faste avdrag med rentene på toppen så har dykk etter 10 år fått redusert ein del av lånekostnadane. Har du valgt annuitetslån der dykk har betalt mindre i avdrag for å ha like store månedlege utgifter totaltsett så blir det langt tøffare å betene lånet åleine sidan du må klare å betale den same summen på berre ei inntekt. Banken kan være behjelpeleg med å gi utvida nedbetalingsplan eller gi deg avdragsfriheit i ei periode til du kanskje finn ein ny partnar som kan trå inn i bustadlånet, dei fleste har likevel tatt opp lån som ligg heilt mot smertegrensa av kva dei har rekna med å kunne betale så då blir det i praksis vanskeleg å behalde huset på berre ei inntekt.
  3. Her er det ikkje berre eit potensielt tap, ved å ikkje hente alle tinga så har ho påført trådstarter ein kostnad som trådstarter har rett på erstatning for. Det mest nærliggande er å kreve erstatning for kostnaden ved å køyre vekk og levere møblane som avfall, muligens kan ein etter den ulovfesta tapsbegrensningsplikta kreve at trådstarter skal gjere eit forsøk på å gi bort dei resterande møblane på same måten. I slike saker brukar det likevel ofte å være relativt tidskritisk å få fjerna møblane, hadde ein hatt god til og rikeleg med lagringsplass så hadde dei fleste tatt seg tida med å selge møblane til vanleg pris. Det er også eit tap i form av at verdien av møblane samla sett er redusert når ho har forsynt seg med "indrefilleten" og latt restane stå igjen. Så var det dette med forskjellen på å ha rett og å få rett. Realistisk sett så er det heilt sikkert ikkje verdt meirarbeidet det er å tvinge henne til å enten kome å hente resten av møblane eller erstatte dine kostnadar. Så det eg trur eg ville gjort er å sjølv køyre vekk møblane for levering enten til avfallsmottaket (eventuelt gjenbruk) og at du tek vare på kvitteringa for kostnaden med å kvitte deg med møblane. Skriv også reiserekning på køyrekostnadane. Deretter ville eg gjort eit forsøk på å kreve inn pengane (mest for den oppdragande effekten). Den enklaste vegen å gå då er søke opp ditt lokale forliksråd og klage inn saken der, dette kan du gjere elektronisk. Du må fyrst sende eit varsel, i din situasjon så ville eg nok sett om du kan få ein venn til å sende kravet på SMS sidan det er der du har hatt kontakt med henne før. Du kan derfor med rimeleg sikkerheit anta at ho har motteke varslet om du sender frå eit nummer som ho ikkje har blokkert. Merk at det ikkje er gratis, det kostar deg 1367 kr i rettsgebyr å klage inn saka men dette er eit beløp som du kan kreve dekt av den tapande parten, om saka er verdt å legge ut ein slik sum for blir ei vurdering du må gjere sjølv. I tillegg til rettsgebyret så må du også ta deg tid til å møte opp i forliksrådet. Mest truleg vil ei slik klage til forliksrådet føre til ein fråværsdom sidan motparten ofte ikkje møter opp, då får du ein rettskraftig dom som du kan sende til namsmannen for tvangsinnkreving.
  4. Eg tenker at arbeidsavtalen din er heilt klar på at i prøvetid skal du ikkje jobbe utover 7,5 timar. Så er det 1 time køyreveg kan du jobbe maks 5,5 timar, oftast mindre for å være sikker på å være tilbake før det har gått 7,5 time. Har du avtale på maks 7,5 betaling så skal du sjølvsagt heller ikkje være på jobb meir enn maks 7,5 time.
  5. Det finnes nok ingen klart definert grense. I alle avtaleforhold som i eit arbeidsforhold så har partane ei ulovfesta lojalitetsplikt ovanfor kvarandre, det betyr blant anna at om ein sjef snakkar ned ein tilsett så er det brot på lojalitetsplikta. Kva som er innafor og utafor kjem då veldig ann på kva som blir sagt, om opplysningane er sanne, om det foreligg sakleg grunnlag for å opplyse om dette, osv. Til dømes så vil det i dei fleste tilfeller være innafor at sjefen seier til deg at kollegaen din er sjuk, slike generelle opplysningar er det sakleg at du får vite om. Kva sjukdom du har vil fort ikkje være sakleg sjølv om det nok kan være innafor å opplyse om at det ikkje er snakk om alvorleg/langvarig sjukdom.
  6. Så lenge kunden er godt opplyst så ser eg ikkje heilt problemet. Eg har vel meir problem med at kategorien "hygieneprodukter" ser ut til å kunne endre seg alt etter dagsforma til den butikktilsette. Ikkje blir det betre av at ordet "hygiene" ikkje har ein klar og omforeint definisjon, sjølv assisierer eg hygieneprodukt med produkt som blir brukt til uhygieniske ting slik som øyrepropper, tannkostar, barbermaskiner, osv. Det Power og Elkjøp ofte meiner er produkt som ein har hudkontakt med, men hygieneprodukt kan også bety produkt som er helsefremmande og sunne. Personleg så har eg ein langt mer glidande skala for kor "ekkelt" det er å ta over brukte produkt. For min del handlar deg ikkje om hygiene i så måte, eg veit at sannsynlegheita for at eg blir sjuk av å bruke ein brukt tannkost er svært liten så det handlar meir om kva eg er komfortabel med. Ei brukt treningsklokke som har vært på handleddet og har blitt svetta på kan være ekkelt men eg synes det er mindre ekkelt med ei brukt treningsklokke enn ein brukt mobiltelefon. Mobiltelefonen skal eg tross alt halde heilt opp til ansiktet og munnen, og eg veit at mobiltelefonar er ei bakteriebombe fordi folk brukar telefonen med skitne hender, bruker den på do, osv. Tilsvarande er det nok minst like problematisk med tastatur og mus som også blir handtert ganske mykje men som ein ofte ikkje tenker like mykje over reinslegheita på. Dersom eg skal rangere så må eg nok seie at eg vil kreve mykje større rabatt på ein brukt mobiltelefon enn på ei treningsklokke for at det skal være aktuelt å kjøpe for meg. Brukte øyrepropper vil eg nok helst ikkje kjøpe brukt nesten uansett kor billige dei er. Elektrisk tannbørste tenker eg er greitt nok å kjøpe brukt under føresetnad om at eg får med nye børstehoder, sjølve den elektriske delen av tannkosten skal eg jo ikkje putte i munnen. Om eg skulle ha utfordra elkjedane sin opent kjøpt praksis så må det nok være på at ordninga bør være ein meir glidande overgang og ikkje så svart/kvitt at enten får du levere tilbake eller så blir du nekta å levere tilbake.
  7. Eg er eigentleg meir overraska at elbilandelen ikkje er høgare enn 34% rundt Oslo, men det seier kanskje meir om alderen på bilparken. Bur ein i eller rundt Oslo så skal ein ha ganske spesifikke behov for å bevist velge fossibil når ein skal ha ny bil. Ein ting er kostnadane og det ein sparer med bompenger og parkering, berre fordelen av at ein til dels kan bruke ladestasjonar til parkering gjer at det er mykje meir praktisk på alle måtar med elbil i Oslo. Men det er kanskje vel så viktig at ein som fossilbileigar stadig må leve med truslane om at dei kan bli stengt ute frå delar av Oslo om politikarane får det som dei vil. På bygdene er nok forklaring på lav elbilandel at bilparken i snitt er langt eldre enn i byane, og at det er langt mindre elbilfordelar. Sjølv om det er halv pris på ferjene så er det ikkje alle som er avhengige av å pendle med ferje, og mange stadar er det langt meir fornuftig å kjøpe to billege dieselbilar som står parkert på kvar side av ferjekaiene ettersom det er gratis for fotgjengarar. Det gjer at mange som kjøper ny bil kjøper fossilbil og så parkerer dei gamlebilen på andre sida av fjorden (der den dei fleste plassar kan stå parkert gratis). Andre grunnar er nok at ladeinfrastrukturen fortsatt er mangelfull ute i distrikta, det finnes ladestasjonar og dei fleste som kjøper elbil investerer også i elbilladar heime, ladetilbodet er likevel langt dårlegare. Folk ute i distrikta kjøyrer nok jamnt over ikkje så mykje lengre enn folk rundt Oslo, men det er nok fleire på bygdene som har rekkeviddeangst på at dei vil ha moglegheita til å på kort varsel kunne køyre over høgfjellet for å kome seg til dømes til Oslo. Når ein bur i Oslo så har ein stort sett alle tilbod og moglegheiter, og sannsynlegheita for at ein i Oslo plutseleg må på eit jobbmøte, sjukehus, eller kulturopplevingar i Nissedal, Vardø, Høyanger, Lurøy, Andebu og Ringebu er nok langt lavare enn at nettopp dei frå Nissedal, Vardø, Høyanger, Lurøy, Andebu og Ringebu kan få eit akutt behov for å kome seg til Oslo.
  8. Pengar som ikkje kjem inn i landet fordi pengane blir utbetalt frå utlandet til konto i utlandet vil ikkje skatteetaten vite om med mindre ein av bankane rapporterer om overføringa. Mange land har kvitvaskingslover som betyr at det blir rapportert om mistenkelege overføringar mellom ulike land. Formålet med kvitvaskingslovene er fyrst og fremst å hindre kriminelle nettverk og terrororganisasjonar, ikkje nødvendigvis skatteunndraging. Men så fort pengane kjem til Norge så blir transaksjonane fanga opp. Kor mistenkelege transaksjonane virker og sannsynlegheita for at skatteetaten undersøker nærmare kjem i praksis mykje ann på kor store beløp det er snakk om, kor hyppig/regelmessig betalingane skjer, og ikkje minst kor mykje som totalt sett blir overført. Det vil nok være heilt innlysande at transaksjonane mellom deg og vennen din ikkje er vanlege utlegg mellom vennar når det er snakk om summar som ein normalt sett vil ha når det er snakk om lønn. Kor sannsynleg det er at du blir tatt og straffa blir som å spørre kor langt er eit tau.
  9. Det følgjer også av virkeområde at forskrifta berre gjeld for finansforetaka og ikkje privatpersonar. Du står i utgangspunktet fritt til å sette deg i så mykje gjeld som du lovleg klarer å skaffe, det er bankane som tilbyr huslån som pliktar å syte for at dei ikkje sett folk i for stor gjeld. Det mest praktiske bruksområdet for dette "smuttholet" er nok å kjøpe renoveringsobjekt som ofte blir lagt ut for nokre titusenar, ofte eit par hundre tusen. Der er det som regel ikkje fellesgjeld som følgjer med, men i staden eit behov for å investere nokre millionar i renovering eller bruke nokre hundre tusenar til for å rive og rydde tomta. Her kan du nok i teorien kjøpe eit greit nok hus for og klare å leige det ut utan å nødvendigvis å bruke veldig mykje pengar på å oppgradere til dagens standard. Sjølv i slike tilfeller så er det ikkje nødvendigvis at selger vil selge til deg utan at du stiller nødvendig sikkerheit for at du kan ta på deg forpliktingane som følger med.
  10. Grunngjeving for at berre kjøp vart kriminalisert var eit ønske om å ikkje ramme dei som av ulike grunnar må selge, dei ein ville ramme var dei som la forholda til rette for at det kunne eksistere eit marked for sexkjøp. Dette blant anna fordi det ikkje er hjelp i å sende offer for menneskehandel i fengsel for å ha gjort det dei blei tvungne til å gjere. Det er altså brukt den heilt motsette logikken som ein gjer i alle andre tilfeller der ein vil fjerne eit uønska marked. Hadde tatt seg ut om narkotikapolitikken vart endra slik at det var fullt lovleg å selge narkotika eller våpen og at det berre var kjøparane som skulle straffast. Vil ein ha vekk eit illegalt marked så er den logiske plassen å starte med å forby salget.
  11. I dag er all form for vederlag ramma av ordlyden uavhengig av verdi. Det som står er det er ulovleg å yte eller avtale eit vederlag for å skaffe seg seksuell omgang. Det er nok slik at jo høgare verdi det er på vederlaget jo tettare opp mot prostitusjon er det nok, plukker du markblomster til daten din så er vederlaget så lite at det at det nok aldri vil bli ei sak, gir du vekk noko som er verdt fleire tusen kroner for å oppnå seksuell omgang så er vi godt innafor det som i dag blir straffa som sexkjøp. Det som står i lova er: Merk forøvrig også punkt c) som også gjer det forbudt med digitale sexkjøp. Så Onlyfans og liknande tenester vil veldig fort være rekna som sexkjøp i Norge. Slike tenester ligg også veldig nært opp mot pornografi, noko som også er ulovleg i Norge men då er det den som selg pornografien som skal straffast. Så om mann på ei nettside betalar/tipser ein modell til å gjere seksuelle handlingar på seg sjølv så har mannen begått sexkjøp og kan få bot eller fengselsstraff. Om ein modell i Norge selg framstilling av seg sjølv som utfører seksuelle handlingar mot eit publikum så har modellen brutt pornografi-paragrafen og risikerer bot og fengselsstraff.
  12. Min største kritikk med chatbot er at ein får alt for høge forventningar når ein framstiller det som ein chat med ein kundebehandlar. Chatbotten er vanlegvis berre eit søkefelt der du får best treffprosent på svaret om du klarer å komprimere spørsmålet ned til eit eller maks to ord. Jo lengre og meir utfyllande du skriv jo vanskelegare har chatboten med å forstå kva du meiner. Eg trur nok at kundeopplevinga hadde vært svært mykje betre om chatboten hadde blitt kalla "smart søk" eller liknande og vært eit alternativt til det vanlege søkefeltet. Når ein får inntrykket av å spørre nokon om hjelp så får ein også forventning om at ein kan få hjelp, og det kan du i veldig liten grad forvente av dagens chatbottar. Chatbotten kan svare på veldig enkle spørsmål, men det er nesten alltid betre å skrive spørsmålet inn i Google for å få eit raskt svar på enkle ting.
  13. Det treng ikkje ein gong å være snakk om at nokon bevist går inn for å selge sex, ei regelverksendring vil også kunne gjere dette skillet tydelegare. Dagens lov forbyr tilbod om alle formar for vederlag mot seksuelle tenester eller forsøk på dette, så strengt tatt ligg lova til rette for at politiet kan stikke innom ein kvar bar eller restuarant for å sjekke om alle har betalt for sin eigen mat og drikke, og så kan ein ilegge 10 000 kr i bot til alle som har spandert fordi det kan være at den som spanderer har hatt ein baktanke om at kvelden kan føre til seksuell omgang. Den som blir påspandert må då reknast for å være prostituert. Sjølv om lova i dag ikkje blir praktisert slik så er dagens lovlyd lagt opp slik at omtrent kven som helst kan anklagast for å være sexkjøpar eller prostituert berre ved å følgje heilt vanlege og aksepterte sosiale normer. Når eg spanderer ein drink på ei dame som eg vil sjekke opp så gjer eg det ikkje for å teste om ho er villig til å prostituere seg for ein billig drink, og ho aksepterer ikkje drinken med innstillinga om at ho må betale meg tilbake i naturalia. Dette oppfyller likevel dagens ordlyd og kan straffast. Som miniumum burde dagens lovtekst inkludert nokre ekstra ord, som forbod mot å tilby vederlag av betydeleg verdi, forbod mot å gi vederlag til personar som ein ikkje har nokon relasjon til, eller liknande formulering som lagar eit tydelegare skille mellom heilt vanleg sosial oppførsel og prostitusjon.
  14. Argumentet har vel vært at kjøper i liten grad har kontroll på eventuelle bakmenn og at sjølv der sexkjøp tilsynelatande ikkje har bakmenn så er ein med å støtte ein industri som menneskehandlarar kan utnytte. Utan sexkjøparar så finnes det ikkje eit sexkjøpsmarked, og då er det heller ikkje pengar å tene. Problemet er berre at dette kun fungerer i teorien. Det som har skjedd er at nokre av sexkjøparane har forsvunne, og resten opererer i det skjulte.
  15. Ein må sjå dette opp mot graden av utnytting, då det er utnyttinga som er viktig ikkje frivilligheita. For å ta eksempelet med huslån så er det ei frivilligheit frå din side på kor langt du er villig til å gå for å betale lånet. Du kan gå på jobb, du kan ta deg ein ekstrajobb, og vil du bli gjeldfri i dag så kan du rane banken. At du aksepterer å gjere ein jobb i bytte mot akseptabel lønn er ikkje utnytting, men å tilby deg jobb til 10 kr timen fordi du er desperat er å utnytte din svake posisjon. Om den seksuelle omgangen var reelt frivillig blir ei vurdering rundt kva du forstod eller måtte forstå.
  16. Eg synes i alle fall at loven bør endrast. Eg tenkjer at det er heilt naturleg at det er ulovleg å kjøpe sex frå nokon som ikkje reelt sett kan seie nei og dermed blir pressa til å samtykke til noko som er uønska. Når ein utnyttar ein annan person sin avhengigheit av til dømes pengar fordi dei har problem med gjeld, rus, eller likande så er det sjølvsagt ikkje lenger ei heilt frivillig handling. Slike ting meiner eg bør være ulovleg, og strengt tatt så er det nok også ulovleg etter avtalelova. Det er heller ikkje å utnytte nokons avhengigheitsforhold til å f.eks. kjøpe bilen til ein rusmisbrukar for småpengar. Den største svakheita med dagens sexkjøplov er at den ikkje rammar det som den var tenkt å ramme. Det dei gjorde i 2009 var å bruke ordlyden i forbodet mot å kjøpe seksuelle tenester frå mindreårige og endre overskrifta til å gjelde kjøp av seksuelle tenester frå voksne. Dermed vart det også forbod mot alle typar vederlag i bytte mot seksuelle tenester, samt det å gjere avtale om seksuelle tenester mot vederlag sjølv om det ikkje skjedde noko. Slik formulering i lovteksta gir god meining når ein snakkar om mindreårige. Mindreårige treng eit ekstra vern mot å bli utnytta og eg forstår veldig godt behovet for å kunne straffeforfølgje overgriparar som byttar sprit og tobakk mot sex frå mindreårige som er særdeles sårbare for å bli utnytta av voksne som utnyttar deira umodenheit. Det som eg synes er mest problematisk med dagens sexkjøplov er ikkje at det er forbod mot å kjøpe sex, det er fyrst og fremst at lova er særdeles vid i forhold til kva lova kan ramme. Vederlag er noko heilt anna enn pengar, dette medfører at det strengt tatt er prostitusjon om du spanderer ein drink og etterpå oppnår seksuell omgang, eller om du har med deg ein blomsterbukett heim til kona ein dag med håp om at det skal bli romantikk i heimen. Eg forstår at det ikkje er dette som er meint, men det er strengt tatt dette som det står i lova. Eit forbod mot prostitusjon rammar kanskje feil gruppe, men det er i det minste klarare grenser mellom kva som er prostitusjon og kva som er uforpliktande seksuelle forhold. Eg synes derfor at dagens sexkjøplov er feil medisin når det ein fyrst og fremst ville forby var menneskehandel, slaveri og andre formar for utnytting. Dette er ting som alt er ulovleg. Det sexkjøplova oppnådde var at terskelen for å bevise ulovlegheit vart betydeleg redusert ved at eit kvart forsøk på å kjøpe sex vart ulovleg uavhengig av om ein lykkast i forsøket og heilt uavhengig av om det aktuelle vederlaget var av ein slik verdi at det er rimeleg å rekne det som betaling eller om det var eit reint symbolsk vederlag. I tillegg vart prostituerte som var blitt prostituerte mot sin vilje tvungen til å gå under jorda for at kundane skulle fortsette å kome, noko som forståeleg nok gjer forholda enda dårlegare for dei som blir utsatt for tvang og overgrep. Eg gjer meg også nokre tankar rundt dette med kvar lovleg kjøp av massasje sluttar og ulovleg kjøp av seksuelle tenester startar. Det er jo derfor det har vært ein del prostitusjon på massasjestudioer fordi grensene kan være diffuse. Grensa mellom at det er lov å betale for at nokon skal gni hendene sine langs ryggen di, men det er ikkje lov å betale nokon for å gni hendene sine på innsida av låra om det gjer det kåt handlar berre om moral. Under definisjonen av kva som er seksuell omgang så er det ikkje krav om at handlinga verken skal innbefatte kjønnsorgan eller at klærne skal være av. Ein slik brei definisjon gir grunnlag for å kunne kalle nesten kva som helst for seksuell omgang. Det som burde være forbudt er vel openbart uønska seksuell omgang? Eit slikt forbod hadde også ramma prostitusjon som ikkje er heilt frivillig.
  17. Både episode 3 med Bill og Frank og denne siste episoden har til felles at dei avviker frå hovudhistoria, den store forskjellen er at flashbacks som vi hadde nå i denne episoden er alltid mindre engasjerande. I episoden om Bill og Frank så var det også flashback men med store tidshopp framover mot nåtid, så gjennom den episoden så satt eg med inntrykk av at episode 3 skulle ta igjen hovudhistoria. Det var fyrst heilt på slutten at eg oppdaga at historia ikkje skulle bli ein del av hovudhistoria (i alle fall ikkje direkte). I spela (dette er ingen spoiler frå spela) så fekk vi spelet som denne episoden er basert på i mellom spel 1 og 2. Eg synes derfor det er rart at serien har valgt å endre på dette når dei fyrst følgjer spela såpass slavisk som dei gjer. Tenk kor mykje betre det hadde vært for oss sjåarane om vi fekk ei episode til i denne sesongen til å utvikle karakterane og miljøet, og så hadde vi fått denne vekas episode som ei spesialepisode for å korte ned ventetida fram til sesong 2. Eg trur også at denne episoden hadde gjort større inntrykk når sjåarane har fått tid til å bli enda meir kjent med Ellie. Eg forstår derfor ikkje valget om å ta eit flashback midt i sesongen. Det må vel være ein stor fare for at enkelte sjåarar faller av lasset og gløymer hovudhistoria lenge nok til at dei gløymer å sjå neste episode? Eit anna alternativ som serien burde ha vurdert er å fortelle historia linært. Kva om vi hadde fått denne vekas episode som fyrste episode? Eller meir nøyaktig i midten av fyrste episode om vi skal ha historia heilt lineært. Det å kjenne Ellies bakgrunn ville fungert fint til å forklare kvifor Ellie både er spydig ovanfor fireflies-folka som har henne i varetekt i den fyrste episoden.
  18. Problemet med klimapolitikken er at det er ein sekkepost for all politikk som omhandlar klima og miljø. Dette gjer at veldig ofte så diskuteres det tiltak som har svært ulik effekt. Til dømes så kan debatten om elbil kontra fossilbil brytast ned i mange ulike problemstillingar, ser ein på: Forureining i form av CO2? Lokal forureining i form av svevestøv? Bil (av alle typar) kontra andre transportmiddel? Kortsiktig eller langsiktig miljøeffekt? Kostnaden av miljøtiltaket målt opp mot nytte? Osv. Elektrifisering av bilparken er ikkje ei universalløysing, argumentet for elektrifisering er at utsleppa stort sett foregår på ein fabrikk der ein kan innføre rensetiltak for å redusere klimautsleppet medan ein fossibil forbrenner drivstoffet overalt og det er begrensa kor store og dyre renseanlegg som det er hensiktismessig å plassere i kvar bil. Det blir også ofte argumentert med at vi må satse på elektriske bilar for å stimulere utviklinga av det som forhåpentlegvis skal bli enda betre og meir miljøvenlege bilar i framtida. Det er denne satsinga i Norge ved å ha avgiftsfritak som gjorde at mange nok tidleg kjøpte elbil. På elbilar har vi hatt ei ganske så formidabel auking i rekkevidda det siste 10-året, mykje av dette er at det har gitt økonomisk meining for bilprodusentane å fokusere på å utvikle betre og større batteri.
  19. Eg er einig i deg at dette er dyrt, særleg når det også tok eit halvt år å få solgt under prisantyding. 150 000 for å bruke meklar er nok omtrent vanleg. Eg vil nok likevel kritisere meklaren for måten kontrakten er satt opp. Å innkalkulere berre ei visning med stykkpris som del av totalsummen på 150 000 er for meg useriøst. Det openbare er vel at minst 1, helst 2-3 visningar burde være inkludert i totalsummen? Alternativt burde prisoverslaget vært satt opp uten visningar, altså som totalt 147 000 kr pluss nødvendige visningar á 3000 kr. Dette hadde gitt eit meir forståeleg prisoverslag. Eg tenkjer likevel at når du velg provisjonsbetaling slik at det er i meklarens interesse å ha flest mogleg visningar for å få best mogleg pris så bør nødvendig tid til visningar bakast inn i tilbodet. For det virker vel rart om selgaren ved eit provisjonssalg skal nekte ei visning nummer 2 fordi selger ikkje vil betale 3000 kr for å kanskje få ein budgivar som er villig til å betale fleire hundre tusen meir? Det sagt så virker det som at du har hatt behov for meklaren, om det tek eit halvt år å få solgt og du måtte redusere prisen frå 4,3 til 4 mill så har dette openbart ikkje vært eit lettsolgt objekt. Kva tenkjer du om meklaren sitt arbeid? Berre 3 visningar vikrar på meg litt passivt når objektet har ligget ute eit halvt år men det er ikkje sikkert det var grunnlag for fleire visningar? Var alle tre visningane offentlege annonserte visningar eller er dette privatvisningar? At tilleggstenestene er dyre er ein ting, det du må spørre deg er jo om det er verdt det? Om bustaden var så vanskeleg å selge at du måtte gå ned 300 000 kr så hadde kanskje ikkje vask og styling særleg stor verdi? Slike ting har stort sett mest føre seg i litt meir lettsolgte bustadar for å invitere flest mogleg til å legge inn eit bod. Min erfaring er at meklar ikkje er verdt det når du selg lettsolgte leilegheiter i eit godt marked, då kan du ofte gjere ein like god jobb sjølv. Det er likevel eit poeng å bruke meklarar når markedet er treigare ettersom ein god meklar bruker både sine kontakter og sin arbeidstid på å aktivt oppsøke potensielle bodgjevarar. Er bustaden vanskeleg å selge så er det ikkje sikkert du som privatperson klarer å nå ut breidt nok til å finne dei få interessentane som er villige til å betale det du vil ha.
  20. Som andre her seier så nok det viktigaste spørsmålet å stille seg: - kor langt er du villig til å gå for å behandle hunden? Operasjonar kan fort bli svært dyrt, særleg når det er meir kompliserte greier. Det er likevel ikkje sikkert dette er så aktuelt for deg og din hund? Rehabilitering etter operasjon tek tid og det er eit traume for hunden så du har ingen garanti for at du får tilbake den same hunden med det same lynnet. Om du har forsikring for å kunne dra til veterinæren for å ta undersøkingar, fikse tenner, kjøpe medisin, sy kutt og rifter, og i verste fall operere ein knekt fot så tenker eg at du kjem veldig langt også utan forsikring, særleg når eigenandelen er på 2500, pluss 3300 i året. Om du tenkjer at det er tenkeleg at det kan bli behov for store operasjonar og liknande så bør du kanskje heller vurdere ei betre forsikring som har høgare dekningssum. Skal du operere for 200 000 som var nemnt her så kjem du ikkje langt med ei maksutbetaling på 20 000 kr (Ofte er 17 500 kr i praksis maks ettersom ein trekk frå eigenandelen).
  21. Sjølv om mykje er likt så er nok denne situasjonen litt ekstra utfordrande ved at kravet i tvangsfullbyrdingslova om at ho openbart ikkje har rett til å besitte eigedomen er litt meir uklart. Det baserer eg på at trådstarter seier at dei har hatt eit av og på forhold der det å behalde nøklane er eit mønster som skjer kvar gong, og at i alle fall ein gong har denne av-perioden der ho har nøklane vart i over 3 år. Eg tenkjer uansett at dei etterlatte tinga berre er ein liten del av problemstilling. Det virker openbart at dei gjenlatte tinga er ei unskuldning for at ho skal få behalde nøkkelen, og at ho etter å ha levert nøkkelen skal ha grunnlag for å kome på besøk for å hente ting. Dette er nok ei unnskuldning ho kjem til å bruke også etter at trådstarter har trua med å kaste/selge tinga hennar med heimel i tvangsfullbyrdingslova, ho har sikkert lagt ting over alt i leilegheita for at trådstarter ikkje skal finne alt. Om det berre er snakk om nokre klesplagg og litt sminke så ville eg vurdert å berre sende tinga til henne i posten. Eg tenkjer kanskje også at verdien er vel ikkje kjempehøg, så om trådstarter faktisk kaster tinga etter å ha satt ein frist for henting og ho skulle kreve erstatning så er det vel ikkje snakk om dei heilt store summane uansett?
  22. Brannvesenet har ein del fullmakter, både etter nødretten og etter brannlova. Det fyrste kriteriet på om brannvesenet har lov er om det er forholdsmessigheit mellom skadepotensialet ved handlinga og det brannvesenet kan redde. Det andre momenter er at sjølv om brannvesenet har lov så betyr ikkje det at skulda og kostnadane kan påleggast ein tredjepart. Brannvesenet vil fort måtte betale for øydeleggingane. Det er likevel forskjell på om brannvesenet presser ein bil i grøfta for å kome 2 sekund raskare fram til ein katt i eit tre, eller om brannvesenet knuser ei rute for å flytte ein bil som ville brent opp om bilen vart ståande. Under utrykking kan nødetatane bryte det meste av trafikkreglar, men dei kan ikkje bryte aktsomheitsparagrafen. Nødretten kan likevel gjere seg gjeldanse også for nødetatane. Brannvesenet kræsjer nok lett inn i ein parkert bil for å kunne redde ei familie i eit brennande hus, også om det medfører at brannvesenet må betale for skaden i ettertid.
  23. Særleg når du har så kort tid på deg så er det også avgrensa kva du rekk å gjere både praktisk og formelt sett. Det er ikkje sikkert du klarer å skremme henne vekk med ei slik løgn (om du ikkje stikker og kjøper kamera i morgon) men du hever i alle fall terskelen ganske mykje når ho veit at ho ikkje kan låse seg inn utan å bli oppdaga, i tillegg til at du nok ein gong stadfester at ho ikkje er velkomen og at du vil anmelde dette som innbrudd. Om ho ikkje er redd for kva du kan gjere så må ha være litt redd for kva ei anmelding med tilhøyrande videobevis vil kunne føre til.
  24. Det kan også skje at nokon prøver å ha samleie med dei før dei er gamle nok. Kunnskap skal ein ikkje være redd for.
  25. Kan du ikkje berre seie at ho ikkje får kome til leilegheita di og at du har satt opp eit webkamera og vil anmelde henne for innbrudd om ho låser seg inn? Det treng ikkje å være sant, men det kan ikkje ho vite. Eller du kan informere henne om du har lånt ut leilegheita eller liknande unskuldning som gjer at ho ikkje kan risikere å prøve å låsen seg inn medan du er bortreist. Du kan sjølvsagt bytte lås og sende henne rekninga, men det blir sikkertbein lang kamp å kreve inn pengane.
×
×
  • Opprett ny...