Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 713
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Fyrste utgåva kom vel på PS3? Eg er i utgangspunktet positiv til at ein moderniserer gamle klassikarar slik at nye spelarar kan både få glede av spelet på tilgjengelege plattformar, og at ein får pynta litt på grafikken og fjerna litt bugs. Desverre har det vært litt for mange dårlege og halvhjerta "remaster" spel som berre har vært for å skvise ut nokre salg til. Enkelte av disse oppussa spela har endt opp med meir bugs og grafikkfeil enn orginalen.
  2. I utgangspunktet er det tilstrekkeleg at det er meir sannsynleg med at det ender med dødsfall enn at det ikkje gjer det. Når aktor tek ut tiltale så må aktor vurdere om bevisa er sterke nok for å få ein dom. For å få ein dom så må det være bevist utover rimeleg tvil. Hadde aktor gått for drapaforsøk så kunne dei tiltalte blitt frikjente om rette vurderer bevisa til for svake til å bevise at det var forsøk på drap. Ein tiltale som er mindre alvorleg som til dømes "hensynsløs adferd" er lettare å bevise utover rimeleg tvil men gir då også lavare straffeutmåling. Grov kroppsskade er nok her eit bra kompromiss med streng straff utan at det er nødvendig å bevise at dei tiltalte hadde til hensikt å drepe. Då er det lettare å bevise at dei måtte forstå at det var stor fare for at dei som vart pressa ut av vegen kunne blitt alvorleg skada (og i verste fall dødd).
  3. Så strafferamme på 10 år. Det blir antagelegvis lagt vekt på atbdette blei utført i fellesskap, med farlig gjenstand (bilen), og at dette var politisk motivert.
  4. Einaste tiltaket eg ser for meg er å bruke meir NAV-ressursar på gjennomføre tilsyn eller verdivurdering av bustaden som blir leigd ut. Eg veit ikkje kor stort problemet er men det finnes eit markedsføring for å leige ut nærmast ubebuelege bustadar til vanleg leigepris til dei som i realiteten ikkje har anna valg fordi dei er uønska i det vanlege husleigemarkedet. Eg er likevel litt i tvil om det er dei spesielt rike som står bak slike leigeavtalar. Ein må sjølvsagt være rik nok til å eige eit lokale, men ein treng ikkje myke ressursar for å utnytte dei svakaste i samfunnet.
  5. Då var vist tiltalen klar, kom vist for ei veke sidan. Begge to tiltalt for grov kroppsskade. https://www.nrk.no/nyheter/to-kvinner-tiltalt-etter-sian-pakjorsel-1.16331415
  6. Ei lita presisering her er at det er lov å ha produsent-logo på serveringsutstyret, men ikkje eit merkenavn på eit produkt. Barmatter med logo er lov, men berre om dei ligg nedanfor bardisken på personalsida med logoen opp-ned for kundane. Dette fordi barmatter er eksempel på serveringsutstyr som har direkte tilknytting til skjenkinga. Eg er forøvrig einig i at dette er litt vel strengt, særleg når ein er innafor lukka dører på ein skjenkeplass sidan ein då aktivt må oppsøke reklamen. Eg har likevel eit lite snev av forståing for regelverket om skjenkeplassen også er eit spisested eller liknande, då kan det nok tenkast at alkoholreklamen kan føre til at enkelte kundar kjøpar ein fristande drink i staden for brus til maten, eller at mindreårige som er der for å kjøpe alkoholfrie alternativ blir eksponert for reklamen. Når det gjeld sjølve saka om snus så kan eg ikkje anna enn å forstå at dette er ei feilvurdering frå kommunen sin side. Det står riktignok at all form for tobakkreklame er forbudt, men det står også: At det står ordet "snus" med svarte bokstavar på grå bakgrunn er vel så nøytralt ein kan få det. Skulle butikken vært heilt innafor ordlyden i lova så burde dei kanskje ikkje skrive snus men heller skrive "her finner du General, skruf og likande sidan nøytrale opplysningar om produktet og prisen eksplisitt er lovleg. Sjølv med eit strengt reklameforbod så må det være lov å gi kunden informasjon om kvar ein finn produktet. Det sagt, mitt aller største ankepunkt mot reglane rundt alkohol og tobakk er at det er opp til kvar enkelt kommune, og då kommunestyret beståande av lokalpolitikarar å praktisere regelverket. Då får ein mange rare utslag sidan dei færraste lokalpolitikarane har jus-kompetanse og derfor praktiserer regelverket slik som dei synes reglane burde være. Det er blant anna slik med skjenkekontrollen. I dei aller fleste kommunar så har ein avtale med eit vekterfirma som gjennomfører skjenkekontroll. Kontrolløren skriv då ein rapport om kva kontrolløren meinar er brot på reglane, det kan være alt frå openbare brot som at det foregår skjenking av mindreårige, til at kontrolløren påstår at ein gjest som snubla i ein dørstokk må ha vært overstadig berusa. Denne rapporten blir så sendt over til kommunestyret som på bakgrunn av rapporten skal bestemme om dei skal straffe skjenkeplassen med prikkar eller i verste fall ved å umidelbart trekke tilbake skjenkebevilgninga. Politikarane som skal gjere disse vurderingane vil i svært liten grad blande seg inn i dei faglege vurderingane til kontrolløren. Det er heilt sikkert dette som har skjedd i dette tilfellet med snus-skapet. Kontrolløren har meint at dette er reklame og har skrevet eit avvik på at butikken hadde ulovleg tobakkreklame. Kommunestyret fekk denne rapporten og der står det berre at det vart avdekt ulovleg tobakksreklame, rapporten har heilt sikkert ikkje involvert bilder eller meir inngåande informasjon om forholda på staden. Politikarane ser berre at her har det foregått ulovleg reklamering og har på bakgrunn av rapporten fatta vedtak på at butikken må fjerne reklamen. Ein ting er at det på denne måten blir stor avstand mellom dei faglege vurderingane og kva straff som blir vedtatt, men det gjer også at det blir store forskjellar frå kommune til kommune. Dette snus-skapet ville heilt sikkert vært OK i dei fleste andre kommuner. Ein anna ulempe er at kommunestyret også kan velge å ignorere openbare lovbrot, så om politikarane synes at denne kjøpmannen er så snill og grei så kan dei også bestemme at det ikkje skal kome ein reaksjon på lovbrotet.
  7. Gassen i røyra må ha påvirka dei seismologiske utslaga. Berre det at eit røyr med 105 bar på grunn av eksplosjonen plutseleg går ned til 7 bars trykk er ei enorm trykkendring som gir seismologisk utslag, større utslag får det også om delar av gassen tek fyr. Eksplosivane vil ha betre sprengeffekt under vatn. På 100 meters djup så vil det være hundre bar med vanntrykk som bidreg til å hindre at energien lett kan spreie seg oppover og forsvinne, så då går meir av energien mot røyra eller ned mot sjøbotnen. Eit spørsmål som hadde vært interessant å sjekka opp er om det finnes bevis for mindre eksplosjonar i tida før sabotasjen? Er dette ein sabotasje som er utført vellyka på fyrste forsøk på grunn av høg kompetanse eller overdrevent store sprengladningar, eller kan det ha vært mislykka forsøk tidlegare med for lite sprengstoff som ikkje førte til rørbrudd?
  8. Generelt så er eg ueinig i at ferdigheitene ikkje blir brukt, men det finnes sjølvsagt både stillingar som ikkje krever anna kompetanse enn å klare å sitte i ein stol og trykke på ein knapp og stillingar som gir mindre faglege utfordringar enn arbeidstakaren sjølv ynskjer. Har du ei slik stilling så har du enten søkt på feil stillingar eller så har du ein kompetanse/ferdigheit som er så vanleg at det ikkje finnes nok relevante stillingar. Sjølv i dei få tilfella der ei bedrift tilsett personar med ferdigheiter som dei ikkje har bruk for så er det slik at dei aller fleste bedrifter helst tilsetter den jobbsøkaren som har flest og best ferdigheiter sidan ein slik arbeidar er langt meir fleksibel. Skal det tilsettast ein fabrikkarbeidar som står ved samlebandet og utfører enkle oppgåver så speler det liten rolle om vedkommande kjem rett frå ungdomsskule eller har doktorgrad i fysikk, men ofte foretrekk ein den søkaren som har doktorgrad fordi vedkommande beviseleg er i stand til å lære ting på eit svært høgt nivå og derfor lett kan settast til andre oppgåver ved behov. Det beste i alle tilfeller er å levere ein CV som er tilpassa jobben ein søker på. Eg er heilt einig i at ein CV der det berre står at søkaren har tatt ein bachelorgrad seier lite om kandidaten, litt forhistorie er greit å ha med. Men når du søker femte jobben innafor eit spissa fagfelt og har masse utdanning og erfaring å vise til, så er det ikkje særleg relevant å oppgi at du gjekk dei tre fyrste åra på Lilleputt barneskule, fjerdeklasse på Haugen barneskule, og dei siste åra på ein tredje barneskule. Unntaket er om du søker ein jobb der det er hensiktsmessig å vise til at du har budd eller har tilknytting til disse stadane. I mange tilfeller kan ein også med stor fordel tilpasse CVen slik at ein slår saman ein del ting som ei oppføring. Ein kan f.eks. skrive at ein har vært aktiv i organisert idrett i ei bestemt periode i staden for å presisere når du sparka fotball og når det gjekk mest i basketball. Når ein har vært i arbeidslivet nokre år så gjeld dette særleg for diverse kurs og liknande. Det blir ofte litt vel mykje detaljar om du skal liste opp kvart einaste to-dagarskurs du har deltatt på, så då er det ofte greitt å legge fram dette på ein annan måte. Ofte kan det også være hensiktsmessig å endre rekkefølgja på ting i CVen. Det er ikkje nødendigvis slik at CVen må være kronologisk, ofte kan det være mykje betre at du sett den mest relevante utdanning og arbeidserfaring øvst sjølv om det ikkje er den ferskaste utdanninga eller arbeidserfaringa. Det er ikkje alltid at ei slik oppstilling er den beste sidan dei fleste CVar er kronologiske, men det er likevel aktuelt å vurdere om ein har mykje på CVen.
  9. Det er nok mest fordi i nesten alle stillingar er det kompetansekrav som må fyllast, og den kompetansen er vanlegvis i form av utdanning, kurs og arbeidserfaring. Utan ein CV er det veldig mykje arbeid å innhente opplysningane for å samanlikne kandidatane. Det er trivielt om det er 3 søkarar å ta ein prat med alle tre, men det er noko heilt anna når det er fleire titalls søkarar og ein ikkje har tid til å intervjue alle. Dei fleste større arbeidsgivarar brukar i dag nettløysingar der du skriv inn opplysningane som vanlegvis står i CV, då er det ikkje nødvendig å også laste opp ein CV i pdf format som vedlegg.
  10. Vil også legge til at grunnlaget for om dette er noko du kan kreve frå utleigar kjem ann på kva som er avtalt. Om du signerte husleigeavtalen med informasjon om at ein av nøklane var på avvege og utan ein avtale om at låsesystemet skulle bytast så har du nok godtatt leilegheita slik som den stod og slik som du var opplyst om forholda. Om dette er noko du har fått vite om no fyrst i ettertid så kan du pårope dette som ein mangel etter husleigelova: At det ikkje er berre du (og eventuelt utleigar) som har nøkkel og dermed adgang til leilegheita vil heilt klart være opplysningar som du hadde grunn til å forvente å få, og som fort kunne føre til at du ikkje hadde signert leigeavtalen og heller funnet deg ein anna bustad.
  11. Strent tatt er det den førre leigetakaren som er ansvarleg for kostnadane opp mot utleigar. Så utleigaren skal eigentleg ikkje trenge å måtte dekke denne kostnaden sjølv, den kostnaden kan/bør krevjast inn frå utleigaren som mista nøkkelen. Eg tenkjer at å krevje at utleigar byttar systemlåsane er ein dårleg framgangsmåte, særleg med tanke på at du bør ha ein grei tone med utleigar også i framtida. Den gode nyheita her er at dersom du mister ein nøkkel så viser denne saka at utleigar ikkje vil kreve inn erstatning frå deg. Det fyrste du bør få avklart er kva som har skjedd med nøkkelen. Det er forskjell på om nøkkelen er mista eller om den er på avveie. Ein mista nøkkel som ikkje er merka med namn/adresse har veldig liten sannsynlegheit for å ende opp i din lås, særleg om den også er mista ein stad der det er vanskeleg å finne den som ute i skogen eller i sjøen. Ein nøkkel på avvege derimot er ei større utfordring ettersom ein må anta at den som i dag besitter denne nøkkelen også veit kva dører nøkkelen låser opp. Om nøkkelen er på avvege og det er ein sjangs for at uvedkommande kan låse seg inn til deg så bør du gjere tiltak. Det fyrste tiltaket er å bytte låsen på di eiga inngangsdør eventuelt montere ein ekstra lås. Dette er ein liten kostnad som utleigar bør dekke, er du klar for litt krangling kan du enkelt å greit holde tilbake kostnaden frå husleiga slik at utleigar eventuelt må starte ein rettslegprosess for å kreve inn beløpet ved å dokumentere at dette var ein kostnad du ikkje har rett til å trekk frå husleiga. Om utleigar er veldig vanskeleg så er det ikkje ein veldig stor kostnad eller jobb å bytte låsesylinder på leiligheitsdøra, det gir deg i det minste ei tryggheit på at ikkje førre leigetakar kjem ramlande inn gjennom dørene. Det bør likevel være i utleigars interesse å finne ei betre løysning, du har som leigetakar lov å bytte låsen for det er du somhar bruksretten på bustaden, men ofte så vil utleigar gjerne ha ein ekstranøkkel for å kunne låse seg inn i nødsituasjonar og liknande der det ikkje er tid til å varsle deg som leigetakar i god tid i forvegen. For dei aller fleste leigetakarar så er det uproblematisk at utleigar har ein ekstranøkkel liggande (det gir også leigetakaren ein tryggheit ved at utleigar kan låse deg inn om du skulle befinne deg i ein situasjon der det er du som har mista nøklane). At uvedkommande kan ha tilgang til gangen og fellesareala kan du kompansere ved å låse syklar og liknande lause ting. Har du ein dyr sykkel så bør du uansett låse den når du delar gang med andre bebuarar. Ikkje at naboane dine nødvendigvis stjeler frå deg, men det kan være at ein av naboane dine ein dag gløymer å låse ytterdøra slik at andre kan spassere rett inn og stjele sykkelen din.
  12. Ei (norskprodusert) undevannsdrone kostar $ 5500 +mva, og kan dykke ned til 150 m. Til dobble prisen kan ein kjøpe ei tilsvarande drone som kan dykke 300 m. Eg ser at det berre er den versjonen som heiter x3 som har robotarm som ekstrautstyr men det er ikkje oppgitt pris på den, berre at ein skal ta kontakt for å få eit tilbod. Sett opp mot prisen på dei andre dronene så hadde det overraska med om den aller dyraste og mest avanserte dronen med arm kostar meir enn 15-20 000 $, eller prisen for ein bruktbil. Ikkje ein uoverkomeleg investering for nokon som vil drive undervannssabotasje.
  13. Det er sjølvsagt alltid ein muligheit for at det kan være eit forsøk på dobbeltbløff, men det må være ein enorm og unødvendig risiko å ta dersom hensikta er å få mistanke vekk frå Ukraina. Kva om det ikkje hadde blitt oppdaga at passa var falske, då ville jo Ukraina få skulda om resten av historia stemmer. Dei falske passa var openbart gode nok til å lure båtutleigaren til å akseptere passa som identifikasjon, så påstanden om falske pass må vel stamme frå ein eller anna ekspert som har kontrollert kopien av passa i ettertid som del av etterforskninga av denne båten? Om ein stat skal sende hemmelege agentar så virker det særdeles idiotisk å bruke falske statsborgarar som dekkhistorie, for enten må passa være så overtydeleg falske pass at ein kvar som ser passet forstår at det er eit falskt pass og nektar å akseptere det som ID, og kva er då vitsen med å ha med legitimasjon i det heile tatt? Eller så må det falske passet være av god kvalitet sjølv om det er forfalska, og då er vel faren overhengande for at dei som etterforskar tek passa som god fisk? Særleg om ein etterforskar mot formål om å prøve å bevise Ukrainsk innvolvering så burde det være heilt unødvendig å studere dei ukrainske passa, det einaste ein kan oppnå med å sjå nærmare på passet og finne ut at det er falsk er jo å svekke beviset for ukrainsk innblanding.
  14. Det eine treng ikkje å utelukke det andre. Sameiget kan nekte dyrehold og lufting på fellesområder, samtidig kan ein andelseigar som har behov for kjæledyr kreve å få ha kjæledyr like vel. Ein kan f.eks. ha innekatt, eller hund som ein tek med på lengre turar enn rundt huset for lufting. At ein bebuar kan ha rett til dyrehold til tross for ordensreglane betyr ikkje at alle ordensreglane må settast til sider. Om bebuaren påroper seg vektige grunnar til å ha ein elefant så kan sameiget forby dette på bakgrunn av at slikt dyrehald vil medføre ulemper for sameiget som er større enn fordelen for bebuaren. Ordensreglane i sameiget må være saklige, det er stor forskjell på å lufte ein hund, la hunden gjere frå seg, og på å lede ein hund i band over fellesområdet.
  15. Har problem med å forstå kvifor ei pro-Ukainsk gruppe skulle ha leigd ein polsk båt med ukrainske eigarar. Om dette skulle være hemmeleg så gir det vel mykje meir meining å leige ein polsk båt med polske eigarar? Einaste fordelen ved å leige frå ukrainske eigarar er at dersom eigarane var sympatisørar så kanskje dei lånte ut båten gratis? Men om det var snakk om utleige så finnes det vel dokumentasjon på betaling?
  16. Det er ikkje umogleg, men motivet manglar. For ei frittståande gruppe som sympatiserer med Ukraina så finnes det nok lettare mål med meir effekt.
  17. Etter 5 år har ein rett til å få innvilga søknad om førarrett, ein kan berre nektast godkjenning om det føreligg objektive grunnar, og objektive grunnar er i praksis berre om ein har blitt straffa for andre brot på vegtrafikklova i tapsperioden. Eg forstår at det kanskje er strengt å straffe ungdoms dumskap med å aldri få køyre bil sjølv etter at ein har blitt voksen og ansvarleg, men 5 år er latterlig kort tapstid for dei verste trafikklovbrota. Ein ting er når ein 16 åring som har vært dum ikkje får køyre opp før han er 21 år, det er tross alt mykje modning som skjer i dette tidsrommet. Men om ein 40 åring mister lappen "for alltid" så tviler eg sterkt på at vedkommande har blitt særleg mykje meir ansvarleg og reflektert som 45 åring.
  18. Også einig. Det er ein ting at alle kan være uheldige og at ein ikkje treng å rotne i fengsel på grunn av eit uhell. Men med grov uaksomheit så er det ikkje eit spørsmål om nokon blir drept eller skadd, det er berre eit spørsmål om kven som er så uheldige å blir råka. Samtidig så får ein mellom 3 veker og 3 månadar ubetinga fengselsstraff for å køyre i fylla utan at nokon kjem til skade.
  19. Er også einig. Alternativt så kunne dei ha skrudd til skruen litt ekstra når avsløringa kom. Det er mogleg at det er fordi eg ikkje huskar alle detaljane frå spelet og inntrykket sjølvsagt blir større fyrste gongen, men var ikkje spelet litt meir tydeleg på både kanibalisme delen ved å vise meir kroppsdelar og på at David ønska Ellie som barnebrud? Det er nok ein styrke at serien ikkje er overforklarande, men her trur eg at ein TV-sjåar som ikkje har spelt spelet lett kan miste disse detaljane. For den overordna handlinga så betyr det ikkje så mykje om ein ikkje fekk med seg all motivasjonen til karakterane, men det er likevel litt synd. Det som eg syntes undergrev litt kanibalisme-delen er at serien var så tydeleg på at dei fekk takk i både ein hjort og ein hest som gav tvil om kva som eigentleg vart servert. Det einaste hintet til at kanibalismen har foregått ei stund var vel at Joel kom over kjøttlageret der det hang tre personar som ikkje kan ha vært dei som Joel akkurat hadde drept, men det var ei ganske kort scene.
  20. Grunnen til at sofaen blir gitt bort gratis og ikkje solgt er jo fordi betalinga er at kjøper også kvitter seg med dei andre møblane. I dei aller fleste tilfeller vil den som skal hente sofaen kome med stor bil eller tilhenger og kan då relativt lett også laste opp dei uønska møblane og køyre innom miljøstasjonen på veg heim. For den som gir bort tinga så er det realistiske alternativet å låne/leige/kjøpe seg flyttebil og køyre alle møblane som ein ikkje vil ha på dynga. Det å dele opp partiet og selge dei møblane som kan brukast for småpengar er meir styr enn det er verdt, noko som denne tråden er eit godt eksempel på. Hadde trådstarter vist om at saka kom til å ende slik så hadde han heilt sikkert ikkje brukt finn.no til å gi bort møblane, om lasset han må køyre på dynga er med eller utan ein sofa gir liten praktisk forskjell på både arbeid, tid og kostnad for å kvitte seg med tinga. Ein slik praksis er sjølvsagt dumt med tanke på gjenbruk og miljø, men det er grenser for kor langt ein person som held på å flytte vil være villig til å strekke seg for å være snill. Poenget med annonsa er jo at det skulle være ein avtale som gagnar begge partar like mykje. Selgar får møblane køyrt bort slik at leilegheita blir tømt, medan kjøpar får seg ein gratis sofa mot å svinge innom miljøstasjonen, alternativt ved å ta på seg den jobben det er å legge ut ei ny annonse på finn.no for å selge spisestuemøblane. Dette er forøvrig akkurat same avtalen som det er vanleg å gjere ved tomtesalg der kjøparen får kjøpe tomta til 1 kr mot å ta på seg ansvaret for å rive det eksisterande huset. For tomtekjøparen så er rivinga ei relativt liten ekstrakostnad når tomta uansett skal klargjerast for å bygge eit nytt hus, og for selgar så slepp ein å investere i riving og sikring av det gamle huset i påvente av eit framtidig tomtesalg. Dette er akkurat same type avtale berre i mindre skala.
  21. Som i arbeidslivet ellers så er det sjeldan at ein person er 100% arbeidsufør til alle arbeidsoppgåver, at ein er ufør betyr eigentleg berre at personen ikkje er i stand til å yte 100% i ei heil stilling, mange kan nok fint yte litt i løpet av ein heil arbeidsdag, eller kan være i stand til å jobbe i nokre timar på gode dagar sjølv om ein ikkje kan planlegge får når ein har gode dagar. Så om den som er heilt eller delvis ufør er i stand til å f.eks. spikre pallar så kan ei løysing være at ein reknar 5 ferdige pallar som eit passande dagsverk i staden for å forvente 100 ferdige pallar. Alternativt kan ein få andre oppgåver som er tilpassa yteevnen, til dømes ansvar for å holde tellinga på kor mange pallar som har blitt produsert. Det sagt så er det langt mindre tilbod i fengsel, så på enkelte fengsel så kan ein risikere å måtte bli på cella i arbeidstida slik som dei som ikkje vil jobbe eller studere.
  22. Du kan ta kontakt med eit kvart advokatkontor som driv med arbeidsrett for å få bistand til alle delar av arbeidslivet og ikkje berre arbeidsavtalar, oppseiingar og konflikter, men også lønnssamtaler og liknande. Alternativt kan du ta kontakt med karriereveiledarar, dei kan hjelpe deg også med det som går på lønnsdanning og karriereutvikling hos noværande arbeidsgivar. Det vil sjølvsagt koste å hyre inn profesjonell bistand, ein fordel er sjølvsagt at du får personleg oppfølging så ofte som du er villig til å betale for. Den enklaste løysinga er openbart å melde seg inn i ei fagforeining for å få tilgang til den kompetansen som fagforeininga har bygd seg opp. Sidan du skriv at du helst ikkje vil melde deg inn i ei fagforening så vil eg også legge til at sjølv om du melder deg inn i ei fagforeining for å få disse tilboda så treng du ikkje å bruke fagforeininga i det vanlege. Det er fint mogleg å være fagorganisert utan å informere om at du er organisert på arbeidsplassen din. Det er ein del som gjer det på denne måten, då har dei sikkerheita med arbeidsrettsbistand om det skulle bli konflikt men utan å blande inn fagforeininga i gode tider når du klarer å forhandle om lønn sjølv direkte med sjefen.
  23. NATO som forsvarsallianse er ikkje rette organisasjonen for å frigjere ulike diktatur, ei slik endring vil kreve ein heilt ny allianse eller kraftig omskriving av NATO mandatet. Skulle NATO endre seg til ei krigførande allianse så vil nok også mange medlemmar melde seg ut. Sjølv om den politiske viljen vil endre seg alt etter kven som sitt i regjeringa så er eg ganske trygg på Norge ikkje har interesse av å sende norske soldatar for å krige (og døy) i Iran og Nord-Korea. Den einaste rolla som eg kan sjå at NATO kan ta på seg som sikkerheitspoliti er å opne alliansen for fleire medlemsstatar, også statar som har aktive grensekonflikter. Dette kan gjere at land eller autonome områder som er trua av andre statar kan få ei viss grad av tryggheit, som til dømes Taiwan, Sør-Korea, Ukraina etter krigen, osv. Eg trur likevel at ei slik opning er heilt urealistisk ettersom det også aukar faren for at NATO blir dratt inn i ei konflikt. Formålet med NATO er at alliansen skal være avskrekkande ved å ha både forsvars- og angrepskapabilitet til å hindre angrep. Vi er ikkje budde verken militært, økonomisk eller moralsk sett til å bli innvolvert i ein krig utan at det er strengt nødvendig. Den bistanden som NATO og resten av vesten yter til Ukraina akkurat no er ein ganske politisk behageleg situasjon for oss. Vi kan gi støtte i form av pengar og utstyr så lenge det tener vår agenda. Men vi er ikkje forplikta til å fortsette å spytte pengar inn i konflikta, eller å riskere eigne soldatar i krigføringa. Hadde Ukraina vært eit NATO-land før angrepet så hadde vi vært forplikta til å stille opp med norske soldatar og til å ta imot eventuelle bombeangrep mot norske mål med enten konvensjonelle- eller atomvåpen. Det slepp vi no når vi kan støtte Ukraina utan å sjølv gå inn i konflikta. Det store politiske spørsmålet er likevel om nokon av oss er interessert i å risikere eit forholdsvis trygt og behageleg levesett for å leike verdenspoliti som går inn i land vi ikkje liker for å kaste sittande styresett. Kvifor skal vi ofre norske liv for å få kasta ulike diktatorar som berre plagar sitt eige folk? Burde ikkje dette være ein motstand som befolkninga i det landet tek initiativ til sjølv? Grunnen til at Putin fortsatt sitt med makta i Russland er jo at fleirtalet av det russiske folket enten er einige eller likegyldige til at Putin får ha makta. Om det russiske folk ville ha hatt ein annan leiar så kan dei i fyrste omgang stemme på andre kandidatar, og i andre omgang gjere opprør om demokratiet ikkje fungerer. Det er nok ikkje mange som ønsker ein ny Afganistankrig der vi i vesten ofra 3612 soldatliv, (10 av dei nordmenn) for å kaste Taliban, før vi trakk oss ut og lot Taliban ta tilbake kontrollen. Kvifor skulle resultatet bli annaleis om vi gjennomførte tilsvarande militæraksjon i Nord-Korea eller Somalia?
  24. Systemnøklar er nøklar med patent som sikrar at godkjente låsesmedar ikkje kopiere opp nøkkelen utan å få bestilling frå registrert eigar av låsesystemet. Eit ytterlegare sikkerheitstiltak er at produsenten av systemnøklar berre selg orginale nøkkelemner for sliping til godkjente låsesmedar som respekterer patenten. Ofte vil systemnøklar ha litt ulik fysisk utforming som spor langs sida av nøkkelen slik at uorginale slipte nøklar ikkje nødendigvis passar i nøkkelholet. Billegare nøklar som ikkje er systemnøkkel vil ofte ha litt enklare utforming. Det er likevel slik at patentet går ut på dato, vanlegvis gjeld patentet i 15-20 år. Når patentet er utløpt så kan nøklane i utgangspunktet fritt kopierast, også hos godkjente låsesmedar utan konsekvens. I praksis vil likevel mange seriøse låsesmedar være litt tilbakeholdne med å kopiere gamle systemnøklar sjølv om dei kan. Likevel så er hensikta med at patentet går ut på dato at bygningseigaren kvart 20 år må kjøpe nye låsar og nøklar med ny gyldig lisens for å sikre seg mot kopiering av nøklar, så det er ikkje alle låsesmedar som ser særleg med moralske hinder frå å kopiere systemnøklar utan gyldig lisens. Å kopiere nøkkelen i utlandet er i utgangspunktet inga løysing, dei fleste systemlåsar har likelydande patentar i alle land der dei har utsalg. Ein kan sjølvsagt finne useriøse låsesmedar i alle land, men i utgangspunktet så skal låsesmeden i Mumbai være like tilbakehalden med å kopiere ein systemnøkkel frå Trioving som låsesmeden i Tønsberg. Begge låsesmedane risikerer privatrettslege krav frå Trioving for å bryte lisensavtalen og dei vil sjølvsagt miste Trioving som leverandør om dei blir tatt for å kopiere systemnøklar. (Utan at eg veit det så vil eg tru at disse systemlåsleverandørane sladrar fritt seg i mellom slik at ein useriøs låsesmed fort mister sin avtale med alle leverandørar av systemlås). Typisk vil lokale sjapper med utstyr for nøkkelkopiering kopiere alt dei får av nøklar, dei har vanlegvis ikkje inngått lisensavtale med systemnøkkelleverandørane så dei risikerer ingenting med å kopiere nøklane. Det som hindrar slike lokale sjapper å file systemnøklar er at dei ikkje har tilgang til orginale blanke nøklar, så sjølv om dei sliper og matcher tennene på nøkkelen så er det ikkje sikkert nøkkelen passar i nøkkelholet.
  25. Korleis er du tilknytta helseforetaket? Er du tilsett i helseforetaket eller er du innleigd konsulent? Dersom du er tilsett så følgjer dette rett ut av tariffavtalen, du skal ha betalt for den tida du er tilgjengeleg for arbeidsgivar. Etter arbeidsmiljølova skal du ha minst 11 timars kviletid mellom arbeidsperiodene om det ikkje er avtalt anna arbeidstid som til dømes todelt arbeidsdag eller liknande. Må du være tilgjengeleg på telefon så er du utvilsamt tilgjengeleg for arbeidsgjevar og skal ha betalt. Det er rom for å etablere ei vaktordning eller liknande men dette må då avtalast på førehand. Om du har særskilt uavhengig stilling så stiller det seg litt annaleis, men då skal det heller ikkje være behov for å registrere arbeidstiden då du skal stå fritt til å sjølv vurdere når det er behov for din arbeidsinnsats og fordi disse ulempene skal være kompensert gjennom lønna. Om du er innleig som konsulent så er det to ulike avtalar som gjeld, den fyrste er mellom deg og konsulentfirmaet (om du ikkje er sjølvstendig næringsdrivande), og den andre avtale er det som er avtalt mellom konsulentfirmaet og helseforetaket. Det er ikkje uvanleg at ein avtalar at kunden betalar ein fastpris til konsulentselskapet for å få jobben gjort, og så lønnar konsulentselskapet sine konsulentar i henhold til arbeidsavtalen. Som nemnt så er det ikkje ulovleg å avtale oppdelt arbeidstid, dette er vanleg blant anna hos bussjåførar som ofte har eit tidlegskift, så nokre timar fri og deretter ettermiddagsskift. Men slik arbeidstidsordning skal være avtalt på førehand. Så at friperioda er kort er i utgangspunktet ikkje eit grunnlag for å kreve at tida skal være lønna, men det at du må være tilgjengeleg er eit argument for at du skal ha betalt for heile perioda. PS. Om du blir pålagt å ikkje være tilgjengeleg på telefon for at helseforetaket skal sleppe å lønne deg i disse periodene der du ikkje har arbeidsoppgåver så vil eg anbefale deg å være like firkanta tilbake ved å legge ned arbeidet når du etter tidsplanen ikkje lenger skal ha betalt.
×
×
  • Opprett ny...