Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Sjekk opp om du har f.eks. innboforsikring som inkluderer dekking av advokatutgifter. Har du tilgang til "gratis" advokat så er det aller enklaste for deg å la advokaten ta seg av denne saka. Det fyrste steget er nok uansett å forberede deg for å ta rettslege skritt, i fyrste omgang å sende brev der du skriftleg krever tilbakebetaling og samtidig varsler at du tek rettslege skritt om pengane ikkje er innbetalt innan ein bestemt dato. (Du finn mal for prosesskriv ved å google). Neste steg blir då antagelegvis å møte i forliksrådet der du ender opp med ein dom som du kan bruke til å gå til namsmannen for å få namnsmannen til å kreve inn pengane for deg. Skulle du ikkje få medhold i forliksrådet så må du ta saka vidare til domstolen. Merk også at erstatning/tilbakebetaling kan være ein del av straffesaka om politiet oppretter sak mot vedkommande.
  2. Nei. Straumselskapet forheld seg til at du i følgje folkeregisteret bur fast i hytta som du har søkt straumstøtte for. Dette for å kontrollere at du ikkje også får straumstøtte for ein anna bustad i tillegg. Regelen for straumstøtte er fortsatt at ein ikkje får straumstøtte for hytter, med mindre ein berre har hytta som einaste bustad. Dei som har anna bustad og ei hytte i tillegg får ikkje straumstøtte på hytta.
  3. For dei aller fleste så blir dette eit spørsmål om korleis ein balanserer privatøkonomien. Folk flest har eit bustadlån som dei betalar meir i renter på enn dei har avkastning på sparepengane sine. Økonomisk sett gir det mest meining å betale ned mest mogleg av lånet fortast mogleg. Det som er grunnen til at ein ikkje gjer dette er at dei fleste både må ha og ønsker å ha ein komfortabel buffer på konto. Om du tømmer sparekontoen din for å betale ned på lånet så kan du fort ende opp i ein situasjon der du må ta opp forbrukslån om du plutseleg må ha bilen på verksted eller vaskemaskinen ryker. I tillegg er det sjølvsagt komfortabelt å ha såpass med pengar på konto at du kan skeie ut og ta eit impulskjøp om du kjem over eit godt tilbod utan at økonomien går heilt over styr. Har du råd til å betale ned heile lånet no så bør du absolutt gjere det i staden for å betale renter i 7 år til. Men om du berre har akkurat nok igjen på sparekontoen til å betale ned lånet så bør du vurdere å betale ned berre delar av lånet. Kor mykje pengar du bør ha igjen på konto som fri kapital kjem ann på din økonomiske situasjon.
  4. Det kan være det, men samtidig så skal det ganske mykje til for at kommunen følgjer opp saka om det ikkje er heilt konkrete ulemper med at du bur året rundt på hytta å vise til. Kommunar har generelt lite kapasitet til slik ulovlegheitsoppfølging, og om det blir prioritert å følgje opp ulovlegheitssaker så er det nok mykje meir fokus på ulovleg bygging og slike ting. Det er alltid ein fare for at kommunen kan følgje opp saka og kreve at du enten flytter ut av hytta eller at du søker bruksendring, men i praksis er dette for dei fleste ei teoretisk problemstilling.
  5. Jo du kan melde flytting og få straumstøtte, men det betyr ikkje at du har fått eit løyve, så om du ikkje søker om løyve frå kommunen så kan kommunen følgje opp ulovleg bruk av fritidsbustad og bygge saka på at du sjølv har dokumentert ovanfor straumselskapet at du både bur og har til hensikt å bu fast i fritidsbustaden. Her er det mange ulike instansar og regelverk inne i bildet. Straumselskapet bryr seg berre om du har meldt flytting, kommunen bryr seg berre om du har søkt om bruksløyve, skatteetaten bryr seg berre om at formuesverdien er korrekt, og posten bryr seg berre om at du har ei merka postkasse på adressen.
  6. Det er ulike regelverk. Ein kan melde flytting til hytta i folkeregisteret, ei slik flyttemelding går ikkje via kommunen. Ordninga er basert på at den som melder flytting gir korrekte opplysningar og flyttar inn i lovleg bustad, men det er ingen automatikk i at opplysningane blir kontrollert. Det er kvar enkelt kommune som avgjer om ein får lov til å bruke hytta som heilårsbustad, dei aller fleste kommuner vil då kreve bruksendring til bustad som igjen utløyser krav om oppgradering eller at kommunen gir dispensasjon frå teknisk forskrift. Regelendringa medfører at ein får straumstøtte der ein er folkeregistrert, så straumselskapet sjekker berre om adressen stemmer med det som er registrert i folkeregisteret. Dette er ikkje det same som å sjekke om ein har fått lov til bruke fritidsbustaden som heilårsbustad, det er berre ein sjekk på at den som søker om straumstøtte til hytta ikkje også har ein annan bustad. Har ein meldt flytting til hytta utan å ha innhenta løyve frå kommunen så er flyttemeldinga per definisjon ei fiktiv flyttemelding som kan gi andre konsekvensar.
  7. Om du får lov til å endre statusen på fritidsbustaden til bustad så er jo mesteparten av problemstillingane borte? Eg tolka tråden meir i retning av kva som skal til for å bruksendre ei hytte, og kva som eventuelt er konsekvensen av å flytte inn på hytta utan å bruksendre. For å få lov til å melde flytting og flytte inn så må ein søke om bruksendring hos kommunen, får ein innvilga bruksendringa så er ikkje hytta lenger ein fritidsbustad, då er det ein ordinær bustad.
  8. Er ikkje disse skjemaene laga med tanke på å kartlegge inntekt i form av lønn/gåver/premier, osv? Eg hadde i alle fall ikkje ført opp pengar som eg har motteke i svært kort tid før pengane blir sendt tilbake til avsender, for det er openbart ikkje dette NAV ønsker å samle inn informasjon over. Det NAV vil vite om er om du også får pengar frå andre kjelder enn det du får frå NAV, f.eks. ved at ein har ein bi-jobb eller har vunne i lotto, samt kontantinnskot på fysiske pengar som du kan ha motteke frå slike ting. Pengar som går inn og ut blir eit nullspel som ikkje betyr noko. Eg ser eigentleg berre to praktiske problemstillingar. Den fyrste problemstillinga er at dersom det blir veldig mange transaksjonar inn og ut så kan det blir uoversiktleg og at det då blir litt jobb å gå over for å påsjå at alle innbetalingane også har gått ut som utbetalingar. Den andre problemstillinga er at basert på transaksjonshistorikken så kan det dukke opp mistanke om kvitvasking ved at pengane går via ein annan konto, men skulle ein få spørsmål om dette så er det jo berre å vise til bankfeilen som årsak.
  9. Du må (som hovudregel) være folkeregistrert. Sidan du i mange tilfeller blir nekta å melde flytting til ein fritidsbustad så må du ha ein anna adresse å oppgi, denne adressen bør du helst ha ei reell tilknytting til med tanke på eventuell adressekontroll. Har du ein godkjent bustad som du har folkeregistrert adresse på så kan du om ikkje anna unskulde deg med at du ikkje hadde tenkt å bu fast på hytta, men at det akkurat i år vart litt meir enn halve året på grunn av ditten og datten. Jo meir du har å unskulde deg med jo mindre sannsynleg er det at du kan ileggast gebyr for å ikkje ha meldt flytting. Det er sjølvsagt ei muligheit å melde flytting utan å oppgi ei ny adresse, då får du status som utan fast bustad (les: uteliggar). Dette treng ikkje å bety så mykje i praksis, men det betyr at du ikkje får ha ei oppgitt adresse i folkeregisteret og at du fell ut av diverse offentlege ordningar som er basert på folkeregistrert adresse.
  10. Det er ikkje sikkert at utfallet hadde endra seg om ein gjekk til media. Slike saker oppstår med ujamne mellomrom, det store spørsmålet er då ofte om den andre parten forstod eller måtte ha forstått at den lovnaden man fekk gjekk utover det som det er rimeleg å anta at kommunerepresentanten hadde myndigheit til å tilby. I slike saker der kommunen er motbart så blir det ofte vist til at dei fleste forstår eller burde ha forstått at det er kommunestyret ved ordføraren som vanlegvis er avtalemotparten og ikkje sakshandsamaren som vanlegvis er den som legg fram saka for politisk handsaming.
  11. Antakeleg vis så har dei fleste andre bustadar der dei er registrert busette og får posten sin. Det kan være alt frå at dei har ei leilegheit i byen som dei leiger ut til at dei er formelt registrert busett hos familie eller venner. Eit anna alternativ kan være at dei har oppretta postboks slik at dei får posten dit uavhengig av kvar dei faktisk bur. I dag er det uansett forsvinnande lite fysisk post, så mangelen på ei fysisk postkasse vil dei fleste merke lite av. Det er stort sett reklame og slikt som ein ikkje får, rekningar og brev frå det offentlege går stort sett elektronisk om du har oppretta elektronisk postkasse. Det einaste som du får tilsendt til fysisk postkasse i dag og som du ikkje kan motta elektronisk er slike ting som førarkort og pass, dette sender politiet til folkeregistrert adresse så om du bestiller slike ting så er det viktig at du får henta posten som blir sendt til deg på din folkeregistrerte adresse. Sjølve flyttemeldinga er eit skjema som du kan fylle ut på skatteetaten.no, der du oppgir din nye adresse. Ein er pliktig til å melde flytting, men også her er det i praksis utan konsekvens å bryte lova. For at du skal kunne straffast etter folkeregisterlova så må du i praksis bli varsla om at myndigheitene ønsker å kontrollere om opplysningane om bustad du har oppgitt er korrekte. Då kan du bli ilagt eit gebyr på maks 15 gongar rettsgebyret, p.d.d. maks 18 645 kr. Grunnen til at du er pliktig til å melde flytting er fyrst og fremst av omsyn til offentleg forvaltning, der folkeregistrert adresse har betydning frå alt frå kva kommune du har stemmerett i, til kor store statlege tilskot kommunen får sidan dette er basert på folketalet, og til planlegging av kor mange skule og barnehageplassar kommunen må ha.
  12. Det er veldig mange ulike regelverk som får betydning her, alt frå reguleringsplanen i kommunen, til folkeregisterlova, og til skatterettslege reglar. Det er eigentleg ikkje meininga at det skal bu folk fast i fritidsbustadar/hytter, men det er ingen hard grense for dette anna enn at etter folkeregisterlova så skal du melde flytting når du bytter bustad. Kvar du bur er definert som der du oftast tar din døgnhvile, som då typisk betyr at dersom du er meir enn 6 månadar på hytta så er det der du bur og du må melde flytting. Så kjem utfordringa med at fordi fritidsbustaden ikkje er meint brukt som bustad så vil mange kommunar kreve bruksendring til heilårsbustad. Kor lett eller vanskeleg dette er kjem veldig ann på både kommunen og kvar kommunen ligg. Ved bruksendring må bygget oppgraderast til dagens krav for bustadar, alternativt må ein få innvilga unntak frå byggereglane. Det er mange krav som er strengare for bustadar enn for fritidsbustadar, alt frå ulike krav til isolasjon, krav til biloppstillingsplassar, og krav til at kloakk må koplast på kommunalt avløpsnett eller må samlast i godkjent septiktank. Det som kanskje gjer det ekstra uoversiktleg er at det i praksis ikkje er noko i vegen for at du permanent flytter inn på hytta utan å gjere noko av dei formelle grepa. I praksis er det lite kommunen kan gjere om du bur på hytta året rundt, sjølv med eit vedtak om at du må slutte å bu på hytta fast så er det i praksis heilt utenkeleg at du blir kasta ut frå di eiga hytte. Det du likevel må være oppmerksom på er praktiske ting som at i hytterenovasjon vil det typisk ikkje ligge særleg mange tømingar inne og du vil typisk berre få ein liten dunk om du i det heile tatt får dunk. Det kan være at du må ordne deg slik at du sjølv køyrer vekk ditt eige avfall. Merk også at ulovleg dumping av avfall er kanskje ein av dei tinga som gir kommunen størst muligheit for å bruke tvang til å få deg til å flytte ettersom forureining også går utover anna enn din eigen grunn, tilsvarande om du ikkje har godkjent kloakkhandtering så vil du fort få pålegg om å flytte ut. Av andre praktiske ting er at det er mange ulike kommunale tenester som du ikkje får tilbod om på ein fritidsbustad, eller at tilbodet du får er kraftig redusert. Alt frå søppeltømming, snøbrøyting om vinteren, tilbod om heimesjukepleiar, og post-leveransar er tenestar som du enten ikkje får eller berre får i avgrensa grad.
  13. Det er vel ikkje så store synergieffekter å hente på å desentralisere sol-kraft? All straumen må jo nødvendigvis transporterast tilbake til "sivilisasjonen" for å kunne brukast. Mesteparten av jernbanenettet manglar uansett infrastrukturen i form av straumledningar, så skal ein ha solceller her så må jernbanen byggast ut. Sjølv ved masseproduksjon av slike solcellepanel så kjem ein nok ikkje unna at det blir kostbart og lite effektivt å skulle montere solceller over ei strekning på mange mil, særleg med tanke på at i Norge så er det fyrst og fremst arbeidstida som er den største økonomiske investeringa, ikkje sjølve teknologien. Andre ulempar med å ha solceller i jernbanesporet i tillegg til det som har blitt nevnt om snø/pollen/støv samt vibrasjonar og knusing er at vedlikeholdsbehovet totalt sett vil auke kraftig. Skal ein både inspisere og vedlikehalde jernbanespor og solcelleanlegg så betyr det at jernebanelinja må holde stengt mykje oftare for å utføre dette arbeidet. Og for å ikkje svartmale totalt, dette kan sjølvsagt være eit aktuelt tiltak når vi går tom for andre stadar å montere solceller. Det gir marginalt meir meining å legge solceller i sporet enn å legge ut solcellepanel oppe på høgfjellet der det ikkje finnes verken veg eller bane frå før. Inntil vidare så er nok solcellepanel i jernabane og langs vegane mest aktuelt der solcellepanelet saman med eit batteri og eit gatelys kan fungere som eit frittståande lyspunkt for å lyse opp strekningar og områder som per i dag manglar belysning fordi det ligg for langt frå nærmaste straumnett til at det er realistisk å strekke kabel. Sjølv om det fortsatt blir veldig kostbart å lyssette heile jernbanelinja så kan det være ein billegare måte å sette lys på utsatte punkt som kryssingspunkt, kurver, og liknande.
  14. Det er ikkje uvanleg at tilbudet følger butikkens opningstid, særleg når det er butikken som har eit tilbod som også er tilgjengeleg på nettbutikken. Frå "gamalt av" var det vel slik fordi dei tilsette på butikken skulle pakke ned dei siste telefonkjøpa rett etter stengetid slik at alt var klart til ein ny dag med nye prisar. Eg er likevel einig i at om ikkje anna er opplyst så er det naturleg at tilbodet i nettbutikken følger nettbutikken sine "opningstider" som då normalt sett er til midnatt om nettbutikken ikkje stenger for bestillingar på eit tidlegare tidspunkt.
  15. Så lenge det ikkje har vært ulovleg for lokalaviser og likande å tilby anonyme søk så synes eg det er uproblematisk å la folk også søke anonymt hos skatteetaten.no. Bekymringa der er kor mykje og kor store data det er greit å gjere tilgjengeleg, som nemnt så var det i gamle dagar omtrent uråd å bruke skattelistene til så mykje anna enn å sjekke skatten til naboen. I dag kan ein enkelt lage både topp 10 lister og kryssreferere opplysningane opp mot andre register som då gir ei heilt anna oversikt enn det som opprinneleg var tenkt. Det som eg synes er mest problematisk med å gi innsyn i skattelistene er at det virker som ingen forstår kva det er meininga å bruke skattelistene til. Og det blir ikkje betre av at både lokalaviser og nasjonale mediar lager topp 10 lister som strengt tatt ikkje er særleg relevant eller nyttig. I tillegg så har vi problemet med at dei fleste ikkje klarer å forstå opplysningane i skattelistene. Om ein person har betalt mykje eller lite i skatt har ikkje berre med inntekt å gjere, det er også mange andre variablar som ein må ta med. Når media då lærer opp folk til å tru at skattelistene er ei liste over dei rikaste og fattigaste i din kommune så har vi eigentleg mista heile funksjonen med skattelistene. Media burde i langt større grad ta sin del av samfunnsansvaret ved å vise folket korleis skattelistene kan brukast til å avdekke urettferdigheiter og skattesnylting, men slike saklege artiklar genererer sjølvsagt langt færre klikk enn "Norges 10 rikaste ungkarar".
  16. Å opprette nye lensmannskontor ute i distrikta der det sitt ein politibetjent annakvar onsdag gir sjølvsagt heilt marginalt betre politidekning til ein svært høg pris ettersom det då er eit fysisk lokale som må driftast. Samtidig så ser vi at alt fokuset på å få meir politi ut i gata til å patruljere i realiteten fører til ei sentralisering der store politiressursar samlar seg i byar og tettstadar der det er mest folk, men som fører til ei responsitid på fleire timar om det skjer noko ute i distrikta. Ein kan ikkje baserer seg på at ei UP-patruljer som fartar langs europavegen tilfeldigvis skulle være nærmare hendelsesstaden. Det eg savnar mest i debatten er ein diskusjon som går på det meir overordna og på kva som er den lågaste kvaliteten vi er villige til å akseptere. Å ha polititjenestepersonar sittande på kontor rundt om kring blir veldig fort eit reint administrativt tilbod der ein kan prate med politiet, ordne pass, levere ei anmelding, osv, altså eit veldig synleg lokalpoliti men samtidig eit politi som i mindre grad bli ein operativ styrke. Samtidig så betyr meir patruljerande politi med base i byar og tettstadar at patruljene blir sentralisert der. Er det 3 timar køyreveg kvar frå politihuset til lokalmiljøet ein skal besøk så blir det berre igjen eit par timar med arbeidstid når vi trekk frå reisetida. Den store fordelen med denne ordninga er likevel at vi samlar store politistyrkar som saman blir veldig slagkraftige og som fordi dei blir ein del av eit aktivt politimiljø der det skjer mykje så får politiet også mykje praktisk erfaring og læring. Ein stor ulempe med patruljerande politi er at dette blir politi som i veldig liten grad får gjennomført dei administrative sidene av jobben. Ein kan ikkje sitte i bilen og etterforske vinningskriminalitet, holde kontakt med ungdomar eller skrive ut pass. Det som vi derfor i mykje større grad bør diskutere er kva er det vi ønsker at politiet skal fokusere på, og dersom alt er like viktig; kor mykje meir pengar er vi villige til å bruke for at politiet får oppretta nok stillingar? Skal vi ha eit operativt politi som innan kort tid får lagt kriminelle i handjern uansett kvar i landet kriminaliteten oppstår men som aldri får tid til å etterforske anmeldingar? Eller skal vi ha eit politi som sitt samla i store administrasjonsbygg og jobbar med å oppklaring og straffeforfølgjing men som vil ha lang responstid om det er behov for operativt politiarbeid? Eit anna moment som eg synes burde bli diskutert er utdanning (og lønnsnivå) i politietaten sett opp mot jobben som skal utførast. I dag har vi ei høgskuleutdanning med strenge krav til både karakterar, fysikk og personleg eignaheit, samtidig som vi sett politiet til å jobbe med alt frå å springe etter skurkar til sakshandsaming. Om vi hadde delt opp arbeidsoppgåvene til politiet så kunne vi kanskje frigjort ressursar og latt polititjenestepersonane få spesialisere seg i smalare felt. Spørsmålet då er; er det akseptabelt å gi politimyndigheit til personar utan høgare utdanning men som vi då til ein lågare kostnad kan spre utover slik at vi får kort responstid? Ein treng ikkje nødvendigvis høgare utdanning for å møte opp og ha heimel til å om nødvendig bruke vold for å redde lovlydige borgarar mot kriminialitet. Blir eg rana på gata så vil eg ha hjelp frå politiet, også om denne hjelpen ikkje har bachelorgrad. Samtidig så ser vi at land som har låge kompetansekrav for å få politimyndigheit lett får uheldige episoder der politiet ikkje har kompetansen til å løyse oppdrag utan bruk av vold, så det bør ikkje være heilt fritt fram for kven som helst å få utlevert sheriff-stjerne. Skal vi ha politi med høgare utdanning så kostar dette sjølvsagt mykje meir, og sjølv om vi ønsker politi med både høg utdanning og høg kompetanse så virker det ikkje som at vi er villige til å betale for denne ekspertisen. Eg savnar ein liten diskusjon på kva som er god nok kompetanse. På den eine sida så kan vi ha eit politi som er samla i store fagmiljø der dei blir veldig fagleg dyktige, men som er langt unna der kriminaliteten skjer. På den andre sida kan vi ha eit desentralisert politi som ikkje får politifagleg utvikling men som er svært nært der hendingane oppstår. Eg reknar med at dei fleste er einige i at vi bør ha politi med så høg kompetanse som mogleg samtidig som dei ikkje er alt for langt unna, det store spørsmålet er kvar grensa bør gå. Innimellom er det kanskje viktigare at politiet er raskt på staden med våpen som ved terroraksjonar og voldskriminalitet, samtidig så hjelp det lite om fyrste politipatrulje på staden manglar skytetrening og ikkje veit kva dei skal gjere.
  17. Så altså: Opprinneleg bank: Her hadde trådstarter forbrukslån og kredittkort, samt ei låneforsikring. Ny bank: Gir tilbod om å ta over forbrukslån og kredittkort til ei lavare rente, men utan låneforsikring noko som trådstarter takker ja til. Opprinneleg bank: Kjem med tilbod om refinansiering men kan ikkje gi meir fordelaktig lånerente. Trådstarter har rekna ut at han/ho kjem til å spare 27 000 på å gå tilbake til den oprinnelege banken. Kan prisforskjellen være at det er billegare med låneforsikring i banken der trådstarter også har låna sine enn det er å teikne ei låneforsikring med eit uavhengig forsikringsselskap? Eller ser trådstarter utelukkande på nominell rente når han/ho snakkar om å matche rentene? Det er sjølvsagt mogleg at den nye banken har gitt eit tilbod med låg nomniell rente som ser fristande ut men som i realiteten har høg effektiv rente på grunn av gebyr?
  18. I praksis vil ikkje kontraktsbrudd frå nokon av partane få andre konsekvensar enn det partane sjølv er i stand til å framtvinge. Mulige konsekvenser kan være at når krigen er over og dei russiske sanksjonane er oppheva så vil Europa nekte å kjøpe russisk gass likevel fordi det er etablert alternative energiformer og forsyningslinjer. Skulle det vise seg å være russisk sabotasje så vil det kunne føre til at Europa i framtida berre vil være villige til å kjøpe russisk gass på billigsalg fordi det er einaste måten å påsjå at eventuelle framtidige kontraktsbrudd får mindre konsekvensar. Legger forresten godt merke til at russisk argumentasjon har blitt veldig juridisk orientert, men berre når det passar Russland. Her argumenteres det for at det er imot internasjonal lov å slutte seg til sanksjonar der ein sluttar å kjøpe russisk gass slik som avtalt. Men når Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) utsetter arrestordre på Putin så går argumentasjonen på at ICC ikkje har jurisdiksjon (samt ein trussel om å skyte ein rakett mot rettsbygget i Haag). Enten må Russland anerkjenne at det finnes internasjonale og folkerettslege reglar som går på tvers av landegrensene, eller så må Russland hevde at dei er heva over internasjonal rett, dei kan ikkje hevde beskyttelse frå internasjonal lov når det passar dei og samtidig hevde at internasjonal lov ikkje gjeld i Russland. (Og ja, det er ikkje fullt så svart/kvitt, det finnes nyanser, men argumentasjonen framstår like fult som motstridande).
  19. Kva som er beste framgangsmåten vil variere utifrå lokale forhold. Korleis foregår lønnsforhandlingane vanlegvis i dette firmaet? Er det ordentlige forhandlingar med kvar enkelt? Eller er det berre ei fordeling av den summen som er satt av til lønnsendring? Er firmaet også organisert slik at det foregår forhandlingar med kvar enkelt fagforeining? Eller er det slik at det kan gå årevis mellom kvar lønnsendring til nokon slår i bordet og krever meir? Om du jobbar i eit firma der det ikkje er vanleg å ha lønnsforhandlingar utanom når enkeltpersonar tek initiativ til det så vil det lønne seg å være tidleg ute slik at du ikkje blir avspist med smulane som er igjen. Men om firmaet har rydde forhandlingar der alle dei tilsette blir vurdert samtidig så kan det nok bli oppfatta som useriøst om du prøver å kome inn frå sidelinja for å forsyne deg av lønnsmidlane før arbeidsgivar får muligheit til å vurdere alle tilsette.
  20. Det vil nok variere veldig mykje alt etter kva firma du jobbar for, og kva du kjøyrer rundt på. Det er stor forskjell på å levere pakkar og slikt mellom firma der du berre parkerar rett utanfor hovudinngangen på svære bygg og går inn og leverer til resepsjonisten, kontra å levere take-away til privatpersonar som bur i alt frå loftshyblar utan ringeklokke til langt ute på bondelandet. Det du må passe på er at du ikkje blir fanga i ein arbeidskontrakt som kan hindre deg i å finne andre jobbar. Som aktiv jobbsøkar så treng du fleksibilitet til å både møte opp på jobbintervju på kort varsel og sjølvsagt til å kunne starte i den nye jobben så raskt som råd.
  21. Om det lønner seg så er det ingen ulempe å bytte tilbake. Merk likevel at det bruker å være nokre gebyr i samband med bytte av bank som du må ha kontroll over. Fordelen med å bytte tilbake er at du demonstrerer for den gamle banken din ein vilje til å bytte bank om vilkåra blir for dårlege, så då kan det være at du slepp å oppleve at kostnadane stadig blir høgare. Det er ikkje uvanleg at du får eit godt tilbod som litt etter litt blir dårlegare og dårlegare om du ikkje stadig reforhandlar rentene dine. Å spare 27 000 er ikkje småpengar sjølv om det blir fordelt utover heile nedbetalingstida.
  22. Kunstig intelligens vil garantert kome for fullt i spelutviklinga, ikkje berre til tekstskriving men også 3D-modelering, animasjon, osv. Men i dette tilfellet så forstår eg ikkje poenget anna enn å eventuelt teste teknologien litt forsiktig. Å skrive korte setningar som kjem frå NPC-karakterar på gata, som ein skribent deretter må korrekturlese er vel ikkje den beste utnyttinga av AI? Styrken til AI er vel å veldig raskt produsere stort volum av tekst av heilt OK kvalitet? Så denne teknologien burde vel utnyttast til å generere fylltekst i spela, som avisartiklar, reklameplakatar og anna tekst der ein AI kan generere heilt greitt innhold med nokre innfletta referansar til det som foregår i spelet, men utan å måtte sette tekstforfattarar til å skrive lange tekstar som under 1% av spelarane kjem til å lese. All bruk av ny teknologi må starte ein stad, men her ser eg ikkje poenget med å sende ut pressemelding. Eg er likevel heilt sikker på at dette har komt for å bli. Tenk så kult at det nå med veldig liten innsats kan være slik at du i spel som Watch Dogs kan kjøpe ei avis på gata å lese utfyllande artiklar om det du gjorde i spelverdenen dagen før. Eller at du kan vandre inn på eit bibliotek i spelet der du kan velge ein tilfeldig roman og lese i som alle har unike AI genererte historier som ikkje bryt copyright(?) og som spelutviklaren ikkje treng å bruke særleg med tid på å få til. Seinare vil nok kombinasjonen av tekstgenerator, tekst-til-tale, og AI genererte spelkarakterar kunne gi oss uendelege sidequest som ikkje repeterer seg sjølv.
  23. Erstatningskrav mot det offentlege er i utgangspunktet heilt likt som i andre erstatningskrav. Største forskjellen er vurderinga på den rettslege vurderinga av saka, ein del offentlege etatar har heimel gjennom lov og forskrift til å gjere ting som ikkje nødvendigvis privatpersonar og private firma kan gjere. Om eg oppfattar deg rett så er det her snakk om ein offentleg etat (type mattilsynet?) som har lagt ned vedtak om å stenge firmaet. I ettertid har det kome fram at dette var ei stenging som den statlege etaten ikkje hadde heimel til å gjennomføre, og då har du sjølvsagt ein rett til å krevje erstatning for det tapet som du urettmessig har blitt påført. Kor lett det er å vinne fram med eit erstatningskrav kjem sjølvsagt heilt ann på kor klar saka er. At det har blitt gjort feil i sakshandsaminga betyr ikkje nødvendigvis at etaten også tek på seg ansvaret, det kjem heilt ann på kva som har skjedd. Om du googlar litt så finn du lett mange avisartiklar der f.eks. mattilsynet har betalt ut erstatning på bakgrunn av feil som har blitt gjort, alt frå avliving av feil dyr til det er stilt krav som mattilsynet ikkje hadde heimel til å kreve.
  24. Dei seier vel seg sjølv at utan andre sensorar enn kamera så gir det utfordringar for muligheita til sjølvkøyring? I teorien er det nok fint mulig å berre bruke kamera på same måte som av vi bruker augene til å identifisere ting i trafikken, men skal ein få til alt det som eit menneske er i stand til å registrere og vurdere med berre kamera så krev det mykje meir av oppløysing, reine kameralinser og programering. Sikkerheita er også betre ivaretatt om det blir samla inn data frå fleire kjelder. Om det berre er kameraet som skal oppdage hindringar så er det ikkje overraskande at ein får fleire fantombremsingar enn om ein har eit system der både kamera, lidar og ultralydsensorane må være einige om at det er ei fysisk hindring. Når ein uansett ikkje klarer å levere det som er lovt så forstår eg veldig godt at ein kuttar ut dyre sensorar som ikkje har gjer særleg mykje meir enn å auke produksjonskostnaden. For dei som jobbar med sjølvkøyring så er det omtrent kroken på døra for deira prosjekt om bilane sluttar å bli levert med nødvendig hardware. Det kan være mogleg å få til eit system som berre baserer seg på kamera, men det blir som å rykke tilbake til start når ein ikkje har andre sensorar å støtte seg på i tillegg. Eit anna moment er jo dette med ansvars- og erstatningsrett. Det er langt mindre risiko å levere ein bil med køyreassistanse som ikkje bremser sjølv fordi det skal sitte ein førar klar til å bremse om nødvendig, enn det er å levere ein bil som kan finne på å feiltolke tørt lauv som ei fysisk hindring og som reagerer med å bråbremse og dermed skaper farlege situasjonar. Jo meir bilen er i stand til å gjere sjølv basert på programering, jo større fare er det for at bilprodusenten kan haldast ansvarleg om teknikken ikkje fungerte som den skulle.
  25. Ofte har ein kasser på flyplassen for å sjekke om bagasjen er liten nok til å være handbagasje. det ein måler er kor mykje plass bagasjen står, så om det er hjul eller handtak som stikk ut så skal også disse utstikkande tinga være med når ein måler. Det sagt så er det ikkje det mest problematiske å gå 1 cm over i lengderetning, om du er den einaste som har litt for lang bagasje så får alle plass i hattehylla likevel sidan det vanlegvis er litt slingringsrom. Det er likevel ein risiko å ta ettersom det ved kontrollmåling fort blir oppdaga at kofferten er for stor. Dei som jobbar dagleg med bagasje lærer seg også fort å kjenne dimensjonane på ulike merker så om du kjøper denne kofferten på OBS så vil nok dei tilsette fort sjå at der kjem det ein passasjer "Kepler Havana" koffert som er 1 cm for lang. Det du risikerer er at du må sjekke inn kofferten og kanskje betale eit bagasjegebyr alt etter kva billett du reiser på. Merk også at det vanlegvis ikkje er nok bagasjehylleplass til at alle passasjerane kan ha med seg handbagasje på maksmåla, så sjølv om du er nøye med måla på din eigen bagasje så kan du oppleve at du likevel ikkje får plass til bagsjen din inne i kabinen.
×
×
  • Opprett ny...