Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Heil einig. Største utfordringa for journalistyrket i dag er nok at det er svært mykje klipp og lim enten frå NTB og tilsvarande organisasjonar, eller regelrett saker som er saksa rett frå ein konkurrerande redaksjon. Det finnes heldigvis fortsatt god undersøkande og kritisk journalistikk, men dette druknar dessverre i mengden av søppel og click bait. Det at dei få journalistane som fortsatt bedriver ordentlig journalistarbeid utelukkande publiserer arbeidet sitt bak betalingsmurar er også ein skummel trend for framtidig nyheitsformidling. Eg forstår at når eit titals journalistar har jobba i vekesvis med å gjere research så ønsker ein å få betalt for arbeidet. Problemet med betalingsmur er at dei einaste som betalar for å lese slike nyheiter er dei som alt har interesse for slikt, så då forsvinn mykje av folkeopplysninga sidan den viktige djuptgåande journalistikken blir gjort utilgjengeleg. Då blir det slik at vanlige folk som treng hjelp til å få forklart konteksten til ei nyheitssak berre får lese overskriftene, og vil dei ha meir opplysningar så vender dei seg til kva influensere og andre kjendisar har å meine om saka ettersom dei publiserer sine meiningar på opne plattformer der kven som helst kan lese det. Min dystre spådom er at heile journalistyrket kjem til å forsvinne fordi ingen er villige til å betale for arbeidet. Gode nyanserte nyheitssaker er ikkje noko som folk flest trur dei treng, folket vil stort sett berre ha underholdninga. Ikkje er det ei spesielt god løysing å betale journalistar over skatteseddelen heller då dette skapar eit avhengigheitsforhold mellom journalistar og politikarar som er med på hindre fri og kritisk journalistikk. Det kan være at det er den vegen vi må gå om vi skal ha journalistar i framtida, men ei slik ordning vil berre fungere så lenge vi har tillit til styresmaktene, og tillit til at styringsmaktene vel aldri vil true med å kutte inntekta til redaksjonar som stiller styresmaktene til ansvar når det blir gjort feil?
  2. Om det berre er lydisolering du ser etter så vil dette typisk være dører som er lettare og billegare enn branndører. Enkelt forklart så er bpde brann- og lydisolerte dører godt isolerte, men branndører må i tillegg være ubrennbare medan dører som er isolert for lyd eller varme kan byggast med alt frå isopor til steinull. Når er leilegheita bygd? Er det ventilasjonsforhold som du må ta høgde for når du bytter dør? Eit billeg og enkelt fyrstesteg kan være å montere tettelist rundt dørkarmen, du kan til og med montere lydisolerande plate på dørbladet, til dømes gipsplate eller lydabsorberande plate.
  3. Det kjem ann på. Det fyrste du må sjekke er om du har vanlige innerdører som du får kjøpt i butikk, så mål dørene i alle dimensjonar og sjekk om du finn like dørblad i butikk. Deretter er det eit spørsmål om plasseringa av hengslene. Mange dørblad har ferdige punkt for å monterr hengslene, men du kan også kjøpe dørblad utan hengsler som du kan tilpasse sjølv. Merk at dersom du må til å frese ut dørbladet for å montere hengsler så er du ikkje veldig langt unna at du kan nesten like gjerne montere ny dørkarm også.
  4. Men når du lar deg lure fordi det høyres truverdig ut, er det då ein god aprilspøk? At nokon seier opp jobben sin i månedskiftet er ikkje så usannsynleg, så hintet der til at det var ein spøk er at at det er uvanleg at redaktør og eigar av ei avis seier opp jobben utan å også informere om kva som skjer med selskapet. Uansett så er det forskjell på å bli servert usannheiter og på å bli lurt. At det skjer ting i starten av andre kvartal er ikkje så uvanleg, blant anna er det ulike lover som trer i kraft: https://lovdata.no/artikkel/lover_i_kraft_1__april_2023/4354
  5. Eit anna moment er også at gode aprilspøker er mykje vanskeligare å få til når folk flest er langt meir opplyste. Dei aprilspøkane som klarer å lure flest er også dei aprilspøkane som er så realistiske at det like gjerne kunne vært sant. Å spøke med at kommunen vil sette opp eigedomsskatten, at vegvesenet advarer mot glatte vegar, eller at win blogger kan melde om at ho er gravid er ikkje særleg gode aprilspøkar. Spøkar om at spagetti veks på trær, at TV-en må pakkast inn i aluminiumsfolie for å unngå TV-lisens, eller at vin-tønna på vinmonopolet er lekk og folk må kome med bøtter, er gode spøkar som ingen går på lengre. Dei beste aprilspøkane i dag er eigentleg spøkane der ein tek det meir som ein merkedag og gjer noko gøy akkurat denne dagen. Som når Google maps hadde ein PacMan knapp slik at ein kunne spele PacMan i kartet, at ein skifter farger på heimesida denne dagen, eller at baker bollene sine med smilefjes i staden for kjedelige glatte bollar. Slike spøkar krev nok litt for mykje arbeid til at det blir prioritert å bruke tid på det.
  6. The Avatar

    Mistet bankkort

    I dag når dei fleste tenester brukar bank-ID og tofaktor så er det ikkje like lett å begå ID-tyveri direkte ved å bruke opplysningane til å ta opp forbrukslån og liknande. Den største umiddelbare faren er som fleire har påpeikt at ein kan bruke kontaktlaus betaling utan PIN. Er totalbeløpet under 500 kr så kan ein handle ganske mykje før ein må taste PIN-kode. Eg trur ikkje spesifikasjonane er offentlege, men det ser ut til å være styrt av ein algoritme som både har eit vilkårleg element, men eg har også inntrykk av at eg oftare blir bedt om PIN når eg handlar i butikkar som eg vanlegvis ikkje handlar i, så kanskje det også blir tatt ein sjekk opp mot tidlegare handlemønster? Ein anna grunn til at det fort kan være eit utfordring med uautorisert bruk av kontaktlaus betaling utan PIN er at det er svært enkelt å svindle til seg pengar på denne måten sidan det ikkje krever noko som helst av svindlaren utanom fysisk tilgang til betalingskortet. Meir omfattande ID-tyveri er mindre sannsynleg, men for dei som har til hensikt å svindle deg så er eit fysisk ID-kort fyrste steg på vegen. Ein kan til dømes bruke kortet til å lure ein bankkonsulent til at svindlaren er den som eig kortet, og dermed kan få bankkonsulenten til logge seg inn på kontoen for å flytte pengar, endre postadresse og bestille nytt kort heim til svindlaren, osv. Personnummeret er ikkje hemmeleg lengre. Det er ganske mange i Norge som har yrker der dei har direkte tilgang til å søke opp personnummer, og kriminelle kan i stort grad kjøpe seg tilgang til slike lister. Det er likevel lettare å gjere litt meir ugagn når ein i tillegg til fødselsnummeret og kontonummeret også har eit fysisk ID-kort som ikkje er utløpt på dato.
  7. Ja det kan du då, det einaste du må sjekke i tillegg er at hytta er tildelt adresse. Det er ikkje alle kommuner som er heilt i mål med å tildele gatenamn og nummer på hytter.
  8. Legar, tannlegar, prestar, juristar, osv. Det er altså personar med høg utdanning som forsvaret har bruk for til å utføre jobben sin. Det er altså litt same ordninga som når forsvaret sett dei som har fagbrev til å utføre yrket sitt under fyrstegongstenesta, til dømes at den med kokkeutdanning får teneste som kokk, bilmekanikarar får teneste på køyretøyverkstedet, osv. For kvifor skal forsvaret tilsette personar med rett utdanning og tilby dei vanleg lønn når forsvaret kan pålegge militærteneste og betale med lommerusk og mat.
  9. Ein viktig grunn til at det fortsatt er krangling er at premissane og rammen rundt det ein diskuterer endrer seg i kvar einaste debatt, fordi ingen sitt med heilt den same oppfattinga av kva endringar og variasjonar som er innafor, og kva endringar og variasjonar som er heilt krise.
  10. Isolert sett er eg einig, men grensa er utydeleg mellom å berre være husmor og det å være med å legge til rette for at ektemannen er både varm og mett i tillegg til å være topp motivert for å gå ut for å utføre terroraksjonar. Det dei tidlegare sakene har dreia seg om har i stor grad vært om ein kan bevise at disse IS-kvinnene også har oppfordra og rekuttert terroristar, samt om dei har gitt økonomisk eller anna materiell støtte til terrororganisasjonen, eller om ein skal tru kvinnene på at dei berre har vært passive husmødre som berre har gitt sine terror-ektemenn moralsk støtte, for moralsk støtte er ikkje ulovleg.
  11. Paragrafen om deltaking i terrororganisasjon kom i 2013, og paragreden om reise med terrorformål kom i 2019. Så dei kan ikkje dømmast for det som skjedde før paragrafen trådde i kraft (då må det brukast andre paragrafar), men dei kan fint straffast for å ha fortsatt å delta i ein terrororganisasjon i tida etter paragrafen trådde i kraft. Straffeloven gjeld for alle norske statsborgarar også i utlandet om det også er ulovleg i landet lovbrotet skjedde, men straffelova gjeld også om lovbrotet er alvorleg nok sjølv om det er lovleg i landet lovbrotet skjedde, til dømes ved krigsforbrytingar, terror, kjønnslemlesting, sexkjøp, osv.
  12. Den viktigaste grunnen til at dei får returnere til Norge er barna. I tillegg så hevder søstrene seg lurt og offer for menneskehandel, og sjølv om andre IS kvinner ikkje har blitt trudd på dette og har blitt dømt så har også desse søstrene rett til å få sin sak prøvd for retten. På grunn av at dei berre var 16 og 19 år så er det sjølvsagt grunnlag for å hevde at dei ikkje forstod omfanget av valget dei gjorde. Dette betyr ikkje at dei er uskuldige, men det kan være ein del av eit større bilde. I dette tilfellet så er det snakk om barn av norske statsborgarar der både mor og far har norsk statsborgarskap. Dette er barn som ikkje har fått norsk statsborgarskap men som oppfyller vilkåra for å kunne få det om dei ønsker. Hadde foreldra ikkje reist ut for å bli med i IS så kunne barna like gjerne blitt født i Norge og då hadde dei vært norske statsborgarar. Eg er forøvrig einig i at dette ikkje er saker der det er heilt svart/kvitt. Det er utvilsomt at det er foreldra sin skuld at barna har blitt født i utlandet og veks opp i ein leir med tidlegare IS-krigarar. Samtidig er barna heilt uskuldige i dette valget, og barna har i tillegg norske besteforeldre og anna slekt i Norge. Hadde vi latt IS-kvinnene råtne i fangeleiren som dei sjølv har oppsøkt så rammar det meir enn IS-kvinnene sjølv, samtidig så er har eg betenkelegheiter med at norske myndigheiter tillater ein retur til Norge av omsyn til barna som etter det norske regelverket ikkje er norske statsborgarar. Saka hadde for meg vært langt enklare om vi hadde eit regelverk som seier at barn av norske statsborgarar også skal få statsborgarskap. I dag er det vel slik at barn av norske statsborgarar berre får norsk statsborgarskap om dei også har budd fleire år i Norge. Det kan nok være betimeleg å spørre seg om kvifor disse barna av norske statsborgarar må hentast heim til Norge fordi dei lever under dårlege forhold medan andre barn av norske statsborgarar veks opp i fattigdom andre stadar i verden utan å bli henta til Norge. Den store forskjellen som har skjedd i nyare tid er at dei har blitt flytta frå Al Hol-leiren til Roj-leiren som har etter det eg forstår dårlegare vilkår og strengare disiplin. Så dei har nok innsett at ein frivillig retur til Norge der det viser seg at dei risikerer 1-2 år med fengsel før dei blir slept fri er eit betre alternativ enn bu på ubestemt tid i det som i praksis er ein fengselsleir under kummerlege forhold. Når det gjeld det meir overordna spørsmålet om kor lurt det er å tillate ein retur til Norge så tenkjer eg at det kjem veldig ann på kva oppfølging og konsekvensar dei får i Norge. Det er nok utvilsomt at disse døtrene hadde blitt radikalisert og gifta bort slik som mødrene om dei hadde blitt buande i Syria, får barna vekse opp og får norsk skulegang så er det langt større sjangs for at dei får vekse opp til å bli gode samfunnsborgarar. Det er likevel også heilt klart at barna uansett risikerer radikalisering, særleg om mødrene i åra som kjem fritt frå fortelle barna løgner om kor bra det var i IS og kor dumme og urettferdige vesten var mor dei. Om dette får skje så ender vi opp med radikaliserte barn som i tillegg til radikaliseringa har fått kunnskap og ressursar gjennom å vekse opp i Norge til slutte seg til terrororganisasjonar i framtida. Sånn sett hadde det vært mindre "farleg" for Norge om barn og foreldre hadde forblitt i Syria, for sjølv om dei kanskje veks opp til å bli IS-terroristar så er dei for langt unna Norge til å kunne gjere noko nemneverdig skade mot oss.
  13. Regress er at forsikringsselskapet krever at du som selger betalar det som forsikringsselskapet har måtte betale ut i erstatning til ny kjøper. Forsikringsselskapet forutsetter også at du har opplyst om alle forhold som du veit om. Hadde du gått til forsikringsselskapet for å kjøpe forsikring og fortell at du har oppdaga vasslekkasjar og andre feil som du ikkje har opplyst om til ny kjøpar så hadde du enten ikkje fått kjøpe forsikring i det heile tatt eller du måtte ha betalt mykje mykje meir for forsikringa.
  14. I denne saka så er det vel så enkelt som at du opplyser om dei feila du kjenner til, og at du samtidig nemner at dette er skadar på ting som ligg utanfor leilegheita og at burettslaget er satt på saka for å ordne opp? For ny kjøper burde det være ei relativt grei. Slik som eg forstår deg så er det ikkje eit akutt behov for å utbetre, men då må gjerast på eit eller anna tidspunkt. For ny kjøper så er det er tryggheit i at dette er ei aktiv sak som burettslaget jobbar med ettersom ny kjøpar då uansett ikkje risikerer å måtte dekke dette sjølv. Hadde dette vært fuktskader inne i sjølve leilegheita så ville ny kjøper vært nødt til å reklamere mot deg som selgar for å ikkje miste moglegheita til å kreve erstatning. Det er nok mange som har kjøpt leilegheit i blokk med beskjed om at ein eller anna gong i framtida så må taket byttast eller fasaden malast. Dette er ei stor utgift som kan føre til høgare fellesutgifter, men samtidig er det vanlegvis arbeid som kan planleggast i årevis før arbeidet tek til, og som kan nedbetalast over ei like lang periode slik at den opplevde kostnaden blir ganske liten når det berre medfører ein mindre aukning av fellesutgiftene for alle i burettslaget. Sjølv om denne saka ligg på burettslaget så må du likevel opplyse om det du veit slik at du ikkje risikerer å måtte betale erstatning dersom disse feila får meir direkte konsekvens for sjølve andelen som du skal selge.
  15. Angåande papiraviser så blir dei dei fleste stadar levert av eigne bud som ikkje er posten, noko som ytterlegare fører til mindre behov for ordinær postutkøyring. For utplassering av postkasser så er dette regulert av postloven. Det fyrste kravet er altså at det er heilårsbustad eller næringseigedomar som skal ha postkasse for mottak av post, og posten som leveringspliktig tilbydar kan anmode (i praksis kreve) at postkassa blir satt opp på ein stad som er praktisk for posten. Så kan posten levere post til fritidseigedommar og liknande, men det forutsetter at fritidseigedommen ligg langs den ordinære ruta som posten uansett køyrer. Dei fleste fritidseigedommar ligg utanfor områder som er regulert for heilårsbustdar og næring, så ein hytteeigar vil då måtte få på plass ein avtale med posten. I praksis er nok den mest vanlege løysinga at det blir satt opp postkassestativ ved avkøyringa frå hovudvegen som leier til hyttefeltet, eller at ein får beskjed om å opprette postkasse på nærmaste postkontor/post i butikk.
  16. Dette kjem sjølvsagt heilt ann på kva du har av ferdigheiter og interesser. Eg kan starte med å tipse deg om frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Det er mange som har behov for frivillige og dette vil typisk være arbeid som både er meiningsfylt og sosialt, og som i tillegg får deg ut av huset. Du treng ikkje nødvendigvis å melde seg som trener for det lokale småjentelaget, du kan fint starte med langt mindre forpliktande arbeid som å melde deg som frivillig på eit idretts- eller kulturarrangement. Dei fleste kommunar har ein frivilligheitssentral som du kan få informasjon frå. I tillegg kan du sjølvsagt ta steget heilt ut og melde deg inn i ein organisasjon enten det er røde kors, frelsesarmeen, eller Oslo badstuforening om det er det som interesserer deg mest. Hobbyar tenker eg det er heilt håplaust å skulle anbefale då det er veldig avhengig av dine interesser, og du veit nok sjølv best om du vil starte å spele tennis eller begynne å samle på serviettar. Når det gjeld jobb så er det mest realistisk med jobb som tilkallingsvikar eller tilsvarande der du fritt kan takke ja eller nei til vakter. Det kan være vanskeleg å finne noko som er meir fast når du jobber turnus ettersom din viktigaste forplikting er til hovudarbeidsgivaren. Typiske jobbar som kan passe vil då være same type jobbar som mange skuleungdommar skaffar seg, butikkjobb, budbilsjåfør, osv. Eg ville nok ikkje starta eiga bedrift utan at du har ein heilt spesiell plan og foretningsidé ettersom det fort krev meir tid enn du har til rådigheit å skulle drifte ei bedrift.
  17. Dette skal eigentleg ikkje ha betydning, men det er klart at når du har tatt kontakt så er du sjølvsagt på radaren slik at terskelen for å kalle inn akkurat deg har blitt lavare.
  18. Då er det berre å stå hardt på at du ikkje ønsker pengane tilbake, du ønsker å bruke gåvekortet som avtalt. Så då kan han berre opprette nytt ENK, kjøpe seg eit småbruk og tilby deg den tenesten du har rett på å få levert. Eller han kan gjere det litt enkelt for seg sjølv å innrømme at han ikkje lenger er i stand til å tilby tenesten som han har solgt deg og tilby heving slik at du får pengane tilbake. Dette er ein av dei store ulempane med å drive ENK, krava mot ENK forsvinn ikkje sjølv om ENK blir nedlagt eller går konkurs, då går kravet berre over på personen som hadde ENK. Reint praktisk er det eit spørsmål om det er verdt å arbeidet med å kreve inn pengane. Forliksrådet er fyrste steg, og sjølv om det kostar litt over tusenlappen så er dette noko du kan ta inn i kravet slik at du krever både 2000 kr i erstatning for gåvekortet som du ikkje lenger får brukt pluss dei 1243 kr som det kostar å ta saka til forliksrådet. Det er mykje å betale for å kreve inn ein relativt liten sum, men samtidig så gjeld dette begge vegar. Du har eit legitimt krav, og du har dokumentasjon på kravet ditt, så om du tek dette til forliksrådet så vil du mest sannsynleg vinne fram. For han som solgt deg gåvekortet så er då spørsmålet om han vil betale 2000 kr eller 3243 kr, og i litt mindre grad så er det eit spørsmål om du er villig til å bruke 1243 kr på å kreve inn dei 2000 kr som du har krav på. Største hinderet for kva som er fornuftig å gjere er strengt tatt om du gidder å bruke tid på dette eller ikkje. Det tek uansett veldig lite tid å sende vedkommande eit brev med krav om heving og tilbakebetaling av 2000 kr innan ein rimeleg tidsfrist, samt at du varslar at du kjem til å ta saka til forliksrådet med krav om heving og dekking av rettsgebyr. Då er det ikkje utenkeleg at du får pengane utan at du treng å gjere noko meir, for det er nok langt meir mas enn det er verdt for han enn det er å måtte møte opp i forliksrådet, bli dømt og at det kanskjer ender opp med at namsmannen sender brev til arbeidsgjevaren hans om tvangstrekk av lønna for å dekke gjeld.
  19. Kan ikkje sjå at det ligg noko forarbeid eller veiledning til forskrifta heller. Einaste eg kan sjå som kan være aktuelt å krangle på er at det i § 46 står at vernepliktige akademikere bør innkallast snarast mogleg etter at den sivile utdanninga er fullført. Om det er ei stund sidan du vart ferdig med utdanninga så kan ein start være å be om ei grunngjeving for kvifor ein velger å ta deg inn no til tross for at forskrifta seier at du burde vært innkalla rett etter utdanninga var ferdig.
  20. Det er heilt klart at sollyset er av betydning, men dette er eigentleg heilt uavhengig av kva som står på klokka. Dei aller fleste prøver i dag å tilpasse seg både klokka og sollyset. Når vi stiller klokka så er det dei aller færraste som tek det veldig enkelt å være våken ein time lengre og sove ein time lengre om morgonen, for dei fleste blir det ein overgangsperiode der dei går til sengs når dei er trøtte om kvelden og så våkner dei litt tidlegare om morgonen og må velge om dei skal ligge å vri seg i senga og vente til at klokka er der eller om ein berre skal stå opp ein time tidlegare slik som den innebygde døgnrytma vil. Tilsvarande er det med sollyset, det er ingen i Norge som bur slik til at ein legg seg når sola går ned og står opp med sola, særleg i nordnorge så går ein ikkje i dvale gjennom heile vinteren og jobbar døgnet rundt om sommaren berre fordi det er lyst. Kva klokka er, og kva tidspunktet betyr er 100% politikk og sedvane. Vi kan heilt utan problem definere at dagen startar om morgonen kl 08, men at vi kallar det 00:00, så jobbar vi i 8 timar til klokka er 08:00, er våkne i 8 timar til det er leggetid kl 16:00 og så søv til kl 00:00 igjen (dei fleste må nok stå opp ein time tidlegare og må stå opp kl 23, men prinsippet er det same). Også med ei slik løysing vil ein i all hovudsak følgje sollyset sjølv om lysnivået på morgon og kveld vil variere gjennom året. Eg trur nok at ein kjem til å skje. Jobber ein ute om hausten og er avhengig av at det er lyst for å starte arbeidet så gir det jo mykje meir meining at ein berre bestemmer seg for å starte arbeidet 5 min tidlegare kvar dag og la sollyset bestemme når arbeidsdagen startar, enn det er å sitte å vente i mørket til heile Norge stiller klokka. Jobbar du ute så er du styrt av lyset ikkje av tala som står på klokka. Den store forskjellen er uansett at dersom vi har lik tid heile tida så blir det opp til kvar enkelt skule eller arbeidsplass å velge når ein vil ha opningstider. I dag velger skulane, eller rettar sagt fylkeskommunen sjølv om dei skal ha vinterferie i veke 8 eller 9, det er ingenting anna enn rein politikk som tilseier at fyrste undervisningstime skal starte kl 08:10, 08:25 eller 08:45. I dag er den viktigaste grunnen til når fyrste undervisningstime startar knytt opp mot skuleskyssordninga og når fylket ønsker at fyrste skulebussen i regionen skal starte. Mange arbeidsplassar har alt i dag ein slik fleksibilitet ved at ein har innført fleksitid der arbeidstakaren i større eller mindre grad kan velge når dei vil starte å jobbe. Ei slik fleksibel ordning er sjølvsagt meir utfordrande for butikkar og kontor som har faste opningstider, men også her har det blitt meir og meir vanleg å skille mellom arbeidstid og opningstid slik at ein ikkje opner for publikum før litt lengre ut på formiddagen. Mange bankar har i dag opningstid frå 10 til 15 sjølv om dei tilsette har vanleg 8 timars arbeidsdag. Det er ingenting i vegen for at ikkje daglegvarebutikken kan bestemme seg for å gjere det same. Det finnes arbeidsoppgåver som kan utførast uavhengig av om det er kundar inne i butikken eller ikkje.
  21. Det er handtverkaren som er den profesjonelle parten og som har ansvaret for at kunden både veit kva som er bestilt. I tillegg har handtverkaren eit ansvar for å fråråde arbeid. Det er heilt rett at der pris ikkje er avtalt så tek ein utgangspunkt i gjengs pris, men det er likevel ein føresetnad at partane er einige i kva jobb som skal utførast. Her har elektrikaren i beste fall vært utydeleg på kor omfattande denne tilleggstenesta var. Om trådstarters versjon stemmer så er det likevel mest sannsynleg at elektrikaren bevist har unngått å gi kunden dei opplysningane som kunden måtte rekne med å få om jobben. Eg baserer det særleg på at det var gitt eit prisoverslag på kva netteigar ville kunne kreve, og deretter var det opplyst om at elektrikaren måtte koble ein kabel. Om det då hadde blitt fakturert for 4 timars arbeid så ville nok det isolert sett vært innafor det kunden måtte rekne med når han gir elektrikaren aksept for å utføre arbeidet. Men eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å hevde at kunden måtte ha forstått at det også blir 7500 kr i materiell. Når elektrikaren seier *koble ein kabel" så er det vel rimeleg å anta at kabelen alt var tilgjengeleg for å koble, ikkje at kunden måtte kjøpe ein kabel, overspenningsvern og overlastvern for mange tusen. Attpåtil så er det grunnlag for å spørje seg om ikkje handtverkaren også har brote plikta til å frårå arbeid når kunden blir tilbode oppgradering til trefase. Om dette arbeidet er til rimeleg nytte for forbrukaren sett opp mot kostnaden kan strengt tatt diskuterast, og særleg når kunden ikkje sjølv har forstått kva som er fordelane og ulempane med å montere trefase. Dette i seg sjølv gir grunnlag for at dette er ekstraarbeid som elektrikaren etter håndtverkertjenesteloven ikkje kan ta betalt for. Det kan ikkje være mange elbilistar med heimelading som har så stort ladebehov at det er hensiktsmessig å betale ekstra for å etablere trefase, og å betale ekstra for å lade med slik ekstra høg effekt. Det finnes sikkert enkelte som ikkje kjem heim før etter kl 23 og som må ha fullada elbil til kl 7 om morgonen koste kva det koste vil, men dette er nok forholdsvis uvanleg behov. Og for all del, det er mange som har investert i "hurtigladar" i eiga garasje, men det er nok ikkje så mange som hadde gjort det om dei fekk gode elektrofaglege råd om å vurdere kost/nytte.
  22. Tenker også at ein litt meir forsiktig endring er mest fornuftig, kanskje særleg med tanke på at du har to små barn som du helst bør skåne for store og plutselege endringar. Hadde eg vært i din situasjon så ville eg starta med ei "vår reingjering". Start med å rydde der du køyrer alt skrotet på dynga og alt du ikkje treng til gjenbruk. Berre det å kvitte seg med "kjekt å ha" tinga vil nok gjere det vesentleg meir oversiktleg. Når du har fått rydda unna så kan du ta ei ny vurdering på om du også vil kjøpe ny bustad, sidan du alt har kvitta deg med ein del ting vil du også ha betre oversikt på kor liten bustad du kan ha før det blir for lite. Sjølve flytteprosessen vil også være mykje enklare når du har mindre ting å flytte rundt på. Å nedskalere bustaden bør være eit litt langsiktig prosjekt. Fordelen no når du har stort hus er at du har ein bra bustad og du har det derfor ikkje travelt. Du bør derfor bruke tida til å finne noko som er fornuftig både i dag og i framtida. Om motivet er vel så mykje å gjere livet enklare blant anna med å sleppe vedlikeholdsarbeid så kan du også vurdere å bruke litt ekstra pengar på å investere i ei leilegheit som har såpass til standard at det også blir ein bra pensjonistbustad. Kanskje du skal sjå etter ei leilegheit som både har heis og lite vedlikeholdsbehov? Eller tenker du å bytte bustad igjen når barna blir voksne og flytter ut? Tilsvarande med bil, fekk ikkje heilt taket på kva bil du har no men forstod det slik at du har ein Tesla X? Denne bilen har du alt tatt verditapet på, så det er det nok langt meir fornuftig at du venter til det er på tide å bytte ut bilen med å kjøpe ein enda mindre og billegare bil. Å skulle selge bilen berre for kjøpe ein ny av reint prinsipp medfører berre at du kaster vekk enda meir pengar på bil. Og heilt på tampen; ikkje gå heilt over styr med å kaste alt for mykje. Sjølv om du har pengar i banken og kan kjøpe nye ting ved behov så er det fornuftig å ha eit vist "beredskapslager" for ting som du kan få behov for og som ikkje nødvendigvis er så lett å skaffe i full fart om behovet oppstår. Banalt eksempel men ikkje kast heile vintergarderoben berre fordi det går mot vår., Alle i familien treng ikkje 8 vinterjakker kvar, men alle må ha minst ei vinterjakke av ein kvalitet som er god nok til å vare minst ein vinter til.
  23. For min del må ein gjerne droppe sommartida og berre ha normaltid/vintertid heile året. Forskjellen er for liten til å utgjere særleg med forskjell uansett, og virkninga går fort over. Fordelane med å ha fast døgnrytme, kanskje særleg for barn og dyr som ikkje forstår at vi har justert klokka er nok langt større enn ulempane. Eg meinar bestemt at dersom vi skal ha sommar og vintertid og samtidig hente effekten ut av klokkestillinga så burde vi justere berre 15 min om gangen, og vi tidsforskjellen mellom sommar og vintertid bør utgjere minst 2 timar samla sett slik at forskjellen både blir gradvis og av betydning over litt tid. Slik som det er nå så går det ikkje mange vekene om hausten før det uansett er mørkt om morgonane igjen. Eg tenkjer også at det burde være relativt uproblematisk for Norge å berre bestemme oss utan å ha med EU på å gjere det same. Det er ikkje mykje meir komplisert å måtte stille klokka til "europeisk tid" når vi reiser til Spania i sommarferien enn det er i dag å reise til UK og stille klokka til GMT. Og sjølv om det ikkje er eit spesielt viktig argument så er det også slik at det meste av klokker stiller seg automatisk, dagens barn og unge har ikkje noko forhold til å "stille klokka", dei merker berre at klokka har justert seg sjølv i løpet av natta. Hadde det vært kjempeproblematisk å forholde seg til ulike tidssoner så hadde det vært problematisk å reise austover eller vestover inn i andre tidssoner. Sånn sett må det vel være eit mykje større problem at vi i Europa har sommartid mellom siste søndagen i mars til siste søndagen i oktober, medan dei i USA også har sommartid men då mellom den andre søndagen i mars og den fyrste søndagen i november. Så sjølv om det er sommartid på begge kontinenta så er vi i usynk i to veker i mars og ei veke i november, det må vel ha ført til langt meir utfordringar for alt frå teams-møter til bestilling av flybillettar, enn utfordringane vi potensielt får dersom Norge har lik tid heile året.
  24. 1. Dersom du har firmabil, altså bil som du også brukar privat så blir 30% av bilens listepris opp til 338 800, og 20% av verdien over dette innrapportert som eit lønnsgode som du då betalar skatt av. Så med bil til 500 000 så betyr det som du sjølv har funne ut at du må betale skatt som om du hadde hatt 133 880 kr meir i lønn. Merk at eit alternativ kan være at du har firmabil, altså at arbeidsgiver kjøper ein bil som du kan bruke i jobbsamanheng men som du ikkje kan bruke privat og som du som hovudregel må parkere på arbeidsplassen ved arbeidsdagens slutt. Har du firmabil så er ikkje dette eit gode og dermed betalar du heller ikkje skatt. Dette er særleg aktuelt om du eigentleg ikkje treng bil privat eller dersom du privat kan klare deg med ein langt billegare bil. Eit tredje alternativ til firmabil kan være at du stiller med privatbilen din og har ein eigen avtale om kompensasjon for dette. Mange bedrifter følger statens reiseregulativ som betyr at du får kilometergodtgjersle etter faste satsar pluss nokre tusenlappar i året (opp til 15 300 kr i året alt etter køyrelengde) for å stille bilen disponibel. Ulempen med ei slik avtale er at du sjølv er ansvarleg for å stille med bil når det trengs, så det kan bety at ei bilforsikring som inkluderer leigebil ved motorstans og liknande kan være nødvendig. 2. Godene varierer svært mykje. Det som eg vil kommentere er at dersom du får fast lønn i betydninga av at du ikkje får betalt for arbeidstida du legg ned så må du være særleg merksam på at du fort ender opp med å investere fleire timar enn du får lønn for. Det er ikkje alle som praktiserer at reisetid er lønna arbeidstid, så du kan ende opp i situasjonar der du er forventa å både bruke mange timar på å reise og deretter jobbe 8 timar. Jobbar du jamt over 12 timars arbeidsdagar inkludert reisetida så vil ikkje 700 000 kr i året være særleg godt betalt lengre. I ein slik reisejobb vil det være heilt naturleg at arbeidsgivar dekker mobiltelefon og abonnement sidan det nok er behov for å få tak i deg når du ikkje er på kontoret. Merk at her er det også nokre skattereglar for ekom-tenester, reglane er heldigvis enkle så for dei fleste så betalar ein 366 kr i ekstra skatt per månad uavhengig av kva telefon/abonnement du har når du også kan bruke mobiltelefonen privat. Også her bør du merke deg at det kan være aktuelt for deg å kreve å få ha ein rein jobbtelefon som du brukar i jobbsamanheng. Då vil du ikkje måtte skatte ekstra men du må sjølvsagt ha privat mobiltelefon i tillegg. Eventuelle andre frynsegoder vil variere alt etter som, det er ikkje lenger veldig vanleg med masse frynsegoder, så det meste vil nok være diverse småting som ikkje er spesielt avgjerande. Det vanlegaste frynsegodet er kanskje gratis kaffe på kontoret. I tillegg vil du nok tene deg opp litt bonuspoeng på reiser og hotellovernatting, merk at også dette er ein skattepliktig fordel som du må oppgi til skatteetaten. 3. Også når det gjeld mat og overnatting er det ulike løysingar, men det definitivt vanlegaste er at du bestiller hotellovernatting og fakturer arbeidsgivar, enten direkte eller ved å levere reiseregning med kvittering på at du har lagt ut for overnattinga. Enkelte har også ei avtale der du får ein fast sum pr overnatting slik at det blir opp til deg om du tek inn på hotell, ein billeg campingplass, eller at du søv på sofaen til venner/famile. Når det gjeld mat så følgjer dei aller fleste statsens diettsatsar på reiserekninga sidan dette er både enkelt og summane blir jamleg oppdatert. Det er også mogleg å ete på rekning, altså at du kjøper/bestiller mat og legger ved kvittering slik at du får igjen det maten kosta deg. Skattedirektoratet har eigne satsar for skattefrie satsar, du kan f.eks. få refundert opp til 634 kr per døgn for hotellovernatting eller 400 kr for dagdiett over 12 timar, kr 3,50 per køyrte km, osv. Følger du statens reiseregulativ så vil ein stort sett få utbetalt litt større summar, då er det overskytande beløpet skattepliktig. Etter statens reiseregulativ så er til dømes kilometergodtgjersla 4,48 kr pr km, med fråtrekk på 3,50 kr som er skattefri så betyr det at om du følgjer ei slik avtale så må du skatte for dei 98 øre pr km som du får over det skattefrie beløpet. 4. Det er i alle fall vanleg at ein har ordningar for framtidig lønnsregulering. Helst bør det være eit forholdsvis fast tidspunkt på året der du får forhandle enten individuelt eller via ei fagforeining slik at du får argumentere med kvifor du skal ha meir lønn, men det er nok også ein del stadar der sjefen med ujamne mellomrom berre annonserer at no har du fått ei lønnsregulering. Eg tenkjer at det uansett er heilt innafor å snakke med sjefen om kva du kan rekne med om du takkar ja til jobben, svaret du får vil også seie svært mykje om kor profesjonelt og strukturert arbeidsgivaren jobbar med lønn og arbeidsforhold. Særleg med den prisstiginga som vi har og nok kjem til å fortsette å ha i samfunnet forøvrig så vil det nok være heilt uholdbart om du risikerer å gå fleire år utan å få lønnsjustering.
  25. Du treng ikkje oppgi grunn, det er nok å skrive at du seier opp stillinga, legg gjerne til kva du anser som siste arbeidsdag. Om du absolutt vil oppgi ein grunn så er det vanlegaste at ein har fått ei ny spennande stilling, at ein vil prøve noko nytt, eller at du skal flytte.
×
×
  • Opprett ny...