Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ja det ligg nok heilt i tråd med Telenors mobilsatsing der dei latar som at forbrukarane er ute etter 5G og anna rask dataoverføring på mobiltelefonen når det dei fleste eigentleg vil ha er nok data til ein fornuftig pris slik at ein kan bruke mobiltelefonen som vanleg overalt. Det er heilt sikkert ikkje mange forbrukarar som synes at det viktigaste med eit mobilabonnement er at ein skal kunne bruke opp heile månedskvota på 3GB om ein er uheldig og sett på ein 4K stream i 30 sekund utan å være på wifi. Det folk vil ha er muligheita til å sjå nokre timar på stream per dag på bussen og liknande i heilt OK oppløysing på ein liten mobilskjerm utan at det koster skjorta.
  2. Det vil nok garantert være mange som betalar for å sleppe styret det er med å bytte over til ei anna epostadresse og så oppdatere alle typer tenester med den nye epostadressa. Problemet er nok at det vil være veldig krevande å få nye kundar som ser verdien i å betale for eit telenor-domene framfor eit av dei mange gratisalternativa. Mistenker at Telenor gjer dette for å etterkvart kunne fase ut heile eposttenesten. Til privatbruk er det nok også sannsynleg at vi er heilt på slutten av epostens storheitstid. For mange privatbrukarar er nok eposten i dag nesten utelukkande brukt som brukarnamn for å logge seg på andre tenester. Sjølve den digitale kommunikasjonen med vennar og familie går i stor grad via andre tenester, som Facebook, Instagram, Snapchat, WhatsApp, Discord, osv. Meir seriøs digital kommunikasjon med offentleg forvaltning eller banken går i dag mykje gjennom dedikerte tenester der ein brukar BankID for innlogging, blant anna fordi det er så mykje som ein i dag ikkje kan sende over epost av omsyn til personopplysningar som kan kome på avvege. Det som eg reagerer mest på er at det er at 39 kr månaden er ein relativt høg pris utan at produktet blir tilført verdi som står i stil. At spamfilteret som brukarane alt har blir oppdatert, og at ein endrar på designet er ikkje akkurat store endringar som er verdt nesten 500 kr i året. Også aukninga frå 3 til 5 Gb gir nok liten reell nytte for dei fleste sidan epostar i seg sjølv tek lite plass. Til same pris kan ein kjøpe eit eige webdomene med 100 GB som ein kan fordele utover 100 epostadresser. Skal ein kjøpe eit tilsvarande produkt med ei epostadresse og 5 Gb lagring så kostar det under 20 kr, og då får ein også sitt eige domene i tillegg. Hadde det kosta ein tiar i månaden så hadde det nok vært langt meir spiselig for dei fleste. Så kan eg kan ikkje fatte anna enn at dette er eit forsøk på å vri dei siste hundrelappane ut av lojale Telenorkundar som no ikkje har vilje eller kompetanse til å finne andre tenesteleverandørar før heile eposttenesten blir lagt ned.
  3. Det er fleire vilkår. Det punkt 1 seier er at handlingar begått av ein nordmann i utlandet som er ulovleg både etter norsk og utanlandsk lov også kan straffast i Norge. Så reiser du til utlandet for å stjele så kan du straffast for tjuveri når du kjem tilbake til Norge om du ikkje vart straffa i utlandet. Reiser du til utlandet og drikk øl på gata så kan du ikkje straffast for drikking på offentleg stad når du kjem heim til Norge om dette var lov i landet du var i. Men så er det også spesifisert lengre ned at sjølv om det er lovleg i landet du var i så er det enkelte lovbrot som er rekna som så alvorlege at det uansett er straffbart i Norge. Det står også: 9. rammes av §§ 257, 291-296, 299-306 eller §§ 309-316, Her er det § 316 som er relevant, § 316 i straffelova er Kjøp av seksuelle tjenester fra voksne.
  4. Symboleffekten er viktig. Det er derfor miljøpolitkarar som tek flyet til Brussel får tyn for å ikkje reise miljøvenleg, sjølv om dei fleste er rasjonelle nok til å forstå at også for ein miljøpolitikar kan det være hensiktismessig å være tidseffektiv i sitt politiske arbeid sjølv om det ikkje er den mest miljøvenlege reisemåten, og at ein og anna flytur for ein enkeltperson ikkje er det som velter heile miljøarbeidet. For det folk sitter igjen med er intrykket av at miljøpolitikaren kjemper for at alle andre må slutte å flyge og heller ta tog, medan vedkommande sjølv heller ikkje vil bruke tog på lange reiser. Det er akkurat det same med leiarlønningane, for ei stor bedrift med tusenvis av tilsette så speler det ikkje så stor rolle for budsjettet om ein leiar får ei lønn tilsvarande 5, 10 eller 50 arbeidarar. Men når denne leiaren maner om moderasjon og gir arbeidarane 4% lønnsauke på 400 000 som betyr 16 000 i lønnsauke medan leiaren sjølv gir seg sjølv 10% på 1 600 000 kr tilsvarande 160 00 i lønnsauke så blir folk sure. Eg trur nok dei fleste har forståing for at ein dyktig leiar bør ha ei høg lønn for å gjere jobben, men for dei lavtlønna så hadde det vært lettare å akseptere om alle i bedrifta fekk 20 000 kr i lønnsauke, for det er vanskeleg å forstå kvifor sjefen det siste året skall auke si kjøpekraft med ei halv arbeidarlønn medan arbeidarane må gå ned i kjøpekraft. Eit anna moment er at i enkelte bedrifter så kan ein av grunnane til at sjefane får stor lønnsauke være nettopp at bedrifta har spart eit millionbeløp på å nekte arbeidarane noko særleg i lønnsauke med argumentasjonen om at bedrifta ikkje har råd til å betale så mykje i lønn, for så å ta nøyaktig dei same pengane og fordele på seg sjølv i lønnstillegg sidan dei nok har budsjetterte lønnsmidlar tilgjengeleg. Dette skjer ikkje i alle bedrifter, men det skjer nok i mange nok bedrifter til at det er dette som til stadigheit blir dratt fram som eksempel slik at mange arbeidarar sitt igjen med inntrykket av at det må være slik i alle bedrifter.
  5. Det finnes enormt mange versjonar, men nokre stikkord. Loff, gjerne utan skorpe. Smørbrødet blir best om brødet har fått mest mogleg smak. Så smør tjukt med smør på begge sider, majones er også å anbefale for ei mindre fettete overflate, sjølv likar eg å ha litt ost også på utsida for å få litt sprøstekt ost på utsida. Lag ostesmørbrødversjonen av andre gode osterettar, til dømes pizza ved å legge til tomatsaus og pepperoni, du kan også gå i retning av mac & cheese ved å bruke cheddar, eller pasta carbonara ved å bruke parmesan. Du kan også gå i retning av bruschetta ved å steike/riste brødet med olje, kvitløk og basilikum før du topper det med ei tjukk skive av mozzarellaost.
  6. Ulike organisasjonar har ulik fastsetting av streikebidrag, det kan være ein prosentsats av vanlig lønn eller eit flatt kronebeløp. Korleis dei ulik organisasjonane organiserer dette variere med kor store lønnsforskjellane er, og ikkje minst kor mykje pengar dei ulike forbunda har spart opp.
  7. Dette stemmer nok. Sparte lønnsutgifter på grunn av billegare nytilsette går aldri tilbake til dei tilsette, ein får berre høyre det som argument for å holde tilbake lønnsutviklinga når ein må tilsette ny arbeidstakarar med høgare lønn. Men det gir også meining at lønnsutgiftene i ei bedrift ikkje skal være konstante. Om ei lita bedrift med 20 tilsette og lønnsutgifter på 10 mill i året, så er det ikkje naturleg 19 av dei tilsette må gå ned i lønn fordi nr 20 fekk eit høgt lønnstilbod. Om alle i utgangspunktet hadde 500 000 i årslønn og så er det ein som sluttar og den nye nr 20 krev 1 mill i årslønn så betyr det at dei samla lønnsutgiftene nødvendigvis må bli 10,5 mill, og ikkje at dei 19 andre må gå ned til 470 000 kr i året for at lønnsbudsjettet skal bli uendra. Eit anna fenomen som ein veldig raskt ser er at det talet ein blir møtt med som lønnsglidning er arbeidsgivars anslag på i kva retning lønnsutgiftene kjem til å endre seg. Ofte vil ein nok sjå at arbeidsgivar legg til grunn ei mykje høgare glidning enn det som var reelt når ein får fasiten til neste år.
  8. Ser at det snakkes om lockout, men eg håper at det berre er prat. Lockout har tidlegare vist seg å være forferdeleg kostbart for arbeidsgivarane. Det mest effektive med ein lockout er at det fort tvinger fram ein tvungen lønnsnemnd, men sidan lockout og store tapte arbeidsinntekter også er upopulært for regjeringa så vil ein tvungen lønnsnemnd som er produsert gjennom arbeidsgivars lockout være til arbeidstakarorganisasjonanes gunst når regjeringa fastsetter kva resultatet skal være. Det som vanlegvis skjer ved tvungen lønnsnemd er at det er arbeidstakarorganisasjonane som tar ut arbeidarar som er så viktige for samfunnet at regjeringa må gripe inn for å oppretthalde viktige samfunnsstrukturar. I disse tilfella vil tvungen lønnsnemnd stort sett gå i arbeidsgivars favør. Ein anna høgt relevant problemstilling dersom det blir lockout er at mange andre arbeidstakarorganisasjonar kan finne på å kaste seg inn i konflikta for å vise motstand ved å gå til støttestreik. Så ein lockout i frontfaget kan også føre til at andre yrkesgrupper som i utgangspunktet ikkje er ein del av arbeidskonflikten også går ut i streik. Når ei bedrift går til lockout så vil denne bedrifta få kompensert tapet sitt gjennom streikekassa i arbeidsgivarorganisasjonen, så om det skulle bli lockout så er det NHO som må bruke sine oppsparte midlar for å unngå konkurs så lenge konflikta varer.
  9. Frykter nok at det også i år blir tvungen lønnsnemd på litt tynt grunnlag. Har fleipa i ein tidlegare tråd at regjeringa grip nok inn på grunnlag av psykisk helse når det er tomt for utepils i fineværet. Men det blir spennande å sjå om vi fortsatt har streikerett her i landet eller om omsynet til "liv og helse" har blitt så utvatna at ein kvar ulempe som følge av streik gir grunnlag for tvungen lønnsnemd. Ja, uorganiserte vil fort befinne seg mellom barken og veden i ei arbeidskonflikt. Om det på grunn av streiken ikkje er arbeidsoppgåver til uorganiserte så vil det bli nødvendig med permittering. Ettersom årsaken til permitteringa er ein arbeidskonflikt så kjem ikkje arbeidsgivar til å betale lønn i arbeidsgivarperioda. Altså får ikkje uorganiserte betalt før dei kvalifiserer til dagpengar frå NAV etter 16 dagar. Organiserte som blir permittert får streikebidrag frå sin organisasjon, dette bidraget er skattefritt og litt lavare enn ordinær lønn slik at organiserte i streik får omtrent like mykje utbetalt så lenge organisasjonen har oppsparte midlar til å holde streiken gåande. Det som har komt fram er at forslåget såg slik ut: -Sentralt tillegg til alle: 1,9 prosent -Lønnstillegg som følger med fra i fjor: 1,4 prosent -Såkalt glidning, altså lønnstillegg som gis lokalt: 1,9 prosent For å bryte ned kva det betyr: - Alle får eit lønnstillegg på 1,9 i friske lønnsmidler frå årets budsjett. -Ved oppgjeret i fjor så vart det også avtalt ein lønnsaukning som skulle utbetalast i år. Så dei 1,4% var ein del av fjorårets lønnsoppgjer. Dette blir slik fordi ein ikkje forhandlar om lønn frå 1 januar til 1 januar. Ein forhandlar lønn som gjeld frå april eller mai (eller den datoen partane blir einige om), men fordi budsjettåret startar i januar så betyr det at forhandlingsresultatet blir fordelt utover to årsbudsjett. -Lønnsglidning er den kostnaden arbeidsgivar har med lønn som går utover det som er avtalt. To typiske grunnar for lønnsglidning er at ein i løpet av året må tilsette fleire arbeidarar eller at ein må tilby høgare lønn for å få tak i nye arbeidarar, eller at det har vært nødvendig med andre lønnsjusteringar på grunn av endring i ansvarsområder eller liknande i løpet av året. Dette er forvirrande med vilje. Men om vi skal bryte ned tala så betyr det at det eigentleg berre er tilbode 1,9% i ny lønnsvekst for i år. At alle også får 1,4% er berre eit resultat av kva som vart avtalt i fjor. Og den oppgitte glidninga på 1,9% er arbeidsgivars anslag på kor mykje dyrare det blir å ha tilsette på generelt grunnlag. Sjølv om det for arbeidsgivar kostar meir å erstatte billege pensjonistar med dyrare nytilsette som ikkje vil ta jobben utan ei god betaling, så er ikkje dette ein kostnad som øvrige arbeidarar får glede av.
  10. Nei. Trådstarter har bestilt eit stykke arbeid som han fekk beskjed om skulle koste 2-5000 til netteigar, og deretter skulle det koplast ein kabel. Underforstått at denne kabelkoplinga var så ubetydeleg at det var tusenlappane til netteigar som var den største kostnaden ved jobben. Ja vi har berre den eine sida av saka, men med det utgangspunktet at trådstarter ikkje lyg så speler det mindre rolle då det er den profesjonelle part som har ansvaret for at forbrukaren er informert og har fortsått kva oppdraget medfører. Om vi tek elektrikaren sitt utsegn i beste meining så kan det være innafor at både innkjøp, trekking og festing av kabelen er er ein integrert del av å "kople ein kabel". Trådstarter burde sjølvsagt fulgt opp med spørsmål om arbeidet, men det vart ikkje gjort i dette tilfellet. At det vart forbrukt litt kabel og denne "kople ein kabel" jobben viste seg å ta 4 timar er forståeleg, av og til tek ting lengre tid enn ein forventa. Det er likevel absolutt grunnlag for å diskutere om kunden vart ført bak lyset når ein jobb som tek ein halv arbeidsdag vart presentert som ein jobb der det var tusenlappane til netteigar som var største kostnaden. Det som eg likevel synes er grovt er å legge til overspenning- og overlastsvern til ca 7000 kr, dette måtte elektrikaren ha forstått låg utanom det kunden hadde forutsetning for å vite måtte kjøpast inn, og er i seg sjølv ei så stor investering samanlikna med den prisinformasjonen som vart gitt. Det blir som når du går i butikken og seier ja takk til ein pose og så får du ein tøypose til 199 kr. som kunde så burde du sjølvsagt spurt om prisen på posen, men når det ikkje er sagt noko anna så har du som kunde grunn til å rekne med at du får ein plastpose til 3 kr som er det som er vanleg. Og sjølv om tøyposen er objektivt sett av høgare kvalitet så har du blitt ført bak lyset når du fekk eit heilt anna produkt enn du trengte.
  11. Person B skal ha den lønna som er avtalt, også om firmaet finn nye arbeidsoppgåver. Alternativt må firmaet gå til endringsoppseiing som har dei same formellenkrava til saklegheit som ei vanleg oppseiing.
  12. Då har person B eit kontor som han/ho kan sitte på og legge kabal til leiarlønn. Dette er likevel ikkje ein fornuftig strategi sidan ein vil være sårbar om det blir starta ein ny prosess for å neebemanne på grunn av overtalligheit. Person B bør derfor leite etter og ta på seg arbeidsoppgåver og ikkje satse alt på at det er den nytilsette som må gå fyrst.
  13. Økt kjøpekraft ≠ overforbruk. Det er mykje godt miljøvern i å ha råd til å velge det dyrare men bærekraftige alternativet, enten det er dei dyrare lokalproduserte matvarerene eller å investere i varmepumpe for å på sikt få ned straumforbruket.
  14. Firmaet A kan sjølvsagt tilsette så mange personar dei berre vil, men det endrer ikkje arbeidsforholdet til person B. Så det betyr at person B fortsatt skal ha same stilling, lønn og goder som vedkommande hadde frå før, om det medfører at B hever leiarlønn utan å ha arbeidsoppgåver å utføre så er det firma A sitt problem. Om firma A kjem til fornufta og finn ut at det er nok å lønne ein dagleg leiar så blir det ein vanleg nedbemanningsprosess der ansiennitet vanlegvis skal vege tyngst slik at det er person B som får fortsette i stillinga.
  15. Det er litt både og. Ein del teknisk utstyr krev mykje trening, men dette er ikkje hovuddelen av forsvarer. For kvar soldat som køyrer tanks, kalkulerer artillerikoordinat, eller reparerer helikopter så trengs det mange soldatar som kan gjere dei enkle oppgåvene for å legge til rette. Dagens vernepliktige er i dårlegare form enn tidlegare men det seies at høgare generell teknisk kompetanse kompanserer for dette. Det er også eit spørsmål om kor mykje spesialisering som det er nødvendig å investere tid i for å oppnå akseptable resultat. Det er mange soldatoppgåver som kan utførast sjølv om ein berre har eit minimum av trening, særleg i ein forsvarskrig der oppgåva kan være så enkel som å ligge i skjul og skyte i retning mot fienden slik at fienden brukar lengre tid på å rykkr fram. Det er langt meir fysisk krevande å være angripar.
  16. Det vil stå rundt fyllelokket kva drivstoff bilen skal ha. Om det ikkje står i klartekst så vil det være ei fargemarkering der grønt er bensin og svart er diesel. Eller så vil det stå ein stor D for diesel eller B95 for bensin 95 oktan. Leigebilar vil i tillegg ha ekstra merking for å unngå feilfylling. Ofte vil det i tillegg stå klisterlapp på dashbordet, på bilnøkkelen, i dørkarmen og i hanskerommet. Det kan også være greit å notere seg at dersom det er ein bensinbil så er det vanskelegare å fylle feil drivstoff fordi dieselpistolen på bensinpumpa vil være litt for stor til å passe i holet. Det er derfor vanlegare å fylle bensin på ein dieselbil fordi den smalare bensinpistolen passar i alle tankar. Så før du startar å fylle så bør du tenke over om fyllepistolen passar fint til bilen.
  17. Høyres ut som at du må kjøpe eit slik kjøleelement som er laga for å holde mellom 2 og 8 grader: https://www.versapak.co.uk/cooling-element-for-medical-carriers Står det kan holde denne temperaturen i opp til 120 timar. Forutsetter sjølvsagt at du kan pakke inn kjøleelementet og medisinen i eit isolerande materiale, men med eit slikt element så kan du ha direktekontakt med medisinen utan å risikere frysing.
  18. Det kjem heilt ann på kva tvisten gjeld, kva du har gjort eller ikkje gjort, og kva som er dei moglege konsekvensane. Formelt sett så er ikkje ein advarsel ein konsekvens i seg sjølv, dette er ein uformelt reaksjon som arbeidsgivar kan velje å bruke for å dokumentere uønska oppførsel/hending. Oftast så tenker ein på advarslar som noko som arbeidsgivar brukar for å dokumentere saklege oppseiingsgrunn om det blir mange advarslar, men samtidig kan arbeidsigvar også gå rett til oppseiing utan å kome med advarsel om ei oppseiing elles er sakleg begrunna. Det er heller ingen formelle reglar for kor lenge advarselen kan ligge i personalmappa, men GDPR regelverket krev at det skal gjerast ei konkret vurdering på kor lenge det er nødvendig og lagre personopplysningar. Ofte ser ein i denne samanhengen til det offentlege som døme, for statstilsette så er det eige regelverk som tilseier at advarslar (ordensstraff) ikkje kan lagrast i meir enn 5 år. Sidan denne tvisten er stor og alvorleg nok til at du har blitt pålagt å reise "eit godt stykke" for å ha møte med ein overordna sjef (på eit hovudkontor?), så er ikkje dette ei heilt triviell sak. Kven andre skal delta på møtet? Reknar med det ikkje er berre du som skal ha ein privat prat med storesjefen? Her bør du nok ha med deg ein tillitsvaldrepresentant til dette møtet, om ikkje anna som moralsk støtte og som ein person kan føre referat og hjelpe deg å huske kva som vart diskutert. Eit anna formål er at ved å ha med deg ein representant så kan det være med på å roe ned situasjonen slik at ingen av partane seier ting som dei kjem til å angre på etterpå, og skulle det være sjefen som blir usakleg mot deg så har du då eit vitne som vil være til din gunst om det skulle bli ei arbeidsrettssak ut av dette. Om du skal legge alle korta på bordet eller blånekte kjem heilt ann på situasjonen og kva sjefen veit om situasjonen frå før. ER du heilt uskuldig så skal du sjølvsagt ikkje kome med ei falsk innrøming på noko som du ikkje har gjort. Samtidig så er det veldig dumt å nekte for noko som sjefen alt veit at du har gjort, då er det betre å være ærleg for å prøve å redde siste resten av tillit og respekt frå sjefen. Du bør alt no tenkje på kva du gjer om det blir snakk om alvorlege konsekvensar. Det kan være at sjefen ønsker å seie deg opp for å få ro på arbeidsplassen. Men det er ikkje sikkert det du har gjort er konkret og alvorleg nok til at sjefen kan bruke det som sakleg grunnlag for oppseiinga, då kan det være at du får ulike "tilbod" som beskjed om at du må levere ei oppseiing (kanskje til og med med eit tilbod etterbetaling om du sjølv velger å slutte i jobben), at du blir omplassert til ei anna avdeling, at du blir satt til andre arbeidsoppgåver, osv. Kor sterke "bevis" sjefen treng for å gå til oppseiing blir ei vurderingssak. Men om du skulle bli sagt opp med dette som grunnlag så skal du også få informasjon om din rett til å reise søksmål. Kjem ei oppseiingssak opp til arbeidsretten så er det vanleg sannsynlegheitsovervekt som blir gjeldande, altså at det er meir sannsynleg for at det har skjedd enn at det ikkje har skjedd.
  19. Eg tenker at det beste burde være ei delprofesjonalisering. For eg forstår veldig godt at når forsvaret utdannar vernepliktige gjennom 18 månadar så er også denne personen den best kvalifiserte soldaten til å bli innrulla i ei aktiv HV teneste. Feilen som gjer at belastninga blir så ulik at kompensasjonen er for dårleg når ein ser på kor mykje ein tapar i lønnsinntekter dei dagane ein er på øving. Det hadde ikkje blitt ein uoverkomeleg stor kostnad å frikjøpe HV soldatar fullt ut for dei dagane dei er på repøving. (Om Staten ikkje vil ta rekninga sjølv så Staten i prinsippet pålegge arbeidsgivarane å ta rekninga i staden). Hadde ein på rep-øving vært sikra å ikkje tape økonomisk på det så trur eg også at vi hadde fått meir motiverte HV-soldatar, og mange hadde nok også sett på det som eit positivt avbrekk i det ordinære arbeidet om tenesta hadde blitt lønna. Eg meiner at ei slik ordning hadde vært betre sjølv om ein slik ordning ikkje er perfekt, for også med ei slik ordning så blir det problematisk for sjølvstendig næringsdrivande eller folk som jobbar i små bedrifter der det ikkje nødvendigvis er berre å ta fri ei veke utan at det går utover både bedrifta og kollegaene. Når det gjeld heilprofesjonalisering så meiner eg at det ikkje er ei god løysning isolert sett fordi det betyr at vi slår oss til ro med å ha eit forsvar beståande av minimalt med personell. Skulle det bli krig så er det heilt nødvendig at vi kan mobilisere så mange soldatar som mogleg, så av den grunn så meiner eg at vi burde gå tilbake til ei allmenn verneplikt der det store fleirtalet av både gutar og jenter gjennomfører verneplikta. Ei slik verneplikt treng ikkje nødvendigvis å vare 12-18 månadar med berre litt lommepengar som betaling. Den aller viktigaste grunntreninga er rekruttperioden så etter min meining så burde vi ha ein strategi på å få alle ungdommar gjennom rekruttskulen rett etter fullført vidaregåande skule, så kan dei heller få fri frå den ordinære tenesta resten av året. Det er ikkje ein gong sikkert at det er nødvendig med ein rekruttskule på 6-8 veker, den grunnleggande våpentreninga og militære opplæringa kan nok også utførast på 4 veker. Ei slik kortare militærteneste kan også planleggast i samarbeid med blant anna utdanningsinstitusjonar slik at det ikkje blir ein konflikt mellom skulegangen og militærtenesta. Hadde alle universitet lagt opp til 4 veker sjølvstudie dei same vekene så kunne ein fint pressa inn ei kort militærteneste utan å miste eksamenen. Eg er likevel open for at vi kunne hatt eit profesjonelt forsvar i tillegg der dei som ønsker å gjennomføre meir militærteneste etter rekruttskulen kan få gjere det med ein fornuftig kompensasjon som er god nok til at ein ikkje tapar ut for mykje samanlikna med jamnaldrande som takka nei til vidare teneste og som blir raskare ferdig med studiane og kjem ut i lønna arbeid.
  20. Det er ikkje så lett å svare på dette då det er veldig avhengig av kva som foreninga har av vedtekter, instruksar og reglar, samt den generelle organiseringa. Mange organisasjonar har eigne arbeidsinstruksar som instruerer korleis ein valkomite skal utføre sitt arbeid. Det er også vanleg å ha nokre grunnreglar for korleis personar som er valde til eit verv skal oppføre seg i dette vervet. Så ein aktuell måte å jobbe vidare med denne saka på kan være å sjekke om ein kan påvise at denne personen har brote konkrete reglar i organisasjonen. Har vedkommande brote slike reglar så vil det også ofte stå noko der om kva som skal skje om nokon oppfører seg dårleg. Prinsippet er at det er det organet som har valgt/utpeikt personen til eit verv som også har myndigheita til å omgjere dette valget. I dei fleste organisasjonar så er det årsmøtet som velger valgkomiteen og då er det berre årsmøtet som kan avsette eller endre på dette. Det er enkelte organisasjonar der det er styret som sjølv utnemner valkomiteen utan at årsmøtet har vært innvolvert, eller fordi styret har fått denne oppgåva delegert gjennom eit årsmøtevedtak. I slike tilfeller vil styret også kunne utpeike nokon andre. Det er heller ikkje gitt at leiaren av valkomiteen kan trekke seg utan at det blir vald ein ny leiar. Eit årsmøte kan i liten grad tvinge ein person til å gjennomfører jobben som ligg til vervet, men formelt sett så er det ofte slik at ein blir valgt for ei periode og innehar dette vervet gjennom heile perioden. Til slutt vil eg legge til at veldig mykje er også veldig avhengig av kva som reint faktisk har blitt sagt og gjort. Det vil heilt klart ligge innunder arbeidsoppgåvene til ein valkomite å stille litt tøffe spørsmål til kandidatar som er på gjenval for å sjekke ut at dei fortsatt har motivasjonen og arbeidskapasiteten til å gjere jobben på ein best mogleg måte. Ein valkomite som berre stryk katten med håra og som ikkje tørr å utfordre styret vil ikkje gjere jobben sin som valkomite. Samtidig så skal ein huske på at sjikane også kan være direkte ulovleg etter straffelovens bestemmelse om hensynsløs adferd, eller andre paragrafar alt etter innholdet og måten sjikaneringa har skjedd på. Dette kan også være ei god anledning til å melde inn behov for å førebygge slik oppførsel som ei sak til neste årsmøte. Sjælv om slike situasjonar ofte oppstår på grunn av personlegheita til enkeltpersonar så hadde det vært ryddig å få på plass nokre retningslinjer for valkomiteens arbeid i framtida, eller kanskje til og med foreslå å kutte ut heile valkomiteen. Å ha ein valkomite er ikkje ei plikt, det er berre ein metode som dei fleste organisasjonar brukar for jobbe med å rekruttere gode styremedlemmar på. Det finnes også organisasjonar som ikkje har valkomite men som i staden baserer seg på at medlemmane sjølv tek ei aktive rolle og melder sitt kandidatur til ulike vern, og så foretar årsmøtet eit val basert på innkomne kandidatar. Dette fungerer ikkje hos alle organisasjonar for det er nok ei samfunnstrend at det blir færre og færre som ønsker å ta på seg verv, så ofte må ein ha ein valkomite for å sikre at ein i det minste får på plass kandidatar som årsmøtet kan klappe inn med akklamasjon. Har ein mange fleire som er interessert i å sitte i styret enn ein har ledige plassar så treng ein strengt tatt ikkje ein valkomite ettersom årsmøtet uansett har nok kandidatar å stemme over. Det er likevel ein del organisasjonar som har valkomite likevel for å sikre at innstillinga til eit nytt styre består av personar som er motiverte, dyktige og samarbeidsvillige i tillegg til å utgjere ein god balanse med tanke på kjønn, alder, regionstilhøyrligheit, osv.
  21. Kjem veldig ann på kva som ein definerer som anti-woke eller woke for den slags skuld. Å være anti-woke kan være alt frå å være litt konservativ til å være fullt ut fascist. Både dei som meinar at det treng ikkje å være overvekt av minoritetar representert i alle samanhengar og dei som meiner at enkelte grupper ikkje fortener sivile retrigheiter kan puttast i den same båsen alt etter kven det er som definerer.
  22. Ølflasker i sokkar slik at glasflaskene ikkje klirrer er eit gamalt triks. Utanom det så er du nok ikkje så mykje du kan gjere om foreldra vil leite i sekken.
  23. Ja du må samanlikne avkasting og rentekostnadar over den same perioden. Dette vil involvere litt gjetting sidan både avkasting og renter endrar seg dynamisk, så fasiten på om det lønte seg å investere og eventuelt kor mykje det lønte seg får du ikkje vite før i ettertid. Vil også legge til at med den aukande renta så gjer det også at eventuelle investeringar må gi desto mykje meir i avkastning for at det skal være verdt det. Boliglånsrenta kjem ganske sikkert til å gå over 5% til neste år, antagelegvis alt i år. Så kjem spørsmålet om kva som skjer vidare framover mot år 2030. Folk flest bør nok planlegge for å kunne tåle ei bustadrente på 6-7%. Så også med tanke på usikkerheita på lånerenta så talar det for at det er mest fornuftig å betale ned så stor del av lånet som har økonomi til. Bustadrenta blir nok heilt sikkert ikkje lågare dei neste 7 åra, så det er også eit spørsmål om kva risiko du er villig til å ta. Investeringar har alltid eit element av risiko og no er det også eit element av risiko på høg bustadrenta blir framover. Dei fleste reknar med at den kjem til å stige, spørsmålet er berre kor mykje den vil stige.
  24. Einig. At det informasjonen skal være tilgjengeleg slik at det er openheit rundt skattebelastninga er eit bra prinsipp, og er etter min meining heilt avgjerande for at vi også i framtida skal kunne ha høg tillit til både regjeringa og statsforvaltninga. Blir kva ein betalar i skatt ei privatsak så opner det berre opp for mistenkeleggjering/anklaging på at alle andre virker å betale så mykje mindre skatt enn meg, dei undrar sikkert opplysningar frå skatteetaten og då er det berre rettferdig at eg også gjer det. Så vipps er det heilt sant at alle jukser på skattemeldinga og vi får ein større svart økonomi og mindre skatteinntekter. Mindre skatteinntekter vil medføre behov for å innføre andre typer skattar som til dømes meirverdiavgift. Det som nok hadde vært ein viktigare debatt er korleis skattelistene skal tilgjengeleggjerast. At opplysningane er lett tilgjengelege på internett (sjølv om det er låst bak bankID og med maks 500 oppslag per månad) er ein heilt annan måte å tilgjengeleggjere opplysningane på enn det var "i gamle dagar" når skattelistene vart lagt fram som ein perm som ein måtte reise til serivcekontoret for å bla i. For då kjem vi verkeleg inn på kost/nytte vurderingane. Digitale oppslag har den klare fordelen at fleire kan sjekke skattelistene og at det er mykje lettare å gjere samanlikningar både mellom personar som burde ha relativt lik inntekt, formue og gjeld, men også mellom personar med svært ulik økonomi for å sjekke om dei likevel betalar ein fornuftig mengde skatt utifrå sine forutsetningar. Den store ulempen med digital tilgang er at ein får tilgang til store mengder data samla satt så om nokon skulle ha mindre hederlege grunnar til å leite i skattelistene så er det raskare og enklare å sette opplysningane i system. I denne kategorien meinar eg at vi også finn journalistar som berre sorterer skattelista etter høgaste oppgitte formuar og tek det for god fisk til å lage oversikt over topp 10 rikaste i kvar kommune. Slik journalistikk synes eg er øydeleggande for vårt tillitsbaserte samfunn når opplysningar som blir gjort tilgjengelegheit for openheita si skuld blir brukt til underholdning og gapestokk.
×
×
  • Opprett ny...