Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 210
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Aukninga har nok mest med at vi både er flinkare til å diagnoser, og ikkje minst at auka fokus på autisme gjer at fleire ber om ei utgreiing for autisme. Det vil overraske meg om det er ei reell auking i talet på autistar, det bar nok meir at tidlegare så var det ingen som brydde seg. Fungerande autistar som klarte seg sjølv vart berre sett på som litt rare, og det var det. Det er mykje same grunnen til at Norge saman med resten av Norden er i klamydia toppen, I Norge er det mange som tester seg og då er det også mange som får diagnosen. Sydligare land tester mindre og finner derfor også mindre tilfeller.
  2. Det et mange dårlige måleeiningar innafor kokkelering. Kopper og skjeer er nemt og må lesast i kontekst av kva land oppskrifta kjem frå. I tillegg er det i mange land vanleg å bruke "feil" måleeining, som at også ingrediensar som er tørre blir målt i volum. Det er stor forskjell på ein kopp med nysikta mjøl kontra ein fullpressa kopp. Ingrediensar som kan komprimerast må målast i vekt om det skal være nøyaktig. Når oppskrifta oppgir volum så er det oftast fordi at mange kjøkken ikkje har tilgang på vekt, og at det å bruke kaffekoppen til å måle opp blir nøyaltig nok. Det er for øvrig nøyaktig same utfordringa når oppskrifta seier at du treng 1 løk og 2 gulerøtter, både løk og gulerøtter kjem i ulike størrelsar og er i liten grad standarisert, særleg på tvers av landegrensene. Ein norsk løk veg vanlegvis ca 180 gram, men heile spennet frå 120 til 240 gram er rekna som normalt. I USA er ein løk på 6 oz (170 gram) rekna som medium løk. Altså er amerikanske løkar i snitt 10 gram mindre enn norske, det betyr ikkje så mykje om du skal bruke ein halv løk. Men om den amerikanske oppskrifta seier 10 løk så er det nok med 9,5 norske løkar.
  3. Ikkje utan å eventuelt søke det opp. I teorien kan kven som helst sjekke opp førerkort, men då må ein ha fødselsnummer og etternamn, og det er det ikkje gitt at verkstedet har utan å spørre deg etter fødselsnummer eller om å få sjå førarkortet.
  4. Poenget med spelet var å fortelle ei historie om kva som skjer når voldsspiralen kjem ut av kontroll. Av dei som faktisk spelte tLoU2 så var det ikkje så veldig splittande, dei fleste sitt igjen med å ha fått servert ei sterk historie. Og fordi det var eit spel der ein aktivt måtte gjere ting for at historia skulle rulle vidare så utfordra den også spelarane på kva ein opplever som rett og galt, så akkurat den delen er eg spent på korleis serien klarer å kopiere stemninga til TV formatet. Dei som var splitta etter tLoU2 var eit høglytt mindretal som hoppa til konklusjonar basert på lekkasje av nokre cut scenes som dei ikkje hadde konteksten til.
  5. Etter mitt syn så er problemet at vi har eit regelverk som gjer det krevande å ta anna mobilbruk enn dei som fysisk held telefonen opp mot øyret under køyring (som etter mitt syn også er litt merkeleg sidan det ikkje er ulovleg å holde annen gjenstand opp til ansiktet under køyring). Den farlege mobilbruken som er det å taste eller lese på skjermen kan ofte berre takast indirekte ved at politiet observerer at føraren har retta synet ned i fanget, og at ein antek at dette dreier seg om mobilbruk. På nattestid kan ein i tillegg sjå lyset frå mobilskjermen, men også her er det så mange bilar med lovlege skjermar at ein ikkje utan vidare kan seie 100% at lyset kom frå ein mobilskjerm og ikkje infoskjermen i bilen. Etter mitt syn er løysinga forholdsvis openbar. Mobilbruk under køyring bør bli "lovleg", då slepp ein også disse paradoksa med at å aktivere mobilskjermen for å sjå om du har fått melding er ulovleg, medan det å lese den same meldinga er lovleg om du gjer det via bilens skjerm. Det som må være ulovleg er å ikkje fylle med på køyringa. Om føraren kræsjer fordi ein pratar i mobiltelefon, les Aftenposten i papirutgave, eller dekker heile ansiktet med ein stor hamburger frå bensinstasjone, det burde være heilt likegyldig. Med slike reglar så kunne trådstarter fint blitt dømt for å ha hold "kropp og blikk mot passasjersetet" då dette i følge politimannen medførte at trådstarter ikkje fulgte med på trafikken. Om trådstarter brukte telefonen og såg på den, eller om ho dreiv med fingergymnastikk og stirra på handa si, akkurat det burde eigentleg ikkje bety noko. Hadde bilen foran bråbremsa så er det like farleg uavhengig av kva som gjorde at føraren ikkje såg på vegen.
  6. Eg er ganske trygg på at du med god samvittigheit kan droppe episode 2. Dette er ein serie som du uansett ikkje vil like, det er nært utenkeleg at Neil Druckmann kjem til å ta serien i ei heilt anna retning enn det som skjedde i spelet, så å fortsette å sjå i håp om at serien går i ei retning som du er fornøgd med er nok ganske så meiningslaust.
  7. Kan ikkje sjå at du treng å gjere noko meir. Særleg når du ikkje har brukt denne kontoen til noko som helst. Om dette var ein epost du har aktivt brukt så bør du vurdere å også bytte passord på alle tenester der du har brukt eposten til registrering for å sikre deg mot at nokon har hacka Microsoft-kontoen for å få tilgang på andre tenester du er inne på. Det som mest sannsynleg har skjedd her er at det er nokon som har ganske lik epostdresse som deg sjølv som har feilskrevet epost-adressen ved innlogging, har prøvd nokre gongar med sitt eige passrod som natrulegvis ikkje gir tilgang, og deretter har trykt på "glemt passord" knappen i den tru at dei har gløymt passordet sitt. Husk også at du kan gå inn på loggen for å sjekke kva einheiter som har vært innlogga dei siste dagane, samt lokasjon. Det er ein enkel måte å sjekke om nokon har vært inne på kontoen.
  8. Trur Nintendo gjer rett i å forbedre eit konsept som fungerer. PlayStation-sjefen skal i alle fall ikkje uttale seg kritisk om å lage ny konsoll med marginalt betre hardware, Sony har gjort nettopp dette med både konsollen sin og spela som blir utgitt igjen og igjen med små tekniske utbetringar. Det er spennande når Nintendo er kreative og leikne, men samtidig så går gleden av nye måtar å spele på fort over. Wii-en var morro til å begynne med, men no er det nok relativt få som drar fram Wii-en for å spele eit slag med tennis.
  9. Det hadde blitt ein utruleg kjedeleg serie om hovedpersonen var fornuftig nok til å ikkje ta risiko, og hadde barrikadert seg bak murane. Tenåringar er kjente for å ha elendig vurderingsevne, så at disse to små jentene overvurderer sine eigne evner er ikkje akkurat urealistisk. Forøvrig så har Joel og Tommy like lang erfaring som Ellie og Dina som har hatt heile sin ungdomstid i ein verden med zombiar.
  10. Om Trump klarer å rive ned demokratiske verdiar som ytringsfriheit og rettferdige rettssaker, så vil dette ta lang tid å bygge opp igjen. All erfaring tilseier at det er vanskeleg å få kasta ein diktator når både demonstrantar og politiske rivalar blir kasta i fengsel.
  11. Tips til tipset, kjøper du søppelpose på rull så er det billegare enn vanleg pose om du treng to poser. Resten av rullen kan du kaste etter å ha tatt av to poser (eller legge den igjen til neste kunde). At ein samtidig som innføringa av poseavgiften for å få ned plastbruken ikkje førte statistikk over slaget av avfallsposer, fleirbruksposer, og liknande alternativ er nestne ein liten skandale. For alt vi veit kan den totale plastbruken ha auka sjølv om bruken av handleposar med butikklogo på har blitt redusert.
  12. Basert på fyrste episode av sesong to så blir eg nesten overraska igjen over kor likt spelet dei har klart å lage serien. Det er nesten som at eg blir irritert fordi Ellie ikkje løyste gåten for å finne koden til safen i daglegvarebutikken slik at ho kunne plukke opp litt ammunisjon og ein firefly medaljong eller kva som no var godbiten i spelet. Det positive her er at det for meg ser ut som at vi får historien på ein meir lineær måte, og ikkje slik som i spelet der vi fekk ein synsvinkel om gongen. For TV og film der det å kryssklippe mellom ulike karakterer er uproblematisk så er lineær fortelling å foretrekke. Sjølv om eg har forståing for at det er viktig å få ut ein sesong 2 no før folk gløymer heile serien, så er det urovekkande at både denne og andre anmeldingar dreg frem at sesongavslutninga ikkje er ein spesielt god cliffhanger, her burde dei nok tatt seg betre tid og heller laga ein lang sesong 2 med tid til å fortelle heile historia.
  13. Det er fint med frivillig skatt, problemet her er at etterkvart som at platposeprisane auker så blir fleirbruksposar til samanlikning mykje billegare. Eg er sterkt bekymra for at poseavgiften gir motsatt miljøeffekt ved at mange ofte kjøper fleirbruksposer som er langt meir ressurskrevande å produsere, og så blir dei liggande heime utan å bli brukt fleire gongar. Litt av poenget med plastposar er at når ein berre treng å bruke posen ein gong så er det langt meir miljøvenleg å bruke ein forholdsvis tynn plastpose i staden for tjukkare posar i nylon eller bomull. No er vi fort på veg dit der ganske mange kan finne på å bruke fleirgongsposar som eingongsposar. Fleire stadar får du kjøpt nylonposer til 10 kr, når vanlige plastposar kostar 7 kr så er det nok mange som kjøper nylonposar i staden for, kanskje har ein til og med intensjon om å bruke posen fleire gongar, før den ender opp med å bli nok ein fleirbrukspose som aldri blir brukt og som til slutt blir kasta. Skal poseavgiften ha god effekt så må fleirbruksposane blir tilsvarande mykje dyrare slik at fleirbruksposar ikkje blir det billegaste alternativet sjølv om den berre skal brukast ein gong.
  14. Det kan av og til være litt uklart i kva grad eit produkt er meint å vare vesentleg lengre enn 2 år slik at ein får 5 års reklamasjonsrett, særleg på småelektronikk med låg verdi. Og det er nok forklaringa på denne policyen til Elkjøp der dei har prøvd å dumme ned regelen om produkt som er meint å vare meir enn 2 år til at alle produkt som Elkjøp selg som er små nok til å få plass i en pose er billig drit av så låg kvalitet at du ikkje kan forvente at produktet varer over tid.
  15. Du kan sjølvsagt forhandle, men det er nok lite du får gjort med denne saka. Sjølv om du vinner fram med at du har ein eigrn avtale om at din bonus skal være berre basert på individuelle forhold, så vil du ikkje nødvendigvis få meir i bonus. Ein av dei store ulempane med bonus er at sjefen når som helst kan endre både vilkår og sum, og det inkluderer å vurde deg mot ein heilt ny standard slik at du ender opp med same bonus som du no fekk. Du kan godt kreve å få bonus på dei vilkåra som var avtalt, kanskje også med krav om høgare lønn for å kompansere for ei dårleg bonusordning. Eg ville nok likevel ha førebudd meg på å finne ein betre jobb som betalar det du er verdt, og så treng du ikkje nødvendigvis å takke nei om sjefen kjem springande med eit nytt lønnstilbod etter at du har levert oppseiinga.
  16. For Elkjøp og andre butikkar så er garantien viktig fordi varer som er innafor garantitida kan Elkjøp få dekt av produsenten. Så fort garantitida er over og Elkjøp må sjølve dekke kostnadane innafor reklamasjonstida så er interessen for å hjelpe kunden klart mykje lavare. Eg trur nok også at dei tilsette får opplæring på dette. Når det kjem ein kunde med eit produkt som det fortsatt er garanti på så vil Elkjøp kunne framstå som veldig imøtekomande og service-retta då dei kan ta æren for å gi kunden nytt produkt utan å måtte betale for det. Når ein kjem til reklamasjon så får pipa ein heilt anna lyd, då er det om å gjere å få kunden til å gi opp og heller kjøpe nytt produkt til fullpris. Av same grunn så kan ein også oppleve at butikken prøver å få deg til å sjølv ta kontakt med produsenten for å ta dette på garantien, då sparer butikken seg det arbeidet.
  17. Må vel nesten minne om at den mest openbare vegen å gå er å ta nautikkutdanning og bli skipskaptein, då har du i alle fall eit godt grunnlag til å jobbe offshore. Eg vil likevel følge opp spørsmålet til @Salvesen. og vil utfordre deg til å definere kva som gjer at du vil jobbe offshore. Offshorearbeid har blitt mindre attraktivt med åra ved at oljeaktiviteten går ned og at skipsmannskap oftare blir hyra inn frå utlandet. Der begynner å bli ein del norske skip der det omtrent berre er kapteinen som er norsk og resten av mannskapet er frå eit lavkostland. Er det eventyret du er interessert i, slik at du helst bør jobbe på eit skip som seglar verden rundt og ikkje på ei plattform? Er det lønna som frister? I så tilfelle er det etterkvart ganske mange landbaserte jobbar som også har turnusar og ulempetillegg som gir ekstra betaling. Er det det sosiale med å heile tida være omgitt av ei forholdsvis lita gruppe med personar døgnet rundt? Eller er det heilt andre ting som gjer at du vil jobbe offshore, som at du vil kjenne lukta av sjø kva dag? Å berre seie at du vil jobbe offshore er nesten det same som å seie at du vil jobbe på kontor, på kontor kan du jobbe som ufaglært med å sortere papirer til at du kan være direktør i eit multinasjonalt selskap. Tilsvarande er det med arbeid offshore, både ei plattform og eit stort skip er ein liten by som treng mykje forskjellig, frå "sivile" jobbar med reinhald, matlaging, kiosksalg, osv til profesjonsstillingar som boreoperatør eller controller. Eg trur nok at alt etter kva behov du ønsker å fylle så vil du finne mange andre moglegheiter enn berre offshore.
  18. Dette er unøyaktig sitert. Eg antek at du her meiner situasjon der ein leigetakar leiger eit rom i andres bustad? Eventuelt at det er snakk om å leige ut eit rom i eigen bustad? Å leige eit rom i eigen bustad gir ingen meining sidan leigetakar då alt har bruksrett i form av å være eigar. Uansett det du beskriver her er at det er du som er huseigar, og i kjellaren har du ei (ikkje godkjent) leilegheit som du leiger ut til to eller fleire leigetakarar som kvar disponerer eit soverom og deler kjøkken og bad. Formuleringa i husleieloven er " der leieren etter avtalen har adgang til en annens bolig". At du som huseigar/utleigar har tilgang til utleigedelen er då ikkje av betydning, det som er viktig her er at leigetakaren har adgang til den delen av bustaden som også den andre leigetakaren bruker som sin bustad. At leigetakaren har tilgang til ein annens bolig påvirker oppseiingstida. Husleieloven § 9-6: Hovudregelen er tre månedar oppseiingstid ved vanleg leige, og ein måned der ein leiger eit rom og har ein bruksrett på resten av bustaden (kjøkken, bad og ofte stove), altså typiske bokollektiv. Merk likevel at det er lov å fråvike denne paragrafen om det er gjort avtale om anna oppseiingstid. I enkelte kollektiv, og særleg i kollektiv der det er utleigaren som inngår leigeavtale med kvar enkelt bebuar slik at dei som bur i kollektivet ikkje kan bestemme kven som flyttar inn, så er det forholdsvis vanleg å avtale kortare oppseiingstid. Dette fordi det på begge sider kan oppstå behov for å raskt bytte ut ein leigetakar som ikkje går godt overeins med dei øvrige leigetakarane. Det du spør om er regulert i § 9-7: Normalt skal oppseiinga være skriftleg, begrunna og opplyse om klageadgang. Men i siste ledd står det at ledd 2 og 3 ikkje gjeld i kollektiv. Oppseiinga må i alle tilfelle være skriftleg. Du kan seie opp den eine eller begge/alle leigetakrane som du har i kjellaren og som deler kjøkken og bad utan å måtte oppgi ein grunn for oppseiinga. Oppseiingstida skal være på 1 måned med mindre du har avtalt anna oppseiingstid i leigeavtalen. Eg vil nok påstå at i praksis så betyr det lite at det ikkje er krav om at oppseiinga skal være begrunna i eit kollektiv, det er i dei fleste tilfeller heilt uproblematisk å gi ei begrunning uansett. Eit grunnlag for å avslutte leigeforholdet er typisk at eine bebuaren ikkje klarer å oppføre seg fint ovanfor dei andre i kollektivet enten det er snakk om ein personleg konflikt, manglande vilje til å gjere husarbeid, eller liknande forhold som gjer det lite aktuelt å fortsette leigeforholdet.
  19. Det verste er at til tross for at Amazon berre har rettigheiter til bøkene og ikkje filmane til Peter Jackson så er serien stapp full av visuelle grep som er heilt klart referanser til Peter Jackson sine filmar då tilsvarande scene ikkje finnes i bøkene. Om dei ville lage serie basert på Peter Jackson så burde Amazon brukt noko av budsjettet sitt på å kjøpe rettigheitene, eller så burde dei ha laga ein serie som ikkje er basert på Peter Jackson sine filmar. Når dei ikkje en gong hadde rettigheitene til å kalle Hobbitar for hobbit så kunne dei etter mitt syn like gjerne laga ein original fantasy serie. Feilen som Amazon gjer igjen og igjen er at dei prøver å appellere til alle, med det resultat at serien appellerer til ingen. Til dømes så er det mange fans av Lord of the Rings som er fans av slik fantasy nettopp fordi det er klare og tydelege skiller. Der dei gode er dei høge og lyshåra alvane, og dei korte hobbitane med store føter og dei onde er orkane med skarpe tenner. Det er kanskje ikkje realistisk at alle orkar er onde, men det er heller ikkje realistisk med magiske ringar og troll. For å ta det litt tilbake til temaet så er det nok grunn til å frykte at serieskaparane av ein Tomb Raider serie hadde ønska å gjere serien meir "realistisk" og med det gjort heile serien mindre interessant. Det store grunnpreget til Laura Croft er at ho både er tøff og sterk samtidig som at ho er feminin med store puppar og korte shorts.
  20. Tokyo er rekna som ein av verdens dyraste byar. Lønnsnivået i Japan er omtrent som i Norge, noko som også betyr at kostnadane er omtrent på norskt nivå. Så du må forvente at hotellprisane er på norskt nivå eller litt høgare sidan Tokyo er ein storby.
  21. Manglande kunnskap har blitt eit stort demokratisk problem, også blant politikarane. Når politikarane får saksgrunnlag som er for store til å klare å sette seg inn i så blir det eit problem, og då kan vi i alle fall ikkje forvente at innbyggarane klarer å sette seg inn i alle aspekt. Brexit er eit godt døme der ein stemte utifrå kva ein trudde var rett, kanskje ein også var så naive at britane trudde at politikarane hadde ein plan for å framforhandle nye avtalar etter EU.
  22. Eg trur ikkje slike ting er ein bevist strategi, mangelfulle spelmekanikk er jo slike ting som kan gjere at fyrste spelet ikkje selg noko særleg og då blir det i alle fall ingen oppfølgere. I eksempelet med Sniper Elite så trur eg at svaret er så enkelt som at dei i utviklinga satsa alt på skytedelen. Det som eg derimot trur er ein bevist strategi er at spelstudioa ikkje tek seg tid til å ferdigutvikle spela før spelet blir utgitt, gjerne som early access. Då får vi spel som manglar diverse funksjonar fordi tida ikkje strakk til, og fordi ein til ei viss grad kan selge dette som DLC på eit seinare tidspunkt.
  23. Det er ganske mange som ryker på intervju-delen, så det handlar nok meir om at PHS ikkje klarer å avdekke alt. Eg er ellers berre delvis einig i at politiet tiltrekker seg maktsjuke personar. Som politimann har ein mykje makt men samtidig er det ikkje like lett å sleppe unna sidan politiet alle følger med på politiet og har låg terskel for å anmelde. For dei som vil praktisere makt finnes det mange andre yrker der ein virkelig kan bølle med andre utan at ein så lett blir tatt for det. Eg trur nok det er meir eit problem med adrenalin-junkies som søker seg til politiet for å kunne køyre fort, bruke våpen, og andre ting som gir spenning.
  24. Er nok ikkje eit stort tap, sjølve historia i Tomb Raider var vel det som var minst interessant. Og for å være ærleg så var Laura Croft ein forferdeleg dårleg arkeolog der ho knuste og øydela historiske gjenstandar i håp om å finne ein skatt. Med mindre dette var planlagt som ein reinspikka action serie så er det lite spennande å hente frå denne merkevaren, då kan dei like gjerne lage sitt eige univers i staden for å lage noko dårleg basert på Tomb Raider merkenavnet.
  25. I beste fall får vi ein rettsleg avklaring på kva som er psykisk vold og kva straffenivået skal være. Det vanskelege med psykisk vold er å bevise at det forelåg ein intensjon om å bruke psykisk vold til å endre eller stoppe uønska oppførsel, som igjen må kunne skillast klart frå det som er lovleg i rollen som foresatt. Den prevantive virkninga kan være at enkelte reflekterer over om deira eigen oppførsel ovanfor eigne barn kan være slik psykisk vold, men eg trur nok at denne situasjonen er såpass spesiell at det er få som vil finne likheiter opp mot oppdraginga av eigne barn.
×
×
  • Opprett ny...