
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 210 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
The Avatar sine prestasjoner
13,8k
Nettsamfunnsomdømme
71
Hjelpsomme svar
-
Aukninga har nok mest med at vi både er flinkare til å diagnoser, og ikkje minst at auka fokus på autisme gjer at fleire ber om ei utgreiing for autisme. Det vil overraske meg om det er ei reell auking i talet på autistar, det bar nok meir at tidlegare så var det ingen som brydde seg. Fungerande autistar som klarte seg sjølv vart berre sett på som litt rare, og det var det. Det er mykje same grunnen til at Norge saman med resten av Norden er i klamydia toppen, I Norge er det mange som tester seg og då er det også mange som får diagnosen. Sydligare land tester mindre og finner derfor også mindre tilfeller.
- 187 svar
-
- 4
-
-
Det et mange dårlige måleeiningar innafor kokkelering. Kopper og skjeer er nemt og må lesast i kontekst av kva land oppskrifta kjem frå. I tillegg er det i mange land vanleg å bruke "feil" måleeining, som at også ingrediensar som er tørre blir målt i volum. Det er stor forskjell på ein kopp med nysikta mjøl kontra ein fullpressa kopp. Ingrediensar som kan komprimerast må målast i vekt om det skal være nøyaktig. Når oppskrifta oppgir volum så er det oftast fordi at mange kjøkken ikkje har tilgang på vekt, og at det å bruke kaffekoppen til å måle opp blir nøyaltig nok. Det er for øvrig nøyaktig same utfordringa når oppskrifta seier at du treng 1 løk og 2 gulerøtter, både løk og gulerøtter kjem i ulike størrelsar og er i liten grad standarisert, særleg på tvers av landegrensene. Ein norsk løk veg vanlegvis ca 180 gram, men heile spennet frå 120 til 240 gram er rekna som normalt. I USA er ein løk på 6 oz (170 gram) rekna som medium løk. Altså er amerikanske løkar i snitt 10 gram mindre enn norske, det betyr ikkje så mykje om du skal bruke ein halv løk. Men om den amerikanske oppskrifta seier 10 løk så er det nok med 9,5 norske løkar.
-
Anmeldelse: The Last of Us — sesong 2
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Poenget med spelet var å fortelle ei historie om kva som skjer når voldsspiralen kjem ut av kontroll. Av dei som faktisk spelte tLoU2 så var det ikkje så veldig splittande, dei fleste sitt igjen med å ha fått servert ei sterk historie. Og fordi det var eit spel der ein aktivt måtte gjere ting for at historia skulle rulle vidare så utfordra den også spelarane på kva ein opplever som rett og galt, så akkurat den delen er eg spent på korleis serien klarer å kopiere stemninga til TV formatet. Dei som var splitta etter tLoU2 var eit høglytt mindretal som hoppa til konklusjonar basert på lekkasje av nokre cut scenes som dei ikkje hadde konteksten til.- 32 svar
-
- 4
-
-
-
Etter mitt syn så er problemet at vi har eit regelverk som gjer det krevande å ta anna mobilbruk enn dei som fysisk held telefonen opp mot øyret under køyring (som etter mitt syn også er litt merkeleg sidan det ikkje er ulovleg å holde annen gjenstand opp til ansiktet under køyring). Den farlege mobilbruken som er det å taste eller lese på skjermen kan ofte berre takast indirekte ved at politiet observerer at føraren har retta synet ned i fanget, og at ein antek at dette dreier seg om mobilbruk. På nattestid kan ein i tillegg sjå lyset frå mobilskjermen, men også her er det så mange bilar med lovlege skjermar at ein ikkje utan vidare kan seie 100% at lyset kom frå ein mobilskjerm og ikkje infoskjermen i bilen. Etter mitt syn er løysinga forholdsvis openbar. Mobilbruk under køyring bør bli "lovleg", då slepp ein også disse paradoksa med at å aktivere mobilskjermen for å sjå om du har fått melding er ulovleg, medan det å lese den same meldinga er lovleg om du gjer det via bilens skjerm. Det som må være ulovleg er å ikkje fylle med på køyringa. Om føraren kræsjer fordi ein pratar i mobiltelefon, les Aftenposten i papirutgave, eller dekker heile ansiktet med ein stor hamburger frå bensinstasjone, det burde være heilt likegyldig. Med slike reglar så kunne trådstarter fint blitt dømt for å ha hold "kropp og blikk mot passasjersetet" då dette i følge politimannen medførte at trådstarter ikkje fulgte med på trafikken. Om trådstarter brukte telefonen og såg på den, eller om ho dreiv med fingergymnastikk og stirra på handa si, akkurat det burde eigentleg ikkje bety noko. Hadde bilen foran bråbremsa så er det like farleg uavhengig av kva som gjorde at føraren ikkje såg på vegen.
- 46 svar
-
- 2
-
-
Anmeldelse: The Last of Us — sesong 2
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg er ganske trygg på at du med god samvittigheit kan droppe episode 2. Dette er ein serie som du uansett ikkje vil like, det er nært utenkeleg at Neil Druckmann kjem til å ta serien i ei heilt anna retning enn det som skjedde i spelet, så å fortsette å sjå i håp om at serien går i ei retning som du er fornøgd med er nok ganske så meiningslaust.- 32 svar
-
- 1
-
-
Kan ikkje sjå at du treng å gjere noko meir. Særleg når du ikkje har brukt denne kontoen til noko som helst. Om dette var ein epost du har aktivt brukt så bør du vurdere å også bytte passord på alle tenester der du har brukt eposten til registrering for å sikre deg mot at nokon har hacka Microsoft-kontoen for å få tilgang på andre tenester du er inne på. Det som mest sannsynleg har skjedd her er at det er nokon som har ganske lik epostdresse som deg sjølv som har feilskrevet epost-adressen ved innlogging, har prøvd nokre gongar med sitt eige passrod som natrulegvis ikkje gir tilgang, og deretter har trykt på "glemt passord" knappen i den tru at dei har gløymt passordet sitt. Husk også at du kan gå inn på loggen for å sjekke kva einheiter som har vært innlogga dei siste dagane, samt lokasjon. Det er ein enkel måte å sjekke om nokon har vært inne på kontoen.
-
Trur Nintendo gjer rett i å forbedre eit konsept som fungerer. PlayStation-sjefen skal i alle fall ikkje uttale seg kritisk om å lage ny konsoll med marginalt betre hardware, Sony har gjort nettopp dette med både konsollen sin og spela som blir utgitt igjen og igjen med små tekniske utbetringar. Det er spennande når Nintendo er kreative og leikne, men samtidig så går gleden av nye måtar å spele på fort over. Wii-en var morro til å begynne med, men no er det nok relativt få som drar fram Wii-en for å spele eit slag med tennis.
- 4 svar
-
- 2
-
-
-
Anmeldelse: The Last of Us — sesong 2
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det hadde blitt ein utruleg kjedeleg serie om hovedpersonen var fornuftig nok til å ikkje ta risiko, og hadde barrikadert seg bak murane. Tenåringar er kjente for å ha elendig vurderingsevne, så at disse to små jentene overvurderer sine eigne evner er ikkje akkurat urealistisk. Forøvrig så har Joel og Tommy like lang erfaring som Ellie og Dina som har hatt heile sin ungdomstid i ein verden med zombiar.- 32 svar
-
- 6
-
-
Om Trump klarer å rive ned demokratiske verdiar som ytringsfriheit og rettferdige rettssaker, så vil dette ta lang tid å bygge opp igjen. All erfaring tilseier at det er vanskeleg å få kasta ein diktator når både demonstrantar og politiske rivalar blir kasta i fengsel.
- 42 svar
-
- 1
-
-
Tips til tipset, kjøper du søppelpose på rull så er det billegare enn vanleg pose om du treng to poser. Resten av rullen kan du kaste etter å ha tatt av to poser (eller legge den igjen til neste kunde). At ein samtidig som innføringa av poseavgiften for å få ned plastbruken ikkje førte statistikk over slaget av avfallsposer, fleirbruksposer, og liknande alternativ er nestne ein liten skandale. For alt vi veit kan den totale plastbruken ha auka sjølv om bruken av handleposar med butikklogo på har blitt redusert.
-
Anmeldelse: The Last of Us — sesong 2
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Basert på fyrste episode av sesong to så blir eg nesten overraska igjen over kor likt spelet dei har klart å lage serien. Det er nesten som at eg blir irritert fordi Ellie ikkje løyste gåten for å finne koden til safen i daglegvarebutikken slik at ho kunne plukke opp litt ammunisjon og ein firefly medaljong eller kva som no var godbiten i spelet. Det positive her er at det for meg ser ut som at vi får historien på ein meir lineær måte, og ikkje slik som i spelet der vi fekk ein synsvinkel om gongen. For TV og film der det å kryssklippe mellom ulike karakterer er uproblematisk så er lineær fortelling å foretrekke. Sjølv om eg har forståing for at det er viktig å få ut ein sesong 2 no før folk gløymer heile serien, så er det urovekkande at både denne og andre anmeldingar dreg frem at sesongavslutninga ikkje er ein spesielt god cliffhanger, her burde dei nok tatt seg betre tid og heller laga ein lang sesong 2 med tid til å fortelle heile historia.- 32 svar
-
- 1
-
-
Det er fint med frivillig skatt, problemet her er at etterkvart som at platposeprisane auker så blir fleirbruksposar til samanlikning mykje billegare. Eg er sterkt bekymra for at poseavgiften gir motsatt miljøeffekt ved at mange ofte kjøper fleirbruksposer som er langt meir ressurskrevande å produsere, og så blir dei liggande heime utan å bli brukt fleire gongar. Litt av poenget med plastposar er at når ein berre treng å bruke posen ein gong så er det langt meir miljøvenleg å bruke ein forholdsvis tynn plastpose i staden for tjukkare posar i nylon eller bomull. No er vi fort på veg dit der ganske mange kan finne på å bruke fleirgongsposar som eingongsposar. Fleire stadar får du kjøpt nylonposer til 10 kr, når vanlige plastposar kostar 7 kr så er det nok mange som kjøper nylonposar i staden for, kanskje har ein til og med intensjon om å bruke posen fleire gongar, før den ender opp med å bli nok ein fleirbrukspose som aldri blir brukt og som til slutt blir kasta. Skal poseavgiften ha god effekt så må fleirbruksposane blir tilsvarande mykje dyrare slik at fleirbruksposar ikkje blir det billegaste alternativet sjølv om den berre skal brukast ein gong.
-
Elektronikkbransjen prøver alltid å snike seg unna reklamasjon?
The Avatar svarte på Abigor sitt emne i Forbrukerrett
Det kan av og til være litt uklart i kva grad eit produkt er meint å vare vesentleg lengre enn 2 år slik at ein får 5 års reklamasjonsrett, særleg på småelektronikk med låg verdi. Og det er nok forklaringa på denne policyen til Elkjøp der dei har prøvd å dumme ned regelen om produkt som er meint å vare meir enn 2 år til at alle produkt som Elkjøp selg som er små nok til å få plass i en pose er billig drit av så låg kvalitet at du ikkje kan forvente at produktet varer over tid. -
Du kan sjølvsagt forhandle, men det er nok lite du får gjort med denne saka. Sjølv om du vinner fram med at du har ein eigrn avtale om at din bonus skal være berre basert på individuelle forhold, så vil du ikkje nødvendigvis få meir i bonus. Ein av dei store ulempane med bonus er at sjefen når som helst kan endre både vilkår og sum, og det inkluderer å vurde deg mot ein heilt ny standard slik at du ender opp med same bonus som du no fekk. Du kan godt kreve å få bonus på dei vilkåra som var avtalt, kanskje også med krav om høgare lønn for å kompansere for ei dårleg bonusordning. Eg ville nok likevel ha førebudd meg på å finne ein betre jobb som betalar det du er verdt, og så treng du ikkje nødvendigvis å takke nei om sjefen kjem springande med eit nytt lønnstilbod etter at du har levert oppseiinga.