Aurland 1 kraftverk har hatt fleire oppgraderingar og utvidingar sidan anlegget blei sett i drift i 1973. No blir kraftverket oppgradert igjen for å gje auka produksjon av fornybar energi, større effekt og redusera framtidige vedlikehaldskostnader. – Ved mykje uregulerbar kraft i nettet, som sol-, vind- og elvekraft, utgjer store magasinkraftverk som Aurland 1 ein betydeleg reserve som kan stabilisera og balansera nettet, forklarer Reinsberg. Anlegget er Hafslund Ecos største og Noregs tredje største kraftverk. Arbeidet starta i 2022 og skal etter planane vera ferdig i 2028. Det omfattar blant anna oppgradering av tre aggregat, nye løpehjul og nytt kontrollanlegg i tillegg til rehabilitering av trykksjakt.