Etter den siste utvidinga av avtalen med EU, som gjeld frå 1. oktober, utgjer den samla kvoteimporten nå nær 7800 tonn storfe, nær 2900 tonn svin, over 1200 tonn småfe og litt over 1500 tonn fjørfe per år ifølgje AgriAnalyse.
Før var kvotene mye mindre. Den såkalla WTO-kvoten på import av kjøtt til redusert toll, som Norge har vore forplikta til sidan år 2000, er på 1084 tonn storfe, 1581 tonn svin, 206 tonn småfe og 663 tonn fjørfe.