Fra Sogn avis(abo)
Grunna manglande kapasitet på linjenettet greidde ein ikkje overføra nok straum frå overskotsområda til underskotsområda, noko som bidrog til dei høge prisane, mellom anna her i Sogn.
– Det er dette me no driv og utbetrar, seier Kenneth Teigenes i Statnett, prosjektleiar for linjeoppgraderinga mellom Refsdal i Vik og Modalen.
Teigenes opplyser at det ikkje skal gjerast noko med sjølve mastene eller leidningane.
– Det skal setjast på fleire glasisolatorar på mastene. Eg trur berre dei aller høgst interesserte vil kunna merka forskjellen, seier han.
Sjølv om arbeidet ikkje er synleg, vil resultatet bli det.
– Ved å gjera dette aukar me kapasiteten på linjene frå 300 kV til 420 kV, som vil seie at effektoverføringa aukar med 40 prosent.