The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 484 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Om The Avatar
- Bursdag 12. jan. 1983
Profile Information
-
Kjønn
Mann
Nylige profilbesøk
Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.
The Avatar sine prestasjoner
12,9k
Nettsamfunnsomdømme
71
Hjelpsomme svar
-
Å løsne litt opp på sexkjøpsloven
The Avatar svarte på Hypomanic vampire sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er jo også likt andre vegen også, når ein straffer kjøparen så kan ein ikkje vite om det også er ein bakmann som ikkje blir tatt. Bakmennene som driver med menneskehandel må takast på anna måte. Sexkjøpslova har som strategi at markedet ikkje lenger skal eksistere fordi ingen av kjøparane tørr å kjøpe åpentbart. Resultatet er fort at nokre av kundane forsvinner, men at dei som blir igjen tvinger den prostituerte ut frå offentlegheita, noko som igjen gjer det farlegare. Alternativt så kunne ein legalisert slik at alt foregikk i det opne, då hadde det også vært vanskelegare å være bakmann utan å bli oppdaga. Etter mitt syn handlar sexkjøpslova meir om at ein ikkje vil sjå prostitusjon slik at ein kan late som det ikkje skjer. Lova gjer lite til ingenting for å verne dei som blir utnytta, snarare tvert imot. Om ein sexkjøpar aner ugler i mosen så går ein vertfall ikkje til politiet som tek dette som ei tilståing og skriv ut bot. Men hadde det vært lovleg også å kjøpe, så hadde nok fleire av dei som er utsatt for menneskehandel kunne fått hjelp sidan det då ikkje er risiko for å sjølv bli straffa. Slik som det er no så blir det som å gå til politiet for å anmelde langaren din for å ha svindla deg og gitt deg melis i staden for narkotika. Gjett kven som blir straffa i det scenarioet og kven som går fri?- 6 svar
-
- 2
-
Kriminelle har ikkje fleire rettigheiter som sådan, det er likevel slik at når ein person blir underlagt offentleg maktbruk så stilles det også strenge krav til at maktbruken er både rettmessig og forsvarleg. Når ein som blir innbrakt til fyllearresten blir vekt kvar time gjennom natta, så er ikkje det fordi at den som er fengsla er har større rettigheiter til å ikkje kvelast av sitt eige spy i løpet av natta, men ved å låse inn personen i fyllearresten så har også politiet tatt på seg eit objektivt ansvar for å ivareta sikkerheita til vedkommande. Om denne fulle personen får gå heim og seinare døyr i si eiga seng så er det utanfor politiet/statens kontroll. Den kriminelle har ei "rettigheit" til å ikkje bli straffedømt for forhold som ikkje kan bevisast. Så at ein slepp tiltale for drapstruing når det ikkje kan førast bevis for at det har blitt ytra ein trussel burde berre mangle. Det er sjølvsagt dumt for den som har blitt utsatt for kriminalitet som den ikkje føreligg tilstrekkeleg med bevis for, men samtidig så kan ein ikkje kaste folk i fengsel berre basert på ein påstand frå ein person. Når det gjeld forvaringsdømte, så kan dei dømmast på ulike måtar. Ein kan dømmast utelukkande til forvaring, i så tilfelle så skal ein sleppe ut når ein har blitt "frisk" nok til det. Men det er også mogleg å dømme til forvaring med minstetid. Då er reglane slik at dersom ein blir dømt til 21 års fengsel så kan minstetida settast til 20 år, og dersom ein blir dømt til 15-20 år i fengsel så kan minstetida settast til 14 år. Eg er også einig i at det virker litt urimeleg at ein som er forvaringsdømt skal få innvilga permisjon, men det er vel på grunnlag av rehabiliteringsopplegget?
- 9 svar
-
- 2
-
Håpet i forhold til standarisering av smarthusfunksjonar er nok at enkelte av produsentane enten inngår samarbeid med andre produsentar, eller at nokre av produsentane blir så store at dei kan levere full pakke av smarthusfunskjonar. I dag er det vanskeleg nok å få Yale sin dørlås til fungere samlaust saman med Yale sin ringeklokke, og enda verre er det når du har ulike produsentar og ulike appar.
-
Det et dette som er kvalifikasjonsprinsippet i praksis. Den som har mastergrad har meir formalkompetanse enn deg med bachelorgrad, og ein kan ikkje diskriminere for å være "overkvalifisert" til jobben. Til ei viss grad er det lov til å legge meir vekt på andre kvalifikasjonar enn berre utdanningsnivå, som til dømes karakterane dine, arbeidserfaring, osv. Det er nok likevel mindre sannsynleg at tilsettingsnemda overstyrer innstillinga til den som har intervjua og tilsetter kandidat nr 2 som har lågare utdanningsnivå. Om dei får midlar til å tilsette ein person til i identisk stillimg alt no i desember så vil det nok være innafor å bruke oppigjen søknadane i staden for å bruke tid og pengar på å annonsere nøyaktig same utlysinga ein gong til.
-
Om det er ei ny stilling så må du søke på nytt. Ein kan sjølvsagt ikkje berre anta at du fortsatt vil ha ein slik jobb om fire månadar. Det dette betyr er at dersom kandidaten som er innstilt som nr 1 takker nei, eller dersom kandidaten enten seier opp eller blir sagt opp i løpet av dei neste seks månadane, så vil du få eit tilbod utan å måtte søke på nytt. Du "eig" med andre ord fyrsteretten til å steppe inn i denne stillinga om den fyrste kandidaten ikkje fungerer. Merk også at sjølv om den som har intervjua deg har prioritert deg som nummer 2, så er det ein liten sjans for at tilsettingsrådet gjer ei anna vurdering. Tilsettingsrådet skal påsjå at det er den som samla sett er mest kvalifisert som får jobben. Eg les ellers mellom linjene at dei har lyst til å tilby deg ein jobb på direkten om dei får budsjett til å tilsette begge. Ei slik nyoppretta stilling i det offentlege skal strengt tatt lysast ut, men det er ikkje utenkeleg at formalitetane blir benda litt om dei er gira på å få deg kjapt inn i stillinga.
-
Utan at det er noko godt svar så er det mange IT selskap som har kontorer og avdelingar rundt om kring i verden. Ofte organisert på litt ulike nivå slik at dei skandinaviske landa er eit nivå, dei nordeuropeiske er neste nivå, osv. I alle slike selskap vil det potensielt være behov for å sende folk til ulike kontor. Fellesnevnaren vil likevel være at disse arbeidsoppgåvene ligg enten til dei som har fagansvar eller som er leiarar. Utvikler #43 på Oslo kontoret blir nok sjeldan sendt til San Francisco kontoret, men sjefsutviklaren ved Oslo kontoret kan nok fort tenkast å måtte reise på møter ved Stockholmskontoret.
-
Ja. Beruselse er nok til at bokstav b er gyldig. Det å være overstadig berusa er nok den definitivt vanlegaste grunnen til at nokon er bevistlaus eller ute av stand til å motsette seg handlingen. Typisk eksempel på sistnemte er ein person som er så full at sjølv om personen seier tydeleg nei både med stemmen og kroppen så er ein så full at ein ikkje er i stand til motsette seg med makt, eller røyse seg opp for å forlate staden. Paragrafen dekker også situasjonar der offeret har blitt neddopa og har blitt bevistlaus av den grunn, men det er nok klart vanlegast at offeret har skjenka seg sjølv og sovna. Frivillig beruselse gir ikkje grunnlag for straffefritak. Det at du sjølv har skjenka deg så mykje at du ikkje klarer å kontrollere deg sjølv er ditt eige ansvar. Dersom nokon andre har gjort deg overstadig berusa utan at du har samtykka til det så kan du bli frifunnet frå kriminelle handlingar du har utført. Det typiske eksemplet her er at du har fått narkotisk stoff som rohypnol i den alkoholfrie drinken din, og så har du sovna bak rattet og køyrt i grøfta. Om du då kan bevise at du ikkje sjølv inntok rusmiddelet så vil du sleppe straff. I situasjonar der offeret er så full at ein er bevistlaus så er det grei skuring at § 291 er oppfylt. Det som er litt meir problematisk er når personen er veldig full men våken slik at det er noko meir uklart om personen har samtykka eller ikkje. Det er også relativt vanleg at dei to partane (som ofte er dei einaste som var i rommet) har heilt ulik oppfatting av om den var entusiastisk samtykke frå begge partar, eller om det berre var den eine parten som var pågåande.
-
Dette blir rein spekulasjon frå min side, men det ville ikkje vært overraskande om den aktuelle videoen er filma i mørket, med ustødig kameraføring, og utan tydeleg ansikt på verken fornærma eller gjerningsmann. Det er typisk slik videoar som er laga i fylla er. Det kan derfor fort være kva videoen eigentleg viser av handlingar, kven som er filma, og kanskje begge delar. Det kan fort være at sterkaste bevisverdien er gjennom dei tekniske forhold og ikkje kva som er avbilda, som når og kvar videoen er tatt opp, og det faktum at den er tatt opp på Marius sin telefon. Om politiet kan vise til at det med høg sannsynlegheit er Marius sjølv som har låst opp sin telefon og som har tatt eit opptak i den aktuelle leilegheita, på det aktuelle tidspunktet, så er det i seg sjølv eit bevis. Ein treng ikkje nødvendigvis å ha 4K video i fotolys for å bevise at det utan rimeleg tvil har forgått ei seksuell krenking. Berre det å filme ein person som har sovna kan i seg sjølv være ei krenking ovanfor ein person som ikkje er i stand til å samtykke, også om det ikkje er noko seksuelt som ligg bak. Det vil normalt sett være lite poeng i å filme ein sovande person om ikkje det er bevegelser eller handlingar som ein ønsker å fange opp.
-
Denne prisen er ikkje nødvendigvis ein hederspris. Vilkåra for å få prisen er: «Med tittelen Årets navn i akademia ønsker Khrono å gi oppmerksomhet til noen som i kraft av sine meninger eller handlinger har gjort seg bemerket og reist eller formet viktige debatter i og/eller utenfor akademia, eller som på annet vis har hatt betydning for akademia som en del av storsamfunnet i 2024.» Kjerkol oppfyller disse vilkåra veldig greit. Ho har både i handling og meining gjort seg bemerka, og ho har sørga for at ein har fått ein offentleg debatt rundt både kva som er juksing og korleis juksarar skal behandlast. I artikkelen er det sitert at begrunnelsen for nominasjonen var blant anna: «Gjennom Kjerkols sak har det blitt tydeliggjort at regelverket praktiseres konsekvent og rettferdig, uavhengig av status, enten det gjelder en menig student eller en statsråd». Sjølv om ikkje alle er 100% enige i at statsråden har blitt behandla heilt likt som andre studentar, så er det utvilsomt at Kjerkol ikkje har fått særbehandling av betydning. Ho er fråtatt graden sin, og fått same "dom" frå klagenemda. Einaste nevneverdige forskjellen er at Kjerkol ikkje også er utstengt frå universitetet, men her er det greit argumentert frå nemda at det er fordi det uansett har gått lang tid mellom ho avla masteroppgåva i 2021 og til ho vart fråtatt graden i 2024. Nemda kunne sikkert for ordens skuld utestengt Kjerkol i to semester frå 2021, men sjølv om ho vart avslørt i 2021 så hadde ho fått prøve igjen i 2022. Ein kunne sjølvsagt utestengt Kjerkol i to semester tellande frå 2024, men dette har ein som nemt greit forklart kvifor det uforholdsmessig når det no uansett er tre år sidan ho satt på skulebenken. Utan at eg er veldig oppdatert på kva som røyrer seg innafor akademia for tida, så er Kjerkol utvilsomt det navnet på lista som har gjort seg mest bemerka og som har ført til mest samfunnsdebatt. Kjerkol (med andre) har bidratt til at det har blitt utarbeida forslag til felles retningslinjer for behandling av juksesaker, med formål at alle universitet og høgskular skal ha mest mogleg lik praksis på både kva som er grensa for juks og korleis juks skal straffast. Til dømes er det ikkje alle universitet som har straffa sjølvplagiat medan andre universitet har slått hardt ned på sjølvplagiat. Kjerkol har gjennom sin juksing tatt opp staffetpinnen etter Borch og fått fokus på at det innafor akademia har vært ein ulik oppfatting av kva som juks, og ein har også fått satt søkelyset på at ein dømmer studentar for forhold som ein del professorar på universiteta sjølv bryt i jobben sin. Eg tenker at dette var ein viktig debatt innafor det akademiske miljøet, som forhåpentlegvis vil medføre at kvaliteten på all høgare utdanning blir betre.
- 792 svar
-
- 1
-
Smarthus er veldig mykje forskjellig, så å påstå at det er ein flopp blir litt skråsikkert. Den aller enklaste formen for smarthus er at du har kopla panelovnen din på eit tidsur slik at panelovnen slår seg av kl 22 og slår seg på igjen kl 07. Husk også at sjølv om mange vil ha smarthusløysingar for å spare pengar, så er ikkje dette den einaste motivasjonen for å ha smarthus. Sjølv om du ofte kan sette likheitsteikn mellom det å spare straum og det å spare pengar, så er dette to heilt forskjellige ting. Til dømes det å lade elbilen om natta er i all hovudsak eit pengesparingstiltak, energibehovet ditt og dermed også miljøavtrykket forblir uendra uavhengig av når på døgnet du lader. Nattsenking av innetemperaturen er rein energisparing som også har den bonusen at du sparer pengar. I tillegg så har du også alle dei smarthusdingsane som ikkje er straumsparande i det heile tatt, men som snarare tvert i mot gir deg eit høgare energibehov i bytte mot komfort. Dette kan være alt frå å montere belysning og kameraovervåking i hagen til at du kjøper deg brødbakemaskin som du programerer slik at du har ferskt brød ferdig i det du stiger ut av dusjen kl. 07.12. Den store ulempen med smarthus akkurat no er at det er mest interessant frå dei som frå før har råd til å investere i smarthusfunksjonar, og som har interesse av å bruke tid på å få smarthuset til å fungere slik som du vil ha det. For dei som har dårleg råd så vil det ofte kunne ta lang tid å tene inn investeringa, særleg om ein har så dårleg råd at ein må finansiere innvesteringa med eit forbrukslån. Og for eldre og liknande som kanskje har mest nytte av ein del av bekvemelegheitene som ein får gjennom smarthus så er det ofte for komplisert å både installere og bruke smarthusfunksjonane. I dag får du kjøpt smarhusfunksjonar av det aller meste, det som ofte er utfordringa er å få alle smarthusfunksjonane til å snakke saman slik at du kan styre alt frå ein app/skjerm.
-
Eg er ikkje ueinig, men ein godt vedlikeholdt bil vil stort sett også ha ein høgare pris. Når ein kjøper bil til under 12 000 kr så er det ikkje sikkert at dei store påkrevde reparasjon og vedlikeholdskostnadane er noko som ein skal bekymre seg for. Om ein slik bil varer i fire månadar så er det fortsatt billegare enn å f.eks. lease ein bil. Litt avhengig av bilbehovet til trådstarter så kan det fort være veldig aktuelt å kjøpe ein slik bil og berre ignorere reprasjonsbehovet og fortsette å køyre til den er heilt oppbrukt. Å bytte f.eks. registerreim før den ryker er eigentleg berre viktig om ein tenker at bilen har så stor verdi at du vil bruke den lenge, om du berre aksepterer at du har bil til motoren skjærer segså kan du ofte strekke strikken veldig langt før til dømes registerreima faktisk ryk under køyring. Det som er viktig er å ha klart for seg kva ein eigentleg vil ha: Bruktbil med lite reparasjonsbehov -> Legg litt pengar i å kjøpe driftsikker bruktbil Bruktbil som du kan reparere sjølv -> Eit av dei meir poulære bilmerka som ikkje er VAG produsert Bruktbil som du køyrer til bilen er kaputt -> Kjøp noko av dei billegaste bilane du finn, dei billegaste er ofte billege fordi det er ein del ting som burde vært gjort på dei. Osv.
-
Her er det mogleg at det er eg som er naiv, men eg meiner at det hadde vært meir skadeleg om kongefamilien hadde hatt ein uttalt mediastrategi. Sjølv om formålet med ein slik strategi ville vært å vise openheit så veit eg ikkje om det hadde vært meir tillitsvekkande at kongehuset gjekk aktivt ut for å styre media. Det at dei sitt forholdsvis stille i båten og let statsapparatet gjere jobben sin tenker eg er meir tillitsvekkande enn om ein skulle jobbe aktivt ut mot media. Eg er også noko usikker på om det hadde vært meir seriøst handtert av kongefamilien om ein tidleg gjekk ut og kasta Marius under bussen. For det hadde vært vanskeleg for kongehuset å ha ein tidleg PR strategi som ikkje hadde gått ut på å førehandsdømme Marius nord og ned for å på den måten både vise at dei tek anklagane på alvor, og ikkje minst for å kunne klatre oppigjen på den moralske høghesten. Dersom det var Håkon og Mette-Marit som var konge og dronning så trur eg også at saka hadde blitt handtert på ein anna måte ettersom saka hadde vært tettare på kongeparet. Etter mitt syn så er det rimeleg stor avstand mellom det som omhandlar det norske monarkiet, og det som omhandlar Marius. Ein mediastrategi frå kongehuset som hadde komt Marius til gode hadde slik som eg ser det vært meir problematisk ettersom ein då hadde brukt kongehusets ressursar på noko som kan oppfattast som eit forsvar for Marius sine gjerningar.
-
Det vil det nok være naivt å tru. Fellesnemnaren for slike saker er at det er notorisk vanskeleg å bevise. Siktinga frå politiets side er nok utelukkande basert på at situasjonen var slik at ei sovevoldtekt kan ha skjedd. Kva som blir utfallet av slike siktingar er etter mitt syn litt tilfeldig, og blir i overkant avhengig av om dommaren får inntrykk av at den sikta ville ha gjort noko slikt eller ikkje. Dette vil objektivt sett være brot på besøksforbodet. (Litt av kritikken mot dagens besøksforbodsordning er at det alltid er den som har besøksforbod som må flytte seg frå butikken, baren, osv om den som ein har besøksforbod mot skulle dukke opp). Uansett, det er nok mange slike situasjonar som skjer der det er den andre parten som tek kontakt. I praksis får ikkje det konsekvensar med mindre det blir anmeldt, noko som vanlegvis ikkje skjer dersom begge partane møttes og skiltes utan dramatikk. No når episoden har blitt offentleg kjent så kan kven som helst anmelde Marius for brot på besøksforbodet. Dersom politiet etterforsker denne episoden som brot på besøksforbodet så blir det nok baka inn i den tidlegare siktinga for brot på besøksforbodet. Tviler på at dette blir oppretta som ei eiga sak.
-
Om toget går Oslo-Roa-Hønefoss, eller Oslo-Drammen-Hønefoss, er relativt likt. Via Roa er kortare enn via Drammen, men den auka reiseavstand blir tatt inn gjennom høgare hastigheit. Om ein bygger ny jernbane frå Oslo/Sandvika til Hønefoss så blir det klart kortaste vegen. Argumentet om å legge Bergensbanen via Roa fordrer at jernbanesporet blir oppgradert slik at den kortare reisevegen ikkje blir spist opp av lengre køyretid. Med eksisterande infrastruktur gir det ingen meining å gå via Roa, då kan ein like gjerne gå via Drammen og få med seg passasjerane derifrå.