Gå til innhold

Kjøp av bærbar maskin for lett mediebruk (bilder, musikk osv.)


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Stiller dette spørsmålet for ein kompis, då eg sjølv ikkje har kompetanse nok til å uttale meg om maskiner som hovudsakleg skal køyre Windows.

 

Ein kompis av meg har bestemt seg for å legge den fem år gamle IBM-maskina si på hylla, og er difor på utkikk etter ein ny bærbar. I går var han og henta ein ny Acer Travelmate 6592, men den innebygde mikrofonen på denne maskina var faktisk av dårligare kvalitet enn den som er på ei fem år gammal IBM-maskin. Det innebygde kameraet var også dårlegare enn eit 200 kroners tilbehørskamera kjøpt på Expert.

 

Kriteria er som følgjer:

  • Godt innebygd kamera
  • God innebygd mikrofon
  • Minst mogleg proprietære tulleapplikasjoner
  • God byggkvalitet overall
  • Maks 12.000 kr
  • Maks 15'4 skjerm
  • HELST innebygd webkamera, viss det er mogleg å noko av kvalitet innanfor prisklassa

Anbefaler sjølv at han kjøper seg ein MacBook eller MacBook Pro, då hovudbruken er Skype, iTunes/iPod, bildehåndtering, surfing og børsen.

 

Kva meinar folket? :)

 

Takk!

Endret av Henrik Lied
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Jeg ville ha kikket litt på Dell sin XPS M1530.

 

Akkurat nå er det mellom 1.000 og 2.000 kroner rabatt, så her kan man gjøre et godt kjøpt.

Eller så kan han kikke på XPS M1330, som er litt dyrere.

MacBook er jo også et veldig godt alternativ.

Ok, takk!

 

Har du testa kameraet på denne Dell-maskina? Det er veldig viktig for han at dette er av høg kvalitet.

Lenke til kommentar

Lenovo T61-serien er iallefall eit godt alternativ. Einaste du ikkje får med her er Webkamera, men det går du dessverre glipp av på det meste av business-modellar. Fordelen med å gå etter slike "business-maskiner" er at dei har eit langt større fokus på byggekvalitet og kvalitet enn typiske heimemaskiner. Lenovo har iallefall eit godt rykte på seg innan denne sjangeren. Lenovo er forøvrig det merkenavnet IBM leverer sine maskiner under (elns) i dag.

 

Ellers går det jo an å sjå på Compal-maskinene Multicom har. Kan konfigurerast i veldig stor grad sjølv, og har medium til god byggekvalitet.

 

Ellers går det óg an å sjå på HP Compaq og ein del ASUS-modellar. Stort sett god byggekvalitet og lite kluss.

 

Einaste du verkeleg må halde deg unna er vel HP sin Pavillion-serie.

 

:)

 

Edit:

Litt sein, men here goes:

Angåande kvalitet på innebygde webkamera er den ganske varierande, men stort sett aldri på høgde med vanlige eksterne kamera. Dersom bildekvaliteten er veldig viktig, hadde eg gått for eit eksternt kamera sjølv iallefall.

Endret av Arve Systad
Lenke til kommentar

Henrik: Har sjølv ein MacBook og ein MacBook Pro, og eg syns at kvaliteten på kameraet her (samt lyden) er av absolutt akseptabel kvalitet. Så om vi sett det kameraet som "standarden" gjev det vel kanskje ein betre peikepinne. :)

 

Arvis: Han har sett mykje på Lenovo-maskinene, og det er eigentleg det han har lyst på (sidan han er ganske innkøyrd med tastaturet og maskinene generelt sett). Tingen er berre at han verkeleg vil ha eit integrert kamera, og det får du ikkje på Lenovo-maskinene med mindre du betalar 20.000 ++. Men Lenovo er absolutt på lista. :)

 

La forslaga komme! :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...