Gå til innhold

Permanent legge undertekst i avi fil?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
  • 2 uker senere...

Takk skal du ha det gjorde susen!! Men visst dere ser på den guiden, på det siste bilde så har fyren som ha laget denne guiden en rekke codec som jeg ikke har? Hva visst du vil ha filmen i lik kvalitet som før du satt teksten på?

 

Jeg prøvde uten noe form for kompresjon og da stå det: projected file size 63.GB :ohmy:

 

 

Hvilken codec i denne sammenhengen får jeg god kvalitet på og max 4.7 Gb output file sånn ca?

Endret av dinosauren
Lenke til kommentar

Om du vel å ikkje bruke noko codec, vert det ukomprimert video, noko som gjer at storleiken vert mykje større. Kvaliteten vert i beste fall lik.

 

Skal du berre sjå den via PCen, bruk XviD. Skal du brenne den på ein video-DVD er det eigentleg det same kva du lagrer den som, då den må konverterast til MPEG2 igjen før det. Det er ikkje mogeleg å lagre som MPEG2 direkte frå Virtualdub.

 

For å få best mogeleg kvalitet med XviD frå Virtualdub, gjer følgjande:

Video --> Compression. Vel XviD frå lista, trykk configure, vel Twopass - 1st pass. Trykk OK og OK. Trykk F7, skriv inn filnamn og vel stad å lagre. Før du trykker Save, hak av for «Don't run this job now; ...» nede i venstre hjørne. Trykk Save, og tilsynelatande skjer ingenting (noko som er rett)

 

Gå so inn att i Video --> Compression --> Configure. Vel Twopass -2nd pass. Står det «Target bitrate» trykk på den knappen so det står «Target filesize» i staden. Skriv inn ynskja filstorleik i feltet. Ca. 700MB (700 000 skal det då stå i feltet) eller omlag det dobbelte er vanlege storleikar. Trykk OK og OK. Trykk F7, skriv inn filnamn og vel stad å lagre. Før du trykker Save, hak av for «Don't run this job now; ...» nede i venstre hjørne. Trykk Save, og tilsynelatande skjer ingenting (noko som er rett).

 

Til sist, for å lagre filmen, trykk F4, og i vindauget som kjem opp, Start. Om du får ei melding der det står «Statsfile not found» eller noko slikt, slett begge oppføringane frå lista der, og so må du gjere alt på nytt, med ein ekstra ting å sjekke. Kvar gong du er inne på innstillingane for codecen (Configure), klikk på knappen «more» ved sida av Twopass - 1st/2nd. Fyrste gong, sjekk at adressa til i feltet øvst (Stats filename) går til ei mappe som finst. Endre gjerne til skrivebordet e.l., og skriv inn eit filnamn som ender på .log. Til dømes C:\Documents and Settings\[namnet på brukaren din]\Desktop\xvid.log Andre gong, sjekk at det står det same som det gjorde fyrste gong, eller det same som du endra til. (Forresten, du kan eigentleg berre gjere dette uansett, slik at du er sikra mot feil.)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...