Gå til innhold

Kopibeskyttelsar på PC-spel


Anbefalte innlegg

Eg irriterar meg stadig vekk over kopisperrene speultviklarar legg inn, og etter å ha oppdaga at det å fjerne dei på Gothic 3 nesten halverar lastetidene, bestemte eg meg for å høyre kva Forbrukarombodet hadde å seie om dette. I tilfelle fleire her interesserte i kva dei svarte, tenkte eg å poste det her (har spurt om løyve til å sitere eposten).

 

Her er eposten eg sendte:

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
Hei,

 

eg lurte på korleis de ser på det med kopibeskyttelse på dataspel? Som

kjent legg spelutviklarar vanlegvis ei eller anna form for sperre som skal

hindre folk i å kopiere spelet på mediet det blir levert på. Hensikta med

dette skal vere å begrense piratkopiering og dermed sikre at kun dei som

har betalt for spelet kan spele. Dette er sjølvsagt fullstendig rimeleg, i

teorien. I *praksis* er det som skjer i beste fall at det går eit par

dagar ekstra før ein piratversjon av spelet dukkar opp på Internett, som

deretter fritt kan lastast ned. Dette er utviklaren sitt problem. *Vårt*

problem, vi som har kjøpt spelet og har ein fullstendig lovleg kopi, er at

vi må leve med bivirkningane av kopibeskyttelsen, som kan variere frå

mildt irriterande til ekstremt problematiske, avhengig av kor tung

beskyttelsen er, og korleis han er laga. Den mildaste bivirkninga, som vi

ser på nesten alle spel, er at ein må sette inn CD-en eller DVD-en når ein

startar spelet. I oppstarten køyrer spelet då kode som undersøker om det

som står i stasjonen er ein gyldig CD eller DVD. Dette har følgjande

ulemper for forbrukaren:

* Han må leite fram mediet og legge det i stasjonen. Dette er ikkje ei

stor plage, men det er meir tungvint enn å berre starte spelet direkte

frå harddisken. I tidlegare tider, når CDROM var gigantisk, og

harddiskane litt mindre, var det ikkje uvanleg at spel brukte filer som

låg på CDen for å gjere installasjonen på harddisken mindre, men i dag er

dette fullstendig meiningslaust.

* Han får ekstra slitasje på mediet.

* Der vil vanlegvis vere ein ekstra tidsforsinkelse i det CD/DVD spinn opp.

* Dersom mediet vert øydelagt, kan han ikkje lenger bruke spelet.

 

Dette er dei mildaste ulempene ein kan få. Dessverre er der

kopibskyttelsar som går mykje hardare til verks. Nokon kan verifisere

mediet gjentatte gongar medan ein spelar, som t.d. TAGES

(www.tagesprotection.com). Dersom verifiseringa går feil, kan dette

systemet reagere ved å *snike inn* feil i spelet, noko som for meg står

som ein urimeleg og ondskapsfull reaksjon. Kva om verifiseringa feila på

grunn av eit teknisk problem? I tillegg vil den stadige opp- og

ned-spinninga av mediet kunne gi problem med ytelse, samt forårsake støy.

 

Enkelte kopibeskyttelsessystem går endå lengre, slik som det berykta

"Starforce". Slike system kan infisere operativsystemet på ein

virus-liknande måte, og forårsake både tekniske og sikkerheits-relaterte

problem.

 

Og det verste med alt dette, er at det er vi som *kjøper* spela våre,

fullstendig lovleg, som blir ramma. Dei som lastar ned piratversjonen, vil

få eit spel der kopibeskyttelsen (eller -ane) er fjerna. Forbrytelsar

lønnar seg. Skal det vere slik at for å få fullt utbytte av noko ein har

kjøpt i butikken, må ein inn på Internett og laste ned piratkopien frå

tvilsame nettsider, med alle dei risikoane det medfører? Eg synest dette

er uhyre lite gunstig for oss lovlydige forbrukarar. Har Forbrukarombodet

gjort seg nokon tankar om dette? Er der noko i lover og forskrifter som er

relevant?

 

Eit anna aspekt er at ein generelt ikkje veit kva ein får av

kopibeskyttelse, med mindre ein er i stand og villig til å leite rundt på

Internett for å finne det ut. Ville det ikkje vore rimeleg å kreve at

spela vart merka med kva type kopibeskyttelse dei hadde, når dette kan ha

ganske stor innverknad på kor godt dei vil fungere?

 

...og her er svaret frå ein jurist hos Forbrukarombodet:

Klikk for å se/fjerne innholdet nedenfor
Hei,

 

Forbrukerombudet har tidligere ikke vært spesielt involvert i bruken av

kopibeskyttelse på dataspill, men vi har stor forståelse for at dette er noe

som engasjerer forbrukere. Generelt mener vi at produsentene vil ha rett til

å legge inn kopisperrer på både dataspill, musikk og andre digitale filer,

men at det går visse grenser for hvordan kopisperren kan utformes, hvilken

informasjon forbukerne skal få om kopisperren osv. Vi har imidlertid hverken

hjemmel til eller ønske om å forby kopisperrer som sådan, selv om vi kan

være enig i at disse i en del tilfeller kun rammer lovlydige borgere som kun

har ønske om å ta sikkerhetskopier o.l. (Dette tror jeg for øvrig deler av

bransjen begynner å innse selv også. For musikk er det eksempelvis langt

mindre vanlig å ha kopisperrer på CD'ene enn det det var bare for et par år

siden.) Vi vil derimot kunne gripe inn mot mer "ekstreme" kopisperrer,

dersom de f.eks. gjør det urimelig tungvint å få tilgang til spill, dersom

det samles inn personopplysninger i strid med personopplysningsloven m.v.

 

Det er vel likevel et spørsmål om hvor mye ressurser vi har til å behandle

denne typen henvendelser, da vi får mange tusen henvendelser fra forbrukere

i løpet av året, og vi dessverre ikke har kapasitet til å gripe inn i alle

forhold som kan være i strid med vårt regelverk. Dersom du utsettes for

kopisperrer som du mener er åpenbart urimelig, vil jeg likevel anbefale deg

å klage det inn, så får vi eventuelt vurdere om og hvordan vi skal angripe

problemstillingen.

 

Jeg er for øvrig enig med deg at det kunne være en god idé å kreve at

spillene merkes bedre, slik at forbrukerne vet hva slags kopisperrer som

følger med. Vi gjorde noe lignende for musikk-cd'er for noen år tilbake, men

har ikke gjort noe lignende overfor spillbransjen foreløpig. Vi holder for

tiden på med å planlegge virksomheten for neste år, og vi vil ta med oss

henvendelsen din i planleggingen for å se hva vi kan/bør få gjort på dette

området.

 

 

Med vennlig hilsen

for Forbrukerombudet

 

Eg merkar meg at han anbefalar å klage det inn når ein blir utsatt for urimeleg kopibeskyttelse, og det håpar eg folk vil gjere. Dersom spelet snik-innstallerar driverar som skapar sikkerheitsrisiko, eller gjer systemet ditt ustabilt, eller urimeleg skadar spelopplevinga, sei ifrå til Forbrukarombodet. Dersom dei får nok henvendelsar er der ein sjanse for at dei gjer noko...som t.d. å kreve merking. Om ikkje anna kan det jo bidra til å sende eit signal til spelindustrien om at vi er leie av å bli straffa for andre sine lovbrot.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...