Garegaupa Skrevet 21. september 2006 Del Skrevet 21. september 2006 (endret) Eg har Windows XP Home med Service Pack 2 installert på maskina mi. Eg har eit par mapper fulle av Word-dokument som eg skulle brent over på ei DVD+R-plate, men dette får eg ikkje gjort. Når eg prøvar å kopiere mappene over på DVD-brennaren, får eg fylgjande feilmelding: "Windows oppdaget et problem under kopiering av denne mappen. Hva vil du gjøre?" Meir står det ikkje om denne feilen. Alternativa er "Prøv på nytt", "Hopp over" og "Avbryt". Andre mapper let seg fint kopiere på denne måten. Når eg ser på eigenskapane til mappene eg ikkje får kopiert, ser eg at i avkrysningsfeltet for skrivebeskyttelse så er det ein firkant (altså "mellomtingen" mellom eit tomt felt og ei hake). Når eg prøvar å slå av dette, så er denne firkanten tilbake neste gong eg ser på eigenskapane. Eg veit ikkje om det er dette som forårsakar problemet mitt, men eg tenkte det kunne vere greitt å nemne det. For øvrig går det fint å kopiere mappene til dømes til ein annan harddisk. Kva kan vere problemet? Endret 21. september 2006 av Garegaupa Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 21. september 2006 Forfatter Del Skrevet 21. september 2006 OK, då fann eg ut av det. Eg prøvde eit program som heiter Cheetah, og då virka alt som det skulle! Sidan problemet er løyst, skal eg be ein moderator om å stengje tråden. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg