Gå til innhold

Hva er galt med videokameraer som lagrer på DVD?


Anbefalte innlegg

Det har kommet en del kritikk på kameraer som lagrer på DVD i stedet for på DV-bånd. Har fått en forståelse om at disse kameraene er dyrere enn de med DV-bånd hvis man sammenligner pris og kvalitet. Dessverre har jeg ikke sett noen som har forklart hvorfor.

 

Sony DCR-DVD92E til ca 5000 kroner bør vel være bedre enn f.eks Sony DCR-HC23E til ca 3500 kroner?

 

Mange mener at redigeringsmulighetene er dårligere på kameraer med lagring på DVD enn de med lagring på DV-bånd, men ingen har utdypet hvorfor.

 

Ser også at lagringskapasiteten er dårligere på DVD enn DV-bånd.

 

Det som derimot er viktig for meg er kvaliteten på selve bildet og redigeringsmulighetene.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Dessverre har jeg ikke sett noen som har forklart hvorfor.
Skal prøve. Det fyrste eg kan seie, er at DVD-plater av den typen som vert brukt i DVD-kamera skal vere relativt vanskelege å få tak i, samtidig som dei er relativt dyre.

 

Sony DCR-DVD92E til ca 5000 kroner bør vel være bedre enn f.eks Sony DCR-HC23E til ca 3500 kroner?
Høgare pris må ikkje nødvendigvis bety betre kvalitet. Det kan vere at DVD-kamera er dyrare å produsere, men det må ikkje bety at teknologien er betre.

 

Mange mener at redigeringsmulighetene er dårligere på kameraer med lagring på DVD enn de med lagring på DV-bånd, men ingen har utdypet hvorfor.
Eg har iallfall sagt dette meir enn ein gong. Når ein filmer med eit DVD-kamera, vert videoen lagra med formatet MPEG2 på platene. Dette formatet er i utgangspunktet dårleg eigna for redigering, då videoen ikkje vert komprimert bilete for bilete, men i grupper av bilete. Det fyrste og siste biletet i ei slik gruppe vert lagra i si heilheit, medan dei mellom berra har lagra endringane frå den fyrste og siste.

 

Dette gjer at ikkje alle redigeringsprogram klarer å redigere desse filene, og det er ikkje sikkert andre program enn det som følgjer med kameraet er i stand til det. Det kan vere at redigering av MPEG2 har vorte meir vanleg i det siste, på grunn av HDV (som og bruker MPEG2), men eg er ikkje sikker på at det betyr at filer frå DVD-kamera vert støtta (men det er eg ikkje sikker på, so andre må bekrefte/avkrefte det). MiniDV er i alle tilfelle støtta av bortimot alt av programvare ein kan finne.

 

Det som derimot er viktig for meg er kvaliteten på selve bildet og redigeringsmulighetene.
Og då er miniDV det beste valget. Både miniDV- og DVD-kamera følgjer PAL-standarden, so oppløysninga er den same. DV-formatet er derimot ikkje komprimert i like sterk grad som DVD-formatet, og det kan gjere utslag på kvaliteten. Om du vil sjå forskjell på ein vanleg TV veit eg ikkje, men det kan vere. Redigering er betre av dei grunnane nemnt over.

 

Du finn linkar til andre trådar som omhandlar DVD vs. DV (vs. harddisk/flash) her:

https://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=505900

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...