Gå til innhold

Erfaringar med www.ipodbatteri.no?


Anbefalte innlegg

Har tenkt å skifte batteri på iPoden og kom over denne sida: ipodbatteri.no.

 

Originalt står det eit 630 mAH-batteri i iPoden min (3G) og ipodbatteri.no kan skifte dette med eit på 1100mAH for 450,- pluss frakt.

 

Dette ser jo ut som ein god deal, men det er nå ein gang sånn at eg er generelt litt usikker på ukjente nettsider og greier, så om nokon har erfaring med www.ipodbatteri.no og vil dele dei med meg og resten av forumet ville det vært supert!

 

iPodbatteri.no held til i Oslo, nærmare bestemt Industrigt. 28b på Majorstuen og sidan eg bur på vestlandet har eg ikkje anledning til å besøke dei personleg.

 

Eventuelt kan eg jo ta saken i eigne hender, på den måten slepp eg å sende iPoden av stad. Fant Playmofetish sin batteritråd, men er det nokon som har prøvd batteriene frå ipodbatteri.no?

 

Oppdatering!

2 dagar etter eg bestillte batteriet kom det i posten og ein faktura på 350 kroner. I pakken var det eit iPod-batteri og 2 verktøy. Sakna ein veiledning til operasjonen, men fant den lett på internet.

 

Verktøyene vart eg ikkje så imponert over, dei var for mjuke og vansklige å bruke. Hadde eg prøvd lenge nok ville det sikkert gått, men eg fant noko eg hadde liggande her. Ein slags plastsak som kan minne om eit flatt skrujern, med den gjekk det fint.

 

Eg fekk også av lydkabelen som heng fast på metalldekselet, dette gjorde arbeidet ein del lettare. Pluggen står i hovudkortet og kan lett fjernast med eit tynnt verktøy.

 

Skifte gjekk veldig greit, sleit litt med å få harddisken tilkopla igjen, men den kom til slutt.

 

Før demonteringa testa eg batterilevetida, og den varte i 5 timar, den har altså tapt 3 timar på 2 1\2 år.

 

Akkurat no driv eg å testar batterilevetida på det nye batteriet. Satt iPoden på halv 3 i natt og den gjekk i 11 timar før det var slutt på morroa. Etter 9 timar gjekk ikonet til batteriet på iPoden tomt og eg trudde det var det, men iPoden klarer nok ikkje å tilpasse seg det nye batteriet heilt, for no har den gått 2 timar utan ein einaste strek på ikonet.

 

Eg kjem tilbake om det skulle oppstå problemer, men så langt er eg meget nøgd med batteriet frå www.ipodbatteri.no. Anbefales :thumbup:

 

Dei reklamerte med 70% lengre levetid, men dette stemte ikkje, eg fekk ein økning på circa 40%.

Endret av zeph
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
En kompis av meg utførte operasjonen selv med meget vellykket resultat på sin iPod 3G. Kan trådstarter vurdere å lage en guide når han mottar batteriet, dette er interessant for mange. Tror jeg har lest en slik ett sted men husker ikke hvor.

5569617[/snapback]

Ein sånn tråd eksisterer allerede her.

 

Men eg skal komme med tilbakemelding både i denne og Playmofetish sin tråd angåande kvaliteten på batteriet.

 

Lord^: Så sant som det er sagt, ein kjempespelar. Har sett fleire 4G og alle sliter med riper og problemer. Har ikkje hatt eit einaste problem med min 3G :thumbup:

Lenke til kommentar
Lord^: Så sant som det er sagt, ein kjempespelar. Har sett fleire 4G og alle sliter med riper og problemer. Har ikkje hatt eit einaste problem med min 3G :thumbup:

5570514[/snapback]

Har en 3G jeg og, men min har en del riper på seg, men det er ikke akkurat noe jeg bryr meg om. Digger lyset i knappene, noe de nye iPodene mangler. Ser skikkelig fint ut i mørket!

Lenke til kommentar

Det var jo en hyggelig oppdatering. Hvordan er det med kanten der du åpnet iPoden? Jeg ser for meg at du bøyer metallkanten ut for å få løsnet bakdekselet... Når du setter den på igjen, er den da helt glatt i overgangene?

 

Slet litt med å formulere sprøsmålet, men jeg anntar at du skjønner hva jeg mener :D

Endret av Lord^
Lenke til kommentar

Eg prøvde å bøye tilbake metallet litt før eg monterte iPoden igjen. Ein liten kan er det, merker litt forskjell med ei nagl om eg kjenner rundt heile spelaren.

 

Kom akkurat på at for ei tid tilbake hadde eg ein synleg sprekke akkurat der eg løsna dekselet. Korleis den kom veit eg ikkje, men eg fekk den greit på plass igjen. Om det har hatt noko innverknad på metallet kan eg ikkje sei.

 

Kanten rundt heile iPoden er ikkje lik. På eine sida er det kvite dekselet lengst ute, andre sida er metalldekselet. Veit ikkje korleis det er med ditt?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...