Gå til innhold

Guide: Frå DV-kamera til PC - USB vs. firewire


Anbefalte innlegg

Det følgjande gjeld for digitale kamera som tek opp på kassett. Det vil seie DV-kamera, HDV-kamera, Digital8-kamera og MicroMV-kamera. (Dei to siste er vel ikkje so veldig aktuelle no lengre, men eg tek dei med likevel.)

 

 

Eg vil overføre det eg har filma til PCen, kva skal eg bruke?

 

Når ein kjøper eit DV-videokamera i dag, følgjer det kanskje med ulike kablar for å kople til TVen og ein USB-kabel.

 

Det som er dumt med det, er at ein ikkje kan overføre video frå tape til datamaskina i full kvalitet med ein USB-kabel*. Den medfølgjande USB-kabelen har difor berre eitt hovudområde for bruk: Overføring av stillbilete (og video) frå minnekortet til datamaskina. Den kan og i enkelte tilfelle, med spesiell programvare, brukast til å streame video direkte frå tape. Problemet med dette er at ein får video som er komprimert mykje, med veldig låg kvalitet, og dermed dårleg eigna for redigering.

 

Difor: Skal ein redigere noko av det ein har filma, og kanskje brenne det på DVD, og i stort sett alle andre tilfelle, er firewire den einaste løysninga. I det neste avsnittet skriv eg meir om firewire.

 

*: Nokre av dei nyaste DV-kameraa frå Panasonic kan visstnok overføre video i full kvalitet med den medfølgjande programvara og USB-kabelen. Desse representerer dermed eit hyggjeleg unnatak frå det vanlege.

 

Firewire.

 

Kjært barn har mange namn. Slik er det og med firewire. Andre namn som vert brukt er DV-ut/inn, i.Link (Sony sitt namn) og IEEE1394 (det offisielle namnet på standarden). Det finst tre ulike firewire-inngangar/pluggar, men berre to av dei er relevante for dei av oss med DV-kamera. (Eller MicroMV-/HDV-/Digital8-kamera) Det er dei to de kan sjå på biletet her (beklager dårleg kvalitet):

 

post-21406-1203603426.png post-21406-1203603436.png

Den fyrste av desse, er det som vert kalla 6-pins firewire, medan den andre vert kalla 4-pins firewire.

 

Om du undersøkjer portane på kameraet ditt, vil du finne ein port som er lik den siste: 4-pins. Det er denne du skal bruke til overføringa.

 

Kva slags port du har på datamaskina avheng av maskina. Det er ein del stasjonære, og mange berbare som i dag vert levert med firewire-port, men forskjellen ligg i at dei stasjonære som regel vert levert med 6-pins firewire, medan dei berbare gjerne har 4-pins. Forskjellen på dei to er berre at 6-pins ogso kan levere straum. Overføringshastigheita er lik.

 

Om datamaskina di ikkje har firewire-inngang, må du kjøpe eit firewirekort. Skal du ha til ein stasjonær må du ha eit PCI-kort, som då må setjast inn i maskina. Bruker du berbar, treng du eit PC-kort (og kjend som PCMCIA-kort) eller ExpressCard, som kan setjast inn/takast ut av PCMCIA-/ExpressCard-porten etter ynskje. Dette kan ein kjøpe på ein lokal dataforhandlar (som t.d. Expert eller Elkjøp) eller på ein nettbutikk (som t.d. Komplett, PSData eller PCUtstyr). Kva type kort som passer til di maskin må du finne ut av sjølv.

 

Du må og kjøpe ein kabel. Pass på at du kjøper riktig type! Som sagt har kamera alltid firewire-port av typen 4-pins. Om du har 4-pins inngang på datamaskina, må du då kjøpe ein kabel som er 4-/4-pins. Har du den andre typen inngang, 6-pins, på datamaskina, må du kjøpe ein kabel som er 4-/6-pins.

 

Overføringa.

 

Om det er nokon som er i tvil, skriv eg her litt om korleis sjølve overføringa går føre seg.

 

Program.

Du har kopla kamera til firewire-porten i maskina, kamera skal stå på Play/VCR, og er klar. Det du treng no er eit program som kan ta seg av overføringa - capturing som det heiter på godt norsk. Dette er i dei fleste tilfelle det same programmet som ein bruker til redigeringa, og det finst mange som kan gjere jobben. Sjå i oversikta over redigeringsprogram for ei liste over aktuelle program.

 

Det finst og program som er spesialiserte for overføring. Eit som mange anbefaler er Scenalyzer LIVE. Det koster litt, men er enkelt å bruke. Det finst i ein freeware-versjon og, men då med begrensa funksjonalitet. Dei aller fleste vil ikkje trenge noko eit ekstra program for å gjere jobben, men Scenalyzer er eit program som kan vere nyttig. Sjå innlegget til jorbje for meir info, og fordelar med det.

 

 

Prosessen.

Men prosessen er eigentleg veldig enkel uansett. Ein eller annan stad i programmet vil du truleg finne ein funksjon som heiter «Capture». I Adobe Premiere Pro, Windows Moviemaker, Sony Vegas ligg denne på fil-menyen: Henholdsvis File --> Capture, Fil --> Importer fra digitalt videokamera og File --> Capture video.

 

Du får opp eit vindauge der du kan sjå kva som er på tapen, spele av og spole fram og tilbake. For å overføre spoler du deg fram til riktig stad på tapen, trykker Play, og so Record. Overføringa skjer i sanntid, so det vil ta t.d. 30min å overføre 30min med opptak.

 

Scene detection.

Dette er ein funksjon dei fleste, men ikkje alle program har. (Scenalyzer har den.) Den gjer at opptaka vert delt inn i fleire deler automatisk. Det finst ulike måtar å gjere det på, men den mest vanlege er truleg tid/dato-basert scene detection. Om ein har dette, vil programmet lage ei ny fil for kvar gong den finn eit opphald i datoen/klokkeslettet som kameraet registrerer, altso kvar gong du har hatt ein pause i opptaka. Dette lettar redigeringa veldig, då ein ikkje får eitt langt klipp, som ein då må dele opp manuelt, men klipp som tilsvarer det du har tatt opp, ferdig oppdelt. Ein annan måte å gjere det på, som kanskje ikkje er like bra, er optisk scene detection. Dette går ut på at programmet "ser" store plutselege endringar i biletet, og starter ei ny fil der.

 

For dei som bruker Pinnacle Studio, er det mogeleg å gjere dette i ettertid, ved å gå Album --> Detect Scenes by video content. Men merk at dette ikkje deler opp fila i mange mindre filer, ein lager berre referansar til punkt i fila. Dei referansane vert lagra i ei *.SCN-fil som følgjer med AVI-fila.

 

 

Litt meir teknisk om firewire - for dei spesielt interesserte.

 

Det finst to ulike firewire-standardar:

  1. IEEE1394a: Dette er "vanleg" firewire, òg kjend som firewire 400, då den har ein teoretisk maksfart på dataoverføring på 400Mb/s, noko som tilsvarer 50MB/s.
  2. IEEE1394b: Dette er og kjend som firewire 800, og har som de sikkert forstår, ei teoretisk maksfart for dataoverføring på 800Mb/s, som tilsvarer 100MB/s. Dette er då den tredje typen firewire-porten eg snakka om i byrjinga.

-Firewire 400 vert mest brukt til eksterne harddiskar og for overføring av video frå tape.

-Firewire 800 vert meir og meir populært for dei som treng eksterne lagringseiningar med mogelegheit for stor hastigheit på filoverføringa, noko som er nødvendig når ein t.d. arbeider med HD video. Det er få PCar med innebygd firewire 800, men ein del nyare Macar har dette.

 

USB 2.0 må no kunne brukast det og!

Ein kan vere frista til å seie dette, ettersom USB 2.0 har ein teoretisk maksfart på dataoverføring på 480 Mb/s, altso 80 Mb/s høgare enn vanleg firewire. Likevel er firewire det klart beste valet, av fleire grunnar:

  • Sjølv om den teoretiske toppfarta til USB 2.0 er høgare, er protokollen til firewire meir effektiv, so den kan utnytte meir av den teoretiske toppfarten. Den faktiske farta er dermed til vanleg høgare for firewire.
  • USB klarer ikkje halde høg fart på overføring over lengre tid, firewire er meir stabilt.
  • Firewire har mykje breiare støtte blant programvare.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Om det er nokon som har tilføyningar, eller meiner det er noko eg bør endre på elller reformulere, er det berre å seie ifrå.

Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse

Fint du tar opp dette emne, godt skrevet også. :)

 

Men så er det mange som har gamle videokameraer (8\hi8mm, vhs osv) som ikke har firewire mulighet, bare vanlig composite (video-l\r audio) og s-video utgang. Hvilke muligheter er best å bruke her?

Jeg sliter med at mange nye programmer ikke støtter s-video og composite.

Lenke til kommentar

Jeg bruker mitt DVD kamera som har analog inngang til å overføre gamle kasetter til PC'en. Kobler DV kamera til PC via firewire, kobler gammelt VHS kamera til DV kamera analogt. Trykker capture i redigeringsprogrammet og starter avspillingen på VHS kameraet. Men det er vel bare de litt dyrere DV kameraene som har denne muligheten.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
Bruker du berbar, treng du eit PC-kort (og kjend som PCMCIA-kort), som kan setjast inn/takast ut av PCMCIA-porten etter ynskje.

Enkelte av modellane i den serien har firewire, og om eg forstår rett, har alle PC-kortinngang. Det er ut frå det eg les her.

 

EDIT: Eit PC-kort er eit slikt som dette. Det der var det billegaste Komplett hadde.

Endret av incanus
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Bra guide. Har et par kommentarer:

 

Det finst og program som er spesialiserte for overføring. Eit som mange anbefaler er Scenalyzer. Det koster litt, men er enkelt å bruke. Det finst i ein freeware-versjon og, men då med begrensa funksjonalitet.    Dei aller fleste vil ikkje trenge noko eit ekstra program for å gjere jobben, so dette er mest for dei litt ekstra interesserte.

 

Scenalyzer LIVE har så mange fordeler at jeg ikke vil anse det som et program for spesielt interesserte. Både jeg og ungdommer i Ten Sing-gruppa jeg er voksenleder for har brukt Scenalyzer en god stund og klarer oss omtrent ikke uten. Å dele opp de ulike opptakene i separate filer finner vi så nødvendig at jeg heller vil si at å IKKE klippe opp opptakene er for de mer spesielle tilfellene.

 

For ca. 300 kroner har man bl.a. disse fordelene:

- Splitter opp videofilene uten å stoppe båndet. Premiere Pro stopper båndet, og spoler litt tilbake, noe som forsinker innlastingen og sliter mer på kameraet. Dessuten kan ikke PPro (versjon 1.0 i hvert fall) fortsette oppklippet innlasting hvis du må stoppe. Mener å huske at Windows MovieMaker (og Pinnacle Studio??) laster inn alt til én fil og så lager interne subclips etterpå (rett på meg hvis jeg tar feil). Man kan dermed ikke slette enkeltklipp for å spare plass på harddisken.

- Mulighet for å spleise sammen to eller flere avi-filer til én, splitte opp en avi til flere, eller trimme bort uønsket start og slutt. Et enkelt videoredigeringsprogram med andre ord, for de aller groveste jobbene.

- Full multitasking. Du kan gjøre hva rakkern du vil samtidig som den laster inn video. Du kan til og med scrubbe eller spille av klippene du nettopp har lastet inn gi dem nye navn, samt slette, eller gjøre det jeg nevnte i punktet over. Alt mens Scenalyzer laster inn ny video. Du slipper med andre ord å vente til innlastingen er ferdig før du kan organisere klippene.

- Indeksering av et helt bånd på 5 minutter. Scenalyzer spoler med bilde og laster inn dette sammen med info om klokke, dato og tidskode (telleverk) og lager en liste over alle klippene som du kan merke av for full kvalitets innlasting senere. "Spole"-videoen lastes inn, så du kan se videoene i redusert kvalitet uten å spole noe mer på selve båndet.

- Filene kan få navn etter tidskoden eller dato/klokke de starter på. Dermed kan du slette alle avi-filene den dagen du trenger harddiskplassen (selv om du har redigert endel med dem allerede), for så å laste dem inn igjen senere (de får nøyaktig de samme filnavnene som sist) og fortsette redigeringen der du slapp.

- Timelaps capturing. Last inn kun hver fjerde frame (enkeltbilde) f.eks.

- Hele programmet fungerer som en slags fil-explorer spesielt beregnet på video der hvert klipp vises som en filmstripe som kan dras i for å se innholdet. Dette gjør Scenalyzer til det mest oversiktlige programmet jeg har sett for videofilbehandling.

 

 

Scene detection.

Dette er ein funksjon dei fleste, men ikkje alle program har. (Scenalyzer har den.) Den gjer at opptaka vert delt inn i fleire deler automatisk. Det finst ulike måtar å gjere det på, men den mest vanlege er truleg tidskode-basert scene detection]. Om ein har dette, vil programmet lage ei ny fil for kvar gong den finn eit opphald i dato-/tidskoden, altso kvar gong du har hatt ein pause i opptaka.

 

Tidskode er det telleverket som spilles inn fysisk på båndet, og må ikke forveksles med dato og klokke. Hvis man har sørget for å skjøte nye opptak pent i "rumpa" på tidligere opptak idet man filmet, vil tidskoden være jevnt stigende gjennom hele båndet, og gir dermed ingen indikasjon om hvert enkelt klipp. Dato og klokke derimot brukes til scene detection.

Lenke til kommentar
- Splitter opp videofilene uten å stoppe båndet. Premiere Pro stopper båndet, og spoler litt tilbake, noe som forsinker innlastingen og sliter mer på kameraet. Dessuten kan ikke PPro (versjon 1.0 i hvert fall) fortsette oppklippet innlasting hvis du må stoppe. Mener å huske at Windows MovieMaker (og Pinnacle Studio??) laster inn alt til én fil og så lager interne subclips etterpå (rett på meg hvis jeg tar feil). Man kan dermed ikke slette enkeltklipp for å spare plass på harddisken.

Veit ikkje korleis MM og Studio gjer det, men PPro har vorte betre sidan 1.0. I 1.5 vert det laga klipp automatisk etter kvart, i staden for å stoppe-spole-starte. Stor forbetring med andre ord. Skal endre litt på det avsnittet.

 

Tidskode er det telleverket som spilles inn fysisk på båndet, og må ikke forveksles med dato og klokke. Hvis man har sørget for å skjøte nye opptak pent i "rumpa" på tidligere opptak idet man filmet, vil tidskoden være jevnt stigende gjennom hele båndet, og gir dermed ingen indikasjon om hvert enkelt klipp. Dato og klokke derimot brukes til scene detection.

Var vel eigentleg klar over forskjellen, men det var litt feil formulert. Skal fikse det so fort som mogleg.

 

Takk for innspel!

 

EDIT: Har oppdatert guiden no.

Endret av incanus
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Fikk lyst til å slenge inn to bilder jeg har hentet ut fra en DV-Tape...

 

Den første er overført med USB 2.0, å lagret med den høyeste hvaliteten jeg fikk velge..

11.06.05_wmv.jpg

 

Den andre er overført med FireWire å lagret i beste kvalitet, video som kan overføres tilbake til dv-tape..

11.06.05_avi.jpg

 

I levende film er denne forsjellen enorm... :thumbup:

 

(Beklager litt størrelsen på det siste, men måtte nesten være 1:1 ... )

Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...

Hei er det mulighet for å overføre i en høyere hastighet en sanntid? Hvis ikke så håper jeg at det er noen som kommer til å gjøre noe med det snart, for hastigheten har jo ikke noe å si på kvaliteten,siden det er DV vi driver med. Med tanke på 50MB/s- 100MB/s så burde det jo gå fint..eller?

Lenke til kommentar
  • 5 måneder senere...

Hei!

 

Noen som kan hjelpe meg her..:p

Skal overføre noen tape fra et video 8 kamera til et dv kamera- da video 8 kameraet er for gammelt til å kunne legge rett inn på pcen...

Hvordan kan jeg gjøre dette? Prøvde å koble begge kameraene sammen, for å først overføre tape fra video 8 til dv..men det funket heller dårlig..

Finnes det mulig andre kamera eg burde overføre til, som kanskje det er mulig å koble rett til pcen..?

 

Hm...vil ikke si jeg kan så mye om dette her..:)

 

-Lene- :D

Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...

Hei.

 

 

Jeg sitter med et Sony Dcr handycam og prøver å få overført videoen via USB.

Men får det ikke helt til, bruker ScenalyzerLive, og har satt kameraet på Play/VCR.

 

Får absolutt ingenting opp i ScenalyzerLive, pcen finner ikke no kamera eller film.

 

Hva gjør jeg?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...