SmeltNed Skrevet 19. mars 2010 Del Skrevet 19. mars 2010 (endret) Dette var den første riggen Eg tok meg mot til å bygge på eiga hand, noko Eg aldri har angra på. Den har til no vore operativ sidan Mai 2006, og det med relativt få problem. Riktig nok har hovedkortet, skjermkort, minne og harddiskar blitt oppgradert i løpet av åra, men ellers er den slik den var for snart 4 år sidan..... ....that is, until now >D For Eg har no gått lei av at nyare spel og program ikkje lenger fungerar like knirkefritt som Eg vil at dei skal gjere, Eg har gått lei av det faktum at den ser ut som ei godt utbrent ghetto-hore, Eg har gått lei av alle dei skjærande lydane den lagar og Eg er lei av å måtte rense den for støv kvart 5. minutt for å unngå spontant branntilløp. Derfor går Eg no nye vegar, og iverkset dette lisje langtidsmessige prosjektet, som Eg i mangel på bedre forslag har kalla ProjectPurity. Her er det ingen Fallout3-assosiasjonar altså Hardware per 19.03.2010: ASUS A8N32-SLI-Deluxe AMD Athlon X2 4200+ Corsair value-s 4x 1024MB XFX GeForce GTX260 XXX 896MB Mist rev1. 600W 1x Maxtor 6V250F0 250Gb, 1x Samsung HD403LJ 400Gb 1x WD Green 1TB Dette skal skje: [x]Nytt hovedkort [x]Nytt grafikkort [x]Nytt minne [x]Nytt optisk drev [x]Nytt kabinett [x]Nytt kjølesystem [x]Nytt OS [x]Ny CPU [x]Ny PSU [x]SSD harddisk til OS [x]Lettare casemodding; lys, viftekontroll, stealthmod osv [x]MDPC-X sleeving av samtlige kabler ++ Som nevnt ovanfor vert dette eit langtidsprosjekt. Dette er enkelt og greit fordi Eg for tida er student og kan ikkje bruke meir enn ca 1500kr i månaden på dette prosjektet. Hensikta med å lage denne arbeidsloggen har ein tilsvarande enkel logikk, då Eg hovudsakelig er på jakt etter tips og råd til å gjere prosjektet enklare, billigare og ikkje minst bedre. Derfor: Skriv ein kommentar! Endret 27. april 2010 av SmeltNed Lenke til kommentar
SmeltNed Skrevet 19. mars 2010 Forfatter Del Skrevet 19. mars 2010 (endret) Oppdatering #1 19.03.2010 For å gi dette prosjektet ein aldri so liten kick-start, har eg gått til innkjøp av: 1stk Silverstone Fortress FT02B-W Kabinett 2stk Silverstone SST-CP05 Hot-Swap-kontakter 1stk Zalman CNPS10X Extreme CPU-kjøler + eit par ekstra kablar til PSU og termisk pasta Litt bommert på siste bilde der ja, men men sånt skjer Uansett så må Eg berre sei at FT02 gir eit krafitg førsteinntrykk! Ikkje berre er det visuellt vakkert, men det er også en veldig stødig og solid konstruksjon. Litt spesiellt er det også, med tanke på at hovedkortbrettet er snudd 90* mot klokka, og heile botnen er fyllt av 180mm vifter Og bare for å gi eit referansepunkt om kor digre viftene virkelig er: Ei anna genial løysing, er hot-swap-harddiskbrønnane Eit lite minus at kun éin kjem som standard So va det dags for å ta til med hardware-flyttinga Eg begynde først med eit par bilde av den sletne gamle karen Gammalt, slete og fantastisk støvete til tross for at Eg rensa det for kun 3 veke sidan Då er det vel ikkje mykje anna å gjere, enn å tøme stakkars tingen Det første som forsvinne er jo naturlig nok kablane, tett fulgt av harddiskane, straumforsyninga, det optiske drevet og skjermkortet, heilt til berre hovedkortet står att btw: viktig med antistatisk reim Huff og huff, her må det alkohol, q-tips og tørkerull til! *tada* :!: Endeleg kan tinga finne seg ein ny heim i Silverstone's mektige FT02 Zalman-kjøleren vert utpakka og gjort klar til bruk, og vert pina det såtte på den med.... og JA, Eg er godt klar over at den står "feil" vei, men dette kan Eg ikkje gjere noko med. Måten Socket939-brakettet må festast på kolliderar med heatpipes'a på kjølaren, derfor må den stå slik at den bles på tvers istaden for den optimale roteringa, som i dette kabinette er oppover Eg tek sats på at dette løysar seg når hovedkortet vert bytta ut, men inntil vidare vert det berre slik Det einaste som står att då, er den "lisje" jobben med å sette inn drev, skjermkort, PSU, harddiskar og kablar Konklusjonen Eg kan trekke angåande dette kabinette er at det enkelt og greit er GENIALT, ja du leste riktig, genialt! To små ting Silverstone kanskje burde tenkt litt meir på er at marginen til dei optiske dreva er, for å sei det mildt, absolutt minimal! Med min "gamle" ide-spelar hadde Eg nøyaktig ein halv millimeter å gå på før drevet traff hovedkortet. I tilegg er det litt plagsomt å måtte kjøpe ekstra hot-swap-kontakter, dette kunne LETT fulgt med som standard! Men i det store og heile druknar desse småfeila i alle dei positive eigenskapane. Vridd HK, hot-swap, hull i hk-plate, enkel kabelhåntering, solid byggkvalitet og glimrande utsjånad gjer at Eg med GLEDE kan annbefale folk til å kjøpe dette kabinettet. Absolutt verdt pengane Slik såg det ut til slutt Skriv ein kommentar! Endret 24. mars 2010 av SmeltNed Lenke til kommentar
SmeltNed Skrevet 24. mars 2010 Forfatter Del Skrevet 24. mars 2010 Oppdatering #2 24.03.2010 Greit, litt nytt! Rota litt rundt i "skattekistene" mine og fant pina det eit gammalt katodesett og litt kabelsleeves. Dette måtte gjerast noke med! So, Eg fann fram ein gammal pc som tilfeldigvis sto rundtomkring, og kjørte ein liten test. ...og som forventa var ikkje alle røra heilt i topp stand, so det var vel verdt ei prøverunde for å luke ut dei to verste Deretter litt sleeving, plassering og innstallering...og vips, eit stykk illuminert kabinett til nøyaktig 0,- kr! Skriv ein kommentar! Lenke til kommentar
SmeltNed Skrevet 27. april 2010 Forfatter Del Skrevet 27. april 2010 Oppdatering #3 27.04.2010 Takka vere ei aldri so lita straumreikning, har prosjektet stogga litt i spora, men det har jo skjedd noko fordi! Skaffa meg nemmeleg nytt OS Windows 7 64bit Og no som straumen er betalt, skal det nok bli litt fart i skuta, må berre få løna først Skriv ein kommentar! Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå