Gå til innhold

Manchester United U21-tråd


archanios

Anbefalte innlegg

manutdlogo.jpg

 

Manchester United Reserves

 

Informasjon:

 

Reservelagstrenar: Ole Gunnar Solskjær

Assistenttrenar: Warren Joyce

Keepertrenar: Richard Hartis

Heimebane: Moss Lane, Altrincham

Divisjon: FA Premiership Reserve League North

Andre turneringar: Manchester Senior Cup, Lancashire FA Senior Cup

 

mosslane.jpg

 

 

Merittar:

Premier Reserve League North Champions: 3

2002, 2005, 2006

 

Premier Reserve League National Playoff Winners: 2

2005, 2006

 

Central League North: 9

1913, 1921, 1939, 1947, 1956, 1960, 1994, 1996, 1997

 

Central League Division 1 West: 1

2005

 

Central League Cup: 1

2005

 

Manchester Senior Cup: 24

1908, 1910, 1912, 1913, 1920, 1924, 1926, 1931, 1934, 1936, 1937, 1939, 1948, 1955, 1957, 1959, 1964, 1999, 2000, 2001, 2004, 2006, 2008, 2009

 

Lancashire Senior Cup: 13

1898, 1913, 1914, 1920 (shared), 1929, 1938, 1941, 1943, 1946, 1951, 1969, 2008, 2009

 

 

Spelarstall:

 

Keeper

Ben Amos

Conor Devlin

Ron-Robert Zieler

Tom Heaton (For tida på utlån til QPR)

Forsvar

Ritchie De Laet

Reece Brown

Craig Cathcart (For tida på utlån til Watford)

James Chester (For tida på utlån til Plymouth Argyle)

Joe Dudgeon

Corrie Evans

Oliver Gill

David Gray (For tida på utlån til Plymouth Argyle)

Scott Moffatt

Danny Simpson (For tida på utlån til Newcastle United)

Scott Wootton

Midtbane

Magnus Wolff Eikrem

Tom Cleverley (For tida på utlån til Watford)

Oliver Norwood

Davide Petrucci

Zoran Tosic

Adem Ljajic (For tida på utlån til FK Partizan)

Cameron Stewart

Rodrigo Possebon (For tida utlånt til Braga)

Robert Brady

Daniel Drinkwater (For tida utlånt til Huddersfield Town)

Sam Hewson

Matthew James

Angrep

Joshua King

Nicky Ajose

Febian Brandy (For tida på utlån til Gillingham)

Andre spelarar med kampar for reservelaget sesongen 08/09

Anderson

Federice Macheda

Danny Welbeck

Rafael Da Silva

Fabio Da Silva

Gabriel Obertan

Edwin van der Sar

Wesley Brown

Will Keane

Gary Neville

Darron Gibson

 

 

Sesongen 2009/2010:

fixtures.jpg

 

 

Årets reservelagsspelar:

 

Denzel Haroun Reserve Team Player of the Year

 

89/90: Mark Robins

90/91: Jason Lydiate

91/92: Brian Carey

92/93: Colin McKee

93/94: Nicky Butt

94/95: Kevin Pilkington

95/96: Michael Appelton

96/97: Michael Clegg

97/98: Michael Twiss

98/99: Mark Wilson

99/00: Jonathan Greening

00/01: Michael Stewart

01/02: John O'Shea

02/03: Darren Fletcher

03/04: David Jones

04/05: Sylvan Ebanks-Blake

05/06: Guiseppe Rossi

06/07: Kieran Lee

07/08: Richard Eckersley

08/09: James Chester

Endret av archanios
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei. Var så frekk at eg lagde ein liten førstepost for ein tråd for reservelaget til United. Dersom de skulle sjå feil, om det er meir informasjon de vil ha med i førsteposten eller det skulle vere noko anna, så kan de sende meg ein PM så skal eg sjå kva eg får gjort. Skal prøve å ordne litt meir tekstlig informasjon og litt bilder etterkvart.

 

Dersom du berre vil diskutere reservelaget, så er det berre å sette igang.

Lenke til kommentar

Cleverley er veldg spennande etter mi meining, men det spørs om vi tør å satse på han. Vi har veldig mange sentrale midtbanespelarar akkurat no og skal han halde fram den gode utviklinga han har hatt til no i Watford, så må han nok ha ein god del speletid. Spørsmålet blir gjerne om han muligens blir lånt ut ein sesong til, kanskje til ein betre Championship-kubb, eller kanskje eit av dei svakare laga i PL. Dersom han skulle bli henta heim til sommaren, for å prøve å slå seg inn til ein plass i førstelagstroppen, så spørs det om han får såpass med speletid at han seier seg nøgd med det, eller om han går lei og ynskjer å flytte på seg. I såfall er eg redd vi kan miste ein spelar med stort potensial (større enn f.eks Gibbo IMO)

 

Litt av attraksjonen med Cleverley, er jo at han er litt annaleis enn dei fleste sentrale spelarane våre. Det er vel ingen av dei vi har pr i dag, som er voldsomt målfarlege og der har jo Cleverley mykje av sin styrke. Det kunne altså vore veldig spennande om vi kunne klare å spele han inn i laget, no som Giggs og Scholes unekteleg nærmar seg slutten på sine respektive karrierer. Det blir gøy å sjå kva som skjer fram mot sommaren, eg tippar nok interessa rundt Cleverley kjem til å vere aukande dersom han held fram med godt spel for Watford. Håper han får sjansen for United, men er litt redd for at vegen fram kan bli litt for lang og at vi må gje slepp på han.

Lenke til kommentar

De Laet er letta etter kampen i går. Godt å sjå at han får litt speletid i ligacupen, for han gjer det bra på reservelaget, i det minste i dei kampane eg har fått sett. Merkelig opplegg med heile fyren, men dersom han held fram med å utvikle seg, og spele bra for reservelaget, så kan han bli ein fin spelar å ha i bakhand, sjølv om at han vil få heftig konkurranse på backplass frå to stk da Silva.

 

Lettet De Laet

Lenke til kommentar

Reservelaget fekk ei lang pause no, etter litt kampar som måtte flyttast. Neste kamp er borte mot Bolton i Manchester Senior Cup på mandag, medan januar blir ein månad fylt med kampar, ettersom eindel av dei avlyste kampane vart flytta dit.

 

Fem spelarar frå reservelaget var med troppen til United mot Wolfsburg i Tyskland i går, men ingen av unggutane endte opp med å komme innpå i løpet av kampen. Det var nok likevel heilt sikkert ein stor opplevelse for dei unge, og noko som motiverer til å jobbe hardt framover, for muligens å få fleire sjansar.

Lenke til kommentar

Det høres veldig merkelig ut ja. Moss Lane i Altrincham er den stadion reservane vanlegvis brukar. Der alle heimekampane eg har sett har foregått i det minste. Trur muligens nokon finaler i Manchester Senior Cup eller liknande kan ha gått på OT, men neppe vanlege reservekampar.

Lenke til kommentar

Noen som ser kamp mot Bolton? Nicky Ajose scorte akkurat 2-2 målet og en Boltonspiller fikk prisen for tidenes bom på åpent mål. En kopi av alle du ser på youtube som går elegant forbi forsvaret og keeper, men sklir og bommer på ball og mål på 5 meter. Fantastisk moro.

 

En John Coffee (?) debuterer for reservelaget og Magnus Eikrem strør rundt seg med glanspassninger. Håper så sykt han får prøve seg for A-laget snart.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...