Gå til innhold

Wood-Cube, lagar cube sjølv


Anbefalte innlegg

Sponsorar:

vendur.gif

Vendur sponsar meg med eit gavekort på 200kr :D

 

 

Halloen

 

Har tenkt lenge på å lage mitt eige kabinett. Så ein dag bestemde eg meg for å lage eit cube kabinett. Leitte litt rundt her på garden og fant ei STOR plate av eit eller anna slag som eg kunne bruke. Fant da fram penn og papir og bestemde meg for mål.

 

Breidden skal vere 50cm

Lengda skal vere 40cm

Og høgda skal vere 35cm

 

Ordna meg til så eg fekk plata opp ifra golvet og tegna opp.

 

0501200309hs4.th.jpg

Her er plata som eg skal bruke. Halvparten vel å merke. Har ei til som er like stor.

 

 

0501200220rw0.th.jpg

Så var det fram med stikksaga og skjære ut

 

Gløymde å ta bilde ifra utskjæringen, men eg har nokon bilder ifra den "ferdige" cuben. Har tatt platene med på skulen og fått høvla dei så dei er noenlunde beine.

 

0511181342cl0.th.jpg

Sånn skal det sjå ut cirka. Her er baksida. Og slapp av, toppen skal ikkje vere sånn. Den er sånn no for å halde alt på plass. Ingen ting er skrudd isammen enda.

 

0511181211ql8.th.jpg

Og her er framsida.

 

 

Sidene skal bli som dører og eg skal kjøpe meg hengsler til å opne og lukke. Slepp eg å ta av og på døra. Sidene skal gå heilt ifra baksida og til framsida. Skal som hjå andre cube kabinett dele rommet i to. Den plata skjærer eg til etter at eg har skrudd kabinettet isaman.

 

 

Har sendt mail til ELFA i håp om å få spons/ rabatt, men har ikkje fått noko svar enda. Skal og sende til Vendur og bestille ein del MIST vifter.

 

 

Kommentarar skriv du her

 

 

Ellers så vil eg berre sei at eg kjem ikkje til å bli ferdig på ei stund. Hardwaren ifra den datan eg har no skal inn i dette kabinettet så eg ventar til at eg har fått bærbaren min før eg flytter over.

 

 

Mvh

Gisle Haugen

Endret av Stressis
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei igjen

 

Har nå laga til ei skisse av cuba

 

0513120814ov0.th.jpg

Skal ha MIST 120mm vifter i front og inni kabinettet i botn. Desse skal suge luft inn. Så skal eg ha to 80mm MIST vifter i topp til å suge den varme lufta ut. Hjul skal eg også ha. Desse vil også gjere at viftene i botnen får bedre tilgang til kald luft. MIST viftene skal ha grønn farge :cool: Det øverst til høgre i front er dvd-rom og det under er Zalman viftestyringen min :)

 

Inni kabinettet skal eg ha grønne- og uv-katoder til å lyse opp. Ein av kvar i kvart rom. Skal også ha LCD i front tenkte eg, er ikkje sikker. Skal ha brytarar under/bak på cuba til å starte og resette maskina. Desse vil vere kobla til ein "pilot-switch" i front slik at ein må skru på brytaren i front før start/resett brytarane fungerar :D Tenkte og at eg skulle ha "pilot-switch" til å skru av og på katodene.

 

 

Kommenter gjerne

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Heisann

 

Ein kompis av meg skulle bestille noko på komplett og lurde på om eg ville ha noko sånn at han slapp ein del porto. Dumsnill som eg er :D så blei det til at eg får meg ein Hiper strømforsyning på 435 watt :p Denne skal inn i cuba. Slepp eg å ta utor Chieftech psu'en i gamle kainettet.

 

Fekk også vete idag at eg kjem opp i norsk til skriftle eksamen. Altså, neste tysdag og torsdag skal eg skrive stil :ermm:

 

 

Men de, eg har eit gammalt kabinett ståandes. Tenkte eg skulle ta utor hk'brettet og bruke det i cuba. Vil det gå? Eller er det ein annan formfaktor som gjeld no? Ver snill å hjelp meg litt der :hmm:

 

Ellers, kommenter.

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Heisann

 

Demonterte gamle datan enda meir igår. Ville ha ut hk'brettet. Og etter ein del knoting og fundering så fekk eg det laust :w00t:

 

 

0514213121it9.th.jpg

Sånn såg gamle datan ut...

 

 

0514215735ur6.th.jpg

HK'brettet! Litt spesiel løysning her. Er spacers av både vanleg type og ein du kan flytte uten å måtte skru den laus. Blir til at eg må båre hål så eg kan få skrudd brettet fast i midt plata i cuba.

 

 

0514215814bg4.th.jpg

Her er den andre sida. Dei gummiknottane kan vel berre vera der? Ser ikkje nokon grunn til å ta dei vekk.

 

 

0514215742ht3.th.jpg

Kjem eg til å få bruk for denne? Den er jo til å sperre/ opne PCI-slottane. Trur at eg heller skjer til ei plate som eg brukar til å dekke til. Eller har de nokon bedre forslag?

 

 

0514224530af4.th.jpg

Og kva gjer ein når ein ikkje får sove? Jo, ein tegnar innsida av cuba! Alt i skala 1:10 som dei forrige skissene av cuba utvendigt. Håpar de skjønnar kva eg har tegna. Skal ha katoder i bunn og på midt plata. 120mm vifte i front og i botn. 80mm vifte i topp. Skal lage meg noko som eg kan henge harddiskane i. Desse skal bli lyddempa ved hjelp av O-ringar. Må og lage oppheng for dvd-rommen og viftestyringen. Har tegna på brytaren i front til katodene og hovedstrømmsbrytar for start og reset knappane. Start og reset knappane skal vere bak på cuba. Dei er tegna på. Er ikkje lett å sjå, men dei er på bakplata på venstre side.

 

 

0514213058jl1.th.jpg

Og så må eg nett ha med eit bilde av avsluttningsprosjektet mitt i kunst og handverk. TV-bordet mitt :love:

 

 

Takker for at de tek dikka tid til å lese alt dette!

 

 

Kommentartråden er fortsatt åpen :p

 

 

Edit: Eg er så dom :wallbash: Selvfølgelig får eg bruk for pci "dekslet". Men det sit jo vanlegvis på hk-brettet. Svarte, blir mykje arbeid skal eg tilpasse det. :wallbash: Da får eg reise ned på Simas og finne meg ein data eg kan demontere der og plukke ut hk-brettet.

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Hei igjen

 

 

Idag har eg kappa til bakplata sånn at det er så beint at eg er fornøgd med det... Dreiv sikkert på i ein time med den plata og den er fortsatt ikkje heilt bein, men eg brukar den. Tok ikkje bilde av naturlege årsakar...

 

Og så har eg båra hol til skruane som skal inn ifra botn, igjennom botnplata og inn i bakplata.

 

 

0516194003ya7.th.jpg

Her båra eg

 

 

0516194037gm3.th.jpg

Når eg hadde bårt eit hål stappa eg ein annan bår nedi så den holdt plata på plass. Så bårte eg i den andre enden og hadde nedi eit bår der og før eg båra opp resten av håla.

 

 

0516194314la7.th.jpg

Og sjå kva eg henta hjå kompisen idag! Hiperen!

 

 

0516194332yl2.th.jpg

Og inni skjulte dette seg...

 

0516194456gh6.th.jpg

 

 

Og så var eg på Simas idag. Men veit du kva! Alle datamaskinene var henta! Og det var ikkje komme ei maskin innatt! Så det blei ikkje noko hk-brett på meg idag :cry: Så hvis nokon har eit brett til overs så kjøper eg gladelig det.

 

Har sendt mail til Vendur og spurt om spons. Får sjå kva det blir til ;) Skal på Byggmix på fredag og kjøpe meg skruar, vinklar og hengsle. Skruane skal i håla eg båra idag, vinklane skal stive av front og bakplata, og hengsla skal vere til dørene.

 

 

Det var alt for idag.

Lenke til kommentar

Ein ny dag med ein oppdatering

 

Idag har eg vore på Byggmix. Blei 230kr fattigare, men pytt, pytt.

 

0518145401wz2.th.jpg

Kjøpte skruar, muttrar og skiver til hjula, tre par med vinklar og to pakningar med 25 skruar.

 

Så for eg innom rådhuset og pratte med it-ansvarleg. Han hadde ikkje nokon hk-brett der, men han hadde ein lærling som tok seg av alt som skulle kastast, så eg fekk nummeret til han. Sende melding og spurde om han hadde nokon hk-brett og det blir til at eg skal få to-tre kabinett som eg kan plukke av :D

 

Ringde også idag til Clas Ohlson og bestilte hjul, kappeskiver, strips og ein ting til som eg ikkje hugsar. Så om vel ei veke skal hjulene monterast. :)

 

Når eg kom heimatt så skrudde eg front og bakplata fast til botn. Stramma ikkje voldsomt til da det er stor muligheit for at det må av att før eg er ferdig.

 

0518145239ox7.th.jpg

Sånn såg det ut etterpå. Gløymde å ta bilde fra undersida. Det får komme ein annan dag ;)

 

0518144520sm4.th.jpg

Så monterte eg ein vinkel på kvar av platene så desse blei støtta opp. Skal sette på enda ein vinkel på kvar plate tenkte eg. Måtte bruke mange skiver for ellers så hadde skruane komme langt igjennom plata.

 

0518151351dc1.th.jpg

Her har eg montert det øverste hengslet, det nederste berre med ein skrue.

 

0518151332on9.th.jpg

:w00t: Første døra er montert :w00t:

 

0518153014yn1.th.jpg

Begge dørene er montert! Da var det gjort!

 

 

Så sette eg topplata på for å sjå korleis det såg ut. Og gjett kva? Jo, den var blitt for liten :thumbdown: Så da må eg skjære ut ei ny plate, men eg har nok å ta av.

 

Har og skåre til plata som skal vere i midten av cuba og skille romma. Den skal eg ta med på skulen og høvle litt.

 

Kommenter

 

Det var alt for idag ;)

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Oppdatering

 

Har idag fått ordna til brytarane som skal vere i front. Båra først i eit prøvestykke og sette i brytaren. Den kom halvvegs igjennom med gjenga. Så da reist eg til ein kompis og lurde på om han kunne frese ut eit spor sånn at brytaren gjekk nedi og gjenga kom ut på hi sida. Men etter mykje om og men så fekk han det ikkje til... :hrm: Reiste da heimatt og fant fram sånn tre skrape ting :p Og da blei det fart i sakene. Prøvde først på prøvestykket før eg gjorde det på frontplata.

 

Og her er resultatet:

0519150806ds1.th.jpg

 

0519150825ge8.th.jpg

 

0519150853pr3.th.jpg

 

 

Syns det blei bra eg. Dei skal vere til henholdsvis ifra venstre: restart, på og katoder.

 

Kommenter

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Update

 

Long time, no see. Idag har eg montert hjula som eg fekk ifra Clas Ohlson for nokon dagar sidan.

 

0601090138fu6.th.jpg

Alt som var i pakka. Strips, hjul, kappeskiver og nokon skruar.

 

0601092948iz9.th.jpg

Har båra hål og driv her på med å skru på mutteren på det første hjulet. Plata på hjulet har fire hål, men eg tenker at det er nok med to skruar som held det fast. Er ikkje dei store kreftene ute å går.

 

0601093357zk4.th.jpg

Da var alle hjulene montert og her er eit lite oversiktsbilde fra innsida.

 

0601093436hh0.th.jpg

Her er undersida.

 

 

Nokon som veit kor lang tid det tek før Elfa og Vendur svarar på søknader om spons? Er ei god stund sia eg søkte og lurde derfor på kor lang tid det har tatt for dikka andre før de har fått svar?

 

 

Ellers så får eg snart nokon kabinett som eg kan plukke deler av :D

 

Kommenter

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Hmm, eg ekje heilt goe. Oppdateringane har vore mildt sagt skuffandes i det siste. Men idag har eg fått gjort noko! Grunnen til at eg før ikkje har fått gjort noko er: eksamen, fått bærbaren :D, jobbing hjå idrettslaget og jobbing heima med å pakka rundballar.

 

Henta hjå han eg kjente på rådhuset to kabinett for ei lita stund sia. Plukka det eine fra kvarandre idag. Fytti grisen kor slit det var å få ut hk-brettet :ohmy: . Var plomba i lange baner og når dei først var båra vekk så sat det fast ein annan plass... Men eg fekk det ut til slutt, sveitt som eg var :blush: Så hadde eg midtplata på cuba på plass og berre hadde hk-brettet inntil for å prøve. Det ser ut til å gå, men det må litt kapping til. Detta skal bli moro :D

 

Så må eg få sendt ny mail til både Vendur og Elfa da ingen har svart på mailane mine og det er vel to månader sidan eg sendte dei. Men men, tid har eg nok av.

 

To bilder:

0625193735fe4.th.jpg

 

0625193714gl3.th.jpg

 

 

Edit: Eg ringe istadenfor til dei to.

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Gjekk kjappare no enn sist...

 

Idag har eg laga til lyddempa feste til harddiskane. Demonterte det gamle kabinettet enda meir og plukka ut 5,25' og 3' brønnane der. Dei monterte eg sånn halvegs i cuba da dei må av at når dvd-rommen og det andre skal monterast i dei. Kappa og hål til PSU'en, men det må pussast meir på så det blir beint og sånn at PSU'en passar... Til den lyddempa "racken" til hdd brukte eg 5,25' brønnen i det eine kabinettet som eg fekk av It-gubbenn på rådhuset.

 

Ombestemte meg igjen når det gjald sponsinga. Sende mail allikavell Vendur har allerede svart positivt og eg har bestilt to SilenX vifter som er grønne og på 80mm og fire grønne Mist vifter på 120mm :D No må eg berre finne nokon som har hullbor... :hmm:

 

Uansett, her er bilder av "racken"

0626192353uw9.th.jpg

 

0626192405vw0.th.jpg

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Ordna på holet til PSU'en. Måtte file den i alle retninger før eg fekk PSU'en inni. Var meint å feste den med patentband (eller kva det no enn heite) i bakkant, men den sat so godt at eg droppar det.

 

0708104142rs5.th.jpg

 

0708104113ea4.th.jpg

 

0708104057mh7.th.jpg

 

 

Eller burde eg feste den med patentband allikevel?

Kommenter

Lenke til kommentar

Jajaja, no set eg her i Sverige i Halmstad og nyter været. Sol og fine temperatur, noko anna enn det været som er i Norge har eg høyrt. Får sjå om eg ikkje finn nokon databutikkar som sel noko utstyr. Skal og innom Biltema hvis alt går etter planen. Snakkast den 24 håpar eg :cool:

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Update

 

Henta pakka ifra Vendur igår. Inni låg 4 Mist vifter og 2 SilenX vifter som bestilt. MEN, det var ein liten detalj, SilenX viftene var blå, eg hadde bestilt grønne... Så eg har tatt kontakt med Vendur og satsar på at eg får bytta. I sverige så kjøpte eg meg ein rund ide kabel som var blå og som reagerar på UV-lys. Den skal eg ha til dvd-rommen. Legg og ved eit bilde av alt didl dadlet som eg kjøpte på Biltema...

 

0723230806nu6.th.jpg

Kabelen

 

0723230825uv7.th.jpg

Didl dadlet

 

0723230922oh5.th.jpg

Pakka ifra Vendur

 

0723230935rs5.th.jpg

Meget forsvarlig pakka

 

0723231231fk4.th.jpg

Viftene

 

0723231257ol2.th.jpg

Det som ikkje var fullt så bra...

 

 

Me snakkast igjen om ikkje så altfor lenge! ;)

Lenke til kommentar

Hallo igjen

 

 

0727142922qa1.th.jpg

Har skåre ut til hk-brettet idag. Enkel jobb eigentleg, men eg har eit lite dilemma no.

 

0727143630xp4.th.jpg

Set eg brettet på innsida så ser det ikkje så bra ut bakfra.

 

0727143908fw5.th.jpg

Set eg det på utsida så ser det bra ut bakfra.

 

0727144019mt8.th.jpg

Men så er det ein liten teknisk detalj på innsida da... Kva syns de eg skal gjera? Innsida eller utsida? Og kva skal eg gjera hvis eg skal ha det på utsida? Hjelp...

Lenke til kommentar

Fekk ein ide: Eg festar hk-brettet på "innsida", da er det lett å komme til. Og for å skjule kor skeivt og stygt det er bak, så festar eg strimler med diverse stoff og lignande som heng nedover kantane :!: Da blir det forhåpentlig nok til å skjule kantane og sånt, i tillegg så kjem det til å sjå bra ut, trur eg. Kva trur de om den ideen?

Endret av Stressis
Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...

Hei

 

Skikkeleg lenge sia sist no. Har hatt så altfor mykje å gjera i sommar. 3 jobbar... Det er meir enn nok skal eg seia dikka :ermm: Men det har no blitt peng utav det og da :D Men eg har gjort noko idag. Har fått lånt holsager av Holen Installasjon her i Gaupne idag, og laga til alle håla eg skulle ha med eingong! Han som eg lånte dei av skulle og gje meg nokon rabattar på det eg skulle ha ifra Elfa :dribble: Så eg håpar at eg får det eg skal ha om to veker og at eg er ferdige til GULLAN med kabinettet. Har og fått nytt skjermkort. XFX GeForce 7600GT, agp versjonen. Det skal bli rått å bruke det :cool: Men nok prat, over til bildene.

 

0915193958ot7.th.jpg

Her er toppen sine to hål for 80mm vifter.

 

0915194029fe1.th.jpg

Her er hola i botnen. Dei to fremste er til 120mm viftene som eg fekk sponsa ifra Vendur. Det hålet bakerst til høgre er til vifta på PSU'en.

 

0915194041an0.th.jpg

Hålet i midtplata som eg skal føre kablane igjennom. Straumkablar, IDE-kablar osv...

 

0915194113az2.th.jpg

Håla i frontplata som 120mm viftene skal stå bakom.

 

 

Det var alt for denna helga ;)

Kommentarar

Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...

Da var Wood-Cube så godt som ferdig. Har montert alt ifra det gamle kabinettet over i Wood-Cube og sett i det nye grafikkortet. Dessverre så har eg enda ikkje fått delene ifra Elfa :nei: Så eg har ikkje fått sett inni katodene og viftegrillane. Når eg skulle montere isamen datan så fant eg ut at nokon kablar blei for korte og at nokon ting i cuben var sånn halvvegs domt plassert. Så eg har lært at skal ein laga kabinett, så skal ein ta seg god tid og studere alt nøye og tenke på alt som kan gå galt. Kablar som ikkje passar, for korte kablar, plassering av ting og sånt. Men det har vore kjempemoro å gjort dette og eg er eigentleg fornøgd med resultatet. Kjølingen er kjempegod :D CPUen er aldri over 35 grader og harddiskane aldri over 34 grader. Litt bedre temperaturar enn det eg hadde i det gamle kabinettet. Og på GULLAN så var det mange som kommenterte Wood-Cube og syns det var rått :cool:

 

Vil takke den einaste sponsoren min, Vendur, nok ein gong.

 

Bilder:

1008111348kf5.th.jpg

Fronten

 

1008111402bx4.th.jpg

Toppen

 

1008111418ju1.th.jpg

Baksida

 

1008111318fi4.th.jpg

Høgresida

 

1008111443nw6.th.jpg

Venstresida

 

Og så nokon bilder i mørket:

 

1008233928zd9.th.jpg

 

1008233945ey8.th.jpg

 

1008234015de2.th.jpg

 

 

Dei neste bildene har eg lånt av Morten Heggestad. Takk til han for dei.

 

91007031mm2.th.jpg

 

cubenib2.th.jpg

 

91007035copyiz2.th.jpg

Skal visst ikkje legge ut bilde av seg sjøl... Her sat eg da på GULLAN.

 

 

Kommenter no da

Endret av Stressis
Lenke til kommentar

Fekk pakke på døra igår. Det var Edgar Drevdal som kom med pakka mi ifra Elfa :w00t: Sette på viftegrillane idag og monterte katodene. Men så var det dassa jævla transformatorane. Det var to utgangar på dei og med kvar katode så følgde det med ein transformator på kvar som allereie var plugga til katoden. Og det hadde seg sånn pluggen var umuleg å få ut. Så eg har berra fått kobla til så 2 katoder lyser. Dei på høgre side.

 

1011140545ws7.th.jpg

Sånn det ser ut på venstre side med katodene

 

1011140645dn7.th.jpg

Høgre side

 

1011140729mz9.th.jpg

Med UV-katoden på

 

1011140759zc7.th.jpg

Med både UV-katoden og grønn-katode på

 

1011140855iv1.th.jpg

Viftegrill på 80mm viftene

 

1011140839jf3.th.jpg

Viftegrill på 120mm viftene

 

Men da vil eg herved erklere Wood-Cube for ferdig :w00t: Kommentarar (og gratulasjonar) legg de her.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...