Gå til innhold

Thors krig! Kampen om kiloane (bilder).


Anbefalte innlegg

Då lagar eg ein Vikingens Road To Glory V2. Då den andre er gammal, ut datert og uoversiktlig.

Kjapp intro og sammendrag til dei som ikkje kjenner til meg frå før.

Eg er ein mann på 20 år (1992), som lenge har slite med vilja og kampen mot kiloane.
På det meste vegde eg 118kg, og etter ein kraftig overhaling vog eg 90kg. Dette var før sommaren i fjor. I løpet av den tida eg mista dei kiloane, har eg vore innom ketose (lavkarbo), periodisk faste, lavkalori og liknande. Har hatt veldig god erfaring med lavkarbo, men kjem ikkje til å prøve det igjen, då det var altfor slitsomt å drive med over lenger tid.

Nå, etter militæret, veg eg svimlande 105,4kg. Har blitt eindel trening i militæret, naturligvis, men eg har også gått opp mykje fett.
Nå skal eg ta bachelor i idrett og friluftsliv, og regnar dette som ein gylden mulighet til å finne SK13.

Målet mitt er å ha ei vekt på så nære 90kg som mulig innan nyttår.

Favoritt "idretten" er styrke, så det er det eg trenar. Blir nok mykje fotball, dans, håndball etc når eg begynnar på høgskulen, men kjem til å prøve å ha minimum 3 styrkeøkter i veka (5x5 SL).
Kjem også til å sykle mest mulig til skulen, 3,5km ein veg ca.

Mål for 2013:
Gå ned til 86kg (om fett% tillater det).
Fortsette med MMA/JJ og gå kamp til høsten i middelweightsklassa.
140kg i benkpress, 180kg i markløft og 150kg i knebøy.

Dette trenar eg med nå 5x5, 01.09.12:

70kg i benkpress
90kg i knebøy
37,5kg i militærpress
65kg i foroverbøgd roing med stang
90kg i markløft (litt usikker her, så eg har fokus på teknikk)

Trenar med per 30.12.12

90kg i benkpress
115kg i knebøy
55kg i militærpress
130kg i markløft

Legger ved nokon bilde for å pushe meg sjølv ekstra:
Bilda er tatt uten pump, rett før leggetid. Dei meir pinlege bilda kjem når eg nærmar meg ferdig deff.

Nye bilder: Dei nyaste (med heilt blå/svart boxer) Er på samme vekt i dag 13.10.12
Nye bilder 2: Dei nyaste, med brun boxer er på 100-101kg 11.12.12

Nye bilder 3: Bilda med MMA shortes, vekta lå på 94,8kg

Nye bilder 4: Bilda med blå bokser, 108kg

Be strong when you are weak, brave when you are scared, and humble when you are victorious.

post-198613-0-71440800-1343767442_thumb.jpg

post-198613-0-67113700-1343767452_thumb.jpg

post-198613-0-72404300-1343767463_thumb.jpg

post-198613-0-78311100-1350157514_thumb.jpg

post-198613-0-38909000-1350157528_thumb.jpg

post-198613-0-19679000-1350157543_thumb.jpg

post-198613-0-08647300-1350157560_thumb.jpg

post-198613-0-41760900-1355324703_thumb.jpg

post-198613-0-42228700-1355324711_thumb.jpg

post-198613-0-33489900-1355324716_thumb.jpg

post-198613-0-35378300-1355324721_thumb.jpg

post-198613-0-52444700-1355324737_thumb.png

post-198613-0-65664200-1355324860_thumb.jpg

post-198613-0-22121400-1377759545_thumb.jpg

post-198613-0-27495500-1377759546_thumb.jpg

post-198613-0-45239700-1377759547_thumb.jpg

post-198613-0-57335200-1392583718_thumb.jpg

post-198613-0-39526500-1392583721_thumb.jpg

post-198613-0-97389900-1392583723_thumb.jpg

post-198613-0-34093200-1392583726_thumb.jpg

Endret av Thor - God Of Thunder
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har klart, for nå, å kutte ut alt smådrittet på jobb. Det eg tar meg lov til er ei pølse i brød i løpet av 8 timars vakta. Ingen smågodt, softis, bollar, brus etc etc.

Må starte i det små. Men etter jobb blir det ofte noko is. Dette blir det også slutt på nå. Seiste arbeidsdag i dag før ei vekes ferie, og skal jobbe ei seiste veke når eg kjem tilbake, og då er det ingenting som er tillatt.

 

Syns dette er ein bedre måte å gjere det på, enn å kutte absolutt alt på ein gong, for då varer det ofte ikkje lenge :p

Lenke til kommentar

Måndag blei det ein 10km sykkeltur.

Tysdag ein 17km sykkeltur.

 

Leverte inn sykkelen til service i dag tidleg, så har bare blitt pushups i dag.

 

Har blitt småforelska i den sykkelen. Digg måte å trene kondisjon på :love:

 

Var i Sverige i går å handla 4kg karbonadedeig, 4kg kyllingfilet, 2,6kg ytrefilet, 1,2kg hamburger kjøtt. Då har eg kjøtt for nokon veker framover! :D

Lenke til kommentar

Slik eg trenar nå, fram til eg begynnar på skulen er at eg tek så mange pushups, hangups eg klarer i løpet av dagen. I tillegg syklar eg til arbei så lenge det ikkje regnar. 5,5km kvar veg.

 

I løpet av ein vanleg dag tek eg rundt 100-150 pushups. Tek rundt 20-30 push om gongen.

Tren heller push-ups 1 dag, hang-ups ein anna dag. Slik at musklene for restitusjon.

 

Det du gjer no, blir ein slags "overload". Det er ein bra måte å øke i antall push/pulls på raskt. Då trener du slik i 10 dager, så tar du pause i 1 uke og får overkompensasjon av treningen.

Men det er uønskelig å trene slikt te vanleg.

 

Stå på!

Lenke til kommentar

Slik eg trenar nå, fram til eg begynnar på skulen er at eg tek så mange pushups, hangups eg klarer i løpet av dagen. I tillegg syklar eg til arbei så lenge det ikkje regnar. 5,5km kvar veg.

 

I løpet av ein vanleg dag tek eg rundt 100-150 pushups. Tek rundt 20-30 push om gongen.

Tren heller push-ups 1 dag, hang-ups ein anna dag. Slik at musklene for restitusjon.

 

Det du gjer no, blir ein slags "overload". Det er ein bra måte å øke i antall push/pulls på raskt. Då trener du slik i 10 dager, så tar du pause i 1 uke og får overkompensasjon av treningen.

Men det er uønskelig å trene slikt te vanleg.

 

Stå på!

Kjem bare til å trene slik fram til skulestart 20. August :)

Sykler du med pulsklokke? Ser en del som "trener" på sykkel rundt her - de sykler med lavere intensitet enn jeg gjør til jobb.

Nei, gjer ikkje det. Syklar med god intensitet når eg er på tur. Ligg rundt 30km/t på flatmark og 20-25 i oppoverbakk.

Treng eigentleg pulsklokke, sidan eg skal gå idrett dei neste 3 åra. Har du noko greie på det? :)

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Det blei ei styrkeøkt i går, og pådro meg ein kjempe strekk i korsryggen. Prøvar å ta det rolig med styrketrening resten av veka.

 

I dag har eg hatt 2 timar med spurt. Trent på teknikk ut av blokka. Etter dette var det to O-løp på rundt 30 minuttar kvar. Var også med på innebandy i 1,5 time, med ein gjennomsnitts puls på 145 inkludert pauser o.l.

 

I morgo skal me kun ha teori, så er usikker på om eg skal ta ein kvile dag, eller finne på noko. Får sjå korleis det er med strekken i morgo.

Lenke til kommentar

Hadde treningsfri i går.

 

Coopertesten i dag. Klarte litt over 2250m (5 og ein halv runde) på 12min. Veldig fornøgd med innsatsen! Låg med eit gjennomsnitt på 93% i makspuls heile vegen. Var også borti 196 på slutten (maks).

 

Nå skal me drive med eigentrening i 8 veker, så skal me ta ein retest, og då er målet mitt å klare 6 rundar (2400m).

Lenke til kommentar

Jepp! Har merka at den er effektiv. Uvant å sykle med "tuppen" av foten, men kjenner det tek godt i låra.

 

I dag blei det 1,5t styrketrening og 1,5t innebandy.

 

Styrke:

Knebøy: (90kgx5) x5

Benkpress: (67,5kgx5) x4 + 70kgx8

Barbellrows: (70kgx5) x5

Nedtrekk m/ mellombredt grep: (59kgx10) x3

+ diverse biceps og triceps øvingar.

 

Knebøyen var tung, og føler eg slit litt med teknikken i barbellrows...kanskje køyre litt lettare neste gong.

 

Må ha tre økter i veka à 45min kvar der kondisjon er målet. Tenkte kanskje å ta 45min roing i morgo, og ligge på rundt 170 i puls.

Lenke til kommentar

Dagens økter blei ikkje som planlagt.

 

Roinga gjekk til helvete, hadde ikkje tatt med sko å bruke, så fekk mega gnagesår på eine foten. Blei ca 30min inkludert 15min sykling.

Hadde også planer om innebandy, men måtte droppe det på grunn av foten..

 

Styrkeøkta:

Knebøy: (90kgx5) x5

Militærpress: (45kgx5) x5

Markløft: (80kgx5) x2 + (90kgx5) x2

Shrugs: (80kgx10) x3

Triceps extension: 30kgx10 + (25kgx10) x2

 

God økt i dag. Føler marken begynnar å sitte, men tar det sakte. Veldig fornøgd med militærpressen, trudde eg ikkje skulle klare meir en 40kg.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...