Eittårsjubileum
Laurdag 25. april starta forrykande for min del. Eg og ei flott jente med namn Andrea Torine hadde for nøyaktig eitt år sidan sutte på gjerdet som avgrensar ein sti litt lenger oppe i byggjefletet i nærleiken av der eg bur og stirra på kvarandre før tankar blei til handling. Augelokka trakk seg saman, hovudet bevegde seg sakte framover og brått kjende eg at leppene mine fekk kontakt med leppene hennar. Ikkje veit eg, det er vel ein automatikk i det! Deretter flytta eg venstre armen opp på høgre sida av kjaken hennar. Tida stod stille. Det same gjorde gjerdet. Heldigvis! Det var litt kaldt i lufta. Det var fredags kveld. Det var helg. Det var rett og slett heilt fantastisk.
Back to topic. Eg og Andrea, som altså no har vore kjærestar i eit heilt kalendarår skulle ut for å ete på Bambus, ein kinarestaurant i Førde. Heile veka hadde eg sett fram til denne dagen. Og det startar bra. Eg vaknar, sender ho ei melding og spør kor tid vi skal ete. Deretter kler eg på meg og går opp for å ete frukost. "WAPPI WAPPI" som meldingstonen min lyder gir beskjed om at Andrea er vaken. Ho har svara på meldinga. "I sekstida? Det passar vel fint?" Jaudå, tenker eg. No har eg fått i meg ei halv skjeve med sjokoladepålegg (Nugatti!!) og drukke to glas med Tine Melk Ekstra Lett 0,7% Fett. Brått kjenner eg eit intest smertehelvete bak venstre auge. Deretter litt kvalme også. Mamma fortel meg at det tyder på at eg har fått eit kraftig migreneanfall. Ho har i mange, mange år vore plaga med migrene[Eplet fell ikkje langt ifrå stammen]. Eg tok meg ein dusj, men etter det spydde eg som ei gyllevogn. Spyet i bøtta har ei slik kraft at delar av det blir reflektert og set seg i nasa mi. Ved sidan av snø - er spy det verste eg veit om! No går eg rundt og luktar spy, vel vitande om at eg snart må skylle nasa mi med vatn (eg har hatt vasskrekk all my life) for å bli kvitt den sinnsjukt jævlig ekle stanken.
Eg dopar meg på tablettar og går til sengs. Eg søv til klokka er halv fem. Ser ein time av Molde vs Viking som ender 1-2. Til kvelds bestiller eg ein hamburgar frå Naustdal Bensin & Service. Deretter hugsar eg ikkje stort. Alt eg veit er at Andrea fekk beskjed om at vi fekk finne på noko ein annan dag, og at eg vart verande heime denne dagen.
0 kommentarer
Anbefalte kommentarer
Det er ingen kommentarer å vise.