Gå til innhold
  
      
  
  
      
  
  • blogginnlegg
    8
  • kommentarer
    0
  • visninger
    20 327

Takkar for merksemda


eLangedal

408 visninger

[innlegget er skrive 15. feb 2009]

 

Etter å ha blitt vekt opp fredags morgon av at mobiltelefonen ringjer, med WAPPI WAPPI som ringetone - mamma i den andre enden når eg tek av røret. Ho grautlerar meg med dagen. Eg er vaken, eg er myndig, eg kan gjere kva faen eg vil! Kva gjer eg? Jo, eg står opp, steller meg, et frukost før eg sit på med pappa til Førde, til Øyrane der eg går på skule. Eg skal nemleg halde datakurs for ei gruppe med eldre, oppegåande menneske som alle er interesserte i å tileigne seg kunnskapar om det å bruke - og det å få vite kva slags mogelegheiter ein har med ein datamaskin (Ja, det heiter ein datamaskin på nynorsk). Det er i regi av Cursillo UB at eg tek del i det å halde datakurs. UB står for ungdomsbedrift.

 

Dagen før, torsdag 12. fekk eg bursdagsgave av mormor. Det var et stykk bursdagsgave extended version som inneheldt mellom anna eit marsvin. Det betyr at eg no har fordobla marsvinbetanden i huset på under eit døgn. Dei vart kalla opp etter trenarane på Tambar (fotball-laget eg spelar på) som heiter Narve & Roger.

 

For de som ikkje kjenner til konseptet ungdomsbedrift så er det eit pedagogisk opplegg som skal gje elevar i vidaregåande skule kunnskapar og erfaringar av det å starte, drive og på slutten av skuleåret å avvikle verksemda. Noko av det ein driv med i ei ugndomsbedrift er å:

 

* etablere og drive ei eiga "minibedrift" i løpet av eit skuleår

* ha eit eige styre

* skaffe andelskapital

* opprette samarbeidspartnarar i næringslivet

* få bedrifta registrert i einingsregisteret i Brønnøysundregistera

* marknadsføre eller produsere ei vare eller ei teneste.

* avvikle ungdomsbedrifta på slutten av skuleåret

* lage ein rapport og eit rekneskap over drifta

* presentere bedrifta på regionale og nasjonale messer

 

 

På skulen vår har vi ni timar i veka med eit fag som heiter prosjekt til fordjupning, forkorta til PTF. I dei timane har vi i hovudsak tre val:

 

1. Utarbeide ein arbeidsplan ut frå læremåla som er retta mot faget.

2. Vere utplassert i næringslivet

3. Drive ungdomsbedrift (valet er enkelt!)

 

 

No veit du altså litt om kva ei ungdomsbedrift er.

Cursillo, som er namnet på "mi" ungdomsbedrift er spansk og tyder kurs. Cursillo er også eit presteembete som vart utvikla i Spania i 1944 - ikkje at vi har så mykje til felles med dei. Dei einaste likheitstrekka kan vel vere at vi begge (altså Cursillo UB, og dei kristne prestane i Spania) driv opplæring - dei av potensielle leiarar for pilgrimsferder - vi av menenske med avgrensa eller ingen datakunnskapar.

Spanske Cursillo kan du lese meir om her.

Ungdomsbedrifta Cursillo kan du lese meir om her

 

339373-2-1234661016300-n400.jpg

Eit bilete frå det første kurset vi heldt (eg har fått løyve til å leggje det ut)

 

 

*Kastar eit kjapt blikk over mot ungdomsbedrifta Cursillo.* Vi er ein gjeng på fire samfunnsorienterte gutar som alle gjekk i same klasse på VG1 elektro ved Øyrane vidaregåande skule. No går vi VG2, tre av oss på data og elektronikk-linja og ein på elenergi. Vi har lagt ned alvorleg mange timar i form av hardt arbeid før vi hadde vårt første kurs 6. februar 2009. Å utfylle registreringspapir, utarbeide forretningsplan, opprette konto i Sparebanken Sogn og Fjordane, opprette samarbeidspartnarar i næringslivet, marknadsføre oss, skaffe kontaktpersonar som har ein finger med i spelet i ulike pensjonistlag og liknande har stått med store bokstavar på agendaen. Det er først no når vi har tatt til med å halde kurs at vi kan hauste fruktene (eg trur dei kjem til å smake verkeleg godt!).

 

Eg føler at vi har fått eit godt utbytte av det å halde kurs. Det er på alle måtar pedagogikk like mykje som det er butikk. Vi må halde oss på eit plan som gjer at vi får formidla bodskapen vår på ein måte som gjer at kursdeltakarane forstår. Det nyttar ikkje å bruke ord som nettlesar, spam, domene, backspace etc..

Men så over til det som eg ønskjer å rette fokus på.

Eg hadde (som skrive lenger oppe) bursdag fredag 13.(dagen då alt går gale!) februar. Eg fekk gratulasjonar i hopetal i form av helsingar på det verdsomspennande nettsamfunnet facebook, tekstmeldingar og munnleg overføring av ord som vart utveksla i form av samtale mellom meg og dei eg møtte på. Det er faktisk litt - kanskje ikkje rørande, men eg fann ikkje ordet eg leitar etter - at så mange legg merke til det og bryr seg såpass masse at dei legg igjen ei helsing. Eg hadde ikkje sjans til å rekke over og svare alle. Mobilen var på lydlaus som følgje av at eg hadde hatt datakurs tidlegare på dagen for at det ikkje skulle avbryte flyten i opplegget vårt.

 

Som person har eg med åra blitt ganske inneslutta. Sit for det meste heime i vekedagane forutan dei timane det er fotballtrening i bygda. Derfor er det for meg veldig hyggeleg å lese at så mange bryr seg. Det varmar på ein elles jævla kald februardag med snø!

Takk skal de ha.

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

×
×
  • Opprett ny...