Kalkulator og karriere
[Dette innlegget er skrive 11. feb 2009]
Relatert post: "Noen som har erfaring som elektroingeniør - automatiseringsteknikk?"
Casio fx-9860G SD ein blå og sølvgrå kalkulator med 47 knappar på. Dersom du kan formelen som skal nyttast, finner kalkulatoren svaret. På elektro med plenty av formlar er denne Casio fx-9860G SD eit godt redskap. Men når det kjem over til fag som samfunnsfag og engelsk er det dersverre lite hjelp å hente fra min batteridrivne venn som har ein firesifra pris i norske kroner!
Eg er ein gutt med ambisjonar. Ambisjonar om å leve eit liv som for meg gir meining, eit liv som eg finner verdig. Eg vil ha ein kvardag som gjer at når eg skal gå og leggje meg så gler eg meg til å stå opp igjen neste dag. No går eg VG2 data og elektronikk på Øyrane vidaregåande skule. Etter fullført VG2 har eg ganske mange forskjellige retningar å velje mellom:
* VG3 dataelektronikar
* Romteknologi
* Påbygging til generell studiekompetanse
* Produksjonselektronikar (lærling)
* Telekommunikasjonsmontør (lærling)
I utgangspunktet er det VG3 dataelektronikar eg har tenkt til å gå på frå hausten av for så å velje Y-vegen etter dette året.
Les meir om Y-vegen her: http://www.hials.no/content/view/full/10003
Tidlegare måtte ein ta eit forkurs eller påbygging til generell studiekompetanse med sommarkurs for å kunne kome inn på ingeniør etter å ha gått ei yreksfagleg linje som for eksempel elektro. Med dette vil ein altså spare eit år sidan Y-vegen gir deg rett til å kome rett inn på bachelorstudiet som er eit treårig løp.
For å få fagbrev som dataelektronikar kan ein vere lærling i ei bedrift i halvanna år eller ta fagprøva eit halvt år etter fullført VG3 - GOOD CHOICE. Dermed kan ein altså spare 1 år (forkurs eller påbygg /m sommarkurs) + 1,5 år (lærling) = 2,5 år
For å rekne på alt dette har eg brukt min blåe og sølvgråe Casio. I 2013 kan Espen Langedal ha bachelorgrad!
Uansett...
Sidan eg byrja på skulen, vaks opp med Robbie Fowler som ei målmaskin i Liverpool, sparka sjølv fotball i alle friminutt på skulen, kvar dag etter skulen dersom vêrforholda tilsa det og teikna berre fotballspelarar eller fotballdrakter i oppgåveboka på barneskulen der vi skulle teikne ein gjenstand for kvar bokstav. Dette blei noko einsformig for lærarane, men det var berre ein ting som stod i hovudet på meg - fotball.
I dag går ein del av fritida med på å lese alt av internasjonal fotball. I kveld var eg vitne til at Egil Drillo Olsen leda et Norge som slo EM to'ar som også har andreplass på FIFA-rankingen med siffera 1-0!
Fotball er ein vanvittig engasjerande sport som eg også nemnde "hin" kvelden. Menneske som ikkje fekk - eller nytta mogelegheiten til å spele fotball i barndommen - dei som interesserte seg for bil og ga ein god F i fotball har verkeleg gått glipp av fleifoldige timar med kvalitetstid. Alle små overbegeistra barnesinn som har tatt del i fotball - anten det har vore organisert gjennom eit idrettslag eller berre "på gøy" så har dei delt den same draumen: "Å bli ein profesjonell fotballspelar". Eg har sjølv hatt den draumen. Skulle spele spiss ilag med Robbie Fowler på Liverpool når eg blei stor. Robbie Fowler er da mitt svar på muslimane sin Muhamed, på dei kristne sin Messias. (Fowler er og har alltid vert det absolutte idolet mitt. Han hadde plaster på nasa og bøtta inn mål på bestilling. Han går også under klengnamnet "GOD". Ikkje som i flink, talentfull, bra eller eit anna skryteord i den duren, men som i det norske ordet Gud. Den dagen eg dør vil eg sitje ved venstre foten åt Fowler. Eg meinar Gud. God damn it).
Eit bilete seier meir enn tusen ord.
Eit fåtal oppnår dette ønsket. Det er nok berre dei som er bevisste på målsetjinga si, dei som jobbar hardt kvar dag i timar over fleire år som får løn for strevet og i framtida kan leve draumen sin. Barndomsdraumen.
På sikt kunne eg godt tenke meg å bli noko innan fotball. Anten hovudtrenar eller ein del i eit trenarteam. Det å ha ansvaret for ein gjeng der kvar enkel er eit unikt individ som skal fungere som ei brikke eller ein komponent i eit maskineri som er avhengig av at alle utfører dei oppgåvene som dei er sett til. Pedagogikk, statistikk, filosofi, ideologi.. alle fine ord som er sentrale for ein velfungerande leiar. Eigentleg uansett kva det gjeld.
Som kjerringa sa "You fake it till you make it."
I morgon skal eg leggje ut bilete og fortelje om det første døgnet ilag med marsvinet mitt som eg fekk i dag. Har store planar om å hente inn ein burkamerat til han også. Kanskje ein Michael Scofield eller ein MacGyver. Har tre sterke namnekandidatar:
* Cæsar
* Roger
* Rolf
Sangen i dag er Proof av Coldplay.
0 kommentarer
Anbefalte kommentarer
Det er ingen kommentarer å vise.