Gå til innhold
  
      
  
  
      
  
  • blogginnlegg
    8
  • kommentarer
    0
  • visninger
    20 328

Vendepunktet


eLangedal

339 visninger

[Dette innlegget er skrive 09. feb 2009]

 

Du har kanskje ikkje opplevd det enda. Den dagen - eller det øyeblikket som kan endre humøret ditt, livskvaliteten din eller for den saks skyld matlysten din. Det kan vere til det bedre, men det kan også vere til det verre. Som i dei fleste filmer, bøker og teaterstykker er der et vendepunkt, altså eit tidspunkt som viser ei klar endring. Det kan for eksempel vere ein kaxe som suser nedover det brattaste partiet i skitrekket i Hafjell før han treffer ein overvektig jævel på rattkjelke og knekker nakken. Livet suger, aye? Det samme gjer snøen. Fuck snø! I dag hatar eg livet! Har lyst til å gå ut og drite i snøen.

 

Den 3. februar 2009 skjedde noko liknande med meg. Ei ny snøbyge og stive minusgrader kom sigande på. Eg ramla innom heimesida til ein engelsk fotballklubb i botnen av Premier League, med namnet Blackburn Rovers. En klubb som har henta mang ein avdanka Liverpool-spiller og som toppa det heile med å ansette Paul Ince i forkant av denne sesongen. No har han sjølvsagt fått sparken og Big Sam har teke over.

 

Eg har i alle år vore ein svoren Liverpool-supportar, i gode og onde dager, men det siste året har forholde oss imellom slått sprikker. Det endte med at eg meldte meg ut av LFCSCSB, og inn i BRSCN.

 

Kvifor blei det Blacburn?

Eg har alltid vert facinert av flotte klubblogoar og stilige drakter. Half 'n half blå og kvitt i tillegg til ei raud rose (som eg fram til eg var seks år gammal var klubblogoen til Rosenborg) i ein tilnærma rund logo som er stilrein gjorde det med ein gang meir interessant. Under eit fundament med teksten Arte et labore. Fint eller? Eg sette meg inn i historia til klubben og eg følte at kjemien mellom oss verkeleg var noko å satse på.

 

Espen + Blackburn Rovers. Til hausten skal eg ta turen til Lanchashire og Ewood Park for å knyte nærmare band med min nye klubb. Fotball inkluderar - uansett kva slags lag eller nivå du engasjerar deg i. Gud signe vikingen som fann opp fotball.

 

Denne drakta er komen til meg merka med LANGEDAL nummer 10 på ryggen.

 

BlackburnHSS0809.gif

 

Espen mailar, Posten failar!

Jaggu faen vart den fortolla. Kommunismen er blodig! Jobb til folket, cash til staten! Fuck it!

 

ARTE ET LABORE

 

Sangen i dag er Vandringsvise av Odd Nordstoga.

0 kommentarer


Anbefalte kommentarer

Det er ingen kommentarer å vise.

×
×
  • Opprett ny...