Torsdag - Ein dag på sofaen
Som sikkert mange forstår så er det lite gøy å sitte heime og ikkje gjere det store. Dagen i dag har faktisk vert ganske grei, måtte på butikken da eg gjekk tom for snus og nytta det til å ta ein kjøre tur. For det første for å finne ut kor sim var, der eg skal med alt bosset i morgon. På turen fant eg og ut at det hadde vert lurt å ta med kamera da eg fant mange fine motiver som hadde passa som eit maleri eller bare eit bilde.
Tragisk nok så varte denne turen bare ein time og det var til bake til hybelen og slenge seg på sofaen, ettersom rikstv har klikka igjen så har eg bare reprise kanalar som TV2, TV2 Zebra, TV2 Film, TvNorge, FEM, Discovery.
Dagen gjekk da vidare med å rydde tomme whisky flasker og brusflasker fra dvd hylla og finne igjen alle fimene og dvd platene i alt rotet. (Skal prøve og ta før og etter bilde i morgon.) Fant og nokon fimer som eg ikkje hadde sitt så eg var ikkje noko serlig sosial i dag.
Det største problemet med å vere arbeidsledig er å tenke over kva eg bruker pengar på, No har eg bare ei lønning på kontoen og det vil sei ca 11000. Dette er noko som eg skal leve på til eg får dagpengar fra NAV og det tar minst tre veker etter som dei sa på nav og det tviler eg sterkt på. Var smart og betalte hybelen med litt av ferie pengane så eg slepper å tenke på det.
Prøver å legge litt planer for neste veke og det går ut på å skaffe ein deltids jobb i ein butikk i nabo kommunen slik at har pengar til bensin og mat. Pluss det er greit å ha noko å gjere på enn å ligge på sofaen og lure på kvifor eg gidder dette.
Så no er det bare å sjå ein film til og hoppe i loppe kassen.
0 kommentarer
Anbefalte kommentarer
Det er ingen kommentarer å vise.